• No results found

Aktørar og arenaer i ei langtidsavdeling i sjukeheim

6. DEN TVITYDIGE ARENAEN

6.1 Aktørar og arenaer i ei langtidsavdeling i sjukeheim

6.1.1 Aktørar

I ei langtidsavdeling i sjukeheim er det, som vist i kapittel 5, fleire grupper aktørar.

Først og fremst bebuarane, dernest er det ei stor gruppe tilsette som dagleg arbeider i avdelinga. I tillegg er det ein del meir sporadiske aktørar på arenaen, så som

turarrangørane, festarrangørane, damene med kiosktralla og prest. Og sjølvsagt dei pårørande.

Bebuarane er hovudaktørane i denne studien. Det mest i iaugefallande kjenneteiknet ved bebuarane er at dei er svært reduserte fysisk sett. Den fysiske reduksjonen får store konsekvensar for bebuarane sine mogelegheiter til å flytte seg. Alle treng ein eller annan form for hjelpemiddel eller konkret hjelp frå personalet for å forflytte seg mellom dei ulike romma.

I tillegg til fysiske problem har over halvparten av bebuarane også problem med orienteringsevnene og minne. Det fører til at dei ikkje veit kvar dei er, eller kven som er rundt dei. Dei kjenner ikkje att verken personalet eller medbebuarar. Dei verkar anten forvirra og uroleg, eller svært trøytte og fleire av dei søv store deler av dagen.

Fleire av bebuarane har fysiske plager som vanskeleggjer kommunikasjon med andre.

Nokre av dei har òg problem med å finne dei rette orda når dei vil seie noko. Andre har så dårleg uttale av orda at det er svært vanskeleg å forstå kva dei seier. Fleire er i tillegg tunghørte.

Sosialt sett er bebuarane ei svært ulik gruppe. I avdelinga er det samla personar både frå bymiljø og bygdemiljø. Ingen av dei er i utgangspunktet venner eller slektningar, men eit par av dei kjenner til kvarandre frå før av. Sosialt sett ser det ut som dei har få felles berøringspunkt.

Den andre sentrale gruppa i langtidsavdelinga er dei tilsette. Personalet utgjer den største gruppe aktørar. Dei fleste av personalet er fast tilsette hjelpepleiarar og omsorgsarbeidarar, og to er sjukepleiarar. I tillegg til dei fast tilsette har avdelinga ein del gjesteaktørar. Først og fremst sjukepleiestudentar og omsorgselevar, men òg ein del vikarar som vert henta inn ved ferieavvikling eller ved sjukdom hos dei fast tilsette. Denne gruppa aktørar varierer sterkt i løpet av eit år. Studentar og elevar er i avdelinga vår og haust, medan vikarane kanskje er der oftast om sommaren, eller ved påske og juleferiar.

Dei tilsette er vanlegvis i avdelinga mellom seks til åtte timar samanhangande i løpet av eit døgn. På grunn av at ei sjukeheimsavdeling må ha personale til stades heile døgnet, må dei tilsette arbeide i turnus som for eksempel kan sjå slik ut: to

føremiddagsvakter, ein ettermiddag eller kveld, så ei nattevakt, for så å ha fri eit par dagar. Dette gjer at det heile tida er variasjon i kven av dei tilsette som er på arbeid.

Personalet er med andre ord innom avdelinga i eit fast strukturert mønster som varierer frå veke til veke.

Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved denne gruppa aktørar er at dei oppheld seg i avdelinga i avgrensa periodar. Dei blir der så å seie aldri utover den definerte arbeidstida. Eit anna viktig kjenneteikn er at personalet får betalt for å vere i avdelinga, dei byter arbeid for lønn.

Den tredje gruppa aktørar ein finn i ein sjukeheim er dei pårørande. I dette datamateriale var alle pårørande som vitja avdelinga i slekt med den dei vitja. I nesten alle tilfelle var det snakk om anten ektefelle, eller barn, og i eit tilfelle var òg barnebarn innom avdelinga. Det vart aldri observert at venner eller tidlegare

kollegaer vitja nokon av bebuarane.

Dei pårørande opptrer vanlegvis sporadisk i langtidsavdelinga. Det er store

variasjonar i kor ofte dei er i avdelinga. Medan enkelte kjem i eit fast mønster så ofte som annakvar dag, er andre der sporadisk kanskje ein gong i veka, eller ein gong i månaden eller enda sjeldnare.

Medan talet på besøk til kvar bebuar viste store variasjonar, var tida den enkelte pårørande brukte i avdelinga når dei først var der, meir lik. Det var svært sjeldan dei pårørande var i avdelinga over ein time ved kvart besøk. Sjølv om det var lang tid mellom besøka, varte altså ikkje besøket lenger enn for dei som var der ofte.

Eit anna særpreg ved pårørande som aktørar var at dei som regel berre hadde kontakt med den personen dei kom før å besøkje. Medan personalet har kontakt med alle bebuarane, konsentrerte dei pårørande seg om sine eigne. Det vanlege var at dei gjekk inn på daglegstova og henta sitt familiemedlem, for så å trille dei inn på bebuaren sitt rom og bli der.

Det ligg føre berre ein observasjon av ein pårørande som har kontakt med fleire bebuarar. Vedkommande blei sitjande i daglegstova saman med familiemedlemmen sin, og prata litt med fleire av dei andre bebuarane. Dette var ein pårørande til ein av dei bebuarane som hadde levd lengst i avdelinga.

6.1.2 Arenaene

Ei langtidsavdeling består av ei rad ulike rom. Daglegstove, korridor, bebuarane sine rom, vaktrom, lager, bad og kjøkken er dei viktigaste romma. Alle desse romma har ulik funksjon, og alle aktørane har ikkje like stor tilgang til alle romma.

For det første finst det rom som først og fremst er personalet sitt domene. Lager, badet og vaktrom er ein slik type rom. Til desse romma har ikkje bebuarar og pårørande tilgang utan vidare. Det betyr at dei på eige initiativ ikkje vil oppsøkje desse romma. Bebuarane eller pårørande vil først gå inn i desse romma dersom ein av personalet alt er der og inviterer dei inn.

Om lag same posisjon har kjøkken. Dette er òg eit rom som bebuarane først og fremst vil bruke saman med personalet. Kjøkkenet er likevel eit meir ope rom som både bebuarane og pårørande teoretisk sett kan bruke når dei vil, men det ligg ikkje føre ein einaste observasjon av at bebuarane brukte kjøkkenet på eige initiativ. Derimot hende det at pårørande iblant brukte kjøkkenet til å lage kaffi eller varme mat eller liknande. Men det var typisk for situasjonen at dei pårørande alltid spurde personalet om lov før dei tok i bruk kjøkkenet.

Daglegstova var det største og det mest brukte rommet i avdelinga. Mesteparten av dagen oppheld bebuarane seg i dette rommet. Det var her alle måltid vart servert og fellesaktivitetar vart gjennomførte. Døra mellom korridor og daglegstova stod alltid open. Både personalet, bebuarane og pårørande kunne fritt komme og gå i

daglegstova eller opphalde seg der. Teoretisk sett kunne alle som passerte gjennom korridoren gå inn i daglegstova i og med at døra alltid stod open.

Ein annan viktig arena i avdelinga er korridoren. Korridoren fungerte for det meste som ein trafikkåre. Her kan alle aktørane fritt bevege seg, i tillegg vart korridoren også brukt av andre tilsette i sjukeheimen som ikkje var knytt til denne avdelinga.

Alle bebuarane måtte gjennom korridoren på veg mellom eigne rom og daglegstova.

Den gruppa som brukte korridoren mest var personalet. Korridoren var bindeleddet mellom alle dei romma dei tilsette var innom i løpet av ein dag.

Den siste arenaen er bebuarane sine rom. Bebuarane hadde alle så nær som to, sine eigne rom. Kvar bebuar hadde fri tilgang til sitt eige rom, men ein bebuar kunne ikkje trille inn på ein av dei andre sine rom utan vidare. Det same gjaldt for dei pårørande.

Dei kunne fritt gå inn på rommet til sin familiemedlem, men ikkje på romma til medbebuarane. Det var likevel vanleg at pårørande banka på døra før dei gjekk inn.

Personalet, derimot kunne gå inn på alle bebuarromma. Det var vanleg at dei banka på døra når bebuaren var på rommet, men sat bebuaren i daglegstova, gjekk dei tilsette inn på romma utan å kontakte den aktuelle bebuaren først. Når bebuarane sat i daglegstova stod vanlegvis døra mellom romma og korridoren opne, slik at alle som gjekk forbi kunne sjå inn. Det hende òg at døra mellom rom og korridor stod open når bebuaren var inne på rommet sitt.