• No results found

Ein trugsel mot den kulturelle og religiøse homogeniteten

6 Jødane som ein indre fiende: «Det er imidlertid helt galt å tro at vi derfor ikke

6.1 Ein trugsel mot den kulturelle og religiøse homogeniteten

Antisemittismen i Noreg har, ifølgje Emberland, i all hovudsak vore eit skriftleg fenomen.

Dei antisemittiske publikasjonane har hatt ei beskjeden spreiing. Samstundes finst det mange døme på antijødiske haldningar i det norske samfunnet, både hos folket og frå myndigheitene si side, og ein kan sjå ein kuliminasjon i fyrste halvdel av 1920- åra. Likevel peikar Ember-land på at desse berre unntaksvis synes å vere uttrykk for ein heilskapleg, raseorientert anti-semittisme som var lik den ein fann på kontinenet. Emberland hevdar med dette at ein kan seie at antisemittismen i Noreg før andre verdskrig, var latent og situasjonsbestemt. Det drei-de seg om eit framandhat som fekk næring av heimleg og utanlands antisemittisk propagan-da, men som fyrst og fremst vart aktivisert i bestemte kontekstar. Til dømes redsle for

358 Bruland (2008), s.7.

kurranse, for ein framandarta kultur og religion, og for krig og revolusjon. Motviljen mot jødar har i all hovudsak vore av xenofobisk karakter i Noreg. Den jødiske minoriteten var liten og lett å identifisere, og av den grunn var det vanskeleg å hevde at den representerte ein maktfaktor eller indre trugsel i det norske samfunnet. Såleis vart fordommane fyrst og fremst uttrykt som ei frykt for ein potensiell ytre fare. Ei jødisk innvandring ville truge den kulturel-le og religiøse homogeniteten og den skjøre nasjonalidentiteten. Jødane vart sett på som «rot-lause», «kosmopolitiske» og «unasjonale». Dei vart identifisert med den internasjonale kapi-talismen eller den internasjonale kommunismen, som var krefter som vart oppfatta som ein trugsel mot det norske samfunn. Dei mest fanatiske antisemittane valgte som regel denne argumentasjonslina, men nokre postulerte òg ein indirekte jødisk innflyting på samfunnet via stråmenn.359

I kapittelet som tok for seg sentrale strukturar og aktørar vart det gjort greie for at ein finn klassiske antisemittiske stereotypiar i Hirdmannen. Desse var ofte knytt til den faktiske jødske minortiten i Noreg. Propagandaen i avisa var framandkulturell. Ideen var at den jødis-ke minoriteten ville truge den kulturelle og religiøse homogeniteten.360 Det vert ofte vist til at

«Jøden er ingen nordmann. Han hører ikke hjemme i Europa i det hele tatt. Han er orientaler, og har ingenting her hos oss å gjøre. Jøden er et internasjonalt ødeleggende element, og mot-setningene mellom jødene og andre kommer ikke av at de andre er så slette.»361 Eller at jøden er «et fremmed folkelegeme».362 I denne typen antisemittisme distanserar ein seg frå jødane som ei gruppe, dette er jamfør Fein sin definisjon. Eit døme på dette er korleis ein heilt konkret dreg skiljelinjer mellom «oss» og «dei»: «Skap front mot jødene, for de har intet å gjøre i et nordisk folkesamfund, i en nordisk stat.»363 Slike kommentarar finn ein mange av i organet. Her vart jødane konstruert som ei gruppe og det var eit hat som ramma jødane fordi dei var jødar. Eit viktig kjenneteikn ved den indre fiende er, som skildra tidlegare, at einkvar politisk eller kulturell skilnad vert rekna som ein indre trugsel, fordi felleskapet ikkje tåler indre forskjell, inga sosiale eller politiske motsetnader og ikkje noko som kan minne om ei

359 Emberland (2005), s. 401-402. Denne korte framstillinga av jødehatet i Noreg mellom 1900 og 1940 er sjølv-sagt svært overfladisk, og Emberland peikar i artikelen sin på ulike grupper der ein fann ein slik form for konspiratorisk antisemittisme. Men i denne oppgåva fann eg det relevant å berre gje ei kort oppsummering av den xenofobiske antisemittismen og heller gje ei analyse av dei kimære førestilligane ein fann i Hirdmannen.

Hovudpoenget er uansett at antisemittismen i Noreg stort sett bar preg av frykt for ein ytre trugsel, men at ein fann stader der antisemittismen postulerte ei verdssamansverjing og dermed vart eit heilskapeleg verdsbilete, som ein finn i Hirdmannen. For ei meir heilskapleg skildring av antisemittismen i Noreg, sjå heile heile artikke-len til Emberland i boka Jødehat, Johansen (1989), Mendelsohn (1992), Banik (2014) eller Lorenz (2011). Des-se syner òg ulike sider ved antiDes-semittismen i Noreg.

360 Emberland (2005), s. 404.

361 Hirdmannen, 12.12.1942, «Jødedommen er de germanske folks dødsfiende».

362 Hirdmannen, 03.07.1943, «Jødene er selv skyld i antisemittismen».

363 Hirdmannen, 07.06.1941, «Nordmenn, se op for jødene!».

interessekonflikt.364 Jødane vart ein indre trugsel eller indre fiende fordi dei skilde seg frå dei

«germanske». Dette vart forkynt ved at dei var ein annan rase og at det vart påstått at dei hadde eit anna verdigrunnlag: «Det finnes ingen norske jøder. Det finnes bare en sort jøder, de internasjonale.»365 Det at det stadig var eit fokus på at jødane var annleis, kan ein tenkje at bidrog til at det var ein ditanse mellom dei ulike gruppene: «Det viser sig at overalt og til alle tider at der hvor jødene kommer og slår sig til, der vokser alltid antisemittismen frem. På samme måte som en sund organisme reagerer så snart noget usundt og skadelig trenger inn i den, opponerer er sundt folk spontant og instinktivt mot jødene.»366 Ein kan hevde at ei slik form for distansering til jødane gav antisemittismen i avisa ein legitimitet. Ei anna side ved det siste sitatet er òg korleis nasjonalsosialistane fråskriv seg alt ansvar. Jødane var skuld i det hatet som vart ført mot dei. Som gjort greie for i innleiinga vart den nasjonale identiteten definert i opposisjon til den framande. Dette er eit viktig trekk ved denne typen antisemittis-men som ein fann i avisa.

Ein slik type antisemittisme som ein ser her liknar mykje på den Emberland skildrar at fanst i Noreg før andre verdskrig. Den var definitivt eit element i Hirdmannen sin antisemit-tiske propaganda. Likevel var det den konspiratoriske antisemittismen som var den berande i avisa. Den som tok form av eit heilskapleg verdsbilete og som postulerer at det fanst ei verds-samanverjing. Dei mest fanatiske antisemittane, som trudde det fanst ei indirekte inflyting på samfunnet via jødiske stråmenn, fann ein i organet.

6.2 «Den jødiske ande» som ein indre fiende i Noreg

Jeg vil bare peke på denne judaiseringsprosessen har vært så meget virkningsfullere og farligere i vårt land, som jødenes innflytelse i Norge inntil det aller siste var kamuflert og nesten usynlig. Der hvor jø-dene strømmer til i store skarer og synlig for alle setter seg fast i de ledende stillinger, kan man letter ta kampen opp mot dem. Men med det usynlige jødeveldet vi hadde i Norge var det nesten umulig å få folk til å tro på. Det var alltid det samme svar: ‘vi har intet jødeproblem i Norge’.367

I dette sitatet kjem ei svært viktige side av antisemittismen knytt til jødane som ein indre fi-ende til uttrykk. Den jødiske minoriteten i Noreg var for liten til å etablere jødane som ein trugsel. Difor måtte ein postulere at jødane var skjult og av den grunn at dette var ein vanske-leg kamp å ta opp. Såleis måtte ein knytte jødane til noko anna og større. Ideen om at det fanst ein «jødisk ande» vart eit viktig reiskap. Hirdmannen forkynte ein førestilling om at det

364 Lenz (2011), s. 26-27.

365 Hirdmannen, 01.08.1942, «Kunstige jøder».

366 Hirdmannen, 03.05.1941, «Jødespørsmålet».

367 Hirdmannen, 05.08.1944, «Jødenes kamp mot den hvite mann».

fanst eit skjult jødevelde i Noreg. Denne metafysiske ideen hadde lite å gjere med den faktis-ke interessekonflikta mellom menneska. Det var ei subversjonsmyte. Ei åtvaringsforklaring om korleis ulike typer regimer heilt bevisst var undergravd av øydeleggjande krefter. «Jøde-anden» var ei slik øydeleggjande kraft som hadde «øydelagd» sjela til nordmennene. I etter-kant er det lett å peike på at den jødiske minoriteten i Noreg tilsa at det ikkje var eit jødelem, men med ideen om at det var ei kraft som øydela forureina nordmenn si sjel, fekk prob-lemet ein legitimitet. Slik vart det eit reelt problem i Noreg.

Den «jødiske ande» handla ikkje om den enkelte jøde, men var knytt til «jødifiseringa».

Det var eit uttrykk for at samfunnet vart trekt i gal retning og knytt til dei negative aspekta ved moderniteten. Det var til dømes ei påverknad knytt til seksualopplysning, presse og mo-derne kunst. Det negative påverkanden var alt som var ein motsetnad til den romantiske leng-sel etter harmoni og einskap.368 Eit døme på korleis denne førestillinga kjem til uttrykk ser ein her:

Trekker man frem de egenskaper som efter vår mening gjør jødene til uønskede elementer i vårt land, blir man ofte møtt med det argument, at disse egenskaper også finnes blant nordmenn. Dette kan i og for sig være riktig til ein viss graf, men det som blant nordmenn heldigvis er undtagelser, er blant jøder kjennetegnet for det store flertall. At den typiske ’jødemoral’ også kan spores hos enkelte nordmenn er bare et tegn på at jødeånden så smått er begynt å gjøre sig gjeldende innen vårt eget folk.369

Den såkalla jødemoral var eit uttrykk for alt som strider mot nasjonalsosialismen sine idear.

«Jødemoralen» gav ideen om eit jødeproblem i Noreg ein legitimitet, til tross for det låge talet på jødar. Det vart grunngjeve med at ein hadde «en sterk semitisk innflytelse i hele vårt offentlige liv, uten at vi kan slå ned på den enkelte. Men kampen må føre mot de jødiske inn-flydelse, hvor den finnes enten der er jøder eller nordmenn som beordrer den.»370 Førestil-linga i Hirdmannen var at «jødeanden» infiltrerte samfunnet og påverka nordmennene i ret-ning av «jødemoralen». Dette vart sett på som ein stor indre trugsel for Noreg. Tanken om jødeanden vart òg nytta til å etablere ei forståing av den norske nasjonalkjensla og kva som kjenneteikna denne:

Vel det viktigste grunntrekk i den nasjoalsocialistiske ideologi er læresetningen om at folket skal søke til sin egenart. Vi skal dyrke norsk musikk, norsk diktning, lese de gamle sagaer og studere vår historie.

Dette arbeide, som blir forstått og støttet i vide kretser innen vårt folk, er i virkeligheten identisk med den kamp mot den jødiske ånd som er kommet til Norge utenfra.371

368 Lenz (2011), s. 27.

369 Hirdmannen, 03.05.1941, «Jødespørsmålet».

370 Hirdmannen, 06.07.1941 «Jødespørsmålet».

371 Hirdmannen, 06.07.1941 «Jødespørsmålet».

Organet framheva eit tydeleg skilje mellom «nordmenn» og dei fysiske jødane. I tillegg vart det etablert ei forståing av at arbeidet mot den «jødiske ande» var eit arbeid for eit homogent samfunn. I det homogene samfunnet skulle den «norske» kulturen vere i sentrum. Dei gode verdiane i det norske samfunnet var truga av vonde krefter som undergravde desse verdiane.

Denne kampen på heimebane var viktig: «Men kampene raser ikke bare ved frontene. Også i vårt land som ligger utenfor de egentlige krigssoner, pågår en intensiv kamp mellom de gode og dårlige krefter.»372 I innleiingskapittelet vart det peika på at det fanst ein «basillmetafor».

Denne metaforen teikna seg inn i den antisemittiske førestillinga om «jøden» som ein sam-funnsparasitt som sug all kraft ut av dei nasjonale samfunn. Denne type framstilling bidrog til å understreke «framandheiten» og det «unorske». Det var eit uynskt framandelement som hadde tatt bustad i den nasjonale kroppen. Denne metaforen syner seg i denne førestillinga.

Trua på at det fanst noko som foruerina det nasjonale og homogene samfunnet. Ifølgje Lo-renz var konstruksjonen av «jøden» i eit land nesten uten jødar ein måte å utvike ein identitet på, særleg med omsut til moderninseringsprosessen, sosiale endringar og det som vart oppfat-ta som ein trugsel mot det eoppfat-tablerte.373

Ein kunne ikkje finne empiriske prov på at den «jødiske ande» eksisterte. Dermed er det-te ei kimær førestilling. Til tross for detdet-te speldet-te denne ideen ei stor rolle i avisa. Detdet-te heng saman med ideen om at det fanst ei jødisk verdssamanverjing. «Jødeanden» var eit uttrykk for at ein kunne vere kollaboratør, sjølv om ein ikkje var jøde. Hirdmannen forkynte tanken om at jødane verka i Noreg gjennom stråmenn, som var påverka av den «jødiske ande». Dette dannar eit grunnlag for å stille spørsmålet om kva som skjedde når jødane var deporterte ut av landet. Det naturlege ville vere at førekomsten av artiklar om denne førestillinga ville gå mot null, men dette var ikkje tilfelle. Grafen i kapittel 7 viser korleis denne førestillinga heldt fram å eksistere i etterkant av deportasjonen i november 1942 og i februar 1943, da siste jø-detransport gjekk. Dette underbyggjer ideen i avisa om at jødane var over alt og arbeida i det skjulte. I denne samanhengen er ein av dei mest interessante artiklane på trykk «Jødeånden må bekjempes over alt», som er skrive av Halldis Neegård Østbye. Den stod på trykk 28.

november 1942.374 Den vart publisert berre to dagar etter deportasjonen av jødane. Dette kan vere ein indikator på ein idé om at kampen mot dei fysiske jødane var fullført, men enda fanst det ein annan kamp som var like viktg. Det faktum at Østby i artikkelen definerte omgrepet

«jødisk ande› underbyggjer denne påstanden:

372 Hirdmannen, 21.03.1942, «Gjennom kamp til frihet».

373 Lorenz (2011), s. 35.

374 Denne artikkelen er lagt ved som vedlegg.

Å definere begrepet jødeånd er ikke så enkelt, men historikern Theodor Momsen har formodentlig gitt den korteste og mest rammende karakteristikk, når han sier at jødene er dekomposisjonsferment. D.v.s.

at jødeånden virker som et oppløsende stodd i samfunnene. Kampen må derfor i dag som før, føres med en aldri sviktende fanatisme mot jødeånden, uansett hvordan den opptrer, hos jøde eller ikke-jøder, hos frimurer eller ikke-frimurere, innenfor eller utenfor våre rekker, og ingen må la seg forvirre om slike kunstige jøder skulde fortelle at de kjemper mot frimureri og jødedom. I en kamp på liv og død vi gjennomlever, bruker våre fiender alle våpen. Enhver sann nasjonalsosialist må være klar over at dette er en kamp, ikke bare for det germanske folks samling og livsrett, men også en kamp for de nordiske dyder og æresbegreper.375

Her vart det forklart kvifor «jødeanden» var eit trugande element i samfunnet. Østbye peika på at ein fortsatt måtte føre kampen med sterk fanatisme mot «jødeanden». Denne verksemda var eit framandelement i samfunnet. Sitatet syner ein idé om at det ikkje er så farleg om det fanst jødar eller ikkje i landet. Ein måtte ta kampen uansett korleis fienden opptrådde. Føre-stillinga var at den kunne vere over alt. Dette samsvarar med den nazistiske antisemittismen som forkynte eit verdsbilete der jødane stod bak alt. Trua på den «jødiske ande» og overbe-visninga om at den verka i samfunnet som ei vond kraft var eit viktig bidrag til å forme eit heilskapeleg verdsbilete. Verdsbilete baserte seg på ideen om ein konspirasjon. Dermed var ikkje førekomsten av ekte jødar eit vesentleg behov for at den antisemittiske propagandaen skulle verke logisk.

Ei anna side ved ideen om «jødeanden» var at den kunne verke i alle, til og med nasjo-nalsosialister. Dette finn ein eit døme på i artikkelen til Østbye:

Jødeånden – den materialistiske tankegangen – er trengt inn i store deler av folket. Man treffer altfor mange nordmenn, og fortrinsvis de med litt jødisk blod i seg, som på en nesten forblæffende måte har lært å tenke og handle jødisk, for å fremme sine egne egoistiske formål og bygge ut sine egne maktstil-linger. Det er de kunstige, eller hvite jøder, som må utskilles av stats- og samfunnsmaskineriet, likeså vel som de ekte jøder og uforbederlige frimurere. De er ofte farligere enn disse fordi de også kan opp-tre som motstandere av frimureriet og jødedommen, ja til og med som nasjonalsosialister, til tross for at de til fullkomenhet har tilegnet seg de jødisk-frimurerske metoder og forstår å bruke dem uten

skrupler.376

Ei side ved konspirasjonsteoriar er at alle kan verte råka av den, ifølgje Dyrendal. Krafta er uimotståeleg og alle menneske kan av den grunn vere potensielle ofre.377 Når det står «ja til og med som nasjonalsosialister» så kan dette vere eit uttrykk for ein indre splid i partiet. Ein kan knytte dette utsegnet til den historiske konteksten. I NS var den ein indre splid knytt til frimurarlosjane. Utover sommaren og hausten 1942 fekk frimurarspørsmålet ein sentral plass i partiet. Den tyske nasjonalsosialismen var sterkt frimurarifiendtleg og frimurarlosjane i No-reg vart løyst opp av dei tyske myndigheitene 19. september 1940. NS forsøkte å følgje opp, men NS sitt forhold til frimureriet var likevel noko meir komplisert. Fleire nære

375 Hirdmannen, 28.11.1942, «Jødeånden må bekjempes over alt!».

376 Hirdmannen, 28.11.1942, «Jødeånden må bekjempes over alt!».

377 Dyrendal (2003), s. 25.

rar av Quisling hadde vore frimurarar. Gjennom våren og hausten 1942 gjekk det føre seg ein prosess i NS og frimurarspørsmålet vart meir og meir betent. GSSN sitt kamporgan, Germa-neren, hadde i løpet av sommaren 1942 etablert seg som eit pangermansk opposisjonelt sent-rum, og frimurarspørsmålet vart svært viktig som eit ledd i kritikken av dei nasjonalistiske kreftene i NS. I Germaneren var leiaren, i fyrste utgåve 25. Juli 1942, retta mot

NS-medlemmer som hadde vore frimurarar det sentrale åtaksmålet. Avisa blinka ut frimurarane som hovudfiende, og dei var sentrale i NS. Germanerens heftige åtak på frimurarane vart supplert med ein litt meir forsiktig tone i Hirdmannen. Dette skapa ei betent politisk stemning i partiet. Åtaka på frimurarane i NS var ein politisk offensiv frå militant pangermansk hold.378 Dette utsegnet frå Østbye kan ein tenkje er eit ledd i denne kritikken. Det viser for det fyrste at alle kunne verte råka av «jødeanden» og for det andre at jødane fekk skulda. Det er i tillegg eit prov på at den pangermanske ideologien hadde fotfeste i avisa.

I etterkant av deportasjonen vart det å vere grisk og gjerrig knytt til at den såkalla jøde-moralen. Dei gamle fordommane vart nytta i den meir moderne forma for antisemittisme. Det bidrog samstundes til at dei klassiske sterotypiane framleis vart nytta i samfunnet. Sidan des-se fordommane var allment kjent i samfunnet, kan ein tenkje des-seg at dette gir førestillinga ei form for autoritet. Dermed var det ei førestilling som er lett å bruke, sjølv om dei faktiske jødane var deporterte ut av landet:

Også mange velstående nordmenn ligger under for denne egoismens og egennyttens mentalitet som gir utslag i uvettig og hensynsløs hamstring for å sikre seg selv og sine, uten tanke på folkefellesskapets vel. Disse mennesker er smittet av jødementaliteten, den kyniske og brutale egoisme, som tillater en mann å sitte uberørt av landsmennes vanskeligheter når han bare selv til enhver tid kan leve godt og ri-kelig. Denne innstilling – som i grunnen er fremmed for den nordiske rase – har dessverre gitt mange stygge utlslag i vårt folk i denne tiden.379

Desse døma og det faktum at jødane ikkje forsvann ut av Hirdmannen sin propaganda etter deportasjonen underbyggjer påstanden om at førekomsten av faktiske jødar ikkje er naudsynt for antisemittismen. Ein kunne nytte ideen om ein «jødisk ande» til å konstruere den som ein indre fiende og trugsel. Trua på at det var ein «jødisk ande» som «jødifiserte» det norske folk var ei form for ei religiøs overtyding ein ikkje kunne beleggje empirisk. Anten måtte ein tru på at det stemte eller så måtte ein stille seg kritisk til det. Ifølgje Dahl var Quisling ikkje i tvil om at jødane i Noreg utgjorde eit skjult nettverk, som tok vare på sambindingane sine i dei allierte land. Desse stod igjen under leiing av personar med makt til å dirigere rasefellane sine kor enn dei budde på jorda. Jødedommen utgjorde altså ein potensiell samansverjing retta

378 Sørensen (1989), s. 191-194.

379 Hirdmannen,16.01.1943, Redaksjonen.

mot nasjonalsosialismen og dei landa som stod på Tyskland si side.380 Førestillinga om den

«jødiske ande» i Hirdmannen samsvarar med tankane til Qusiling.

6.2.1 «Kunstige jødar» – raseforrædere og kollaboratørar

Ideen om at det fanst ein «jødisk ande» kan ein i etterkant definere som svært kompleks, samstundes var dette abstrakte fenomenet med på å gjere antisemittismen i avisa logisk. Den var avgjerande for å konstruere ein mektig og trugande fiende i Noreg. På same måte som i

Ideen om at det fanst ein «jødisk ande» kan ein i etterkant definere som svært kompleks, samstundes var dette abstrakte fenomenet med på å gjere antisemittismen i avisa logisk. Den var avgjerande for å konstruere ein mektig og trugande fiende i Noreg. På same måte som i