• No results found

Antisemittisme i Nasjonal Samling

2 Bakgrunnskapittel: Sentrale strukturar og aktørar

2.2 Antisemittisme i Nasjonal Samling

Med ei etablert forståing av kva som er særskilt for den nazistiske antisemittismen, så kan ein ta for seg anitsemittismen i Noreg. Våren 1933 stifta Vidkun Quisling partiet Nasjonal Sam-ling (frå no av NS). NS vert rekna, på same måte som Hitler sitt NSDAP, som ei facistisk rørsle.89 Partiet kjempa mot parlamentarisme, liberalisme og kommunisme under slagord som

«orden og rettferd» og «Fellesnytten foran egennytten». NS ynskte seg ei «nasjonal gjen-reising» gjennom ei avvikling av demokratiet og ein ny samfunnsorganisering.90 Med stif-tinga av NS fekk Noreg eit parti som tok sikte på å skape ei masserørsle på eit meir eintydig facistisk grunnlag. I mellomkrigstida hadde det vore ei auka oppslutning kring dei høgreauto-ritære og facistiske partia, men da NS vart stifta hadde mykje av grunnlaget for oppslutning

84 Kjøstvedt, Anders G., (2014), «Holocaust». I Folkemordenes svarte bok, redigert av Bernt Hagtvet, Nik.

Brandal og Dag Einar Thorsen, 304-326, 2. utgåve, (Oslo, Universitetsforlaget), s. 305.

85 Cohn (1967), s. 16.

86 Herf (2006), s. 10.

87 Cohn (1967), s. 194.

88 Cohn (1967), s. 210.

89 Sørlie (2015), s. 55.

90 HL-senteret, «Nasjonal Samling», sist endra 06.09.2013.

http://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord-under-nazismen/bakgrunn/aktorer/nasjonal-samling.html.

om desse forsvunne. Dette bidrog til at NS vart ei marignal kraft i norsk politikk heilt fram til det tyske overfallet i april 1940.91

Nazismen oppstod i Tyskland, og nazismen sin ideologi var basert på tanken om at eitt folk er betre enn alle andre og at ein leiar, eller «førar», skulle leie dette folket.92 NS sin ideo-logi hadde i 1933 visse likskapstrekk med verkeleg nazisme, men dei vart etterkvart enda meir tydeleg. Det manifisterte seg både i partiet si verksemd og partiet sin ideologi. Førar-prinsippet vart gjennomført med hierarkisk organisering av partiet, åtaka på paralmentaris-men og demokratiet vart intensivert, hetsen mot jødane auka og Hirden vart danna som ein elitetropp.93 NS etablerte ein nær kontakt med det tyske nazipartiet. På eit møte mellom Quis-ling og Hitler i desember 1939 vart det lagt planer for eit samarbeid ved ein tysk okkupasjon av Noreg. 9. April 1940 erklærte Quisling statskupp i ei radiotale. Han fastslo at regjeringa Nygaardsvold var avsatt og at han sjølv hadde utnemnd ei ny regjering. Quisling forkynte at all motstand mot dei tyske okkupantane skulle opphøyre og at folket skulle følgje direktiver frå den nye NS-regjeringa. Ei veke etter kuppet avsatte den tyske myndigheita Quisling si kupp-regjering. Sommaren 1940 brøyt forhandlingane om eit riksråd som norsk samarbeids-innstans med nazi-Tyskland saman, og Hitler trakk slutninga om å likevel satse på Quisling.

25. September 1940 erklærte rikskommissar Terboven NS som einaste lovlege parti. Han utnemnde samstundes tretten kommissariske statsrådar, kor ti av dei var eller vart NS-medlemmer.

I NS vart antisemittismen eit viktig element i verkelegeheitsoppfatninga utover 1930-talet.94 Paritiet var sterkt prega av Vidkun Quisling sine politiskreligiøse førestillingar. Ifølgje Sørlie spelte raseidear frå fyrste stund ei sentral rolle i partiet sin ideologi. Quisling la til grunn at ulikskapane mellom menneskerasane var sjølve drivkrafta i historia, og at den nor-diske rase utgjorde det mest verdifulle raseinnslaget. Mot slutten av 1930-talet var det ein tendens til at raseideane vart enda meir viktige hos Quisling. Desse forutsette at menneske-heitens eining berre kunne verte verkeleg mellom folkeslag med ein relasjon. Dette reflekter-te ein ideologisk glidning i retning av den tyske nasjonalsosialisme. I sisreflekter-te del av 1930-talet kan fiendebilete i NS i stor grad minne om det ein finn i Himmlers sin SS-organisasjon. Ein påfallande tendens er at jødane inntok ein stadig meir sentral rolle i dette fiendebilete. Frå

91 Sørlie (2015), s. 59.

92 HL-senteret, «Den tyske nazismen», sist endra 06.09.2013.

http://www.hlsenteret.no/kunnskapsbasen/folkemord/folkemord-under-nazismen/bakgrunn/ideologi/den-tyske-nazismen.html.

93 Brevig, Hans Olaf (2002), «NS – fra parti til sekt, 1933 – 1937». I Den norske facismen: Nasjonal Samling 1933-1940, av Hans Olaf Breivig og Ivo de Figueiredo, 19-108, (Oslo, Pax Forlag A/S) s. 45.

94 HL-senteret, «Nasjonal Samling».

1935 og særleg frå 1938 fann det stad ein markant endring.95 I boka Den norske facismen peikar de Figueiredo på at anisemittismen vart intensivert i NS sitt ideologisk univers frå 1938. NS såg allereie på den «internasjonale bolsjevismen» som ein gigantisk, verdsomspen-nande konspirasjon. Med ei enda tydelegare innføring av antisemittismen i partiet sin ideolo-gi, vart det konspirative trekket ved fiendebilete merkbart sterkare.96 Teorien om den jødiske verdssamansverjinga var svært omfattande og foreinte komponentar som ein nærmast ikkje kunne foreine, som til dømes Folkeforbundet, Frimurerlosjen og Jehovas Vitner.97 Materia-lismen vart i tiltakande grad framstilt som eit uttrykk for den «jødiske ande». Dei konspira-tive førestillingane om ein verdsomspennande kommunistisk samansverjing kraftig utvida og forsterka ved at jødane vart gjort til bindeleddet mellom partiet sine mange fiendar. Libera-lismen og marxismen vart frasmstilt som jødiske ideologiar og som reiskap for den «interna-sjonale jødedommen», og strebinga etter verdsherredømme. Jødane vart skulda for å stå bak

«partiuvesenet» og demokratier, det kulturelle forfallet og den aukande krigsfara. Mot slutten av 1930-talet vart frimureriet inkludert i aukande grad i partiet sitt fiendebilete. I tillegg var det ein tydeleg tendens til ei stadig sterkere overbevisning om at verda sto på terskelen til eit gigantisk apokalyptisk oppgjer mellom «de najonale reisinger», leia av det nasjonalsosialis-tiske Tyskland, og «det jødisk-bolsjevikiske Sovjetunionen».98

Det er særleg dei åra det var krig at antisemittismen spela ei stor rolle i NS. Hetland pei-kar på at eit sentralt motiv i propagandaen til NS under krigen, på same måte som i Tyskland, var at jødane stod bak krigen og alliansen mellom Sovjetunionen, Storbritannia og USA.

Quisling talte på ein konferanse i Frankfurt i mars 1941 og gav jødane skulda for at krigen var komen til Noreg. Det er ikkje tvil om at det i NS-pressa, hos fleire NS-leiarar og hos grupper på grasrota i partiet eksisterte ein radikal antisemittisme, der løysinga på problemet berre kunne vere at ein fjerna jødane fysisk. Hetland viser til at NS-propagandaen i det heile følgjer mønsteret frå Tyskland. «Det jødiske trugsmålet» vert skildra i dramatiske vendingar og det vert truga med radikale, men uspesifiserte tiltak.99

Sjølvsagt var ikkje NS så sameint ideolgisk som det her vert gitt uttrykk for, dette vil ein òg sjå når eg seinare i kapittelet gjer greie for Hirden og Hirdmannen. Sørensen skriv i boka Hitler eller Quisling at antisemittisme var akseptert i alle leire i NS under okkupasjonen, på

95 Sørlie (2015), s. 59-62.

96 de Figueiredo, Ivo (2002), «Nasjonal Samling 1937-1940». I Den norske facismen, av Brevig og de Figueire-do, 111-201, (Oslo, Pax Forlag A/S), s. 135; sjå òg Sørlie (2015), s. 62.

97 de Figueiredo (2002), s. 135.

98 Sørlie (2015), s. 62.

99 Hetland (2012), s. 14-17.

eit allment plan.100 Innslaget av antisemittisme kunne imidlertidig variere sterkt frå person til person i partiet. Det er ikkje vanskeleg å finne NS-medlemmer som ikkje viser særleg grad av antisemittisme.101