• No results found

2 Bakgrunnskapittel: Sentrale strukturar og aktørar

2.4 Hirden

Sidan temaet for denne oppgåva er Hirdmannen, krev det ei utgreiing av kven utgiverorgani-sasjonen var. Her vert det gjort greie for oppbygging, aktivitetar og ideologien til Hirden. I 1941 gav Orvar Sæther, stabsjef i Hirden, ut Hirdboken. Føremålet med denne boka var å

107 Bruland (2008), s. 18.

108 Michelet, Marte (2014), Den største forbrytelsen. Ofre og gjerningsmenn i det norske Holocaust, (Oslo, Gyldendal Norsk Forlag), s. 203.

109 Michelet (2014), s. 200.

110 Bruland (2008), s. 18.

111 Bruland (2008), s. 9.

112 Michelet (2014), s. 203.

113 Bruland (2008), s. 20.

seie noko om Hirdens mål, historie, arbeidsoppgåvene og korleis den var organisert. I innlei-inga til boka stod det: «Omtrent samtidig med stiftelsen av Nasjonal Samling blev det opret-tet en spesialavdeling av de medlemmer som var mest aktive og helt gikk inn for bevegelsen.

Det var denne avdelings plikt å hjelpe til ved møter, holde ro og orden, dele ut propaganda, materielle osv.»114 Hirden skulle vere ein fortropp i NS, bygd opp etter eit militært mønster.

Organisasjonen vart assosiert med ein militant stil.115 Forlauparen til Hirden, den såkalla Spe-cialavdelinga, vart oppretta i 1933.116 Den norske historikaren Lars Borgersrud skriv i boka Vi er jo et militær parti at Quisling ynskja å skape ei Specialavdeling, ei slags blanding av SA og SS.117 Den skulle både verte brukt som eit ytre ordensvern for å beskytte mot møte-bråk og som eit indre kontrollapparat i sjølve partiet. Alt dette skulle vere underlagt Føra-ren.118 Omlegginga til Hirden skjedde 21. September 1934. Eit ønske om å gi organisasjonen eit mer norskklingande namn vart nytta som ei grunngjeving til kvifor det vart endra. Da ein året før hadde valgt namnet SA hadde det vore ein sterk tysk-nazistisk påverknad i partiet.

Sterke krefter, med mellom anna Vidkun Quisling i spissen, ynskte ein meir norsk-nasjonal profil på partiet og dei tilhøyrande organisasjonane.119 Hirden likna i stor grad på dei tyske SA-avdelingane, som vart brukt til gatekampar, til terror mot folk som tenkte annleis enn dei, det kunne vere jødar eller sosialdemokrater. Organisasjonen vart ofte omtala som «ordens-vernet» og var som eit slags «partipoliti», som skulle halde styr på møta.120

Det var fleire årsaker til ei storstilt satsning på Hirden. Den gav utlaup for verketrangen til unge partiaktivistar utan militær utdanning. Etter 9. april 1940 og særleg etter 1. oktober 1940, vart det heilt klart eit ønske om å kopiere det tyske SS, som var den av dei tyske orga-nisasjonene som NS-ungdommane beundra mest.121

16. november 1940 vart kamporganet til Hirden, Hirdmannen, gitt ut for fyrste gong. I denne utgåva hadde Vidkun Quisling ein tekst på trykk som skildra tanken med Hirden:

114 Sæther (1941), s. 9.

115 Sørensen (1989), s. 115.

116 Den vart berre forkorta til S.A. Dette bidrog i enda større grad til å peike på kven førebilete var, ifølgje Høi-dal, Oddvar (1988), Quisling. En studie i landssvik. Oversatt av Henning Kolstad, (Oslo, Universitetsforlaget) s. 135.

117 SS, forkortelse for Schützstaffel der NSDAP (norsk: beskyttelselsavdeling eller livvakt for NSDAP). SS var ein paramilitær fløy av partiet NSDAP, og vart oppretta i 1925 som ein væpna tropp som skulle vere livvakt for Adolf Hitler. Frp 1926 var SS organisert som en underavdeling av NSDAPs paramilitære fløy Sturmalbeitung.

(ofte forkortet SA).

118 Borgersrud, Lars (2010), Vi er jo et militært parti. Den norske militærfacismens historie I. (Oslo, Spartacus forlag), s. 241; sjå òg Høidal (1988), s. 135.

119 Borgersrud (2010), s. 241-245.

120 Breivig (2002), s. 50.

121 Borgersrud, Lars (2012), Like gode nordmenn? Den norske militærfacismens historie II, (Oslo, Scandinavian Academic Press), s 327.

Hirdtanken! Det hører til den nye tids nødvendighet og stil at de nasjonale nyreisingbevegelser skaper seg politiske stormavdelinger organisert etter militært mønster. Slike avdelinger av politiske soldater danner den uunnværlige ryggrad i de folkebevegelse som skal bære fram den nye ordning av stat og samfunn- Intet annet folk har i sine nasjonale overleveringer et slikt forbilde for den avgjørende ting som vi nordmenn i vår gamle hirdinstitusjon. Hirden var ikke bare de gamle norske kongers og føreres håndgange menn. Den var et kulturelt sentrum for hele folket, en bærer av de nasjonale tradisjoner og en skole for den nasjonale dannelse. Den nye hird må reises i den samme ånd av kultivert vikingkraft, samtidig som den skal bli et mønster på presisjon nøyaktighet og disiplin. Dens valgspråk skal være:

TAPPER OG TRO. Om alting skulle vakle, Hirden må stå fast. Vidkun Quisling.122

Sæther gir i Hirdboken særleg uttrykk for oppgåvene til ein hirdmann. Hirden skulle gjenrei-se den nordiske tanke og ta tilbake den nordiske ande. Ein skulle bevare det nordiske blod og ta vare på den nordiske eigenart. Det var hirdmannen sin plikt å hindre ei øydeleggjing av folket ved innblanding av «artfremmed blod». Ein hirdmann måtte lære seg å kjenne det nor-diske blod sine argaste fiendar. Ei tredje oppgåve for hirdmannen var å innføre tidenes krav om sosialisme igjen. Ein fjerde idé var å setje NS sine tankar ut i livet. Hirdmannen sine opp-gåver bestod på grunn av dette òg av politiske aksjonar og ei slags utbreiing av NS sine mei-ningar og tankar. Ei femte oppgåve var å halde kroppen sin sunn og sterk. Den sjette oppgåva for Hirden var å vere Føraren sine mest pålitelege folk og ein fast garde.123

Hirden sin sjølvforståing bygde på ideen om at dei var ein ryggrad i NS. Dei skulle setje NS sine idear ut i live og dei var partiet sitt maktmiddel, som ein ser døme på i sitatet under:

Hirden er ryggraden i NS. Dermed er sagt at Hirden er partiets maktmiddel, kamporgan. Uten Hirden vilde ikke partiet ha noen makt å sette bak sine ord, det hele vilde bli fraser. Her finner vi Hirdens største oppgav, som partiets støttropp som de politiske soldater. Hirden skal være garantien for at NS program og demed det nordiske livssyn som vi kjemper for, blir gjennomført.124

Hirdens ideal var: «for det første troskap, troskap mot Fører, mot ideen, mot ætte og rasen, tro må hirdmannen være. For det annet tapper, tapper så vel i liv som i død, liketil, grei og rettfram, ærlig og veldisiplinert uten hovmot skal hirdmannen være.»125 Ei anna side ved Hir-den var at ein måtte vere ein kamerat. Det vart sagt at HirHir-den bygde på kameratskap og at

«uten kameratskap blir det hele bare en tilfeldig flokk, men hersker det rette kameratskapet så er de en enhet, en uslåelig enhet som holder sammen i tykt og tynt, i liv og død.»126

Håndbok for Rikshirden hadde som mål å vere eit «hendig reservoir for lærestoff og ret-ningslinjer for de forskjellige grener av Rikshirdens tjeneste med omsyn på hensikt, mål og tjenestens gjennomføring i enkeltheter».127 I innleiinga til boka handlar det om hirdmannen og Hirdens rolle i «det nye Norge»: «Allerede på et tidlig tidspunkt i Nasjonal Samlings

122 Hirdmannen, 16.11.1940 «Hirdtanken».

123 Sæther (1941), s. 15-19.

124 Hirdmannen, 16.01.1943, «Hirden, Nasjonal Samling ryggrad».

125 Hirdmannen, 16.01.1943, «Hirden, Nasjonal Samlings ryggrad».

126 Hirdmannen, 16.01.1943, «Hirden, Nasjonal Samlings ryggrad».

127 Hirdstaben (1943), s. 1.

kamp for Norges framtid meldte seg nødvendigheten av å skape en avdeling militært opp-byggede kamptropper, som kunde beskytte bevegelsen og dens ledene menn. Dette førte til dannelsen av en avdeling, som av NS Fører fikk navnet Hird- etter navnet på det følge av håndgagne menn, de gamle norske konger omga seg med.»128 Thorvald Thronsen var stabsjef da Håndbok for Rikshirden vart gitt ut. Heilt fyrst i boka har han ein kommentar til hirdmen-nene, der han mellom anna peika på dei verdiar som gjorde hirdmannen til den «mest aktive, mest pålitelige og moralsk grunnfestede kjemper for den nye tids idé».129 Det var: «Tapper-het og mot, uten frykt ved utførelsen av sine plikter. Ubetinget troskap under alle forhold.

Frivillig lydighet til enhver tid. Offervilje og æresfølelse.»130 Utfrå desse sitata kan ein kon-kludere med at Hirden var idealistar på eigne vegne. Det var ein organisasjon som var villige til å gå litt lengre. Dei meinte sjølv at dei hadde ei viktig oppgåve i partiet og dei ville kjempe for NS’ idear.

2.4.1 Hirden og SS

Heinrich Himmler og Terboven hadde i 1940 avtalt å opprette eit SS-kontrollert kampfor-bund i NS. Tanken var at dette skulle byggjast opp frå Hirden. Våren 1940 fekk Hans

Hendrik Neumann ansvaret for å påskunde denne samansmeltingsprosessen. Samansmeltinga vart imidlertid aldri ein realitet, sjølv om SS ynskte det. NS innførte i november 1940 obliga-torisk tenesteplikt i Hirden for alle medlemmer mellom 18 og 40 år. Dette gjorde organisa-sjonen enda større og enda meir interessant for SS. Her kunne ein hente ut dei meste lovande kanditatane mellom SS-medlemmane til SS sine eigne formasjonar.131 Den 21. mai 1941 vart Norges SS oppretta. Reichsführer Heinrich Himmler utenemnde Jonas Lie som sjef for den nye organisasjonen. Dei fyrste medlemmane vart overført frå Hirden. Dei avla ein ed til

«germanernes Fører Adolf Hitler og det nye Norges Fører Vidkun Quisling», ifølgje ein ar-tikkel i Hirdmannen 24. mai.132 Orvar Sæther holdt ein tale i denne samanheng, og slo fast at forholdet mellom Hirden og Norges SS måtte være harmonisk. Norges SS kom seg aldri skikkeleg på beina. Det heldt likevel fram å eksistere på papiret, og harmonien vart under-streka med at Hirdmannen var eit fellesorgan for dei to organisasjonane. Det vart gjort eit

128 Hirdstaben (1943), s. 7.

129 Innleiing av stabssjef Thorvald Thronsen i Håndbok for Rikshirden (1943).

130 Innleiing av stabssjef Thorvald Thronsen i Håndbok for Rikshirden (1943).

131 Emberland og Kott (2013), s. 248.

132 Hirdmannen, 24.05.1941, «Norges SS er opprettet».

nytt forsøk sommaren 1942. GSSN vart oppretta 21. Juli. Denne gonga vart stiftinga meir vellykka og GSSN fekk sitt eiget kamporgan Germaneren.133

Sjølv om samansmeltinga ikkje vart velykka, ser ein at SS og Hirden var tett vevd saman av det faktum at Hirdmannen var eit fellesorgan ein periode. Ein del av SS som kanskje fekk enda meir å seie for Hirden var Waffen-SS, som var den militære greina av Himmler sitt SS.

Himmler la stor vekt på å rektruttere frivillige frå «germanske land» til Waffen-SS, både for-di dei var tiltenkt ei rolle i hans visjon om å samle den «norfor-disk-germanske rasa» i eit

storgermansk rike, samt at vervinga tente organisasjonen sine maktpolitiske interesser.134 Det var sterk oppslutning om vervinga i NS og fleire sentrale personer deltok i kampane.135 I Hirdmannen får rekruttering av frivillige til Waffen-SS og kampane på Austfronten mykje fokus i 1941. Dette vil spele i stor rolle i kapittelet som tek for seg «jødebolsjeviken».