• No results found

Tekstane eg skal presentere frå den ting-teoretiske diskursen er What Do Objects Want? Av Chris Gosden (2005), Material Cultures, Material Minds av Nicole Boivin (2008) og In Defense of Things av Bjørnar Olsen (2010).

Gosden 2005 What Do Objects Want?

Gosden (2005:193) er kritisk til at samfunnet skal vere skapt og reprodusert av menneskelege agentar, som igjen blir skapt og avgrensa av samfunnet dei lev i. Ein bør ikkje fokusere på meininga til objekt, men at objekt kan ha agency og at særskilt gjenstandssamlingar har ein effekt på menneske ved å pålegge dei forpliktingar og reglar for åtferd (ibid.:193-194,208).

«Ultimately, emphasizing the manner in which things create people is part of a rhetorical strategy to rebalance the relationship between people and things, so that artifacts are not always seen as passive and people as active» (ibid.:194). Sjølv om Gosden meiner objekt kan ha agency, makt eller ‘kapasitetar’, treng den ikkje å vere tilsikta eller intensjonell som hos menneske (ibid.:196).

I staden for å sjå på objekt som indikatorar for etniske grupper og grensene mellom dei vil Gosden undersøke «the ways styles of objects set up universes of their own into which people need to fit» (ibid.:194). Inspirert av Clarke skriv han at gjenstandar blir produsert gjennom gjentekne sett handlingar, som igjen er ei følgje av gjenstandstypane (ibid.:194). På grunn av varigheita til materiell kultur blir menneske sosialisert inn i ei allereie eksisterande materiell verd (ibid.:197). Endringar i gjenstandstypar føregår over fleire menneskelege generasjonar og er ikkje underlagt ein direkte eller medviten kontroll frå individ eller grupper (ibid.:195).

For å underbygge dette refererer han til Clarke sin ontogenetiske livssyklus, der typar blir funne opp, veks i frekvens og til slutt forsvinn (ibid.:195).

Gosden identifiserar fire nøkkelproblem for å forstå forholdet mellom menneske og den materielle verda: form, genealogi, kjelde og effekt (ibid.:198). «The forms of objects have effects on people, but only when modulated through histories of descent and modification and notions of source or provenance» (ibid.:199). Form kan stimulere til anten kontinuitet eller endring i menneskeleg handling, noko som igjen skapar effektar på menneske (ibid.:199,203).

Genealogi er ein ikkje-darwinistisk måte å følgje dei stilistiske utviklingslinjene til ulike gjenstandar, og kjelde er den tilsvarande geografiske måten å spore opphav (ibid.:198).

Oppsummering: Gosden argumenterar for at objekt har agency og vil endre fokuset frå meininga objekt har til effekten gjenstandssamlingar har på menneske.

41 Boivin 2008 Material Cultures, Material Minds. The Impact of Things on Human

Thought, Society and Evolution

Boivin (2008:8-9,26-27) kritiserar den lingvistiske vendinga der det materielle representerar eller symboliserar sosiokulturell meining, og argumenterar i staden for å undersøke kva effekt gjenstandar har gjennom sine sanselege, emosjonelle og estetiske kvalitetar. Ho meiner det finst teikn på auka misnøye med at natur og det materielle blir underordna i forhold til kultur og menneskesinnet i idealistiske og konstruktivistiske tilnærmingar til materiell kultur (ibid.:21,46). Boivin er kritisk til dikotomien mellom natur og kultur (ibid.:64). ‘Materiell kultur’ er eit problematisk omgrep i forhold til at det implisitt vektlegg ‘kultur’, og Boivin vil i staden bruke ‘materialitet’, noko ho definerar som den fysiske, materielle verda (ibid.:26).

Teknologi både forma og vart forma av kulturelle verdiar og idear (ibid.:63). Menneske er ikkje meistrar av si eiga skjebne og passivt materiale, for materialitet gir ting evna til å handle som agentar uavhengig av menneske (ibid.:129-130). Det materielle kan tillate nye

moglegheiter, men også påføre nye avgrensingar (ibid.:137). På grunn av ibuande eigenskapar kan det materielle dermed tillate nokre former for endring, men motstå andre (ibid.:138).

Dette gir det materielle ein form for agency, som til forskjell frå korleis menneskeleg agency kan vere, ikkje er medvite eller intensjonelt (ibid.:138). Boivin trekk fram utilsikta

konsekvensar eller utfall som argument mot at teknologihistorie er resultatet av ein mental plan som blir påført naturen eller materie (ibid.:156-166).

«The course of human history is therefore a process not only of human decisions, choices and ideas, but also of material forces with which humans are surrounded, and with which they engage» (ibid.:138). Boivin vil unngå å returnere til makroskala teknologisk determinisme, og meiner at mikro-skala undersøkingar gir betre innsikt i korleis forholdet mellom menneske og teknologi blir mediert gjennom materialitet (ibid.:161-166). I staden for at menneske brukar teknologi for å tilpasse seg naturen, konstruerar dei materielle, teknologiske eller økologiske nisjar (ibid.:185). Boivin undersøker her idear frå evolusjonsteori, særskilt korleis materielle og teknologiske innovasjonar kan ha forma menneskeleg biologisk evolusjon (ibid.:191-212).

Oppsummering: Boivin kritiserar at det materielle er ein representasjon av det sosiale, og meiner at ting eller materiale har agency og ein effekt på menneske. Teknologisk utvikling kan ha påverka den biologiske evolusjonen til menneske.

42

Olsen 2010 In Defense of Things. Archaeology and the Ontology of Objects

Olsen (2010:11) vil også å gi handlingskraft, makt eller agency til andre enn det som har blitt rekna for å vere rasjonelle, intensjonelle og menneskelege subjekt. Kartesianske dualismar har ført til eit skilje mellom kropp og sinn, og mellom den reelle verda og verda slik mennesket oppfattar den, der menneskesinnet er aktivt og kreativt medan fysisk materiale er passivt (ibid.:64). Vitskap har tradisjonelt kategorisert verda i dikotomiar og reinska hybride einingar, og difor vil Olsen – inspirert av Latour og ANT – fokusere på korleis menneske og ikkje-menneske blir kombinert og blanda i kollektiv eller ‘entangled’ (ibid.:102-103,133). På grunn av denne samanblandinga må agency fordelast mellom menneske og ting.

Å gi agency til ting inneber ikkje at dei blir som menneske eller subjekt, men at dei har ei evne til å gjere ein forskjell gjennom sine unike eigenskapar (ibid.:35). «Things, materials, and entities provide us with a wealth of affordances that help, permit, direct, prevent, and otherwise influence our day-to-day activities» (ibid.:147). Olsen er ueinig i at ting først og fremst skal symbolisere eller representere noko anna, og at ein ikkje har fokusert på kva ting har å tilby (‘afford’) menneske (ibid.:152-153). Spesielt viktig er at gjenstandar er varige og inneheld eit materielt minne, slik at dei ved å vere til stades i komande generasjonar kan krevje visse typar menneskeleg åtferd (ibid.:110,120).

«The features we associate with historical change and the attributes we ascribe to

development and progress were all made possible by humans increasingly becoming more entangled and ‘assemblaged’ with non-humans» (ibid.:9-10). Sjølv om det kan verke som at det materielle bremsar ned endring og motverkar innovative aspekt ved menneske,

mogleggjer ting endring ved å ha ulike ‘affordances’ eller ‘kapasitetar’ (ibid.:161-162).

Materiale har eigenskapar som bidreg til sin eigen transformasjon, blant anna eit potensiale for endring og forbetring (ibid.:163-165). For å behandle endring må ein unngå forklaringar som inneber at repetisjon og nyvinning, stabilitet og endring er motsette termar, men i staden undersøke korleis dei kan komplimentere kvarandre (ibid.:162).

Oppsummering: Olsen fordeler agency mellom menneske og ting i eit kollektiv, og forklarar endring med at det har vore ei kvantitativ auke av element i nettverk og auka ‘entanglement’.

Kritikk

Debatten i denne diskursen tek opp problem knytt til kartesianske dualismar, eller skiljet mellom natur og kultur, menneske og ting, subjekt og objekt. Det er ikkje berre snakk om at prioritering av eine sida av dikotomipar er problematisk – som menneske meir enn ting – men

43 at det i det heile tatt er umogeleg å skilje desse fenomena frå kvarandre. I forlenging av dette blir det reagert på at det materielle skal vere ein representasjon eller materialisering av det sosiale. Dette er eit synspunkt som var utbreitt innanfor den franske teknologitradisjonen eg har undersøkt. Dette viser til problema tilknytt ideen om at vår oppfatning av verda ikkje skal stemme overeins med korleis verda verkeleg er, utanfor menneskesinnet, slik som i debatten mellom sosialkonstruktivisme og Latour (sjå Kapittel 2).

Alle dei tre forfattarane kritiserar at menneske har blitt sett på som det aktive subjektet og at ting eller materiale er det passive objektet som blir transformert. Dette heng saman med at menneske har ein sosial agency i den franske teknologitradisjonen, og makt til å endre miljøet rundt seg; som i transformasjonen av naturlege råvarer til kulturelle objekt. Forfattarane kritiserar at det ikkje har blitt teke nok hensyn til korleis den materielle verda påverkar menneske. Ein kan ikkje avgrense forklaringsmodellane til å undersøke forholdet mellom individ og samfunn, som er sentralt i praksisteori. Då vil ein berre få fram korleis menneske skapar samfunnet, og samfunnet igjen påverkar menneske.

Den franske teknologitradisjonen brukte distribusjonsmønster som ein indikator på ulike folkegrupper, men i staden vil Gosden undersøke korleis objekt set opp stilistiske univers som menneske må passe inn i. Medan ein tidlegare såg for seg at menneske forma materiell kultur, og at ting var ei materialisering av identitet, skal ein no undersøke kva eigenskapar det

materielle har som formar og krev visse typar menneskeleg åtferd. Ein har dermed gått frå å stille spørsmål om kva ting betyr og kva meining som låg bak dei, til å fokusere på kva effekt ting har. Menneske blir født inn i ei verd som ikkje berre består av sosiale reglar eller habitus, men materielle avgrensingar og moglegheiter.

I forlenging av at ting og det materielle har eigenskapar som kan påverke menneske, blir det av både Gosden, Boivin og Olsen argumentert for at også ting kan ha agency. Sjølv om det blir argumentert for likevekt eller symmetri mellom kultur og natur, menneske og ting, blir det fokusert meir på materiell agency enn sosial agency. Om målet er å oppnå eit meir balansert forhold mellommenneske og ting, må ein utfordre den etablerte sanninga.

Menneskeleg agency verkar å ha blitt godteke, men ting er framleis marginalisert, og difor er det ontologien til ting ein må revidere. Som Gosden skriv kan fokuset på ting vere del av ein retorisk strategi.

Ifølgje Gosden fyl gjenstandar reglar som er forskjellig frå intensjonane til dei menneskelege produsentane og forbrukarane (Gosden 2005:196). Boivin meiner også at materiell agency

44

ikkje nødvendigvis er lik menneskeleg eller sosial agency, som kan vere intensjonell. Olsen argumenterar for at agency må fordelast mellom menneske og ting som handlar saman i eit kollektiv. Diskusjonen om at ting, ikkje berre menneske, kan ha agency, vart ein diskusjon om intensjon, og i kva grad det menneske gjer kan vere fullstendig medvite. I den franske

teknologitradisjonen var habitus eller struktur det umedvitne som påverka menneskeleg handling, men no vil ein i større grad framheve at menneske heller ikkje kan ha fullstending kontroll over materialet dei arbeidar med. Dermed er det ontologiske menneskesynet lengre vekk frå individuell fridom enn det var i den franske teknologitradisjonen.

«Kultur»

Alle tre forfattarane er kritiske til at det berre er samfunnet og sosiale representasjonar som påverkar menneske. Gosden definerar ikkje «kultur», men han viser til Alfred Gell sin kritikk av at kulturen avgjer kva praktisk og symbolsk meining gjenstandar kan ha (Gosden

2006:196). Boivin problematiserar meininga som er implisitt i omgrep som «kultur»,

«materiell kultur» og «materiale». Som ein del av kritikken mot dikotomien mellom natur og kultur, vil Boivin kvitte seg med oppfatninga av at kultur eller samfunn er transcendentalt og abstrakt, for kultur er mogleggjort av det materielle (Boivin 2008:15-16). Det er også

problematisk å bruke omgrepet «materiell kultur», på grunn av vektlegging av kultur, og difor føreslår Boivin å bruke omgrepet «materialitet» i staden. Dette skal framheve at det ikkje berre er abstrakte reglar og det menneskeskapte som påverkar menneskeleg handling.

Av dei tre forfattarane er det berre Olsen som kan seiast å vere del av symmetrisk arkeologi.

Olsen baserar seg på ein definisjon av samfunn som er inspirert av Latour og nettverksteori:

«A society is rather a complex fabric of intimate relations that link and associate people and things – in short, a collective in which humans and nonhumans cohabitate and collaborate»

(Olsen 2010:135). Samfunnet er her ikkje berre abstrakte reglar og normer som blir oppretthaldt mellom menneske utan ting og materiale. Det er i staden eit nettverk som blir haldt saman av eit kollektiv av både menneske og ikkje-menneske.

«Teknologi»

Gosden brukar ikkje omgrepet «teknologi», og berre i nokre tilfelle blir ordet «teknikk» brukt, omtrent slik som Childe og dei andre forfattarane i kulturhistorisk arkeologi. Han brukar derimot uttrykk som «historical continuities and changes» (Gosden 2005:193). Det same kan vi skimte hos Olsen:

45 If there is one historical trajectory running all the way down from Olduvai Gorge to Postmodernia, it must be one of increased mixing […]. The features we associate with historical change and the attributes we ascribe to development and progress were all made possible by humans increasingly becoming more entangled and

‘assemblaged’ with nonhumans. (Olsen 2010:9-10, mi utheving)

Det Olsen skriv kan samanliknast med eit sitat frå Boivin, som også viser til utviklinga som har føregått frå Oldowan fram til i dag, men som i motsetning til dei to andre brukar omgrepet

«teknologi»:

The fact that once technology emerges – during the Oldowan period about 2.5 million years ago – it never goes away, and instead becomes increasingly more complex through time would seem to support the notion that material culture is fundamental to the type of animal that we are. (Boivin 2008:219, mi utheving)

Boivin og Olsen skriv om same fenomen, men der Boivin koplar ‘teknologi’ saman med

‘aukande kompleksitet’, skriv Olsen om ‘historisk endring’ og ‘aukande samanblanding’.

Olsen er meir sparsam med å bruke omgrepet «teknologi» enn ein har vore tidlegare. Dei fleste gongane Olsen skriv om teknologi er det i samband med andre forfattarar si forståing av teknologi (som Foucault, Heidegger, Marx), teknologi i moderne tid, eller at teknologi og det materielle har blitt marginalisert. Det kan vere same strategi med å unngå teknologiomgrepet som i Entangled av Hodder (2012), men dette kjem eg tilbake til seinare (sjå Parallellar).

For å forklare teknologisk utvikling er «materialitet» og «agency» sentrale omgrep, og eit anna viktig poeng er det fornya fokuset på gjenstandssamlingar. Både Boivin og Olsen framhevar at det materielle har eigenskapar som gir det evna til å ha ei mogleggjerande og avgrensande rolle i teknologihistorie (Boivin 2008:137-138, Olsen 2010:153-154). Teknologi er ikkje ein del av samfunnet som kan brukast for å kontrollere naturen, og innovasjonar er ikkje berre idear som oppstår i menneskesinnet og deretter blir påført den materielle verda.

Sjølv om chaîne opératoire var heilt sentralt i den franske teknologitradisjonen, forsvinn det ved overgangen til denne diskursen. Det blir ikkje kritisert men oversett i dei tekstane eg har valt å analysere. Chaîne opératoire kan ha blitt mindre sentralt fordi ein vil flytte fokuset vekk frå korleis menneske formar enkeltgjenstandar gjennom produksjonssekvensar til korleis den aukande mengda av gjenstandar formar menneske. Det er derimot eit potensiale å bruke chaîne opératoire i ting-teoretiske eller symmetriske tilnærmingar, i alle fall om ein tek utgangspunkt i Latour (1999:195-196): «One finds, of course, longer chains of action in

‘modern’ collectives (…) more objects, yes, but many more subjects as well». Ei omdefinering

46

av chaîne opératoire kunne difor ha handla om kvantitativ auke i element og produksjonstrinn som må koplast saman. Blant anna brukar Hodder (2012:189) chaîne opératoire og

åtferdskjeder som inspirasjon for det han kallar ‘tanglegram’.

Det er derimot ikkje slik at ein har slutta å snakke om repetitiv handling. Blant anna viser Gosden til Clarke når han skriv at gjenstandar blir produsert gjennom gjentekne sett handlingar, som igjen er medført av gjenstandstypane. Gosden brukar dei repetitive

ontogenetiske mønstra til Clarke som går over fleire generasjonar som eit argument mot at menneske har fullstendig kontroll over den teknologiske utviklinga. Olsen (2010:140) skriv også at vaner og handlingar kan bli standardisert og føreseielege gjennom menneskeleg interaksjon med ting, noko som produserar sosiale strukturar og institusjonar. Medan teknologiske ritual i førre diskurs verka som eit mnemotisk hjelpemiddel, blir denne funksjonen no gitt til det materielle.

Både Gosden og Boivin brukar element frå darwinistisk evolusjonsteori, slik som i den neste diskursen eg skal ta føre meg. Gosden har genealogi som eit av nøkkelproblema i arkeologi når det gjeld å undersøke dei stilistiske utviklingslinjene til gjenstandar. Dette blir brukt for å vise til opphavet til ting og korleis dei historisk endrar seg over tid. Boivin vil bryte ned skiljet mellom natur og kultur, og inspirert av ‘dual inheritance theory’ argumenterar ho for at teknologisk nisjekonstruksjon kan påverke menneskeleg evolusjon. I motsetning til tidlegare diskursar brukar ikkje Boivin evolusjonsteori som ein analogi for å forklare teknologisk utvikling.

47