Biologisk mangfald i Bremanger kommune
Miljøfaglig Utredning, rapport 2004:2
Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2004:2
Utførende institusjon:
Miljøfaglig Utredning AS
Kontaktperson:
Geir Gaarder
ISBN-nummer:
82-92227-73-3
Prosjektansvarlig:
Geir Gaarder
Finansiert av:
Bremanger kommune
Dato:
Januar 2004
Referanse:
Gaarder, G. 2004. Biologisk mangfald i Bremanger kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2004:2.
Referat:
Som eit ledd i Stortinget sitt ønske om at alle kommuner skal kartlegge sitt biologiske mangfald, er det samla informasjon frå Bremanger kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hovudvekten av arbeidet er lagt på verdifulle naturtypar, men det er også satt saman ein del generell informasjon om naturtilhøva i kommunen og førekomst av raudlisteartar.
4 emneord:
Biologisk mangfald Raudlisteartar Kommune Registrering
Forord
Miljøfaglig Utredning ved Geir Gaarder har samla informasjon om det biologiske mangfaldet i Bremanger. Oppdraget er gitt av Bremanger kommune.
Hovudansvarlege for oppdragsgiver har vore fagkonsulent på skog Bjørn H. Marthinussen, som
får takk for god hjelp, m.a. til kart, litteratur, tips om nye lokalitetar og hjelp med nye registreringar.
Også andre i kommunen har vore til god hjelp, m.a. jordbrukssjef Einar Leira. I tillegg er det motteke viktig informasjon frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling.
Tingvoll, 08. mars 2004
Geir Gaarder
Innhald
Forord ... 3
Innhald ... 4
Samandrag ... 5
1 Bakgrunn ... 10
2 Metodar ... 11
2.1 Innsamling av informasjon ...11
2.2 Presentasjon ...11
2.3 Verdsetting ...12
2.4 Ordforklaringar ...14
3 Naturgrunnlaget ... 15
3.1 Historisk utforsking av Bremanger ...15
3.2 Klima og geologi ...17
4 Hovudnaturtypar ... 19
5 Lokalitetar ... 23
5.1 Nye lokalitetar...23
5.2 Endra lokalitetsnummer ...27
5.3 Verneområde ...29
6 Raudlisteartar ... 30
6.1 Raudlista insekt ...30
6.2 Raudlista karplanter ...30
6.3 Raudlista sopp, lav og moser ...31
7 Nye undersøkingar ... 35
8 Kjelder ... 38
8.1 Generell litteratur ...38
8.2 Litteratur om Bremanger ...38
8.3 Andre skriftlege kjelder ...40
8.4 Observatørar ...40
Vedlegg - artslister ... 41
Samandrag
Bakgrunn og formål
Det biologiske mangfaldet i Bremanger er kartlagt etter retningsliner frå Direktoratet for
naturforvaltning (1999a). Kommunen har vore ansvarleg for prosjektet og har brukt
konsulentfirmaet Miljøfaglig Utredning til å gjere det praktiske arbeidet. Hovudformålet med prosjektet har vore å få registrert kjente, verdifulle naturtypar i kommunen. I tillegg har det vore eit mål å få oversikt over kunnskapsnivået om mangfaldet, innbefatta potensielt verdifulle naturmiljø og sjeldne og truga artar.
Metoder
Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av naturtypar er brukt som rettesnor for arbeidet. Som databaseverktøy er Natur2000 brukt, medan lokalitetane er digitalisert med ØK (rasterkart) som bakgrunn.
Kunnskap om det biologiske mangfaldet er samla ved søk i skriftlege kjelder som litteratur, databaser, herbarium og dagboksnotat, ved kontakt med eksterne fagfolk og ved nye
feltregistreringar. Kvaliteten på registrerte artar og naturførekomster er vurdert, og naturområda er verdsatt som svært viktige (”A”), viktige (”B”), lokalt viktige (”C”) eller uten sikre naturverdiar . Resultata føreligg i form av denne rapporten, databasen og digitale kart for kjente lokalitetar.
Historisk utforsking av Bremanger
Bremanger er ein stor, variert og biologisk svært spennande kommune. Han har da også vore vitja av fleire naturfagleg interesserte folk utanifrå opp gjennom åra.
Dei første viktige undersøkingane vart utført på slutten av 1800-talet og fyrst på 1900-talet, av folk som særleg studerte karplanter og moser, som Ove Dahl, B. Kaalaas og E. Jørgensen. Alt da vart
mange av dei viktigaste og mest interessante lokalitetane og artane påvist.
Etter det var det meir stilt, men på 1950- og 60- talet kom det nokre nye undersøkingar av
karplanter, der særleg Finn Wischmann var sentral.
Dei siste ti-åra har det vore fleire og dels meir systematiske undersøkingar, der det er grunn til å trekkje fram ulike verneplanarbeider (særleg for barskog, sjøfugl og myr), samt kulturlandskaps- undersøkingane til Høgskulen i Sogn og Fjordane.
I tillegg kjem m.a. eit hovudfagsarbeid på råmekrevjande moser og nokre undersøkingar tilknytta planlagte inngrep, som skogsvegar, steinbrot og vindmøller. Til sist kjem våre eigne undersøkingar i 2002 og 2003, som har betra kunnskapen ytterlegare.
Dei fleste undersøkingane har vore retta mot virvelldyr, karplanter og moser, medan sopp og lav har vore omfatta av færre prosjekt. Virvellause dyr som insekt har knapt vore undersøkt i det heile.
Naturgrunnlaget
Bremanger dekker totalt 831 km2 land og ferskvatn. Kommunen ligg ut mot kysten og har store skilnader i klima og topografi. Berggrunnen er for det meste fattig, men det er mange eksempel rundt i kommunen på plantefunn som viser at det lokalt også finst rik berggrunn. Nedbøren er gjennomgåande høg til svært høg og Ålfotbreen i aust er kanskje den mest nedbørrike staden i Noreg. Dette visast også i artsmangfaldet, der kommunen har viktige førekomstar er fleire svært råmekrevjande moser og lav.
Kulturpåverknaden varierer mykje i Bremanger.
Store delar av kommunen, særleg i ytre delar, er prega av tidlegare omfattande bruk, der t.d. skogen har forsvunne og vorte erstatta med åpne
lyngheier. På den andre sida finst nokre av dei eldste og minst påverka furuskogane på
Vestlandet i Bremanger. I nyare tid har jordbruket gått sterkt tilbake, skogbruket har endra karakter og det har kome nye tiltak. Industriverksemda i
Svelgen har både ført til omfattande vassdragsreguleringer og lokalt markert luftureining. For tida er det satt i gang eit stort steinbrot, flere er under planlegging og det same gjeld planar om vindkraftverk. Alt dette påverkar det biologiske mangfaldet i kommunen i vesentleg grad.
Naturtypar i Bremanger
Alle dei syv hovednaturtypane førekjem i Bremanger; myr, rasmark/berg og kantkratt, fjell, kulturlandskap, ferskvatn/våtmark, skog og havstrand/kyst.
Myr er det ein del av, ikkje minst i ytre strøk og i dalføret vest for Ålfoten. Det er mange små og fattige myrer, men også innslag av biologisk verdifulle rikmyrer og terrengdekkjande myrer. To område er føreslege verna som naturreservat.
Kommunen har ein del berg, rasmark og kantkratt under skoggrensa. Mange av dei
sørvendte miljøa er nok artsfattige og trivielle, sjølv om verdifulle lokalitetar finst. Derimot har
kommunen god førekomst av fuktige, nordvendte bergvegger og blokkmark med innslag av
råmekrevjande moser og lav, og Bremanger har eit nasjonalt forvaltningsansvar for denne naturtypen.
Fjell har Bremanger mykje av, og i det minste i området mellom Ålfoten og Rugsundet finst det også parti med artsrik, verdifull fjellvegetasjon.
M.a. har fleire artar vestgrensa si her.
Kulturlandskapet er ein viktig naturtype i kommunen, men diverre er mykje av det i attgroing eller så intensivt dreve at dei biologiske verdiane er små. Fleire svært verdifulle lokalitetar finst likevel, særleg som naturbeitemarker, t.d. i Nordbotnen.
Også av lynghei og slåtteenger er det verdifulle miljø, men desse treng sårt betre skjøtsel, og m.a.
bør planar for å ta vare på verdiane ved Ytre Grotle og i Vetvika utarbeidast og iverksettjast så snart som råd.
Ferskvatna og våtmarkene i Bremanger er det mange av, men dei er i all hovudsak fattige på
næring og artar. Dei blir difor i liten grad fanga opp av denne kartleggjinga. Eit par mindre vatn i låglandet er likevel kartlagt da dei inneheld sjeldsynte planter. Tidlegare har kommunen hatt store verdiar knytt til fossefall, men dei fleste (alle?) ser ut til å ha vorte sterkt forringa eller gått tapt som følgje av vassdragsreguleringar.
Skog dekkjer store areal i kommunen, særleg i midtre og indre delar. Mykje av skogen er ganske ung, fattig og triviell, men det finst også fleire eksempel på svært verdifulle skogsmiljø. Særleg er det grunn til å trekkje fram dei gamle
kystfuruskogane, som finst fleire stader på fastlandssida, og der eit område er verna aust for Svelgen. I tillegg har kommunen ein del gamle ospeskogar, dels fuktige med innslag av råmekrevjande regnskogslav. Det er ellers store verdiar knytt til rike hasselkratt og storvaksen lindeskog. Også andre treslag som eik, svartor, kristtorn og barlind gjer grunnlag for verdifulle skogsmiljø.
Kommunen har ei lang kystline, men det meste av denne er berre ei smal kantsone mot sjøen med svaberg og grov rullesteins-strand. Fleire døme på verdifulle havstrand-miljø finst likevel, der særleg sanddynene og sandstrendene på
Bremangerlandet har stor verdi. I tillegg kjem både brakkvasspoller, brakkvassdelta og strandenger.
Ved bevaring av biologisk mangfald i Bremanger er det grunn til å trekkje fram kommunen sitt ansvar for å ta vare på gamle furuskogar, fuktige ospeskogar, nordvendte kystberg, sanddyner og sandstrender.
Verdifulle naturområde
I alt er det påvist 94 verdifulle naturområde i Bremanger med grunnlag i DN (1999a) sitt system, sjå Figur 1. Av desse var rundt 1/3 av lokalitetane kjent for styresmaktene gjennom Fylkesmannen sin naturbase. Nedafor er områda fordelt etter naturtypar og verdi. Storleiken varierar mykje mellom lokalitetane.
Tabell 1
Verdifulle naturområde i Bremanger fordelt på naturtypar og verdi. A=svært viktig, B=viktig, C=lokalt viktig og U=uprioritert.
Naturtype Verdi
A B C U
Myr
Intakt låglandsmyr 1
Rikmyr 1 1
Andre viktige førekomster 1
Rasmark, berg og kantkratt
Sørvendt berg og rasmark 1
Nordvendt berg og rasmark 8 4 1
Ultrabasisk og tungmetallrik mark under skoggrensa 1
Fjell
Kalkrike område i fjellet 5
Kulturlandskap
Slåtteenger 1 2 3 1
Naturbeitemark 5 6 5
Kystlynghei 2 2
Store gamle tre 1 1
Ferskvatn/ våtmark
Andre viktige førekomster 4
Skog
Rik edellauvskog 3 2 1
Gammal lauvskog 5 6
Urskog/gammalskog 3
Kystfuruskog 1
Andre viktige førekomster 1 1
Havstrand/kyst
Brakkvasspoll 2
Brakkvassdelta 1
Sanddyner 1
Sandstrender 2 1
Strandeng og strandsump 1
Andre viktige førekomster 6
Sum 36 34 17 7
Raudlisteartar i Bremanger
Opplysningar om karplanter, lav, moser og sopp i Bremanger er samla frå litteratur, herbarium, databaser og eigne feltunder-søkingar dei to siste åra. Kunnskapen om raudlisteartar i kommunen har generelt vore dårleg tidlegare. Det er fortsatt store mangler, men det vart registrert ein del nytt i 2002 og 2003, særleg for sopp og lav. Vårt feltarbeid førte til at antal artar vart firedobla og
antall funn auka med 60%. To svært sjeldsynte sopp som hittil ikkje har vore vurdert for den nasjonale raudlista vart også funne
(ametystkantarell og Entoloma nausiosmus).
Manglane er størst for dei største og viktigaste organismegruppene – insekt/virvellause dyr og sopp, men er også dårleg for moser og dels lav og karplanter. T.d. vil nye undersøkingar i
kulturlandskap og skog i ein god soppsesong opplagt gi funn av fleire nye raudlista sopp.
Tabell 2
Førekomst av raudlisteartar i Bremanger kommune.
Oversikten er ut frå data innlagt i Natur2000, med eit par supplement. Raudlistekategoriane er: E (direkte truga), V (sårbar), R (sjeldsynt), DC (omsynskrevjande) og DM (bør overvakast).
Organisme- gruppe
Artar Raudlistekategori
E V R DC DM
Karplanter 4 1 1 2
Moser 3 1 2
Sopp 26 1 3 6 16
Lav 6 2 4
Sum 39 1 7 7 22 2
Trong for nye undersøkingar
Sjølv om det i dette prosjektet er samla mykje data om det biologiske mangfaldet i Bremanger, trengs det fortsatt meir kunnskap. Etter feltarbeidet er våre erfaringar at det var ganske lett å finne nye viktige og svært viktige lokalitetar i kommunen. Vi tilrår at kartleggjinga framover blir retta mot nokre felt. Desse er nedafor oppgitt i prioritert rekkefølge og organismegrupper som det er spesielt viktig å fange opp innafor typane er satt opp i parentes.
Systematisk og grundig kartleggjing av biologisk verdifulle skogsmiljø, der det blir lagt spesiell vekt på følgjande skogtypar; gammal furuskog (vedbuande sopp, levermoser), rik edellauvskog med lind og hassel
(marklevande sopp, karplanter) og gammal ospeskog (lav, holerugande fugl).
Systematisk kartleggjing av verdifulle kulturlandskap. Spesielt bør det bli leita etter naturbeitemarker (sopp, planter) som truleg har vore lite gjødsla tidlegare.
Registrering av rikmyr, ikkje minst i dalføret vest for Ålfoten.
Registrering av nordvendte og fuktige berg og rasmarker (moser, lav).
Kartleggjing av uregulerte fossefall (moser).
Ein må rekne med at mange verdifulle
naturførekomstar i Bremanger enno ikkje er kjent.
Nye kartleggjingar bør difor prioriterast høgt. Fram til slike er føreteke, bør kommunen være varsam med å tillate arealinngrep som kan vere skadelege, utan kartleggjingar på førehand.
1 Bakgrunn
I Stortingsmelding nr. 58 om berekraftig utvikling (Miljøverndepartementet 1997) har Stortinget vedteke at
«alle landets kommuner skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfaldet på kommunens areal i løpet av år 2003». Direktoratet for naturforvaltning har laga ei handbok til hjelp for kommunene i arbeidet (Direktoratet for naturforvaltning 1999a). Medan nabokommunane i Nordfjord gjorde denne jobben i løpet av 2001 og 2002, avventa Bremanger situasjonen litt. I 2003 vedtok kommunen å starte opp, og dei knytta til seg Miljøfaglig Utredning som konsulentselskap. Kontaktperson og ansvarleg for kommunen har heile tida vore fagkonsulent på skog Bjørn H. Marthinussen.
Kartleggjinga skal være av lokalitetar med verdifulle naturtypar. Viktige utvalgskriterium er (Direktoratet for naturforvaltning 1999a):
førekomst av raudlisteartar (artar på DN 1999b si liste over truga og sjeldsynte artar )
kontinuitetsområde
artsrike naturtypar
sjeldsynte naturtypar
viktig biologisk funksjon
spesialiserte artar og samfunn
naturtypar med høg produksjon
naturtypar som går sterkt attende
Kartleggjinga har imidlertid ikkje som mål å:
få ei total oversikt over alle kjente artar (vanlege artar vert ikkje registrerte)
få total oversikt for alt areal (vanlege naturtypar vert ikkje registrerte)
kartleggje artar (artar skal i fyrste rekkje registrerast innafor verdifulle naturtypar) Kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Bremanger har vorte bygd opp gjennom lang tid.
Denne informasjonen er spredt på ulike institusjonar og kjelder. Statleg og kommunal forvaltning har hatt kjennskap til mykje av denne informasjonen, men fleire viktige kjelder har ikkje vorte fullt utnytta. Målet med dette prosjektet har både vore å få ein oppdatert og meir samla oversikt over kommunen sine naturverdiar og kunnskapen omkring dei, og utføre ny kartleggjing i den grad ressursa tillet dette. Kunnskapsmanglane er likevel fortsatt store. Det er opplagt mange lokalitetar som ikkje er fanga opp, og sjølv innafor kartlagte område er kunnskapen om
artsmangfaldet ofte mangelfull. Det krevst vesentleg større kartleggjingsressursar før
Bremanger kommune har god nok kunnskap til å få ei forvaltning som tek vare på det biologiske mangfaldet.
2 Metodar
Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av biologisk mangfald har vore rettesnor for arbeidet. Kva slags naturtypar som skal
registrerast, verdsetjast og leggast fram, har vore styrt av metodane i handboka. Ho deler norsk natur inn i 7 hovudtypar og har valt ut 56 naturtypar innafor desse som skal prioriterast. Også handboka sitt verdsettingssystem er følgt, samt at alle lokalitetar er lagt inn i ein eigen database. Som databaseverktøy er NaturkartDA sin base Natur2000 brukt (grunnlagt på programmet FileMakerPro).
Sidan kommunen ikkje har skaffe seg denne databasen enno, er uskrifter og regneark med sentrale opplysningar levert kommunen.
Digitalisering av lokalitetar kartfesta på
økonomiske kart er utført i dataprogrammet ArcWiew og overlevert kommunen i SOSI-format.
DN har i si rettleiing lagt særleg vekt på at ein skal få fram eksisterande kunnskap og i mindre grad utføre nye undersøkingar. Dette er følgt opp i Bremanger ved innsamling av litteratur og sjekk av andre kjelder. Det skriftlege materialet er ikkje særleg omfattande for Bremanger, og det er difor også utført ein del feltarbeid. Dette foregikk i 2002 og 2003.
Under feltarbeidet har det vorte samla inn belegg av nokre interessante artar som er oversendt botanisk museum i Oslo. Artsomtaler er ut frå vanleg, gjeldande namnsettjing og systematikk for dei ulike artsgruppene.
2.1 Innsamling av informasjon
Kunnskapskjeldene om det biologiske mangfaldet i Bremanger er summert i kapittel 8. Det er 3 hovedtypar kjelder:
skriftlege kjelder
personlege meldingar
nye registreringar
Dei skriftlege kjeldene kan delast inn i:
litteratur (verneplanarbeid, rapporter frå ulike forvaltningstilknytta prosjekt, referat frå utferdar, ulike biologisk retta registreringsnotat, rapportar og artikler)
databaser (databasene til botanisk museum i Bergen og Oslo for sopp, lav og karplanter) Dei personlege meldingane er lista opp i kapittel 8.4, saman med ei oversikt over andre fagfolk som har vitja kommunen. Det dreier seg i fyrste rekkje om fagfolk busett utafor kommunen.
Nye registreringar vart gjennomførte i 2002 og 2003, og gav både meir informasjon om kjente lokalitetar og fleire funn av nye, verdifulle område. I kapittel 7 er det gitt eit oversyn over aktuelle lokalitetar som enno ikkje er undersøkt.
2.2 Presentasjon
Prosjektet har gitt 3 hovedprodukt:
Denne rapporten
Database oppbygd i Natur2000 med alle registrerte og prioriterte lokalitetar innlagt, med opplysningar om m.a. stad, verdi, kjente naturkvalitetar og kjelder
Digitalt kart med innlagte lokalitetar
Denne rapporten er bygd opp på tradisjonelt vis med forord, innhald, samandrag, innleiing, materiale og metodar samt framvising av resultat og kjelder.
Resultata omfatter:
ein generell del om naturgrunnlaget og naturtypane i Bremanger
ein spesiell del med utskrift av lokalitetane i databasen
ein spesiell del som viser funn av raudlisteartar i kommunen.
Databasen er bygd opp ved hjelp av såkalla moduler, der den grunnleggande eininga er
lokalitetsbasen som fastlegg lokaliteten sitt namn og nummer, koordinater for sentralpunkt i lokaliteten, samt opplysningar om hovudnaturtype,
grunneigartilhøve og kartblad. Deretter kan ein gå inn i andre baser og leggje inn opplysningar om naturmiljø og artsmangfald, men ut frå lokalitetane brukt i lokalitetsbasen.
Naturtypebasen vert nytta for å leggje inn prioritert naturtype etter DN sitt system, vegetasjonstypar, områdeskildring og forslag til skjøtsel og omsyn. Vanlegvis har vi også lagt inn ei vurdering av grannsemd på avgrensinga av lokalitetane, samt grunngjeving av verdsettinga.
I tillegg kjem tre artsdatabaser. Viltbasen inneheld funn av virvelldyr, karplantebasen av karplanter og basen for andre arter tek for seg lav, moser, sopp og virvellause dyr.
Desse basene fokuserer på artene, der det for kvart artsfunn står opplysningar om lokalitet, funndato, finner, mengde, kvalitetsvurdering m.m.
2.3 Verdsetting
Alle lokalitetar er verdsatt etter Direktoratet for naturforvaltning (1999a) sitt system, som deler inn lokalitetane i viktige («B») og svært viktige («A») område. I tillegg kjem område av lokal betydning («C») som Direktoratet for naturforvaltning (1999c) har føyd til i etterkant av handbokarbeidet.
DN har satt opp 5 kriterium for verdsetting av lokalitetane:
storleik og utviklingsgrad (verdien stig med aukande areal og utviklingsgraden)
grad av tekniske inngrep (tekniske inngrep reduserer verdien)
førekomst av raudlisteartar (verdien auker med mengde og omfang av trugsmål)
preg av kontinuitet (verdien auker med miljøet sin alder)
sjeldsynte utformingar (nasjonalt og regionalt) Vi har prøvd å følgje rettleiinga frå DN ved verdsetting av lokalitetane så godt som råd.
Grunnen er ikkje minst fordi ein da får mest mogeleg like resultat mellom kommunane og uavhengig av kvem som utfører arbeidet. Noko skjønn er likevel ofte naudsynt, slik at ein kan ikkje utelukke at andre fagfolk i einskilde tilfelle ville ha satt ein annan verdi på lokalitetane. Eit avvik frå tilrådingane om verdisetting i handboka, er at lokaliteter med førekomst av lind får ikkje automatisk verdi svært viktig (A). Til det rekner vi arten som for vanleg i regionen. Vi har elles tolka handboka slik at førekomst av raudlisteartar i kategori direkte truga, sårbar og sjeldsynt automatisk gir verdi svært viktig (A), medan kategori omsynskrevjande automatisk minst gir verdi viktig (B). Avvik frå dette blir kommentert i kvart tilfelle.
Førekomst av raudlisteartar er ofte eit vesentleg kriterium for å rekne ein lokalitet som viktig eller svært viktig, og i handboka til Direktoratet for naturforvaltning (1999a) har også raudlisteartar fått direkte verdi som viktige (artar i kategoriane omsynskrevjande og bør overvakast) eller svært viktige (artane i kategoriane direkte truga, sårbar og sjeldsynt). Raudlistekategoriane sin rangering og forkortingar er (med engelsk namn i parentes) :
Ex – utrydda (extinct)
E – direkte truga (endangered) V – sårbar (vulnerable) R – sjeldsynt (rare)
DC – omsynskrevjande (declining, care demanding) DM – bør overvakast (declining, monitoring species)
For øvrig vil vi vise til Direktoratet for naturforvaltning (1999b) si nye raudliste for nærare forklaring av inndeling, metodar og artsutval i den norske raudlista. Der er det også kortfatta omtaler av miljø artane lever i og viktige trugsmål.
Figur 2. Vetvika er eit av dei mest interessante naturmiljøa i Bremanger. Området er ikkje berre
naturskjønt, men har også ei av dei best bevarte og verdifulle sanddynene på Nordvestlandet. I
tillegg er det artsrike, nordvendte kystberg.
2.4 Ordforklaringar
Her følgjer korte forklaringar på ein del ord og uttrykk som av og til blir brukt ved kartleggjing av biologisk mangfald.
Beitemarkssopp: Marklevande sopp som er knytta til lite gjødsla og jordbearbeida grasmarker med langvarig hevd. Dei har difor eit tyngdepunkt i utbreiinga i naturbeitemarker og naturenger.
Biologisk mangfald: Dette er mangfaldet av alt levande. Uttrykket skal omfatte både variasjonen av naturtypar, av artar og mellom artar (genetisk variasjon). Det blir ofte fokusert sterkt på å ta vare på artsmangfaldet, men det er viktig å få med seg at vi også må ta vare på variasjonen av naturtypar, sjølv om desse ikkje alltid er spesielt artsrike eller inneheld truga artar , og at vi ikkje berre må ta vare på levedyktige bestander av ein art, men også den naturlege, genetiske variasjonen til arten.
Naturbeitemark: Gammal beitemark som er lite jordbearbeida, lite gjødsla og har vore i langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der mangfaldet treng fortsatt tradisjonell skjøtsel for å overleve.
Natureng/slåtteeng: Gamle slåttemarker som har vore lite jordbearbeida, lite gjødsla og med langvarig hevd. Dette er artsrike miljøer der mangfaldet treng fortsatt tradisjonell skjøtsel for å overleve.
Naturtype: Naturtypar er eit praktisk,
forvaltningsretta verktøy for å kunne dele inn naturen i eininger eigna til avgrensing og kartleggjing.
Direktoratet for naturforvaltning (1999a) seier det slik i samband med den kommunale kartleggjinga:
"Naturtypene er et slags felles multiplum der en prøver å fange opp alle de viktigste variasjoner på økosystemnivå". Inndelinga er grunnlagt på biologi, men er utan nokon einskapleg naturfagleg basis. Det faglege grunnlaget og vinklinga på dei kartlagte naturtypane varierer difor. Vi må rekne med at inndeling og system kan bli endra etter kvart som det blir betre kunnskap og erfaring med systemet.
Nøkkelelement: Dette er element av stor verdi for mangfaldet. I skog gjeld det m.a. gamle, grove tre, hule tre, bergvegger, grove steinblokker og kjelder. I kulturlandskapet kan det m.a. vere store tuntre, dammer, åkerholmer og små bekkedrag.
Raudliste: Sjå eigen oversikt i kapittel 2.3.
Raudlister gir ingen fasit for status til artsmangfaldet og dei fanger ikkje opp heile variasjonen til det biologiske mangfaldet. Dei har likevel vist seg å få meget stor gjennomslagskraft i miljøforvaltningen i de senere årene, m.a. fordi dei er oversiktlege, konkrete, dei rangsjerer artane og dei gir høve til å samanlikna artar og område.
Signalart: Ein art som indikerer miljøer med høge naturverdiar .
Vegetasjonstypar: Dette er samfunn av planter som stiller ganske like krav til næring og råme, og dei same artane går att der desse tilhøva finst. Sjå Fremstad (1997) for nærare forklaring og
oppbygging av kartleggjingssystem.
3 Naturgrunnlaget
Her legg vi fram grunnlaget for kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Bremanger.
3.1 Historisk utforsking av Bremanger
Bremanger er nok ikkje av av dei kommunane i Sogn og Fjordane som er best kjent for sitt
biologiske mangfald. Likevel har det vore jamnt med fagfolk som har vitja kommunen opp gjennom åra og mykje av interesse har vore funnen.
Både geografisk og fagleg har undersøkingane vore sprette. Likevel er det nok karplantefloraen og ytre og nordre delar av kommunen som er best kjent. I tillegg til planter har det også vore gjort relativt mykje undersøkingar av moser i Bremanger, på ulike stader og av fleire fagfolk. Sopp, lav og helst også virvellause dyr har derimot i liten grad fått merksemd. Geografisk er det nok sørlege delen av kommunen og areala opp mot Ålfotbreen som er minst kjente. Einskilde område, som Grotle og Marøya har vore vitja av såpass mange fagfolk og over lang tid slik at dei kan reknast som ”klassiske”
botaniske lokalitetar.
Undersøkingane har også vore fordelte på ulike på hovudnaturtypar. Mest merksemd har nok skogsmiljøa, kulturlandskapet og havstrendene fått, medan fjellområda og ferskvatn er dårlegare botanisk kjent. Samla sett veit vi nå ganske mykje om hovudtrekka i naturtilhøva i kommunen, men det står mykje att på detaljane.
1800-1970
Nokre av dei viktigaste og mest omfattande
undersøkingane i Bremanger vart gjort av den kjente botanikaren Ove Dahl på slutten av 1800-talet (Dahl 1896, 1898). Han registrerte karplanter fleire stader i nordre del av kommunen, m.a. ved Davik,
Rugsundet (inkludert Marøya og Bortnen), Hornelen, Berlepollen, Grotle, Kalvåg og Vetvika. Han var likevel ikkje den første botanikaren i kommunen, men viser m.a. til fagfolk som B. Kaalaas, R. Fridtz og Krog, som alle var der tidlegare på 1800-talet.
Tidleg på 1900-talet er det særleg grunn til å trekkje fram ein av våre viktigaste mose-ekspertar – E. Jørgensen – som vitja fleire av fjordliane rundt Ålfoten (både på vest- og nordsida) og der fann mange interessante og sjeldsynte artar (Jørgensen 1934).
Seinare vart det noko meir stilt, men på 1950- og dels 60-talet utførte Finn Wischmann ein del registreringar i nordre del av kommunen (jfr.
Danielsen 1970), og han var også oppe i fjellet.
Også Eilif Dahl (Dahl 1954), Knut Fægri og Jakob Naustdal vitja kommunen i denne perioden.
1970-2001
Kunnskapen om naturen i Bremanger og omfanget av undersøkingar har auka ein god del dei siste ti- åra. Viktige registreringar har vore gjort både tilknytta generelle temaundersøkingar, verneplanarbeider og utbyggingsplanar.
I kulturlandskapet har Høgskulen i Sogn og Fjordane sin kartleggjing vore viktig (Helle 1990), medan det for skogsmiljøa særleg har vore Moe (1994) sin barskogskartleggjing og Lindmo m.fl.
(1991) sin kartleggjing av barlind og kristtorn som er av interesse. I tillegg kommer kartleggjing av myr (Moen & Olsen 1983, Anonby 2001) og lynghei (Fremstad m.fl. 1991). Overraskande lite ser ut til å ha vore gjort tilknytta vassdrag, men nokre avgrensa undersøkingar av Lingaas (1985) og Anonby (1984) kan nemnast.
I dei siste åra har det også kome fram noko nytt gjennom ulike planlagte tiltak i kommunen, som vindkraftverk og steinbrot (AsplanViak 2002, Pedersen 2001, Losvik 2003).
Det er likevel ikkje til å kome utanom at feltarbeidet som vart gjort under kartleggjinga av mangfaldet i Bremanger i 2002 og 2003 (v/ Bjørn Harald Larsen og Geir Gaarder frå Miljøfaglig Utredning) har gitt mykje ny kunnskap. Da vart både karplanter, lav, moser og sopp registrert, i fyrste rekkje innafor hovudnaturtypane kulturlandskap og
skog, men også i nokon grad havstrand, kystfjell og våtmark. Mange tidlegare ukjente lokalitetar og artar vart da påvist, noko som kjem fram m.a. av kapittel 5 og 6.
Figur 3. Ytre Grotle med sandstrender og holmer. Dette er ein klassisk lokalitet vitja av fleire
botanikere i over 100 år. Nokre av holmane og indre delar av sandstranda har ein verdfull
vegetasjon med til dels svært sjeldsynte artar. I forgrunnen til høgre kan ein også sjå litt av den
artsrike naturbeitemarka som ligg ovafor busetnaden.
3.2 Klima og geologi
Topografi
Bremanger ligg ut mot kysten med store
høgdeskilnader, mange øyer og ei lang og variert kystline. I tillegg kjem Ålfotbreen som dekkjer høgareliggande fjellparti i indre delar av kommunen.
Det er mange små og middels store vatn, bekker og elver, men i austre delar er ein god del av desse sterkt påverka av vassdragsreguleringar.
Tabell 3
Nokre arealtal (i km2) for Bremanger kommune (ut frå arealstatistikk til Fylkesmannen si landbruksavdeling og Statens kartverk).
Tema Areal
Fordeling i høgdelag (ferskvatn er ikkje med)
0-300 m o.h. 331 300-600 m o.h. 244 600-900 m o.h. 116 900-1200 m o.h. 85 1200-1500 m o.h. 47 1500-1800 m o.h. 8 Naturmiljø
(for myr er truleg berre areal under
skoggrensa oppgitt)
Jordbruksområde 14 Drivverdig skog 80 Herav kulturskog 25
Ferskvatn 26
Myr 6
Isbreer ?
Totalareal Landareal + ferskvatn
831
Berggrunn og lausmassar
Det geologiske kartet over Måløy (Kildal 1970) dekkjer kommunen. Det syner at heile
fastlandsdelen kommunen frå Førdefjorden og Vingen i nord, samt Hornelen og Marøya, består av bergartar frå devonsk alder (konglomerat og sandstein).
Resten av kommunen (øyane og områda rundt Davik og Rugsundet) har ein meir kompleks og variert berggrunn. Det meste er i utgangspunktet fattig berggrunn med mykje granitt, kvartsitt og gneis.
Meir interessant er mindre førekomster av olivinberg vest for Davik som gjer grunnlag for ein fattig, men særprega flora, og band med
fylitt/glimmerskifer og grønstein over
Bremangerlandet og Frøya. Desse kan gje grunnlag for ein kravfull og interessant flora. På nordspissen av Frøya, ved Nesje, skal det også vere innslag av kalkstein, utan at det er kjent spesielle artar her som følgje av det. På den andre sida er det fleire stader både i høgfjellet og låglandet kjent førekomster av kalkkrevjande planter innafor områda med
tilynelatande svært fattig konglomerat og sandstein, slik at lokalt er det tydeleg at berggrunnen er mykje meir variert enn det som kjem fram av dei grove oversiktskarta.
Klima
Bremanger ligg heilt ute på kysten og er samtidig rikt på høge fjell. Både det høgaste fjellet utafor
fastlandet på Vestlandet (Hornelen) og den einaste større brea ute mot kysten av landsdelen
(Ålfotbreen) ligg i kommunen.
Dette gir grunnlag for store mengder nedbør, og Ålfotbreen er truleg den mest nedbørrike staden i Noreg. Også andre stader i kommunen fell det mykje regn og tilhøva for råmekrevjande artar er generelt svært god. På den andre sida så finn ein få meir tørketolerante artar, og desse veks helst i låglandet ute på kysten. Årsaken er at det er her det kjem minst nedbør, samtidig som varmen og fordampinga er relativt stor.
Det oppstykkja og varierte terrenget, dei store høgdeskilnadene og og variasjon i hellningsretninger auker dei klimatiske skilnadene. Sjølv om klimaet i hovudtrekk er fuktig, kjølig og oseanisk, får ein difor inn markerte varmekjære trekk i mangfaldet i sørvendte lier i låglandet, og t.d. trivst mange såkalla edellauvskogsartar godt i kommunen.
Tabell 4
Klimatiske og vegetasjonsgeografiske data for Bremanger kommune.
Tema Utbreiing Kjelde
Nedbør 1500-2000 mm i året
Dei ytterste delane av kommunen
Aune &
DNMI 1993 2000-2500 mm i
året
Store delar av kommunen under skoggrensa 2500-3000 mm i
året
Mykje av høgareliggjande fjellområde 3000-4000 mm i
året
Fjell på og rundt Ålfotbreen Over 4000 mm i
året
Sentrale delen av Ålfotbreen Temper-atur +2 o til 0 o i januar Bremangerlandet og
Frøya
Førland &
DNMI 1993 0 o til –4 o i januar Resten av kommunen
under skoggrensa -4 o til –12 o i
januar
Fjellområda i indre strøk
+12 o - +14 o i juli Låglandet +8 o - +12 o i juli Snaufjellet Vegetas-
jonssone
Boreonemoral Låglandet ut mot kysten Moen 1998
Sørboreal Lågland i midtre og indre delar
Mellomboreal Høgareliggjande skogsområde
Alpin Snaufjell over 300-600 m o.h.
Vegetasj- onsseksjon
Sterkt oseanisk, vintermild under seksjon (O3t)
Dei ytterste delane av kommunen
Moen 1998
Sterkt oseanisk, humid under- seksjon (O3h)
Det meste av kommunen
Klart oseanisk sekjson (O2)
Lågland ut mot Nordfjorden
4 Hovudnaturtypar
Bremanger har alle dei 7 hovudnaturtypane som Direktoratet for naturforvaltning (1999a) bruker: 1- myr, 2-rasmark, berg og kantkratt, 3-fjell, 4-
kulturlandskap, 5-ferskvatn/våtmark, 6- havstrand/kyst og 7-skog.
Tabell 5
Oversikt over hovudnaturtypane i Bremanger kommune, med framheving av viktige område og naturtypar. I tillegg er det satt fram forslag til kartleggjing for å betre kunnskapen og utarbeide skjøtsel- og forvaltningsplaner for spesielt viktige område.
Hovudnaturtype, tilstand og status for registreringer Oppfølging Myr
Det fuktige klimaet gir godt grunnlag for myr i Bremanger, sjølv om det er store skilnader innen kommunen.
I ytre delar av kommunen – Bremangerlandet og Frøya – er det ein del myr, men som oftast i mosaikk med lynghei, og dei dekker difor sjeldant store areal. Til dels er det snakk om terrengdekkande myr, særleg på høgare nivå på Bremangerlandet, men gamle, omfattande torvuttak har gjort at denne internasjonalt særprega myrtypen ikkje er av spesielt stor interesse i kommunen. Det aller meste av myrene her er nedbørsmyrer og fattige jordvassmyrer, som er artsfattige og lite produktive. Helst bør det også finnast små flekker rikmyr hist og her, men ingen slike er hittil kartlagt.
Det andre viktige, kjente myrlandskapet i kommunen ligg i dalføret mellom Svelgen og Ålfoten. Her det ein veksling mellom furuskog og myr, med fleire middels til nokså store myrdominerte parti. Eit område er også føreslege verna (Storemyra). Her er det mest jordvassmyrer og ein god del av dei er ganske baserike, såkalla middelsrike myrer. Desse har ein meir artsrik og kravfull flora med innslag av sjeldsynte planter. Truleg er det få andre kommunar i fylket som har like mykje rikmyr som Bremanger.
Også andre stader i kommunen finst litt myr. Dette er særleg kjent frå Eldedalen mellom Davik og Rugsundet, der dei viktigaste areala er føreslege verna. Det bør finnast nokre fleire interessante og verdifulle myrområde spreitt i kommunen, særleg som små flekkar av rikmyr.
Ei systematisk kartleggjing av rikmyr og litt større myrkompleks i dalen mellom Ålfoten og Svelgen.
Interessante og verdifulle myrområde bør også kartleggjast saman med eventuelle andre typer
kartleggjingsprosjekt i kommunen, som miljøregistreringar i skog.
Kommunen bør generelt unngå grøfting og tilplanting av attverande myrområde i låglandet ut mot kysten.
Rasmark, berg og kantkratt
Rasmark og blottlagt fjell (under skoggrensa) er ein ganske vanleg naturtype i Bremanger. Dette gjelder ikkje minst i ytre delar av kommunen (Bremangerlandet og fjordarmane innafor). Rasmarker og bergflåg er naturleg skoglause, åpne miljø. På finkorna substrat får ein her naturlege engsamfunn med eit rikt mangfald og stort slektskap med meir kulturbetinga enger. På berg og i grov ur er det mest mose og lav, og særleg fuktige, nordvendte område kan ha eit stort mangfald av slike artar.
Det bør utførast ein systematisk kartleggjing av fuktige, meir eller mindre nordvendte berghamre og rasmarker i kommunen, med særleg vekt på moseflora og dels lavflora.
Kommunen bør vere svært varsam med å tillate inngrep, som t.d. steinbrot i slike område inntil kartleggjing er gjort der.
Av sørberg og rasmarker med engflora er det heller få interessante lokaliteter i kommunen. Eit område under Hornelen er fanga opp i dette prosjektet, men truleg er det noko fleire lokaliteter, kanskje særleg på Bremangerlandet (t.d. ovafor og utafor Grotle) og Frøya. Kanskje finst også mindre førekomster på fastlandet, t.d. utafor Svelgen.
Derimot er det kjent ein god del fleire nordvendte kystfjell med råmekrevjande moser og dels lav. Slike finst spreitt, både inne i
fjordarmane og ute på Bremangerlandet. Det er opplagt ein god del fleire lokalitetar som enda ikkje er kartlagt. Dei kan vere både heilt åpne og med glissen, småvaksen skog. Ei veksling mellom små berghamre og grov blokkmark er typisk, sjølv om miljøa også kan vere meir einsarta.
Kommunen er ein av dei viktigaste i fylket og kanskje heile landet for denne naturtypen.
I det minste nokre stader sørvest for Davik er det kjent mindre førekomster av tungmetallrik mark, og ein verdifull lokalitet er skilt ut.
Dette er artsfattige miljø, men med ein heilt særprega flora. Naturtypen er dårleg kjent i Bremanger, men det er truleg viktig å ta vare på alle lokalitetar.
Nokre område som kan ha verdifulle sørvendte berg og rasmarker bør også kartleggjast. Dette gjeld særleg på Bremangerlandet (nordsida av Bremangerpollen, kanskje også nordsida av Frøysjøen).
Det bør utførast ei systematisk kartleggjing av tungmetallrik mark i kommunen (i praksis spesielt 5-10 førekomster sørvest for Davik), med særleg vekt på karplantefloraen.
Interessante og verdifulle berg og rasmarker bør også kartleggjast saman med eventuelle andre typer
kartleggjingsprosjekt i kommunen, som miljøregistreringar i skog.
Fjell
Bremanger har mykje fjell, og i austlege delar ligg desse så høgt og får så mykje nedbør at dei er permanent dekte av snø og is (Ålfotbreen).
Det meste av fjellområda har ein svært artsfattig og triviell vegetasjon, og t.d. har fleire fagfolk vore oppe på Hornelen utan å finne særleg av interesse. Lokalt finst likevel ganske artsrike område, noko som i fyrste rekkje er dokumentert frå fjellparrtiet mellom Rugsundet/Leirgulen og austover mot Ålfoten. Her er det påvist ein handfull lokalitetar som skil seg ut som særleg verdifulle. Fleire fjellplanter har kjent vestgrense i dette området. Det er ikkje usannsynleg at det også finst parti med interessant fjellvegetasjon andre stader i kommunen, som rundt Ålfotbreen og i grensestrøka mot Flora, men desse områda er dårleg undersøkt.
Kommunen bør vurdere å utføre litt kartleggjing av karplantefloraen i einskilde fjellparti rundt Ålfotbreen og i grensefjella mot Flora.
Skulle det bli påvist førekomster av kalkkrevjande fjellplanter eller andre kravfulle og regionalt sjeldsynte fjellplanter i kommunen, er det viktig å ta vare på desse.
Kulturlandskap
Bremanger er ikkje nokon stor jordbrukskommune. Bruka er
gjennomgåande små og ligg spreitt langs sjøen. Dei største bygdene er rundt Bremangerpollen, ved Berle, Ålfoten, Davik og Frøyalandet.
Fråflytting, nedleggjing av bruk og attgroing preger i dag
jordbrukslandskapet over store delar av kommunen. Dei stadig aukande krava til lønnsemd og stordrift gir heller ikkje særlege håp om at denne negative utviklinga skal endrast i åra framover.
Dei negative utslaga på det kulturbetinga biologiske mangfaldet av denne nasjonale jordbrukspolitikken er store. Bruk som har sjansen og er villige til å drive så intensivt at dei held oppe lønsemda klarar i svært liten grad å ta vare på noko biologisk mangfald av særleg verdi. Håpet ligg i dei bruka som fortsatt vil drive meir smått og variert, og helst dei som har småfe (særleg sau) eller driv med ekstensiv kjøttfeproduksjon.
Det gamle kulturlandskapet med sin store variasjon i bruksmåter, der ein både hadde litt åkermark, noko kultureng og mykje beitemarker og lyngheier og helst kombinerte med noko fiske er i ferd med å bli borte.
Sjølv om det fortsatt finst biologisk rike og verdifulle kulturlandskap i Bremanger, ligg desse mest som små firmerke og isolerte øyer i eit
Det bør utarbeidast ein skjøtselsplan for sandstranda og dei kalkrike
engsamfunna på Ytre Grotle, der m.a.
tradisjonell engslått inngår som eit viktig element.
Det bør utarbeidast ein skjøtselsplan for sanddyna og engene i Vetvika, som sikrer at både landskapet og dei store biologiske verdiane her vert teken vare på.
Det bør utførast noko meir detaljerte og systematiske kartleggjingar av
attværande artsrike naturbeitemarker og slåtteenger. Særleg bør førekomsten av beitemarkssopp og karplanter
registrerast.
Kommunen bør utarbeide ein plan for å få ny og betre hevd av kystlyngheiane i
Dei mest velhevda og truleg mest verdifulle kulturlandskapa som vart funne under kartleggjinga er relativt store beitemarker der det går storfe.
Særleg verdifullt er eit område i Nordbotnen lengst sør i kommunen, men også langs Solheimsvatnet ved Vetvika på Bremangerlandet ligg eit fint og velhevda storfebeite.
I tillegg er det fleire små og verdifulle beitemarker der sau blir nytta.
Slike har ein spredt over kommunen. Lokalt, m.a. på Bremangerlandet, er det også mogeleg at beitetrykket av sau i utmarka er stor nok til å halde oppe kulturlandskapsverdiane også i slike miljø, men dette er noko dårleg kjent.
Kommunen har fortsatt store areal med lyngheier. Det aller meste av desse gror nå gradvis att. I første omgang blir berre lyngen gradvis større og eldre, men etter kvart vil einer og lauvkratt ta over, og på lang sikt vil det meste gå over til slutta skog. Berre i nokre få område ser lyngheiene ut til å bli halden i hevd med beite og/eller brenning, t.d. på sørspissen av Frøya, Rotå ved Smørhamn og utafor Ytre Grotle.
Kommunen har fortsatt att ein del naturverdiar knytta til lyngheiene, men viss ein ikkje får teken opp att hevden i løpet av nokre år, er det fare for at det meste av dette går tapt.
For andre kulturbetinga naturtyper står det enda dårlegare til. Det ser diverre ut til å vere svært få, kanskje ingen, velhevda artsrike slåtteenger att i Bremanger. Eit par plassar finst det likevel enger som enten nyleg har gått ut av bruk eller har ein svak/noko mangelfull hevd. Her er det særleg grunn tiil å trekke fram dei kalkrike engene langs stranda på Ytre Grotle, og tilsvarande engsamfunn i attgroing i Vetvika. På begge plasser kan nasjonale verdiar vere i ferd med å gå tapt som følgje av mangelfull hevd.
Torvtekt har vore ei viktig verksemd på Vestlandskysten, helst også i Bremanger. Denne kulturen er nå borte, men spor kan sjåast mange stader. Dette er likevel ein aktivitet som det i avgrensa grad er kjent har nokon positiv verknad på det biologiske mangfaldet. Annleis er det da med styving av ulike lauvtre. Sjølv om det er noko uklart, ser dette likevel ikkje ut til å ha hatt særleg omfang i moderne tid i Bremanger. Det er for øvrig ikkje usannsynleg at det kan vere kvalitetar knytt til gamle lauvtre i kulturlandskapet, som parktre og tuntre, men desse er dårleg undersøkt i kommunen. Kanskje finst det også innslag av artsrike vegkanter nokre stader.
grundig kartleggjing av dei biologiske verdiane der.
Nokre av Helle (1990) sine lokalitetar har ikkje vorte reinventert. Dette bør utførast for å få ei vurdering av dagens status.
Ein bør sjekke med litteraturkilder og eldre folk om det kan ha vore styva edellauvtre i kommunen, og om nokon fortsatt finst at bør desse takast vare på.
Ein bør vurdere ei inventering av mosefloraen på middelaldrande og gamle parktre og frukttre, t.d. i Davik. .
Kommunen bør vurdera å kartleggje nokre vegkantar for å sjå om dei kan ha ein interessant flora, særleg i samband med andre typar kartleggjingsprosjekt.
Ferskvatn/våtmark
Det finst mange små vatn og vassdrag i kommunen. Sjølv om fleire av desse har store biologiske verdiar, m.a. som leveområde for laksefisk, dett dei fleste av dem utafor naturtypane som skal kartleggjast i dette prosjektet. Til det er dei for næringsfattige, djupe og/eller renn over bart fjell eller grov grus og stein. Berre eit par lokalitetar er difor fanga opp i denne kartleggjinga.
Omtrent alle tjern og innsjøar er oligotrofe (næringsfattige og med klart vann) eller dystrofe (humusrike myrtjern). Dette gjeld både i låglandet og i fjellet.
Vi har generelt samla sparsamt med kunnskap om det biologiske mangfaldet i ferskvassmiljøa i kommunen. Truleg er dei aller fleste vatna og vassdraga ganske artsfattige og dominert av vidt utbredte, vanlege artar. Ein skal likevel ikkje utelukke at det også finst nasjonalt sjeldsynte artar, t.d. insekt, sjølv i næringsfattige vatn. Dette kan vere aktuelt både i kystvatn og våtmarksmiljø inn mot Ålfotbreen.
Det bør utførast ein systematisk kartleggjing av mangfaldet tilknytta attverande uregeulerte fossefall i kommunen (særleg dei som kjem frå Ålfotbreen), med spesiell vekt på mosefloraen.
Ein bør vere varsam med inngrep i eller inntil våtmarksmiljø i låglandet (under 200 m o.h.), utan grundige biologiske vurderingar på førehand.
I nokre små låglandsvatn ut mot kysten er det også funne einskilde uvanlege vassplanter. Dette gjeld i fyrste rekkje buntsivaks, eit lite kravfullt, men sørleg halvgras. Kanskje kan både denne arten og andre sørlege vassplanter dukke opp i ytterlegare nokre kystvatn.
Tilknytta fossefall i liene inn mot Ålfotbreen har det tidlegare vore ein artsrik moseflora med førekomst av fleire sjeldsynte og dels truga artar.
Vassdragsreguleringar har ført til at dei fleste av desse førekomstene er øydelagte, men kanskje kan det fortsatt finnast fosser her som ikkje er undersøkt og som enno inneheld ein slik flora.
Skog
Tidlegare kulturpåverknad førte til at skogen stort sett forsvann og vart erstatta med lynghei på dei ytre øyane i kommunen, som Frøya og det meste av Bremangerlandet. Lenger inne har det derimot alltid vore ein god del skog, og t.d. dalføret mellom Svelgen og Ålfoten har noko av dei største, samanhengjande areala med naturleg furuskog i regionen.
Samla sett har Bremanger spesielt store kontrastar i skogtilhøve, frå granplantefelt og store areal med ung lauvskog til storvaksen ospeskog og lindeskog og nokre av dei eldste furuskogane som finst på
Vestlandet.
Mykje av skogen har i lang tid vore hardt påverka. Dette gjeld ikkje minst som tidlegare nemnt i ytre strøk, der store område har vorte heilt avskoga. Også innover i fjordarmane har skogen gjennomgåande blitt ganske hardt utnytta, og i mange lier dominerer ung og middelaldrande skog. Det er likevel overraskande mykje gammal og til dels svært gammal skog i Bremanger. Det gjeld særleg oppe i dalføret mellom Svelgen og Ålfoten, men også eit par andre stader som nok tidlegare var tungt tilgjengelege for skogsdrift. Her står det glissen og seintvaksen furuskog med jamnt innslag av gadd og levande tre som har stått der i både 300 og 400 år. Slik skog er svært sjeldsynt på Vestlandet, og det er ikkje dokumentert tilsvarande område med så gammal skog andre stader ute på kysten av Vestlandet (med unntak av tilstøtande delar av Flora, samt Aure i Møre og Romsdal). Kommunen har difor eit stort nasjonalt og internasjonalt ansvar for å ta vare på gamle kystfuruskogar, og i Sørdalen ovafor Svelgen er eit skogområde alt verna av denne årsaken.
Ein annan interessant og biologisk viktig skogtype er dei rike edellauvskogane. Bremanger har ikkje mykje slik skog, og t.d. har ingen område vore vurderte i verneplanen for edellauvskog i fylket. Dei fleste førekomstane er da også små og ligg spreitt. Dei som finst kan likevel vere både artsrike og svært verdifulle. Ute på kysten, t.d. ved Ytre Grotle, finst det rike hasselkratt med innslag av fleire sjeldsynte og raudlista artar. Lenger inne, som ved Risevatnet og utafor Svelgen, er det innslag av meir varierte edellauvskogbestand, der det m.a. førekjem storvaksen lindeskog. Andre stader står det spredt med gamle eiketre, små holt av svartor eller alm.
Ein tredje interessant skogtype i kommunen er dei noko mindre varmekjære, men fuktige lauvskogane. Det finst ein del gammal osp i Bremanger, og desse er generelt verdifulle, t.d. som hekkeplassar for truga hakkespettar. I dei mest fuktige ospeholta kan det i tillegg vekse fleire sjeldsynte og truga lavartar. Dette er råmekrevjande artar og fleire av dei indikerer at det er snakk om såkalla boreal eller tempererte regnskogsmiljø. Slike er m.a. funne i den nordvendte lia utafor Svelgen og kan nok også vekse andre stader. Artane treng ikkje berre vekse på
Det bør utførast ein systematisk kartleggjing av biologisk verdifull skog i kommunen. Spesiell vekt bør da leggjast på følgjande skogtyper (med viktigste organismegrupper i parentes):
gammal furuskog (vedbuande barksopp, levermoser), rik edellauvskog med lind og hassel (marklevande sopp, karplanter) og gammal ospeskog (lav, holerugande fugl). Også av gammal edellauvskog (sopp og lav) og svartorskog (lav) kan det finnast verdifulle til svært verdifulle førekomstar av.
Granplantefelt i edellauvskogar bør så langt som råd systematisk bli fjerna og erstattast med treslag som høyrer til på staden.
Det bør ikkje utførast meir treslagsskifte av dei gamle furuskogane i kommunen, men heller fjerne grana ein del stader.
Gammal furuskog bør generelt ikkje flatehoggast og for dei eldste
furuskogane bør det setjast i verk tiltak for å unngå hogst i det heile.
Eit par kystbundne, sørlege og nokså sjeldsynte treslag veks fleire stader i Bremanger. Kristtorn finst ein del stader i fjordlier og einskilde dalføre. Interessante førekomster er m.a. kjent frå Risevatnet og Marøya. Barlind er meir sjeldsynt. Ein liten førekomst er kartlagt ved Bortnen, men arten skal også vekse i Midtgulen og kanskje ute på Marøya.
Havstrand/kyst
Bremanger har ei strandsone til sjø som er over 50 mil lang! Likevel er det ikkje kartlagt mange lokalitetar med verdifulle havstrender i
kommunen. Årsaken til så få lokalitetar er som oftast at sjøen er brådjup med mest bart fjell og grove steiner i strandkanten. Dette gjev dårleg grunnlag for prioriterte naturtypar. Nokre miljø av til dels svært stor verdi førekjem likevel.
Det er her særleg grunn til å trekkje fram sanddynene og sandstrendene på Bremangerlandet. Sanddyna i Vetvika er ei av dei største på Nordvestlandet, og den einaste av betydning mellom Stadt og Rogaland. Fleire regionalt svært sjeldsynte planter veks her.
Sandstrandene mellom Hauge og Grotle har i lang tid vore kjent som ein av dei plantegeografisk mest interessante og rike lokalitetane i regionen, og også her veks mange interessante og dels truga artar.
Kommunen har fleire verdifulle og interessante brakkvassmiljø og strandenger, sjølv om desse ikkje er like særprega som sandområda.
Sjølv om inngrep i utosen til Dalevatnet sikkert har auka
saltvassinnhaldet ein del, er dette ein av dei største brakkvasspollane i fylket. Dei fleste elveutløpa ligg på grove lausmasser og deltaene er små og dårleg utvekla. Eit par har likevel dokumentert verdi og eit område i Bremangerpollen er verna som naturreservat. Strandengene er også gjennomgåande små, men interessante lokalitetar finst fleire plassar, og eit par område er registrert i Botnane heilt sør i kommunen. Truleg bør kommunen også ha førekomstar av verdifulle strandberg, sjølv om ingen slike hittil er kartlagt.
Dei små restane av deltaområde som finst ved elveutløpa i kommunen bør sparast for fleire inngrep.
Jfr. tidlegare kommentarer under hovudnaturtype kulturlandskap, bør det utarbeidast skjøtselsplanar for å ta vare på verdiane til sandstrendene på Ytre Grotle og sanddyna i Vetvika.
Restane av sandstrendene på Indre Grotle og på Hauge bør takast vare på.
Kommunen bør vurdere ei generell kartleggjing av biologisk interessante strandenger og brakkvassmiljø.
5 Lokalitetar
5.1 Nye lokalitetar
Databasen over verdifulle naturområde i Bremanger kommune omfatter ved sluttføring av rapporten 94 lokalitetar. Fylkesmannen sin Naturbase har 74 lokaliteter, og av desse er 38 inkludert i den nye basen for kommunen (av dei
restrerande er 17 reine viltområde, 11
kvartærgeologisk interessante og 6 kulturlandskap utan særlege biologiske verdiar).
Dette tyder at nesten 2/3 av lokalitetane ikkje har vore med i Naturbasen tidlegare. Dei fleste av desse har tidlegare vore heilt ukjente, men det er også ein del som er oppdaga ved gjennomgang av litteratur og databaser. Nye lokalitetar er det
særleg blant typane ”nordvendt berg og rasmark”,
”naturbeitemark”, ”rik edellauvskog” og ”gammal lauvskog”.
I databasen no ligg det ein del både av nordvendte berg og rasmarker, kalkrike fjellområde, kystlyngheier, naturbeitemarker, slåtteenger, ulike skogsmiljø og fleire havstrandtypar, i tillegg til at også dei verna sjøfuglområda har vorte lagt inn. Dette gjenspegler variasjonsbredda i naturtilhøva innafor kommunen.
Nedafor er alle lokalitetar lista opp (tabell 6), saman med opplysningar om naturtype, naturverdi
og om det er gjort artsregistreringar i området.
Opplysningane er ut frå dei data som er lagt inn i Natur2000. For å få meir detaljert informasjon om lokalitetane må ein gå inn i databasen. Ein systematisk og detaljert gjennomgang av kommunen ville nok ført til at antall lokaliteter hadde vorte fleirdobla. Det står med andre ord enno att ein god del å kartleggje. I tabell 7 som kjem etter, er koblinga mot lokalitetane som ligg i eksisterande Naturbase til Fylkesmannen vist.
Tabell 6
Registrerte lokalitetar med spesiell naturverdi i Bremanger kommune, sortert etter naturtype og verdi. Ein prikk i rubrikk for "andre" tyder at det er gjort funn på lokaliteten av andre artsgrupper, vanlegvis sopp, moser og lav. Nokre av lokalitetane under ”nordvendt berg og rasmark” står i basen som ”andre viktige førekomster” av datatekniske grunner.
Artsregistreringar
Nr Namn Naturtype Verdi Vilt Planter Andre
Hovudnaturtype myr
10 Eldedalen - myr Intakt lavlandsmyr Svært viktig •
11 Fessegrøvene Rikmyr Svært viktig •
92 Grasdalen Rikmyr Viktig
9 Storemyra Andre viktige forekomster Svært viktig •
Hovudnaturtype rasmark, berg og kantkratt
56 Hornelen sørøst Sørvendte berg og rasmarker Svært viktig • •
94 Endalsvatnet NV Ultrabasisk og tungmetallrik mark under skoggrensa
Viktig •
3 Gulebrystet Nordvendt berg og rasmark Svært viktig •
4 Rise Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • •
5 Mulen Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • •
6 Åskora Nordvendt berg og rasmark Svært viktig •
7 Bortnen: Rinden Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • •
8 Slænes Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • •
20 Litlehornet i Norddalen Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • • 21 Skudalsvatnet sørside Nordvendt berg og rasmark Svært viktig • •
40 Vasslidvatnet Nordvendt berg og rasmark Viktig • •
61 Vetvika - kystfjell Nordvendt berg og rasmark Viktig •
63 Nesje - kystberg Nordvendt berg og rasmark Viktig • •
84 Vingelva aust Nordvendt berg og rasmark Viktig •