• No results found

6. DEN TVITYDIGE ARENAEN

6.2 Når symbolspråket spriker

6.2.1 Daglegstova

Daglegstova i langtidsavdelinga er møblert på same måten som mange norske stover.

Her er både spisestovemøblar og salong. Andre møblar som indikerer at vi er i ei stove er: piano, TV, radio, blomar, sitjegruppe med salongbord og høgryggja lenestolar. Teikn som tyder på at rommet også er ei spisestove er: høge bord,

spisestovestolar og kjøkken vegg i vegg. Typen av møblar og møblering minner om det ein finn i ei daglegstove i ein vanleg norsk heim.

Salongen er plassert i ein ende av rommet og spisestovemøblane i den andre, nærast kjøkkenet. Salongbord og spisestovebord har ofte ein duk eller ei brikke til pynt, og blomar eller lysestake med stearinlys. Alle desse symbola peikar i retning av at daglegstova kan vere ein privat arena. Men det er likevel noko som ikkje stemmer, som gjer at ein ikkje vert overtydd om at ein er på ein privat arena. Det er noko med gjenstandane i rommet som gjer at inntrykket av å vere på ein privat arena ikkje er overbevisande. Både formen på møblane og mengda av møblar og ting gjer at ein berre med eit augekast er klar over at dette ikkje er ein vanleg privat arena. Nokre ting er det altfor mykje av, medan andre ting manglar.

Det er i grunnen berre ein ting det er for mykje av i rommet, det er spisebord, alt i alt er det fire spisebord i stova. Spiseborda er òg annleis enn dei ein finn i private

heimar, og minner mest om bord ein brukar på kontor eller i eit møterom. Det finnes ingen klaff til å slå dei ut eller plate til å legge i bordet slik ein oftast har privat. Eit spisebord i ein heim kan vanlegvis ”leve med” når talet på personar som skal bruke det endrar seg. Det kan ikkje dei spiseborda som er brukt her. Borda har noko statisk med seg, det er ikkje eit bord som kan endre form og storleik ved behov. Mengda av bord forstyrrar med ein gong biletet av stova som privat og gjev den eit meir

institusjonelt preg.

Det er ganske mange ting det er for lite av i rommet. For det første er det for få stolar sett i høve til talet på bord. Rundt dei fire spiseborda står berre seks stolar. Det største spisebordet, som står midt i rommet, verkar nakent med berre ein stol der det naturleg hadde vore plass til seks stolar. Stolen som står der verkar i tillegg tilfeldig og

asymmetrisk plassert ved bordet. Slik er det òg med dei andre borda. Borda verkar nakne både fordi det er så få stolar og fordi dei stolane som er der ikkje er plassert i eit system rundt bordet. Men sjølv med ei anna plassering vil det nok verke som det er for få stolar.

For det andre manglar det teppe på golva. I eit så stort rom ville ein i dei fleste private samanhengar ha både eit og to teppe. Det vanlegaste er å ha eit teppe under salongbordet og eit under spisebordet. I daglegstova er det tomt på golvet. Dette gjer at ein fort assosierer til eit venterom eller liknande type offentlege rom. Dette biletet vert forsterka av at rommet også manglar ei bokhylle eller ein veggseksjon der ein har bøker, pyntegjenstandar, aviser og liknande.

Ser ein litt nærare på sofaen og stolane rundt salongbordet har desse møblane ein design som minner meir om møblar i eit venterom enn i ei privat stove, med furu armlen og bein, og grønt trekk. På den andre sida er det òg stolar i rommet som verkar meir private. Det er dei tre høgrygga stolane som er plasserte i ein halvsirkel framfor TV. Høgrygga stolar framfor TV er vel ein av klassikarane i mange norske heimar, og desse tre stolane kunne godt vore plassert i ein vanleg privat heim.

Eit anna fenomen som gjer at daglegstova opplevast lite privat er mangelen på

familiebilete og pyntegjenstandar. Begge deler er sterke private symbol som så å seie er fråverande i dette rommet. Når ein bebuar sit på daglegstova kan han ikkje kvile blikket på bilete av familie og vener. Han kan heller ikkje feste blikket på ein duk eller ein pyntegjenstand det er knytt spesielle minne til. Det finst ikkje ein einaste ting i rommet som kan hjelpe bebuaren å halde fast i eigen identitet.

Sjølv om det heng eit par maleri i rommet, kan ikkje desse oppvege opplevinga av at rommet har noko offisielt over seg. Ingen av bebuarane i rommet har noko spesielt forhold til desse maleria. Dei har ikkje kjøpt dei sjølv, kanskje spart pengar, gått på utstilling og plukka ut nett dette biletet. Maleria blir upersonlege, utan

affeksjonsverdi, som eit maleri i ein offentleg bygning. Daglegstova manglar med andre ord den personlege berøring og tilhøyrigheit som til vanleg pregar ein privat arena.

Daglegstova er altså eit rom som inneheld ei rad symbol med motstridande signal.

Rommet gjev seg på ein måte ut for å vere ei privat stove, men møblering og utstyr minner like mykje om eit offentleg rom som for eksempel eit venterom. Dei symbola som finst i daglegstova er doble. Dersom desse symbola hadde vore plasserte i ei tydeleg privat setting, hadde dei fungert som private symbol. Slik dei blir brukt i daglegstova får dei ikkje privat gjennomslagskraft. Daglegstova blir eit slags venterom, utan privat berøring.

Opplevinga av daglegstova som eit venterom blir forsterka av at TV står på som bakgrunnslyd heile tida. Stort sett er det ingen som ser på TV, men det står alltid på, som for å maskere stilla i eit venterom der alle er framande for kvarandre. I tillegg inneheld daglegstova ein del forvirrande symbol som ikkje minner om andre typar rom, først og fremst dei nakne borda utan stolar.

Daglegstova framstår i denne første analyserunden verken som ein privat eller ein offentleg arena, den er begge deler på same tid, eller ingen av delene.