• No results found

2,5 Ordet pause

3 Skifte av bøygjing

1.2 Tillaga vanskar

I bolk 4.1.3 skriv Enger um «To problem for Naturlig Morfologi».27 Eg er i røyndi ikkje so forviten etter dei vanskane ymse teoriar måtte bala med, men når Enger greider å laga seg flokar ut av dette, vil eg gjeva honom ein beine. For det fyrste let han ikkje til å ha skyna kvifor gno.

menn hev vorte til nno. menner, med di det etter hans meining gjev

27 Her skulde det ikkje ha vore stor fyrebokstav i morfologi, og helst ild{je i naturlig helder. Me hev ikkje for vane å skriva «Junggrammatikk", <<Strukturalisme" osb., jamvel um det kann vera vel so store og gilde teoriar.

46 Klaus Johan Myrvoll tilskot til klassa av hankynsord som fær -er i mangtal, noko som strid mot det ålmenne tildrivet til at hankynsordi gjeng mot -ar" Til det er å segja at yvergangen frå menn til menner ikkje kann reknast for å vera eit tilskot til bøygjingsldassa åt eit ord som gris" Det som derimot hen-der, er at ordet mann fær same bøygjing som andre namnord med ljodbrigde i mangtal, slike som fot og hand, når endingi -er vert lagd til mangtalsformi menn" Med andre ord gjeng eit ord som høyrer til bøygjingsklassa med mangtal /#-Ø/ yver til den langt større klassa med mangtal/'#-er/ (her stend #for ljodbrigde)o Endskapen på dette vert gjeme at ein sit att med berre ei bøygjing i mangtal av ordflokken som fær ljodbrigde (menner, føter, hender osb} Dersom ordet mann hadde gjenge yver til bøygjingsklassa åt gris, skulde me ha venta oss mangtalsformi *manne(r) med tvostavings tonelag, som etter det eg veit er ukjend i dei målføri som skil miHom endingane -a(r) og -e(r)o Der ordet mann fell ut av ordflokken med ljodbrigde, fær me mangtal manna(r), som er heilt det me skulde venta" Det skulde i alle fall ikkje vera nokon tvil um at ordi gris og mann høyrer til heilt ulike bøygjingsklassor i dei fleste målføri, jf td" nordmørsmållgri:se/, men /'meJler/ og hallingmållgri:si/, men /mena/"

For det andre tykkjer Enger at det er ein vanske at mykje av skildringi hans gjev tokken av at det som hender med hankynsordi (er

>

ar), og det som hender med hokynsordi (ar

>

er), er tvo åtskilde tilgongor. Det er i beste fall ei medgjeving av at disposisjonen hans ikkje hev vore klår nog, og når han kjem med ei løysing på «pro-blemet» rett etter at han hev lagt det fram, må ein undrast på kvifor han ikkje hev arbeidt henne inn fyrstundes: «Grunnen til at suffikset - ar blir bytt ut ved hokjønnsorda, er vel at det blir oppfatta som karakteristisk for hankjønnsorda (."")" Det ville på ein måte ha vori poenglaust å generalisere suffikset -ar for hankjønnsord utan samtidig å generalisere -er for hokjønnsordo» So einfelt kamn det i røyndi segjast!

No skal det vera nemnt at Enger hev ei teoretisk innvending til denne gissingi um fråskiljing av hankyn og hokyn, soleis som ho er framlagd i Bjorvand 1972, som det kann vera noko L Etter Bjorvand (1972: 197) var det um lag 300 a-stomnar i gamalnorsk, men berre um lag 60 i~stomnar i hokyn" Med andre ord var slaget myr- myrar mykje vanlegare enn slaget

tfo -

tiOir, og det høver dåleg med at det er det siste som hev vunne fram:

Bjorvand meiner grunnen til at ord som myr har vorti mindre vanlige, er at det har vori ein sterk tendens i norsk til å skilja formelt mellom hankjønnsord og hokjønnsord" Dette er ein tiltalande tanke, men han

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 47 skaper visse vanskar for Naturlig Morfologi: Etter Wurzel (1984: 130) skal nemlig produktivitet vera ein direkte konsekvens av typefrekvens. Mye det same hevdar Bybee (1985: 132-134). Det desse to seier eksplisitt, er trulig noe mange andre forskarar meiner, sjølv om dei ikkje seier det like tydelig (sjå til dømes Beito 1954: 4). (Enger 2002: 27).

Eg meiner å sjå ei løysing på dette mishøvet som tek høgd for kravet hans Enger um typefrekvens, i alle fall eit stykkje på veg: Då endingi - ar i mangtal byrja å verta utskift med -ir (og -r) i hokyn, var det ikkje for å skapa eit klårare skil andsynes hankyn, men for å gjera bøygjingi innetter i dei sterke hokynsordi meir tydeleg og einskapleg. For i

6-stomnane fall eigefall eintal og nemnefall og underfall mangtal saman i endingi -ar, og gjenom å skila undan denne endingi til eigefall, som i dei tvo andre hovudflokkane av sterke hokynsord (i-stomnane og medljodstomnane), vart -ar ei reinare eigefallsending, samstundes som mangtal vart merkt ut klårare med endingi -ir (elder -r). Eg meiner å kunna sannsynleggjera denne gissingi ut ifrå indre tilhøve i norrønt mål, men det hadde ført for langt å leggja ut um det her, so det skal eg helder gjera i eit eige stykkje.

Med denne løysingi kann ein rekna med at kyn fyrst vart relevant på eit seinre stig, då endingi -ir hadde vorte munaleg meir vanleg i sterkt hokyn og -ar tilsvarande mindre vanleg. Det kann like vel tenkjast at koplingi millom endingi -ar og hankyn og endingi -ir og hokyn hende fyre -ir hadde vorte den klårt vanlegaste, med di -ar var so vanleg i hankyn, so kann henda lyt Enger vøla teorien lite grand og.

For som han segjer fyrst i bolk 4.1.3, er det «ingen grunn til å tru at Naturlig Morfologi løyser alle problem». Eit prinsipp um at tilhøve millom kyni yverstyrer typefrekvensen innanfyre eitt av deim, er ikkje utenkjelegt, jamvel um det, som Enger hev peika på, er litt tvilsamt.

4 Slutningar

Eg hev sagt mykje alt, so i denne sluttbolken skal eg nøgja meg med å draga nokre ålmenne lærdomar utav dryftingane:

l. Gransking av målbrigde bør so langt som råd byggja på naturlegt mål.28

2. Ein må vera grannsam når ein vel seg ut døme som skal syna meir ålmenne ovringar.

28 Jamvel norrøngranskarar lyt sjå til nynorske målføre skal dei skyna det gamalnorske målet fullt ut.

48 Klaus Johan Myrvoll 3. Norsk-dansken hev ført og fører til mykje ugreida for norsk målvokster, og det at mange granskarar ser burt frå dette, skaper ugreida for norsk målgransking.

4. Ein bør vera varsam med å gjeva skilnader i vokster millom ulike ordflokkar meir underliggjande grunnar når dei like godt kann tydast ut med meir ytre tildriv.

5. Teori kann vera ei god hjelperåd til å skyna målet med, men me lyt hugsa på at det ikkje er teorien som skal granskast, men målet.

Det skulde vera det viktugaste. Heilt til slutt vil eg herma Enger når han sluttar (s. 29) at «det er merkeleg kor store problem velkjent dia-kron evidens frå eit velkjent språk skaper for mange utbreidde idear», og leggja til at det gjeld utbreidde tankar hjå Enger og.

AvstyUinga:r

ha.

=

hankyn, ho. = hokyn, in. = inkjekyn, mt. = mangtal (pluralis).

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 49

Boklista

Beito, Olav T[oreson] 1954: Genusskifte i nynorsk. Skrifter utgitt av Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo. Il. Hist-Filos. Klasse.

1954. No. 1. Oslo.

Bjorvand, Harald 1972: «Zu den altwestnordischen Pluralendungen - ar, -ir und -r bei feminien Substantiva». I: Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap 26, s. 195-215.

Bjørkum, Andreas 1968: Årdalsmål hjå eldre og yngre. Skrifter frå Norsk Målførearkiv ved Olav T. Beito. XX. Oslo.

CederschiOld, Wilhelm 1913: Studier over genusvaxlingen fornvastnordisk och fomsvenska. Goteborg.

Elstad, Kåre 1982: Oversyn over lydverk og ordavleiingar borgfjerdingsmål. Borgfjerdingsmål l. Oslo.

Enger, Hans-Olav 2002: «Genus, bøyingsklasse og morfologisk modell - diakrone perspektiv frå norsk». I: Norskrift nr. 104, s. 3-33.

Falk, Hjalmar og Alf Torp 1903-06: Etymologisk ordbok over det norske og det danske sprog.

I-n.

Kristiania.

Fritzner =Johan Fritzner 1883-1896: Ordbog over Det gamle norske Sprog. I-UL Kristiania

Føroysk oroab6k. Føroya fr6oskaparfelag. Torshavn 1998.

Heide, Eldar 1994: «Nokre tendensar i 'urban-austlandsk' talemål». I:

Mål og Makt 3194, s. 31-34.

Hoel, Ivar 1915: «Kristiansundsmaalet». I: Maal og Minne 1915, s. 1-63.

Holten, Ola

J.

1974: Dativbruken i sumadalsmålet - med generelt utsyn over den nordiske dativområdet. Hovudfagsoppgåve i nordisk, språkleg line til historisk-filosofisk embetseksamen.

Hovdenak, Marit o.fl. 1993: Nynorskordboka. Definisjons- og rettskrivingsordbok. Oslo.

Hægstad, Marius 1907: Vestnorske maalføre fyre 1350. I.

Nordvestlandsk. (Videnskabs-Selskabets Skrifter. Il. Hist.-Filos.

Klasse. 1907. No. L) Christiania.

Jenstad, Tor Erik 1985: Sunndalsmålet. Eit grensemål på indre Nordmøre. Norske studiar IV. Utgjevne av Norsk Målførearkiv, Universitetet i Oslo. Oslo.

Joleik, Albert 1925: «<nkjekyn minkar». I: Heidersskrift til Marius Hægstad fraa vener og læresveinar 15de juli 1925. Oslo, s. 39-42.

Noreen, Adolf 1923: Altnordische Grammatik I Altisliindische und altnorwegische Grammatik (Laut- und Flexionslehre) unter Berucksichtigung des Urnordischen. Fjorde upplaget. Halle.

50 Klaus Johan Myrvoll ODS = Ordbog over det danske sprog. Band I-XXVII. København

1918-1954.

Ross, Hans 1895: Norsk Ordbog. Tillæg til «Norsk Ordbog» af Ivar Aasen. Christiania.

Ross, Hans 1906: Norske bygdemaal. II. Vest-telemaal. Videnskabs-Selskabets Skrifter. H. Hist.-Filos. Klasse. 1906. No. 3).

Christiania.

Sandvik, Sigurd 1991: Suldalsmålet. Mållæra, ord og vendingar.

Norske studiar VI. Utgjevne av Norsk Målførearkiv, Universitetet i Oslo ved Andreas Bjørkum og Arve Borg. [Bergen].

Theil, Rolf 2002: «Brillone mine». I: Klassekampen 25.01.2002, s. 36.

Venås, Kjell 1977: Hallingmålet. Oslo.

Aasen, Ivar 1873: Norsk Ordbog med dansk Forklaring. Christiania.

Aasen, Ivar 1899 [1864]: Norsk Grammatik. 2det Oplag af Omarbeidet Udgave af «Det Norske Folkesprogs Grammatik».

Kristiania.