• No results found

Tvisten mellom A og staten:

Som det går fram ovafor, har staten vedgått at det skuldast svikt i helsehjelpa at det ikkje vart teke CT bilete av hovudet til A den 25. august, men først dagen etter, den 26. Staten har vedgått at denne seinkinga leidde til at A fekk skade i form av synsfeltutfall, og til at epilepsien vart verre enn han elles ville ha vorte.

Det lagmannsretten skal ta stilling til er dels kor lang seinking staten er ansvarleg for; konkret om det skuldast svikt i helsehjelpa at det ikkje vart teke CT bilete alt den 24. august, og dels kva skader som står i

årsakssamanheng med seinking som utgjer svikt i helsehjelpa.

Svikt i helsehjelpa ligg føre når helsehjelpa er dårlegare enn det pasienten etter omstenda normalt må kunna rekna med, jf. pasientskadelova § 2 første ledd bokstav a, jf. andre ledd første punktum.

Om tidspunktet for når svikten oppstod, har tingretten uttala:

Retten har innledningsvis ... redegjort for den livreddende behandling A fikk etter at han ble bragt til Stavanger Universitetssykehus med hjertestans og et alvorlig hjerteinfarkt. Flere av de sakkyndige har uttalt at alt ble gjort «etter boken» samtidig som den er blitt beskrevet som en brutal behandling med stor risiko for at den ikke ville lykkes. Slik retten ser det, kan sykehuset ikke lastes for at man i denne fasen ikke tok CT og ikke viet såret i pannen større oppmerksom, den livreddende behandling av hjerteinfarktet måtte prioriteres.

Det er heller ingenting beskrevet i sykepleiejournalen som tilsier at det var grunn til å vurdere en CT før 25.

august. Dagen før var han riktignok blitt overflyttet til en annen avdeling, men det er ikke notert noen økning av kulen i pannen eller andre forhold som tilsier at dette traumet hadde gitt ham hjerneblødning. .. I ettertid er det lett å se at en tidligere CT og operasjon kunne ha gitt A mindre skader, men det rettslige spørsmål er om det objektivt sett foreligger en «svikt i helsehjelpen». Ved denne vurderingen skal retten se hen til «de krav skadelidte med rimelighet kan stille til virksomheten eller tjenesten», jf. § 2 annet ledd. Det må med andre ord ha skjedd noe som ikke burde ha skjedd i henhold til de faglige normer som gjelder på dette feltet, jf. Rasmussen i Norsk Lovkommentar, note 7 til § 2.

Det er rettens oppfatning at det ikke er grunnlag for å si at hjerneblødningen skulle vært diagnostisert 24.

august om den oppstod så tidlig. Hvis den gjorde det, er det heller ikke i strid med de faglige normer som gjelder, at dette ikke ble gjort.

Lagmannsretten kan ikkje sjå at bevissituasjonen etter ankeforhandlinga gjev grunnlag for å sjå annleis på dette no, og seier seg samd med tingretten i den vurderinga som går fram ovafor.

A har særskilt synt til tilrådde retningsliner for handsaming av hovudskader, trykt i Tidsskrift for Den norske legeforening nr 17 for år 2000. Det går der fram at det er tilrådd å rutinemessig gjera CT- undersøking av alle pasientar med «lette eller moderate» hovudskader, for å sjå etter brot på hovudskallen og hjernekontusjon. Det heiter vidare at det ikkje er nødvendig å gjera CT undersøking av pasientar med minimale hovudskadar, med mindre det ligg føre særskilte risikofaktorar.

Slike retningsliner må oppfattast og nyttast ut frå eit forsvarleg fagleg skjøn i den konkrete situasjonen. I dette tilfellet framstod hovudskaden A hadde som minimal i form at «et lite overflatisk sår ved venstre tinning som ikke blør». Risikoen for hjernebløding var likevel generelt auka som følgje av behandlinga med blodtynnande medisin. Samstundes var det, som følgje av hjarteinfarktet og behandlinga av det, fleire faktorar som tilsa varsemd med å gjera slik undersøking. Heilt fram til om kvelden den 24. august var A underlagt den mest intensive overvakinga sjukehuset hadde. CT-undersøking ville ha kravd at han vart flytta frå rommet og om lag 250 meter internt på sjukehuset. Rett nok vart han flytt til mindre intensiv overvaking om kvelden den 24.

august, og sett i ettertid kan det vera eit spørsmål om risikoen ved då å gjera ei CT-undersøking på han ville ha vore akseptabel. Det var likevel, slik retten ser det, og slik retten har forstått at dei medisinsk sakkunnige vitna er samde om, ikkje kliniske indikasjonar som gav grunn til å ta risikoen ved å gjera ei slik undersøking på den tida. Fram til ettermiddag/kveld den 25. august, var det ingen uttalte kliniske indikasjonar på at det var noko negativ utvikling på gang i hovudet til A.

Det er ikkje sannsynleggjort at det var svikt i helsehjelpa A fekk før om kvelden den 25. august, og altså ikkje ut over det som følgjer av vedtaket i Pasientskadenemnda 22. oktober 2013, og det staten har vedgått.

Om kva skader som står i sannsynleg årsakssamanheng med svikten i helsehjelpa, kan lagmannsretten i det vesentlege syna til det som er sitert frå Pasientskadenemnda sitt vedtak ovafor. Lagmannsretten kan ikkje sjå at bevisføringa under ankesaka gjev grunnlag for ein annan konklusjon enn den nemnda kom til.

Etter lagmannsrettens sitt syn er det mest truleg at hjerneblødinga hadde byrja i god tid før svikten i helsehjelpa fann stad. Mellom anna forklarte ektefellen at A hadde hatt vondt i hovudet i fleire timar før ha fekk paracet i åtte tida om kvelden, utan at det kjem fram noko stad at slik smerte var kommunisert.

At hjerneblødinga oppstod tidleg er òg i tråd med det faktum som A med styrke har gjort gjeldande med omsyn til at blødinga var ein konsekvens av ein countrecoupskade som følgde av traumet mot tinninga ved

utforkøyringa.

Når det gjeld det at A fekk epilepsi, synes dei sakkunnige vitna som har uttala seg om dette å vera samde i at epilepsien var ei følgje av at hjerneblødinga oppstod.

Professor Nyberg-Hansen forklarte munnleg, i tillegg til det som er nemnt ovafor, at det var overvegande sannsynleg at årsaka til epilepsien var hjerneblødinga. Han såg det ikkje slik at det var noko naudsynt samanheng mellom storleiken på blødinga og utløysinga av epilepsi. Men etter ei samla vurdering, og

«kvalifisert gjetning», fann han at epilepsien, slik den ligg føre, for 50% kan skuldast hjerneblødinga i seg sjølv og for 50% kan skuldast det at blødinga fekk tid til å utvikla seg.

Lagmannsretten kan ikkje sjå at A har sannsynleggjort at svikten i helsehjelpa har vore ei sjølvstendig eller samverkande årsak til at han fekk epilepsi. Tvert om er det mest truleg at det at hjerneblødinga kom til, i seg sjølv var årsaka til at epilepsien oppstod. Staten har ikkje ansvar for at epilepsi oppstod.

Lagmannsretten kan heller ikkje sjå at staten har ansvar for den kognitive skaden A fekk. På det tidspunktet det oppstod svikt i helsehjelpa var situasjonen at A hadde vore gjennom eit svært alvorleg hjarteinfarkt, med langvarig sirkulasjonssvikt, nedkjøling, nyresvikt, omfattande og risikabel behandling med blodtynnande medisin, samt at han hadde fått ei hjernebløding. Ingen av dei sakkunnige vitna har peika på seinkinga av diagnostiseringa av blødinga som ein samverkande årsaksfaktor til den kognitive skaden. For lagmannsretten sin del er det nok å finna det bevist at, i den grad seinkinga i det heile har vore ein faktor som har spelt inn i høve til den kognitive skaden, så er det ikkje gjort sannsynleg at innverknaden har vore så omfattande i høve til andre faktorar at det kan vera naturleg å leggja erstatningsrettsleg verknad til han.

Vidare har A kravd at staten dekkjer utanrettslege advokatutgifter med opp til kroner 31 263. For

lagmannsretten vedgjekk staten at lagmannsretten hadde prosesuelt høve til å prøve kravet. Partane gjekk likevel i mindre grad inn på det materielle grunnlaget for kravet.

Det må i utgangspunktet leggjast til grunn at utgifter til utanrettsleg advokathjelp er ein alminneleg erstatningspost på line med andre tap som følgjer av svikta i helsehjelpa.

Som det går fram ovafor, gjorde Norsk pasientskadeerstatning om på sitt opphavlege vedtak etter klagen frå A, og vedgjekk erstatningsansvar òg for at det oppstod synsfeltutfall. Det går fram av dokumenta i saka at A, i samband med omgjeringa, kravde dekning av kroner 6 000 til juridisk hjelp, og fekk det.

A fekk seinare ikkje medhald i klagen til Pasientskadenemnda, og han får no ikkje medhald i kravet om overprøvinga av staten sitt syn, som er samanfallande med nemnda sitt realitetsvedtak. Lagmannsretten kan då ikkje sjå at det er årsakssamanheng mellom dei utgiftene A no krev, og svikta i helsehjelpa. Følgjeleg er det ikkje grunnlag for å gjera staten ansvarleg for utgiftene, og staten vert å frifinna for kravet.

Staten har kravd dekt sakskostnader for tingretten. Lagmannsretten finn ikkje grunn til å gjera endringar i den sakskostnadsavgjerda tingretten kom til. Det er nok å visa til den grunngjevinga tingretten har gjeve. Det er grunn til å leggje større vekt på dei velferdsmessige grunnane for saka i ei vurdering knytt til handsaming i førsteinstans, enn knytt til ei ankeprøving som har vore fånyttes.

Staten har vunne fram fullt ut i ankesaka, og har etter hovudregelen i tvistelova § 20-2 første og andre ledd, jf. § 20-5 første ledd, krav på å få dekt naudsynte sakskostnader. Lagmannsretten kan ikkje sjå at det for

behandlinga i lagmannsretten er grunnlag for å nytta nokon av unntaksreglane i lova.

Staten har kravd dekt sakskostnader for lagmannsretten med til saman kroner 87 593, der kroner 41 292 skriv seg frå salær for behandlinga i lagmannsretten. Det har ikkje kome motsegner mot kravet, og lagmannsretten legg det til grunn som naudsynte kostnader.

Domen er samrøystes.

Slutning

1. If Skadeforsikring betalar meinerstatning, erstatning for lidt og framtidig inntektstap, pensjonstap, lidte og framtidige utgifter, og skatteulempeerstatning til A med kroner 5 229 114

-femmillionartohundreogtjuenituseneithundreogfjorten- innan 2 -to- veker fra denne dom er forkynt.

2. If Skadeforsikring betalar utanrettslege advokatutgifter til A med kroner 209 472,50 -tohundreognitusenfirehundreogsyttito50/100- innan 2 -to- veker frå denne dom er forkynt.

3. If Skadeforsikring betalar sakskostnader, knytt til handsaminga i tingretten, til A med kroner 258 398 -tohundreogfemtiåttetusentrehundreognittiåtte- innan 2 -to- veker frå denne dom er forkynt.

4. If Skadeforsikring betalar sakskostnader, knytt til handsaminga i lagmannsretten, til A med kroner 285 525 -tohundreogåttifemtusenfemhundreogtjuefem- innan 2 -to- veker frå denne dom er forkynt.

5. A si anke i saka mot Staten ved Pasientskadenemnda vert forkasta.

6. I sakskostnader for lagmannsretten betalar A til Staten ved Pasientskadenemnda kroner 87 593 -åttisjutusenfemhundreognittitre- innan 2 -to- veker frå denne dom er forkynt.