• No results found

2,5 Ordet pause

3 Skifte av bøygjing

3.1 Ord på -nad

I bolk 4.1.2 dryfter Enger um det finst reglar som fastset mangtalsformi av eit namnord berre på grunnlag av det ljodlege skapet ordet hev, utan umsyn til kva kyn det munde hava. Han ser seg ut flokken med hokynsord på -ing, som i nynorskt skriftmål og dei fleste målføri hev same form i mangtal som storluten av hankynsordi, -a(r). Grunnen til at denne flokken hev halde (og held) betre på den avvikande bøygjingi enn dei andre stomn-bøygjingane (griser, myrar osb.), skal etter Enger (i samsvar med ein teori um «Naturlig Morfologi») vera at han fylgjer ein meir grunnleggjande regel som segjer at «substantiv på -ing, får -ar i fleirtah (s. 20-21). Dersom desse ordi byrjar å fylgja vanleg bøygjing i (sterkt) hokyn, -e(r), fører det til at bøygjingi av ein stor flokk ord ikkje kann lesast rett ut or det ljodlege skapet deira lenger, og bygnaden vert meir innfløkt Dette byggjer på ein tanke um at det er lettare å hava reglar for bøygjing som gjeng ut ifrå ljodlegt skap enn som gjeng ut ifrå kyn.

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 43 Alt dette er spanande tankar, som kann hava noko fyre seg og.

Vanskane kjem fyrst upp når Enger ynskjer å jamføra med ein annan flokk som hev eit visst ljodlegt skap, og som skil seg ut når det gjeld bøygjing innanfyre hankyn, det er ord på -nad (mt. -er). Men denne flokken er avgrensa til berre hankyn, og soleis vert ikkje bøygjings-verket meir innfløkt um han fær -a(r) i mangtal; det vert «snarare ei forenkling», segjer Enger, «fordi særregele:n som berre gjeld ord på - nad, da kan sløyfas». Det høyrest rimelegt ut etter teorien hans.

Vansken er berre at empirien er sers tunn for ordi på -nad. Dei van-legaste ordi av dette slaget som er i bruk i målføri i dag, er lånte inn i nyare tid frå skriftmålet: bunad, kostnad, stønad, søknad osb.

Grunnen til det er at ord av denne flokken er millom dei fåe norske som retteleg hev lukkast i å trengja inn i norsk-dansken, og då fær ordi sleppa til i talemålet åt folk og. Men med di dei er tekne frå skriftmålet, kann dei få segnad etter skrivemåten der (/2ba:nad/ osb.) og stødt ny, jamlaga bøygjing (/'bu:nada/). Difor er det ikkje støkkjande at Helge Sandøy hev kome fram til at det «faktisk ikkje fins noen moderne norsk dialekt med -ar som mulig fleirtalsending der hankjønnsord på -nad får -er i fleirtal (!) » (Enger s. 22) ,25 i alle fall ikkje um han hev bygt på bøygjingi av slike ord. Dette hev Sandøy kunngjort i eit uprenta manuskript frå 1995, «Framlegg om ny fleirtalsbøying av maskuline substantiv på -nad og -a i nynorsk», so det er ikkje alle unt å vita kva for ein framgangsmåte han hev nytta.

No finst det døme på at ord på -nad hev livt samanhangande i eit målføre frå gamalnorsk, og jamvel ordi ovanfyre er millom deim sumstad. Det er desse ordi og voksteren deira me lyt byggja på um me vil vita noko um lagnaden åt ordflokken på -naor i gamalnorsk. Beito (1954: 35) nemner skifte til hokyn i ord på -nad, som skal vera vanlegt i nokre mål med -a i ubundi form av linne hokynsord, nærmare fastsett til Vest-Agder, Rogaland, Sunnhordland, Helgeland, Ofoten, Lofoten, Vesterålen og Trums. Grunnen til kynsskiftet skal etter Beito (sst.) vera at avleidingane på -naor fall saman med dei linne hokynsordi i skap då nemnefalls-r og 6 vart avmådde. T.d. hev ordet hugnaor i ei form som ho: 'gna vorte umtydt til hokynsord mangstad (Beito 1954: 225).

Andre stader er ordi på -nad hankyn enno, men dei hev fenge ei serskild bøygjing. Um suldalsmålet skriv Sigurd Sandvik (1991: 20) dette: «Ord på -nad fær samandrag: måna'r, dogna'r, sofa'r». Like eins

25 Her burde Enger ha ordlagt seg onnorleis, med di det finst målføre som hev berre -a(r), og då er det ikkje anna å venta enn at ordi på -nad fær -a(r) og. Det er målføre som ski! millom -a(r) og -e(r) Enger tenkjer på her.

44 Klaus Johan Myrvoll

nemner Andreas Bjørkum (1968: 62) mangtal sok'nå frå Årdal. Som Sandvik er inne på, er formi samandregi av gno. -naoir: Etter at -o-var fallen burt, kunde ikkje ljodsamanstøyten i *-ae- halda seg, og e-en fall burt (det var den veikaste ljoden, og a-en var attåt ein lut av ordstomnen). I austnorsk hev dette ført til at ordi på -nad slær fylgje med jamtyngdordi, t.d. i smølamål /en 2mQ:na/ - /mal) 2mQ:na/, likt /m 2ha:ga/- /mmJ 2ha:ga/.26 Når mange målføre kann hava mangtal på 1-aa/ i dag, t.d. hallingmål (Venås 1977: 81), må det vera ei yngre bøygjing, jamlaga med andre hankynsord (etter regelen [ub. f. mt.] =

[ub. f. eint.]

+

/-a/), jf. ei bøygjing som lhQgQa/ i mykje trøndsk.

Bjørkum (1968: 62) nemner både den gamle bøygjingi i mt. sok'nå og yngre mål med tillagd -J «frå nyno[rsk] normalmål» (!) elder etter den vanlege bøygjingi av sterke hankynsord. Sameleis gjev Holten (1974: 121) upp mt. do:'na(-a) for surnadalsmålet, men berre do:'na-aiJFJ i bundi form.

I nokre målføre hev det vorte ein skilnad millom ordet månad, som vert bøygt på «gamlemåten» (mt. /-a/), og andre ord på -nad, som hev fenge jamlaga /-aa/. Det gjeld t.d. sunndalsmålet, og Jenstad (1985: 143) legg til etter mt. mci':'na: «her kan det kanskje rett og slett vera eintalsforma som er bruka». Det kunde ein tenkja seg, jf.

samstellingar som tri mann, men grunnen til at månad skil seg ut, er helst at det ordet er meir tidgjengt i mangtal enn dei hine ordi på -nad, og difor hev halde på den gamle bøygjingi.

Med andre ord er det nedsliping av det ljodlege skapet, som i manaoir

>

*månaer

>

lmQ:nor/

(>

lmg:na/), som hev gjort at ordi på -nad hev mist tilhøyrsla til bøygjingsklassa med mangtal på -er, og det hev opna for jamlaga former på /-aa/. Ein viktug grunn til det siste brigdet er, som Bjørkum (1968: 62) er inne på, at «desse ordi har vorte lite nytta i flt.». Flestalle ordi på -nad er tinglause og avleidde av segnord ( «verbalabstrakt»), t.d. dragnad, givnad, hugnad, lagnad, lesnad, saknad og vyrdnad, og vert sjeldan elder aldri nytta i mangtal.

Difor kann eit ord som dugnad få jamlaga mangtalsform /2dv:naa/ i nordmørsmål, men like vel aldri t.d. *lbætaa/ tillbæta/.

26 Her kann me nytta ordet /2mQ:ne/ < gno. mani "måne; månad" med same tyding, jf. lat. mensis og gr. J.n)v, som båe tyder "månad" og gjeng attende på det gamle indo-europeiske ordet for "måne", og gamalindisk miis-, som hev båe tydingane ("månad; måne"), til liks med det norske ordet.

Skifte av kyn og bøygjing i norsk 45 Ein annan viktug grunn til at ordi på -nad hev kunna få jamlaga form i mangtal, er at det er ein sers liten flokk og at mange av ordi er sjeldsynte. Det kjem godt fram av den fullstendige lista yver ord på

- nad som Kåre Elstad (1982: 196-207) hev sett upp for

borg-fjerdingsmålet i Lofoten. Lista er på 28 ord, og truleg er ikkje talet nemnande større i andre målføre helder. Mange av ordi vert nytta berre i visse samstellingar, og attåt kjem det at flestalle er typiske

«eintalsnarnnord» - dei vert nytta berre i eintal. Inkje av dette lovar serleg godt for å halda uppe ei avvikande bøygjing i mangtal.

Stutt upptalt vil eg segja at det er sers utrygt å byggja ein teoribygnad på ei jamføring i styrke til å halda uppe avvikande bøygjingar millorn ord på -ing og ord på -nad. Flokken med ord på - ing hev heilt klårt vore mange gonger større, og han hev ikkje vore råka av dei same vanskane med å halda uppe eit einskaplegt ljodskap som ordi på -nad hev vore. Dessutan hev flokken med ord på -ing vore fræv og fenge tilskot av nye ord, noko som ikkje gjeld ordi på -nad i nokon serleg mun, jf. at Kåre Elstad (1982: 208-209) skriv at «endinga -naor

>

[na] miste etter kvart status som avleiingsmorfem i folks språk-kjensle». Med andre ord kann ikkje voksteren i ordi på -nad nyttast til å byggja uppunder ei gissing um at grunnen til at hokynsord på -ing held so godt på den uregelrette bøygjingi (til hokynsord å vera) med - ar i mangtal, er at det ljodlege skapet yverstyrer kynstilhøyrsla.

Grunnen til at dei hev halde so godt på den avvikande bøygjingi må helder vera at dei er ei «morphologische Sondergru.ppe», som Harald Bjorvand (1972: 197) er inne på: Dei hev vore (og er) ein stor og fræv ordflokk som ein kann utleida bøygjingi åt ut ifrå ein einfeld regel. For den hevdvunne regelen «Hokjønnsord får -er i fleirtal i nynorsk. Men hokjønnsord på -ing får -ar i fleirtal», som Enger hermer på s. 20, er ikkje so galen som ein kann få tokken av når ein les det Enger skriv.