• No results found

Darwinistisk kulturevolusjon

7 KRYSSANDE LINJER

I denne oppgåva har eg undersøkt forholdet mellom forklaringar på endring i forskingshistorie og forklaringar på endring i teknologihistorie. Dei ulike forklaringane på endring i vitskap (kapittel 2) og endring i teknologi (kapittel 5) eg har valt ut er ikkje fullstendig overlappande.

I linje b fokuserte eg mest på det som er relevant for mitt teoretiske perspektiv, men i linje a har eg prioritert å undersøke eit mangfald av forklaringar på teknologisk utvikling. Dei parallelle linjene var satt opp for å problematisere mitt val av teoretisk perspektiv for å undersøke andre teoretiske perspektiv. Etter kvart som eg undersøkte forskingshistoria på teknologihistorie vart det klart at det er fleire tilfelle der det er parallellar mellom linjene.

Sjølv om eg har brukt Foucault, sosialkonstruktivisme og Latour for å undersøke

forskingshistoria, har også Foucault, sosialkonstruktivisme og Latour påverka korleis ein i forskingshistoria har forklart teknologihistorie.

Parallellar

Diskursanalyse er eigentleg nært knytt til epistemologiske undersøkingar, men eg har i staden fokusert på korleis det ontologiske menneskesynet har endra seg gjennom forskingshistoria (sjå Metaperspektiv, epistemologi og ontologi). Oppgåva fekk eit ontologisk fokus sidan eg var mest interessert i forholdet mellom enkeltmenneske og teknologiske endringsprosessar.

Foucault meiner både framsteg i samfunn og subjekt eller individ kan vere ei oppfinning frå den vestlege verda (Foucault 1977:160, Warnier 2001:12). Arkeologar studerer menneske som er fråskilt sin eigen tradisjon i tid og rom, og har vore avhengig av å låne teoretiske perspektiv frå disiplinar som først og fremst undersøker menneske i notida. Dermed blir desse forsøka på å forklare mennesket utvida til å gjelde fortida også. Dei mangfaldige måtane mennesket har blitt framstilt illustrerar vanska med å kome fram til ein konsensus.

«Foucault was notorious for having rejected this notion of the subject transparent to himself/herself because it no longer fitted with what the human and social sciences were saying about human beings» (Warnier 2009:464). Sidan teoretiske perspektiv og ontologiske menneskesyn blir til i ein ‘notidig’ vitskapleg kontekst, har notida i stor grad bestemt korleis ein har framstilt handverkaren i fortida. Det er eit problem at det ontologiske menneskesynet i notida er stadig i endring, for det fører til at fortida blir endra også. Når det gjeld anatomisk moderne menneske reknar eg med at det ontologiske menneskesynet har som føremål å vere universelt gyldig. Dermed kan både forskaren og handverkaren forklarast ved hjelp av same teoretiske perspektiv. Om vi meiner ein mal gjeld for alle kan forskinga bli totaliserande, for

69 det finst ikkje nødvendigvis berre ein måte å vere menneske på (Thomas 2004:238). Det finst i alle fall ikkje berre ein måte å forstå mennesket på.

Boka til Dobres er ein sosialkonstruktivistisk og feministisk kritikk av at menn har blitt framstilt som dei aktive innovatørane i teknologihistorie (Dobres 2000:12-24).

Sosialkonstruktivisme handlar om å vere medviten om korleis eigne ideologiar påverkar måten ein forstår fortida. Til tross for at feministiske tilnærmingar til fortida tek opp predisponerte haldningar, er det ikkje uproblematisk. Sjølv om sosialkonstruktivisme kritiserar det ein tidlegare har teke for gitt, blir den gamle ‘sanninga’ erstatta med ei ny

‘sanning’. Denne nye ‘sanninga’ kan igjen kan bli kritisert og forkasta i framtida. At ein er kritisk til status quo fører til at alt må endre seg, og paradoksalt nok er det dette

sosialkonstruktivisme forsøker å forklare. Dette viser igjen at det ontologiske menneskesynet i notida formar fortida, og at framstillingane av fortida endrar seg i takt med teoretiske

skiftingar i notida.

Dersom ein ser på den teknologiske parallellen til sosialkonstruktivisme – det

sosialkonstruktivistiske synet på teknologi (SCOT) – blir det tydeleg at ei avvising av det positivistiske vitskapsidealet også inneber ei avvising av teknologisk determinisme og evolusjonsteori (Winner 2003:236). Sosialkonstruktivistar kan ikkje hevde at deira forklaringar er betre enn forklaringane dei sjølve kritiserar, for det er i strid med deira

antipositivistiske vitskapsideal. Latour på si side påstår at ANT kan løyse dikotomien mellom teknologisk determinisme og sosialkonstruktivisme (Latour 2009:151). Dette gjer det klart at måten ein undersøker forskingshistorie får følgjer for synet på teknologihistorie.

Endå ein parallell mellom teknologihistorie og vitskapshistorie er difor debatten om sosiale representasjonar mellom sosialkonstruktivisme og Latour (sjå Kapittel 2), som er analogisk med debatten mellom den franske teknologitradisjonen og ting-teori (sjå Kapittel 5). Bruno Latour, som har bakgrunn innanfor sosiologi og antropologi, har hatt stor innflytelse på framveksten av symmetrisk arkeologi og ting-teoretiske tilnærmingar. Den næraste parallellen kan seiast å vere mellom Olsen og Latour. Olsen baserar seg på det Latour har skrive om hybrid og ‘entanglement’ mellom menneske og ikkje-menneske. Latour (1999:290) meiner også at kollektivet av menneske og ikkje-menneske har gått gjennom ein kvantitativ auke gjennom historia, og at «progress means stepping into an even more entangled future».

Både Latour og ting-teori fokuserar på dikotomiar, materiell agency, og forsøker å endre synet på at menneske er aktive subjekt medan ting er passive objekt. Vitskapleg

70

kategorisering og analytisk prioritering av dikotomiar – som kritisert av både Boivin, Olsen og Latour – er eitt av kriteria eg har basert mitt utval av materiale på (sjå Kanoniske tekstar).

Det er mogeleg Latour har vore ei av inspirasjonskjeldene for å skilje mellom agentar og aktantar, og kritikken av at menneske er intensjonelle. Grunnen til at omgrepet «teknologi»

ser ut til å ha blitt mindre populært kan vere i tråd med kva Latour hevdar: «The noun

‘technique’ – or its updated version, ‘technology’ – does not need to be used to separate humans from the multifarious assemblies with which they combine» (Latour 1999:191), eller som Ingold skriv: alt kan vere teknologisk.

Evolusjon og agency hos Foucault og Latour

I arbeidet med denne oppgåva har det vore viktig for meg å få fram at det teoretiske perspektivet eg har brukt også er ein del av forskingshistoria eg har undersøkt. Dei

ontologiske menneskesyna til Foucault og Latour får djuptgripande verknadar for korleis ein forstår forskingshistorie, samtidig som dei ontologiske menneskesyna i diskursane eg har undersøkt viser korleis ein har forstått teknologihistorie. Her skal eg difor belyse

samanhengen mellom kvar handverkarane i fortida og forskarane i notida kan plasserast på den ontologiske skalaen.

Foucault har ei genealogisk tilnærming til disiplin og institusjonar, og ‘genealogi’ er eit omgrep som er nært relatert til «evolusjon». Den genealogiske tilnærminga blir brukt for å undersøke kontinuitet og brot i kunnskapsproduksjonen. «How is it that at certain moments and in certain orders of knowledge, there are these sudden take-offs, these hastenings of evolution, these transformations which fail to correspond to the calm, continuist image that is normally accredited?» (Foucault 1980:112, mi utheving). Foucault forsøker med dette å ta avstand frå progressive framstillingar av historie, for diskursive brot er i staden

diskontinuerlige. Samstundes meinte han at diskursen avgjer kva enkeltmenneske kan seie, og mennesket hos Foucault hadde difor omtrent like stor fridom som i prosessuell arkeologi.

Foucaults maktomgrep har ein direkte verknad på i kor stor grad enkeltindivid er frie eller lovbundne – noko ein også kan seie om agency. Foucault ikkje brukar omgrepet «agency» i Discipline and Punish, men han brukar ordet «actor» i samband med individ i eit bur eller teater (Foucault 1977:200). Ifølgje Giddens (1984:9) handlar agency ikkje nødvendigvis om intensjon, men evna menneske har til å gjere noko, som igjen gjer at agency inneber makt.

Deretter viser han til at makta hos Foucault først og fremst er ein eigenskap hos samfunnet. Ut frå korleis Giddens koplar makt og agency, kan Foucault ha vore ein av dei som inspirerte til

71 danninga av omgrepet «agency». Likevel har postprosessuell arkeologi (som Dobres i den franske teknologitradisjonen) og Foucault heilt ulike ontologiske menneskesyn, og

postprosessuell arkeologi har blitt kritisert for å gi mennesket for mykje intensjon og fri vilje (sjå Ontologisk menneskesyn).

I dei vitskapsdisiplinære undersøkingane til Latour er «agency» eit sentralt omgrep. I motsetning til Foucault er hans fokus på individnivå, på menneskelege aktørar og ikkje-menneskelege aktantar. Sidan menneske og ikkje-menneske er i same kollektiv, blir målretta handling og intensjonalitet eigenskapar hos institusjonar (Latour 1999:192). Som Foucault knyt dermed Latour makt eller agency til institusjonar, ikkje individ. Sjølv om dei ikkje har same ontologiske menneskesyn, er dei ikkje på motsett side av den ontologiske skalaen. Det ontologiske menneskesynet til Latour stemmer overeins med det i ting-teori, men først og fremst hos Olsen. Ei av utfordringane til Latour og den ting-teoretiske diskursen er å få aksept for at også ting eller ikkje-menneske kan ha agency. Dette vil medføre at menneskeleg

handling ikkje er heilt medviten, og at menneske ikkje har fullstendig kontroll over teknologihistoria.

Eit forskingsobjekt i endring, om endring

Innleiingsvis vart diskurs definert som ein bestemt måte å snakke om eller forstå verda på. Eg har brukt omgrepet som ein måte å illustrere brot og kontinuitet i arkeologisk

forskingshistorie. For å identifisere brotpunkta mellom diskursane har eg valt å fokusere på kva diskursane kritiserar ved kvarandre. Kritikken som blir gitt når ein tek avstand frå ein anna diskurs og forsøker å etablere eit nytt diskursivt verdssyn eller ontologisk menneskesyn kan vere prega av overdriving og polarisering. Samtidig er kritikken, kontroversane og brota mellom diskursane både mogleggjort av og har ført til kontinuitet. Ein har diskutert det same fenomenet og hatt same problem sidan byrjinga: endring i materiell kultur (teknologisk utvikling) og ontologisk menneskesyn.

Dei fem ulike diskursane skildrar fem ulike fortider og har fem ulike oppfatningar av korleis mennesket er. Shennan innleier med å hevde: «For a discipline supposedly concerned with the past, archaeology today is more than ever subjected to the tyranny of the present»

(Shennan 2002:9). Dette blir deretter fylgt av ein kritikk av fenomenologi og ‘frie agentar’.

Denne kritikken er interessant med tanke på at Dobres brukar sosialkonstruktivisme (som har røter i fenomenologi) i eit forsøk på å unngå å tolke fortida etter notidas premiss. Av same grunn blir prosessuell arkeologi kritisert for å framstille menneske som ‘rasjonelle’ og

72

‘logiske’ i tråd med notidas teknosentrisme og rasjonalistiske vitskapsideal. Denne raude tråden kan ein følgje tilbake til kulturhistorisk arkeologi der ein tenkte at menneska i fortida var forfedrane til nasjonen i samtida. Ein kan då spørje seg korleis darwinistisk

kulturevolusjon i større grad enn andre tilnærmingar kan unngå at notida formar fortida.

Kritikken av modernitet og unilineære, teleologiske eller deterministiske framstillingar av teknologihistorie (Latour 1993, Thomas 2004, Pfaffenberger 1988, 1992:514; Winner 2003:238) viser til ei auka bevisstheit om forholdet mellom fortida og notida. Ein skal vere forsiktig med å gjere notida til målet for teknologisk utvikling i fortida, og at notidas teknologiforståing påverkar synet på teknologi i fortida. Det er ikkje lett å unngå gapet mellom korleis noko eigentleg er, og korleis noko blir forklart, forstått eller framstilt. Uansett kor ‘riktige’ dei nye teoriane, metafysiske verdsforståingane eller ontologiske menneskesyna er, kan det ha vore forstått på ein anna måte tidlegare.

Måten teknologihistorie og forskingshistorie blir framstilt er begge resultatet av teoretiske hovudstøymingar. På den måten kan ein vise korleis det ontologiske menneskesynet i ein notidig vitskapleg kontekst har påverka korleis ein har forstått teknologisk utvikling i fortida.

Basert på ulike teoretiske grunnlag har kvar diskurs konstruert ulike forklaringar på

teknologisk utvikling, og dermed ulike versjonar av fortida. Både for forsking og teknologi kan ein seie at det finst ein ‘riktig’ måte å gjere ting på og at forskarane og handverkarane som bryt reglane for kva ein kan gjere kan vere innovative.

Både teori og teknologi skapar diskursar forskarane kan plasserast innanfor. Det er ikkje berre teoretiske perspektiv som avgjer korleis teknologisk innovasjon blir forklart, men også kva teknologi ein arbeider med. «Agency» og «evolusjon» er omgrep som har blitt brukt for å forklare teknologisk utvikling. Der agencyteori vektlegg rolla til menneske og ting på småskala, fokuserar evolusjonsteori på storskala endringsprosessar. I samanheng med dette kan ein skilje mellom spesifikke oppfinningar som historiske hendingar og innovasjon som del av ein kontinuerlig prosess (Kristiansen 2005:151-155).

Arkeologiske kronologiar var i utgangspunktet basert på endring i teknologi, men innførte også skilje mellom ulike teknologiar. Teknologihistoria er ein samanhengande prosess, men samtidig består teknologi som eit heilheitleg fenomen av ulike teknologiar. I denne oppgåva har eg fokusert på generelle teoretiske forklaringar på innovasjonar som ein del av heile teknologihistoria. Berre unntaksvis har eg gått inn på korleis spesifikke innovasjonar innanfor bestemte teknologiar blir forklart. Vidare kan dette vere eit potensielt studieområde, særleg

73 dersom ein er bevisst på korleis forskarar med ulike teoretiske og metodiske rammeverk opp gjennom forskingshistoria kan ha forma og omforma tolkingane av ulike periodar, kulturar og teknologiar.

Fokus på innovasjonar eller oppfinningar gjer teknologihistoria til ei historie om transformasjon. Difor er det positivt at både ting-teori og darwinistisk kulturevolusjon i seinare tid har eit auka fokus på kontinuitet og stabilitet. Eit forskingsområde arkeologi kan kome med viktige bidrag til er korleis teknologi har endra menneske både fysisk og mentalt.

Darwinistisk kulturevolusjon kan undersøke forskjellane mellom menneske og andre dyr i forhold til bruken av teknologi ved å integrere læring og imitasjon i eit evolusjonsperspektiv.

Evna til å ta i bruk teknologi og materiell kultur er ikkje forbeholdt menneske, men det kan overføringa og oppehaldinga av tradisjonar vere.

Eit interessant problem som oppstår ut frå dette er om teknologi konstant kan endre seg men likevel vere det same, og om teknologi er noko anna i dag enn det var i fortida. Latour og ting-teori forklarar endring frå fortida til notida med kvantitativ auke av element kopla saman i nettverk. Dei første millionane av år menneske produserte materiell kultur er prega av ein oppsiktsvekkande kontinuitet, og innovasjon føregår i eit raskare tempo i dag enn det nokon gong har gjort tidlegare. Tradisjonar og kontinuitet er like viktig som innovasjonar og oppfinningar, og moglegvis endå viktigare i fortida enn i notida.

74

LITTERATURLISTE

Primærkjelder

Apel, J., og K. Darmark 2009 Evolution and Material Culture. Current Swedish Archaeology (17):11-28

Binford, L. 1962 Archaeology as Anthropology. American Antiquity, 28 (2):217-225 Boivin, N. 2008 Material Cultures, Material Minds. The Impact of Things on Human Thought, Society and Evolution. Cambridge University Press

Childe, V.G. 1929 The Danube in Prehistory. Clarendon Press, Oxford Clarke, D. 1968 Analytical Archaeology. Methuen & Co. Ltd., London

Dobres, M.-A. 2000 Technology and Social Agency. Outlining a Practice Framework for Archaeology. Blackwell Publishers, Oxford

Gosden, C. 2005 What Do Objects Want? Journal of Archaeological Method and Theory 12 (3):193-211

Gosselain, O.P. 2000 Materializing Identities: An African Perspective. Journal of Archaeological Method and Theory 7(3):187-217

Lemonnier, P. 1992 Elements for an Anthropology of Technology. Anthropological Papers.

Museum of Anthropology, University of Michigan, No. 88. Ann Arbor, Michigan

Montelius, O. 1899 Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det mänskliga arbetet.

Svenska Fornminneföreningens Tidskrift, bd. 10, s.237-268

Olsen, B. 2010 In Defense of Things. Archaeology and the Ontology of Objects. AltaMira Press, Lanham, MD

Riede, F. 2006 Chaîne Opératoire - Chaîne Evolutionaire. Putting Technological Sequences in Evolutionary Context. Archaeological Review from Cambridge 21.1:50-75

Shennan, S. 2002 Genes, Memes and Human History. Darwinian Archaeology and Cultural Evolution. Thames & Hudson, London

Steward, J.H. 1955 Theory of Culture Change – the methodology of multilinear evolution.

University of Illinois Press, Urbana

75 Thomsen, C.J. 1836 Ledetraad til Nordisk Oldkyndighed. Det kongelige Nordiske Oldskrift- Selskab, Kjöbenhavn

Litteraturliste:

Barth, F. 1967 The Role of the Entrepreneur in Social Change in Northern Norway.

Universitetsforlaget, Bergen, Oslo, Tromsø

Baudou, E. 2004 Den nordiska arkeologin – historia och tolkningar. Kungl. Vitterhets Historie och Antikvitets Akademien, Stockholm

Bourdieu, P. 1977 Outline of a Theory of Practice. Cambridge University Press, London Brandt, R. 1992 I Winckelmanns fotspor, eller...? Klassisk forum 1992 (1):32-39

Brück, J. 1999 Ritual and rationality. Some problems of interpretation in European archaeology. European Journal of Archaeology 2(3):313-344

Burr, V. 1995 An Introduction to Social Constructionism. London, Sage

Corn, J.J. 1996 Object lesson/object myths? What historians of technology learn from things.

I Learning from Things: Method and Theory of Material Culture Studies, redigert av W.D.

Kingery, s. 35-44. Smithsonian Institution Press, Washington og London

Daniel, G. 1975 A Hundred and Fifty Years of Archaeology. Duckworth, London Dobres, M.A. og J.E. Robb 2000 Agency in Archaeology. Routledge, London

Edge, D. 1995 Reinventing the Wheel. I Handbook of Science and Technology Studies, redigert av S. Jasanoff, G.E. Markle, J.C. Petersen og T. Pinch, s. 3-23. Sage Publications, Thousand Oaks, London, New Delhi

Fahlander, F. og T. Oestigaard 2004 Introduction. Material Culture and Post-Disciplinary Sciences. I Material Culture and Other Things. Post-disciplinary studies in the 21st century, redigert av F. Fahlander og T. Oestigaard, s. 1-18. Bricoleur Press, Lindome

Foucault, M. 1980 Power/knowledge: selected interviews and other writings 1972-1977.

Pantheon, New York

Foucault, M. 1994 (1966) The Order of Things. An Archaeology of the human sciences.

Routledge, London og New York

76

Foucault, M. 2002 (1969) Archaeology of Knowledge. Routledge, London og New York Foucault, M. 1977 Discipline and punish. The birth of the prison. Vintage Books, New York Giddens, A. 1984 The Constitution of Society. Outline of the Theory of Structuration. Polity Press, Cambridge

Graves-Brown, P., R. Harrison, og A. Piccini 2013 Introduction. I Oxford Handbook of The Archaeology of The Contemporary World, redigert av P. Graves-Brown, R. Harrison og A.

Piccini, s. 1-23. Oxford University Press, Oxford

Hastrup, K. 1999 Viljen til viden. En humanistisk grunnbok. Gyldendal, Kjøbenhavn Hawkes, C. 1954 Archaeological Theory and Method: Some Suggestions from the Old World. American Anthropologist 56(2):155-168

Hegmon, M. 1998 Technology, Style and Social Practices: Archaeological Approaches. I The Archaeology of Social Boundaries, redigert av M.T. Stark, s. 264-279. Smithsonian Institution Press, Washington og London

Heizer, R.F. 1962 The Background of Thomsen’s Three-Age System. Technology and Culture 3:259-266

Hodder, I. 2012 Entangled. An Archaeology of the Relationships between Humans and Things. Wiley-Blackwell, Malden og Oxford

Hodder, I. (red.) 2014 (2012) Archaeological Theory Today. Second Edition. Polity Press, Cambridge, Malden

Ingold, T. 2011 (2000) The Perception of the Environment. Essays on livelihood, dwelling and skill. Routledge, London og New York

Johnson, M. 2010 Archaeological Theory. An introduction. Wiley-Blackwell, Oxford Jordheim, H., Rønning, A.B., Sandmo, E., og M. Skoie 2008 Humaniora. En innføring.

Universitetsforlaget, Oslo

Jørgensen, M., og L. Phillips 2002 Discourse Analysis as Theory and Method. Sage Publications, London, Thousand Oaks, New Delhi

Knappett, C. 2014 Materiality. I Archaeological Theory Today, redigert av I. Hodder, s. 188-207. Polity Press, Cambridge, Malden

77 Kristensen, J.E. 1993 Det kuriøse og det klassificerende blik - naturens indsamling og

forordning fra Renæssancens samlere til det moderne naturhistoriske museum med Museum Wormianum som udgangspunkt. Den jyske historiker 64:31-44

Kristiansen, K. 1998 Between Rationalism and Romanticism. Archaeological Heritage Management in the 1990s. Current Swedish Archaeology 6:115-122

Kristiansen, K. 2004 Genes versus agents: a discussion of the widening theoretical gap in archaeology. Archaeological dialogues 11:77-132

Kristiansen, K. 2005 Agency. I Archaeology: the key concepts, redigert av C. Renfrew og P.

Bahn, s. 151-155. Routledge, London

Krogh, T. et.al. 1998 Historie, forståelse og fortolkning. De historisk-filosofiske fags fremvekst og arbeidsmåter. Gyldendal, Oslo

Kuhn, T.S. 1962 The Structure of Scientific Revolutions. University of Chicago Press, Chicago, IL

Latour, B. 1987 Science in Action. How to follow scientists and engineers through society.

Harvard University Press, Cambridge, MA

Latour, B. 1993 We have never been modern. Harvard University Press, Cambridge, MA Latour, B. 1999 Pandora’s Hope. Essays on the Reality of Science Studies. Harvard University Press, Cambridge, London

Latour, B. 2008a A Textbook Case Revisited – Knowledge as a Mode of Existence. I The Handbook of Science and Technology Studies. Third Edition, redigert av E.J. Hackett, O.

Amsterdamska, M. Lynch, J. Wajcman, s. 83-112. The MIT Press, Cambridge Massachusetts, London, England

Latour, B. 2008b (2005) Reassembling the Social. An Introduction to Actor-Network-Theory.

Oxford University Press, Oxford

Latour, B. 2009 Where Are the Missing Masses? A Sociology of a Few Mundane Artifacts. I Technology and Society. Building our Sociotechnical Future, redigert av D.G. Johnson og J.M. Wetmore, s. 151-180. MIT Press, Cambridge, MA, London, England

Leroi-Gourhan, A. 1964 Gesture and Speech. MIT Press, Massachusetts

78

Martinón-Torres, M. 2008 Why Should Archaeologists Take History and Science Seriously? I Archaeology, History and Science. Integrating approaches to Ancient Materials, redigert av M. Martinón-Torers og T. Rehren, s. 15-36. Left Coast Press, Walnut Creek, CA

Mauss, M. 1935 Techniques of the Body. Economy and Society 2:70-88 Moreland, J. 2001 Archaeology and Text. Duckworth, London

Neumann, I. 2010 Mening, materialitet, makt: En innføring i diskursanalyse. Fagbokforlaget Nordenstam, T. 2006 (2000) Fra kunst til vitenskap. Humanvitenskapenes grunnlag i et historisk perspektiv. Fagbokforlaget

Nygaard, T. 2001 Den lille sosiologiboka. Universitetsforlaget, Oslo

Olsen, B. 2006a Scenes From a Troubled Engagement. Post-Structuralism and Material Culture Studies. I Handbook of Material Culture, redigert av C. Tilley, W. Keane, S. Küchler, M. Rowlands og P. Spyer, s. 85-103. Sage Publications, London, Thousand Oaks, New Delhi Olsen, B. 2006b Ting-mennesker-samfunn. Introduksjon til en symmetrisk arkeologi.

Arkæologisk forum 14:13-18

Olsen, B. 2009 (1997) Fra ting til tekst. Teoretiske perspektiv i arkeologisk forskning.

Olsen, B. 2009 (1997) Fra ting til tekst. Teoretiske perspektiv i arkeologisk forskning.