2 Gudsfrykt og folkekraft
2.2 Geistlege lærarar for kongen og folket
2.2.1 Filosofen som folkefiende?
Grundtvigs bibeltru kristendomsforståing var ikkje vedvarande. Ved midten av 1820-talet utvikla han nemleg ei ny tilnærming til kristendommen – gjerne omtalt som hans ‘makelause oppdaging’.432 Denne gjekk, forenkla sagt, ut på at han framheva dåpspakta og truvedkjenninga som kristendommen og kyrkja sitt opphavelege grunnlag, noko som medførte at kyrkja og truvedkjenninga vart prioritert over Bibelen.433 Meir samanfattande meinte historikar Ove Korsgaard at
Molland (1979a: 108) til dei teologiske lærarane, Hersleb og Stenersens kontakt til Grundtvig. Samstundes var Hersleb og Stenersen opne for historisk kontekstualisering av Bibelen, noko Molland (1979a: 109) forklarte som innslag av ein ‘rest’ av opplysningsteologi. Thorkildsen (1998b: 141) meinte at dei teologiske studentane i første halvdel av 1800-talet var prega av den «milde hersleb-stenerske ånd». Seinare viste Berge (2000: 126, 531) at prestar utdanna under Hersleb og Stenersen engasjerte seg for meir demokratiske reformer av kyrkja i Noreg.
431 Hesselberg var utdanna teolog frå København i 1804 (Molland 1979a: 128). Wexels var fødd og oppvaksen i København, flytta til Noreg i 1814 og avla teologisk embetseksamen ved universitetet i Kristiania i 1818 (Mikkelsen 2014: 60; Skrondal 1929: 62; Thorkildsen 1996: 70; Torjusson 1977: 53).
432 Backhouse 2011: 67; Skrondal 1929: 9, 56, 58; Thorkildsen 1996: 40; Thyssen 1958:
19.
433 Backhouse 2011: 68-70; Korsgaard 2004: 215; Molland 1979a: 119; Thaning 1983:
38; Thorkildsen 1996: 42; Thyssen 1958: 30-31; Vind 1999: 216. Skrondal (1929: 57) hevda at Grundtvig her aktualiserte eit «ålmennprotestantisk drag» med ønskje om å gje kristentrua eit grunnlag som kunne brukast til å forsvare henne. Intensjonen med dette skriftet var å imøtegå ei bok av professoren Henrik Nicolai Clausen som Grundtvig kritiserte for rasjonalistisk kristendomsforståing (Skrondal 1929: 58-60;
Thorkildsen 1996: 41). Backhouse (2011: 70) meinte at Grundtvig, via sitt åtak på
Grundtvig i 1825 gjekk frå «lutherdom til folkedom», og då ved å kritisere den lutherske vektlegginga av skrifta, synda og staten.434 Hersleb og Stenersen følgde ikkje Grundtvig i hans nye religiøse standpunkt,435 og dette er då rekna som eit brot mellom dei mangeårige venene og samarbeidspartnarane.436 I denne samanheng er det gjerne sagt at sympatien for Grundtvig vart overtatt av yngre prestar, ikkje minst Wexels og Hesselberg.437 I det følgjande skal eg gje ei nyanserande framstilling, ved å vise at desse to prestane sin intellektuell posisjon som kan omtalast som bibelsk og kristeleg nasjonalisme. Dette indikerer altså at det var snakk om kontinuitet, heller enn brot, med tanke på Grundtvigs intellektuelle utvikling og den potensielle påverknadskrafta denne kunne medføre.
Allereie i 1826 stod Wexels i korrespondanse med Grundtvig. I eit brev gjorde Wexels det klart at Grundtvig hadde ein særeigen posisjon som religiøs vekkjar, og at den religiøse stoda i Noreg var svært dårleg. Med andre ord var dette ein diagnose som var den intellektuelle essensen i tilhøvet mellom Grundtvig og dei norske professorane om lag ti år tidlegare:Den unge teologen innleia med å slå fast at Grundtvig hadde styrka han i den kristne trua, og han håpte at Gud ville sørge for at Grundtvig kunne halde fram med sitt forsvar av kyrkja. For stoda i kyrkja var prekær, hevda Wexels med tydeleg pessimisme: Det var lågt religiøst engasjement, unntatt haugianarane, men desse hadde også noko «uægte»
innblanda i seg. I byane og hjå dei meir danna klassane var det ei utbreidd førestelling om at kristendommen berre var oppdikta og usann, og i folket som heilskap var det i det heile tatt ingen lengsel etter det ævelege, for all merksemd var retta mot «at man i Norges timelige Lykke og
Clausen, kritiserte tradisjonelle lutherske ‘skrift-teologar’ for å svike kristendommen.
Etter denne saka vart Grundtvig underlagd sensur (Birkelund 2008: 150; Korsgaard 2014: 15).
434 Korsgaard 2003: 53-54.
435 Nygaard 1960: 336; Thorkildsen 1998b: 141.
436 Collett 2011: 327-328; Molland 1979a: 110; Thorkildsen 1996: 60, 69; Torjusson 1977: 53; Aarflot 1967: 306.
437 Molland 1979a: 128; Skrondal 1929: 54-55, 56, 60-62; Torjusson 1977: 53, 57.
politiske Selvstændighed finder ligesom Maalet for alle sine ønsker om Landets vel». Dette var ei samfunnsstode som ikkje hadde rom for kristendommen, og då meir spesifikt innsikta om lukka og fridommen som Jesus hadde gitt, «hværken betænkes eller begjæres.» Med dette kritiserte Wexels det han meinte var ei sekulær førestelling om folket, som med nasjonalpatriotisk glød neglisjerte kristentrua si betydning.
Stoda var ikkje betre ved universitetet, for her hadde majoriteten av studentane skapt seg ein avgud tufta på ein «barnagtig, kaad Frihed».
Samstundes var det ein annan tendens i gjæring; for Wexels meinte å kunne observere nyutdanna teologar som gjekk frå universitetet til prestegjerninga med ønskje om å forkynne ein kristendom som var både
«renere» og «ægtere».438
Det er ikkje høve til å vurdere nærare her om Wexels sin påstand om ein ny og betre generasjon prestar var treffande, men det er rimeleg å anta at han rekna seg sjølv mellom desse.439 Dette vart tydeleg då han få år seinare utfordra den aldrande filosofen og tidlegare stasråden Niels Treschow i samband med den teologisk-filosofiske boka sistnemnte fekk publisert i 1828 under tittelen Christendommens Aand eller den evangeliske Lære. Denne boka, samt Treschow sitt personlege standpunkt, er rekna for å vere prega av religiøs rasjonalisme, om enn i
‘mild’ utgåve.440 Rasjonalismen kan definerast som eit perspektiv som ville forklare religion som foreinleg og forståeleg, ut frå det individuelle mennesket si rasjonelle fornuft og evne til å reflektere sjølvstendig over
438 Brev frå Wexels til Grundtvig 3.07.1826. I: Christensen og Grundtvig 1926: 118-121. Kursiv i original.
439 Wexels fekk svar frå Grundtvig: Innleiingsvis innrømde Grundtvig at Wexels var eit ukjent namn, men at han ville svare han som ein gamal kjenning på grunn av det gode innhaldet i brevet som han hadde fått tilsendt. Grundtvig kom med fleire merknader om Noreg: Han undra seg over at Hersleb var «stum» og Stenersen «lunken», vidare at han håpte at det ville komme ein prest som ville imøtekomme haugianarane, slik at desse kunne ta del i statskyrkja eller fekk ein teologisk høgskule, noko som Grundtvig trudde kunne gjere eit «Underværk i Norden» (Brev frå Grundtvig til Wexels 28.08.1826. I:
Christensen og Grundtvig 1926: 125-129).
440 Molland 1979a: 127; Nome 1942: 70; Skrondal 1929: 61; Thorkildsen 1996: 71.
religiøse spørsmål.441 Kritikken av Treschow er tidlegare rekna som eit slags generasjonsskifte, fordi Hersleb og Stenersen ikkje ytra seg om perspektivet som filosofen presenterte for offentlegheita, og det var derfor Wexels sitt innlegg som viste at det var han som no var
«ortodoksiens forsvarer».442 For denne innsatsen vart Wexels målskive for offentleg kritikk,443 men han fekk også andre støttespelarar for si sak, først og fremst presten Iver Hesselberg som sjølv fekk publisert eit motskrift til Treschow.444 I det følgjande skal skriftene til desse to teologane få ein nærare gjennomgang, og det blir klart at dei begge hadde følgjande fellesnemnar i sine framstillingar og sin argumentasjon: Dei kritiserte Treschow for å gjere mennesket guddommeleg og dermed undervurdere mennesket sine synder. Samstundes framheva dei eksplisitt at dette hadde politiske implikasjonar; ved å hevde at det var kristeleg gudstru som måtte liggje til grunn for samfunnet, ikkje den menneskelege fornuft.
Boka til Wexels opplyste i tittelen at ho var meint som eit «gjenmæle»
til Treschows og legitimerte publikasjonen sin med at Treschow hadde bevegd seg inn på hans eige spesialfelt, nemleg den kristelege religionen.445 Bibelen, og historiske erfaringar som bekrefta den heilage skrifta, viste at Treschow sine påstandar var falske, hevda Wexels.446 Vidare framheva Wexels at Jesus var heilag, og at dei overnaturlege aspekta ved frelsaren ikkje kunne gjerast naturleg og forklarast filosofisk. Derfor måtte det haldast fast ved orda som stod i Bibelen, uavhengig av mennesket sine fornuftige spekulasjonar, så vel som anna
«Folke-Mening» eller «Pøbel-Overtroe».447 Kristendommen kunne ikkje
441 Sjå Valen-Sendstad 1979: 19; Meistad 2000: 189, 194.
442 Christophersen 1959: 43; Skrondal 1929: 64.
443 Ifølgje Molland (1979a: 179) vart Wexels sett på som ein «mørkemann» i og med ordskiftet med Treschow, og vart latterleggjort offentleg av Henrik Wergeland i fleire samanhengar (sjå Skrondal 1929: 65; Storsveen 2004a: 149; Thorkildsen 2020: 8-9).
444 Molland 1979a: 128-129.
445 Wexels 1828: 5.
446 Wexels 1828: 9.
447 Wexels 1828: 14.
reduserast til noka «Fornuftslære» og Wexels var svært kritisk til, «uden Sværdslag», å skulle forkaste den trua som kongar hadde rekna som lykka for sine rike, og som forfedrane hadde kjempa og ofra seg for.448 Kristendommen var med andre ord ein religion for den einskilde si frelse, til rikets beste, og følgjeleg noko som skulle aktast og forsvarast mot trugslar. Wexels slo fast at Jesus var både Gud og menneske i ein og same person. Dette var forkynt i Bibelen, medan Treschow skildra ein Kristus som passa for filosofar og ‘fornufta’.449 Samstundes meinte Wexels at boka ville verke positivt ved å vise lesarane at menneskelivet hadde ei sjeleleg side. Likevel hadde boka ei falsk tolking av kristendommen og var derfor potensielt farleg om ho fekk påverknadskraft.450
Saka hadde betydning for Noreg som nasjon og fedreland. Dette vart tydeleg då Wexels slo fast at tida var syndefull, noko som følgjeleg sette krav til «alle christne Nordmænds» sterke og alvorlege bønner i denne
«Fædrelandets Nød».451 I denne leida påpeika Wexels at han håpte at Gud ville reise kyrkja si i Noreg «med Kraft», noko som ville sette ein stoppar for alt skrytet om norsk natur, fridom og kraft og til erkjenning om at berre Gud og Jesus kunne gje fridom, kraft og nåde.452 Wexels viste dermed ein konservativ etikk der folkets gudstru var viktigaste fundamentet for fedrelandets eksistens. Einar Molland meinte at Wexels med dette skriftet var «lite grundtvigsk» fordi han bygde opp sin argumentasjon på Bibelen.453 Dette er rett, viss Grundtvig sitt ‘skifte’ i 1825 vert brukt som målestokk. Men det har meir for seg å seie at Wexels her uttrykte konservativ kristeleg nasjonalisme, og at denne var på linje
448 Wexels 1828: 15.
449 Wexels 1828: 19-20.
450 Wexels 1828: 30, 33. Wexels (1828: 37-38, 39) hadde derfor ei viss bekymring for at boka ville verke inspirerande for yngre prestar og teologiske studentar, men meinte at denne ikkje ville gjere seg gjeldande fordi professorane her (altså Hersleb og Stenersen) ville rettleie studentane til korrekt kristendom.
451 Wexels 1828: 76-77.
452 Wexels 1828: 78-79. Kursiv i original.
453 Molland 1979a: 128.
med kva Grundtvig hadde uttrykt i dei føregåande åra, og særleg i det føregåande tiåret. I tillegg ser vi at Wexels brukte dette perspektivet i ein eksplisitt kritikk av det han meinte var nasjonalt og patriotisk ‘skryt’ og grunnlaus tru på nordmenn sine ibuande krefter – med andre ord brukte han det same hovudpoenget som fanst i refsingane til menn som Grundtvig, Sverdrup, Hersleb og Stenersen.
Som sagt var ikkje Wexels åleine i kritikk av Treschows meir eller mindre filosofiske og rasjonelle skildring av kristendommen og Jesus.
Iver Hesselberg fekk i 1829 publisert sitt eige bidrag i dette ordskiftet i form av boka Gjenlyd fra Fjeldet af Christ-Kirkens Røst.454 Slik som Wexels, var Hesselberg overtydd om at mennesket sin fornuft var ein potensiell trugsel mot menneske og folk, og at desse derfor måtte sette sin lit til Gud og Jesus. Innleiingsvis påpeika presten at kristendommen hadde vunne over heidenskapen gjennom trua, standhaftigheit og kristeleggjering av statar.455 Likevel hadde kristendommen blitt utfordra av aktørar som «vanskabte» kristendommen gjennom menneskeleg kløkt og fornuft.456 Ingenting menneskeskapt kunne erstatte Jesus, Gud og Den heilage ande som fundamentet under kristendommen og kyrkja, slo Hesselberg fast.457 Dei som heldt fast på rasjonalismen, hadde dermed inga forståing for ei kjensgjerning av at kristendommen var føresetnaden for borgar- og religionsfridom, opplysning og vitskap, samt at kyrkja var den beste til å halde vakt over desse goda, og Hesselberg var tydeleg på at rasjonalistane var «Fiender» som kyrkja måtte forsvare seg mot.458
454 Mellom Wexels sitt skrift og dette hadde Treschow publisert eit svar til Wexels, og sistnemnde hadde skrive og publisert eit nytt svar til Treschow (sjå Molland 1979a:
128).
455 Hesselberg 1829: 4.
456 Hesselberg 1829: 5.
457 Hesselberg 1829: 5-6.
458 Hesselberg 1829: 12-13. Mot dette bakgrunnsteppet retta Hesselberg (1829: 13) blikket mot tilhøva i Noreg. Etter 1814 hadde det råda offentleg fred i høve religiøse spørsmål, fordi det fanst ei nær kopling mellom kyrkja og «Skolens theologiske Afdeling». Denne harmoniske stoda hadde altså Treschow brote med boka si, hevda presten (Hesselberg 1829: 14-15).
Hesselberg tok dette fiendebiletet eit steg lenger. Han skulda Treschow for å fornekte den personlege djevelen, og dette påstod han var å fornekte fiendtlege makter, og likt med å seie at ein fiendtleg hær på grensa var den «venskabeligste».459 Med dette gjekk altså Hesselberg svært langt i å antyde at den tidlegare stasråden, gjennom sitt syn på djevelen og det vonde, i røynda støtta fiendtlege og vonde makter.460
Denne bevisstheita og viljen til å definere fiendar, vart forankra i ein pessimistisk antropologi:461 I Hesselberg si forståing måtte det erkjennast at mennesket var forderva, at djevelen freista mennesket, samt at det var berre Gud si frelse gjennom Jesus som kunne frelse mennesket frå denne stoda.462 Gud hadde gjeve mennesket ein fri vilje til anten å ta imot eller motsette seg Gud sine nådegåver. Denne moglegheita vart i røynda forderva av mange menneske og institusjonar, slik som
«Islamismens og Pavemagtens frygtelige Uhyrer».463 Frå dette trugselbiletet gjekk Hesselberg over på ein meir nærliggande analyse:
folket måtte lære å akte lovene i samfunnet, og han håpte at samtidas nordmenn ville halde fast på kristendommen, som hadde gjort forfedrane både ærlege og lukkelege.464 Denne påstanden gjorde Hesselberg til kjernen for ei meir allmenn læresetning; nemleg at folket måtte inneha
«Gudsfrykt» for å bevare livet. I denne samanheng måtte kyrkjene fungere som «Fæstninger» der folket styrka med Guds ord gjekk ut «til Modig Strid baade mod indvortes og udvortes Fiender».465
Kyrkja og kristendommen skulle med andre ord gjere folket skikka til å forsvare seg mot eksistensielle trugslar. Rasjonalismen vart oppfatta som ein tendens som truga denne stabiliteten, og heilt mot avslutninga av sitt skrift åtvara presten nordmenn mot å la seg freiste og påverke av
459 Hesselberg 1829: 45.
460 Jf. Schmitt 2007: 64-65.
461 Jf. Schmitt 2007: 42, 70-71.
462 Hesselberg 1829: 50-54.
463 Hesselberg 1829: 56.
464 Hesselberg 1829: 71.
465 Hesselberg 1829: 72.
meiningar som ikkje stemte med innhaldet i Bibelen.466 For konsekvensen av å ta til seg nymotens tankar var beint fram den borgarlege og åndelege «Folkedød».467 Med dette kan det rimelegvis seiast at Hesselberg uttrykte kristeleg nasjonalisme, fordi han meinte at folket skulle vere eit avgrensa og suverent politisk fellesskap, kapabelt til å forsvare seg mot indre og ytre trugslar, og var overtydd om at folkets kristelege omvending var føresetnaden for nasjonal eksistens og sjølvstende. Hesselberg sitt innlegg mot Treschow har blitt forstått som meir ‘grundtvigiansk’ enn Wexels’.468 Med tanke på førestellingane som desse viste i høve folk og nasjon, er dette ei lite tilfredsstillande vurdering. Som vist i denne gjennomgangen, la dei fram overtydingar som meir treffande kan karakteriserast som kristeleg nasjonalisme, fordi dei oppfatta den bibelske kristendommen som den sikraste grunnen for å byggje og trygge nasjonalt sjølvstende for det norske folket.