• No results found

Antisemittisme – ei omgrepsavklaring

1 Innleiing

1.6 Antisemittisme – ei omgrepsavklaring

Omgrepet antisemittisme er ein integrert del av dei fleste sin språkbruk, men kva ligg i om-grepet? Ei forståing av antisemittismen som fenomen er naudsynt for å kunne analysere kjel-dematerialet denne oppgåva byggjer på. I forordet til boka Jødehat står det at det er gjort mange forsøk på å samanfatte fenomenet antisemittisme, men at ein enkel definisjon som har

40 Bruland (2008), s. 7.

vore i bruk lenge, er: «Hat som rammer jøder fordi de er jøder.»41 Denne definisjonen er fin som eit utgangspunkt for å forstå antisemittismen, men er likevel litt lite konkret og difor vel eg å ta utgangspunkt i definisjonen til den amerikanske sosiologen Helen Fein.

1.6.1 Eit historisk omriss av omgrepet antisemittisme

Omgrepet antisemittisme vart etablert på slutten av 1870-talet. Antisemittisme som politisk tenkjemåte vart eit kjenneteikn ved delar av den nasjonalistiske og konservative høgresida sin kultur. Den antisemittiske kritikken vart òg tidleg nytta av delar av venstresida. Til trass for at antisemittismen strengt tatt høyrer til ei bestemt epoke og grunngjevingsstrategi innanfor jø-dehatet si historie, vert den nytta som eit samlande omgrep for alle formar for fiendskap mot jødane frå antikken til i dag.42 Den «moderne» antisemittismen som oppstod på slutten av 1800-talet og kulminerte under nazismen, forklarte jødane sine negative eigenskapar med tilvisning til rasa eller karakteren deira43 Frå å ha eit grunnlag i ei religiøs motstand mot jø-dane, antijudaisme, endra fenomenet form i andre halvdel av 1800-talet til óg å vere raseba-sert. 44 Antijudaismen har sitt opphav i religiøs kritikk, men den har i tillegg kulturelle, sosia-le og økonomiske sider. I mellomalderen fann det stad ein tiltakande mistenkesosia-leggjering og segregering av jødane som vart ledsaga av stereotype førestillingar. Til dømes vart jødane kollektivt anklaga for å ha myrda Kristus. Den moderne antisemittismen postulerte på si side teoriar om ein rasekamp mellom to store motpolar – jødar og ariarar, germanarane eller den nordiske rase. Det skulle ikkje vere plass for jødar i «etnisk reine» nasjonalstater. Jødane vart skulda for å vere rotlause parasittar som sugde ut all kraft av vertsnasjonen.45 Opplysningsti-das naturvitskaplege tenkning fokuserte særleg på mennesket sin biologi og såg på det som det mest stabile og uforanderlege fundamentet i det menneskelege tilveret. På grunnlag av denne biologistiske tenkninga vart «rase», «kjønn» og «sjukdom» til skjebnetunge omgrep som delte menneska inn i grupper av større eller mindre verdi. Gruppene vart plassert inn i ein hierarkisk utviklingslogikk med den friske, kvite mann i spissen. Fordi mennesket sitt biologiske grunnlag var uforanderleg, hadde enkeltmenneska inga moglegheit til å bevege

41 Eriksen, Trond Berg, Håkon Harket og Einhart Lorenz (2005b), «Fordord». I Jødehat. Antisemittismens histo-rie fra antikken til i dag, redigert av Trond Berg Eriksen, Håkon Harket og Einhart Lorenz, 7-11, (Oslo, N.W.

DAMM&SØN AS), s. 7.

42 Eriksen m.fl (2005b), s. 8.

43 Bachner, Henrik (2004), Återkomsten. Antisemitism i Sverige efter 1945, 2.utgåve, (Stockholm, Natur och kutur), s. 23.

44 Banik, Vibeke Kieding (2014), «Antijødiske holdninger i mellomkrigstidens Norge». I Folkemordenes svarte bok, redigert av Bernt Hagtvet, Nik. Brandal og Dag Einar Thorsen, 376-386, 2. utgåve, (Oslo, universitetsfor-laget), s. 376.

45 Eriksen m.fl (2005b), s. 8-9.

seg ut av desse kategoriane. Kategoriseringa og hierakiseringa plasserte individa anten blant dei som var like (oss) eller blant dei som var annleis (dei andre).46

I «den moderne antisemittismen», med fokus på rase og rasekriteria, finn ein i tillegg ein kontinuitet i antijudaismens tankegang. Fleire av ideane frå antijudaismen som til dømes jø-dane som vondskapsfulle, finn ein att i den moderne antisemittismen som Hirdmannen til dømes ber preg av. Den svenske idehistorikaren Henrik Bachner hevder at ein best kan forstå antisemittismen gjennom ei analyse som tek omsut til både det kontinuerlege og brota på det kontinuerlege, i tillegg til den ideologiske arven samt ein skiftande kontekst.47

1.6.2 Ein definisjon

I denne oppgåva er det fruktbart å bruke definisjonen til Fein. Ho har ein substansiell og ik-kje-historisk-spesifikk antisemittismedefinisjon. Her vert antisemittismen skildra som opp-fatningar og handlingar som er retta mot jødane som kollektiv, og som tener til å distansere, fortrenge eller øydeleggje dei i eigenskap av å vere jøde. Antisemittismen rammer jødar fordi dei er jødar. Definisjon er som følgjer:

I propose to define antisemitism as a persisting latent structure of hostile beliefs toward Jews as a col-lectivity manifested in individuals as attitudes, and in culture as myth, ideology, folklore and imagery, and in actions – social or legal discrimination, political mobilization against the Jews, and collective or state violence – which results in and/or is designed to distance, displace, or destroy Jews as Jews.48

Denne definisjonen peikar på ulike former antisemittismen kan ta og bli uttrykt som. Antise-mittismen fører til at jødane som eit kollektiv vert ekskludert, distansert eller gjort til inkjes i eigenskap av å vere jødar. Ein vert gjort merksam på at det er eit «oss» og «dei», ein forsøker å skilje ut jødane som ei gruppe. Definisjonen legg til grunn at jødane vert angripen på bak-grunn av ei oppfatning om at dei utgjer ei gruppe, og ein berre kan snakke om antisemittisme dersom det er eit «hat som rammer jødar fordi dei er jødar».

Eg vel i forlenginga av dette, å bruke Langmuirs distinksjon til å presisere og nyansere definisjonen av antisemittisme. Langmuir skil mellom xenofobiske førestillingar og kimære førestillingar. Ei xenofobisk førestilling er ein negativt silt informasjon om enkelte jødar, som vert tillagt heile gruppa. Rett og slett ei form for generalisering. Det vert ikkje anerkjent at det er stor forskjell mellom individa. Ei kimær førestilling handlar om at ein tillegg jødane ei åtferd og eigenskapar som aldri empirisk har vore observert. Dette er fantasifostre, eventyr,

46 Lenz (2011), s. 10.

47 Bachner (2004), s. 21.

48 Fein, Helen (1987), «Dimensions of Antisemitism: Attitues, Collective Accusations and Action». I The Per-sisting Question. Sociological Perspectives and Social Contexts of Modern Antisemtism, redigert av Helen Fein, Vol. 1. Current Research on Antisemitism, 67-85, (Berlin, De Gruyter) s. 67.

som ikkje har rot i verkelegheita. Når antisemittismen tek form av eit heilskapeleg verdsbile-te, som det gjer i Nasjonal Samling, er det desse kimære førestillingane som står i sentrum.49 Sjølvsagt finst det glidande overgangar mellom desse to, men det er likevel fruktbart å skilje dei.

1.6.3 Konspirasjonsførestillingar

Eit tydeleg døme på kimære førestillingar er konspirasjonsførestillingar. I Nasjonal Samling og den tyske nazismen vart dette først og fremst uttrykt gjennom trua på den jødiske verds-samansverjinga. Jødane hadde ein systematisk plan for å skaffe seg det totale verdsherre-dømme til slutt. Antisemittiske konspirasjonsførestillingar kan, ifølgje den norske historika-ren Vibeke Kieding Banik, verte nytta som ei fellesnemning på ulike tilnærmingar. Dei har det til felles at ein trudde at jødane anten openlyst eller i det hemmelege ynskte å dominere samfunnet dei tok del i utover det tal, sosial og juridisk posisjon skulle tyde på var normalt.50 Førestillinga om at jødane stod bak eit stort komplott retta mot den etablerte samfunnsorden, henta materiale fra den kristne antijudaismen. Jødane vart her framstilt som Satans allierte i kampen mot kristenheiten.51 I rapporten «Antisemitiska attityder och föreställiningar i Sveri-ge» av Henrik Bachner og Jonas Ring52 vert det peika på at nazismen sitt verdsbeilete kretsa rundt førestillinga om den jødiske verdskonspirasjonen og trua på at jødane styrte både USA, Sovjetunionen og Storbritannia. Målsetjinga for den «jødiske rasa» var ifølgje nazistane, å svekkje den «ariske rasa», undergrave samhaldet og opprette eit jødisk verdsherredømme.53

Dyrendal skriv, i boka Konspiranoia, at: «I konspirasjonstenking er ‘sammensvergerne’

overmennesker: effektive, grundige, solidariske og nærmest ufeilbarlige.»54 Dei er retta mot noko meir enn individet. Konspiratørane er ei bevisst vondskapsfull samansverging av sterke krefter som verkar i samfunnet. Saman med den vondskapsfulle hæren finn ein kollaboratø-rane, som ein kan dele i to. Dei som er medveten om det dei er med på og dei som ikkje er klar over det. Dei som er medvetne har ein viss kjennskap til det som foregår. Konspirasjo-nens ofre er, ifølgje Dyrendal, uskuldige, uvitande og gode. Dette bidreg til å understreke

49 Langmuir (1996), s. 328

50 Banik (2014), s. 378

51 Emberland, Terje (2005), «Antisemittisme i Norge 1900-1940». I Jødehat. Antisemittismens historie fra an-tikken til i dag, redigert av Trond Berg Eriksen, Håkon Harket og Einhart Lorenz, 401-420, (Oslo,

N.W.DAMM&SØN), s. 409

52 Finn ikkje noko om kven Jonas Ring er, men sidan artikkelen er skrive saman med idehistorikaren Henrik Bachner, så vel eg å tenke at dette er ei truverdig kjelde. Han har òg vore med i ulike prosjekt for HL-senteret.

53 Bachner, Henrk og Jonas Ring (2006). «Antisemitiska Attityder Och Föreställningar I Sverige.», (Stockholm, Brottsförebyggande rådet, Information och förlag), 24.01.2017

http://www.levandehistoria.se/sites/default/files/material_file/antisemitiska-attityder-rapport.pdf s. 17.

54 Dyrendal (2003), s. 19

konspiratørane sin vondskap. Heltane i konspirasjonsberetningane er dei som har skaffa seg hemmeleg kunnskap om planen til dei samansvorne, og som held fast ved dei sanne verdiar. I dei mest omfattande politiske og religiøse konspirasjonsteoriane er verda styrt av ein kabal som arbeider med uhyggeleg effektivitet, samstundes som makta deira berre er synleg for dei som ser med rett blikk. Kunnskapen er skjult – esoterisk – men tilgjengeleg for einkvar som vil lære seg å sjå med dei rette auga. Den som ser «rett» vil sjå at verda er styrt av konspira-sjonen.55

Samansverjingas motstandarar er tilhengarar av dei gode, sanne og verkelege verdiane.

Konspirasjonsteoriane vert ofte prega av eit naivt forhold til verdispørsmål. Det er nesten alltid berre eitt sett moglege verdiar, som ein antek det er full semje om. Når nokon bevisst vel å kjempe mot desse verdiane, er det fordi dei er grådige, antisosiale og vondskapsfulle.

Ein konsekvens av dette er at ein anten er for eller mot samansverjinga. Kampen står mellom det gode og det vonde. Ein kan difor ikkje kjempe mot konspirasjonen med vanlege politiske prosedyrer. Det er ikkje noko anna enn eit totalt rasande krosstog som er tilstrekkeleg for å rive ut vondskapen. Dei som står imot konspirasjonen er i all hovudsak allminneleg døydele-ge. Det som skil dei frå andre er at dei har sett verda slik ho verkeleg er. Dei har fått innsikt.

Berre rett innsikt sett ein tilstrekkeleg fri til at ein er i stand til å kjempe imot. Difor dreier motsandskampen seg i fyrste ledd om å samle, presentere og spreie slik kunskap.56

Mange av konspirasjonsteoriane ber preg av å vere subversjonsmyter. Dette er åtvarings-forklaringar om undergravande og farlege rørsler i samfunnet sitt midtre som underminerer den rette sosiale og moralske orden. Dyrendal viser til sosiologen David Bromley som har peika på fire gjennomgåande moment i subversjonsmyter. For det fyrste kan dei undergra-vande avvikarar verte plassert i den sosiale ordens ytterkanter, med makt til å inflitrere det konvensjonelle samfunn. For det andre skil anti-undergravningsforteljingar skarpt mellom subvervsive organisasjonar på den eine sida og konvensjonelle på den andre. Konvensjonelle organisasjonar engasjerer seg i konstruktive handlingar medan dei subversive utfører destruk-tive handlingar. Det er derimot ikkje alltid lett å sjå forskjellen på desse. For sjølv om dei undergravande kreftene har som mål å snu den sosiale og moralske orden på hovudet, organi-serer dei gjerne slike handlingar innanfor grupper som kan vere strukturert som konvensjo-nelle organisasjonar. Dette kan òg innebere at dei destruktive kreftene kan ha infiltrert det som i utgangspunktet skulle vere konvensjonelle organisasjoner og brukar dei for å nå sine destruktive mål. For det tredje er undergravande krefter spesielle fordi dei har tilgang til ein

55 Dyrendal (2003), s. 20-22.

56 Dyrendal (2003), s. 26.

kraft som overstyrer dei uskuldige sitt mentale forsvar. Det vert påstått at denne krafta er ui-motståeleg, slik at alle menneske er potensielle ofre. I nokre subversjonsmyter er det eit in-formasjonsmonopol som fyller ein slik funksjon: Når all informasjon kjem frå ei kjelde vert folket fanga inn i tankar som vert fremja av media. I Hirdmannen var det til dømes mykje fokus på at pressa er styrt av jødane i mange land, og at folket difor vart prega av dette. Eit siste moment er at dei subversive kreftene vert plassert inn i ei tidsramme som peikar fram-over. Det vert påstått at undergraverne infiltrerar og underminerer sosiale institusjonar. Og til slutt: «Planen» er apokalyptisk og total. Den har til hensikt å endre, eller rettare sagt øyeleg-gje alt. Dei som står bak Planen er klar over sin eigen vondskap, dei er frie og effektive aktø-rar som handlar av eiga vond vilje.57

Dyrendal peikar på at konspirasjonsteoriar ordnar verda i godt og vondt, han fjernar til-feldigheiter og erstattar dei med mønstre og planar. Dei gjev håp om at det som er uforutsig-bart kan bli fortusiguforutsig-bart og avklarar kven som er fiendar og kven som er vener. Teorien vev aktøren inn i eit mønster der alt som skjer har tyding.58 Bachner og Ring er einig med Dyren-dal og seier at antisemittismen kan gjennom spesifikke døme på makt, manipulasjon og kon-spirasjon, fungere som ei forkledning på økonomisk, sosiale og politiske prosessar, og som forklaring på hendingar på lokalt, nasjonalt og globalt nivå. Gjennom ei førestilling om jødisk allmakt og konspiratoriske fantasiar om maktsentre med hemmeleg agenda kan komplekse, ubegripelege og hatefulle handlingar plutseleg verte gjort begripelege.59 Konspirasjonsteoriar er eit godt hjelpemiddel for å konstruere fiendebilete. Ein kan ved å peike på kva som er utanfor og trugar, gjere det mogeleg å seie noko om kva som er vår gruppe og våre verdiar.

Konspirasjonsteoriar leiar til fiendebilete som mobiliserer kjensler og trugselbilete og dei motiverer folk til å agere som gruppe. «Den store vondskapsfulle fiende» er eit grep som bi-dreg til å oppretthalde kontroll i «gruppa» og som kan verte nytta til å skyve ut personar som ikkje passar inn, ved at dei vert omdefinert til «dei».60

1.6.4 Den mobile fordommen

Eit av antisemittismen sine fremste historiske karaktertrekk har vore fleksibiliteten i dei an-tijødiske fordommane. Førestillingane om jødane er, ifølgje Moe og Kopperud, konstruksjo-nar. Dei er konstruert for å fylle bestemte funksjonar for majoritetssamfunnet eller politiske

57 Dyrendal (2003), s. 25.

58 Dyrendal (2003), s. 39.

59 Bachner og Ring (2006), s. 18.

60 Dyrendal (2003), s. 44.

og religiøse rørsler. Dei har hatt ulik hensikt og ulike kontekstar, men felles for dei er at dei har blitt brukt for å kunne forklare større overliggjande problemstillingar for det same sam-funnet.61 Eit generelt trekk ved førestillingane, som er vorte skapt om jødane, er at dei har fungert som ein negativ motpol til dei enkelte samfunnsinsitusjonane og ulike grupper sin verdi. På denne måten kunne førestillingane vere innbyrdes motstridande, og jødane kunne vert anklaga for svært forskjellige negative eigenskapar alt etter kva funksjon dei skulle fyl-le.62 Filosof Theodor Adorno har formulert omgrepet «den mobile fordommen», som har sitt utgangspunkt i behovet for å projisere eit negativt fenomen på eit hatobjekt. Det var ein flek-sibilitet i oppfatninga av jødar som førte til at dei heile tida vart tillagt skulda for nye og mot-stridande fenomen. Antisemittisme konstruerte «jøden» som ein fleksibel storleik.63 Simon-sen har i tråd med dette skrive at jødane vart brukt som eit «elastisk negativt symbol».64 Ein identifiserte jødane med alt ein kunne knytte til «det moderne». Alt etter kva behov ein hadde representerte jøden kapitalismen, liberalismen, parlamentarimen og kommunismen. Jøden representerte tradisjonen sitt forfall, farleg seksualitet og pressa si makt. Ein kunne framstille jødane fråstøytande til dømes, både på grunn av rikdom og på grunn av fattigdom. Dette var mogeleg fordi hatet mot jødane uansett hadde ei rotfesta stilling hos folket gjennom antijø-diske sjablongar frå den kristne tradisjonen.65 Bachner skriv: «En viktig förklaring till anti-semitismens överlevande ligger i transformeringen av ‘juden’ till en abstraktion, till en extremt elastisk symbol för vissa opinioner vid en viss tid uppfattas som hotande eller onds-kefullt.»66 Lorenz samanfattar synet på jødane i Noreg i mellomkrigstida, og peikar på dei både kunne vere kommunistar og kapitalistar, både representant for det «moderne» og uttrykk for det barbariske og gamaldagse som kristendommen hadde vunne over.67

1.6.5 Gruppekonstruksjon

Eit kjenneteikn ved antisemittismen er at jødane kollektivt vert tillagt uforandrelege ei-genskapar som har svært lite å gjere med jødane sin verkelege eksistens. Ut frå element som

61 Moe, Vibeke og Øyvind Kopperud (2011), «Forestillinger om jøder». I Forestillinger om jøder – aspekter ved konstruksjonen av en minoritet 1814-1940, redigert av Vibeke Moe og Øyvind Kopperud, 5-8, (Oslo, Unipub), s. 5.

62 Moe og Kopperud (2011), s. 5.

63 Adordo, Theodor W. (1950), «Prejudice in the interview material-T.W.». I The Authoritarin Personality, redigert av T.W. Adorno m.fl, 605-653, (New York, Harter & Row), s. 609- 610.

64 Simonsen (2009), s. 12.

65 Eriksen m.fl (2005b), s. 9.

66 Bachner (2004), s. 23.

67 Lorenz, Einhart (2011), «‘Vi har ikke invitert jødene hit til landet’-norsk syn på jødene i et langtidsperspek-tiv». I Forestillinger om jøden – aspekter ved konstruksjonen av en minoritet 1814-1940, redigert av Vibeke Moe og Øyvind Kopperud, 35-52, (Oslo, Unipub), s. 45-46.

ein kan kjenne att hos ein minoritet har det vorte utvikla stereotype førestillingar om jødane som kollektiv for å forklare fenomen ein mislikar. Antisemittismen og det konstruerte «jøde-spørsmålet» signaliserer dermed først og fremst majoritetssamfunnet sitt og antisemittismen sitt problem. Ei slik erkjenning tyder på at det ikkje finst eit evigvarande jødehat, men at ein må analysere antisemittismen ut frå det konkrete samfunnet og dei konkrete tilhøva som er til stades der kor antisemittismen opptrer.68 Likevel meiner eg det er fruktbart å snakke om eit jødehat som har rot i gamle førestillingar frå antijudaismen, som Langmuir har hevda: «Anti-Judaism as The necessary preparation for antisemitism.»69 Bachner peikar på at ein må forstå den antijødiske ideverda som eit fantasiprodukt forma av ein meir enn tusenårig demonise-ring. Jødane kan vere med på å aktivere visse stereotypiar eller mytar, men dei har ikkje ska-pa dei og kan heller ikkje få dei til å forsvinne.70 Det viktige her er at jødane ikkje er skuld i antisemittismen, den er skapt utan rot i verkelegheita, men at den kan bygge på gamle og klassiske stereotypiar.

Moe og Kopperud skriv: «Sentralt i konstruksjonen av ‘jøden’ ligg premisset om beret-tinga av å tale om jøder som en gruppe – det skjer en gruppekonstruksjon».71 Vidare peikar dei på at denne gruppa utgjer ein trugsel for fellesskapet. Ein ekstrem versjon av dette trug-selbilete ligg i anklagen mot ein jødisk verdsamansverjing og førestillinga om at det gjekk føre seg ein kamp mellom den ariske og jødiske «rasa». I Noreg var antijødiske førestilliger berre unntaksvis av ein slik ekstrem karakter.72 Men dette er eit vesentleg trekk ved antise-mittismen ein finn i Hirdmannen. Professor i interkulturell forståing Line Alice Ytrehus seier at det vart viktig å fastsette klare definisjonar av tilhøyre ved etableringa av nasjonalstaten.

Den nasjonale identiteten vart definert i opposisjon til det framande. Negative bilete av andre fungerte både som ei form for sjølvpresentasjon av nasjonale sjølvbilete og som mobilisering av ytre fiendebilete. Ein strategi som har vist seg særleg effektiv er oppbygginga av ein kol-lektiv identifikasjon gjennom konstruksjonen av negative bilete av andre. Dette kan fungere som ei mobilisering mot det ytre fiendebilete. Ein annan effektiv strategi er å overbevise om felles tradisjonar og eigenart. Fokus på både kulturarv og «den andre» har bidrege til å skape lojalitet og ei kjennelse av fellesskap for dei som vert inkludert.73

68 Eriksen m.fl (2005b), s. 9-10.

69 Langmuir (1996), s. 57.

70 Bachner (2004), s. 25.

71 Moe og Kopperud (2011), s. 6.

72 Moe og Kopperud (2011), s. 6.

73 Ytrehus, Line Alice (2001), «Innledning: Forestillinger om ‘den andre’». I Forestillinger om den andre, redi-gert av Line Alice Ytrehus, (Kristiansand: Høyskoleforlaget 2001), s. 17-19.

Antisemittismen bidreg til at ein kan dele fiendane i Hirdmannen inn i ytre og indre. Lenz peikar på at nasjonen sin mest opplagte andre er den ytre fiende, som ein finn utanfor nasjo-nens grenser. Utanfor nasjonasjo-nens grenser kan ein plassere alle karakteristikkar og eigenskapar som skal ekskluderast av nasjonen sitt sjølvbilete. Her vert «jødebolsjevikane» og «jødeplu-tokraten» plassert.74 Den indre fiende i Noreg skil seg derimot frå dei to andre. Ifølgje Lenz var den indre fiende like viktig som den ytre fiende for å etablere og stabilisere ei førestilling

Antisemittismen bidreg til at ein kan dele fiendane i Hirdmannen inn i ytre og indre. Lenz peikar på at nasjonen sin mest opplagte andre er den ytre fiende, som ein finn utanfor nasjo-nens grenser. Utanfor nasjonasjo-nens grenser kan ein plassere alle karakteristikkar og eigenskapar som skal ekskluderast av nasjonen sitt sjølvbilete. Her vert «jødebolsjevikane» og «jødeplu-tokraten» plassert.74 Den indre fiende i Noreg skil seg derimot frå dei to andre. Ifølgje Lenz var den indre fiende like viktig som den ytre fiende for å etablere og stabilisere ei førestilling