• No results found

Tekstane eg skal presentere frå den franske teknologitradisjonen er Elements for an

Anthropology of Technology av Pierre Lemonnier (1992), Materializing Identities: An African Perspective av Olivier P. Gosselain (2000) og Technology and Social Agency av Marcia-Anne Dobres (2000).

Lemonnier 1992 Elements for an Anthropology of Technology

Lemonnier (1992:1) vil skape ei antropologisk tilnærming til teknologiske system og studere materiell kultur i ein sosial og økonomisk kontekst. Teknologiar er sosiale fenomen som består av fem grunnleggande element (materie, energi, objekt, handlingar og kunnskap) relatert til kvarandre og til andre sosiale fenomen på ein systemisk måte (ibid.:11). Lemonnier baserar seg på Marcel Mauss kroppsteknikkar og André Leroi-Gourhans chaîne opératoire.

Teknikkar er ikkje berre retta mot produksjon av materiell kultur og operasjonelle sekvensar er difor meir enn transformasjonen frå naturlege råvarer til kulturelle objekt (ibid.:26).

Lemonnier skriv at teknologiske val må bli forstått som at individ i eit samfunn frivillig eller som oftast utilsikta aksepterar eller avvis teknologiske ‘svar’, anten dei er sjølvstendig utvikla (innovasjon) eller lånt frå andre samfunn (diffusjon) (ibid.:17,54). Dersom ein har fleire alternativ og ikkje vel det som er ‘logisk’ frå eit teknologisk synspunkt verkar valet vilkårleg, men ikkje dersom ein ser det frå eit sosialt synspunkt (ibid.:18). Ifølgje Lemonnier kan distribusjonskart og mønster i materiell kultur vise at «technical variants are not merely responses to different material environments; instead they appear to be arbitrary choices proper to some groups but not to others» (ibid.:61).

Det er dei sosiale representasjonane til ei gruppe som avgjer kva teknologiske val som kan bli gjort (ibid.:88). Sosiale representasjonar er eit sett idear som blir delt av medlemmane i ei gitt sosial gruppe, slik det materielle og teknologiske er ein representasjon av sosiale eller

symbolske idear (ibid.:79,98). Det er blant anna ein tradisjonell motvilje mot å akseptere nyvinningar som er for ulike dei eksisterande sosiale representasjonane, slik at radikale endringar kan bli avvist (ibid.:69). Teknologiske val kan vere del av sosiale strategiar for å uttrykke skilnadar mellom ulike grupper, eller utrykke sosiale skilnadar innanfor ei gruppe (ibid.:87). Det finst tre kategoriar av teknologiske representasjonar: (1) umedvitne mentale handlingsmønster (2) spesifikk teknologisk kunnskap, og (3) symbolsk meining (ibid.:79).

Oppsummering: Lemonnier brukar chaîne opératoire og kroppsteknikkar, og meiner sosiale representasjonar avgjer teknologiske val og driv evolusjonen av teknologiske system.

35 Gosselain 2000 Materializing Identities: An African Perspective

Ved å undersøke chaînes opératoires i keramiske handverkstradisjonar vil Gosselain samanlikne distribusjonsmønster for materiell kultur med sosiale grenser, identitet og gruppeformasjon (2000:187). Gosselain fokuserar på tre problem: (1) grada av medvit i materialiseringa av identitetar, (2) skalaen og synlegheita til stilistisk åtferd, og (3) moglegheita for å gjere generaliseringar om desse fenomena (ibid:190). Tilnærminga til Gosselain liknar den tyske ‘Kulturkreise’, men han fokuserar på teknikkar og interaksjonen mellom individ i staden for objekt, og vurderar kor lett trekk har for å endre seg i forhold sosial kontekst og bestemte moment i læringsprosessen (ibid.:194).

Faktorar som kan påverke distribusjonsmønsteret er migrasjon, kulturell blanding og lokale innovasjonsprosessar (ibid.:205-207). Keramiske handverkstradisjonar er sosiotekniske aggregat, ei blanding av oppfinningar, lånte element og manipulasjonar som har ei

tilbøyelegheit til å bli omdefinert av individ og lokale grupper (ibid:190). Chaînes opératoires består av ulike produksjonsstadium, blant anna dekorasjon, der ein gjenstand får eit stilistisk eller visuelt uttrykk, og formgiving, som er trinnet der teknikkar eller ‘motoriske vaner’ blir meistra gjennom repetisjon (ibid:191-192). Endringar kan bli gjort på nesten alle trinna i produksjonsprosessen der ein har ulike tekniske alternativ og kan gjere ulike teknologiske val (ibid:190).

Identitet kan vere medvite uttrykt eller innarbeidd i umedvitne kulturelle verdiar og

representasjonar, som habitus (ibid:189). Dekorasjon eller stil har lett for å endre seg og kan difor representere meir flyktige aspekt ved identitet, medan utforminga av gjenstandane er meir stabilt og representerar bestandige aspekt ved identitet (ibid:193). Gosselain kjem fram til at dekorasjonsverktøy har blitt diffusert samsvarande med naturlege grenser, medan formingsteknikkar kan assosierast med kulturelle eller sosiale grenser (ibid.:198-208).

Hovudpoenget til Gosselain er at kontekstane til teknologisk åtferd tilsvarar nettverka av sosial interaksjon der identitetar blir konstruert og reprodusert (ibid.:209).

Oppsummering: Gosselain si tilnærming med fokus på distribusjonsmønster og endring i form og stil liknar kulturhistorisk arkeologi, men han undersøker variasjon i utfallet av chaînes opératoires på eit individnivå.

36

Dobres 2000 Technology and Social Agency. Outlining a Practice Framework for Archaeology

Dobres (2000:10-13) brukar sosialkonstruktivisme for å kritisere at moderne og

teknosentriske ideal i notida hindrar at fortida blir forstått på sine eigne premiss. Dobres meiner ‘the Standard View of technology’ har ført til at «the complex whole from which human technologies derive is reduced to an essentialist and instrumentalist vision from which people are excised as active participants, and instead transformed into rational but passive respondents to external, asocial stimuli» (ibid.:33). Dette har medført ei analytisk prioritering av naturlege og objektive faktorar over kulturelle og subjektive faktorar for å forklare endring i teknologi (ibid.:36-37).

For å finne ein plass til menneske i forklaringsmodellane kombinerar Dobres (1) den kroppslege og sanselege erfaringa av teknologisk praksis, inspirert av Heideggers being-in-the-world, med (2) den gjensidige materielle og sosiale reproduksjonen gjennom chaînes opératoires og habituelle rutinar i dagleg praksis, inspirert av Mauss, og (3) den sentrale rolla til handverkarar og sosial agency i å skape strukturane som fremjar kulturell stabilitet og kulturell endring, henta frå praksisteori (ibid.:214). Dobres meiner forhistorisk teknologi er det aktive, historisk vilkårsbunde, symbolske og sosialt lada forholdet mellom menneske og den materielle verda som endar med at førestillingar og kulturelle verdiar blir materialisert (ibid.:32-33).

Dobres definerar chaîne opératoire som «the technical chain of sequential material operations by which natural resources are acquired and physically transformed into cultural

commodities» (ibid.:154). I kombinasjon med habitus kan ein forstå teknologisk praksis som normativ, regelbunden og opptakande åtferd (ibid.:137-138). Kroppslege handlingar er ikkje strengt biologisk, men opplærd (ibid.:153). Chaînes opératoires var retningslinjer eller mentale ‘malar’ handverkarane kunne følgje, og desse kunne vere både avgrensande og frigjerande (ibid.:205-210). Variasjon er uunngåeleg sidan menneske ikkje kan lage nøyaktige kopiar, slik at ferdigheiter, talent og kompetanse eller kunnskap kan påverke utfallet til

teknologiske chaînes opératoires (ibid.:179).

Dialektikken mellom agency, agentar, strukturasjon og strukturar er sentralt for teknologi, for det er gjennom teknologisk praksis menneskelege agentar kan utfordre tradisjonar og skape forholda som fører til endring (ibid.:84,148). Dobres meiner agency er svaret på å forstå korleis habituell og rutinisert teknologisk praksis i kvardagen bidreg til langsiktig kulturell endring, eller korleis hendingar på mikro-skala skaper makro-skala mønster (ibid.:129-130).

37 Teknologiar er avhengige av praktisk kunnskap utvikla over tid, gjennom prøving og feiling, eksperimentering og innovasjon (ibid.:109).

Oppsummering: Dobres meiner chaîne opératoire i kombinasjon med dialektikken mellom agency og struktur potensielt kan forklare korleis mikro-skala kvardagsproduksjon skaper mønster på makro-skala.

Kritikk

Teksten til Lemonnier har ein del fellestrekk med prosessuell arkeologi. Han undersøker evolusjonen til teknologiske system og skil mellom sjølvstendige innovasjonar og

lån/diffusjon. Lemonnier er i stor grad inspirert av André Leroi-Gourhan, ein forfattar som skreiv omtrent samtidig som prosessuell arkeologi, og som difor kan ha vore påverka av nokre av dei same ideane. Lemonnier (1992:83) viser til at Leroi-Gourhans chaîne opératoire i utgangspunktet var relatert til teknologisk determinisme og forholdet mellom ‘tendance’ og

‘fait’. Dette vil seie at teknologisk utvikling har ein tendens til å bevege seg i ei bestemt retning, men kan ha eit uføreseieleg uttrykk i tid og rom.

Ein viktig skilnad mellom Lemonnier og prosessuell arkeologi er at han legg meir vekt på det sosiale og ideologi. Lemonnier tek eit oppgjer med logosentrisme, og skriv at teknologiske val er bestemt av representasjonar, tru og idear som ikkje fyl ein vitskapleg, teknologisk eller økonomisk logikk (Lemonnier 1992:19). Sjølv om han baserar seg på at det sosiale og det teknologiske er basert på ulike logikkar, viser han korleis menneske kunne handle på ein måte som ikkje nødvendigvis var ‘rasjonelt’ eller ‘logisk’ etter det naturvitskaplege idealet. Dette kan samanliknast med korleis Binford meiner bruken av bronse i teknomiske gjenstandar er evolusjon medan bruken i sosiotekniske gjenstandar er devolusjon. I motsetning til Binford vil Lemonnier først og fremst undersøke korleis det sosiale formar det materielle. Han er difor høgare oppe på Hawkes slutningsstige.

Den forfattaren eg har undersøkt som har vore mest kritisk til prosessuell arkeologi er Dobres.

Sentrale punkt i Dobres sin kritikk av prosessuell arkeologi er at systemteori berre fokuserar på forholdet mellom ulike subsystem og mellom det kulturelle systemet og miljøet, og at det har blitt lagt for lite vekt på rolla til menneskelege agentar (Dobres 2000:42-43). Dobres argumenterar for ei endring i teoretisk perspektiv frå systemteori med kunstig fråskilde subsystem til fokus på menneskelege agentar og deira dynamiske rolle i teknologisk endring.

Variasjon i materiell kultur vart i prosessuell arkeologi forklart med ulik tilpassing til miljøet.

Både Lemonnier, Gosselain og Dobres meiner distribusjonsmønster kan brukast til å

38

identifisere ulike folkegrupper, ikkje ulikt kulturhistorisk arkeologi. Gosselain tek hensyn til både sosiale og naturlege grenser påverkar spreiinga av dekorasjonsverktøy og

formingsteknikkar, men koplar teknologi og det sosiale nært saman. Ifølgje Lemonnier er ikkje dei tekniske variantane som er i bruk i eit samfunn resultatet av ein respons på endringar i miljøet; det er tilfeldige val og sosiale representasjonar som avgjer om dei er i bruk eller ikkje. «When considered through a practice framework, then, it would appear that as human social relationships changed, so too did the nature of their involvement with the material world – and not the other way around» (Dobres 2000:227). Dobres meiner årsaksforklaringa bør vere interaksjon mellom sosiale agentar og korleis sosiale forhold forma det materielle.

«Kultur»

I denne diskursen er materiell kultur ein representasjon eller ei materialisering av det sosiale, og gjenstandar kan difor vere eit uttrykk for identitet. Samfunnet blir ikkje bestemt av den teknologiske utviklinga, men kan vere ein aktiv part i forminga av den. Alle tre forfattarane problematiserer forholdet mellom det som er medvite eller umedvite, og mellom samfunnet og enkeltmenneske. For Lemonnier er det dei sosiale representasjonane i eit samfunn som avgjer kva teknologiske val som kan bli gjort, og dette er først og fremst utilsikta frå

enkeltmenneske si side. Oppfinningane til enkeltmenneske kan bli avvist dersom endringa er for radikal på grunn av dei sosiale representasjonane i samfunnet.

Ideane til Pierre Bourdieu og Anthony Giddens er først og fremst tydeleg hos Dobres. Medan Bourdieus (1977) praksisteori blir brukt for å undersøke korleis praksis eller menneskeleg agency blir styrt av habitus, kan ein bruke Giddens (1984) for å undersøke det dualistiske forholdet mellom agency og struktur (Hegmon 1998:270), men felles for begge er eit primært fokus på forholdet mellom individ og samfunn (Nygaard 2001:103). Både Gosselain og Dobres brukar omgrepet habitus om dei umedvitne reglane og normene samfunnet påfører enkeltmenneske. Ifølgje Dobres er det «human agents and their webs ofr social relations and values that create not only culture but also culture change» (Dobres 2000:214). Fridommen til enkeltmenneske blir avgrensa av samfunnsstruturen, men samtidig blir samfunnsstrukturen igjen skapt av menneske og sosial agency. I forhold til ontologisk menneskesyn blir

enkeltmenneske difor gitt ei svært sentral rolle i kulturell og teknologisk utvikling.

«Teknologi»

Dei operasjonelle sekvensane og kroppsteknikkane til sosiologen Mauss (1935) var i utgangspunktet ikkje retta mot materiell kultur før Leroi-Gourhan (1964) med bakgrunn i arkeologi og antropologi utarbeida chaîne opératoire. Begge to har hatt stor innverknad på den

39 franske teknologitradisjonen. Det gjekk ei stund før chaîne opératoire tilnærminga vart teke opp i post-prosessuell arkeologi. Leroi-Gourhan var strukturalist, medan post-prosessuell arkeologi vaks fram som følgje av den lingvistiske og post-strukturalistiske vendinga – som blant anna Foucault var ein del av.

Både Lemonnier og Gosselain er antropologar. Dette kan vere grunnen til at Lemonnier framhevar at ikkje alle kroppsteknikkar har eit materielt utfall, og at chaîne opératoire er meir enn produksjonen av materielle objekt. Difor kan ein ikkje alltid vite berre ut frå det

arkeologiske materialet om ein innovasjon eller teknisk variant er kjent for eit samfunn eller ikkje, og den materielle kulturen representerar ikkje det totale kulturelle systemet. Gosselain undersøker endring i form og stil og tilnærminga hans liknar den diffusjonistiske

‘Kulturkreise’, men han fokuserar på teknikkar, interaksjon mellom individ og sosiale kontekstar i staden for materielle objekt.

Alle tre forfattarane baserar seg på chaîne opératoire og brukar uttrykket ‘teknologiske val’

for å forklare gjenstandsvariasjon. Den nye teknologiforståinga var ikkje logisk eller rasjonell, men kroppsleg og sanseleg, med mennesket i sentrum. Chaîne opératoire, eller operasjonelle sekvensar, er ei slags ‘oppskrift’ der handlingar må utførast i ei viss rekkjefølgje for at produksjonen av materiell kultur skal bli vellukka. Kombinasjonen av kroppsteknikkar og omforminga av naturlege råvarer til kulturelle objekt i chaîne opératoire gjer at ein kan forstå teknologi som til ei stor grad gjentakande eller regelbundne handlingar. Det at chaîne

opératoire består av rutinar og repetisjon sikrar kontinuitet, men samtidig kan ikkje utfallet av produksjonssekvensane bli heilt identiske.

Sjølv om både Lemonnier og Dobres skriv om chaîne opératoire og teknologiske val og er påverka av Mauss og Leroi-Gourhan, blir den systemiske tilnærminga hos Lemonnier erstatta med praksisteori hos Dobres. Dei ulike teoretiske perspektiva deira inneber også ulike

omgrepsapparat. Deiteknologiske vala hos Lemonnier var både frivillig og utilsikta frå individet si side, men styrt av dei sosiale representasjonane i samfunnet. Hos Gosselain og Dobres kjem det fram at habitus er dei umedvitne reglane og normene i samfunnet. Dobres brukar også omgrepet «agency», evna menneske har til å handle sjølvstendig og gjere val som bryt med det som er akseptert å gjere i eit samfunn. Innanfor praksisteori kan ein difor seie at habitus er samfunnets tradisjonar, medan agency kan føre til innovasjon. Både «agency» og

«teknologiske val» blir brukt for å forklare teknologisk innovasjon, og begge er avgrensa av høvesvis habitus og sosiale representasjonar.

40