• No results found

I dette underkapittelet skal eg utdjupe dei metodiske innfallsvinklane som eg har valt å anvende i granskinga. Eg ønskjer å granske intensjonar i ytringar som var offentleggjorde og presenterte innanfor ein historisk kontekst. For å realisere denne målsettinga har eg valt å nytte ein lesestrategi og ei metodisk verktøykasse som fokuserer på talehandling og kontekst. Meir konkret har eg brukt lese- og tolkingsstrategiane som er utarbeidd av historikarane Quentin Skinner og John Pocock. Denne metodiske innfallsvinkelen fokuserer på at intensjonen og meininga med tekstar/ytringar kan gripast ved å lese desse som eit bidrag til sosiale, historiske og diskursive kontekstar. Dette perspektivet er bygd på ei forståing av at ytringar/tekstar er talehandlingar.63 Meir utdjupande kan ei talehandling definerast som eit perspektiv der språk er rekna som

‘verktøy’ som språkbrukaren kan bruke til ‘å få noko til å skje’.64 Til dømes kan ein som ytrar seg, ha ein intensjon om at ytringa skal åtvare, latterleggjere eller engasjere mottakaren. Slik forstått kan det seiast at ytringa har i seg ei ‘kraft’ som kan gjere noko.65 Mi tilnærming er dermed ein freistnad på å gripe ytringars intensjon og ikkje mogelege

63 Jordheim 2011: 214; Potter 2002: 40-41, 43, 44.

64 Potter 2002: 44.

65 Jordheim 2001: 230; Potter 2002: 45. Sjå også Skinner 2002: 98, 109-110, 114.

vikarierande motiv hjå ytraren, for å nytte den velkjende formuleringa til historikaren Jens Arup Seip.66

I denne granskinga har eg forstått dei historiske tekstane som eg har lese som talehandlingar som må posisjonerast innanfor kontekstane som dei vart skrivne innanfor. Ved slik kontekstualisering har eg freista å forstå kva intensjonar som var lagt inn i teksten av ytraren. Det er naturlegvis uråd å forstå alle aspekt og sider ved ein historisk kontekst. Men det må like fullt gjerast freistnader på å framheve sentrale trekk ved den konteksten og situasjonen, som den konkrete teksten som analyserast, henvende seg til. I denne prosessen har eg funne perspektiva til Skinner og Pocock nyttige, og eg skal derfor utdjupe desse nærare.

Skinner og Pocock har vidareutvikla teorien om talehandlingar og overført han på historiografiske problemstillingar.67 Eg skal først leggje fram Skinner sitt perspektiv, og deretter Pocock. Skinner framheva betydninga av å ‘situere’ teksten innanfor det ‘intellektuelle miljøet’ og

‘diskursive rammeverket’ teksten vart til i, noko som kan omtalast som eit blikk for kva som var dei rådande konvensjonane i ein kontekst.68 Ved å gjere dette meinte Skinner at det var mogeleg å forstå kva forfattaren av teksten freista å gjere ved ytringa si.69 Eit sentralt poeng ved slike lesestrategiar er at det må skiljast skarpt mellom intensjonen med teksten på den eine sida og ytraren sine eventuelle motiv og tankar på den andre. Dette poenget understrekast ved at Skinner slo fast at tolkingar av ein tekst sin intensjon, ikkje var det same som å ‘gå inn i hovudet’ på den som skreiv og ytra seg, fordi målet er å forstå ytringa ut frå ståstaden som blir presentert i teksten i lys av kontekst.70

66 Seip 1963: 78-85.

67 Jordheim 2011: 213, 215; Palonen 2003: 8, 32-35, 58-59.

68 Skinner 2002: vii.

69 Skinner 2002: vii, 82.

70 Skinner 2002: vii, 86-87. Å forstå intensjonen er altså ikkje det same som å forstå motiv ‘bak’ ytringa, nettopp fordi motiv står ‘utanfor’ sjølve ytringa/teksten (Jordheim 2001: 232).

Med dette kan det seiast at teksten skal lesast på forfattaren sitt premiss, altså slik som ho/han valde å formulere seg. Forfattaren sin intensjon kan oppfattast av andre, fordi alle ytringar som er offentlege, må inneha intensjonar som er mogeleg å sanse for andre menneske.71 På dette grunnlaget hevda Skinner at forståing av intensjon vil gjerne bety at ein også har forstått meininga og poenget med ytringa.72 Dermed meinte Skinner at det er mogeleg å forstå kva ei ytring var meint som, kva ho freiste å gjere ved å ordlegge seg slik den gjorde, og slik framstå (til dømes) som eit åtak, som eit forsvar eller som bidrag til særskilde argumentasjonslinjer.73 Dette siste poenget antyda at tekstar kan kategoriserast, plasserast og relaterast til sosiale fellesskap, identitetar og diskursar.74 Dette aspektet ved talehandlingar meiner eg har fått ei nyttig formulering av Pocock, og vi skal vende merksemda til denne.75

Pocock forstod diskursar som seriar av talehandlingar, og desse er igjen karakteriserte ved omgrepet ‘politisk språk’.76 Denne karakteristikken er grunna på ei overtyding om at talehandlingar kan påverke makta mellom ytraren og den/dei som mottar ytringa. Med andre ord har ytringa eit potensiale for at den som ytrar seg, kan ha normativ påverknadskraft på andre menneske, samstundes som det er potensiale for at mottakaren kan respondere og dermed har makt over ytraren.77 Med dette forstod Pocock altså eit ‘språk’ som eit normativt utval av informasjon presentert i ordskifte.78 Eit viktig aspekt ved dette er at det kan finnast fleire ulike politiske språk som blir brukte og gjer seg gjeldande. Ulike språk kan

71 Skinner 2002: 96-97, 120.

72 Skinner 2002: 100-101, 105, 115-118.

73 Skinner 2002: 99-101.

74 Skinner (2002: 124-125) utdjupa at denne metodiske innfallsvinkelen mogeleggjer å belyse den «historiske identiteten» til ein spesifikk tekst. Ein tekst med ein historisk identitet kan igjen plasserast diskursivt: «The aim is to see such texts as contributions to particular discourses, and thereby to recognize the ways in which they followed or challenged or subverted the conventional terms of those discourses themselves.»

75 Den følgjande framstillinga er basert på Pocock (2011, kapittel fem, seks og sju).

76 Pocock 2011: 67.

77 Pocock 2011: 68-71.

78 Pocock 2011: 71, 80, 97.

altså brukast samstundes, og då meir eller mindre harmonisk overfor andre språk.79 Sidan desse språka er bygde opp på talehandlingar, er det altså tale om interaksjonar mellom ulike grupperingar av talehandlingar, altså ulike politiske språk.

Pocock understreka at politiske språk ikkje var lukka, men heller fleksible og i endring, ikkje minst fordi dei står i interaksjon med andre språk.80 Fordi språka var opne heller enn lukka, var/er det mogleg for brukarar å blande saman, samanlikne og kritisere fleire ulike språk samstundes.81 Slik som Skinner, fokuserte Pocock på korleis slike språk blir brukte i offentlege kontekstar. Politiske språk er derfor eit omgrep som kan brukast til å forstå korleis eit språk-fellesskap bruker dette språket i ordskifte med/mot andre språk-fellesskap. Slike ordskifte er bygde på talehandlingar og bidrar til at språka er i endring,82 noko som kan resultere i skapinga av nye politiske språk.83 Korleis kan granskarar oppdage og kartlegge slike politiske språk i historisk kontekst? Ifølgje Pocock må historikarar freiste å ‘lære’ seg språka slik at han/ho kan kjenne dei att og vise at dei vart brukte.84 Med dette som utgangspunkt kan historikarar tolke tekstar/ytringar som representasjonar for politiske språk,85 og må vise korleis språket gjorde seg gjeldande hjå aktørane som er under vurdering,86 utan å tolke ut i frå omgrep som var ukjente for ytraren (anakronisme).87

Det er store likskapar mellom dei metodiske innfallsvinklane til Skinner og Pocock, og eg finn det hensiktsmessig å nytte begge desse i denne avhandlinga. Dei er begge opptatte av å fokusere på intensjonen med ei

79 Pocock 2011: 71.

80 Pocock 2011: 74.

81 Pocock 2011: 78-79.

82 Pocock 2011: 80, 97.

83 Pocock 2011: 100-103.

84 Pocock 2011: 77, 89, 113.

85 Pocock 2011: 82.

86 Pocock 2011: 83, 90, 93, 97.

87 Pocock 2011: 83-86.

ytring, altså kva ytraren freista å gjere med teksten sin. Begge er opptatte av korleis talehandlingar framstår i offentleg ordskifte. Ved omgrepet

‘politisk språk’ blir det tydeleggjort at språkbrukarar bidrar og/eller utfordrar språklege fellesskap og det normative utvalet av informasjon som desse baserer språket sitt på. Som gjort greie for ovanfor er denne granskinga opptatt av nasjonalisme og korleis nasjonale elitar tok del i nasjonsbyggingsprosessar i Noreg på 1800-talet. Slik har denne avhandlinga ei metodisk og teoretisk tilnærming som har likskapar til andre granskingar om dette historiske fenomenet. Til dømes framheva Storsveen den sosiale forankringa til tekstane han las: «nemlig som tekstlige bidrag til en nasjonalistisk diskurs», og derfor behovet for teoriar om nasjonalisme og korleis tekstar formidlar meiningsinnhald.88 Denne avhandlinga tar opp liknande innfallsvinklar: eg forstår ytringar som talehandlingar og som bidrag til politiske språk. Som gjort greie for innleiingsvis, vil eg framheve at nasjonalisme, og særleg den kristelege nasjonalismen, var gjeldande i norsk nasjonsbygging, nettopp ved å vere eit politisk språk.89