• No results found

Variasjon i kvalitet hos økologisk vårkveite dyrka i Hedmark og Oppland

Feltprøver

Prøvene representerer sortar som har forskjellige kvalitetseigenskapar, og det er eit vilkårleg utval av sortar i dei to åra (tabell 3). Det er såleis ikkje lett å jamføre resultat mellom år, men ein kan i alle fall slå fast at falltalet var høgare i 2007 enn i året før. I 2007 vart alle prøvene klassifiserte som matkorn medan det i 2006 berre var to prøver som vart godkjende som matkorn ut frå falltal. Årsaka til skilnaden mellom år for falltal er først og fremst betre innhaustingsforhold siste året. Med nokre få unnatak har proteininnhaldet vore tilfredstillande (>12 %) i begge åra.

Av dei prøvde sortane er Zebra klassifisert med etter måten svak proteinkvalitet (klasse 3). Møystad har nor-malt også relativt svak proteinkvalitet. I dette utvalet av prøver har Møystad overraskande høge tal for spesi-fikk SDS, men sorten er ikkje klassifisert som matkorn i den offisiell lista over matkornsortar. Desse prøvene kan tyde på at Møystad er betre enn sitt rykte, og at ein burde sjå nærare på bakeeigenskapane til sorten.

Bakarane ønskjer mjøl med sterkare kvalitet enn Zebra og Møystad kan gi aleine. For å få eit betre og meir stabilt økologisk mjøl er det difor viktig å få eit breiare utval av sortar, og då sortar med sterkare kvalitet, slike som Bastian (klasse 1) og Bjarne (klasse 2). Bjarne har også i desse prøvene synt seg å ha sterkast protein-kvalitet (høgast spesifikk SDS).

Med unnatak for prøve nr. 1 hadde alle prøvene i 2007 proteininnhald som var over grensa for pristrekk (12 %), og dette syner at det ikkje er nokon generell regel med lågt proteininnhald i økologisk kveitedyrking. Prøve nr.

1 kjem frå åker med dårlegare forgrøde (havre) enn dei andre prøvene, og dette er truleg ein medverkande årsak til etter måten lågt proteininnhald og små korn.

For dei andre prøvene var det tilfredstillande kornstor-leik i 2007.

Sortsforsøk

I middel for dei to åra (tabell 4) skil Zebra seg ut som den mest yterike kveitesorten i økologisk dyrking. Han har etter måten langt strå og tevlar bra med ugraset.

Problemet er at han har for svak bakekvalitet. Både

86 Ragnar Eltun et al. / Bioforsk FOKUS 3 (2)

Tabell 3. Analyseresultat frå kornprøver hos dyrkarar i Hedmark og Oppland i 2006 og 2007

Prøve nr./år

Sort Protein % SDS Spesifikk

SDS

Fall tal 1000-kornvekt

Hl-vekt

2006

1 Zebra 13,6 83 6,1 192 38,4 78,1

2 Zebra 10,9 61 5,6 156 38,2 79,7

3 Møystad 13,4 86 6,4 170 36,9 77,4

4 Zebra 12,5 69 5,5 258 39,6 79,5

5 Møystad 13,2 74 5,6 262 32,0 77,3

6 Møystad 11,5 73 6,3 97 32,9 74,8

Middel 2006 12,5 74 5,9 189 36,3 77,8

2007

1 Møystad 11,2 62 5,5 233 27,1 76,2

2 Zebra 12,3 69 5,6 272 37,2 80,4

3 Møystad 13,3 83 6.2 269 36,4 77,9

4 Bjarne 13,0 89 6,8 305 33,9 79,5

5 Bjarne 13,6 93 6,8 364 36,4 80,0

6 Zebra 12,4 73 5,9 326 37,7 81,5

Middel 2007 12,5 78 6,1 294 34,8 79,2

Tabell 4. Avling og kvalitet frå sortsforsøk i Hedmark og Oppland, middel 2006 og 2007

Sort Vass%

v/haust.

Korn kg/daa

Relativ avling

Strålengde cm

Hl-vekt Protein

%

Falltal

Avle 26,0 303 100 69 73,2 14,7 144

Bastian 22,6 324 107 68 77,2 14,3 311

Zebra 26,7 379 125 78 77,0 13,1 257

Bjarne 25,1 343 113 66 75,9 14,2 264

Møystad 26,3 322 106 95 75,1 13,9 180

Berserk 23,9 313 103 69 77,2 14,8 290

NK01513 24,1 315 104 64 76,6 14,7 221

NK01568 29,9 359 118 72 76,0 13,1 232

LSD 5% 2,4 28 4 1,2 0,6

Tabell 5. Avling og kvalitet i forsøk med delgjødsling til økologisk vårkveite. Middel for 3 felt i 2006 og 4 felt i 2007

Gjødslings-ledd

Vass%

v/haust.

Korn kg/daa

Relativ avling

Hl-vekt Protein

%

Zeleny Spesifikk Zeleny

1 23,8 370 100 79,6 12,5 40 3,2

2 24,3 416 112 79,6 13,2 43 3,3

3 24,5 392 106 79,5 13,4 43 3,2

4 24,8 392 106 79,5 13,2 43 3,3

5 24,8 401 108 79,2 13,3 43 3,2

6 24,6 403 109 79,3 13,4 44 3,3

7 25,1 395 107 79,4 13,2 42 3,2

LSD 5% 0,6 24 0,5 0,3 3

Ragnar Eltun et al. / Bioforsk FOKUS 3 (2) 87

Bastian og Bjarne har høgare proteininnhald og ster-kare bakekvalitet, men begge desse sortane har kort strå og konkurrerer dårleg mot ugraset. Der ein ikkje har ugrasproblem, er likevel desse aktuelle sortar for å gi vare med sterk bakekvalitet. Møystad tevlar etter måten godt i avling og skuggar effektivt mot ugraset med sitt lange strå. Bakekvaliten er sagt å vera som for Zebra, men etter tala frå feltprøvene er det grunn til å sjå nærare på dette.

Av dei nyare sortane/linjene har Berserk og nummer-sorten NK01513 høgt proteininnhald, men dei har gitt moderat avling og begge er svært korte. Dei eignar seg såleis ikkje særleg godt for økologisk dyrking.

Nummersorten NK01568 har gitt stor avling, er ikkje av dei kortaste og har noko sterkare proteinkvalitet enn Zebra. Sorten er svært sein og truleg for sein for dyrking i Hedmark og Oppland. Det er såleis ingen nye kveitesortar som er særskilt lovande for økologisk dyrking i innlandet.

Resultat frå felt i høgareliggande område som Gausdal og Sel syner at veksetida vert for stutt til å gi tilfreds-stillande modning, og hektolitervekta vert låg (skrump-ne korn). Desse stada(skrump-ne passar difor ikkje til dyrking av matkveite.

Delgjødsling sin effekt på avling og kvalitet

I middel for begge åra fekk ein både sikker avlingsauke og høgare proteininnhald og Zeleny verdi ved gjødsling med Groplex kyllinggjødsel om våren, men ein hadde ikkje noko att for delt gjødsling korkje på avling eller proteinkvalitet (tabell 5). Dårleg effekt av delt gjøds-ling, jamført med resultat i konvensjonell dyrking der ein brukar kalksalpeter, heng truleg saman med at ein ikkje får utnytta næringa i fjørfégjødsla fullt ut når ho vert spreidd på bakken i veksetida. Dette kan t.d. skul-dast tørre forhold i den aktuelle tida for delgjødsling. I forsøk i Buskerud (Valand 2003) og Aust-Agder (Aamlid et al. 2005) har ein fått noko større effekt av delt gjødsling til vårkveite og dette kan skuldast eit våtare klima enn det vi har i Hedmark og Oppland.

Med ein pris på kr 33 per kg nitrogen (N) i Vadheim Groplex kyllinggjødsel og ein økologisk matkveitepris på kr 2,65 må ein ha ei meiravling på minst 70 kg korn for at det skal løne seg å gjødsel med 6 kg N i kylling-gjødsel. I desse forsøka var avlingsauken for gjødsling

med 6 kg N i middel 30 kg korn, og ikkje lønsam sjølv med kvalitetstillegg for auka proteininnhald.

Konklusjon

Resultata etter dei to førte åra med kvalitetsgransking-ar i økologisk matkveite i Hedmkvalitetsgransking-ark og Oppland syner at det er store variasjonar frå felt til felt og åker til åker, men under føresetnad av god næringstilgang kan ein oppnå tilfredsstillande avlingar med god matkvalitet i lågareliggande strøk i fylka. Det er svært viktig å halde ugraset under kontroll og ein må få hausta i rett tid for å sikre falltalet og matkvaliteten.

Zebra er den mest yterike sorten, men der veksetida er begrensande og ein er ute etter sterk proteinkva-litet vil ein tilrå Bastian. Møystad er ein robust sort som tevlar godt mot ugraset, men har ikkje same gode bakekvaliteten som Bastian. Bakekvaliteten til Møystad bør undersøkjast nærare i baketestar. Sorten Bjarne har svært god bakekvalitet og kan brukast der ein ikkje har ugrasproblem. Det er ingen nye kveitesortar under prøving som er særskilt lovande for økologisk dyrking i Hedmark og Oppland.

Tørka kyllinggjødsel gitt ved såing har effekt på avling og proteinkvalitet, men verknaden av delgjødsling med tørka fjørfégjødsel er usikker både med omsyn på avling og økonomi. Dersom ein brukar tørka fjørfe-gjødsel, kan ein gi alt om våren.

Referansar

Valand, S. 2003. Organisk gjødsel til økologisk korn-produksjon. http://buskerud.lfr.no/Docs/0000142E.html Aamlid, T.S., Å.B. Erøy, Å. Susort, I.E.B. Slågedal & S.

Leirdal. 2005. Dyrking av økologisk matkorn i Aust-Agder.

Sluttrapport fra prosjekt 2001-2004. Planteforsk Land-vik, Forsøksringen FAGRO, Aust-Agder forsøksring. 16 s.

www.norgesfor.no www.norgesfor.no

6AI9JIG:C<:GI>AEA6CI:EGD9J@H?DC