• No results found

Implementering av Kvalifiseringsprogrammet Sluttrapport

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Implementering av Kvalifiseringsprogrammet Sluttrapport"

Copied!
24
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Kvalifiseringsprogrammet Sogn og Fjordane

Nav Sogn og Fjordane

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

6863 LEIKANGER

Sluttrapport

Implementering av Kvalifiseringsprogrammet

(2)

Kapittel

0 Samandrag

Sluttrapport omImplementering av Kvalifiseringsprogrammet i Sogn og Fjordane

Implementeringa av Kvalifiseringsprogrammet i Sogn og Fjordane har vore eit samarbeid mellom Prosjekt for Innføring av Kvalifiseringsprogram og

linjeorganisasjonane hjå Fylkesmannen og Nav-fylke. Prosjektet har vore integrert i linja gjennom eit felles mandat frå Fylkesmannen og Fylkesdirektøren

operasjonalisert i ein felles kompetanse- og aktivitetsplan retta mot Nav-kontora.

Prosjektet har jobba i eit kompetanseteam i Nav-fylke som har hatt ansvar for opplæring og kompetanseutvikling i Nav-kontora. Vi har hatt faste møtepunkt kvar veke i prosjektet og annankvar veke med heile kompetanseteamet.

Fylkesmannen og Nav-fylke har saman planlagt og gjennomført opplæring og fagdagar for alle tilsette i Nav-kontora. Vi har etablert nettverksgrupper på tvers av kontor i samarbeid med Arbeid og psykisk helse, og vi har vore kontaktpersonar for ulike kontor og gjort oss lett tilgjengeleg. I tillegg til kompetanseteamet, har vi hatt tilgang til fagpersonar både hjå Fylkesmannen og på Nav-fylke.

.

Kvalifiseringsprogrammet har vore den raude tråden i arbeidet med å innføre ny oppfølgingsmetodikk i Nav, og vi meinar vi har klart å framstå som samla og med same språk ut mot Nav-kontora. Vi trur kvalifiseringsprogrammet i Sogn og Fjordane har vore limet som har vore med å medverka til ein felles kultur i Nav- kontoret, og at det gode samarbeidet på fylkesnivået har hatt ein positiv effekt i arbeidet med å skape ein ny felles kultur både i fylke og på det enkelte kontor.

I prosjektperioden har vi gjennomført ei kvalitetsundersøking av 94 saker på personar som går i kvalifiseringsprogram. Funna i kvalitetsundersøkinga er eit viktig bidrag for det vidare arbeidet med kompetanseheving og utviklinga av Nav-

(3)

kontora. Utfordringa framover er å tileigne seg og ta i bruk marknadskunnskap, og å dokumentere oppfølgingsarbeidet som vert gjort.

(4)

Innhald

Innhald ...3

Innleiing ...5

Mål og rammer ...6

Målsetting - planlagde resultat og verknader 6 Samla ressursinnsats i prosjektet (inkludert bemanning) 6

Gjennomføring ...7

Beskriving av sjølve prosjektarbeidet 7

Risikovurderingar i prosjektet 8

Hovudaktivitetar som har inngått i prosjektet i høve hovudmåla 8 Læringsarenaer vi har nytta i prosjektet: 9 Samarbeidspartar og samarbeidsarenaer 11

Avvik frå planar 11

Kvalitetsbeskriving...12

Kvalitetsundersøking 12 Metode for kvalitetsundersøking 12 Rutine for saksbehandling 13 Bruk av Arena - dokumentasjon og arbeidsevnevurdering 13 Vurdering av målgruppe 14

Programinnhald 14

Oppfølging 15

Avslutning av program 15 Oppsummering av kvalitetsgjennomgang – hovudutfording framover 15

Overføring til linjeorganisasjonen ...15

Status 15

Vidareføring 16

Samarbeidsavtale Fylkesmannen og Nav-fylke 16 Partnarskapsavtalar 17

(5)

Samordninga av overlappande satsingar/tenester/fagområde 17 Linja si rolle, ansvar og funksjon hjå Fylkesmannen og Nav Fylke 17

Utfordring 18

Oppfølging 18

Oppnådde resultat ...18

Kvalitet 18

Kvantitet 19

Frå prosjekt til drift 19

Evaluering og forslag...20

Evaluering av prosjektet som arbeidsform 20 Andre forslag til tiltak som følgje av prosjektet 20

Økonomi ...22

Oversikt over Fylkesmannen sitt ressursforbruk fram til november 2010: 22 Oversikt over NAV Sogn og Fjordane sitt ressursforbruk fram til november 2010: 23

Dokumentoversikt ...23

(6)

1

Innleiing

Prosjekt for innføring av kvalifiseringsprogram har vore implementert i det ordinære utviklingsløpet som Nav Sogn og Fjordane og Fylkesmannen har ansvar for ut mot Nav-kontora .Fylkesmannen og Nav-direktøren bestemte at implementering av kvalifiseringsprogrammet måtte sjåast i samanheng med anna opplæring og kompetanseheving i Nav-kontoret, og at opplæringa for tilsette i Nav-kontora skulle samordnast gjennom felles styringssignal. Fylkesmannen og Nav-leiinga (operativt nivå) avklarte dei overordna prioriteringane og føringane for kompetanseløpet i fylket, og laga eit mandat for utarbeiding av ein felles

kompetanseplan. Kompetanseplan og aktivitetsplan sikra samordning ut mot Nav- kontora og heilheitleg tilnærming.

Ei arbeidsgruppe beståande av kompetansekoordinator ved Nav-fylke,

prosjektleiar for kvalifiseringsprogrammet og rådgjevarar hjå fylkesmannen fekk mandatet til å utarbeida ein felles kompetanseplan i november 2007. Planen vart revidert i november 2009. Kompetanseplanen med tilhøyrande aktivitetsplan har såleis vore lagt til grunn for korleis vi har jobba med implementering av

kvalifiseringsprogrammet i Sogn og Fjordane.

Kompetanseplanen med tilhøyrande aktivitetsplan var til godkjenning i Nav- fylkesforum, som er sett saman av representantar frå staten: Fylkesmannen og Fylkesdirektør, frå kommunane: leiar i KS Sogn og Fjordane (rådmann i Førde) politisk representant: ordførar i Hornindal og Nav-leiar i Høyanger.

(7)

Kapittel

2

Mål og rammer

Målsetting - planlagde resultat og verknader

Hovudmålsettinga for fylkesprosjektet har vore å implementere

kvalifiseringsprogrammet i Nav-kontoret som eit verkemiddel for å få den gruppa som står lengst frå arbeidslivet i arbeid og aktivitet. Det har vore eit mål å gje flest mogleg opplæring i regelverk for kvalifiseringsprogram fordi vi har mange små einingar, og det har derfor vore nødvendig å samkøyre kvalifiseringsprogrammet med andre satsingar, og på den måten legge til rette for heilheitleg tilnærming. Å nå periodiserte måltal har vore ei målsetting i heile prosjektperioden.

I november 2009 var alle Nav-kontor i fylket etablert, og i 2010 har målsettinga til prosjektet i hovudsak vore å hjelpe kontor med nyrekruttering av deltakarar i program. I tillegg har det vore ei målsetting for prosjektet å legge til rette for kompetanseheving og kvalitetsutvikling i oppfølgingsarbeidet, gjennom å etablere arenaer der dette kan skje.

Innføring av kvalifiseringsprogram har vore god drahjelp i arbeidet med å få på plass oppfølgingsmetodikken i Nav. Spesielt bruk av eigenvurdering,

arbeidsevnevurdering og tiltaksbruk. Gjennom kvalifiseringsprogrammet har vi også lagt grunnlaget for teamjobbing som metode for kompetanseheving i kontora og på tvers av kontor.

Samla ressursinnsats i prosjektet (inkludert bemanning)

Ressursinnsatsen i fylkesprosjektet har variert i prosjektperioden. I oppstarten var det 3, 6 stillingar som vart nytta i prosjektet. Frå hausten 2009 vart bemanninga i prosjektet redusert til 2,4 stillingar. Dei tilsette i prosjektet har vore:

Frå Nav Sogn og Fjordane:

(8)

Prosjektleiar Hanne Sæbø (tom juni 2009), 100% stilling.

Rigmor Wathne frå 01.07.09 og ut prosjektperioden 31.12.2010. 100% stilling.

Prosjektmedarbeidar: Eirin Kormeset, (tom november 2009). 100% stilling.

Frå Fylkesmannen:

Kari Vold Olsen, 50% stilling.

Elisabeth Lund-Iversen, 50% stilling.

Rita Hagen Molvær (tom juni 2009 ) 20% stilling.

Kommunale kompetanseretteleiarar engasjert av Fylkesmannen:

Siren Rørgård Skjerven, 20% stilling.

Anita Steinseth, 20% stilling.

I samband med etablering av Nav-kontor vart det oppretta eit kompetanseteam i Nav Sogn og Fjordane. Prosjektet har vore ein del av dette teamet heile perioden.

Kompetanseteamet har hatt og har ansvar for opplæring og kompetanseheving for tilsette i Nav-kontor, og har vore bemanna med 8-10 personar til ei kvar tid.

Kapittel

3

Gjennomføring

Beskriving av sjølve prosjektarbeidet

Prosjektgruppa etablerte seg raskt etter at oppdraget kom, og vi etablerte fast møtepunkt kvar måndag. Vi har nytta mykje telefonmøte for lettare å kople på kompetanserettleiarane som høyrde til på to ulike Nav-kontor. I starten laga vi ein

”reiseplan” for å få besøkt Nav-kontora og drive opplæring. Vi hadde også informasjonsmøte hjå dei tre Distriktspsykiatriske sentera i fylket, samt hjå Kriminalomsorg i Friheit. Vi såg det som viktig at desse organisasjonane hadde kunnskap om kvalifiseringsprogrammet, og kunne informere sine brukarar om ordninga.

Prosjektet har vidare vore ein integrert del av resten av arbeidet Fylkesmannen og Nav Fylke har gjort ut mot Nav-kontora. Vi meiner at vi på denne måten har

(9)

fått til integrert opplæring og kompetanseutvikling. I ein periode var det etablert eit

”Arenateam” ved Nav Sogn og Fjordane. Dette var for å møte utfordringane Nav- kontora hadde med å ta Arena i bruk på ein god måte. Arenateamet og prosjektet hadde tett samarbeid, og reiste ofte saman ut til kontora. På denne måten fekk vi gitt opplæring og hjelp på datasystem og bruk av verkemiddel samstundes som vi dreiv fagopplæring på kvalifiseringsprogrammet. Vi hadde felles møter annakvar måndag for å samordne oss.

Nærmare beskriving av ulike aktivitetar er gjort under, men vi vil trekke fram eit tiltak. Dette var ein felles ”opplevingsdag” vi arrangerte for deltakarane i kvalifiseringsprogrammet og deira rettleiarar. Vi kalla dagen ”Korleis lukkast i kvalifiseringsprogrammet?”, og dagen var meint som ei energi-innsprøyting. Stig Hjerkinn Haug frå Stig og Stein Idèlab gjennomført dagen, og tilbakemeldingane frå deltakarane var positive. Vi viser elles til eiga rapportering på dette som vi tidlegare har sendt direktoratet.

Risikovurderingar i prosjektet

Vi vurderte at Nav-kontor under etablering hadde bruk for ekstra oppfølging for å komma i gang med arbeidet med kvalifiseringsprogrammet. Vi valde derfor å gje kontora ekstra merksemd før etablering for å sikre at kompetanse om

Kvalifiseringsprogram var i kontoret. Vi anbefalte dei å legge inn malar, identifisere aktuelle kandidatar til kvalifiseringsprogram og starte

motivasjonsarbeidet. Vi følgde også tett opp i etterkant av etablering, og hjelpte ofte til med å få dei første vedtaka på plass. Elles har vi retta merksemda mot dei kontora som har hatt utfordringar i høve å nå måltal eller der vi såg at det mangla på kunnskap om kvalifiseringsprogrammet.

Hovudaktivitetar som har inngått i prosjektet i høve hovudmåla

Kvantitet

Vi har hatt oppfølging av kontora sine måltal ved kontakt med både Nav-leiarane og tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogram. Kontakten har vore både ved

(10)

fysiske møte og telefonsamtalar. Ved visse høve har fylkesdirektøren teke denne dialogen med Nav-leiarane på samlingar eller i telefonmøte.

Kvalitet

Oppfølging av kvaliteten i arbeidet med kvalfiseringsprogram i Nav-kontora har vi gjort på ulike måtar, sjå under punktet læringsarenaer. Fokus frå vår side har vore innhald i programma, bruk av statlege og kommunale verkemiddel. I tillegg har oppfølging av deltakarane og motivasjonsarbeid vore viktige tema.

Kvalitetsundersøkinga har også vore viktig i høve å følgje opp kvaliteten i

arbeidet. Den viste at det blir gjort mykje godt oppfølgingsarbeid i Nav-kontora ut mot deltakarar i kvalifiseringsprogram. Vidare gav undersøkinga ein peikepinn på hovudutfordringane framover i høve kvalitet. Ein av målsettingane til prosjektet var at vi gjennom implementering av kvalifiseringsprogrammet samtidig skulle bidra til at oppfølgingsmetodikken i Nav vart teken i bruk.

Prosjekt til drift

Den viktigaste aktiviteten i høve avslutning av prosjektet og overgangen til vanleg drift har vore kvalitetsundersøkinga som vi gjennomførte hausten 2010. Gjennom denne har kvart Nav-kontor fått ei tilbakemelding i høve sitt arbeid med

kvalifiseringsprogram. På samling for Nav-leiarane i november 2010 var vidare arbeid med kvalifiseringsprogrammet tema, i tillegg til gjennomgang av

kvalitetsundersøkinga.

På leiarsamling for Nav-leiarane 16. desember kjem det til å verte markert at arbeidet med kvalifiseringsprogrammet frå nyttår går over til vanleg drift, og at Fylkesmannen no overtek ansvaret.

Læringsarenaer vi har nytta i prosjektet:

Besøk ved Nav-kontora

I starten av prosjektperioden konsentrerte vi oss om å gjennomføre

grunnleggande opplæring ved alle Nav-kontor ved å reise ut. Det vart fokusert på å hjelpa Nav-kontora med å komma i gang å tilby programmet til aktuelle

(11)

kandidatar, og vi hjelpte til med å finne aktuelle kandidatar. Opplæringa elles gjekk på å gi innføring i regelverket, avklare spørsmål/problemstillingar og diskutere innhald i programma. Bruk av statlege og kommunale verkemiddel var også eit viktig tema, i tillegg til støtte i bruk av dataverktøy og gjennomføring av eigenvurdering og arbeidsevnevurdering. Ved desse besøka møtte vi først og fremst dei som skulle arbeide med kvalifiseringsprogrammet, men også leiar i kontoret og gjerne andre personar i kontoret slik at dei skulle vere orientert om kvalifiseringsprogrammet som verkemiddel. Med våre små Nav-kontor var møta prega av ein uformell tone med diskusjonar rundt bordet, heller enn forelesing og tradisjonelt kurs.

Fylkesvise fagdagar

Nav fylke og Fylkesmannen har saman fått innarbeida at vi arrangerer fagdag for Nav-kontora den tredje torsdagen kvar månad. Vi finn saman fram til tema og metode for gjennomføring med utgangspunkt i overordna føringar frå leiarane våre. Oppfølging av brukarar har vore eit aktuelt tema på fagdagar, og her vert det då sjølvsagt naturleg at kvalifiseringsprogram får ein plass. Det same gjeld dersom tema har vore t.d. arbeidsevnevurdering eller bruk av ulike verkemiddel.

Døme på tema på fagdagar i 2010: arbeidsevnevurdering, aktivitetsplanar, casearbeid med metoden reflekterande team (kvp-saker og bruk av tiltak og verkemiddel), skjønn og handlingsrom, ”Ser deg i morgon”, metoden motiverande intervju (kurs ved Institutt for psykologisk rådgiving), skjeringspunktet mellom arbeidsavklaringspengar og kvalifiseringsprogram, barn og unge.

Regionvise nettverksmøte

2-3 gonger i året har alle Nav-kontor hatt tilbod om møter saman med

nabokontor. Nettverksmøta har ved visse høve vore tverrfagleg innretta ved at også personar som arbeider med psykisk helsevern i kommunane har delteke, og personar som arbeider med rus og bustadsosialt arbeid. Erfaringane med dette har vore svært bra. Vi samarbeida her med kontaktperson for ”arbeid og psykisk helse” ved Nav Sogn og Fjordane. Metoden reflekterande team har vore nytta ein god del i nettverksmøta for å diskutere saker som kontora arbeider med. Det har vore gode tilbakemeldingar frå deltakarane. Deltakarane har på denne måten fått innspel frå kollegaer i saker dei arbeider med. Denne arenaen har også vore

(12)

nyttig for oss for å få gitt informasjon og sett fokus på tema vi har sett på som viktige.

Leiarsamlingar

Nav-leiarane har jamlege samlingar med fylkesleiinga i Nav der også

Fylkesmannen deltek og bidreg. Her har det ved visse høve vore naturleg å ha kvalifiseringsprogrammet som tema. I tillegg til desse arenaene kjem rettleiing pr.

telefon og e-post som vi har hatt med både Nav-leiarar og tilsette. Vi vil også nemne tysdagsposten, som er Nav fylkesledd sin vekentlege e-post til Nav- kontora og Forvaltning. Vi har nytta denne som informasjonskanal. På denne måten vert informasjonen samordna med resten av informasjonen frå

fylkesleddet. Fylkesmannen nyttar også denne e-posten som informasjonskanal.

Samarbeidspartar og samarbeidsarenaer

Prosjektet har vore ein integrert del av Fylkesmannen og Nav Fylke sitt arbeid ut mot Nav-kontora. Vi har dermed hatt samarbeid med til dømes kontaktpersonar for arbeid og psykisk helse i begge organisasjonar, arbeidet med økonomi- og gjeldsrådgjeving, personar med ansvar for marknadsarbeid og verkemiddel osv.

Samarbeidet har mykje gått ut på å arrangere fagdagar for Nav-kontora. På fagdagar har vi også trekt inn og hatt samarbeid med t.d. psykiatrisenter og oppfølgingstenesta. På fagsamlinga ”Frå barn til vaksen” var rådgjevar frå

Fylkesmannen og gav informasjon om barnevernstenesta sitt ansvarsområde og korleis dei jobbar.

Avvik frå planar

Vi har heile perioden jobba med utgangspunkt i felles kompetanse- og aktivitetsplan, og vi har til ei kvar tid vore fleksible og innretta oss etter dei forventningar og behov som har oppstått undervegs i prosjektperioden.

(13)

Kapittel

4

Kvalitetsbeskriving Kvalitetsundersøking

Metode for kvalitetsundersøking

Prosjektet har gjennomført kvalitetsundersøking på saker med

kvalifiseringsprogram hausten 2010. Vi valde å innhente saker frå alle 26 kontor i fylket, og gjorde eit tilfeldig utval av saker ut frå registreringar i Arena.

På førehand minna vi alle kontor om at alle som har kvalifiseringsstønad skal vere merka med kvalifiseringsprogram under ”Personforhold” i Arena. Det var i utgangspunktet meininga å plukke ut 100 saker til undersøkinga, men av ulike grunnar vart det til slutt 94 saker som vart gjennomgått. I dei største kontora der vi måtte avgrense utplukket, valde vi dei yngste deltakarane då ungdom er eit satsingsområde i Sogn og Fjordane.

Alle kontor vart bede om å sende inn kopi av dokumentasjon som ikkje ligg i Arena til fylkesprosjektet, dvs. dokumentasjon som låg i kommunale

fagsystem. Dokumentasjon som ligg i Arena vart ikkje skrive ut då prosjektet sjølv hadde tilgang til denne informasjonen elektronisk.

Fire av fem prosjektmedarbeidarar deltok i gjennomføring av undersøkinga, og saker frå kvart kontor vart fordelt i gruppa. Vi starta med å sjå på tre saker i lag, slik at vi fekk ei felles forståing og tilnærming til spørsmåla i skjema vi nytta. Alle saker vart sett på av ein person, men vi sat i opent landskap og jobba og diskuterte sakene undervegs ved behov. Vi fylte ut eit

kvalitetsskjema for kvar sak, og samanfatta deretter ei tilbakemelding til kvart Nav-kontor. Denne tilbakemeldinga fekk Nav-leiarane på leiarsamling i

november, og vi presenterte også fylkesresultatet på denne samlinga.

(14)

Rutine for saksbehandling

Alle kontor melder at dei har rutinar for saksbehandlinga. Over halvparten av kontora har eigne skriftlege rutinar på plass, medan ein del kontor nyttar rutinane som ligg på Navet. Seks kontor melder at dei ikkje har skriftlege rutinar, men at dei har rutinar i kontoret for korleis dei internt jobbar med både rekruttering av deltakarar og oppfølging av personar i program. Her manglar det rutinar for avbrot. Ein region har teke i bruk eit dataprogram som heiter

”Kvalitetslosen”, og som inneheld internkontrollaktivitetane i kommunen.

Dataprogrammet tek i vare både rutinar for saksbehandling, brot på rutinar og oppfølging av rutinar. Kontor som rapporterte at dei ikkje hadde skriftlege rutinar, seier dei no i er gang med dette arbeidet.

I undersøkinga såg vi at det var brukt søknadsskjema som ligg på Navet, eller notat der brukar og Nav var einig om at ein skulle starte kvalifiseringsprogram.

I nokre saker gjekk det fram av notat at brukar var byrja i

kvalifiseringsprogram. Kvaliteten i dei vedtaka vi såg på var noko ujamn og det kunne med fordel ha vore fleire vedtak med individuell grunngjeving. Alle vedtak hadde generell grunngjeving og informasjon om program og yting.

Iverksettingstida var halden i om lag alle sakene, medan vi såg at generell samtykkeerklæring var lite brukt. I dei sakene det var samtykkeerklæring, var den retta mot ein bestemt samarbeidspart.

Bruk av Arena - dokumentasjon og arbeidsevnevurdering

Dei aller fleste kontor nyttar Arena som oppfølgingsverktøy i arbeidet med kvalifiseringsprogram. Det er likevel varierande bruk av Arena både mellom kontor og internt i kontora. Dei aller fleste saker hadde arbeidsevnevurdering i Arena, men med varierande kvalitet. I fleire saker fann vi ikkje dokumentasjon på opplysningar om omgjevnadsforhold i høve arbeidsliv og daglegliv.

Marknadsarbeidet var ikkje mogleg å finne dokumentasjon på i dei sakene der omgjevnadsforholda ikkje gjekk fram av arbeidsevnevurderinga.

(15)

Det var nytta eigenvurdering i alle saker, men i dei fleste sakene var det manglande dokumentasjon på at opplysningane i eigenvurderingane var nytta i arbeidsevnevurderingane. Eit fåtal saker hadde også feil

innsatsområde.

Aktivitetsplan i Arena var brukt i om lag alle saker. Her var det også stor variasjon både mellom kontor og internt i kontora. Det var mange gode godkjende aktivitetsplanar der både individuelle mål, delmål, aktivitetar og alt som skal vere med var på plass. Vi fann også aktivitetsplanar som ikkje hadde status som godkjend, og vi fann planar som var påbegynte og berre hadde tiltaksaktivitet, og planar som hadde for generelle individuelle mål. Det var varierande kvalitet på planane, og gjennomgåande mangla det

dokumentasjon på evalueringstidspunkt.

Vurdering av målgruppe

Deltakarane i kvalifiseringsprogram som var med i kvalitetsundersøkinga var alle i målgruppa for Kvalifiseringsprogrammet, med unntak av to saker der vi stilte spørsmål ved innsatsbehovet som var fastsett. Deltakarane er i

hovudsak einslege, ungdom (dropouts) forsytt av foreldre, og flyktningkvinner forsytt av ektefelle. Dei færraste av brukarane kjem frå langvarig økonomisk sosialhjelp.

Programinnhald

Undersøkinga viste at det var svært varierande bruk av plandokumenta

vekeplanar og aktivitetsplanar. Det var stort sett aktivitetsplanar i alle sakene, sjølv om ein del av dei var noko ”tynne”. I nokre saker fann vi både vekeplanar og aktivitetsplanar og nokre saker hadde berre vekeplanar. Innhaldet i planane varierte også mykje, men om lag alle hadde arbeidsretta tiltak, dvs. alt frå norskundervisning til arbeidspraksis og lønstilskot. Dei fleste planane mangla dokumentasjon på at det var sett av tid til evaluering under vegs, og det var lite dokumentasjon av progresjon i programma.

(16)

Oppfølging

I dei aller fleste sakene vi såg på fekk deltakaren tett oppfølging, og det var dokumentert at Nav samarbeida med andre instansar. Dei fleste kontora hadde nytta søknadskjema som ligg på Navet, og brukar hadde der skrive under på at han/ho hadde fått informasjon om individuell plan. Ein deltakar hadde individuell plan. Det var varierande dokumentasjon på at brukar er delaktig i utforming av eige program.

Avslutning av program

I dei sakene som var avslutta, var dette utifrå ulike grunnar. Nokre deltakarar gjekk over til arbeid, nokre gjekk over på arbeidsavklaringspengar og andre tilbake til økonomisk sosialstønad. I nokre saker mangla det dokumentasjon på avsluttingsvedtak. Ingen saker som var avslutta hadde dokumentert

deltakarbevis.

Oppsummering av kvalitetsgjennomgang – hovudutfording framover Hovudutfordringa i fylket er først og fremst å få på plass gode rutinar som sikrar betre dokumentasjon av det arbeidet som vert gjort. I tillegg har vi ei utfordring med å dokumentere bruk av marknadskompetansen i oppfølging av deltakarar i kvalifiseringsprogram.

Kapittel

5

Overføring til linjeorganisasjonen

Status

Kvalifiseringsprogrammet har heile tida vore godt implementert i

hovudorganisasjonane Fylkesmannen og Nav-fylke sjølv om arbeidet har vore

(17)

organisert som prosjekt. Overføring til ordinær drift vil av den grunn gå føre seg utan stor endring i organisasjonane.

Status er at kvalifiseringsprogrammet er implementert i alle kontora. Det er mange små kontor i vårt fylke, og ikkje alle kontora har sett behovet for å laga seg

skriftlege rutinar for arbeidet, men har tett oppfølging av leiar. I oktober nådde vi 152 i måltal, medan periodisert måltal var 161. Vi kjenner ikkje tala for november,

men vi har godt håp om at resultatet skal verte enno betre.

Vidareføring

I det vidare arbeidet vert kvalifiseringsprogrammet organisert som ein naturleg del av oppgåvene knytt til Nav-kontora som Fylkesmannen skal følgje opp med sitt

”følgje med ansvar”, opplæringsansvar, klagebehandling, råd og rettleiingsansvar.

Vidareføringa skal skje ved at Fylkesmannen og Nav-fylke vil halde fram med å tilby relevant kompetanseheving på området. I tillegg vil vi følgje med på utviklinga ved at målekortet framleis vert nytta som eit rapporteringsverktøy.

Samarbeidsavtale Fylkesmannen og Nav-fylke

Det er laga eit utkast til vidare samarbeid mellom Fylkesmannen og Nav-fylke, der det går fram at vi skal ha faste samarbeidsmøte og vi har laga felles kompetanseplan no, i første omgang for første halvår 2011.

Som tidlegare vil begge organisasjonane leggje vekt på å sjå ulike

satsingsområde/ fagområde i samanheng, og ut frå ei samla vurdering leggje opp det vidare arbeidet på ein slik måte som tener Nav-kontora best. Dette er område som psykiatri, rus, ungdom osv. I våre små kontor er det viktig at vi ikkje legg opp arbeidet på ein slik måte av vi tømmer kontora, eller at opplæringstilbodet tek for stor del av arbeidsdagen. For å tilpasse dette, har vi jamleg kontakt med Nav- leiarane.

(18)

Partnarskapsavtalar

Det har vore gjennomført møte i alle partnarskapa i fylket denne hausten, der mellom anna verknadene av at kvalifiseringsprogrammet no går over i linja har vore tema. Ingen av partane har funne det naudsynt å gjere endringar i

partnarskapsavtalen som fylgje av at kvalifiseringsprogrammet no går over i den ordinære styringslinja mellom kommunane og fylkesmannen.

Fylkesdirektøren har også teke dette opp som tema på møte i fylket sitt

rådmannsutval, og her er det brei semje om at kvalifiseringsprogram er ei prioritert og viktig oppgåve for alle kommunane i fylket.

Lov om sosiale tenester i Nav regulerer bruk av kvalifiseringsprogram i Nav- kontor.

Samordninga av overlappande satsingar/tenester/fagområde

Det er ikkje utarbeida eigne samarbeidsavtalar som gjeld overlappande satsingar.

Prosjektmedarbeidarane frå fylkesmannen har også ansvar for bustadsosialt arbeid, rus og økonomisk sosialhjelp i sine stillingar, og denne kompetanse har prosjektet hatt god nytte av. Fylkesmannen og Nav-fylke har eit etablert

samarbeid, og både psykiatri og rus er ein del av den kompetanse som dei samarbeidande rådgjevarane har ansvar for.

Linja si rolle, ansvar og funksjon hjå Fylkesmannen og Nav Fylke Både Fylkesmannen og Nav Fylke vil halde fram med å jobbe ut frå dei

ansvarsområda som til ei kvar tid gjeld, og følgjer retningslinjer i Embetsoppdraget og i Mål og Disponeringsbrev.

(19)

Utfordring

Utfordringa framover trur vi kan bli å sikre at kvalifiseringsprogrammet vert brukt etter intensjonen. Etter overføring til linja vil det nødvendigvis bli mindre kontroll og rapportering, og det vil ikkje være mogleg å være så tett på kontora som vi har vore no i prosjektperioden.

Vi ser at det kan bli ei utfordring å oppretthalde det gode samarbeidet som har vore mellom Fylkesmannen og Nav Fylke. Om vi lukkast vil vere avhengig av om begge partar er villig til å prioritere å møte på samarbeidsmøta og bidra med nødvendig deltaking, dele informasjon osb. Implementering av

kvalfiseringsprogrammet var innarbeida i felles kompetanseplan, og vi har tru på at vidareføring av felles kompetanseplan vil kunne hjelpe oss med å oppretthalde det gode samarbeidet.

Oppfølging

Både Fylkesmannen og Nav Fylke har ansvar for at samarbeidsavtalen mellom dei to etatane vert halden. Det vil bli nedfelt evalueringstidspunkt i

samarbeidsavtalen.

Kapittel

6

Oppnådde resultat

Kvalitet

Det har vore eit viktig mål for oss at arbeidet med kvalifiseringsprogrammet i kvart kontor skal vere ein integrert del av arbeidet i Nav-kontoret. Vi har ikkje hatt som mål at denne type arbeid skal bli sett på som noko spesielt, men heller som ein måte som det er naturleg å jobbe på i Nav. Dette opplever vi at vi langt på veg har lukkast med. Vi er svært nøgde med at kvalifiseringsprogrammet har vore nesten

(20)

som ein raud tråd på fagdagane som vert arrangerte for Nav-kontora. Gjennom arbeidet med kvalifiseringsprogrammet meiner vi at vi har fått sett i sving

kompetanseheving i Nav-kontora på viktige verktøy som eigenvurdering, arbeidsevnevurdering og bruk av tiltak/verkemiddel.

Gjennom kvalitetsundersøkinga fann vi at kvaliteten ikkje er slik vi hadde håpa i alle kontor, men vi meiner likevel at kvaliteten er god fleire stader, og mange deltakarar har fått og får eit godt tilbod.

Kvantitet

Alt i alt er vi godt nøgde med det fylket har oppnådd når det gjeld måltal. Då prosjektet starta arbeidet i august 2008 hadde fylket vårt knapt ein deltakar i kvalifiseringsprogrammet, men då året var omme hadde vi seks fleire deltakarar enn måltalet som var sett for fylket. Vi har mange småkommunar i Sogn og Fjordane, og mange kontor har hatt låge måltal. I nokre høve har det vel vore slik at ein har leita med ”lys og lykte” etter deltakarar for å klare å oppnå eit måltal på t.d. tre deltakarar. Samstundes har vi også sett at ein del Nav-kontor lett har funne aktuelle deltakarar til ordninga og gitt dei eit tilbod.

Frå prosjekt til drift

Vi meiner at vårt arbeid med å integrere arbeidet med kvalifiseringsprogrammet med det andre arbeidet i Nav-kontora, bidreg på ein god måte til overgangen frå prosjekt til drift. Arbeid med kvalifiseringsprogrammet vert ivareteke av rettleiarar som også arbeider på andre område. Fagdagar ein gong i månaden for Nav - kontora er ei innarbeida ordning som Fylkesmannen og Nav Fylke kjem til å samarbeide om vidare, og det er naturleg at kvalifiseringsprogrammet vert tema her også i åra framover.

(21)

Kapittel

7

Evaluering og forslag

Evaluering av prosjektet som arbeidsform

Prosjektdeltakarane i Sogn og Fjordane si vurdering av å arbeida i prosjektet, er at dette har vore ei god arbeidsform. Det at Fylkesmannen og Nav-fylke vart knytt saman i dette prosjektet med felles målsetting og felles gjennomføring ut mot Nav-kontora, har ført til at vi har vorte godt kjende med kvarandre sine arbeidsfelt, og har fått større forståing for oppgåvene i Nav-kontora. Vi har på den måten vorte godt samstemt i vår kontakt med Nav-kontora. Vi trur at dette har vore ein føremon for å få implementere kvalifiseringsprogrammet i heile Nav-kontoret, og at det i Nav-kontora og har vorte lettare å få til samarbeid på tvers av tidlegare oppgåver og tilhøyrigheit.

Det at implementeringa av kvalifiseringsprogrammet vart organisert som eit prosjekt som kunne/skulle arbeide tett på Nav-kontora, opplevde vi som svært viktig for å nå måla. I etableringsprosessen, var det mykje nytt som skulle lærast, og særleg i små kontor måtte ”alle” lære alt. Det var difor vanskeleg å få kontora til å prioritere nye oppgåver utan at vi var i tett dialog, ofte også ved besøk i kontora.

Det har vore svært føremålstenleg for prosjektet å kunne hente ressursar frå både Nav fylke og Fylkesmannen ved opplæring/oppfølging av Nav-kontora. Begge organisasjonane har stilt ressursar til disposisjon ved behov.

Andre forslag til tiltak som følgje av prosjektet

Vi har over beskrive arenaer for fagutvikling i Nav-kontora i vårt fylke, jf fagdagar og regionale nettverk med bruk av metoden reflekterande team. Desse arenaene vert vidareført, og arbeid med kvalifiseringsprogram vert framleis ein naturleg del

(22)

her. Fylkesmannen og Nav Fylke vil framleis samarbeide om tiltaka, og vi vil framleis ha faste møtepunkt for å samordne og samarbeide om aktiviteten ut mot Nav-kontora. Vi meiner at på denne måten skal vi klare å sikre det vidare arbeidet i kontora med kvalifiseringsprogrammet.

Nav-leiarane vart på leiarsamling i november 2010 utfordra til å drøfte kva Fylkesmannen og Nav fylke kan bidra med for at Nav-kontora skal få betra kvaliteten i sitt arbeid med kvalifiseringsprogrammet. Her er innspela vi fekk inn frå diskusjonsgruppene, og som vi kjem til å ta med oss i vidare planlegging av t.d. fagdagar. Tal i parentes til slutt syner at innspelet er komme frå fleire grupper.

• Nettverk m/metode reflekterande team (drøfte konkrete saker, presentere gode eksempel, erfaringsutveksling, idèdugnad) (4)

• Fagdagar (2pr år?) (presentere gode eksempel, samtalemetodikk, motivasjonsarbeid, systematisk arbeid i sakene, dokumentasjon) (4)

• Roller over til kommunane

• Orientere om formalitetar/tekniske (minimumsstandard på vedtak, arbeidsevnevurdering osb) (2)

• Metode oppfølging/bruk av Arena

• Arbeide med kvaliteten på tilgjengelege malar

• Utarbeide felles søknadsskjema som inneheld samtykkeerklæring

• Gi klare signal om at Arena skal vere hovuddokumentasjonskilda, stille krav om dokumentasjon

• Bistand til organisering av KVP-arbeidet i kommunen/kontora. Spesialist?

• Rettleiing og motivering frå personar som har erfaring frå KVP-arbeid, gjerne frå andre fylker

• System for utsjekk av programutvikling

• Fylkesmannen og NAV Fylke må vere ilag om oppfølginga av Nav-kontora

• Kvalitetsundersøking på verktøy ein jobbar utifrå, t.d.

arbeidsevnevurdering

• Pådrivar overfor kommuneleiing (prioritering/økonomi)

• Kompetansetelefon/rettleiing ved behov – kven ringjer vi?

(23)

Kapittel

8

Økonomi

Oversikt over Fylkesmannen sitt ressursforbruk fram til november 2010:

Budsjett: (heile året)

Koststad 1440, prosjekt 6000100, 6000200,6000300, 6000500, 6000700, 6000800 Kr. 6.332.293

Rekneskap fram til november:

Koststad 1440, prosjekt 6000100, 6000200,6000300, 6000500, 6000700 og 6000800 Kr. 5.226.641

Rest pr. 1. november 2010 Kr. 237.219

Fylkesmannen la om rekneskapet i starten av 2010, difor må ein sjå alle desse prosjektnummera under eitt. Fylkesmannen gjekk inn i prosjektet med to halve stillingar frå den faste staben, difor er det vanskeleg å finne att f. eks. lønsmidlar spesielt på kvalifiseringsprogramkontoen. Det har vore engasjert to

kompetanserettleiarar i til saman 40% stilling. I tillegg har

kvalifiseringsprogrammet hatt tilgang til heile den tildelte potten som omhandlar sosiale tenester generelt og levekår og sosiale tenester (Nav). Under same avsnittet vert tilskotsordningane bustadsosialt arbeid, barnefattigdom og økonomisk rådgjeving ført. Det har og vore tett samarbeid med

psykiatrirådgjevaren i embetet i forhold til fagdagar.

For prosjektet har det vore ein styrke at ein kan dra ressursar frå så stor del av porteføljen til Fylkesmannen for å fremme kompetanseheving og kunnskap på eit breitt felt.

(24)

Fylkesprosjektet i Sogn og Fjordane fekk kr 80.000 tildelt i november 2009, som vart nytta til motivasjonskonferanse for brukarar i kvalifiseringsprogram og tilsette som jobbar med kvalifiseringsprogrammet.

Oversikt over NAV Sogn og Fjordane sitt ressursforbruk fram til november 2010:

Budsjett (heile året): Kr: 557.000

Rekneskap fram til primo november: Kr. 454.692

I tillegg har fylkeskoordinator for arbeid og psykisk helse søkt om kr 50.000 i prosjektmidlar. Pengane er brukt til nettverksmøte/rettleiingsgrupper i

kommunane. Møta har vore eit samarbeid mellom kvalifiseringsprogrammet og koordinator for arbeid og psykisk helse.

Det meste av dei tildelte midlane har gått til løn og drift. Nav Sogn og Fjordane har stilt sine ressursar til rådvelde for prosjektet, og vi har på den måten brukt meir ressursar enn det ein kan lese ut av dei føreliggjande rekneskapa.

Kapittel

9

Dokumentoversikt

1. Kompetanseplan for Sogn og Fjordane – eit samordna kompetanseløft i 2008 i regi av Fylkesmannen og Nav Sogn og Fjordane

2. (Evaluert) Kompetanseplan for Sogn og Fjordane - Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Nav Sogn og Fjordane

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane fått tildelt midlar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune til eit prosjekt i Sætremyrane, der ein vil kombinere klimatiltak med tiltak for å ta vare på

Et kontor oppgir å ikke overholde iverksettingstiden etter §31, mens de andre kontorene holder seg godt innenfor frist Her er det kontor som opplyser at de er så ivrige etter å

Dette har helt klart vært en suksessfaktor da de kunne dekke flere områder sammen, og ga også en signaleffekt til kontorene i forhold til hvordan det kunne være smart å være

Viktige tema i denne sammenheng har vært dokumentasjon, arbeidsevnevurdering, tett individuell oppfølging, bruk av plan (individuell plan), markedsarbeid, samarbeid med

Når det konkret gjelder resultater av arbeidet med Kvalifiseringsprogrammet i Vestfold viser det seg at det er forholdsvis stor grad av variasjon med tanke på aktive løsninger,

Videre merker vi en intern konflikt ved kontorene i prioritering av ressurser til oppfølging, på den ene siden tar forvaltningsoppgavene meget store ressurser og på den andre siden

Hordaland. Svar: Arena blir brukt i stor grad. Kvaliteten på registreringene kan bli bedre. KIS blir brukt i mange kontor. Info blir overført til Arena. b) Hvordan utviklingen

Gruppen ”Langtidsmottakere av sosialhjelp” har svært ulike forutsetninger for å kunne tiltre et arbeidsmarked (Dahl og Lødemel m/fl 2006). Som gruppe; overrepresentert