• No results found

Norskrift: tidsskrift for nordisk språk og litteratur, nr 106 - 2003

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Norskrift: tidsskrift for nordisk språk og litteratur, nr 106 - 2003"

Copied!
104
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Målformi i dagbøkene åt Olav H.

Hauge

av Andreas Bjørkum

1 Innleiing

I 2000 gav Det Norske Samlaget ut dagbøkene åt Olav H. Hauge i fem store band (I-V), frå mars 1924 og mest fram til Hauge døydde i 1994.

Ei noggrann gjennomgåing av dei nær 4.000 sidone vil krevja ein urimeleg stor arbeidsinnsats, og difor har eg valt ut band I på 800 sidor, av di dette fyrste bandet ser ut til å vera mindre fastlæst i formene og meir eksperimenterande enn dei seinare bandi då diktaren har funne ei fastlagd form som han støtt fylgjer. I tillegg til fyrste bandet har eg lese nøye gjennom dei fyrste hundre sidone i kvart av dei fire andre bandi, slik at utvalet i alt vert på 1200 sidor. Eg vil då tru at tverrsnittet av målbruken i dagbøkene soleis skulle koma godt fram i denne gjennom-gåingi.

I boki Målmeistaren frå Ulvik (1998) gjekk eg igjennom lydverk, formverk, ordfylgje og sermerkt ordtilfang or dikti og prosaen åt Hauge fram til då, og dømi vil ofte vera dei same i dagbøkene som i dikti, men einskilde avvik vil verta omtala for seg.

Surne stader finn me reint hardingmål i samanhangande tekst, mest i I, s. 196-197 og s. 397-398, men me finn og eit og anna

(2)

4 Andreas Bjørkum innslaget elles. Stort sett er desse formene rette, men eit og anna mistaket finst innimellom, mest etter skriftmålet. Me skal gå igjennom reglane for bruken her.

Ordtilfanget skil seg mindre ut i dagbøkene, for dei fleste ordi høyrer til i ein litterær nynorsk tradisjon som Hauge kjende seg vel heime i og brukte både lett og stilsikkert. Ordi or hardingmålet er jamt over færre i dagbøkene enn i dikti og prosaen frå før, so desse ordi krev mindre plass her. Avsnittet om ordtilfanget vil då verta mindre i denne omtalen.

Romartali syner til band I-V av dagbøkene.

2 Lydverket

2.1 Vokalismen

Former med i mot nyare former med e er t.d. millom, preposisjon, eineform hjå Hauge (t.d. Il, s. 63), ei vike (1, s. 134), i bundi form vika (1, s. 112, ubundi form med -a s. 419), i flt. vikor (1, s. 137, V, s. 10), berre ein gong vekone med -e- (V, s. 47), gapestrik, hankj. (Il, s. 20), strika under, v. (Il, s. 24, 30, 37), stritande skjegg, v. presens partisipp (IV, s. 10), stritar imot, v. presens (V, s. 91).

Ord med æ mot nyare former med e har me døme på i væn, adj.

(l, s. 28), matstrævar, hankj. (1, s. 204) og i næter, hokj. flt. (V, s. 12) og nætene, bundi form flt. av nott (1, s. 110 og 111, og V, s. 13). I fræ inkjekj. bundi form fræet (1, s. 249) er -ø-vanleg no.

Ord med u mot nyare former med o er eineformene burt, adverb (t.d. I , s. 51,398), um, preposisjon (t.d. I, s. 67,197) og upp, adverb (t.d. I, s. 89, 105 og 747), kur, adverb (1, s. 398; Kur s. 197), der nynorsk no har o. Denne u-en i hardingmålet svarar vel til u med ring over i norsk lydskrift (vassa-u). nuke, pronomen inkjekj. (1, s. 197;

noko) er avvikande i høve til nokelunde og nokre. Men me finn u i andre ord og: truna, hokj (1, s. 113), i kruna, hokj. (1, s. 382), trekrunone, flt. bundi form (1, s. 428). Formi unge, adj. flt. i målføredelen er etter skriftmålet.

Ord med y mot nyare former med ø er det fleire døme på: spyrja, v. (IV, s. 97), myrker, inkjekj. (Il, s. 89), myk, hokj. (1, s. 175), myrkt, adj. inkjekj. (1, s. 372), djuphylar, hankj. flt. (1, s. 441), istersmyrjo, hokj. bundi form eintal (1, s. 175), yverstade, v. perfektum partisipp (1, s. 122, no oftast over-), forkrypla, v. perfektum partisipp (1, s. 288), klykkjer sårt, v. presens (1, s. 107), utklyppi, inkjekj. flt. bundi form (1,

(3)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 5 s. 529 no oftast med -ø-). I ord med open y (y med prikk over i norsk lydskrift) skriv Hauge jamnast y: fy, preposisjon (I, s. 197 og 398), utfy, preposisjon (I, s. 398), der nynorsk no har formi for, fyrr, tidsadverb (I, s. 197), der nynorsk no har formi

før.

e -æ og ø. Oftast er open e skriven med e, slik at æ-lyden (i norsk lydskrift e med kvist) ikkje vert avmerkt. Men i bundne former av sterke hokj.-ord i eintal og inkjekj.-ord i flt. finn me både -e og -æ:

orde og ordæ (båe i I, s. 197), bygdæ og bygdebokjæ (båe i I, s. 196), lesingje (I, s. 196), jorde (I, s. 398; jorda på same sida er nok ein prente- eller skrivefeil), syndæ (I, s. 397), trodlæ (I, s. 397), verbæ (I, s.

197), bådnæ (I, s. 197); Vedaonæ, stadnamn. Formene verdi (I, s. 397) og Irmvigjingi, båe hokj. bundi form eintal (I, s. 362) er etter skriftmålet

e finn me ofte for open vokal, t.d. fedle, v. presens (I, s. 196), meg, pronomen i L person akkusativ (I, s. 196), vetta, v. (verta; I, s.

197, 398), ein gong ve, v. (vera; l, s. 398), he, v. presens (hev, s. 197), men og æ, t.d. væ, v. (vera; I, s. 196 og 197), æ v. presens (I, s. 398), Haukanæsen, sernamn (I, s. 196), Almindelæheit, hokj. (I, s" 197).

I ordet brøv, inkjekj. (brev) er e runda til ø av v-en: «Brøv» sa eg

fyn· men no ha da votte te «brev» (I, s. 197). Målføreformi vøter, hankj. (IV, s. 10) er nytta ein gong (av vetr). Gamal stutt i har gått over til ei te (av til; I, s. 197 og 398).

o og å. Trong o er det mange døme på: moro, hokj. (I, s. 196), - bokjæ, hokj. bundi form (I, s. 196), treskodna, hankj. flt. bundi form (I, s. 398), jorde, hokj. bundi form (I, s. 398), ofte so, adverb, or, preposisjon (I, s. 197), snjo m. (I, s. 398). Ofte skriv Hauge o for den opne vokalen og (ein å-lyd då): nokelunde, adverb, oss, pronomen L person flt. akkusativ, nokre, pronomen flt. (alle i I, s. 196), folk, inkjekj. og godt, adjektiv inkjekj. kom, v. preteritum (alle i I, s. 197), bodn, inkjekj. flt. (I, s. 397), men bådnæ, bundi form flt (I, s. 197) skriv han med -å-.

Ord med å mot nyare former med a er eineformene Fåre, hankj.

(t.d. H, s. 74) og Fårleg, adj. (t.d. I, s. 397, 677, får- s. 276). Oftast finn me plåga, v. (I, s. 62, 168, 640, 749; i perfektum partisipp V, s. 68) og plågor, hokj. flt. (I, s. 184, 610).

o mot vanleg a no er eineformi nott, hokj. (t. d. I, s. 189, 210 og II, s. 11), og ein gong -rod, hokj. i samansetjingi strengerod (I, s. 74; sjå i Ordtilfanget).

Former med jo mot nyare former med ø finn me i snjo, hankj. (I, s. 54, 398) og snjoar, v. presens (I, s. 779 og V, s. 63), og i saman- setjingi snjokvit, adj. (I, s. 29).

(4)

6 Andreas Bjørkum Diftongane. Dei tre vanlege diftongane er støtt skrivne au, ei og øy. Gamalnorsk d (lang a) vert uttala ao i Hardanger, på Voss og i Sogn, t.d. Pao Ulvikamaol, inkjekj. (l, s. 196), Pao bygdamaol, inkjekj.

(I, s. 197), men so fylgjer han skriftmålet med bundi form på -t: heile maolet, skriftmaolet, talemaolet (alle tre i I, s. 197), spraoket (I, s.

197), riksmaolet og folkemaolet (båe i I, s. 197), tao, preposisjon og adverb (av ut av; I. s. 196 og 197), Dao, tidsadverb (I, s. 397), pao, preposisjon (I, s. 397 og 398, Pao s. 196), spraoke, inkjekj. bundi form (I, s. 397), faoreleg, adjektiv (I. s. 397; -e-er truleg prentefeil), frao og herifrao, preposisjon (I, s. 398), aoko, pronomen l. person flt.

akkusativ (åkon, i tydingi oss; I, s. 398), sjao, v. (I, s. 398) og grao, adjektiv s. 398). Vedaonæ, stadnamn, hokj. bundi form (med -n- frå akkusativ; Vedå -i; I, s. 562).

Sambandi juljo mot nyare former mred y

I desse sambandi held Hauge på formene med ju og jo. Former med ju er t.d. krjupande, v. presens partisipp (I, s. 28), strjuka og rjuka, v. (båe i I, s. 69), drjug, adj. (I, s. 457), i inkjekj. drjugt (V, s. 76, 97) og i flt.

langdrjuge (IV, s. 33). Former med jo er t.d. brjota, v. (I, s. 258, 351), brjoting, hokj. (H, s. 21), åkerbrjotar, hankj. (I, s. 286), fljota, v. (I, s.

56), ljota v. (I, s. 185) og skjota, v. (I, s. 102).

2.3 Konsonantismen

I skriftmålet no har -d falle bort etter vokal og diftong i utlyd i ein del ord, men Hauge held på formene med -d i samsvar med Aasen- normalen, t.d. leid, hokj. (I, s. 40), og i adj. inkjekj. finn me då -dt:

greidt (I, s. 422, til greid), snaudt (I, s. 255, til snaud).

Palatallikkje palatal med kjlkkj eller kikk og gjlggj eller gigg.

Døme med kj er brakjen, bakjen, hankj. bundi form (båe I, s. 415), ulvikje, hankj. (I, s. 507, 573, med -ke s. 267), Flokje, hankj. (U, s. 63), lykjel, hankj. (I, s. 165, i bundi form med -en, I, s. 70, Il, s. 58), merkjeleg, adj. (I, s. 690). I verb med -kj-, -kkj-og -nkj-i infinitiv held Hauge jamt på -j- føre -ing-endingi, t.d. spækjing, hokj. (I, s. 563), krenkjing, hokj. (I, s. 523), tenkjing, hokj. (I, s. 523), Tenkjingi, bundi form (I, s. 708). Døme med -ggj-harme i bjørneryggjer, hankj. flt. (I, s.

617), og med -ing i røykleggjing, (I, s. 247), Undantak med -kke har me i uttrykke seg, v. (!, s. 262), dersom det då ikkje er ein prentefeil.

(5)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 7 I målføredelen er den palatale uttalen av g(g), ng, k(k) og nk i trykklett bruk oftast godt avmerkt med

-j-, t.d. løgje, adj. inkjekj. (I, s. 196), lesingje, hokj. bundi form eintal (I, s. 196), fargje, hankj. (I, s. 197), vegjen og veggjen, båe hankj.

bundi form eintal (båe i I, s. 398), Tingji, hankj. med inkjekj. flt. bundi form (I, s. 398, og tingi der; -i etter skriftmålet). gjengje, v. perfektum partisipp er skrive med -nge og (I, s. 197). Innvigjingi, hokj. bundi form eintal (I, s. 362) og segjer, v. presens held på -gj- frå infinitivane vigja og segja. I unge, adj. flt. (I, s. 196) vantar utmerkingi. Døme med -kj- og -kkje-er bokjæ, hokj. bundi form eintal (I, s. 196), klokje, adj.

hankj. flt. (I, s. 197; sjå om adjektivbøyingi nedanfor her), merkje, inkjekj. (I, s. 197), stykkje, inkjekj. flt (I, s. 196).

Hauge held og på -gj- i verbi segja, pløgja og nøgja utan overgang til nyare diftong: segja (I, s. 28, 52, 56, presens, -gjer s. 201, infinitiv segje s. 343), pløgja og nøgja (båe i rim I, s. 138). Denne bruken er i samsvar med målføret hans og formene hjå Aasen.

I sambandet rd fell d-en bort i vestnorske målføre (gamalnorsk ro), men her fylgjer Hauge skriftmålet med rd: ord, inkjekj. flt., orde og ordæ, bundi form flt. (alle tre i I, s. 197), jorde, hokj. bundi form eintal (I, s. 398; jorda her er ein prentefeil for -æ).

Konsonantsambandi ld og nd er nytta etter målføret og eldre ny- norsk i vilde (I, s. 28, 398, 695) v. preteritum og skulde, v. preteritum (I, s. 43, 169, 409), og kunde, v. preteritum er eineform (t.d. I, s. 36). I snill, adj. brukar han -ld i samsvar med fleire målføre og Aasen-normi, t.d. snilde, adj. flt. (I, s. 128).

rt vert til tt i Hardanger og på Voss i verbet verta: vetta og presens vette (båe i I, s. 197), ha votte, perfektum partisipp (I, s. 398).

U går over til dl i sørvestlandske målføre, og her er det fleire døme: adl, pronomen hankj. (I, s. 196), i flt. adle (I, s. 197, 525), fedle, v. presens (I, s. 196), gam.adle, adj. hankj. (I, s. 196), vasekodl, hankj.

(I, s. 268), Edlings-Ola, mannsnamn (I, s. 649), idle, adj. flt. (HI, s. 99), Vadlasletta, hokj. bundi form eintal (IV, s. 22).

m går over til dn i sørvestlandske målføre og i Hallingdal og Valdres. Døme her er bodn, inkjekj. flt. (I, s. 397) og bundi form bådnæ (I, s. 197), treskodna, hankj. flt. bundi form (I, s. 398).

nn vert til dn i ord med gamal lang vokal eller diftong i roti i Hardanger og på Voss og, og me har eit døme i Andreasbødnen, stadnamn, i hankj. bundi form (V, s. 18).

Konsonantsambandet mb held seg i ein del målføre, soleis ofte i sørvestlandsk, og Hardanger held på mb, so me finn nokre døme i dagbøkene: smalavember, hokj. flt. (av -vomb, I, s. 194), timber,

(6)

8 Andreas Bjørkum inkjekj. (I, s. 471), timbra, v. (I, s. 362), og ein gong med -y- i tymberfløytarane, hankj. flt. bundi form (I, s. 378).

I Hardanger og på Voss held gamalnorsk

fn

seg med uttalen vn der nynorsk har mn. Hjå Hauge finst det eit par døme med vn: ovn, hankj. og vedovn, hankj. (båe i I, s. 372), i bundi form Ovnen (I, s.

383). Ein gong er -bn nytta: Svarterabn, sernamn (III, s. 71), i diktet Sogn.

Konsonantane. I målføreformene av konsonantismen fylgjer Hauge skriftmålet med gj-, hj-, og han skriv sk- føre i og y i framlyd, t.d. gjera, v. presens flt. (I, s. 397), hjelpe, v. presens (I, s. 398), skipla, v. perfektum partisipp, skytjevegg, hankj. (I, s. 398).

Stundom finn me utlydande -d etter vokal og diftong som i skriftmålet: leid, hokj. (I, s. 398), med, preposisjon (I, s. 197), der -d fell i målføret, t.d. Freistnaen, hankj. bundi form eintal (I, s. 197).

3 Formverket

3.1 Kjønn

Mange ord på -ing og -ning vert brukte som hankj.-ord med endingi- en, og då med ubundi form ein: ein stemning (I, s. 121 og 231), i bundi form stemningen (I, s. 101, 115; haust- s. 86), ein slik stilling (I, s.

175), ein religiøs handling (I, s. 267), avhandlingen (IV, s. 70), Ein dårleg gjerning (I, s. 275), i bundi form prestegjerningen og sin skule- gjerning (I, s. 664), fekk att diktsamlingen (I, s. 201) og ein av diktsamlingane (I, s. 150), folkeboksamlingen (I, s. 86), ein ... bok- samling (V, s. 14), ein slik stilling (I, s. 175), sin stilling (Il, s. 16), utstilling (V, s. 13,20), utstillingen (I, s. 360, i samansetjing Ill, s. 62).

Stundom finn me føresett pronomen eller adj. i hankj.: nokon løysing (I, s. 292), er kanskje prentefeil for nokor (?), nokon inngjeving (I, s.

788; kanskje prentefeil?), «Eigen avling», dikttittel (I, s. 186).

Andre ord med avvik i kjønn er lukt, hankj.: lukten (1, s. 640), og støtt natur, hokj., naturi, bundi form (t.d. s. 95 og 261), ei fest (V, s.

94), ei stor minnefest (V, s. 74). Merkeleg er inkjekj.-formi eit bleikt søtsuppe (I, s. 753), og lint hokj. flt. i hjernor (I, s. 676), medan salmor (I, s. 405) til ei salme er i samsvar med hokj.-formi i fleire målføre.

(7)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 9

3.2 Bundi form eintal av sterke hokj.-ord og bundi form flt. av sterke inkjekj.-ord

Endingi her er jamt over -i hjå Hauge, men han freista ei tid med -a etter 1938-rettskrivingi, og me finn spreidde døme seinare og. 12 januar 1938 finn me denne utsegni: «Eg er som ein ser alt byrja å skriva den nye rettskrivinga so godt eg kann» (I, s. 195), og me finn eit par døme før denne datoen: tida, rim strida (1930, 1., s. 108), studeringa (I, s. 111; men lysti i same lina), til verda, rim gjera (I, s.

116; men jordi i same diktet), pronomenformi inga frægd (I, s. 116), denne verda, rim gjera (I, s. 117; men elles -i på denne sida). Etter utsegni på s. 195 finn me fleire døme med -a, t.d. forma (I, s. 198), med tida (I, s. 200 og 201), men boki, og i neste lina bjørka (I, s. 201), og med -a i samsvarsbøyingi av perfektum partisipp: boki vert ferdig utskriva (I, s. 201), og boka og (I, s. 201), men kissebærtrei blømer {i same lina). På sidone 202 til 210 er endingi støtt -i, t.d. musi (I, s.

202), nåli (I, s. 207), notti (I, s. 210), men eit døme med -a står på s.

211: sanninga. Seinare er dømi med -a reint spreidde: høgda (I, s.

255), skrifta (I, s. 399), evigheita (I, s. 420), og eit godt døme på blanding og ustøleik finn me i Tenkjingi i gamletida (I, s. 708; to gonger i same avsnittet). Den bundne formi bergpreika (I, s. 454) er ei linn form til ei preike.

Døme på inkjekj. flt. bundi form med -a har me i fåe åra (I, s.

113), kvenda (I, s. 116), versa mine (I, s. 201), gjenomslaga (I, s. 262), og so heilt på slump dikta (V, s. 24), men elles er -i vanleg heile vegen: -trei (I, s. 201), husi (I, s. 204), åri (I, s. 206), språki (I, s. 219).

Sterke hokjønnsord i bundi form eintal får endingi i harding- målet, og Hauge skriv ofte -æ: bygdæ og -bokjæ (båe i I, s. 196), syndæ (I, s. 397), -aonæ, stadnamn (til ei ao, I, s. 562), men i fleire døme finn me -e: lesingje (I, s. 196), jorde (I, s. 398). Endingi -i er etter skriftmålet: verdi (I, s. 397 og 398), jordi (I, s. 398), Innvigjingi (I, s. 362). Både sterke og linne hokjønnsord får endingi -er i flt. i Ulvik, og bundi form endar på -ena. Ei form med -en i flt. er nok ein prentefeil u tan vokalen ding: Fleirtallsformen (I, s. 197); den doble l-en merkjer av stutt vokal i -tal-.

Bundi form flt. inkjekj. endar på -æ slik som i sterkt hokj. eintal:

verbæ, bådnæ, ordæ (alle tre i I, s. 197), ein gong med skriven -e: orde (I, s. 197). Nokre ord med -a- i stomnen får u-omlyd i flt. til -o- (ein å-lyd).

(8)

lO Andreas Bjørkum Døme her er bodn (to gonger i I, s. 397), i bundi form bådnæ (I, s. 197). Jamfør med formene toki og -votni i skriftmålet nedanfor her.

Endingi -i i Tingji, hankj., i flt. inkjekj. bundi form (I, s. 398; tingi

og

der) er etter skriftmålet.

Dei to dømi med u-omlyd i inkjekj. flt. av ord med -a-i stomnen er sjeldsynte: det har kome [snjo] av toki (til eit tak; I, s. 485), Syndinvotni (V, s. 26), stadnamn i Vang/Vestre Slidre i Valdres (til eit vatn); slike former i fl eire sørvestlandske målføre.

Linne inkjekj.-ord med -a i flt. har eg funne berre eitt døme på i opne auga (I, s. 419) der Hauge jamt brukar endingi -o.

33 Linne hokj,-ord i ubundi og bundi fmm

Linne hokj.-ord endar vanleg på -e i ubundi form eintal hjå Hauge, men det er heller mange døme med endingi -a i samsvar med harding- målet, kanskje mest i fyrste halvparten av band I. Me nemner t.d. ei stm· tolldyngja (I, s. 28), ei bylgja (I, s. 34), Ei - preika (I, s. 40), ei dansande stjerna!, nokor dansande stjerna (båe I, s. 61), si interessa (I, s. 69), ei sida (I, s. 75), Ei fluga (I, s. 109), ingi sæla (I, s. 112), mi ulukka (I, s. 115), ei liti lisa (I, s. 119), um sorg og gleda (I, s. 151), ei rosa (I, s. 188), ei sund buksehempa (I, s. 211), Ei og onnor herdig humla (I, s. 262), ei kona (I, s. 244, 504, 512, 587), ei blokka av ein apal (X, s. 308), ei bryggja (I, s. 321; rim byggja), til ei kvinna (I, s.

321), ei fella (I, s. 381, 504), ei flaska (I, s. 387), ei mostova (I, s. 398), ei gjenta (I, s. 415), ei vika (I, s. 419), ei skrivemaskina (I, s. 586; ofte lint hokj.-ord i sørvestlandske mål, soleis i Indre Sogn og), ei liti rosemåla bandkista (I, s. 763).

Bundi form eintal endar då vanleg på -a hjå Hauge, men i Hardanger er endingi -o, og den endingi finn me nokre døme på i dagbøkene og: heile istersmyrjo (I, s. 175), snipa (I, s. 394), Rumpa (I, s. 415), i kinno (I, s. 504), vevkono (I, s. 735). Stadnamnet Fatla, på Leikanger i Sogn, har Hauge gjeve endingi -o etter hardingmålet, men i Midtre Sogn, på Hafslo og i Luster er endingi -ao i linne hokj.-ord i bundi form eintal.

Flt. av linne hokj.-ord får vanleg endingi -or hjå Hauge, men stundom finn me -er og bundi form med -ene etter målføret hans: hev mange fylgjer (I, s. 60), Kriser i menneskelivet (I, s. 281), i dei djupe kjeldene der (I, s. 297), husplåger (I, s. 341, men plågor s. 184), nye røynsler (I, s. 353), gamle kister (I, s. 370), slike holer (I, s. 554 ).

Endingi -er er heller vanleg i nyare ord, t.d. intriger (I, s. 227), geniale

(9)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 11 noveller (I, s. 240) og bundi form -ene i interessene (I, s. 102, men interessor s. 427).

Avviki skyone (I, s. 353) og maktar (for -er, I, s. 397) har eg rekna til prentefeili (sjå s. 22), men makterne (I, s. 399) med -rn-er ei gama! skriftmålsform. Formi dogmer, inkjekj. flt. (I, s. 240 og 256) ser ut som hokj. flt., eller det kan vera påverknad frå bokmål.

JA Hank), flt

Hankj. flt. endar på -ar i den største gruppa (a- og -an-stomnar), og på -er i ei mindre gruppe (i-stomnar}, t.d. bjørneryggjer, skrive med -j- (I, s. 617). Den største gruppa av hankjønnsord får endingi -ar i flt i målføret og, t.d. rikdomar, plassar (båe i I, s. 398), medan formi Blomor ((I, s. 398) må vera prentefeil for -ar. Bundi form endar på - ane, t.d. svenskane (I, s. 197), byane (I, s. 398). Ei mindre gruppe med -er i flt. har me ikkje døme på i desse tekstane.

sko, hankj. beiter i bundi form skodna med rn til dn, soleis i formi treskodna (I, s. 398).

35 Genitiv

Me finn vanleg genitiv eintal på -s etter preposisjonen til, t.d. koma til ords (I, s. 594), No kjem han ikkje til ords (III, s. 91), men meir sjeldan er typedømet under tukts hamar (I, s. 717). Genitivforrner på - ar i hankj. etter til har me i til botna1· (I, s. 80), og nokre døme i hokj.

er til skammar (I, s. 331 og 421), til gravar (til gravi; I, s. 537, 783 og 793), til handar (IV, s. 20). I vendingi kom i motar er -ar analogisk (I, s. 587; kakonene må vera prentefeil for kakone).

Samansetjing med genitiv på -ar er det eit par døme på: solar- glad, inkjekj. (s. 188) og tidartrøyte, inkjekj. (I, s. 200, 201 og 208).

Genitivomskriving med eigedomspronomenet sin, sokalla

«garpegenitiv». Dei fleste dømi finn mei band I, men bruken ser ut til å vera noko minkande i band H-IV, og or band V har eg ikkje døme fram til s. 100. Døme or band I er Tidt sitt heimskav (s. 53), i psykoanalysen sin sjargong (s. 60), i kjærleiken sine augo (s. 60), Dostojevski sin stadig veksande trong til (s. 65), i Bacon sitt selskap (s. 67), Kvelv poesien sin himmel yver sjeli! (s. 77), diktaren si måte (s.

78; prentefeil for sin), poesien sin løyndom (s. 78), folket si æra, folket sin prydnad (s. 86), Um naturi sin klage (s. 95), i slitet sin tunge dag,

(10)

12 Andreas Bjørkum og av hjartetrongen sine atterljom (båe s. 99), på fruktdyrkingi sitt umkverve (s. 118), mot draumen sitt land (s. 126}, Sogningan [prente- feil utan -e] sitt eige ord for slikt (s. 190), med sjeli sine augo (s. 255), bak ordi sine bjørkekjerr (s. 256), mennesket sin frigjeringskamp (s.

298}, lesaren sin tenar (s. 318}, spel på andre sine strenger (s. 329}, ein stor diktar, bonden sin (s. 397), ungdomslaget sine interessor (s. 427), Aarnes si bok (s. 540), Halstein i Vedaonæ si (s. 562), Fengselet er fangen sin styrke (s. 688), enn Snorre sin mann (s. 692}, drikka av sorgi sitt hav (s. 737), tidi si overmann (s. 750; prentefeil for sin}, kunstnaren sin psykologi (s. 775). Etter s. 400 minkar bruken noko, ser me.

I band II-IV er dømi noko meir spreidde: sjeli si øydemark (Il, s.

50}, (Aukrust har forstade) mykje av skalden sin totale verksemd --- (11, s. 96; prentefeil for si), Trygve Vegge sin [artikkel] (Ill, s. 22}, dei er verdi sine; menneskja sine (båe IV, s. 18), det sanne si makt (IV, s.

33}, i sjeli sin undergrunn (IV, s. 86). I band V finst det ikkje døme fram til s. 100.

Genitivomskriving med preposisjonen åt har eg funne berre eitt døme på: (styrken åt fangen) i (I, s. 688).

3.6Dativ

Dativ flt. på -om etter skriftmålet finn me i eit dikt frå 1927: desse tidom, med utelaten preposisjon i, og rimet gjenom lidom (I, s. 54).

Sameleis dativ flt. på -om i frå høgdom (1, s. 138). Stivna dativrestar harme i med godo (I, s. 626) og ofte å nyo (t.d. I, s. 217). Ei merkeleg form er i grefton (I, s. 138}, som mest sannsynleg er ein prentefeil for dativ på -om.

Formi knetto er nytta to gonger: han [Holm] --- ligg ikkje på knetto for den siste isme i verdi (I, s. 297}, og i ein målføretekst: at adle ligge pao knetto fy deg (I, s. 525). Formi er dativ flt. med to- stavings tonelag og bortfall av -m slik me finn i vestnorske målføre, t.d. på Voss, i Øvre Lærdal og på Borgund i Sogn og i nordvestlandske målføre. Etter synopsisen i Norsk Målførearkiv er formi knetto (mede med kvist) vanleg på Voss, og vendingi liggja pao knetto (utan lyd- skrift) finn me nett frå Ulvik, og med formi knitto frå Odda, og frå Ullensvang med open i (utan prikk over i-en) og diftong i endingi, i båe døme med tostavings tonelag. I Hardanger er då vendingi liggja pao knetto ei stivna dativform i flt., for levande dativbruk finst ikkje i

(11)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 13 Hardanger no, men grannebygdi Voss har levande dativbruk enno i eldre mål.

'J. 7 Adjektiv

Adjektivformene er dei tradisjonelle hjå Hauge, soleis er fatig eineform (t.d. I, s. 36), og alle adj. på -ig og -ug får støtt endingi -t i inkjekj.

Aasen sette opp -t her i samsvar med mange målføre. Døme med -ig kan vera artigt (I, s. 48), evigt liv (1, s. 78), ivrigt (I, s. 218), sjølvstendigt (I, s. 274), ovmodigt (1, s. 288), veldigt (I, s. 344, -ugt, I, s.

32), ferdigt (1, s. 362), einsidigt (I, s. 494), nyttigt (I, s. 771) fatigt (Il, s.

70, IV, s. 14), med -ug i stuttvarugt (1, s. 59), helsugt (1, s. 174 og 771), viktugt (1, s. 213), vitugt (V, s. 38 og 99); sjå om veldugt ovanfor her.

Adjektiv på -ut er heilt vanleg, t.d. grumsut (I, s. 62), knokut (I, s.

207), og stundom med svarabhaktivokal (innskotsvokal): steinute (I, s.

42).

Svarabhaktivokal, eller innskotsvokal, føre bortfallen -r finn me i hankj: gamadle (I, s. 196), og i hokj.: mot steinute strand (I, s. 42); sjå om svarabhaktivokalen i presens av verb nedanfor her.

Adjektiv på -k(k), -nk, -g(g) og -ng får i hankj. flt. palatal (mjuk) uttale framfor gamal -ir-ending: klokje (I, s. 197), men i unge (I, s.

196) vantar den palatale avmerkingi.

Adjektiv bundi form endar på -a i hokj. og inkjekj., men dømi er berre i inkjekj.: da besta (I, s. 397), da tuskuldiga (prentefeil for tru-), da stygga, da enkla, da fina, da stora (alle i I, s. 398).

Formene i komparativ er i samsvar med normene i nynorsk, berre at endingi -are stundom får bortfall av -e, merkt ut med apostrof, av rytmiske grunnar: kaldar' (I, s. 113), vidar' (I, s. 138).

'3.8 Talord

Me finn støtt tvo (t.d. s. 277, 577), tri naust (V, s. 100), og ordi frå 13 til19 med -an, t.d. i fjortan (IV, s. 63). hundrad er vanleg (t.d. I, s. 58), og jamt finn me tusund aar (I, s. 31 -år, s. 274). Eit døme på rekkjetal fylgjer målføreformi: av sekste rang (1, s. 774; til seks; same formi har mei Indre Sogn og).

'3.9 Pronomen

Av personlege pronomen finn me aoko, l. person flt. akkusativ (1, s.

398; oss, til me), og deim, 3. person flt. er nytta attåt rimordet heim,

(12)

14 Andreas Bjørkum .hankj" (I, s" 64), og i eit par døme i prosatekst: hadde du ikkje deim som - (I, s" 61), drikk i lag med deim (I, s. 175)" Formi inga frægd, hokj. er nytta bene ein gong. Formene dan, hankj. og hokj., da, inkjekj" er einerådande, t.d. dan lesingje og dan bygdebokjæ (båe i I, s.

196), og da finst det mange døme på i heile teksten, sjå t.d. om bundne former av adjektivet ovanfor her" Peikande pronomen er detta, inkjekj.

(I, s. 398), i flt. desse (I, s. 197). I formi mange, flt. (I, s. 197), skulle me ha venta palatal avmerking med -gj-.

Verb

Hauge brukar jamt endingi -a i infinitiv, men i dagbøkene finn me rett som det er former med -e utan noko slag system, det er rein vingling.

Me kan taka nokre sidor or band I til døme: føra, men verte, vere (og vera), rite, tenkje (s. 27), og på ei og same lina gjera, gjeva, men falle, sige (alle s. 27), og på s. 28: kviste, vaage, samanlikne, byggje, hevde, men segja, vita.

På surne sidor er det mest infinitivar på -e (t.d. s. 32), på andre mest med -a (t.d. s. 35), eller etter -a, kunde metta, kjem -e rett etter, kunde suge (s. 36). Stundom sleng det berre ein infinitiv på -e mellom a-infinitivane (s. 36 og s. 40), medan andre sidor støtt har infinitiv med a-former (s. 56, 61-68, og s. 75-83). Stundom krev rimet-e, t.d. i grøte (s. 113 rim møte, inkjekj. og søte, adj. flt.)

Frå s. 160 og utetter er det oftast -a i infinitiv, men meine (s.

169), og formene kan skifta tett attmed ein annan: mæle, men mæla to linor nedanfor (båe s. 212). Båe infinitivformene kan finnast i same lina: Å læra å passe helsa si (s. 222).

Seinare er det berre eit og anna dømet med -e: syngje (s. 328), segje (to gonger, s. 343), teikne (s. 403), lese (s. 503), vere (s. 509, i neste setning vera; og vere s. 703), gagne (s. 771).

I fyrste .helvti av band I er det mest vingling mellom -a og -e i in- finitiv, men infinitiv med -e minkar jamt seinare, so dei fåe dømi i siste helvti ser mest ut Hl å vera prentefeil.

Presens flt. er nytta ein gong i Bondesong (frå 1924) med me slita og me kava (I, s. 97; rim grava). Formelt fell presens flt. saman med infinitiv.

Dei sterke formene syt (I, s. 40; rim tyt, syt for, HI, s. 41) og slyk (av sluka; I. s. 350 og H, s. 99) i presens finn me att i dagbøkene og (sjå «Målmeistaren ->> s. 180). Reint sjeldsynt er presensformi sliter (Il, s. 96).

(13)

Målfonni i dagbøkene åt Olav H. Hauge 15 Av a-verbi får verb på -era full a-verb-bøying med presens på - ar, t.d. interesserar (I, s. 104 og 147), karakteriserar (1, s. 156), dominerar (1, s. 345) respekterar (V, s. 72), og preteritum på -a, t.d. det var so mykje eg orientera meg ein grand (I, s. 102), og -a i perfektum partisipp vera inspirera (l, s. 233).

Av dei uregelrette linne skil den tostava formi gjerer seg ut i presens: So gjerer du væl (I, s. 41), og formene av hava og kunna er noko varierande.

Den vanlege bøyingi er hava - hev - havde - havt i dei eldste årgangane av dagbøkene, t.d. hava (l,s . 51, 75, 176, men og s. 788), hev (1, s. 56, 60, 110, 142, 146, 181, 218, 235, 251 og fleire), havde (1, s. 45), ofte havt (to ganger s. 45, 181, 237, 264), men so i dei nyare årgangane av dagbøkene kjem formene har (1, s. 264) og har hatt (I, s.

498) inn.

Formene av kunna er oftast kann i presens, med to n-ar (soleis i I, s. 60, 89, 102, 113, 573), men kan, med ein n, kjem attåt i neste lina på s. 573. I preteritum er kunde eineform.

Imperativen av verbet prøva med nekting tek nytt verb og i imperativ: prøv ikkje å dyl for det (av dylja; l. s. 377), og denne seiemåten finst i andre målføre og, t.d. i Indre Sogn. På same sida hjå Hauge har me dømet Prøv å setja. Presens flt. har funnest i Ulvik til nyss: Fleirtallsformen fy verbæ brukte dei stødt, no ha da gjenge or bruk (1, s. 197), men Hauge har eit døme på flt.: Da æ alt reddhugen og tvihugen so gjera adl syndæ i verdi (1, s. 397).

Sterke former i presens med svarabhaktivokal, innskotsvokal føre bortfallen -r, finn me mange døme på: fedle og stende (båe i l, s.

196), skrive og kjerne (båe i I, s. 197), læte og vette (båe i I, s. 397), ligge (1, s. 525), drikke (1, s. 793), men i ligg og gjev (båe i I, s. 197) vantar -e-en. Sameleis finn me svarabhaktivokal i ja-v.: fortele (1, s.

197).

Presens av e-verb har bortfall av -r i Ulvik: Da æ mange so misunne aoko da (1, s. 398), imot alt ein tyste (1, s. 793).

Uregelrette former av verb er he, notid av hava, attåt både ha og hev (I, s. 197; den siste er etter skriftmålet), og kann er vanleg med dobbel n (1, s. 197).

3.11 Konjunktiv

Presens konjunktiv endar på -e, og dømi er heller mange: aa jeve du maa «lykkeli bo»! {1, s. 30), Gjeve eg kunde metta, og Gjeve eg kunde

(14)

16 Andreas Bjørkum suge (båe i I, s. 36), all lukka vere med han! (I, s. 48), og Gud vite um han ikkje har mykje rett (I, s. 671), fan vite (IV, s. 22). Konjunktiv i preteritum fell oftast saman med perfektum-partisipp-formi (formi etter ha), og denne bruken er velkjend i sørvestlandsk. Me finn fleire døme i dagbøkene, vanleg i formene vore og vorte: då - vore det ikkje for mykje um, og Det vore å vona at (båe i I, s. 86), eit diktarspråk som vore Shakespeare eller Homer verdig (I, s. 87), meir interessant vare det vel å granska Vinje og innverknaden frå engelsk litteratur (I, s. 262), Ja, skulde ikkje dei store minne seg att hjå dei unge, vore det ille (I, s. 336), Skulde ein ikkje gjera meir enn ein har evnor til, vorte det ikkje mykje (I, s. 575), Det vore fint (I, s. 698).

3.12 Adverb

Mange adverb endar på -a i sørvestlandske målføre, og Hauge skriv stundom Uka godt (I, s. 197), sanningi verkar vida (I, s. 67). Ofte finn me formi longo (I, s. 80, 82, 100), men og longe (I, s. 202). Formi i minsto er heilt vanleg (I, s. 62, 82, 210, 684, IV, s. 23). Surne adverbformer finst andre stader, og t.d. dar (I, s. 398; og s. 381), kur (sjå om u og o ovanfor). Med endingi -na finn me onorleisna (I, s.

197; annleis). atte (I, s. 197) har innskotsvokal føre bortfallen -r (gamal-norsk aptr).

4 Setningslæra (syntaksen)

Det finst surne døme på at verbet i ei undersetning står sist i setningi:

der det ikkje veg var (I, s. 694; rim far).

5 Ordtilfanget

Ordtilfanget i dagbøkene vert i mange høve ei stadfesting av ordi i dikti.

duupll, v., apal drupar i hagen (I, s. 611); tydingi er luta, bøya seg ned; verbet er e-verb (med -er i notid) i dei andre dømi hjå Hauge.

fawe, hankj., Når eg slær lag med farrar (I, s. 42); tydingi er omflakkar, landstrykar, tater.

fegre, hokj., meir av fegre (I, s. 93); tydingi er fagerdom, venleik.

(15)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 17 feimen, adj.; dei-- gjorde seg feimne (I, s. 371); tydingi er kjælen, smeiken; både Aasen 1873 og Ross 1895 har adjektivet, og Ross har denne tydingi frå Hardanger (sjå og "Norsk Ordbok" band 2).

fjak, adj., Kor fjak og glad var ho ikkje (HI, s. 14); tydingi er snar, snøgg, ei tyding Ross 1895 tillegg V har frå Hardanger.

/ljå, adj., ein fljå kopp (I, s. 554); meir vanleg i formi flå, men i Hardanger fljao (Norsk Ordbok band 2 fljå), om lende; her i tydingi vid ovantil og grunn med låge kantar.

føyke, inkjekj., skrive føykje, Godt ord l i fugla føykje l vera eit skjold fy l gravmylder (I, s. 355); formi fu gla kan vera genitiv fU. av fugl eller perfektum partisipp av eit verb fugla (sjå Norsk Ordbok band 3), då i tydingi som ein fugl/ som fuglar, og med føykje attåt i tydingi skunding, jag, etter Norsk Ordbok band 3 føykje n. tyding 2, frå Ryfylke, Sunnhordland og Hardanger, so den samla tydingi vert som ein fugl eller fuglar i fykande, jagande, skundande tilstand.

gjærkvald, hankj. eller adverb i vendingi i gjærkvald, ofte hjå Hauge (I, s. 198, 381, 387, 508), og skrive gjer- (I, s. 509, 664), med R- omlyd av gjdr til gjær-, ei form som finst i fleire målføre: i Sogn, på Voss, i Hardanger, på Jæren og i Sirdal etter Aasen 1873 på oppslaget gaar; denne formi er heilt vanleg i Indre Sogn t.d. Ross 1895 har formi

«l gjærkvald», frå Hardanger (Ulvik, Ullensvang). på oppslaget kveld, med ein freistnad på å forklara den merkelege formi -kvald med -a-:

«Kvald for '·1kvaild? Se Noreen». Formi er heilt vanleg i Ulvik hjå eldre folk, skrivi jær-kvald, i ei ordsamling innsend til Norsk Målførearkiv frå Marita Branstveit, fødd Håheim i 1917 ( samlingi er i fleire brev). Frå Ullensvang har Botolv Helleland opplyst at formi finst berre i gamah mål, men faren Jon Helleland, fødd 1902 (snart 100 år gamal) kjenner henne godt; Botolv brukar ikkje formi som er ukjend for han.

hega, adverb, I dag var eg hega til Hjeltnes (I, s. 421); tydingi er hit.

hegda, v., ei sjeldan vare, som det gjeld å hegda på (I, s. 287);

Aasen 1873 i tydingi spara, vera sparsam med å bruka.

hegi, adverb, med fleire døme hjå Hauge (I, s. 520, 566, 756):

hegi kråi (I, s. 391), hegi ein lynghaug (I, s. 567); tydingi er hit i.

hegum, adverb, Eg fylgde Oddvin hegum fjorden (I, s. 445);

hitom; Ross 1895 har hega-um frå Hardanger og Røldal.

hm;ta, adverb, Austlendingane hev vore hosta høgmælte (I, s.

225); Aasen 1873 har hoste i tydingi temmeleg, temmeleg mykje, mest for mykje, frå Telemark, Råbyggjelag og Nedenes (det vil seia Aust- Agder).

(16)

18 Andreas Bjørkum

hugsam, adj., lite hugsam lester (I, s. 262); tydingi er hugnadsam, triveleg, morosam, etter Aasen 1873.

kjerlnghaltJ, hankj., Byrdi [ei høybyrd] sig ned på baken og du fær kjeringhals (I, s. 213); det å gyrda, stramma byrdatoget so ein får havaldet eller helda opp mot halsen; då strammar det til der; sjå Halldor O. Opedal, Hardange1·-målet 1960, s. 58; og setel frå Voss i arkivet åt Norsk Ordbok.

knusa, v. i vendingi knusa på: no er det berre å «ch.eer up» og knusa på (I, s. 119); tydingi er kanskje rnoda seg opp (etter det engelske ordet), driva på (?).

kubba, v., at alt er slutt når ein kubbar (I, s. 573); Ross har to verb kubba, men berre kubba seg kan høva her: liggja og strekkja seg;

pleia dovenskapen, makelegskapen sin, frå Hallingdal. I arkivet åt Norsk Ordbok er det mange setlar på kubba, og serleg tydingi somna, frå Voss, kan vera nærliggjande.

likt, adj. inkjekj. i ser um likt, sjå ser.

lingla, v., sjå skramlet linglar (rim slingrar, I, s. 43); ordet finst ikkje i ordbøkene åt Aasen og Ross og heller ikkje i arkivet åt Norsk Ordbok; mest truleg er det eit rimord etter dingla, ringla, singla med tilsvarande tydingar som i desse verbi.

løgjo, lint hokj. bundi form eintal, gjera det upp i løgjo (I, s. 190;

i ei ordtyding på Daoma, v.); tydingi er morosam, løgleg tilstand;

Aasen 1873 har løgje, inkjekj. i tydingi moro, løglege påfunn, frå Telemark og Hallingdal, i Bjørgvin uttala <<Løie», med diftong.

nigja, v., og bleike strå for vinden nigde (rim vigde, I, s. 194);

tydingi er bøya seg; no meir vanleg i formi neia.

peta, v., han har peta etter dei styrande og rådande (I, s. 542);

Ross 1895 har pita og peta, frå Hardanger i tyding l: stikka lett inn på noko, peika med å koma borti («berørende»), pirka.

puta, v., Skogen gror og putar seg yver alle marker (I, s. 521);

tydingi er kanskje laga seg som pute eller putor med skog på marki, som skrogkrullar av samanvaksne trerenningar.

-rod, hokj., sjå strengerod, hokj.

sangra, v. Den sangen som sangrar gjenom alle tider like vonlaus og sår (I, s. 53); Aasen 1873 og Ross 1895 har båe sangra, i Bergens Stift saangra, etter Aasen; tydingi er klynka, klaga seg, gjeva frå seg ein langdregen, kvinande lyd, tala med klynkande stemme, etter Aasen.

ser, adj. i vendingi serum likt, det kann vel verta serum liktlset

frå

den rette kant (I, s. 191); same vendingi står i Glør i oska 1946, s.

38; tydingi er like godt, slikt slag; Ross 1895 har vendingi frå Ulvik.

(17)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 19

slwtnad, hankj., Dei -- likar berre blod og mord, skotnad, spaning og all slags hendesløyse (I, s. 204); Ross 1895 har ordet frå Hardanger (Ullensvang) i tydingi skyting.

sljo, adj., folk som er tunge og sljoe av umelta lærdom (I, s. 177), Er klør og tenner sljoe? (I, s. 646), Sljoare, sljoare (HI, s. 13); tydin.gi er ukvass, skjemd, sliten..

tmipo, lint hokj. bundi form eintal, men snipo er hard å dragast med (I, s. 394); Ross 1895 har snipa frå Berg. (=Bergen Stift) og fleire, og med Piinsnipa frå Jæren og Hardanger, i tydingi gniar, og Marita Branstveit har pinsnipa i ordsamlingi si frå Ulvik.

strengerod, hokj., er bivring frå di ei gi strengerod (I, s. 7 4); tydingi er rad av strenger; no meir vanleg i formi -rad, men Aasen 1873 har rod frå Søndre Bergenhus (Hordaland) og fleire, og formi rå, med lang vokal, finst i gamalt mål i Indre Sogn (sjå bold mi Generasjonsskilnad i indresognsmål1974, s. 499).

syngj@., v., i vendingi syngja upp, svevnen vart heilt burte og dermed song eg upp (I, s. 89), og då sang eg snart upp (I, s. s. 105);

Aasen 1873 i talemåten det syng upp, med tydingi det går laus(t), det byrjar for alvor, frå Bergens Stift.

veider, prentefeil for veidn, hokj., Letingen steikjer ikkje si veider [for veidn], segjer Salomo (I, s. 754); or Salomos ordtøke 12, vers 27;

tydingi er fangst, fengd når ein veider; Aasen 1873 tyding 1 frå Halling-dal og Sunnmøre, og ordet er kjent på Borgund i Sogn og.

vønen, adj., etter å hava høyrt og set kor stortenkt og vønen mannen er no for tidi (I, s. 176); Aasen 1873 i tydingi dristig i sine voner («Forventninger»); og kravstor, ikkje smålåten ( «Ubeskeden» ), frå Telemark; Marita Branstveit har adj. i hokj.-formi vønæ, i samlingi si frå Ulvik, tydingi er prippen og nøye på det.

ødla, hokj.? Ikkje er eg nokon «Ødla» heller (I, s. 190); Ross 1895 i tydingi ho gjev tosket, kokett, lett tilsnakkande kvinne, frå Sogn, Voss og Hardanger. Formi nokon tyder på hankj.

ørbudÆa, hokj., Eg «fer mest i ørbudla» no um dagane (I, s. 190);

Ross 1895 har ørbudla, hokj., frå Sogn i tydingi tankelaust og forhasta snakk, pludring; «For: (Or)bulla», skriv han.

åbrengjen, adj., Vonar han ikkje synest eg er åbrengjen (I, s. 165);

Aasen 1873 i tydingi plagsam, overdriven ( «overhængende») med bøner og krav; Ross 1895 har formi åbrengjeleg; båe ordi er frå Tele- mark.

åtaka, v., For den mannen som åtek lovi er som tidast slave under henne (I, 165); Aasen 1873 åtaka i tydingi streva hardt, pressa seg mykje, røyna (seg), frå Sogn; Ross 1895 i tydingi gå til åtak på, taka fat på (bruka av årsgrøda), frå Telemark.

(18)

20 Andreas Bjørkum

6 Prentefeil

I dagbøkene finn me ein del prentefeil, og surne er leie nok: tred, inkjekj, (for tre I, s, 34), dylgja, v, (for dylja I, s, 35), si måte, pron, (for sin I, s, 78), låda, hokj, (for løda I, s, 97), vapni, inkjekj, flt bundi form (for våpni I, s. 109), vil synest, v. refleksiv infinitiv (for -ast I, s. 165), lærar, v, i presens (notid) (for lærer I, s. 252), fura, v. (for furda I, s.

254, 685), kan lærda v, (for læra I, s, 333), salor, h.ankj. flt (for salar I, s, 343), skyone, hokj. flt. bu.ndi form (for skyene I s. 353), maktar, hokj, flt. (for makter I, s, 397), da tuskuldiga adj. inkjekj. (for tru - I, s.

398), innsjøene, hankj. flt. bundi fonn (for -sjøane I, s, 555).

hardinger, hankj, flt. (for -ingar I, s. 662), ei ord, inkjekj. (for eit ord I, s, 735), upplevinga, hokj, flt. (for -levingar K, s, 747), veider, hokj. (for veidn I, s, 754), tidi si overmann, pron. (for sin I, s, 750), skalden sin- -- verksemd, pron. (for sin s, 96).

(19)

Målformi i dagbøkene åt Olav H. Hauge 21

Litteratur

Aasen, Ivar. 1873. Norsk Ordbog

Bjørkum, Andreas. 1974. Generasjonsskilnad i indresognsmål. 1974 Bjørkum, Andreas. 1998. Målmeistaren frå Ulvik. Ord og former hjå

Olav H. Hauge

Hauge, Olav H .. 1946. Glør i oska Hauge, Olav H .. 2000. Dagbok I-V Norsk Ordbok band 1- 1966-

0pedal, Halldor 0 .. 1960. Hardanger-målet. Ord og vendingar og stil Ross, Hans. 1895. Norsk Ordbog

(20)
(21)

Nok o um skifte av kyn og bøygjing i norsk

Merknader til Hans-Olav Enger Av Klaus Jo han Myrvoll

1 Innleiding

Hans-Olav Enger skriv um tilhøvet millom kyn og bøygjingsklassa i nynorsk i Norskrift nr. 104/2002.1 Han dryfter tvo motstridande gissingar um dette tilhøvet, der den eine (A) gjeng ut på at bøygjings- klassa styrer kynet, men den andre (B) at kynet styrer bøygjingsklassa.

Enger prøver desse gissingane med å leita etter utfall av deim i norsk målvokster. Han finn døme som han meiner styd båe tvo, t.d. hev ordet bær skift kyn frå inkjekyn til hokyn i mange målføre, noko Enger fører attende på bøygjingsformi bæri (bundi form mangtal

>

bundi form eintal), og ord som kleiv og nål kann ha skift bøygjing frå -ar til

1 Når eg nyttar nemningi nynorsk i dette stykkjet, er det med ei radt onnor tyding enn hjå Enger (han nyttar det i tydingi «<ærebolmormalen» ). Eg tenkjer fyrst og fremst på det nynorske målstiget, og reknar med alle målføri som er framvaksne or gamalnorsk. Skriftmålet kallar eg helst berre norsk elder, meir umstendeleg, det nynorske skriftmålet. Dersom eg tenkjer serskilt på den statleg normera utgåva av det, nyttar eg stundom nemningi statsnorsk.

(22)

24 Klaus Johan Myrvoll - er etter den vanlege bøygjingi for hokynsord.2 Enger sh1Har at båe gissingane hev noko fyre seg, men at det heilt ldårt er flest døme av det siste slaget.

Eg er samd med Enger i hovuddragi, og eg hev stor sans for det udogmatiske millomstandpunktet han tek i høve til dei tvo gissingane.

Like vel må eg segja at gissing B truleg er den sannaste, med di den femner vidaste og er mest grunnleggjande. Me hev aldri havt nokon regel i norsk um at bøygjingsldassa avgjer kynet, men det motsette, at kynet avgjer bøygjingsklassa, er i nokon mun tilfelle i nynorsk. Difor vert gissing A berre studd av einstaka døme på ord som hev skift kyn med grunn i bøygjingsklassa. Her spilar truleg drivkrafter som hev med både bruk og tyding med, og yvergangane kann vera noko tilfellelege.

Å ettervisa det er like vel ikkje hovudærendet mitt, av di det hev Enger gjort i stor mun sjølv. Like vel tykkjer eg ikkje at han dreg alle dei slutningane ein kunde ynskt, og han vel ein krunglut veg fram mot målet. I denne samanhengen vil eg fyrst og fremst taka for meg dømi Enger nyttar til å byggja uppunder dei ulike gissingane sine, og syna at ikkje alle er like velvalde. Attåt vil eg peika på ein logisk brest i tankerekkja hans og hjelpa honom ut or nokre sjølvpålagde vanskar.

Fyre eg gjeng lenger, vil eg leggja imot noko av framgangsmåten hans Enger. Enger vel seg den nynorske jamnen, so som han er nedfelt gjenom vedtak i Norsk språkråd og ovrar seg i Nynorskordboka (Hovdenak o.fl. 1993), til utgangsstøde for ein etterrøknad han gjer um skifte av kyn og bøygjing i norsk. Det byd på mange vanskar. Fyrst er å innvenda at det nynorske skriftmålet ikkje er noko naturlegt mål i tydingi "morsmål, fyrste talemål", og fell dim ed utanfyre det røynelege granskingsfeltet åt målvitskapen. Dinæst kjem det at den norske rett- skrivingi i dag er sers lite fylgjestreng, t.d. hev ho skrivemåtar som tid, men li og byrja men spørja. Inkje norskt målføre hev elder hev nokon gong havt ein slik bygnad! No er dette døme frå ljodverket, men dei skulde få fram hugodden min: Det er både vanskelegt og utrygt å byggja på skriftmål når ein vil granska mål, og ein bør ikkje gjera det so sant ein hev tilgjenge til talemål på same målstig. Når Enger byggjer på det nynorske skriftmålet, er det ein umveg i høve til å ganga beinveges til det nynorske målet me finn i målføri. Enger vil granska diakrone tilgongor i norsk, men det finst ikkje nokon beinveges, sogeleg samanheng millom t.d. gamalnorsk og det nynorske skrift- målet. Skriftmålet er berre ein yverbygnad og ei uheil attgjeving av det nynorske målet som ættar frå gamalnorsk, nett som som det

2 Enger (s. 9) let til å tru at kleiver er eineform i statsnorsken, men i røyndi er ho berre sideform til kleivar, som er den hevdvunne bøygjingi (jf. Aasen 1873).

(23)

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 25 gamalnorske skriftmålet var ein yverbygnad yver det gamalnorske talemålet me i røyndi er forvitne etter å vita noko um.

Eg veit at det er på moten i surne granskarkrinsar å byggja mesta berre på skriftmål, og eg vil åtvara mot det. Det er inkje anna enn ei avsporing, i alle fall so lenge det ikkje er eit uttala mål å granska skrift- målet og måten det er samansett på og verkar. Enger viser til talemål innimillom, men det vert alt for slumpesamt og ikkje tufta på nokon solid empiri.

2 Skifte av kyn

I stykkjet sitt nemner Enger seks ord som skal ha skift kyn i norsk, og tvo av deim er «pluralia tantum», han kallar, pdskar og iljar, som båe hev gjenge frå hokyn til hankyn med grunn i endingi -ar. I dette styk- kjet stødar Enger seg til Harald Bjorvand og Ivar Aasen, og det er lite å segja på skildringi han gjev av desse yvergangane. Difor skal eg lata deim liggja, og berre slå fast at dette er døme som syner at kyn kann verta styrt av bøygjingsklassa, so me ikkje kann sjå burt frå det tildrivet som gissing A set ord på heile

Spursmålet er då kor stor vekt me skalleggja på dette tildrivet i målvoksteren. Av dei hine fjore ordi Enger dreg inn i dryftingi si, er det i røyndi berre bær (in. --+ ho.) han nyttar til å byggja uppunder gissing A. Dei tri siste, lunga (in. --+ ho.), evna (in. --+ ho.) og pause (ha. ->

ho.), vert tekne upp i andre samanhengar. Nedanfyre skal eg gjeva grunnar for kvifor helder ikkje bær kann nyttast til å byggja uppunder gissing A. Attåt skal eg sjå nærare på dei hine tri ordi, og knyta nokre merknader til måten Enger nyttar deim på. Men fyrst vil eg koma med nokre motlegg som gjeld måten han ser på gissing A.

2.11kkje alle kynsskifte er styrde av bøygjing!

Eg tykkjer Enger jamt yver er alt for ihuga etter å byggja uppunder gissing A. Når ein les stykkjet hans, kann ein koma til å tru at alle kynssldfte automatisk styd gissing A. I bolk 3.3 legg han fram utfallet av ein etterrøknad han hev gjort, der han hev talt etter kor mange ord 'Bjorvand (1972: 210) nemner fleire døme på det same: norr. slfårar ho. mt. "slidr, slidra" > fær. sliårar ha. mt.; (nisl.) reifar ho. mt "reivar, sveip"> (norr.) reifar ha.

mt. (jf. nno. reiv ha.); norr. 6rar ho. mt. "ørska, galenskap"> norr., nis!. 6rar ha.

mt.; (nis!.) kverkar ho. mt. "kverk, strupe, hals"> nno. kverk, mt. kverkar "strupe, hals (serleg på fisk)", fær. kvørkrar ha. mt. d.s.

(24)

26 Klaus Johan Myrvoll

som hev brigdt kyn og/elder bøygjingsldassa i eit utdrag av Nynorsk- ordboka. Av i alt 123 :namnord laut han skjera undan 17,4 med di dei

«medførte ei rekke metodologiske vanskar». Av dei 106 dømi han sat att med, hadde 92 korkje brigdt kyn elder bøygji:ngsklassa. 7 ord hadde brigdt både kyn og bøygji:ngsklassa og 7 berre bøygjingsklassa. Enger tel up p sole is (s. 10):

Ettersom studien gjeld heller få substantiv, og heller mange av dei var problematiske, bør vi vera varsame med å legge mye inn i resultatet, men eg finn det like fullt forvitnelig at helvta av endringane gir støtte til hypotese B, mens helvta (altså dei som både har bytt genus og bøyingsklasse) - iallfall etter mitt skjønn - gir støtte til både A og B.

Her gjer Enger seg skuldig i ein logisk brest. For jamvel um helvti av brigdi (sjau ord) er ord som hev brigdt både kyn og bøygji:ngsldassa, so er det ikkje sagt at det var bøygjingsklassa åt desse ordi som førde til at dei skifte kyn, og at desse brigdi dimed styd gissing A. Snarare tvert um: Med di dei hev brigdt både kyn og bøygjingsklassa, hev den nye bøygjingsklassa helst kome av kynsskiftet. Jf. t.d. at når ordet bær hev brigdt kyn frå inkjekyn til hokyn i smølamålet, hev det samstundes skift bøygjing i ma:ngtal frå

*

/be:r/ -

*

/be:ro/ til /2be:re/ - /2be:rip/ - som er hovudmynsteret for sterke hokynsord (for meir um dette ordet, sjå bolk 2.2 nedanfyre). Det vert ikkje noko betre av at Enger gjer skifti i kyn og bøygjingsklassa for dei ordi som hev fenge båe tingi, til tvo brigde, :når han segjer i framhaldet: «Slik sett kan vi seia at av i aH 21 endringar [7 + {7 x 2)] kan berre ein tredel reknas til inntekt for A.» Her gløymer Enger at eit skifte i bøygjingsklassa i mange tilfelle må vera ei beinveges fylgja av at ordet skifter kyn, og difor er det ikkje rett å taka det med i reknestykkjet her. Når alt kjem i hop kann det vera at ingi av brigdi Enger hev funne, styd gissing A. Men det fær me ikkje vita med di han ikkje legg fram denne empirien sin i reine ord.

Det finst mange andre grunnar til kynsskifte enn bøygjing, t.d.

ljodlegt skap, som Enger kjem inn på sjølv i bolk 3.4.2, der han skriv um tildrivet til å gjera ord som endar på -e til hokynsord, rett nog med tvo villeidande døme (sjå bolk 2,3 og 2.4 nedanfyre). Eit anna døme på at ljodlegt skap kan:n styra kyn hev me når det helder nye ordet dialekt hev vorte hokynsord i mange målføre, i motsetnad til skriftmålet, der det er hankyn. Det er snaudt tilfellelegt, men kjem truleg av jamlaging (analogia) med andre einstavingsord på -ekt, som er hokynsord (og lånte), t.d. sekt, slekt, vekt og -tekt i t.d. valdtekt og varetekt. Her ser

• I sjølve teksti (s. 9) hev Enger skrive 16, men i fotmerknad 3 på same sida stend 17, som tru! eg er det rette, jf. at 123 minus 17 er l 06.

(25)

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 27 me at det ljodlege skapet avgjer kynet, og det hev inkje med bøygjingi å gjera, og kann soleis nyttast korkje for elder imot gissing A. Truleg er kynsskifte med grunn i ljodlegt skap vanlegare enn kynsskifte med grunn i bøygjing. Med di Enger ikkje legg fram nokor gransking som syner styrkjetilhøvet millom kynsskifte med grunn i bøygjing og kyns- skifte med andre grunnar, er det uråd endåtil å gjeta kor mykje bøyg- jingi hev å segja for kynsvoksteren ut ifrå stykkjet hans.

Bakgrunnen til at Enger gjorde denne einfelde etterrøknaden i Nynorskordboka, var at han ottast at studnaden han fann til gissing B i målbøkene kunde koma av ei feilkjelda: «Likevel kunne det kanskje innvendas at ettersom litteraturen om norsk er skriven av forskarar som er lærte opp innafor hypotese B, kan det hende dei har oversett døme som stør hypotese A.» (s. 9). Med di han ikkje hev rekna med den avgjerande skilnaden millom kynsskifte ålment og kynsskifte med grunn i bøygjingsklassa, er han ikkje like klår på at gissing B er den sannaste lenger når han tel upp utfallet av etterrøknaden (mine utmerkjingar): «Resultatet er noe betre for hypotese B, og til liks med evidensen i avsnitt 3.2 tyder dette på at hypotese B gjeld for norsk i større grad enn A gjør.» (s. 10).

Trass i mange krumspring og sviktande empiri endar Enger upp på eit tolleg vitugt standpunkt i bolk 3.5 «Konklusjon hittil» (s. 14- 15):

Dette er altså min kompromisshypotese C: I noen tilfelle blir genus predikert på grunnlag av bøyingsklasse (som hypotsese A tilseier). I andre tilfelle blir bøyingsklasse predikert på grunnlag av genus (som hypotese B tilseier). Det er det siste som er vanlig i norsk. Om genus eller bøyingsklasse blir grunnleggjande, kjem an på teiknfrekvens. Om ubestemt eintal er meir teiknfrekvent enn ubestemt fleirtal, blir ubestemt eintal teken som grunn- leggjande, og da blir genus grunnleggjande (ettersom bøyingsklasse ikkje går fram av ubestemt eintal), og bøyingsklasse predikert på grunnlag av det. Om derimot fleirtalsforma skulle vera meir teiknfrekvent enn eintalsforma - og dette er «lokal markertheit» - blir fleirtalsforma teken som grunnleggjande, og genus predikert på grunnlag av bøyingsklasse.

I framhaldet skal me sjå at dette kann vera brukande til hovudregel.

Men eg vil minna um at jamvel um ubundi form eintal vert lagd til grunn, og med di kynstilhøyrsla, er det ikkje sagt at det upphavlege kynet held seg. Til dømes kann kynsskifte med grunn i ljodlegt skap gjera seg gjeldande enno. Me må vakta oss for den einsynte koplingi millom kynssldfte og bøygjing som eg etterviste ovanfyre.

Eg finn dessutan grunn til å nemna at trass i ev. sterk kyns- tilhøyrsla kann avvikande bøygjingar halda seg godt. I flestaHe målføre som skil millom -ar og -er i mangtal av namnord, er det ein liten flokk

(26)

28 Klaus Johan Myrvoll kvart som hev den «motsette» bøygjingi.5 Rett nog hev dei mange sidan ga:rnalnorsk tid, men det forvitnelege er at sjølve bøygjingsklassone for det meste hev falle burt i målføre der skulde føra til kor som var, Soleis kjenner 135, 144) «henved 50» einstavingsord innanfyre og hokyn som jamnaste hev <(motsett» bøygjing,6 Det er ikkje minst fo:rvitnelegt med di denne avskalingi hadde teke til alt i gamalnorsk jf Noreen 261, 267-269), Harald Bjo:rvand (1972) hev granska dette tilstemnet nærare i hokynsordi, og hev funne at mange gamle o-stornnar må ha fenge -ir (etter i-stamn- ane) elder -r (etter medljodstomnane) alt fyre den skrifUege yver- tok til 1150), td, h9ll - mt hallir og b6t - mt bætr, Attåt kunde mange skifta miHom -ar og -ir elder -r (elder alle tri) i norrøn tid, hev funne nokon sikre døme på at endingi

~ ar hev inn i i-stomnane elder medljodstomnane, so dette er ei som gjeng berre ein veg (derimot kann både -ir og -r krossa stomntilhøyrsla si), Like fuJlt er det fo:rvitnelegt å at det ikkje er so reint fåe av o-stomnane som kann svaga i bøygjingi i norrøne skrifter,

auJLua"""' hev -ar i td, (norr, grind, -arl-irl-r), lever -arl-irl-r), sild (norr, sild, -arl-irl-r),

nokon tilsvarande empiri for hankynsordi, men der hev vore eit fråfaH av um ikkje like stort

'Desse målføri kallar Enger «meir konservative dialektar» (s, 8), Eg tykkjer umgrip som «konservativ>> og «moderne» høver i målsamanheng, Dei tener berre til å setja det som for mange er ein nedsetjande merkelapp («konservativ») på fullt ut livande talemåL Jamt yver er det soleis at det liver både gamle og nye måldrag i eit målføre, um einannan, og det er ild<je uppgåva åt målvitskapen å døma um eit målføre hev «hange med i utviklingi» elder eL Vikversk høyrer med til dei mange målvaldi som hev halde uppe skilnaden millom hestær og bekker, tier og myrær, Då kann ein vera freista til å spyrja Enger: Høyrer vikversk med til dei «meir konservative dia!ektar>>?

'Harald (1972: 201) hev på eikor vis fenge dette til å verta «etwa 25>> i hokyn, jamvel um han viser til Aasen, Det karm vera at han hev drege frå ord som ikkje er gamle o-stomnar, men som av ein elder annan grunn hev fenge -ar i nynorsk, men det skulde same kva gjera so stort Bjorvand nemner elles at dei tilsvarande talifor nyislendsk og færøysk er, i same fi]lgd, um lag 65 og 55, Dersom desse tali er rette, stend nynorsken serleg attende for systermåli når det gjeld å ha teke vare på gamle og det trass i at det gamle bøygjingsverket hev brotna meir her enn i dei målL

' Det er mogelegt at dette mishøvet skal tydast ut soleis at dei norrøne skriftene som hev andre endingar enn -ar i slike ord, speglar att målføre der det var større fråfall enn elles, og at ljodveikjing hev ført til at me i mange tilfelle kann sjå det i dag, td, i mykje austlandsk

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Studien i Rosmersholm faller i tre deler. I begynnelsen av 8o~årene vokste partiene Høyre og Venstre frem, samtidig med at arbeiderklassen ble synlig i det

I den forrige artikkelen hevdet jeg at det er typisk for inter- jeksjonene at de ligger på grensa mellom naturlige tegn (reine emotive utbrudd f.eks. ) og

jektets eller en annens.. I setninger med en betydning som ikke uttrykker noens intensjon eller vilje~ brukes ikke skal som hjelpeverb. Settes skal inn i en

litteraturkritiske ytring SJel. det problemet vi har med ~ gJøre, sett fra tegnteoretisk synsvinkel. er forholdet mellom ~pen og skJult betydning. mellom d&amp;t

De fleste av våre kunnskaper om de eldre trinn i de for- skjelligc språks og språkfamilicrs historie er grunnlagt på granskinger av det talespråkllgc element

I dramaet brukes det samme titteskapsprinsipp som vi kjenner fra mange av Ibsens senere verker. Enquist utnytter også en retrospektiv teknikk i slekt med

E~ KOIJPLEIJ:ENT er etter dette ethvert setningsle dd, enten det er nomi- nalt ( s ubjekt, objekt, adjekt, predikativ} eller adverbialt.. Dette forhold finner vi

anvisninger og skuespillernes mimikk og gester vil allikevel gjøre dialogen levende. Teksten vil sies frem slik at den for tilhøreren oppleves som muntlig.Et