• No results found

England som hovudsete for jødane

3 Ei jødisk verdssamansverjing: «Den internasjonale jødedom fører en

4.3 England som hovudsete for jødane

I byrjinga av kapittelet vart det peika på at England si rolle i fiendebilete var underordna dane si rolle. Dette skildra eg i førre delkapittel. Liberalisme og kapitalisme vart knytt til jø-dane og i forlengiga av dette til England. Dette syner kor viktig ideologien er i denne førestil-linga. Samstundes var avisa prega av ein overtyding om at England var «jødedommens ho-vedbasis i Europa i dag.»259 Hirdmannen meinte at den jødiske verdsmakta hadde fått fotfeste i England. Det vere seg i pressa, staten, børs- og bankverksemnda, arbeiderrøsla eller frimu-rerlosjane:

Børs- og bankvirksomhet er fullstendig under deres kontoll. De eier eller kontrollerer pressen i alle

‘demokratiske’ land i verden, likeledes kringkasting, film og propagandamidler av enhver art. Den in-ternasjonale arbeiderbevegelse ledes av jøder. Det meste av verdens våben- og ammunisjonsproduksjon var av jødiske hender. Og alene den kjensgering at jødene er herrer i de ‘store’ demokratier England og U.S.A forteller med uhyggelig tydelighet hvilken uhyre makt den internasjonale jødedom besidder.260

Jødane i både USA og England vart attribuert mykje makt. Dette er eit bidrag til å forsterke ideen om at det er ein kamp om det ideologiske hegemoniet, jamfør frontkjemparane si over-bevisning. Jødane som ein maktfaktor gjorde dei til ein hovudfiende. I samband med forstå-inga av England, vart ofte USA nemnt. Sjølv om hovudfokuset i dette kapittelet ligg på «jø-deplutokratiet» i England, vel eg å ta med eit sitat om USA. Førestillinga om jødane si makt i

257 Hirdmannen, 01.01.1941, «Nasjonalsocialismen, vår tids arbeiderbevegelse».

258 Herf (2006), s. 311.

259 Hirdmannen, 01.01.1941, «Nasjonalsocialismen, vår tids arbeiderbevegelse».

260 Hirdmannen, 07.06.1941 «Jødespørsmålet».

England vart ofte samanlikna med USA. Hirdmannen peika på at begge desse to vart styrt av jødane:

En kan selvsagt ikke forstå engelsk politikk uten å vite hvem som har makten i England og i USA, i hvis lomme England er i dag. I begge stater er demokratiet bare et skjult for storfinansens og de øko-nomiske krefters herredømme. Og storkapitalen er for en stor del jødisk eller jødisk dirigert. Og jødene har forstått å plasere sin kapital akkurat der hvor den kan beherske samfunnslivet, fremfor alt i pres-se.261

Her vart det konstruert ei forståing av at jødane var dei som satt med makta i England. Ideen om at jødane stod bak pressa i dei liberalistiske samfunna var sentral i denne førestillinga. På den måten kunne ein forklare utsegn i den øvrige pressa som ikkje støtta opp om den verke-legheita Hirdmannen presenterte. Pressa var dirigert av jødane, som var ei øydeleggjande kraft, og det forklarte kvifor pressa ikkje stod på nasjonalsosialismen si side: «I det liberalka-pitalistiske samfunn tjener pressen alltid private interesser. Den såkalte pressefrihet gav bare plass for de ‘sannheter’ som verdens jødiske herrer fant det formålstjenelig å kunngjøre.»262 Dette er eit trekk ved subversjonsmytene. Dei undergravende kreftene er spesielle fordi dei har tilgang til ei kraft som overstyrer dei uskuldige sitt mentale forsvar. Det vert påstått at denne krafta er uimotståleg, slik at alle menneske er potensielle ofre. I innleiingskapitelet vart det gjort greie for at det i nokon subeversjonsmyter er eit informasjonsmonopol som fyller ein slik funksjon. Når all informasjon kjem frå ei kjelde vert folket fanga inn i tankar som vert fremja av media. I Hirdmannen vart det hevda at jødane styrte all presse i England og dei demokratiske statane, og at dette var ein måte jødane kan påverke på.

Ei anna side ved jødane si rolle i England var korleis dei hadde innfiltert frimurarlosjene.

Dette var ein idé som óg kom til uttrykk i førestillinga om den indre fiende i Noreg. Fri-mureiet vart forstått som eit reiskap jødane nytta seg av og ideen var at frimurarane og jødane hadde slått seg saman:

Foruten det blodmessige fellesskap, og foruten det intime økonomiske samarbeid som allerede gjen-nem århundrer har hersket mellem det engelske aristokrati og jødedommen, gis det også et tredje bånd som binder den engelske overklasse uløselig til jødedommen, nemlig det engelske frimureri.263

I kapittelet om den overordna ideen om ei verdsamanverjing vart det peika på det såkalla syndebukk-fenomenet. I artikkelen «Det engelske frimureri» vart det hevda at «også istand-kommelsen av den inneværende krig har nok Englands jødiske-frimureriske krefter utøvet sin

‘formålstjenelige’ innflytelse. Man kan i England i dag ikke mere skjelne mellem engelsk,

261 Hirdmannen, 12.07.1941, «Europas frihetskamp».

262 Hirdmannen, 26.06.1943, «Sannhet og sannhet».

263 Hirdmannen, 15.02.1941, «Det engelske frimureri».

jødisk og frimurerisk.»264 Den tette koplinga mellom jødane og det engelske frimueri prega førestillinga og den antisemittiske propagandaen retta mot «jødeplutokratiet». Verdsbilete til Hirdmannen kretsa rundt ideen om at det var jødane som var den store fiende og at: «Jødisk blod, jødisk kapital, jødisk ånd og jødisk frimueri har i en altfor høi grad satt sig fast i det engelsk høiaristokrati til at England kan være istand til å drive en nasjonal engelsk poli-tikk.»265 Dette syner overtydinga om at jødane stod bak alt i England og det viser til ideen om at England som nasjon hadde vorte undergravd av den «jødiske ande», som var ein metafy-sisk ide.

Tanken om den «jødiske ande» stod sterkt i avisa sitt forsøk på å integrere jødane og England. Førestillinga om ei sambinding mellom jødane, den engelske regjering og frimu-rerlosjene gjer dette til ei kompleks samansverjing. Tankegangen var likevel at ein kunne forstå alt ut fra jødane sin eksistens:

Da frimureriet på det mest intime er knyttet til jødedommen og den dag idag har et våbenskjold som består av rene jødiske symboler, så er det engelske frimureri det tredje bånd ved siden av det blodsmes-sige fellesskap og det økonomiske samarbeide, som binder den engelske overklasse uløselig til jøde-dommen. Det engelske frimureri er det frykteligste våben som den engelske regjering benytter sig av i sin kamp for å opprettholde, og ved givne anledninger å utvide det britiske Empire.266

I tillegg vart førestillinga om jødane og frimurarane knytt til kongehuset. Dette gav kampen mot England ein autoritet: «Ikke i noe rike i verden finner man et så intimt og sammensveiset forbund mellom frimurere, jødedom, adel og kongehus som i det britiske imperium. En rekke av de engelske konger har vært ledende frimurere, og så de engelske dronninger.»267 Dette sitatet er henta frå artikkelen «England- frimurernes ‘hellige land’». Bruken av omgrepet «det heilage land» er ein allusjon til Israel, som for jødedommen, kristendommen og islam vert omtala som «det heilage land». Dette viser korleis Hirdmannen såg på England som eit land der jødane fekk styre fritt og hadde nærmast all makt. Dette ser ein òg i dette dømet frå artik-kelen «Jødenes krig» i 1941:

Men så er det England. At det er jødene som bestemmer der, det er enda ukjent for mange til tross for at jødene selv ofte har kalt det bristiske imperium for Det nye Israel. Årsaken er muligens den at Eng-land er det ledende frimurerEng-land med over 400,000 frimurere, og London alene har 1260 frimurerlosjer.

I losjenes hemmelige sammenkomster er Englands skjebne avgjort. Den jødiske innflytelse er derved ikke blitt så åpenbar som i de to andre land.268

264 Hirdmannen, 19.04.1941, «Det engelske frimureri».

265 Hirdmannen, 19.04.1941, «Det engelske frimureri».

266 Hirdmannen, 19.04.1941, «Det engelske frimureri».

267 Hirdmannen, 04.02.1944, «England – frimurernes ‘hellige land’».

268 Hirdmannen, 23.08.1941, «Jødenes krig».

Bruken av allusjoner til jødedommen, som «Det nye Israel», bidrog til å markere ei enda tyd-legare samankopling mellom jødedomen og England. Samstundes er det ein språkleg kode for at det britiske imperium visstok skulle høyre til jødane og at dei styrte der. Ei anna side ved dette dømet er at det vart antyda at redaksjonen i Hirdmannen visste noko som få andre var klar over. Oppgåva deira var å gjere dette tydeleg for resten av verda. Som peika på fleire gonger er dette eit typisk trekk ved konspirasjonsteoriar: «Den siste tvil på riktigheten av den bestående intime forbindelse mellom jødedom og frimureri vil imidlertid forsvinne når vi engang tar for oss og betrakter det engelske frimureris våbenskjold. Det er i dag fastslått at dette våbenskjold er laget efter et utkast av en jøde.»269

Førestillinga om at det fanst ei sambinding mellom jødane og England var svært tydeleg i Hirdmannen: «I denne krig er der ingen forskjell mellem jøder og engelskmenn. Enhver englender er en jøde. Enhver jøde er en englender. Det britiske verdensrikes seier er Israels seier.»270 Peter Longrich peiker på at den påståtte avhengigheten til jødane var viktig i propa-gandaen mot den britiske krigsmotstanden i nazi-Tyskland. Standarduttrykket var at Storbri-tannia førte «krig mot jødane si makt».271 Jødane kontrollerte både kapitalismen og liberalis-men, og i tillegg presse og banksystem. Avisa forkynte i tillegg ein idé om at dei fysiske jø-dane hadde sterke posisjonar i England. På den måten vert jøjø-dane si rolle i England heilt spe-siell:

No meldes det fra London at den fullblodsjøde Samuel Joseph er blitt overborgermester i Imperiets ho-vedstad. Dermed har jødene åpenlyst besatt enda en nøklestilling i England. For hver dag som går bli det tydeligere at det alliertes krig er satt i gang hvor og drives av og for jødedommen, men hvor lege vil det enno vare før folket i England og USa våkner og kaster åket av?272

Jødane vart nytta til å forklare korleis England hadde fått den rolla dei hadde i krigen. Dei hadde infiltert det engelske samfunnet og gjort England til ein forkjempar for det jødiske verdsherredømmet. Dette viser tilbake til den overordna ideen om at det fanst ei jødisk verd-samansverjing.