• No results found

Den generelle førestillinga om bolsjevismen som jødisk

3 Ei jødisk verdssamansverjing: «Den internasjonale jødedom fører en

5.2 Den generelle førestillinga om bolsjevismen som jødisk

Ideen som Waffen-SS sine soldatar var prega av, at jødane og bolsjevikane var det same, ser ein att i Hirdmannen. Det var ein generell idé i avisa om at bolsjevismen var jødisk. Denne manifesterer seg på ulike måtar og har stor tyding for korleis Sovjetunionen, Moskva og Russland vart omtala.

Jødene har utvilsomt også spilt en meget betydelig rolle i bolsjevikrevolusjonen. Ikke alene er marxis-mens og bolsjevismarxis-mens teori stort sett et jødisk åndsprodukt, men jødene har også forholdvis langt mer enn noen annen nasjonalitet medvirket ved disse ideers omsetning i praksis.290

Dette er i tråd med anna litteratur som er skrive om antisemittismen. Som det allereie har vore peika på er eit karakteristisk trekk ved antisemittismen i NS at det var ei forståing av at jødane stod bak marxismen. Ein finn døme på det både i NS og i nazi-Tyskland. Marxismen var knytt til det materialistiske og sett på som ein overordna hovudfiende for nasjonalsosia-lismen. Ifølgje SS var dei fleste av Tyskland sine og den nordisk-germanske rasen sine fien-dar leia av jødane eller var dei andelege barna deira. Marxismen og bolsjevismen bygde på jøden Marx si lære, var leia av jødar og hadde som føremål å nedkjempe alle jødefiendtlege krefter og innføre eit skrekkvelde i Europa.291

Førestillinga om ei samankopling mellom bolsjevisme og jødedom var ikkje eit nytt trekk ved antisemittismen under andre verdskrig. Den russiske revolusjonen i 1917 medførte ei markant auke av antisemittisme i det norske samfunn. Fordi nokre av dei mest kjente

287 Sørlie (2015), s. 194.

288 Sørlie (2015), s.197.

289 Emberland og Kott (2013), s. 219-220.

290 Hirdmannen, 30.09.1944, «Vi skal bringe Quislings sak fram til seier».

291 Sørlie (2015), s. 42; Emberland og Kott (2013), s. 51.

sjevikane var jødar, vart dette tolka som ei stadfesting av deira «unasjonale» haldningar og undergravningsverksemd. I Noreg fekk dei antijødiske fordommane næring av ein utbreidd revolujonsfrykt. Førestillinga om at jøden stod bak den russiske revolusjonen, vart etter kvart ei vedteke sanning. Den vart understøtta av propagandaen frå antisemittiske agitatorar.292 Jø-dane har vorte skulda for å stå bak mange revolusjonar, men særleg i tsaren sitt Russland lev-de myta om «bolsjevikjølev-den» som rota til alt vondt.293 Dei som frykta revolusjonen identifi-serte leiarane med jødane. Dette var prov på at den jødiske verdsamansverjinga var reell og at jødedomen var på veg til å øydeleggje alt det etablerte, og verte dominerande.294

Denne førestillinga vart tydeleg i Hirdmannen etter invasjonen av Sovjetunionen: «Som en mare har bolsjevismen ligget over Europa siden revolusjonen. Denne jødiske lære seg mer og mer utover Europa uten at liberal-kapitalismen var istand til å stanse den.»295 Bolsjevis-men vart framstilt som eit reiskap for jødedomBolsjevis-men: «Og når bolsjevisBolsjevis-men, kommunisBolsjevis-men og marxismen i sin propaganda raser mot ‘kapitalen’ er dette bare løgnaktige fraser for å kaste det arbeidende folk blår i øinene. Bolsjevisme er jødedom, intet annet.»296 Ein kan forklare førestillinga om «jødebolsjevismen» som ei spesiell sambinding mellom jødar og tar. Jødane spelte, ifølgje nazistane, ei stor rolle som pådrivarar og leiarskap blant kommunis-tane, og da særleg bolsjevikane:

Sovjetstaten inntar en særstilling imellem alle stater som ny eksisterer, idet den ikke er blitt grunnlagt av de folkeslag som den skulde organiserer politisk, økonomisk eller kulturelt. Sovjetstaten var et rent eksperiment som blev foretatt av jødiske revolusjonære og anarkister, et eksperiment som gikk ut på å forsøke å virkeliggjøre de statlige og økonomiske utopier som i sin tid blev oppkonstruert av jøde Karl Marx.297

Fleire stader finn ein døme på det påståtte tette samarbeidet mellom leiarane i Sovjetunionen og jødane: «Ikke i nogen annen stat har de ekte jødiske egenskaper kunnet utfolde sig så fritt som i Sovjet-Samveldet.»298 Eller som her: «Det sier sig selv at i et statssamfund som er be-sjelet av jødisk ånd og grunnlagt med jødiske penger, inntar jødene også en særstilling.»299 Subversjonsmyta om at det fanst ein «jødisk ande» var sentral i denne førestillinga òg, på same måte som i dei andre. Dette viser til ideen om at det var same makt eller kraft som stod bak alt. Dette element var heilt sentralt i den antisemittiske propagandaen, og det kan ikkje

292 Emberland (2005), s. 405; sjå òg Johansen (1984), s. 27-28.

293 Johansen (1984), s. 27.

294 Friedländer (1997), s. 90.

295 Hirdmannen, 28.07.1941, «Kjemp bolsjevimsen ned».

296 Hirdmannen, 26.07.1941, «Bolsjevisme er jødedom».

297 Hirdmannen, 30.08.1941, «Bolsejvismens grunnleggere».

298 Hirdmannen, 30.08.1941, «Bolsjevismens grunnleggere».

299 Hirdmannen, 11.10.1941, «Europas sluttkamp mot bolsjevismen».

seiast tydeleg nok. Ideen om at det det fanst ei undergravande og øydeleggjande kraft var ein viktig del av konspirasjonsteoriane nasjonalsosialismen nytta seg av. I Hirdmannen vart det skildra korleis denne krafta var med på å styre Sovjetunionen. SS’ verdsbilete var prega av at dei fleste av Tysklands og den nordiske rase sine fiendar var leia av jødane eller var eit pro-dukt av «den jødiske ande».300 Dette peikar direkte tilbake på ideen om ei jødisk verdssa-masnverjing.

I tillegg til ideen om ei såkalla jødisk makt ser ein òg at organet nytta seg av fysiske jø-dar for å konstruere eit påstått samband. Avisa offentleggjorde lister over jøjø-dar som dei hev-da var medlem av Sovjet-samveldets kommunistiske partis centralkomite, jøhev-dar i tungindust-riens folkekommissariater og jødiske folkekommissærer i året 1940 i artikkelen «Europas sluttkamp mot Bolsjevismen».301Eller som dei gjer her:

Jødene forstår alltid å samle seg der hvor makten er samlet, og jødene behersker da også fullstendig det bolsjevikiske statsapparat. Av de 10 øverste ledere for bolsjevikrevolusjonen i 1917, var seks jøder og en halvjøde (Lenin) og 80-90-100 pct. av det øverste ledere i Sovjet-Samveldet er jøder, med dynastiet Kaganovitsj (Kogan) som den sterkeste maktfaktor.302

Dette sitatet kan verke svært truverdig. Bruken av tal og namn gav utsegnet tyngde, sjølv om det mest sannsynleg ikkje finst annan dokumentasjon på det. Som peika på tidlegare var jø-disk makt knytt tett saman med trua på at jødane styrte pressa. Ifølgje Hirdmannen var all presse i Sovjetunionen styrt av jødane: «Vi ser altså at i Sovjetunionen blir hele den offent-lige mening dirigert av bare jøder. Det sier sig selv at disse jøder ikke går inn for russiske interesser, men at de alle fullstendig går inn for den jødiske verdenspolitikk og den interes-ser.»303

Jødane vart tillagt eigenskapar som ein ikkje hadde empiriske prov på, jamfør ideen om at det fanst ein konspirasjon mellom leiarane i Sovjetunionen og jødane. I tillegg vart det utvikla sterotypiske førestillingar om jødane som kollektiv ut frå element av kjennskap hos ein minoritet, som Bachner har peika på som viktig ved antisemittismen.304 Jødane fekk skul-da for revolusjonen, fordi nokre av bolsjevikane var jøskul-dar. Dette vart ei etablert sanning som hang ved jødane. Da Sovjetunionen kom inn i krigen, vart denne førestillinga tatt fram att og nytta som ein forklaringsmodell på kvifor dette var ein fiende og kvifor det var så viktig å nedkjempe den.

300 Emberland og Kott (2013), s. 51.

301 Hirdmannen, 01.11.1941, «Europas sluttkamp mot Bolsjevismen».

302 Hirdmannen, 24.07.1943, «Jødene i Moskva».

303 Hirdmannen, 25.10.1941, «Europas sluttkamp mot Bolsjevismen».

304 Bachner (2004), s. 21.

Med ei etablert forståing av at jødane og bolsjevikane var samanvevd, så kunne Hird-mannen nytte seg av dette i førestillinga om ei jødisk verdssamansverjing. Som peika på i kapittelet som tok for seg førestillinga om samansverjinga, så vart bolsjevikane attribuert med ei rolle som kollaboratør for jødane. Slik fekk denne førestillinga del i det verdsbilete som organet forkynte, om ei jødisk makt som stod bak alt. I førestillinga om «jødeplutokraten»

vart særleg dei ideologiske og økonomiske endringane tillagt jødane, medan ein her ser at det i særleg grad er revolusjonen. Likevel er det klare parallellar mellom korleis dei vart konstru-erte som stråmenn for jødane. Som igjen er knytt tett saman med den nazistiske antisemittis-men som det var gjort greie for i bakgrunnskapittelet.