• No results found

3 Det liberale avansement

3.3 Folkepredikantane sin høgskule

I dette underkapittelet skal eg granske etableringsfasen til dei to første folkehøgskulane i Noreg. Den sentrale konteksten for etableringa av desse var krigen mellom Danmark og Preussen om herredømmet over hertugdømma Schleswig-Holstein i 1864. Denne konflikten tapte danskane. I etterkant av nederlaget vart det etablert ei stor mengde folkehøgskular i Danmark.816 Ein av målsettingane bak desse tiltaka var å skape ein åndeleg-nasjonal kompensasjon for det geografiske tapet som krigstapet medførte.817 Dei to første folkehøgskulane i Noreg vart direkte påverka av krigen, men dei var samstundes institusjonar som vidareførte førestellingar assosiert til eit etablert politisk språk i Noreg, nemleg den kristelege nasjonalismen.

815 Seinare skreiv Arvesen (1912: 53) at Vig gav «støtet» til folkehøgskulen med sitt ønskje om å etablere ein skule etter «dansk-grundtvigiansk mønster» (Arvesen 1912:

54). Vig har gjerne blitt knytt til etableringa av folkehøgskular i Noreg (Bye 2014: 220;

Roos 2016: 63; Simon 1989: 69). Aukrust (2020: 10, 146) karakteriserte jamvel Vig for

«folkehøgskolens far i Norge». Vig skal i 1854 i ein artikkel om Grundtvig ha argumentert for at det var behov for ein folkehøgskule i Gudbrandsdalen som skulle motverke Stortinget sin «mangel på folkelig og menneskelig Oplysning» (sitert etter Skrondal 1929: 228). Ifølgje Golf (1996: 104) meinte Vig denne skulle leggjast til Hamar. Torjusson (1977: 73) meinte at Vig i ein artikkel i tidsskriftet Den norske folkeskole frå 1854, lanserte tanken ein «folkeleg høgskule» i Gudbrandsdalen (Torjusson 1977: 73). Arne (1964: 18, 20) hevda Vig «drøymde», Haugen (1980: 44) at Vig hadde «planer», om ein høgskule ved Mjøsa, og Akerlie (2001: 17) at Vig hadde ein «draum», om ein folkehøgskule i denne regionen.

816 Korsgaard 2003: 68; 2004: 345-346, 351; Mikkelsen 2014: 82; Simon 1989: 37.

817 Thaning 1983: 116-117. Sjå også Glenthøj 2012: 357; Korsgaard 2004: 347-350.

Teologen Anders Pontoppidan Thyssen (1958: 29-33, 35) utdjupa at det var først i 1860-åra at ‘grundtvigianismen’ fekk gjennombrot som ei samla og konsolidert rørsle i Danmark.

3.3.1 Etableringa av Sagatun

Den første folkehøgskulen i Noreg vart etablert av teologistudentane Olaus Arvesen og Herman Anker. Begge stod nært knytt til

‘grundtvigianske’ aktørar innanfor den norske og danske kyrkja.818 I hovudsak kan det seiast at desse aktørane var innstilte på å opne opp kyrkja for innslag av menneskelege, folkelege og samfunnsmessige aspekt. Ikkje minst var Wilhelm Andreas Wexels ein sentral aktør i det sosiale og kulturelle livet i Kristiania gjennom 1850-åra. Wexels var utvilsamt ‘folkeleg’, men var like fullt ‘kyrkjeleg’ og ‘teokratiets folkelærar’.819 Både Anker og Arvesen var aktive i denne foreininga.

Begge var utdanna teologar, men i staden for å gå inn i presteembete, vart dei lærarar og styrarar av ein folkehøgskule.820 Tidlegare forsking

818 Grundtvigianismen innanfor kyrkja og det teologiske fakultetet i Noreg er eit emne som går utover rammene for denne avhandlinga og eg vil derfor vise til Skrondal (1929, kapittel IV; V; VIII; 1936, kapittel V; VII) for omfattande, men noko subjektive, drøftingar om dette emnet. Arvesen og Anker drog til det skandinaviske kyrkjemøtet i Lund sommaren 1859, der dei møtte danske studentar i København, som seinare vart folkehøgskulelærarar (Arne 1964: 20; Skovmand 1983: 21; Skrondal 1929: 152, 229;

Torjusson 1977: 79-82). På eit tidspunkt dette året skal dei ha drøfta Vig sin tanke om ein ny skule ved Hamar eller Lillehammer, og bestemt seg for å arbeide med å realisere denne (Torjusson 1977: 59). I 1860 var begge i København der dei møtte Grundtvig personleg (Arne 1964: 21; Mikkelsen 2014: 68; Skrondal 1929: 230).

819 Nielsen 1983: 133; Skrondal 1929: 155, 229. Skrondal (1929: 147) framheva Wexels’ bok Foredrag over Pastoraltheologien som eit «programskrift» for den grundtvigianske retninga i Noreg. Thorkildsen (1998c: 251, note fire) vurderte boka som eit høgkyrkjeleg innlegg mot kyrkjeleg demokrati og religiøs sverming. Wexels var med denne teksten talsmann for teokratiet i Noreg. Det er her illustrerande å framheve at Wexels (1853: 4. Kursiv i original) aktualiserte dette i sin definisjon av kyrkjeomgrepet som eit «Theokrati» fordi her var Gud «Konge». I tillegg kan det seiast at Wexels uttrykte kristeleg nasjonalisme, fordi han tok del i folkeopplysning: Her kan tidsskriftet Kirkeligt Folkelad framhevast. I første nummer skreiv Wexels at føremålet med bladet var å auke kristeleg og kyrkjeleg opplysning hjå heile folket, og då med overtyding om at nettopp dette ville skape «rigtig Opfattelse» av det menneskelege og folkelege (Kirkeligt Folkeblad 1.01.1857). Slik kan det seiast at Wexels var nasjonalt innstilt ved å moderere det nasjonale ut frå eit kristeleg perspektiv.

820 Fulsås (1999: 43-44) meinte at auka studentmengd på 1860-talet medførte større konkurranse om stillingar, som igjen gjorde studentane meir politisk radikale. Fulsås (1999: 39) forklarte den intellektuelle utviklinga hjå Johan Ernst Sars i lys av «avstand mellom forventa og realisert karriere». Dette er ein teori som kan ha overføringsverdi

har framheva at grundtvigianarar vart meir eller mindre utdrivne frå det teologiske fakultet og kyrkja, noko som medførte at grundtvigianarar gjorde seg gjeldande på andre felt, mellom anna folkehøgskular.821 Om grundtvigianarar vart pressa ut, eller ikkje fann seg embete, er spørsmål som eg ikkje kan vurdere nærare i denne samanheng. I det følgjande skal eg heller vurdere kva førestellingar om tilhøvet mellom kristendom og nasjonalt sjølvstende som gjorde seg gjeldande i etableringsfasen til dei to første folkehøgskulane i Noreg.

Etableringa av folkehøgskulen var mogeleg mykje på grunn av Anker sin sosioøkonomiske bakgrunn. Sistnemnde var nemleg oppvaksen på herregarden Rød i Fredrikshald og brukte arven sin til å finansiere skulen han og Arvesen realiserte.822 Parallelt med dette auka moglegheita for ein ny krig mellom Danmark og Tyskland. Korkje Noreg eller Sverige gav Danmark offisiell stønad, og berre frivillige reiste til Danmark for å delta som soldatar. Nederlaget har derfor blitt rekna som eit omskifte for skandinavismen.823 Krigen påverka også planane til pionerane for folkehøgskuleinstitusjonen i Noreg. Desse hadde bestemt seg for å etablere sin eigen skule allereie før utbrotet av krigen, og denne hendinga medførte at skuleplanen vart utsett.824 I dette høve engasjerte Arvesen

til studentane som vart dei første folkehøgskulelærarane i Noreg på 1860 og 1870-talet.

Men dette er eit spørsmål som tar for seg bakanforliggjande strukturar og motiv, og fell dermed utanfor avgrensinga for denne granskinga.

821 Dokk 1925: 103; Nerbøvik 2000: 210; Skrondal 1936: 142-143; Stråth 2005: 572-573; Thorkildsen 1996: 93, 98, 101, 187, 249.

822 Mikkelsen 2014: 69; Thoresen 1973: 24-25; Torjusson 1977: 75, 87; Tøsse 1997:

91; 2004: 132.

823 Gerven 2020: 104; Hemstad 2008: 52, 134; Stråth 2005: 30. Hemstad (2008: 52, 135) understreka at skandinavismen også gjorde seg gjeldande etter 1864, men då gjerne i nye former og ny intensitetsgrad. Historikar Tim van Gerven (2020: 104, 105) argumenterte for at krigsnederlaget skapte nytt ‘momentum’ for skandinavismen gjennom nye middel, slik som folkehøgskular.

824 Desse planane vart offentleggjorde i høve eit lærarmøte i Kristiania i 1863. Dagen etter møtet stod det i Morgenbladet at Arvesen hadde opplyst at Herman Anker ville disponere ein stor pengesum til etableringa av ein ny skule på Hedmarken: «en Høiskole i Lighed med Biskop Grundtvigs Høiskoler i Danmark» (Morgenbladet 8.08.1863). Dagen etter rykka Arvesen ut offentleg med eit atterhald: han erkjente at

seg i Studentersamfundet, der han argumenterte for at studentane burde støtte Danmark etter evne.825

Då krigen var overstått, tok Arvesen og Anker opp att planane om å etablere ein skule, og det vart tydeleggjort at intensjonen med dette tiltaket var å gjere elevane betre skikka til å gagne fedrelandet og det nasjonale fellesskapet.826 Seks dagar etter at krigen var avslutta, den 20.

juli 1864, vart skulen ved Hamar annonsert av Anker.827 Sistnemnde opplyste at han ville etablere ein «Folkehøiskole», og presiserte at dette avhang av «om Gud vil». Det var med andre ord Gud som satt med den teokratiske avgjersla i dette høve. På dette tidspunktet vart det altså påpeika at folkehøgskulen var adressert «voksne unge Mænd», som det raskt vart presisert til å vere «Bondesønner». Denne målgruppa skulle få

«videregaaende Almenoplysning». Føremålet med denne opplysninga var at den skulle vere til gagn og glede i deira eige liv, men også gjere dei meir samfunnsgagnlege ved å «give dem Lyst og Evne til i hvilkensomhelst Stilling at følge og fremme Fædrelandets Udvikling».828 Med dette la Arvesen og Anker opp til ei verksemd som skulle gjere bondesønene skikka til å følgje sine eigne overtydingar, men

han og Anker hadde planlagt ein slik skule i lengre tid, og ved denne skulle det «ægte Folkelige» få gjere seg gjeldande, og skape dugleik og interesse for deltaking i

«Fædrenelandets Anliggender» (Morgenbladet 9.08.1863. Kursiv i original).

825 Morgenbladet 15.12.1864.

826 Arvesen skreiv sommaren 1864 ei artikkelrekkje titulert Er folkelige Høiskoler ønskelige? (Torjusson 1977: 87). Artiklane vart trykte i Kirkeligt Folkeblad, der Arvesen vart redaktør i 1863 (Thoresen 1973: 18; Skrondal 1929: 181). I desse forklarte han at ein slik skule burde fokusere på noregssoga og morsmål utan eksamenar, og å gjere folket i stand til å delta i politiske verv (sjå Skrondal 1929: 231-232; Tøsse 1997:

117). Etter at Arvesen vart redaktør for Kristeligt Folkeblad i 1863, hevda Skrondal (1929: 181) at fokuset skifta frå det kristeleg-religiøse til det folkeleg-politiske. Dette er ein observasjon som utfyller analysen ovanfor: Gjennom Arvesen vart det liberale perspektivet i den kristelege nasjonalismen styrka i form av menneskeleg og borgarleg kraftutfalding.

827 Morgenbladet 26.07.1864. Thoresen (1973: 27-28) meinte at Hamar var vald som lokasjon, fordi Arvesen hadde relasjonar der, samt at Vig hadde peika ut området i sin tale på domkyrkjeruinane. Det må likevel seiast at det er vanskeleg å finne nokon slike antydingar i den omtalte talen av Vig (sjå Vig 1924: 12-19).

828 Morgenbladet 26.07.1864.