• No results found

Jødane som barbariske undermenneske

3 Ei jødisk verdssamansverjing: «Den internasjonale jødedom fører en

5.5 Jødane som barbariske undermenneske

At Hirdmannen var prega av førestillinga om ein kamp mellom det gode og vonde, ser ein særleg i omtala av konspiratørane og kollaboratørane, høvesvis jødane og bolsjevikane. Når desse to vert smelta saman til eit fiendebilete vart trugselen personifisert i «jødebolsjeviken».

Bolsjeviken var påverka og dirigert av den «jødiske ande» og identifisert med det vonde. Dei vart omtala som eit barbarisk undermenneske.

Frå mellomalderen finst det ei rekkje sterotypiar om jødane, som lev inn i moderne tid.

Det vart knytt til ritualmord, forgiftning av brønnar og spreiing av pest.340 I den religiøse fan-tasien frå mellomalderen var jøden og Djevelen nært assosiert. På same måte som Djevelen opprinneleg hadde vore ein engel i Guds nærleik, men var falt gjennom sitt hovmod, hadde jødane òg vore Guds fyrste kjærleik, men forspelt sine sjansar. Kristendommen dreiv med ei form for demonisering av jødedommen i mellomalderen.341 Dette var skildringar som

338 Hirdmannen, 17.06.1944, «Revolusjonensarmeene vil seire!».

339 Hirdmannen, 17.06.1944, «Germanernes kamp!».

340 Eriksen,Trond Berg (2005), «Svartedauden: Giftblandere og barnemordere». I Jødehat. Antisemittismen fra antikken til i dag, redigert av Berg Eriksen, Harket og Lorenz, 69-86, (Oslo, N.W.DAMM&SØN), s. 69.

341 Eriksen (2005), s. 76.

stilte jødane som demoniske og brutale, og denne førestillinga kom stadig til uttrykk i anti-semittismen i seinare tid.

I den antisemittiske retorikken i Hirdmannen kan ein sjå tydelege tendensar til at jødane vart sett på som vondskapsfulle. Særleg var det knytt til ideen om ein rasekrig og skjebne-kamp på Austfronten. «Jødebolsjeviken» vart omtala som særs brutale undermenneske. I for-hold til omtala av «jødeplutokratane» var omtala av «jødebolsjevistane» mykje krassare i sine skildringar. Ein årsak til dette er nok at dei norske frivillige si deltaking i krigen på Austfron-ten, som førte til eit auka fokus mot krigen på Austfronten og «jødebolsjevikane». Føremålet med propagandaen var å framstille felttoget mot Sovjetunionen som ein apokalyptisk rase-kamp mot ein demonisk fiende. Den tyske invasjonen var ein utryddingskrig, og framstillinga av jødane som barbariske undermenneske bidrog til at nazistane sine handlingar mot jødane vart akseptert og fekk forståing.

I Himmlers Norge vert det peika på at dei tyske soldatane ofte trengte ei bestemt hending som katalysator for å igangsette mord på jødar og anna sivilbefolkning. Det bidrog Stalin sine sikringsstenester, NKVD og NKGB til. Mange stader vart dei sovjetiske fangane avretta før dei flykta frå dei tyske invasjonsstyrkane. Ofra for massakrane vart funne og vist fram for lokalbefolkninga og dei tyske soldatane. Ansvaret for morda vart gjeve dei lokale jødane og deretter vart dei avretta av den tyske styrken og/eller lokalbefolkninga. Slike hevnaksjonar vart oppmuntra av tysk sikkerhetstjeneste, både Abwehr og SD. Synet på NKVDs og NKGBs ofre, eller berre ryktet om desse drapa, kombinert med lokalbefolkningas hevnaksjonar hjalp til med å bekrefte bilete av dei umenneskelege jødebolsjevikane.342 1. juli 1941 var det eit utbrot av ei stor pogrom i byen Lviv (Lemberg på tysk) kor ukrainske kollaboratørar, tilskun-da av tyskarar, samla saman og drepte fleire tusen av byens jøtilskun-dar.343 Medlemmer av Divison Wiking344 bidrog mest sannsynleg i aksjonane. I Waffen-SS oppfatta ein massakren som ein reaksjon på jødebolsjevikanes forbrytingar mot den ukrainske befolkning i dei to føregående åra med sovjetisk styre. Dei meinte at jødane fortente straffa si. Massakren vart systematisk nytta av SD til å knytte jødane til forbrytingane begått av sovjetstyret.345

Bruken av desse massakrane for å underbyggje førestillinga om jødane som barbariske undermenneske ser ein i avisa. Det vart sendt brev frå frontkjemparane til Hirdmannen.

Mange av desse breva skildra i detalj korleis desse mennene opplevde å kome til Austfronten

342 Emberland og Kott (2013), s. 221.

343 Ordet pogrom er ei nemning for blodige jødeforfølgingar i Russland.

344 «Division Wiking» var ein av dei best utstyret og mest slagkraftige SS-divisjonene. Regiment Nordland og Westland vart slått saman med Regiment germania og SS-Artillerie-Regiment 5 for å danne kjerna i Division Wiking i desember 1940, Sørlie (2015), s. 48.

345 Emberland og Kott (2013), s. 238.

og mange skildrar korleis jødene skal ha oppført seg. Førestillinga om jødane som vonds-kapsfulle, brutale, omsynslause, valdelege og som overgriparar kom tydeleg til uttrykk i avisa:

Og en ting vil jeg si til slutt onkel. Hvad avisene hjemme i Norge har skrevet om alle de skjendesdåde-ne og masakreringen i Lemberg, Tarnapol og alle de andre byeskjendesdåde-ne er dessverre altfor sant. Aviseskjendesdåde-ne har slettes ikke klart å få frem sanheten tydelig nok. Det sier vi alle norske her nede. Du skulle selv ha sett de tragediene som blev utspilt bare i Lemberg og Tarnapol- Ta for eksempel fengselet i Lemberg, hvor vinduene og dørene til cellene hvor ukrainerne satt fanget var muret igjen. Og slik en stank da blev brutt op. Ingen kan forestille sig det. Eller i Tarnapol, hvor den ene kirken lå full med likene av om-kring 200 ukrainske menn, kvinner og barn, alle masakrert. Alle disse sknselsdådene er det jødene som har stått i spissen for. Og jeg sier det med en gang. Det er ikke en eneste av oss norske som kommer hjem som jødevenner. Aldri kommer man til å høre et eneste godt ord om jødene fra oss. Dertil har vi sett for meget. Man skulde sende alle de engelsk-vennlige hjemme i Norge, de såkallte jøssingene en tur hit til Russland, så fikk de med egne øine se hvad for noe stort de tror på. De vilde helt sikkert komme hjem som ‘nazister’ hver eneste kar. For var det tvilende sjeler blant oss norske som reiste som frivillige, så er det ingen nå lengre.346

Dette reisebrevet er skrive av soldaten Ingard. Slike reisebrev fanst det mange av i avisa og dei gav skildringane av jødane ei tyngde. Dette var trass alt menneske som hadde sett og opp-levd det dei sa, det var iallfall det dei hevda. Samstundes veit ein at dette berre er oppspinn, det finst inga empiriske prov som stadfestar det. Ein trur at frontsoldatane berre har sett lika og trekt denne slutninga med grunnlag i dei historiene dei har vorte fortald. Idet Waffen SS-soldaten sat foten på jorda var han utstyrt med eit sett av førestillingar på kva han kom til å møte: eit land prega av elende, og som var kontrollert av ei nådelaus og umenneskeleg fien-de.347 Møta med lika stadfesta berre det dei trudde dei skulle få sjå.

Det var jamleg artiklar som framstilte jødane som barbariske undermenneske: «Efter den bolsjevikiske revolusjon har Sovjetunionens makthavere vadet i strømmer av blod. Bare ved brutalt å slakte ned hele den russiske intelligens og ved å utøve den grusomste terror, har den jødiske bolsjevisme i Sovjetunionen klart å holde makten.»348 Eller som her: «Først kommer en engstelig skjelvende kone, fire sløvt stirrende sovjet-soldater, og til slutt to brutalt leende jøder.»349 Dette sitatet peikar òg på denne førestillinga:

Jøder er det også nok av her. Og har jeg ikke været jødehater før, så har jeg lært å bli det her. Du skulde bare sett som jødene har husert blant de stakkars bøndene her. Det er jo mange av bøndene som kan tysk, og mange tyske familier er det også her, så jeg har selv hørt dem fortelle om G.P.U. og jødenes missgjerninger. Da vi rykket inn i Russland, f. eks., drepte jødene alle tysktalende menn over 15 år.350

346 Hirdmannen, 04.12.1941, Reisebrev.

347 Emberland og Kott (2013), s. 220.

348 Hirdmannen, 18.10.1941, «Europas sluttkamp mot Bolsjevismen».

349 Hirdmannen, 24.10.1942, Reisebrev.

350 Hirdmannen, 23.08.1941, «Befolkningen er lykkelig over å ha sluppet fri fra».

Ein kjem stadig tilbake til trua på at det var jødane som stod bak drapa. Desse skildringane er ikkje berre knytt til invasjonen, men stadig var det slike reisebrev og skildringar på trykk:

«Med sin kyniske likegyldighet overfor menneskelige lidelser og sitt nedarbeide hat til det av naturen antisemittiske innstilte russiske folk, begynte de jødiske bødler etter revolusjonen en systematisk utnyttelse og ødeleggelse av folk og land.»351

I denne førestillinga vart òg ideen om at Hirdmannen visste noko dei måtte spreie vidare nytta.

Videre kan de berette om redslene i de landsbyer og distrikter som har lidd under de jødiske kommi-særers umennesklige terror og grusomhet. Med sine egne øyne har de sett bolsjevismen i praksis, jøde-dommens uinnskrenkede herredøme over hvite mennesker, og de har svoret å fortsette kampen mot denne menneskehetens svøpe inntil den siste rest av jødene og deres redskaper er fordrevet fra Europas jord.352

Dette er ei side ved konpirajonsteoriane. Dei som kjempar mot konspirasjonen er i all hovud-sak heilt vanleg døydelege, men dei har sett verda slik ho verkeleg er. Og berre rett innsikt sett deg heilt fri. Men det er så viktig at denne kunnskapen vert spreia.

Alle desse sitata bidrog til ei førestilling om at jødane var vonde, valdelege, hadde låg moral og var omsutlause. Dei brydde seg ikkje om offera, men tenkte berre på målet. «Jøde-bolsjeviken» var brutal og ein måtte behandle han slik. «Jøde«Jøde-bolsjeviken» brydde seg ikkje om kva middel han brukte for å få all makt, iallfall er det det Hirdmannen ynskte å gi inn-trykk av. Eit viktig trekk ved den nasjonalsosialistiske retorikken var korleis metaforar og biletlege samanlikningar gradvis missa sin karakter av figurativ, «ikkje faktisk»- tale og meir og meir vart oppfatta bokstavleg. Særleg viktig var dette i den antisemittiske propagandaen, kor jødar ikkje berre vart samanlikna med, men etter kvart vart identifisert med utøy, parasit-tar og sjukdomsspreiarar.353

Eit anna element var at bak så å seie alle truglsar stod den same makta. Den makta som var allstednærverande. Jødane vart på denne måten gjort til eit bindeledd mellom fiendar av ulik karakter, som vart smelta saman til ein dødeleg fare. Fiendebilete vart einskapleg og mo-nolittisk. Denne framstillinga av «jøden» som infiltrert av vondskap og nesten allmektig var påkravd for å oppretthalde ein symmetri i SS’ verdsbilete.354 Bachner har peika på eit grunn-lag for at antisemittismen faktisk har eksistert så lenge som den har gjort, er at jøden vert omforma til ein abstraksjon, til eit ekstremt elastisk symbol for ulike grupper som ei viss tid

351 Hirdmannen, 15.08.1942, «Drep jødene, redd Russland».

352 Hirdmannen, 04.07.1942, «Vi fortsetter kampen».

353 Emberland og Kott (2013), s. 46.

354 Emberland og Kott (2013), s. 52.

blir oppfatta som hatande eller fulle av vondskap.355 I tillegg bidrog denne framstillinga til å gjere verdsjødedomen til ein enda tydelegare trugsel og markerte korleis jøden på ein speku-lativ måte nytta seg av stråmenn og reiskapar. For til sjuande og sist var alt dette berre eit bilete på korleis jøden på ulike måtar verka i samfunnet. Den undergravande krafta måtte ein må stogge ei gong for alle.

Ein kan spørre seg kvifor dei nytta denne strategien? Kva skulle ei slik form for skildring av jøden bidra til? Eit element ved dette kan vere at det var ein måte å distansere frontsolda-tane frå offeret på, og på den måten vart handlingane dei skulle utføre enklare. Jo større av-stand det var mellom offeret og den som utførte handlinga, desto enklare vil det vere å gjen-nomføre handlinga.356 Ein avhumaniserte offera ved å omtale dei på desse måtane. Stereoty-piar som var karakteristiske for antisemittismen, vart brukt bevisst for å fjerne jøden ut av universet av moralske forpliktingar og gjere handling enklare357

5.6 Avslutning

Dette kapittelet har søkt å vise korleis førestillinga om «jødebolsjeviken» kom til uttrykk og korleis jøden vart konstruert som ein fiende i krigen på Austfronten. Før krigen var det aller-eie etablert ei forståing om at jødane og bolsjevikane var tett knytt saman. Dette hadde samanheng med revolusjonen i Russland. Der det vart hevda at jødane stod bak krigen. Den-ne førestillinga vart etter invasjoDen-nen av SovjetunioDen-nen ei viktig førestilling i avisa.

Ein svært viktig faktor for denne førestillinga var at krigen mot Sovjetunionen vart sett på og bar preg av å vere ein utryddingskrig. Jøden vart i forlenginga av dette konstruert som ein dødsfiende. I Hirdmannen har ein sett at det vart forkynt at jødane og bolsjevikane saman utgjorde ein livsfarleg fiende, som ein måtte stogge. Dette hang saman med ideen om at kri-gen mot Sovjetunionen på Austfronten var byrjinga på den såkalla endetidskampen. Førestil-linga var at verda stod på terskelen til eit gigantisk apokalyptisk oppgjer mellom «dei nasjo-nale reisinga» – leia av det nasjonalsosialistiske Tyskland - og «det-jødisk bolsjevikiske Sov-jetunionen».Såleis vart jøden konstruert som ein dødsfiende. I organet vart ideen om at denne krigen var byrjinga på endetidsoppgjeret mellom anna uttrykt med ideen om at det var eit ragnarok. Den konspiratoriske ideen om ein kamp mellom det totalt gode og det totalt vonde var ei særleg legitimering av krigen. Organet konstruerte på denne måten krigen som

355 Bachner (2004), s. 23.

356 Vetlesen, Arne Johan (2014), «Gjerningsmenn, selvfortåelse og ondskap». I Folkemordenes svarte bok, redi-gert av Bernt Hagtvet, Nik. Brandal og Dag Einar Thorsen, 59-76, 2. utgåve, (Oslo, Universitetsforlaget), s. 60.

357 Hagtvet, Bernt (2014) «Den farlige renhetslengselen». I Folkemordenes svarte bok, redigert av Bernt Hagt-vet, Nik. Brandal og Dag Einar Thorsen, 77-91, 2. utgåve, (Oslo, Universitetsforlaget), s. 87.

rande. Eg vil hevde at ideen om at det var ein rasekrig vart nytta til å gje kampane autoritet.

Bruken av raseomgrepet er viktig i denne førestillinga, og samsvarar godt med annan moder-ne antisemittisme. Raseperspektivet vart nytta i større skala her enn i dei andre førestillinga-ne.

Eit påfallande trekk ved denne førestillinga er korleis jøden vart skildra som barbariske undermenneske. I denne førestillinga vart det hevda at bolsjevikane var stråmenn for jødane i den fysiske kampen. Fiendebilete var ein «jødebolsjevik». Jøden vart inkarnert i bolsjeviken.

Med krigen på Austfronten vart krigen mot verdsjødedommen i større grad fysisk og konkret.

Dette viste òg artiklane i Hirdmannen. Krigen på Austfronten tok kampen mot verdsjøde-dommen til nye høgder. Den vart meir fysisk og meir brutal.

Frontkjemparane var innprenta med tanken om at soldatane dei møtte på Austfronten var jødar og at denne kampen var livsviktig for den nordisk-germanske rasen. Det faktum at norske frivillige verva seg til Waffen-SS var nok med å påverke Hirdmannen sin propaganda.

For det fyrste fordi det var viktig å vere ein informasjonskanal for dei som satt heime og for det andre at den sa noko om kor viktig det var at dei deltok i kampen. Krigen på Austfronten fekk autoritet ved bruken av den antisemittiske propagandaen og defineringa av «jødebolsje-viken› som ein dødsfiende. Himmler sitt syn på kampen som eit endetidsoppgjer mot verds-jødedommen kan verke som viktig for frontkjemparane sitt tankesett. I forlenginga av dette påverka det Hirdmannen. Propagandaen retta mot Sovjetunionen samsvarar godt med SS sin ideologi. Den var voldsom og brutal. Jødane var ein trugsel ein måtte stogge, for alternativet var at Noreg og nasjonalsosialismen gjekk til grunne.

6 Jødane som ein indre fiende: «Det er imidlertid helt galt