• No results found

Utviklinga og organiseringa av EU sin energipolitikk

I følge Austvik og Clas (2011, s.7) representerer EU sin indre marknad ein langt meir liberal ideologi enn Noreg. Dei viser til at den indre marknaden fremjar ein nasjonsnøytral

konkurranse til fordel for heile det Europeiske økonomiske samarbeidsområdet. I den indre marknaden er staten si rolle hovudsakleg begrensa til å vera regulator av økonomisk

verksemd utført av private aktørar. Her er måla europeiske og midlane regulatoriske.

Då EF/EU i 1985 lanserte planane for etableringa av den indre marknaden var energisektoren utelatt. Ved dåverande tidspunkt blei dei nasjonale interessene og energimonopola i dei ulike medlemslanda vurderte til å vera for sterke til å kunne samordnast i ein felles, integrert politikk. EF-kommisjonen endra haldning i 1988, og fremja då forslag om etablering av ein indre energimarknad. Kommisjonen ønska då eit integrert europeisk energisystem prega av konkurranse. Dei vektlagde måla var openheit om energiprisar, harmonisering av skattar og avgifter, felles anbod ved offentleg innkjøp, samt tredjepartsadgang til distribusjonsnett for energi. (Austvik og Clas 2011, s.14).

31 Det første direktivet der norsk energipolitikk blei konfrontert med i forholdet til EU var

Lisensdirektivet frå 1993. Etterkvart har det følgt ei rekkje direktiv som i sum har gjort at ein har fått eit meir integrert energisystem med fri handel og etablering mellom medlemsland, særleg innanfor elektrisitet og gassektoren. Denne fasen bar meir preg av konkurransepolitikk enn energipolitikk. I 2007 la EU fram Energi 2020 strategien, som viste eit taktskifte mot ein meir heilskapleg tenking rundt energi-, klima- og konkurransepolitikk (Austvik og Clas 2011, s.14).

I 2011 vart også det andre fornybardirektivet (2009/28/EF) innlemma i EØS-avtalen. Dette var ein utvidelse av direktivet frå 2001, som berre omfatta elektrisitet. Gjennomføring av fornybardirektivet nummer to medførte endringar i forksrifter under energilova. Formålet med direktivet var å etablere eit felles rammeverk for å fremme fornybare energikjelder. Kvart medlemsland skulle bidra til å oppfylle det overordna EU-målet om ein 20 prosentandel fornybarekjelder i 2020 (EnergifaktaNorge, 2017)

4.2.1 Energiunionen

“The Juncker Commission’s energy Union Project set out to give EU consumers secure, sustainable, competitive and affordable energy by overhauling Europe’s

energy and climate policies. It is also committed to making the EU the world leader on renewable energy, to placing energy efficiency first and to continuing to lead global efforts to fight climate change” (State of the Energy Union, 2019)

Europakommisjonen la i februar 2015 fram sitt forslag til energiunion. Rådet og Parlamentet slutta seg til planane, og dei to påfølgande åra har det blitt lagt fram ei rekkje forslag til regelverk på energiområdet. Dermed er det EU sin energiunion frå 2015 som i dag er den sentrale overbygningen for måla og verkemidla i energipolitikken. EU sin energipolitikk er utforma med utgangspunkt i omfattande import av energi, høge klimagassutslepp frå

kraftsektoren og omsynet til energiprisane si betyding for europeisk industri og hushaldingar (EnergifaktaNorge, 2019). Der EU tidlegare hadde ein energipolitikk per medlemsland, har energiunionen som formål å bidra til ein meir felles og heilskapleg energitilnærming med ein velfungerande indre energimarknad (Erichsen 2015).

32 Energiunionen frå 2015 rettar særleg innsatsen mot fem dimisjonar. EU-land er pålagt å utvikle integrerte nasjonale energi- og klimaplanar som dekkar dei fem dimensjonane for perioden 2021-2030. Den første av desse dimensjonane er forsyningssikkerheit, som er eit sentralt tema i EU. Kommisjonen peikar på utbygging av infrastruktur og diversifisering som virkemiddel for å betre forsyningssikkerheiten (EnergifaktaNorge, 2019). Den andre

dimensjonen er den indre energimarknaden. Denne dimensjonen vektlegg det at energimarknaden skal vera konkurranebasert, sluttbrukarorientert, fleksibel og ikkje diskriminerande. Den tredje dimensjonen handlar om å avgrense energietterspørselen, som blant anna vektlegg å minke energibruken og klimagassutslepp frå transportsektoren.

Dekarbonisering er den fjerde dimensjonen. Dekarbonisering rettar særleg fokus på EU sine utsleppsmål og andel fornybar energi mot 2030. I denne dimensjonen er auka produksjon av fornybar energi eit særleg sentralt element. Dette er blant anna avspegla i vinterpakken frå november 2016, der revideringa av fornybardirektivet var blant forslaga til regelverk som vart lagt fram. Dette er den dimensjonen som rettar seg mot revidert fornybardirektiv, då auka produksjon av fornybar energi er eit sentralt element. Store deler av kraftproduksjonen i Europa er basert på fossile brensel. Den femte dimensjonen er forsking, innovasjon og konkurransekraft. Revideringa av fornybardirektivet må dermed sjåast i samanheng med utviklinga av energiunionen frå 2015, og særleg vinterpakken frå 2016, der revidert fornybardirektiv blei lagt fram.

Energiunionen har som formål å bidra ei heilskapleg tilnærming der ulike politikkområde og sektorar blir sett i samanheng. Då EU slo fast sine klimamål for 2020 blei energi- og

klimapolitikken i EU kopla tettare saman, ei tilnærming energiunionen fører vidare.

Energiunionen omfattar tema som transport, landbruk, miljø, handel, industri og forsking. 14 kommissærer jobba saman om strategien for Energiunionen, og såleis kan ein seie at

organiseringa av Kommisjonen reflekterer denne heilskaplege tankegangen (Erichsen 2015).

Av fornybarenergi er EU sin produksjon dominert av vindkraft og solenergi.

EU kan dermed seiast å ha utforma sin politikk med utgangspunkt i ein betydeleg import av energi, høge klimagassutslepp frå kraftsektoren og omsynet til energiprisen si betyding for konkurranseevna til europeisk industri og hushaldningar. Alle EU-land er avhengige av å importera energi. Importavhengigheita har auka dei siste åra, og dette er ein viktig forklaringsfaktor på at EU-kommisjonen og fleire av EU-landa har auka sitt fokus på forsyningsikkerheit (Meld. St 25 (2015-2016) s.83).

33 Kommisjonen sin State of the Energi Union rapport for 2019 viser til at Energi Unionen bidreg til eit omfattande og juridisk bindande rammeverk for å nå målsetjinga til Paris-avtalen. Gjennom styringsrammeverket til unionen skal medlemslanda og Kommisjonen arbeide saman for å utvikle ein politikk og tiltak som er nødvendig for å nå EU sine klima- og energimål. Directorate- Genral for Energy, heretter DG-ENER, har ansvaret for EU sin