• No results found

Tidlegare forsking på folkehøgskular i Noreg

Folkehøgskular er både eit historisk og samtidig fenomen, og det er utelukkande den historiske sida som blir tatt opp til vurdering i denne avhandlinga. Folkehøgskular har eksistert over eit langt tidsrom og har omfatta ei stor mengd med personar i Noreg. Eit resultat av dette er at mengda av tekstar og granskingar om folkehøgskular er svært

88 Storsveen 2004a: 18-19. Kursiv i original.

89 Denne metodiske tilnærminga bygg dermed vidare på den teoretiske gjennomgangen av nasjonalisme presentert ovanfor. Historikar Maurizio Viroli (2003) har framstilt nasjonalisme og patriotisme som to distinkte politiske språk på 1700- og 1800-talet.

Ifølgje Viroli (2003, kapittel fem) vart patriotismen ‘nasjonalisert’ i perioden mellom 1700- og 1800-talet. For Norden sitt vedkommande har tidlegare forsking påpeikt delvis samanfall mellom patriotisme og nasjonalisme ved i tiåra omkring 1800, treffande karakterisert som ‘nasjonalpatriotisme’ (sjå Glenthøj 2012: 28, 70, 99-100;

Storsveen 1997: 18-20, 137-138).

omfangsrik.90 Problemstillinga tar sikte på å svare på korleis folkehøgskulelærarane forstod tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende, samt korleis dei ut frå dette kan posisjonerast i norsk nasjonsbygging på 1800-talet. Følgjeleg er det i hovudsak tidlegare forsking som tar opp desse eller tilstøytane emne, som skal få størst merksemd her.

Folkehøgskular har blitt kommenterte i fleire skulehistoriske og pedagogiske framstillingar,91 samt granskingar som er avgrensa til einskilde institusjonar eller personar. Av einskilde aktørar har særleg folkehøgskulelærarane Christopher Bruun92 og Viggo Ullmann93 vore emne for granskingar, men òg andre personlegdomar har blitt undersøkt nærare.94 Grundtvigianisme, grundtvigianarar og folkehøgskular har òg blitt vurderte i samband med andre kulturelle, politiske og sosiale rørsler

90 Sjå Tveiten (1983: 45-60) for ei eldre, men omfattande litteraturoversikt.

91 Skulehistoriske arbeid har gjerne fokusert på folkehøgskulen si betydning for

‘folkeleggjering’ og ‘nasjonalisering’ av skulesystemet i Noreg og Norden. For likskapar/ulikskapar til andre skuleslag, sjå Bergsgård 1951; Thorvaldsen 1997. For drøftingar av folkehøgskulen og nasjonalisering av skulesystemet, sjå til dømes Bjørndal 1964b; Høigård og Ruge 1971. Av nyare standardverk om skulesystemet i Noreg har likevel folkehøgskular i liten grad blitt drøfta, sjå til dømes Baune 2007;

Thuen 2017. Skuleslaget har fått fleire heilskaplege framstillingar av personar aktive i desse, sjå særleg Akerlie 2001; Arne 1964; Fostervoll 1964; Mikkelsen 2016; Stauri 1916; Torjusson 1977; Aasvejen og Stauri 1914.

92 For eldre biografiar, sjå Uhrskov 1916; Sletten 1949. For ei essayistisk samanlikning mellom Bruun og Garborg, sjå Bukdahl 1960. For granskingar av Bruun og då særleg tida som statskyrkjeprest, sjå Aukrust 1990; 1981; 2004.

93 For ein eldre biografi om Ullmann, sjå Arctander 1912. For ei granskinga av Ullmann si rolle i skulepolititiske reformar, sjå Nilssen 1964. For granskingar som fokuserer på relasjonen mellom Ullmann og lokalmiljøet, sjå Kløvstad 2000; Rui 1999. For ei gransking av Ullmann sitt syn på yrkesutdanning, sjå Walstad 2006.

94 For ei gransking av Olaus Arvesen si verksemd på Sagatun, sjå Thoresen (1973) og Imerslund (2000). For merknader av folkehøgskuletida til Wollert Konow (SB), sjå Birkeland 1945. For ei gransking av Bjørnstjerne Bjørnson sitt tilhøve til folkehøgskuleinstitusjonen, sjå Midtun 1954. For ein granskinga av folkehøgskulesaka i Nord-Noreg, sjå Johansen 1982. For ei gransking av to folkehøgskular i Trøndelag, sjå Sletvold 1998. For ei gransking av folkehøgskular sitt tilhøve til staten på 1900-talet, sjå Bjørke 2009. For ei gransking av pedagogikken til Matias Skard, sjå Malterud 2009. For ei gransking av lesebøkene til Andreas Austlid, sjå Nordstoga 2010.

og prosjekt i Norden og Noreg. Slik som kvinnesaksrørsla,95 skandinavismen,96 allmenndanning og humaniora,97 modernisering,98 samt som bidragsytarar i målrørsla.99

95 Historikar Bente Nilsen Lein (1981: 34-53, 126, 128, 134, 153) retta fokus på folkehøgskulemøta ved midten av 1880-talet. Her kom det fram at majoriteten av grundtvigianarane uttrykte eit romantisk og konservativt kvinnesyn, med Viggo Ullmann og Wilhelm Andreas Wexelsen som aktørane som var mest på linje med radikale kvinnesaksforkjemparar.

96 Historikar Ruth Hemstad (2008: 144-148) framheva at folkehøgskulane i Norden vidareførte eit fokus på skandinavisk samarbeid også etter at skandinavismen gjennomgjekk eit «vendepunkt» i krigen mellom Danmark og Preussen i 1864.

97 Teolog og historikar Merethe Roos vurderte grundtvigianismen og folkehøgskulen si betydning for skulereformer i Noreg i andre halvdel av 1800-talet. Ein sentral konklusjon hjå Roos (2016: 149-158) var at Grundtvig sine tankar gjorde seg gjeldande som felles kontekst og referanseramme for ulike aktørar. Roos (2019a; 2019b) vidareførte sine granskingar om grundtvigianismens betydning i Noreg i fleire arbeid med fokus på pedagogen og skulereformatoren Hartvig Nissen. Nissen var, framheva Roos (2019b: 8-9, 18, 22), sterkt påverka av skandinavisme så vel som av Grundtvig sine tankar.

98 Filosof Gunnar Skirbekk (2010: 35) posisjonerte folkehøgskulen eksplisitt innanfor eit moderniseringsperspektiv, då som ei av fleire folkelege rørsler som gjennom

«alternative offentlege rom» og påverknad frå Grundtvig, skapte ei «alternativ utdanning», som var «ei særeigen institusjonell forankring for ideen om folkeopplysning».

99 Folkehøgskular har blitt handsama i samband med målrørsla og landsmålet.

Lingvisten Vemund Skard (1949: 27-30, 66, 82) viste at mange folkehøgskular arbeidde for landsmålet og Skard (1949: 82) kopla dette til den politiske venstrerørsla i andre halvdel av 1800-talet. Koplingar mellom folkehøgskuleaktørar og landsmål/nynorsk vart tatt opp av litteraturvitarane Stegane (1984; 1987) og Birkeland og Kvalsvik (1986). Historikar Leiv Mjeldheim (1984: 388) meinte fleire folkehøgskular vart «åndelege sentra» for målsaka. Denne tolkinga vart vidareført i fleire kommande bidrag: Historikar Kjell Haugland (1985: 12, 22. Kursiv i original) framheva at folkehøgskular var «distriktsentra» og «rekrutteringsinstitusjon» for målarbeid og målrørsla. På liknande vis meinte historikar Ola Dalhaug (1995: 100) folkehøgskulane var «regionale sentre» for målrørsla. Historikar Oddmund Løkensgård Hoel (2009: 51-52: 2011: 110) framheva at målsaka vart promotert ved folkehøgskular av folkehøgskulelærarar, noko som utgjorde viktige miljø og «sentrum» for organiseringa av ungdomslag og målrørsla. I tillegg til folkehøgskulane si betydning, trekte Hoel (2009: 110) fram at amtsskulane og dei kristelege ungdomsskulane vart

«liknande sentrum». Seinare fokuserte Hoel (2013) på korleis Sogndal folkehøgskule bidrog sterkt til at landsmål/nynorsk vart spreidd i Sogn og Fjordane. Teolog Per Halse

Folkehøgskular si historie i Noreg har blitt samanvevd med historia om haugianismen,100 men særleg grundtvigianismen.101 Teologane Trygve Otto Dokk og Anders Skrondal granska i fleire arbeid grundtvigianismen i Noreg, og her vart folkehøgskulane handsama. Dokks og Skrondals arbeid hadde mange likskapar i framstilling og konklusjon. Begge presenterte eit rammeverk som i stor utstrekning har blitt vidareført av store delar av den seinare forskinga på både folkehøgskulen og

‘grundtvigianismen’ i Noreg gjennom 1800-talet og til byrjinga av 1900-talet. Dette rammeverket vil eg karakterisere som tofasemodellen, og denne er i hovudsak slik: Grundtvig hadde nokre få følgjarar i Noreg på byrjinga av 1800-talet. I denne første fasen var grundtvigianarar gjerne religiøst ortodokse og politisk konservative. Frå og med 1850 vart grundtvigianismen meir opptatt av folkeopplysning, og frå dette tidspunktet vart grundtvigianarar også meir liberale og radikale enn tidlegare i både religiøs og politisk forstand. I denne andre fasen vart grundtvigianismen prega av at han vart meir vidfemnande, folkeleg og innstilt på opplysning og andre borgarlege og nasjonale saker. I denne endringa og utviklinga vert folkehøgskulane framheva som viktige.

Dokk framheva at Grundtvig hadde følgjarar i Noreg før 1850-åra, men at det vart først frå dette tidspunktet at det vart ei «Grundtvigrørsle» i Noreg.102 Dokk framheva at rørsla var «upphavleg ei einsidig konservativ-religiøs rørsle», men frå 1830-talet endra ho karakter i tråd med at Grundtvig vart opptatt av folkeopplysning og politisk og religiøs fridom.103 Dokk delte grundtvigianismen i Noreg i to fasar: den første

(2011: 89-90, 101, 302-303) granska landsmål som Bibel- og kyrkjespråk, og viste at folkehøgskular var pionerar og arena for dette arbeidet på 1800-talet.

100 Historikaren Halvdan Koht (1926: 354) som meinte at grundtvigianarane på slutten av 1800-talet var etterfølgjarar av haugianarane på byrjinga av hundreåret.

101 Grundtvigianismen har blitt rekna som eit bakteppe for både mobiliseringa av allmugeskulelærarar, skulelovene i 1860-åra, og framveksten av folkehøgskular i Noreg (sjå Hovland 1999: 68; Skrondal 1929: 79-93; 1936: 206; Thorkildsen 1998b:

143-145; 1998c: 249-271).

102 Dokk 1924: 221.

103 Dokk 1924: 228-229.

omfatta relativt få aktørar i tida frå 1814 og fram til 1850, og desse var prega av at teologar og prestar som var religiøst ortodokse, var politisk konservative.104 Den andre fasen hadde opphav i den liberale vendinga til Grundtvig i 1830- og 1840-åra, og den «liberale grundtvigianismen»

gjorde seg særleg gjeldande i 1850-åra, men då på felt utanfor kyrkja.105 Dokk hevda at revolusjonane i 1848 medførte «uppattnyinga» av grundtvigianismen, og dette vart i Noreg ein «kanal» for «Europas liberalisme, merkt av Grundtvigs ser-tankar».106 Då grundtvigianismen gjekk inn i sin «nye fase», kom han i konflikt med religiøs ortodoksi «og vert eit parti med socialpolitiske uppgåvor».107

Fordi liberalismen allereie var etablert i Noreg, hadde den liberale grundtvigianismen lite å tilføre den «liberale politikken», men gjorde seg meir gjeldande som kulturell motvekt til økonomisk modernisering, meinte Dokk og framheva eksplisitt folkehøgskular, folkemøte og ungdomslag.108 Læraren Ole Vig var sentral i byrjinga på grundtvigianismens andre fase, og Vig var aktøren som vidareførte folkehøgskuletanken i Noreg.109 Dokk framheva at grundtvigianarar og grundtvigianismen i Noreg tok del i politikk, kyrkje og samfunn med liberale overtydingar med front mot pietisme og ortodoksi.110 Innanfor den liberale fasen av grundtvigianismen poengterte Dokk at det fanst eldre grundtvigianarar som var misnøgde, og då særleg i spørsmål om kva som var luthersk og ikkje.111 Ettersom grundtvigianske tankar møtte motstand i kyrkja, vart det «lite rom for Grundtvigs tilhengjarar utanfor folkehøgskulen».112 Folkehøgskulane var det same som soga om «den

104 Dokk 1924: 233-234, 236.

105 Dokk 1924: 238, 243; 1925: 21, 23.

106 Dokk 1925: 23.

107 Dokk 1925: 24; 1929: 131.

108 Dokk 1925: 25-26.

109 Dokk 1925: 53, 109.

110 Dokk 1925: 91-93.

111 Dokk 1925: 97.

112 Dokk 1925: 103.

liberale grundtvigianismen i Noreg»,113 og fekk motstand fordi folkehøgskular bar preg av «den frilynde religiøse ånd».114

Seinare drøfta Dokk grundtvigianismen og «grundtvigrørsla» i ein analyse av religiøs-etisk oppseding i Noreg.115 Her utdjupa han at Ole Vig vart «rudningsmannen for den liberale grundtvigianismen».116 Gjennom Vig vart ideen om folkehøgskulen introdusert i Noreg.117 Dokk framheva at dei grundtvigianske folkehøgskulane kom opp i politiske stridar og forklarte dette med den «liberale individualismen» som dei forfekta.118 I det heile tatt var folkehøgskuleaktørane slik stilt at det for Dokk var «Naturleg» at dei slo seg saman med «det liberalt farga venstrepartiet».119 Folkehøgskulane Sagatun og Vonheim hadde begge som føremål å vise at det kristelege og menneskelege kunne «gå saman», og Dokk konkluderte med at folkehøgskulerørsla hadde med sitt

«religiøs-folkelege program» hatt påverknadskraft ved å vise det

«grundtvigiske livssyn» som slo fast at religionsundervisning skulle kombinerast med andre fag for å vekke «folkeleg kultur».120

Dokk sine framstillingar og vurderingar fann klangbotn hjå ein samtidig teolog, nemleg Anders Skrondal. I si gransking av grundtvigianismen i Noreg i første halvdel av 1800-talet tok han for seg korleis Grundtvig hadde relasjonar og påverknadskraft i Noreg frå byrjinga av 1800-talet og ned gjennom dei komande tiåra. Skrondal hadde eit kyrkjehistorisk perspektiv, men la også for dagen vurderingar av grundtvigianismen si betydning for sekulære emne. Meir samanfattande hevda Skrondal at det føregjekk eit skifte frå året 1850:

113 Dokk 1925: 109.

114 Dokk 1925: 113. Kursiv i original.

115 Dokk 1929: 127.

116 Dokk 1929: 140-141, 142, 151.

117 Dokk 1929: 151.

118 Dokk 1929: 169.

119 Dokk 1929: 169.

120 Dokk 1929: 172.

Fyre den tid er den indre struktur hos dei norske Grundtvigianarar av religiøs-ortodoks art. Kulturelle og politiske spursmål vert vigd liti interesse. Mest all kraft vert samla mot rasjonalismen.

Men då det stundar mot enden av den, skiftar grundtvigianismen i Noreg både stridsfront og indre struktur. Rørsla vender seg mot den religiøse subjektivismen, mot den nyvakte ortodoksien og – seinare – mot den kulturelle og politiske reaksjonen.121

Skrondal påpeika at denne utviklinga vart todelt: ei fløy som var kyrkjeleg og ei anna som var opptatt av folkeleg opplysning, men han understreka at desse overlappa kvarandre.122 Seinare utfylte han biletet sitt av ‘Grundtvig-rørsla’ i Noreg. Her slo han fast at ho endra karakter i 1870-åra ved at det religiøse «trør meir i bakgrunnen», noko som hadde å gjere med at den kyrkjelege grundtvigianismen fekk motstand.123 Slik vidareførte Skrondal Dokk sin teori om at motstanden i kyrkja så å seie kanaliserte grundtvigianarane inn i andre felt og oppgåver. Slik som Dokk framheva også Skrondal eit skilje mellom grundtvigianarar. Meir konkret vart «grundtvigflokken» skilt etter ‘yngre’ og ‘eldre’, der dei førstnemnde, annleis enn dei eldre, ikkje gjekk i «kyrkja si teneste».124 Gjennom 1870- og 1880-åra vart folkehøgskulane og aktørar her framstilte som svært viktige i politiseringa av samfunnet, ikkje minst gjennom presseverksemd og debatt- og taleverksemd på den demokratiske, folkelege og nasjonale sida.125 Like fullt påpeika Skrondal at grundtvigianarar også vart møtt med skepsis frå «norskdomsrørsla»

som meinte dei var for danske.126 Meir samanfattande slo Skrondal fast at «folkehøgskulehovdingane» prega det politiske livet i 1880-åra, men at det også var vanskeleg å avgjere «kvar det grundtvigske innslaget endar og den europeiske liberalismen tek til.»127

121 Skrondal 1929: 145.

122 Skrondal 1929: 145.

123 Skrondal 1936, fyreord.

124 Skrondal 1936: 142-143.

125 Sjå Skrondal 1936: 57-65.

126 Skrondal 1936: 131.

127 Skrondal 1936: 139.

Tofasemodellen som kan trekkjast ut frå framstillingane til både Dokk og Skrondal, er gjeldande i svært mange arbeid utover 1900-talet.

Kyrkjehistorikaren Andreas Aarflot tolka folkehøgskulane som eit uttrykk for grundtvigianismen og som ein av fleire aktørar som gjorde seg særleg gjeldande i «åndskampen» og «kulturutviklingen» frå og med 1870-åra.128 Kyrkjehistorikaren Carl Fredrik Wisløff tok opp tråden der Aarflot slutta og inkluderte fleire vurderingar av folkehøgskuleaktørar i høve ‘kyrkjestriden’ på byrjinga av 1900-talet, ikkje minst

«profetskikkelsen» Christopher Bruun, samt grundtvigianarar si politiske venstreorientering og den frilynde ungdomsrørsla.129 Samstundes påpeika Wisløff at den grundtvigianske «impuls» var delt i ei ‘gammal’ og luthersk retning, og ei ‘ny’ og radikal retning.130

Kyrkjehistorikaren Einar Molland vidareførte tofasemodellen:

Grundtvig hadde få sympatisørar i byrjinga av 1800-talet, men hans historiesyn fekk ein «renessanse» i folkehøgskular på 1860-talet.131 På det kyrkjelege feltet konkluderte Molland med at grundtvigianismen vart eit «ferment».132 Samstundes meinte han at ‘grundtvigianarane’ sigra

«stort» mot latinen, og fekk eit «varig resultat» i den frilynde ungdomsrørsla:

Den frilyndte ungdomsbevegelsen er en sen frukt av grundtvigianismen hos oss. Bevegelsen var preget av ny-grundtvigianismen – en frisinnet nasjonal kulturbevegelse, ikke i første rekke kristelig, men med rom også for det kristelige i nasjonalkirkelig form.133

Med dette hevda Molland ein indre samanheng mellom grundtvigianismen og den frilynde ungdomsrørsla, og presiserte

128 Aarflot 1967: 408.

129 Wisløff 1971: 22-23, 27-28, 36-37, 71.

130 Wisløff 1971: 82-84.

131 Molland 1979a: 116.

132 Molland 1979a: 311.

133 Molland 1979b: 120.

samstundes at denne var ein ‘ny’ grundtvigianisme, som var mindre kristeleg, og meir nasjonal og liberal enn den ‘gamle’ varianten. Denne forståinga av grundtvigianismen si utvikling i Noreg, nemleg som ein viktig føresetnad for den liberale, nasjonale og frilynde ungdomsrørsla, er gjennomgåande for store delar av forskinga på folkehøgskular. Desse skulane vert såleis tolka som eit slags bindeledd mellom grundtvigianismen på den eine sida og norskdomsrørsla på den andre.

Med dette kan det seiast at den andre fasen av tofasemodellen fekk mykje av sitt innhald ved å inkludere den frilynde ungdomsrørsla.

Det er hensiktsmessig å trekke opp ei linje som byrja ved den vidgjetne artikkelen til samfunnsgeografen Gabriel Øidne om dei ulike kulturregionane i Noreg frå 1957. I hovudsak framheva Øidne to kulturregionar: Den første var den ‘mørke kyststripa’ som var prega av lekmannskristendom. Den andre vart kalla for ‘fjell- og fjord-Noreg’

eller «folkehøgskuleregionen», fordi folkehøgskulane inkluderte alle rørslene som prega denne kulturregionen: «målrørsla, grundtvigianismen og bondereisinga.»134 Slik forstått var folkehøgskulane meir som kulturinstitusjonar med politisk brodd, og i religiøs forstand ulik lekmannskristendommen. Øidne si forståing av Noregs indre kulturpolitiske og sosioøkonomiske spenningar vart vidareutviklinga av statsvitaren og sosiologen Stein Rokkan, særleg i form av skillelinjemodellar og definisjonar av motkulturar i den politiske og sosioøkonomiske utviklinga i Noreg på 1800- og 1900-talet. Rokkan hadde ingen eksplisitte framhevingar av folkehøgskular. Samstundes er det rimeleg å anslå at han rekna desse institusjonane som aktørar forankra i perifere strøk, karakterisert av omgrepa ‘frilynd’,

‘kulturradikalisme’ og ‘målrørsla’ og meir overordna som del i den

‘kulturelle-territoriale responsen’.135 Slik kan det seiast at Rokkan si tolking av den politiske og kulturelle utviklinga i Noreg gav stor plass til

134 Øidne 1986: 46.

135 Sjå særleg Rokkan 2010: 229.

det radikale og frilynde, men i mindre grad omgrep som grundtvigianisme og folkehøgskular.

Rokkan sine sosiologiske modellar fekk kritikk frå historikarhald, og då særleg av Jens Arup Seip.136 I Seip sine eigne historiografiske arbeid om 1800-talet, er folkehøgskulane forstått som ein bidragsytar til ei meir generell demokratisk og nasjonal utvikling. Som Rokkan delte Seip denne utviklinga i ei økonomisk orientert retning (bondevener), og ei retning med fokus på å ‘vekke’ folket «til interessen for det demokratisk konstitusjonelle». Nettopp denne siste retninga arbeidde gjerne med

«inspirasjon fra grundtvigiansk folkehøyskole-miljø.»137 Seip handsama

‘grundtvigianarane’ som ei distinkt ‘meiningsgruppe’, bygd på foreininga av kristendom og det menneskelege i nasjonal og folkeleg forstand. Seip rekna særleg folkehøgskulane hit, noko som han såg i forlenging av foreiningslivet i 1850-åra. Politisk framheva Seip at folkehøgskulane og grundtvigianarar fann seg sjølve i konflikt med

«hovedtyngden av den akademiske verden.»138 Seip trekte også fram den indre spenninga i Venstre og viste i den samanheng til Jakob Sverdrup sin folkehøgskule i Sogndal, som han framstilte som eit pietistisk tiltak i motsetnad til dei grundtvigianske. Samstundes presiserte han at det var eit skilje mellom grundtvigianarane og ‘kulturradikalismen’.139 Likevel gav ikkje Seip ei samanfattande vurdering av grundtvigianar og folkehøgskuleaktørar, men fann desse som deltakarar i ulike grupperingar.140 Slik bidrog Seip til ei meir nyansert framstilling av

136 Seip 1983: 211-217. Nerbøvik (2000: 51) kritiserte motkulturomgrepet til Rokkan.

Nerbøvik hevda at Rokkan mista av syne at motkulturane gjerne starta i sentrum, var progressive aktørar, og såleis meir med- enn motkulturelle. I same bane meinte Slagstad (1998: 130) at ‘skulen’ oppheva eit strengt skilje mellom sentrum og periferi, fordi lærarane vart ein bygdeelite som bidrog til moderniseringa av landet.

137 Seip 1997b: 91.

138 Seip 1997b: 133.

139 Seip 1997b: 133.

140 Ifølgje Seip (1997b: 140) var det grundtvigianar i den «nasjonale front» saman med

«europeisk orienterte kulturradikale, og ޵målstrevere޵.» Seip (1997b: 140-141) kopla også grundtvigianarar og folkehøgskulemenn i meiningsgruppa «Det sprikende», som

grundtvigianarar og folkehøgskuleaktørar, ved å vise at dei var deltakarar innanfor fleire meiningsgrupper. Men nettopp dette poenget indikerer at termen ‘grundtvigianar’ er for upresis.

Historikaren Lars Mjeldheim skreiv historia om etableringa av partiet Venstre. Her fekk opplysningsverksemda til folkehøgskular betydning for mobiliseringa av ‘venstrerørsla’. Sentralt hjå Mjeldheim var den nære relasjonen mellom «den grundtvigianske folkehøgskolerørsla» og organiseringa av partiet Venstre i Trøndelag. For Mjeldheim var det snakk om ein eigen type – «Folkehøgskolemannen» – og denne mannen var politisk engasjert: «Folkehøgskolen var utgangspunktet, politikken det naturlege framhaldet».141 Samstundes fokuserte Mjeldheim helst på folkehøgskular i Trøndelag, noko som medførte at han antyda ein samanheng mellom folkehøgskular og meir radikale sider ved Venstre.142 Slik som Rokkan og Seip fann Mjeldheim at grundtvigianarar fann seg sjølve saman med meir kulturradikale aktørar. I Mjeldheim si framstilling påpeika han at det var ulike oppfatningar mellom

‘romantiske’ grundtvigianarar/folkehøgskulemenn og ‘rasjonalistiske’

venstrepolitikarar.143

Mjeldheim gjekk meir detaljert inn på korleis folkehøgskular hadde betydning for venstrerørsla: Folkehøgskulane arrangerte folkemøte144 og

arbeidde for politikk og målsak, men òg kunne vere kritisk til Venstre-leiaren Johan Sverdrup.

141 Mjeldheim 1984: 20.

142 Allereie Skrondal (1929: 214) hevda at Trøndelag var landsdelen med best grobotn for «Grundtvigske upplysningstankar». Vidare meinte Skrondal (1929: 240) at tendensen med mange etableringar av folkehøgskular i 1870-åra fekk størst makt i Trøndelag. På liknande vis hadde Torjusson (1977: 152) gjeve folkehøgskulelærarar i Trøndelag «skulda eller æra» for at regionen vart så politisk radikal. Akerlie (2001: 32) følgde denne linja og slo fast at Trøndelag hadde spesielt brei dekning av folkehøgskular. Klippenberg (1998: 367) kopla radikalismen i Trøndelag til

«ungdomslags- og folkehøyskolebevegelsen», samt «inspirasjon frå Grundtvig», og påpeika at det derfor var overraskande at det var relativt få ungdomslagsmedlemmar i Nord-Trøndelag.

143 Mjeldheim 1984: 21.

144 Mjeldheim 1984: 45.

vidareførte den «liberale opplysningstanken» som «Grundtvigianarane folkeleggjorde».145 Folkeopplysninga verka samfunnskonserverande, men var også myndiggjerande for allmugen, og dette «politiske potensiale» gjorde seg gjeldande i alliansar som «fekk eit naturleg framhald i den politiske venstrerørsla».146 Med slike funksjonar og

vidareførte den «liberale opplysningstanken» som «Grundtvigianarane folkeleggjorde».145 Folkeopplysninga verka samfunnskonserverande, men var også myndiggjerande for allmugen, og dette «politiske potensiale» gjorde seg gjeldande i alliansar som «fekk eit naturleg framhald i den politiske venstrerørsla».146 Med slike funksjonar og