• No results found

Miljøfaglig Utredning, rapport 2003: 20

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Miljøfaglig Utredning, rapport 2003: 20"

Copied!
28
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Biologisk mangfald i Balestrand kommune

Miljøfaglig Utredning, rapport 2003: 20

(2)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 2 – Miljøfaglig Utredning 2003

Miljøfaglig Utredning AS Rapport 2003:20

Utførende institusjon:

Miljøfaglig Utredning AS

Kontaktperson:

Helge Fjeldstad

ISBN-nummer:

Prosjektansvarlig:

Helge Fjeldstad

Finansiert av:

Balestrand kommune

Dato:

Januar 2003

Referanse:

Fjeldstad, H. 2003. Biologisk mangfald i Balestrand kommune. Miljøfaglig Utredning Rapport 2003: 20.

Referat:

Som eit ledd i Stortinget sitt ønske om at alle kommuner skal kartlegge sitt biologiske mangfald, er det samla informasjon frå Balestrand kommune i Sogn og Fjordane fylke. Hovudvekten av arbeidet er lagt på verdifulle naturtypar, men det er også satt saman ein del generell informasjon om naturtilhøva i kommunen og førekomst av raudlisteartar.

4 emneord:

Biologisk mangfald Raudlisteartar Kommune Registrering

(3)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 3 – Miljøfaglig Utredning 2003

Forord

Miljøfaglig Utredning ved Helge Fjeldstad har samla informasjon om det biologiske mangfaldet i Balestrand. Oppdraget er gitt av Balestrand kommune. Arbeidet har vore samkjørt med tilsvarande kartleggjingar i Aurland, Høyanger, Leikanger, Lærdal, Luster og Årdal kommuner i Indre Sogn.

Hovudansvarleg for oppdragsgiver har vore skogbrukssjef Jørgen Hundseth som får takk for god hjelp, m.a. til kart, litteratur, tips om nye lokalitetar og hjelp med nye registreringar. I tillegg er det motteke viktig informasjon frå Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Oslo, 23. januar 2003

Helge Fjeldstad

(4)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 4 – Miljøfaglig Utredning 2003

Innhold

Forord ... 3

Innhold ... 4

Samandrag ... 5

1 Bakgrunn ... 10

2 Metodar ... 11

2.1 Innsamling av informasjon ...11

2.2 Presentasjon ...11

2.3 Verdsetting ...12

2.4 Ordforklaringar ...13

3 Naturgrunnlaget ... 14

3.1 Historisk utforsking av Balestrand ...14

3.2 Klima og geologi ...15

4 Hovudnaturtypar ... 17

5 Lokalitetar ... 20

6 Raudlisteartar ... 22

6.1 Raudlista insekt ...22

6.2 Raudlista karplanter ...22

6.3 Raudlista sopp, lav og moser ...22

7 Nye undersøkingar ... 24

8 Kjelder ... 26

8.1 Generell litteratur ...26

8.2 Litteratur om Balestrand ...26

8.3 Andre skriftlege kjelder ...27

8.4 Observatørar ...27

Vedlegg - artslister ... 28

(5)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 5 – Miljøfaglig Utredning 2003

Samandrag

Bakgrunn og formål

Det biologiske mangfaldet i Balestrand er kartlagt etter retningsliner frå Direktoratet for

naturforvaltning (1999a). Kommunen har vore ansvarleg for prosjektet og har brukt

konsulentfirmaet Miljøfaglig Utredning til å gjere det praktiske arbeidet. Hovudformålet med prosjektet har vore å få registrert kjente, verdifulle naturtypar i kommunen. I tillegg har det vore eit mål å få oversikt over kunnskapsnivået om mangfaldet, innbefatta potensielt verdifulle naturmiljø og sjeldne og truga artar.

Metoder

Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av naturtypar er brukt som rettesnor for arbeidet. Som databaseverktøy er Natur2000 brukt, medan lokalitetane er digitalisert med ØK (rasterkart) som bakgrunn.

Kunnskap om det biologiske mangfaldet er samla ved søk i skriftlege kjelder som litteratur, databaser, herbarium og dagboksnotat, ved kontakt med eksterne fagfolk og ved nye

feltregistreringar. Kvaliteten på registrerte artar og naturførekomster er vurdert, og naturområda er verdsatt som svært viktige ("A"), viktige ("B"), lokalt viktige ("C") eller utan sikre naturverdiar . Resultata føreligg i form av denne rapporten,

databaseutskrifter og kart for kjente lokalitetar.

Historisk utforsking av Balestrand

Balestrand er ein ganske stor, variert og biologisk spennande kommune. Han har likevel ikkje vore så ofte vitja av naturfagleg interesserte folk utanifrå.

Det var nokre spedte besøk på slutten av 1800- talet og først på 1900-talet av ulike ekspertar, som registrerte både planter, lav, moser og sopp.

Desse heldt seg mest rundt trafikk-knutepunkta i kommunen og hadde truleg berre korte turer. Eit

unntak av T. Lillefosse, som m.a. også var innom sørsida av fjorden. Noko meir omfattande var derimot P. Wendelbo og C. Kvamme sine undersøkingar langs Sognefjorden i 1960.

Først på 1970- og 80-talet kom det meir systematiske undersøkingar, der det særleg er grunn til å trekkje fram vassdragsregistreringane med Universitetet i Bergen som hovudansvarleg.

Desse står fortsatt som dei viktigaste biologiske undersøkingane i kommunen. I tillegg vart det på denne tida utført fleire verneplanarbeider, m.a. for edellauvskog, myr, våtmark og sjøfugl, noko som også gav resultat for Balestrand. I nyare tid er nok kulturlandskapsprosjektet til Høgskulen i Sogn og Fjordane vore viktigast, sjølv om det også har vore einskilde andre typar registreringar dei siste 10-15 åra. Til sist kjem våre eigne undersøkingar i 2002, som har betra kunnskapen ytterlegare.

Dei fleste undersøkingane har vore retta mot virvelldyr og karplanter, medan kryptogamer (moser, sopp og lav) berre har vore omfatta av eit fåtall prosjekt. Virvellause dyr som insekt har knapt vore undersøkt i det heile.

Naturgrunnlaget

Balestrand dekker totalt 430 km2 land og ferskvatn.

Kommunen ligg i midtre fjordstrøk og har ein variert natur med klare skilnader i klima og topografi. Det er mest fattig berggrunn. Det kjem mykje nedbør i kommunen, særleg i

høgareliggjande strøk i nord, og klimaet er difor mange stader svært humid (fuktig). Sørvendte lier langs fjorden kan likevel verke overraskande tørre.

Naturtilhøva i kommunen er prega av tidlegare kulturpåvirkning. I skogsmiljøa mangler oftast med biologisk gamle tre og daudt trevirke, mens spor etter beite, slått, hogst og andre teikn på menneskeleg aktivitet er vanleg å finne over det meste av kommunen. I nyare tid har dette endra karakter, med meir intensiv bruk av lett

tilgjengelege område (der slik finst), mens dei bratte og uvegsomme liene stort sett får liggje i fred.

(6)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 6 – Miljøfaglig Utredning 2003

Naturtypar i Balestrand

Alle dei sju hovednaturtypane førekjem i Balestrand; myr, rasmark/berg og kantkratt, fjell, kulturlandskap, ferskvatn/våtmark, skog og havstrand/kyst.

Myr finst det lite av, og dei fleste førekomstane er små og fattige og ligg i høgareliggjande skog eller på fjellet. Ingen lokalitetar er registrert som spesielt interessante.

Kommunen har ein del berg, rasmark og kantkratt under skoggrensa. Det meste ser ut til å vere artsfattige og trivielle miljø, og ingen førekomster er kartlagt.

Fjell er den største hovudnaturtypen i

kommunen, men ingen lokalitetar er registrert som spesielt interessante. Så langt verker fjella å vere gjennomført fattige og med triviell vegetasjon, men kanskje finst det ein eller annan bortgjømt plass med litt rikare planteliv som enno ikkje er oppdaga.

Kulturlandskapet er ein viktig naturtype i kommunen og gir eit viktig preg på landskapet langs fjorden og i fjordbotner. Ein del verdifulle lokalitetar er da også funne, særleg av svære eikar og hagemarker med gamle styvingstre. Fleire slike finst nok.

Ferskvatna og våtmarkene i Balestrand er det mange av, men dei er i all hovudsak fattige på næring og artar. Dei blir difor i liten grad fanga opp av denne kartleggjinga.

Skog dekkjer store areal i kommunen.

Skogsmiljøa er varierte og det er mykje lauvskog.

Mange verdifulle miljø er difor funne i skog. Særleg gjeld dette for varmekjære, rike edellauvskogar, men det er også funne interessante miljø med fuktige lauvskoger der tre som osp og gråor dominerar.

Havstrandmiljøa avgrensar seg i kommunen stort sett til ei smal kantsone mot fjorden med svaberg og grov rullesteinsstrand. Berre eit brakkvannsdelta er kartlagte her.

Ved bevaring av biologisk mangfald er det for Balestrand sin del grunn til å trekkje fram

kommunen sitt ansvar for å ta vare på dei svære eikaene som står spreidd attmed fjorden, hagemarker med gamle styvingstre og rike edellauvskogar.

(7)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 7 – Miljøfaglig Utredning 2003

Verdifulle naturområde

I alt er det påvist 40 verdifulle naturområde i Balestrand med grunnlag i DN (1999a) sitt system, sjå Figur 1. Av desse var rundt 12 lokalitetar kjent

for styresmaktene gjennom Fylkesmannen sin naturbase før kartlegginga tok til. Nedafor er områda fordelt etter naturtypar og verdi. Storleiken varierar mykje mellom lokalitetane.

Tabell 1

Verdifulle naturområde i Balestrand fordelt på naturtypar og verdi. A=svært viktig, B=viktig, C=lokalt viktig og U=uprioritert.

Naturtype

Verdi

A B C U

Fjell 1

Kulturlandskap

Slåtteenger 1

Hagemark 2 5

Store gamle tre 7 1

Artsrike vegkanter 1

Ferskvatn/ våtmark Skog

Rik edellauvskog 3 2 2

Gammal edellauvskog 4 4

Gråor-heggeskog 1

Urskog/gammalskog 2 1

Bekkekløft 1

Havstrand/kyst

Strandeng/strandsump 1

Brakkvassdelta 1

Sum 10 15 14 1

(8)

_________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune – 8 – Miljøfaglig Utredning 2003

Raudlisteartar i Balestrand

Opplysningar om raudlista insekt, karplanter, lav, moser og sopp i Balestrand er samla frå litteratur, herbarium, databaser og feltundersøkingar i 2002.

Kunnskapen om raudlisteartar i kommunen har generelt vore dårleg tidlegare. Det er fortsatt store mangler, men det vart registrert noko nytt i 2002.

Manglane er størst for dei største og viktigaste organismegruppene – insekt og sopp, men er også dårleg for moser og dels lav og karplanter. T.d. vil betre undersøkingar i kulturlandskap og skog i ein god soppsesong opplagt gi funn av mange nye raudlista sopp.

Trong for nye undersøkingar

Sjølv om det i dette prosjektet er samla mykje data om det biologiske mangfaldet i Balestrand, trengs det fortsatt meir kunnskap. Etter feltarbeidet er våre erfaringar at det var ganske lett å finne nye viktige og svært viktige lokalitetar i kommunen. Vi tilrår at kartleggjinga framover blir retta mot nokre felt. Desse er nedafor oppgitt i prioritert rekkjefølgje og organismegrupper som det er spesielt viktig å fange opp innafor typane er satt opp i parentes.

Systematisk og grundig kartleggjing av biologisk verdifulle skogsmiljø, der det blir lagt spesiell vekt på følgjande skogtypar; skog med gamle styvingstre (sopp, lav), rike edellauvskogar (planter, sopp), mineralrike furuskogar i sørvendte lier (sopp).

Systematisk kartleggjing av verdifulle kulturlandskap. Spesielt bør det bli leita etter naturbeitemarker (sopp, planter), bl.a. på setervoller og beitemarker som truleg har vore lite gjødsla tidlegare.

Registrering av viktige kulturlandskapstypar utanom naturbeitemarker. Dette omfattar i fyrste rekkje slåtteenger (karplanteflora), parklandskap (moser) og gamle styvingstre (lav).

Ein må rekne med at mange verdifulle

naturførekomstar i Balestrand enno ikkje er kjent.

Nye kartleggjingar bør difor prioriterast høgt. Fram til slike er utførte, bør kommunen vere varsam med å tillate arealinngrep som kan vere skadelege, utan kartleggjingar på førehand.

Tabell 2

Førekomst av raudlisteartar i Balestrand kommune.

Oversikten er ut frå data innlagt i Natur2000, med nokre supplement. Raudlistekategoriane er: E (direkte truga), V (sårbar), R (sjeldsynt), DC (omsynskrevjande) og DM (bør overvakast).

Organisme- gruppe

Artar Raudlistekategori Tal funn E V R DC DM

Insekt 2 2 2

Karplanter 2 2 3

Sopp 5 1 4 9

Lav 2 2 2

Moser 2 2 2

Sum 13 - 1 - 10 2 18

(9)

Figur 1 Kart med oversikt over registrerte, prioriterte og verdifulle naturtypar i Balestrand kommune.

(10)

1 Bakgrunn

I Stortingsmelding nr. 58 om berekraftig utvikling (Miljøverndepartementet 1997) har Stortinget vedteke at

«alle landets kommuner skal ha gjennomført kartlegging og verdiklassifisering av det biologiske mangfaldet på kommunens areal i løpet av år 2003». Direktoratet for naturforvaltning har laga ei handbok til hjelp for kommunene i arbeidet (Direktoratet for naturforvaltning 1999a). I alt sju kommuner i Indre Sogn vedtok å samarbeide om kartleggjinga (Aurland, Høyanger, Balestrand, Leikanger, Luster, Lærdal og Årdal), og dei fekk støtte frå Staten til dette i 2001. Kommunene gav Aurland Naturverkstad i oppdrag å utføre innsamling og presentasjon av resultata, og dei knytta til seg

Miljøfaglig Utredning som samarbeids-partner i prosjektet. Den praktiske utføringa vart fordelt mellom firma, og Miljøfaglig Utredning fekk m.a. ansvaret for kartleggjinga i Balestrand kommune. Kontaktperson i kommunen var skogbrukssjef Jørgen Hundseth.

Kartleggjinga skal være av lokalitetar med verdifulle naturtypar. Viktige utvalgskriterium er (Direktoratet for naturforvaltning 1999a):

 førekomst av raudlisteartar (artar på DN 1999b si liste over truga og sjeldsynte artar )

 kontinuitetsområde

 artsrike naturtypar

 sjeldsynte naturtypar

 viktig biologisk funksjon

 spesialiserte artar og samfunn

 naturtypar med høg produksjon

 naturtypar som går sterkt attende Kartleggjinga har imidlertid ikkje som mål å:

 få ei total oversikt over alle kjente artar (vanlege artar vert ikkje registrerte)

 få total oversikt for alt areal (vanlege naturtypar vert ikkje registrerte)

 kartleggje artar (artar skal i fyrste rekkje registrerast innafor verdifulle naturtypar)

Kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Balestrand har vorte bygd opp gjennom lang tid.

Denne informasjonen er spredt på ulike institusjonar og kjelder. Statleg og kommunal forvaltning har hatt kjennskap til mykje av denne informasjonen, men fleire viktige kjelder har ikkje vorte fullt utnytta. Målet med dette prosjektet har både vore å få ein oppdatert og meir samla oversikt over kommunen sine naturverdiar og kunnskapen omkring dei, og utføre ny kartleggjing i den grad ressursa tillet dette.

Kunnskapsmanglane er likevel fortsatt store.

Det er opplagt mange lokalitetar som ikkje er fanga opp, og sjølv innafor kartlagte område er

kunnskapen om artsmangfaldet ofte mangelfull.

Det krevst vesentleg større kartleggjingsressursar før Balestrand kommune har god nok kunnskap til å få ei forvaltning som tek vare på det biologiske mangfaldet.

(11)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 11Miljøfaglig Utredning 2002

2 Metodar

Direktoratet for naturforvaltning (1999a) si handbok i kartleggjing av biologisk mangfald har vore rettesnor for arbeidet. Kva slags naturtypar som skal registrerast, verdsetjast og leggast fram, har vore styrt av metodane i handboka. Ho deler norsk natur inn i 7 hovudtypar og har valt ut 56 naturtypar innafor desse som skal prioriterast. Også

handboka sitt verdsettingssystem er følgt, samt at alle lokalitetar er lagt inn i ein eigen database. Som databaseverktøy er NaturkartDA sin base

Natur2000 brukt (grunnlagt på programmet FileMakerPro). Sidan kommunen ikkje har skaffe seg denne databasen enno, er uskrifter og regneark med sentrale opplysningar levert kommunen.

Digitalisering av alle områda er gjort med bakgrunn i rasterkart av økonomisk kart (M1:5000).

Programmet ArcGis 8.1 er bruka som kartverktøy.

SOSI-filer av områda er levert kommunen.

DN har i si rettleiing lagt særleg vekt på at ein skal få fram eksisterande kunnskap og i mindre grad utføre nye undersøkingar. Dette er følgt opp i Balestrand ved innsamling av litteratur og sjekk av andre kjelder. Det skriftlege materialet er ikkje særleg omfattande for Balestrand, og det er difor også utført ein del feltarbeid. Dette foregikk særleg i 2002.

Under feltarbeidet har det vorte samla inn belegg av nokre interessante artar som er

oversendt botanisk museum i Oslo. Artsomtaler er ut frå vanleg, gjeldande namnsettjing og

systematikk for dei ulike artsgruppene.

2.1 Innsamling av informasjon

Kunnskapskjeldene om det biologiske mangfaldet i Balestrand er summert i kapittel 8. Det er 3 hovedtypar kjelder:

 skriftlege kjelder

 personlege meldingar

 nye registreringar

Dei skriftlege kjeldene kan delast inn i:

 litteratur (verneplanarbeid, rapporter frå ulike forvaltningstilknytta prosjekt, referat frå utferdar, ulike biologisk retta

registreringsnotat, rapportar og artikler)

 databaser (databasene til botanisk museum i Oslo for sopp, lav og karplanter)

Dei personlege meldingane er lista opp i kapittel 8.4, saman med ei oversikt over andre fagfolk som har vitja kommunen. Det dreier seg i fyrste rekkje om fagfolk busett utafor kommunen.

Nye registreringar vart gjennomførte i 2002, og gav både meir informasjon om kjente lokalitetar og fleire funn av nye, verdifulle område. I kapittel 7 er det gitt ei oversikt over aktuelle lokalitetar som enno ikkje er undersøkt.

2.2 Presentasjon

Prosjektet har gitt 3 hovedprodukt:

 Denne rapporten

Database oppbygd i Natur2000 med alle registrerte og prioriterte lokalitetar innlagt, med opplysningar om m.a. stad, verdi, kjente naturkvalitetar og kjelder

Digitalt kart med innlagte lokalitetar Denne rapporten er bygd opp på tradisjonelt vis med forord, innhald, samandrag, innleiing, materiale og metodar samt framvising av resultat og kjelder.

Resultata omfatter:

 ein generell del om naturgrunnlaget og naturtypane i Balestrand

 ein spesiell del med utskrift av lokalitetane i databasen

 ein spesiell del som viser funn av raudlisteartar i kommunen.

Databasen er bygd opp ved hjelp av såkalla moduler, der den grunnleggande eininga er lokalitetsbasen som fastlegg lokaliteten sitt namn

(12)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 12Miljøfaglig Utredning 2002

og nummer, koordinater for sentralpunkt i

lokaliteten, samt opplysningar om hovudnaturtype, grunneigartilhøve og kartblad. Deretter kan ein gå inn i andre baser og leggje inn opplysningar om naturmiljø og artsmangfald, men ut frå lokalitetane brukt i lokalitetsbasen.

Naturtypebasen vert nytta for å leggje inn prioritert naturtype etter DN sitt system, vegetasjonstypar, områdeskildring og forslag til skjøtsel og omsyn. Vanlegvis har vi også lagt inn ei vurdering av grannsemd på avgrensinga av lokalitetane, samt grunngjeving av verdsettinga.

På naturtypebasen er det i tillegg hefta ved ein base med funn av kryptogamer (lav, moser og sopp) og virvellause dyr, særleg raudlisteartar og signalartar på verdifulle miljø. For karplanter og virveldyr er det egne baser (karplantebasen, viltbasen) kobla direkte mot lokalitetsbasen, der opplysningar om artsfunn blir lagt inn (dato, finner, mengde, kvalitetsvurdering m.m.).

2.3 Verdsetting

Alle lokalitetar er verdsatt etter Direktoratet for naturforvaltning (1999a) sitt system, som deler inn lokalitetane i viktige («B») og svært viktige («A») område. I tillegg kjem område av lokal betydning («C») som Direktoratet for naturforvaltning (1999c) har føyd til i etterkant av handbokarbeidet.

DN har satt opp 5 kriterium for verdsetting av lokalitetane:

 storleik og utviklingsgrad (verdien stig med aukande areal og utviklingsgraden)

 grad av tekniske inngrep (tekniske inngrep reduserer verdien)

 førekomst av raudlisteartar (verdien auker med mengde og omfang av trugsmål)

 preg av kontinuitet (verdien auker med miljøet sin alder)

 sjeldsynte utformingar (nasjonalt og regionalt) Vi har prøvd å følgje rettleiinga frå DN ved verdsetting av lokalitetane så godt som råd.

Grunnen er ikkje minst fordi ein da får mest

mogeleg like resultat mellom kommunane og uavhengig av kvem som utfører arbeidet. Noko skjønn er likevel ofte naudsynt, slik at ein kan ikkje utelukke at andre fagfolk i einskilde tilfelle ville ha satt ein annan verdi på lokalitetane. Eit avvik frå tilrådingane om verdisetting i handboka, er at lokaliteter med førekomst av lind ikkje får automatisk verdi svært viktig (A). Til det rekner vi arten som for vanleg i regionen. Vi har elles tolka handboka slik at førekomst av raudlisteartar i kategori direkte truga, sårbar og sjeldsynt automatisk gir verdi svært viktig (A), medan kategori omsynskrevjande automatisk minst gir verdi viktig (B). Avvik frå dette blir kommentert i kvart tilfelle.

Førekomst av raudlisteartar er ofte eit vesentleg kriterium for å rekne ein lokalitet som viktig eller svært viktig, og i handboka til Direktoratet for naturforvaltning (1999a) har også raudlisteartar fått direkte verdi som viktige (artar i kategoriane omsynskrevjande og bør overvakast) eller svært viktige (artane i kategoriane direkte truga, sårbar og sjeldsynt). Raudlistekategoriane si rangering og forkortingar er (med engelsk namn i parentes) :

Ex – utrydda (extinct)

E – direkte truga (endangered) V – sårbar (vulnerable)

R – sjeldsynt (rare)

DC – omsynskrevjande (declining, care demanding)

DM – bør overvakast (declining, monitoring species)

For øvrig vil vi vise til Direktoratet for

naturforvaltning (1999b) si nye raudliste for nærare forklaring av inndeling, metodar og artsutval i den norske raudlista. Der er det også kortfatta omtaler av miljø artane lever i og viktige trugsmål.

(13)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 13Miljøfaglig Utredning 2002

2.4 Ordforklaringar

Her følgjer korte forklaringar på ein del ord og uttrykk som av og til blir brukt ved kartleggjing av biologisk mangfald.

Beitemarkssopp: Marklevande sopp som er knytta til lite gjødsla og jordbearbeida grasmarker med langvarig hevd. Dei har difor eit tyngdepunkt i utbreiinga i naturbeitemarker og naturenger.

Biologisk mangfald: Dette er mangfaldet av alt levande. Uttrykket skal omfatte både

variasjonen av naturtypar, av artar og mellom artar (genetisk variasjon). Det blir ofte fokusert sterkt på å ta vare på artsmangfaldet, men det er viktig å få med seg at vi også må ta vare på variasjonen av naturtypar, sjølv om desse ikkje alltid er spesielt artsrike eller inneheld truga artar , og at vi ikkje berre må ta vare på levedyktige bestander av ein art, men også den naturlege, genetiske

variasjonen til arten.

Naturbeitemark: Gammal beitemark som er lite jordbearbeida, lite gjødsla og har vore i langvarig hevd. Dette er artsrike miljø der mangfaldet treng fortsatt tradisjonell skjøtsel for å overleve.

Natureng/slåtteeng: Gamle slåttemarker som har vore lite jordbearbeida, lite gjødsla og med langvarig hevd. Dette er artsrike miljøer der mangfaldet treng fortsatt tradisjonell skjøtsel for å overleve.

Naturtype: Naturtypar er eit praktisk, forvaltningsretta verktøy for å kunne dele inn naturen i eininger eigna til avgrensing og kartleggjing. Direktoratet for naturforvaltning (1999a) seier det slik i samband med den

kommunale kartleggjinga: "Naturtypene er et slags felles multiplum der en prøver å fange opp alle de viktigste variasjoner på økosystemnivå". Inndelinga er grunnlagt på biologi, men er utan nokon

einskapleg naturfagleg basis. Det faglege grunnlaget og vinklinga på dei kartlagte naturtypane varierer difor. Vi må rekne med at

inndeling og system kan bli endra etter kvart som det blir betre kunnskap og erfaring med systemet.

Nøkkelelement: Dette er element av stor verdi for mangfaldet. I skog gjeld det m.a. gamle, grove tre, hule tre, bergvegger, grove steinblokker og kjelder. I kulturlandskapet kan det m.a. vere store tuntre, dammer, åkerholmer og små bekkedrag.

Raudliste: Sjå eigen oversikt i kapittel 2.3.

Raudlister gir ingen fasit for status til artsmangfaldet og dei fanger ikkje opp heile variasjonen til det biologiske mangfaldet. Dei har likevel vist seg å få meget stor gjennomslagskraft i miljøforvaltningen i de senere årene, m.a. fordi dei er oversiktlege, konkrete, dei rangsjerer artane og dei gir høve til å samanlikna artar og område.

Signalart: Ein art som indikerer miljøer med høge naturverdiar .

Vegetasjonstypar: Dette er samfunn av planter som stiller ganske like krav til næring og råme, og dei same artane går att der desse tilhøva finst. Sjå Fremstad (1997) for nærare forklaring og oppbygging av kartleggjingssystem.

(14)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 14Miljøfaglig Utredning 2002

3 Naturgrunnlaget

Her legg vi fram grunnlaget for kunnskapen om det biologiske mangfaldet i Balestrand.

3.1 Historisk utforsking av Balestrand

Balestrand har nok ikkje vore av dei mest interessante og populære stadene å vitje for naturinteresserte folk. På tross av at det har vore naturleg å ferdast gjennom kommunen, anten ein skulle ut og inn av Sognefjorden, eller var på veg langs kysten, har fagfolka sjeldan teke seg tid til nokre lengre stopp i Balestrand.

Hovudårsaken til dette er nok at kommunen ikkje har verka like interessant å undersøke som kommunar med meir utprega kystklima lengre ute på kysten, eller kommunane i indre Sogn med sitt innlandsklima. Når berggrunnen i tillegg for det meste er sur og ikkje gir grunnlag for særleg kalkkrevjande planter og naturtypar, har det vore freistande å berre fare raskt gjennom kommunen på veg til andre mål.

Balestrand er ein variert og spennande kommune. Fjell, fjorder, bratte lier og tronge dalføre gir grunnlag for eit stort mangfald og mange overraskingar. Her finst yttergrenser for austlege artar og innergrenser for kystplanter. I dei sørvendte liene er det varmekjære artar, medan dei nordvendte fjordliene har gode levevilkår for råmekrevjande, vestlege artar.

Sjølv om kommunen ikkje er av dei beste undersøkte i regionen, kjenner vi likevel brukbart til hovudtrekka i naturtilhøva her.

Alle hovudnaturtypar har vore oppsøkt av fagfolk, sjølv om fordelinga i omfang har vore skiftande. Særleg høg merksemd har varmekjære skogsmiljø og kulturlandskap fått. Det er nok også innafor desse naturtypane kommunen har dei

største kvalitetane. I tillegg har det vore spredte registreringar av m.a. fjellnatur og havstrender.

På organismenivå har undersøkingane i fyrste rekkje vore retta mot tradisjonelle grupper som virveldyr (desse vert ikkje nærare omtala her) og karplanter. Nokre spredte lav- og

moseregistreringar er også utført, m.a. i skog og tilknytta vassdrag (som i fosserøykområde). For sopp, insekt og andre virvellause dyr, som utgjer det største artsmangfaldet, er lite kjent.

1800-1970

Botanikaren J. Brunchors hadde ei kort vitjing i kommunen alt i 1878, da det ligg nokre belegg frå ham ved museet i Oslo frå Tenningen og Gjerde.

Han må ha vore ein av dei få fagfolka som var i kommunen alt i dette århundret. Det er elles typisk at undersøkingane har avgrensa seg til

nærområdet . Dette gjeld også mange andre fagfolk, som tydelegvis berre har oppsøkt nærområda til dei viktigaste trafikk-knutepunkta i kommunen.

Dei viktigaste registreringa før dei ulike verne- og utbyggingsundersøkingane dei siste ti-åra, var nok Rolf Nordhagen sine undersøkingar i Vetlefjorden i 1945 og Claus Kvamme og Per Wendelbo sine undersøkingar langs Sognefjorden rundt 1960.

Elles hadde Knut Fægri vitja i kommunen i 1930-31.

1970-2001

Kunnskapen om naturen i Balestrand og omfanget av undersøkingar har auka mykje dei siste ti-åra.

Mest omfattande og viktigast er nok Fremstad &

Moe (1982) sine undersøkingar i Vetlefjord- vassdraget samt Skogen & Aarrestad sine undersøkingar i Sværefjordvassdraget (1986).

Det har også kome rapport tilknytta til Samla Plan for vassdrag for Gaularvassdraget

(Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, 1984), men denne er mykje meir overfladisk og gir avgrensa ny kunnskap.

(15)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 15Miljøfaglig Utredning 2002

Da har verneplanarbeida vore av større verdi, særleg for edellauvskog og barskog. Desse har pågått over lang tid, og fleire lokalitetar i Balestrand har vore undersøkte (Korsmo 1974, Moe 1994, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, miljøvernavdelinga 1979). Også våtmarksplanen har ført til registreringar i kommunen, særleg av fuglelivet i Vetlefjordøyra (Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 1982).

Ei viktig kjelde er og kulturlandskaps- registreringane til Høgskulen i Sogn og Fjordane (Austad 1985, Hauge & Austad 1988), der 14 lokalitetar er behandla med karplanteflora og kulturhistorie.

Botanikaren Per Størmer vitja Balestrand og fann 2 raudlista moser i 1970.

Udersøkingar av insekt i indre Sogn i 1988-89 (Hanssen 1989) har og gitt resultat med funn av 2 raudlista artar, den eine lever i gamle hole eiker.

Balestrand har og vore vitja av fagfolk på sopp etter 1970 men resultata kunne ikkje nyttast i dette prosjektet (Eckblad 1981, Torkelsen 1977).

Ved kartleggjinga av mangfaldet i Balestrand i 2002 vart det utført feltarbeid i kommunen av Siri W. Bøthun (Aurland Naturverkstad), Helge Fjeldstad og Geir Gaarder (begge Miljøfaglig Utredning). Under dette feltarbeidet vart både karplanter, lav, moser og sopp registrert, i fyrste rekkje innafor hovudnaturtypane kulturlandskap og skog, men også i nokon grad havstrand og våtmark.

3.2 Klima og geologi

Topografi

Balestrand ligg i midtre fjordstrøk med store høgdeskilnader og ei lang, men lite variert strandline. Kommunen har fleire middels store vassdrag, men få større innsjøer.

Tabell 3

Nokre arealtal (i km2) for Balestrand kommune (ut frå arealstatistikk til Fylkesmannen si landbruksavdeling og Statens kartverk).

Tema Areal

Fordeling i høgdelag (ferskvatn er ikkje med)

0-300 m o.h. 74 300-600 m o.h. 10 600-900 m o.h. 69 900-1200 m o.h. 138 1200-1500 m o.h. 137 Naturmiljø

(for myr er truleg berre areal under

skoggrensa oppgitt)

Jordbruksområde 10 Drivverdig skog 39 Herav kulturskog 11

Ferskvatn 6

Myr 1

Isbreer <1

Totalareal Landareal + ferskvatn

430

Berggrunn og lausmassar

Det geologiske kartet over Årdal (Lutro & Tveten 1996) dekkjer kommunen. Det syner at det stort sett er gneis i kommunen, noko som for det meste berre gir grunnlag for nøysam vegetasjon. Omkring Målsnes og Kvamsøy er det innslag av amfibolitt som gjer eit rikare jordmonn.

(16)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 16Miljøfaglig Utredning 2002

Klima

Balestrand ligg litt inn frå kysten med

Jostedalsbreen i nordaust. Terrenget stig mykje mot breen og dette fører til store nedbørsmengder i nordre deler. Mengden nedbør avtek ned mot fjorden sørover.

Variert terreng og store høgdeskilnader og hellningsretninger auker dei klimatiske skilnadene.

Sjølv om klimaet i hovedtrekk er fuktig og oseanisk, får ein difor inn varmekjære trekk i mangfaldet i sørvendte lier i låglandet.

Funn av soppen pelskjuke syner at klimaet er ganske så varmt nær fjorden mellom Kvamsøy og Nessane (arten indikerar nemorale trekk i klimaet).

Tabell 4

Klimatiske og vegetasjonsgeografiske data for Balestrand kommune.

Tema Utbreiing Kjelde

Nedbør 1000-1500 mm i året

Låglandet mellom Balestrand-Kvamsøy

Moen 1998

1500-2000 mm i året

Øvrig areal i sør og låglandet i Vetlefjorden

2000-2500 mm i året

Det meste av fjellområda

Temperatur 0 o til –4 o i januar Låglandet langs fjorden Moen 1998

+4 o til –8 o i januar Resten

+12 o - +16 o i juli Låglandet +8 o - +12 o i juli Snaufjellet +4 o - +8 o i juli Høgfjellet Vegetasjons

-sone

Boreonemoral Sørvendte lier langs fjorden

Moen 1998

Sørboreal- Nordboreal

Øvrig areal under skoggrensa

Alpin Snaufjell over 400-700 m o.h.

Vegetasjons -seksjon

Klart oseanisk sekjson (O2)

Det meste av kommunen Moen 1998

Svakt oseanisk seksjon (O1)

Austlege delar

(17)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 17Miljøfaglig Utredning 2002

4 Hovudnaturtypar

Balestrand har alle dei 7 hovudnaturtypane som Direktoratet for naturforvaltning (1999a) bruker: 1-

myr, 2-rasmark, berg og kantkratt, 3-fjell, 4- kulturlandskap, 5-ferskvatn/våtmark, 6- havstrand/kyst og 7-skog.

Tabell 5

Oversikt over hovudnaturtypane i Balestrand kommune, med framheving av viktige område og naturtypar. I tillegg er det satt fram forslag til kartleggjing for å betre kunnskapen og utarbeide skjøtsel- og forvaltningsplaner for spesielt viktige område.

Hovudnaturtype, tilstand og status for registreringer Oppfølging Myr

Det er ein del myr i Balestrand, men dette kjem ikkje fram av arealoversikta i tabell 3. Ein årsak er nok at statistikken er noko grov, men viktigaste grunn er helst at det aller meste ligg i høgareliggjande skog og oppe på fjellet, over grensa for det produktive skogarealet.

Det ser ut til at myrene i kommunen stort sett er fattige (nedbørsmyrer, fattige jordvassmyrer), og såkalla rikmyrer er hittil ikkje påvist. Nokre små flekker burde ein likevel kunne finne om det vert leita grundig.

Også dei andre prioriterte myrtypane er det nok dårleg med, sidan det er lite myr i låglandet. Myr er ikkje den naturtypen som bør prioriterast høgast ved nye undersøkingar i kommunen.

Samtidig med andre typar kartleggjing , spesielt miljøkartleggjing i skog, er det viktig også å registrere førekomst av rikmyrer og kjeldesamfunn (desse er gjerne små og kan lett bli øydelagt av tilfeldige inngrep).

Ein bør vere varsam med inngrep i og inntil myrområde under skoggrensa i kommunen.

Det er lite myr som ligg så lågt og desse har truleg alt ofte vore utsette for inngrep som har redusert naturverdiane.

Rasmark, berg og kantkratt

Rasmark og blottlagt fjell (under skoggrensa) finst mange stader i Balestrand.

Dette gjelder ikkje minst i dei bratte dalsidene til fjordarmer og dalføre som drenerer til Sognefjorden. Rasmarker og bergflåg er naturleg skoglause, åpne miljø. Her kan det vere naturlege engsamfunn med eit rikt mangfald og stort slektskap med meir kulturbetinga enger.

Det ser likevel ut til å være dårleg med interessante rasmarker og sørberg i Balestrand. Truleg er berggrunnen gjennomgåande for fattig og utvaskinga med nedbøren for høg. Mest truleg vil evt. interessante rasmarksenger liggje i svært bratte og dels utilgjengelege fjellsider som hittil ikkje har vore oppsøkt av fagfolk.

Det er heller ikkje funne spesielle kantkratt i kommunen. Sjansane for å finne særprega og/eller velutvikla førekomster som bør kartleggjast kan ikkje seiast å vere særleg stor.

Rasmarker rike på blomsterplanter og andre urter bør registrerast og takast vare på.

Rasmarker og bergflåg som ligg varmt og sørvendt i låglandet bør ein vere forsiktig med å øydeleggje utan fyrst å ha utført ei kartleggjing av det biologiske mangfaldet på staden.

Fjell

Gjennom vassdragsundersøkingane i nord kjenner vi ganske godt til fjellfloraen i Balestrand. Desse undersøkingane indikerer at kommunen i fjellet har ein gjennomført fattig karplanteflora utan særleg sjeldsynte og kravfulle fjellplanter.

Dette er da også i samsvar med kva ein veit om berggrunnen. Det skal likevel ikkje utelukkast at meir detaljerte undersøkingar avdekkjer einskilde førekomster.

I nabokommunane i nord og nordaust har det på denne måten vist seg å vere nokre få interessante område.

Skulle det bli påvist førekomster av kalkkrevjande fjellplanter eller andre kravfulle og regionalt sjeldsynte fjellplanter i kommunen, er det viktig å ta vare på desse.

(18)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 18Miljøfaglig Utredning 2002

Kulturlandskap

Det bratte terrenget som pregar Balestrand gir ikkje grunnlag for noko omfattande og lettdrive jordbruk. Dei aukande krava til lønnsemd og stordrift gir store problem for jordbruket i ei slik kommune. Dette var da også noko vi kunne merke under vårt feltarbeid, med tydeleg preg av fråflytting og attgroing mange stader. Det ser i fyrste rekkje ut til å vere i nokre få fjordbotnar og nedre delar av dalføre at små grender med aktivt jordbruk kan oppretthaldast. Elles er det mest spredte gardsbruk der brukarane er viljuge til å godta ei noko lågare inntekt og meir arbeid enn andre folk, som overlever. Fruktdyrking i deler av kommunen gjennom lang tid har ført til at det veks mange gamle frukttre (eple,pære). Det kan vere verdiar knytt til slike gamle tre som vi ikkje kjenner til. Dette burde verte betre undersøkt. I det minste kan det vere ein rik lavflora på slike tre mellom Balestrand og Målsnes, og frå andre delar av regionen er det kjent raudlista moseartar på gamle frukttre.

Dei negative utslaga på det kulturbetinga biologiske mangfaldet av denne nasjonale jordbrukspolitikken blir store. Dei bruka som heng seg på krava frå staten må drive så intensivt at dei nesten aldri kan ta vare på noko biologisk mangfald av særleg verdi. Håpet ligg i dei bruka som fortsatt vil drive meir smått og variert.

Det gamle kulturlandskapet med stor variasjon i bruksmåter, der ein både hadde litt åkermark, noko kultureng og mykje beitemarker og hagemarker med styvingstre er gradvis i ferd med å forsvinne. Eit av få unntak er områda langs fjorden mellom Målsnes og Kvamsøy der tre fortsatt blir styva og det er noko beite. Dei fleste andre stader står berre dei gamle styvingstrea og forfell inne i skogen eller har blitt hogd ut.

For gamle styvingstre har kommunen eit spesielt ansvar. Dette gjeld både dei store områda med grove, styva edellauvtre og styva bjørk. Slike har vi sett på strekningen attmed fjorden frå Balestrand til Nessane, men og på strekningen vidare inn til Vetlefjorden. Sjølv om det er lenge sidan mange av dei vart styva, har dei fortsatt store biologiske verdiar og det er viktig å ta godt vare på dei.

Samstundes skulle ein nydanna styvingstre for å sikre at ikkje kontinuiteten blir broten.

Også av naturbeitemark har det blitt mykje mindre og tilbakegangen fortsett.

Mange beitemarker som tidlegare må ha vore artsrike og biologisk verdifulle gror att. Det er likevel enno mogeleg å finne ganske artsrike og velhaldne

beitemarker, både i randsoner til innmark i låglandet, tilknytta hagemarker med styvingstre og stølsvollar i høgareliggande område.

Det er også mogeleg det kan finnast andre verdifulle biologiske miljø i kulturlandskapet i kommunen. Dette gjeld t.d. parklandskap omkring Balestrand sentrum og i Vetlefjorden, medan vegkantane kan vere noko betre fordelt.

Det bør utførast ei systematisk kartleggjing av attværande artsrike naturbeitemarker og slåtteenger. Særleg bør førekomsten av beitemarkssopp og karplanter registrerast.

Prioriterte område bør vere setervollar og mindre bruk med tradisjonelt prega drift.

Alle attværande førekomster av styva edellauvtre bør registrerast og ikkje bli øydelagt. For viktige førekomster bør ein utarbeide forvaltningsplanar, der rekruttering av nye styvingstre kjem inn som ein sentral del.

Ein bør vurdere ei inventering av mosefloraen på gamle tre

Kommunen bør ha ei systematisk registrering av alle gamle eiketre og ta vare på desse, da kommunen er den viktigaste i fylket for slike tre i eit svakt kontinentalt klima. Det bør ta samtidig bli registrert vedbuande sopp på trea.

Det bør utførast ei systematisk undersøking av artsrike vegkanter.

Ferskvann/våtmark

Vatn og vassdrag er viktige landskapselement i Balestrand. Sjølv om mange av desse har store biologiske verdiar, ikkje minst som leveområde for laksefisk, dett dei fleste av dem utafor naturtypane som skal kartleggjast i dette prosjektet. Til det er dei for næringsfattige, djupe og/eller renn over bart fjell eller grov grus og stein.

Nesten alle tjern og innsjøar er oligotrofe (næringsfattige og med klart vann) eller dystrofe (humusrike myrtjern). Vatna finst i fjellet og er fraverande i låglandet (under 250 m o.h.)

Det har nok tidlegare vore verdifulle flaummarksmiljø i Vetlefjorden.

Vassdragsreguleringer og forbygninger har antageleg øydelagt dei fleste av desse. Vi har da heller ikkje avgrensa slike lokalitetar. Truleg vil ei meir detaljert kartleggjing få fram at nokre små parti kan ha lokal verdi, mens det ser ut til å

Ei detaljert kartleggjing av restområde av flaummmarksmiljø bør utførast, og få dei største og mest intakte kartfesta og registrert.

Alle fosserøyksamfunn bør kartleggjast, særleg for moser.

(19)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 19Miljøfaglig Utredning 2002

vere lite att av flaummarker av meir regional interesse.

I dei uregulerte vassdraga er det fleire stader små og store fossefall.

Tilknytta desse kan det vere eit særprega mangfald av svært råmekrevjande moser og dels lav, såkalla fosserøyksamfunn.

Skog

Nest etter snaufjellet er skog den viktigaste hovudnaturtypen i Balestrand.

Fjordlier og dalføre opp til 400 - 700 m o.h. er i stor grad skogkledte, berre oppbrote av mindre parti med åpne kulturlandskap, rasmark, berg og nokre vatn.

Skogen i kommunen har, som for andre kommunar på Vestlandet, vore hardt unytta i lang tid. Urskog mangler difor, og i mange område er det også dårleg med biologisk gammal skog. Truleg har utnyttinga i periodar vore så hard at det har vore tendensar til avskoging av einskilde område. Eg tviler på at siste påstand gjeld for Balestrand, men ??

I nyare tid blir skogen mykje mindre brukt til ved, tømmer og utmarksbeite. I mange skogslier har nok skogen difor vorte tettare og fått meir gamle og daude tre. I tillegg tek skogen att tidlegare åpne kulturlandskap. Det blir også fortsatt drive ein del aktivt skogbruk enno. Da blir den naturlege lauv- og furuskogen ofte erstatta med tette granplantinger. I tillegg er det ein del uttak av ved.

Til saman fører skilnader i klima, topografi og brukshistorie til ein stor variasjon i skogen i kommunen, frå frodige og gamle lauvskoger til fattige furuskoger og tette granplantefelt. For det biologiske mangfaldet er det særleg dei rike og/eller gamle lauvskogane som har interesse. Naturtypen "rik edellauvskog" og ”gamal edellauvskog” er da også dei som har fått flest lokalitetar under kartleggjinga - i alt 15 stykker (over 35% av totalt tal). Desse ligg spredt i fjord- og dalsider, nesten alltid vendt mot sør eller sørvest. Det er opplagt fleire slike område som enno ikkje er kartlagt. Sjølv om Balestrand ikkje har så mykje edellauvskog som kommuner lengre inne i Sognefjorden, skil dei seg ut ved å vere meir kystprega. Kommunen har difor eit klart regionalt ansvar for å ta vare på denne skogtypen og fleire område har da også vore føreslegne eller vurderte som naturreservat.

Det er elles registrert noko eldre lauvskog som har mest av dei mindre varmekjære treslaga, særleg osp, bjørk og gråor. Særleg i Vetlefjorddalen ser det ut til å vere slike interessante skogsmiljø. Dette gjeld både gamle ospeskogar og gråorskogar.

Kommunen har også ein god del furuskog, og ein lokalitet med gammal furuskog er prioritert. I dei sørvendte fjordliene bør det og vere innslag av litt rikare lågurtfuruskoger. Mangel på slike er nok særleg grunna i at dei helst er små og vanskeleg å finne. Det er lettast å oppdage dei ved å kartleggje marklevande sopp, men den dårlege soppsesongen i 2002 gjorde dette lite aktuelt.

Det er viktig at desse skogtypane blir grundig kartlagt i kommunen og tekne god vare på: rike edellauvskogar (både med alm, lind, hassel og ask), skog med gammal og grov osp (både i sørvendte og nordvendte lier), eldre oreskog langs vassdrag og skog med gamle edellauvtre (slike kan ofte stå som einskilde tre i elles fattig skog) Kartleggjinga bør vere retta mot å fange opp mangfaldet av både karplanter, lav, sopp og dels moser på lokalitetane, noko avhengig av skogtype.

Det bør utførast ein systematisk

gjennomgang av skogsmiljøa i kommunen, for å få ein betre oversikt over førekomst av verdifulle skogtypar og lokalitetar.

Granplantefelt i edellauvskoger bør så langt som råd systematisk bli fjerna og erstattast med treslag som høyrer til på staden.

Ein bør helst ikkje flatehogge (dette gjeld også vedhogst!) eller treslagsskifte i frodige lauvskoger og i dei litt rikare furuskogane.

Havstrand/kyst

Balestrand har ei strandsone til sjø på nesten 9 mil. Likevel er det berre kartlagt eit brakkvassdelta og ei strandeng/strandsump. Årsaken til så få lokalitetar er at fjorden stort sett er brådjup med mest bart fjell og grove steiner i strandkanten.

Dette gjev dårleg grunnlag for prioriterte naturtypar. I tillegg er elveutløpa stort sett små .

Dei små restane av deltaområde som er att ved elveutløpa i kommunen bør sparast for fleire inngrep.

Ein skal ikkje utelukke at det kan finnast litt interessante strandberg i kommunen (slike er kjent frå Leikanger), med regionalt og dels også nasjonalt sjeldsynte og truga arter, særleg av planter og moser.

(20)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 20Miljøfaglig Utredning 2002

5 Lokalitetar

Databasen over verdifulle naturområde i Balestrand kommune omfatter ved sluttføring av rapporten 40 lokalitetar. Berre 12 (frå utdrag) av desse har vore inne i Naturbasen til

Fylkesmannen.

Resten er fyrst registrert som verdifulle lokalitetar i dette prosjektet eller ved gjennomgang av litteratur. Mange av dei "nye" lokalitetane er basert på eldre undersøkingar, men ei rekkje område har tidlegare vore heilt ukjente. Det er

mykje hagemark, naturbeitemark og rike edellauvskoger i databasen, noko som delvis spegler kva for naturtypar som har vorte prioriterte under tidlegare feltundersøkingar i kommunen, og under feltarbeidet i 2002.

Nedafor er alle lokalitetar lista opp, saman med opplysningar om naturtype, naturverdi og om det er gjort artsregistreringar i området. Opplysningane er ut frå dei data som er lagt inn i Natur2000. For å få meir detaljert informasjon om lokalitetane må ein sjå på utskrifter frå databasen. Ein systematisk og detaljert gjennomgang av kommunen ville nok ført til at talet på lokaliteter hadde vorte dobla. Det står med andre ord enno att ein god del å kartleggje.

Tabell 6

Registrerte lokalitetar med spesiell naturverdi i Balestrand kommune, sortert etter naturtype og verdi. "Ein prikk i rubrikk for

"andre" tyder at det er gjort funn på lokaliteten av andre artsgrupper, vanlegvis sopp, moser og lav.

Artsregistreringar

Nr Namn Naturtype Verdi Vilt Planter Andre

Hovudnaturtype fjell

36 Jostedalsbreen nasjonalpark FJELL Svært viktig Hovudnaturtype kulturlandskap

29 Nokken Artsrike vegkanter Svært viktig

1 Kvamsøy Hagemark Lokalt viktig

2 Linde Hagemark Svært viktig

13 Sæle Hagemark Svært viktig

14 Engjane Hagemark Lokalt viktig

21 Menes Hagemark Lokalt viktig

31 Livdi Hagemark Lokalt viktig

32 Flesje Hagemark Lokalt viktig

25 Rendedal Slåtteenger Lokalt viktig

12 Selenes Store gamle tre Viktig

18 Ese| Store gamle tre Viktig

19 Nesheim Store gamle tre Viktig

26 Sæle vest Store gamle tre Viktig

33 Sande sør Store gamle tre Viktig

34 Sande nord Store gamle tre Viktig

17 Tjugum beitemark Store gamle tre Lokalt viktig

9 Målsnes Store gamle tre Viktig

Hovudnaturtype skog

7 Tjugum Rik edellauvskog Svært viktig

5 Raundalen-Kvist Rik edellauvskog Svært viktig

15 Skitteigen Rik edellauvskog Svært viktig

(21)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 21Miljøfaglig Utredning 2002

3 Saurdal Urskog/gammelskog Svært viktig

28 Målsnes øvre Urskog/gammelskog Svært viktig

11 Tussvik Rik edellauvskog Viktig

16 Slåttefossen Gammel edellauvskog Viktig

20 Galdane Gammel edellauvskog Viktig

23 Meland aust Gammel edellauvskog Viktig

30 Thue Gammel edellauvskog Viktig

4 Vetlefjorden aust Rik edellauvskog Viktig

40 Hanaviki Bekkekløfter Viktig

37 Renndalen Rik edellauvskog Lokalt viktig

8 Kolven Rik edellauvskog Lokalt viktig

22 Meland vest Gammel edellauvskog Lokalt viktig

35 Galdaståi Gammel edellauvskog Lokalt viktig

38 Mel aust Gammel edellauvskog Lokalt viktig

39 Sværadalen Gammel edellauvskog Lokalt viktig

27 Saurdalen nedre Urskog/gammelskog Lokalt viktig

10 Esefjordbotn Gråor-heggeskog Verdi??

Hovudnaturtype havstrand/kyst

6 Vetlefjordsøya Brakkvannsdeltaer Svært viktig

24 Vetlefjordsøyra vest Strandeng og strandsump Viktig

(22)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 22Miljøfaglig Utredning 2002

6 Raudlisteartar

Eit sentralt verktøy for å finne og klassifisere viktige område for biologisk mangfald er førekomst av raudlisteartar. Den norske raudlista blir

oppdatert med jamne mellomrom av Direktoratet for naturforvaltning. Den siste kom i 1999 (DN 1999b) og er ut frå kjent kunnskap om ca 15 000 artar innafor 27 artsgrupper. I overkant av 20% av desse artane er ført opp på raudlista.

Dei fleste av artsgruppene som er med på denne raudlista, er fortsatt dårleg kjent (eller ukjent) i Balestrand. Den best undersøkte gruppa er karplanter.

Det har også vore nokre undersøkingar av sopp, lav og insekt (Hanssen 1989, Gaarder 1996, eigne undersøkingar i 2002), men kunnskapen om desse er likevel fortsatt dårleg til meget dårleg.

6.1 Raudlista insekt

Berre to funn av biller er kjent av raudlista insekt i Balestrand. Arten – Psaudocristela ceramboides- finst attmed Oslofjorden og på Sørlandet. Larven lever i morkne lauvtre, særleg i halvtørr raud mold i hole tre som eik. I Sogn og Fjordane er arten berre funne på 2 lokalitetar. Billen Plegaderus saucius er ein uvanleg art med få funn fra Norge, men meir vanleg i Sverige. Larven lever under borken på gran og furu der den et andre insekt.

Vi må rekne med at det finst ein del fleire raudlista artar i kommunen. Ikkje minst bør undersøkingar i gammal skog i dei varme, sørvendte liene kunne gi interessante funn. Det same gjeld hagemarker med gamle og innhole lauvtre, både av hengjebjørk, lind og eik

6.2 Raudlista karplanter

Også av karplanter er det berre kjent to raudlisteartar i kommunen. Orkideen vanleg

kvitkurle veks på slåtte- og beiteenger og i open, urterik skog, på baserik grunn. Den finst spreidd i dalføra på Austlandet og i kyst- og dalstrøk frå Kristiansand til Nordkapp. Arten har gått sterkt attende i låglandet sørpå i seinare tid. Er funne opp til 1220 m (Ulvik).

Pusleblom veks i havstrand på sand og grus, stundom i strandenger. Den er spreidd til sjeldsynt på kysten frå Østfold til Bremanger og inn

tilAurland og Stryn.

6.3 Raudlista sopp, lav og moser

Av dei 13 raudlisteartane i tabell 8 er det 5 sopp og 2 lavarter og 2 moser. Dette er ikkje uventa. Sopp er den mest artsrike organismegruppa vi har, nest etter insekt. Samtidig er dei noko lettare å registrere og artsbestemme sopp.

Dei fleste raudlista lav og soppartane er funnen i rike og/eller fuktige lauvskogsmiljø, både

edellauvskog og gammal lauvskog.

På Målsnes finst eikegreinkjuke som berre veks på svært gamle og grove eiketre. Dette er den einaste førekomsten i fylket og den

nordlegaste førekomsten i landet. Det er og funne pelskjuke i dette området som utgjer vestgrensa for arten i Sogn (Aas & Gaarder 1993).

Betre undersøkingar av naturbeitemark vil helst føre til at talet på raudlisteartar i kommunen aukar.

I tillegg bør det vere mogeleg å finne fleire artar i m.a. lågurtfuruskog, rike edellsauvskkoger, frodige gråor-heggeskoger, slåtteenger og hagemarker med gamle styvingstre.

(23)

_____________________________________________________________________________________________________________

Biologisk mangfald i Balestrand kommune 23Miljøfaglig Utredning 2002

Tabell 8

Kjente raudlista karplanter, sopp, lav, moser og insekt i Balestrand, med opplysningar om nasjonal raudlistestatus etter Direktoratet for naturforvaltning (1999b). I tillegg er kjente lokalitetar der artane truleg førekjem

(lokalitetsnummer er vist) og totalt antal funn/lokalitetar oppgitt. Ein "x" viser at funnet er så gammalt eller grovt oppgitt at vi ikkje har klart å avgrense nokon lokalitet.

Norsk namn Vitenskapleg namn Raudliste Lokalitetar Tal funn

Karplanter

Pusleblom Anagallis minima DC 6 1

Vanleg kvitkurle Pseudorchis albida DC x 2

Sopp

Eikegreinkjuke Pachykytospora tuberculosa DC 9 1

Oksetungesopp Fistulina Hepatica DC 26 , 9 2

Trolljordtunge Geoglossum simile DC x 1

Pelskjuke Inonotus hispidus V 9, 29 2

Rustkjuke Phellinus ferrugincsus DC 18, 19, 20 3

Lav

Skorpefiltlav Fuscopannaria ignobilis DC 5 1

Praktlav Cetrelia Olivetorum DC 40 1

Moser

Sporebusthette Orthotrichum rogeri DM x 1

Broddskeimose Rhynchostegium confertum DM x 1

Insekt

Pseudocristela ceramboides DC 9 1

Plegaderus saucius DC 9 1

Sum 13 artar 18 lok.funn

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Ikkje minst gjeld dette i Bremanger, der hinnebregna er utbredt over store delar av kommunen og antal registrerte funn utgjer opplagt berre ein liten del av det reelle, totale

Det fokuseres ofte sterkt på å bevare artsmangfoldet, men det er viktig å få med seg at vi også må ta vare på variasjonen av naturtyper, selv om disse ikke nødvendigvis er

 sjeldne utforminger (nasjonalt og regionalt) Forekomst av rødlistearter er ofte et vesentlig kriterium for å plassere en lokalitet som viktig eller svært viktig, og i

 sjeldne utforminger (nasjonalt og regionalt) Forekomst av rødlistearter er ofte et vesentlig kriterium for å plassere en lokalitet som viktig eller svært viktig, og i

Kjente rødlistede sopp, lav og moser i Naustdal, med angivelse av nasjonal rødlistestatus etter Direktoratet for naturforvaltning (1999b). *) funnet er ikke kontrollbestemt.. 7

Det er trolig enklest å finne nye rødlistearter og lokaliteter for slike blant sopp på naturbeitemarker og i rike edellauvskoger og kalkfuruskoger, men mer omfattende

Antall lokaliteter med verdifulle naturtyper har derfor blitt mer enn tredoblet gjennom denne kartlegging av biologisk mangfold i kommunen.. De fleste av disse har tidligere

På oppdrag fra Gjerdrum Boliger AS ved Odd Sæter har Miljøfaglig Utredning AS utført en kartlegging av naturmangfold i forbindelse med reguleringsplan for Skjønnhaugtunet ved for