• No results found

Ein apokalyptisk rasekrig

3 Ei jødisk verdssamansverjing: «Den internasjonale jødedom fører en

5.4 Ein apokalyptisk rasekrig

Eit interessant spørsmål å stille seg i samanheng med denne førestillinga er kva frontkjempa-rane verva seg til og kva idear dei var prega av. Dette kan gi ei forståing av førestilinga si rolle i soldatane sitt tankesett. Som peika på i byrjinga av dette kapittelet var Waffen-SS sine soldatar innprenta med at det var ein dødskamp mellom germanarane og jødane. Denne ideen var med på å prege den antisemittiske propagandaen retta mot «jødebolsjeviken» i Hirdman-nen. Sørlie peikar på at det hos frontkjemparane var gitt at det var ei tett kobling mellom jø-dane/jødedommen på den eine sida og kommunismen og sovjetregimet på den andre sida. For det andre var det òg ein svært utbreidd tendens til å sjå på kapitalisme og demokrati som ut-trykk for «jødisk ande» og instrument for «jødisk makt», og ei forutsetning for dette var at England, USA og andre demokratiske land vart styrt av jødar.320

Fleire historikarar viser til at ein viktig idé, særleg ved pangermansimen, var overbevi-singa om at den germanske rasa var truga på livet og at det difor var viktig at ein slutta seg saman. Den overhengande bekymringa var trugselen frå aust.321 I forlenginga av dette var ein viktig supplering at krigen mot Sovjetunionen og jødane vart sett på som ein apokalyptisk kamp. Førestillinga var at verda stod på terskelen til eit gigantisk apokalyptisk oppgjer mel-lom «dei nasjonale reisinga» – leia av det nasjonalsosialistiske Tyskland - og «det-jødisk bol-sjevikiske» Sovjetunionen.322 Ideen om denne krigen som apokalyptisk og total var viktig for førestillinga om «jødebolsjevismen». I Hirdmannen vart dette oppgjeret til dømes knytt til det mytologiske ragnarok, som var ideen om at verda skulle gå under: «Så er da det store

317 Emberland og Kott (2013), s. 19-20.

318 Hirdmannen, 01.01.1943, «Waffen SS».

319 Sørensen (1989), s. 101.

320 Sørlie (2015), s. 268-269.

321 Sørensen, (1989), s. 68; Sørlie (2015), s. 4; Emberland og Kott (2013), s. 51.

322 Sørlie (2015), s. 62; Emberland og Kott (2013), s. 54-55.

rok over oss – i all sin velde».323 I det konspirative og paranoide verdsbilete som til dømes SS bar preg av, vart «verdsjødedommen» forstått som rasen sin evige motstandar som hadde drive ein utretteleg kamp for verdsherredømme og ei utsletting av den nordisk-germanske rasen. 324 Skjebnekampen hadde berre to moglege utfall: anten så gjekk den nordiske rase og heile menneskeheita til grunne, eller så makta den å eliminere dei fiendtlege kreftene og erob-re livsnaudsynt «Lebensraum» i Aust-Europa. Operasjon Barbarossa vart i SS betrakta som denne endetidskampen si byrjing.325 Som eit resultat av dette kan ein kalle krigen mot «jøde-bolsjevismen» på Austfronten for ein rasekrig:

Hele Europa er no stilt overfor et ubønnhørlig enten eller. Enten skal Europa og de germanske folk gå til grunne i bolsjevismens ubeskrivelige helvete, med England og Amerika først som medskyldige og seinere som avmektige tilskuere inntil turen kommer til dem selv, - eller vi skal med det nasjonalsosia-listiske Tyskland i spissen en gang for alle knuse og tilintetgjøre den siviliserte dødfiende, som i dag er legemliggjort i bolsjevismen og det jødiske plutokrati.326

Ideen om at dette var ein skjebnekamp kjem klart til uttrykk her. Raseperspektivet er eit vik-tig trekk ved den moderne antisemittismen, og i denne førestillinga kom dette særleg til ut-trykk. Dei norske frivillige verva seg til ein rasekrig. «Jødebolsjeviken», som var den ger-manske rasen sin største fiende, måtte verte knust:

Jeg meldte meg frivillig til kampen mot bolsjevismen, uten å tenke nærmere over den dypere sammen-heng. I Sovjet-Samveldet forstod jeg hvor sterkt og inderlig vi var bundet sammen med hverandre. Her på skolen kan vi bare få utdypet det kameratskap som oppstod der ute i kamp mot bolsjevikene. Det er ikke bare en rases kamp for sin eksistens vi opplever i dag, der er enno mer en rases oppvåkning. Alt for lege har vi fornektet vårt blod.327

Ut frå til dømes dette sitatet kan det verke som om raseperspektivet òg hadde ei sentral rolle i frontsoldatane sitt verdsbilete og ideologiske overbevisning. Førestillinga om at denne krigen ikkje berre var Tyskland sin krig, men den germanske rases krig, danna grunnlaget for vinga til Waffen SS: «På østfronten står våre kamerater parat til den store offensiv mot ver-dens fiende nr.1, den jødiske bolsjevisme.»328 Dette ser ein òg i dette dømet: «Vår rase, vårt blod, våre tusenårige tradisjoner som nordisk kulturfolk har valgt for oss og tvinger oss til å ta kampen opp sammen med det øvrige germanske folk mot vår dødsfiende, mot verdens-fienden, den jødiske bolsjevisme!»329 I kampane på Austfronten var det den germanske rase som kjempa saman, og ikkje nordmenn for Tyskland. Yngvar Fyhn var redaktør for

323 Hirdmannen, 25.07.1942, «Ragnarok».

324 Emberland og Kott (2013), s. 51.

325 Emberland og Kott (2013), s. 55; Sørlie (2015), s. 42-43.

326 Hirdmannen, 03.10.1942, «Norge har valgt sin plass».

327 Hirdmannen, 06.06.1943, «Germanske fellesskap – tanker omkring SS-Junkerskolen i Tölz».

328 Hirdmannen, 04.04.1942, «Våroffensiv».

329 Hirdmannen, 17.101942, «Bolsjevisme eller nasjonalisme».

mannen og han skreiv dette i ei spalte: «Hvor stod du da det germanske folk kjempet for livet mot barbar-hordene fra øst? Var du med i kampen på vår side da den jødiske bolsjevisme truet med å legge vårt fedreland øde?»330 Ein ser tydeleg bandet mellom nordmenn og det germanske folk. Fyhn var prega av pangermanisme, dette påverka kva som vart skrive i avisa.

Sovjet vart framstilt som eit «jødeparadis» og det vart trekt fram som eit døme på det som venta Europa dersom Tyskland tapte krigen.331

Våre kamerater ved Østfronten har i sannhet fått anledning til å oppleve hva det vil si for en nasjon å bli styrt av jøder. De utallige eksempler på terror, grusomhet og kynisk likegyldighet overfor mennes-keliv og menneskers lidelser som de jødiske herskere har gjort seg skyldig i overfor den russiske be-folkning, har grundig åpnet våre frontsoldaters øyne for hva jødedommen er. Og de av våre gutter som ved avreise til fronten ikke hadde klart for seg hva jødeproblemet betyr for verden, har i sine brev gitt tydelig uttrykk for at de har fått øynene opp. De finner ikke ord sterke nok til å uttrykke sin avsky og forbitrelse mot jødene. Frontsoldater som er kommet hjem til Norge, er høyst forbauset over at jødene her øyensynlig får drive sin virksomhet som tidligere. De er forundret over å finne at jødene fremdeles har de samme rettighet som nordmennene og at de tilsynelatende har full frihet til å boltre seg som før.332

Desse døma understreker verdsbilete til SS som var sterkt dualistisk. Det var karakterisert av ei skarp inndeling i vener og fiendar, marxistar, demokratar, liberale, kapitalistar, kristne, pasifistar, reaksjonære, frimurarar, homoseksuelle og folkeslag av ikkje-germansk opphav var alle å betrakte som fiendar. Men til sjuande og sist var desse berre reiskap for vondska-pen, som var jøden.333 Konspirasjonsførestillinga om den jødiske verdssamansverginga, vert tydelggjort når det snakkast om ein rasekrig. Ein kjempa mot verdsjødedommen og ikkje berre «jødebolsjevikane». Førestillinga om at det fanst ei jødisk verdssamansverjing viser seg i denne førestillinga, både direkte og indirekte. I tillegg er det eit tydeleg døme på at ein i konspirasjonsteoriar forstår det som ein kamp mellom det totalt gode og det totalt vonde.

Tanken var at det var anten eller:

Den første verdenskamp som nå foregår er først og fremst en kamp mellom to livssyn, det er Europas kamp for kulturen mot det bolsjevikiske inferno og den internasjonale jødekapitals trellelenker. Også vårt land har funnet sin plass i denne kampen, og vi er kommet med på den rette siden. Allerede siden i høst har norske gutter kjempet på Østfronten i SS-divisjon ‘Viking’s forskjellige regimenter.334

Det finst mange døme som syner kor sterkt innprenta dei frivillige var prega av at «jødebol-sjeviken» var dødsfienden:

Hver enkelt av våre kamerater der ute – det nye Europa seirer – seieren over jødedom og bolsjevisme og dermed over de makter som hittil har truet det germanske folks eksistens. Der ute, hvor vår framtid

330 Hirdmannen, 20.03.1942, Redaksjonen.

331 Emberland og Kott (2013), s. 220.

332 Hirdmannen, 01.08.1942, «Våres kamp er deres kamp».

333 Emberland og Kott (2013), s. 51.

334 Hirdmannen, 25.04.1942, «Norge skal igjen bli stort».

avgjøres, er alle smålige egenhensyn satt til side for det ene stor: Kampen og seieren. Foran dig har du dødsfienden som skal slåes tilbakes og knuses, ved din side står kameratn med hvem du deler godt og ondt og som er parat til å bringe det dyreste offer på samme måte som du selv er det.335

Her kjem i tillegg dei tydelege skiljelinene mellom «jødebolsjeviken» og nasjonalsosialismen som syner at motsetnaden var total. Nasjonalsosialismen vart framstilt som noko som ville bidra til å byggje opp landet og var prega av ro, fred og orden. Motsetnaden var den jødiske bolsjevisme. Jødebolsjevismen reiv ned. Dette viser til ideen om at det anten var det totalt gode eller det totalt vonde, som kom til å vinne. Det fanst ikkje noko midt mellom. Anten så var ein for eller så var ein mot:

På den ene side har vi nasjonalsocialisen, en germansk og nordisk, nasjonal bevegelse som ut fra vår nasjonale egenart og vår verd som folk, vil bygge op et nytt Norge og samtidig bevare de moralske og kulturelle verdier som vårt folk har fått i arv. En bevegelse som vil – og som har bevist at den vil og kan – gjennemføre social rettferd i et nasjonalt og selvstendig norsk statssamfund. En nasjon hvor overstatelige makter ingen innflytelse har og som ikke er avhengig av internasjonal storfinans eller in-ternasjonal gullstadard. En nasjon som ikke vil la sig sønderslite av klassekamp, partisplid, moralsk forsumpning og uvettige spekulasjoner. En nasjon bestående av et levedyktig og skapende folk, hvor der hersker orden, rettferd og fred! Denne politiske bevegelse som kjemper – og i en årrekke har kjem-pet – for dette, er Nasjonal Samling. Mot denne bevegelse står den internasjonale, jødiske bolsjevisme.

Vi vet alle – eller burde i et hvert fall vite – hvad det vilde bety at vårt land skulde styres av en jødisk bolsjevikisk herskerklikk som verken forstod eller ønsket å forstå vårt folks natur. Det vilde bety full-stendig ødeleggelse av alle verdier i vårt folk, så vel åndelig som materielle. Vi vilde bli styrt av folk som hatet vår rase og vår kultur og som med de hårdeste midler vilde gjøre vårt folk til en grå prole-tarmasse som et ledd i sin streben efter herredømmet over alle folk.336

Dette sitatet viser store delar av det fiendebilete Hirdmannen hadde konstruert av jødane.

Nasjonalsosialismen var alt «jødebolsjevismen» ikkje var. Sitatet seier mykje om sjølvforstå-inga til avisa, men òg nasjonalsosialismen og antisemittismen den var prega av. «Jødebolsje-vikane» vart plassert utanfor, jamfør Lenz si inndeling i indre og ytre fiender. Ein finn i all hovudsak «jødebolsjevikane» utanfor nasjonen sine grenser, og i dette rommet kan ein plas-sere alle karakteristikkar og eigenskapar som blir ekskludert av nasjonens sjølvbilete.

Rasekrigen som ein sluttkamp, som Himmler og SS meinte at det var, var med på å prege førestillinga i avisa: «Den første verdenskamp som nå foregår er først og fremst en kamp mellom to livssyn, det er Europas kamp for kulturen mot det bolsjevikiske inferno og den internasjonale jødekapitals trellelenker.»337 Det var ein sluttkamp mellom gode og vonde makter. Her er parallellen til konspirasjonsteoriar tydeleg. Heltane var dei som verva seg til Waffen-SS, medan «jødebolsjeviken» var ein stråmann for verdskonspirasjonen. Konspiratø-rane var dei vondskapsfulle. Dei ein måtte kjempe mot. Det markerer eit skarpt skilje mellom dei ulike rasane. Rasekrigen var altomfattande. Konspirasjonsteoriar er eit godt hjelpemiddel

335 Hirdmannen, 25.04.1942, «Tapper og tro!».

336 Hirdmannen, 06.09.1941, «Ta standpunkt!».

337 Hirdmannen, 25.04.1942, «Norge skal igjen bli stort».

for å konstruere fiendebilete. Ved å peike på det som trugar, vert det mogleg å seie noko om kva som er «vår» gruppe og «våre» verdiar. Konspirasjonsteoriane leiar til eit fiendebilete som mobiliserer kjensler og trugselbilete og dei motiverer folk til å agere som gruppe: «Det er historiens evige lærdom at ansikt til ansikt med en slik trusel vokser de krefter som inntil da har ligget latent og skjult i det nordisk-germanske blod eller som bare ufullkomment er kommet til utvikling.»338 Ved å seie noko om den store, vondskapsfulle fiende kunne ein samle gruppa og oppretthalde kontroll, som ein såg i det førre siatet.

I tillegg har rasen ei særskilt rolle i det ein kan kalle den moderne antisemittismen. Den-ne antisemittismen forklarer jøden siDen-ne Den-negative karakterar med at dei er knytt til rasen, og difor ser ein at denne krigen er særskilt viktig for antisemittane.

Førestillinga om at det var ein rasekrig, som både Himmler, frontkjemparane og

Hirdmannen var prega av, kan ein oppsummere i eit sitat henta frå artikkelen «Germanerens kamp» som stod på trykk i juni 1944:

Den hellige flamme har i uminnelige tider bodd i de nordiskgermanske menneskers sjel. Lutret i kamp og nød brenner den i dag mot den evige jøders mørke tilintetgjørelsesvilje. I morgen skal den brenne som fakkel ved oppgangen til en vakrer tidsalder, den germanske ordens tidsalder.339