• No results found

Innovasjon, evolusjon og agency: forskingshistorisk analyse av teknologihistorie

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Innovasjon, evolusjon og agency: forskingshistorisk analyse av teknologihistorie"

Copied!
90
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Innovasjon, evolusjon og agency

Forskingshistorisk analyse av teknologihistorie

Stine Urke Brunstad

Masteroppgåve i arkeologi

Institutt for arkeologi, konservering og historie Universitetet i Oslo

Vår 2015

(2)

II

(3)

III

Forord

Først og fremst vil eg gi ein stor takk til rettleiaren min, Per Ditlef Fredriksen, som under kvar samtale har vore positiv, oppmuntrande og utfordra meg til å gjere mitt beste. Inspirerande forelesingar om både teknologi og arkeologisk teori var med på å vekke interessa mi for desse felta. Eg vil også takke Lotte Hedeager som har leia skriveseminara og alle deltakarane som har kome med gode innspel og forslag. Takk til medstudentar på Blindernveien 11 som har gjort oppgåveskrivinga det siste året mykje kjekkare. Til slutt vil eg takke familie og venner som har hatt trua på meg, støtta og motivert meg gjennom alle desse åra.

Oslo, mai 2015 Stine Urke Brunstad

(4)

IV

(5)

V

Innhald

Forord ... III Tabell- og figurlister: ... IX

1 INNLEIING ... 1

Ontologisk skala ... 2

Parallelle linjer ... 3

Notidas vitskaplege kontekst ... 4

Strukturen i oppgåva ... 5

2 FORSKAREN, DISKURS OG NETTVERK ... 6

Foucault ... 6

Sosialkonstruktivisme ... 7

Latour ... 8

3 FORSKARSUBJEKT OG FORSKINGSOBJEKT ... 10

Metaperspektiv, epistemologi og ontologi ... 10

Diskursanalytisk tilnærming ... 13

Nodalpunkt ... 13

Genealogi ... 14

Intertekstualitet, interdiskursivitet og interdisiplinæritet ... 15

4 ARKEOLOGISK FAGLITTERATUR ... 17

Hegemoniske diskursar ... 17

Kanoniske tekstar ... 18

Analytiske spørsmål og verktøy ... 20

5 FORSKINGSHISTORIA PÅ TEKNOLOGIHISTORIE ... 22

Kulturhistorisk arkeologi ... 22

Thomsen 1836 Ledetraad til Nordisk Oldkyndighed ... 22

Montelius 1899 Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det menskliga arbetet .. 23

Childe 1929 The Danube in Prehistory ... 24

Periodeinndelingar ... 25

«Kultur» ... 25

«Teknologi» ... 26

Prosessuell arkeologi ... 28

Steward 1955 Theory of culture change – the methodology of multilinear evolution .... 28

Binford 1962 Archaeology as Anthropology ... 29

(6)

VI

Clarke 1968 Analytical Archaeology ... 30

Kritikk ... 31

«Kultur» ... 32

«Teknologi» ... 33

Fransk teknologitradisjon ... 34

Lemonnier 1992 Elements for an Anthropology of Technology ... 34

Gosselain 2000 Materializing Identities: An African Perspective ... 35

Dobres 2000 Technology and Social Agency. Outlining a Practice Framework for Archaeology ... 36

Kritikk ... 37

«Kultur» ... 38

«Teknologi» ... 38

Ting-teori ... 40

Gosden 2005 What Do Objects Want? ... 40

Boivin 2008 Material Cultures, Material Minds. The Impact of Things on Human Thought, Society and Evolution ... 41

Olsen 2010 In Defense of Things. Archaeology and the Ontology of Objects ... 42

Kritikk ... 42

«Kultur» ... 44

«Teknologi» ... 44

Darwinistisk kulturevolusjon ... 47

Shennan 2002 Genes, Memes and Human History Darwinian Archaeology and Cultural Evolution. ... 47

Riede 2006 Chaîne Opératoire, Chaîne Evolutionaire? Putting Technological Sequences into an Evolutionary Perspective ... 48

Apel og Darmark 2009 Evolution and Material Culture ... 49

Kritikk ... 50

«Kultur» ... 52

«Teknologi» ... 52

6 EVOLUSJON OG AGENCY ... 54

Hawkes slutningsstige ... 54

Samfunn, teknologi og natur ... 56

Nodalpunkt og genealogi ... 56

Skala: endring i tid og rom ... 60

(7)

VII

Ontologisk menneskesyn ... 63

Interdisiplinæritet og vitskapsideal ... 66

7 KRYSSANDE LINJER ... 68

Parallellar ... 68

Evolusjon og agency hos Foucault og Latour ... 70

Eit forskingsobjekt i endring, om endring ... 71

LITTERATURLISTE ... 74

(8)

VIII

(9)

IX

Tabell- og figurlister:

TABELLOVERSIKT:

Tabell 1 Tekstane fordelt på dei ulike diskursane ... 19

FIGUROVERSIKT:

Figur 1 Nodalpunkt og genealogi i hegemoniske maktkampar ... 59 Figur 2 Ontologisk skala med omtrentleg plassering av diskursane ... 65

(10)

X

(11)

1

1 INNLEIING

I kor stor grad kan enkeltmenneske påverke endringsprosessar? Har arkeologar forstått teknologiske innovasjonar som enkelthendingar eller som ein del av ein større tendens? For det første skal eg undersøke handverkarane i fortida si rolle i teknologihistorie, og for det andre skal eg undersøke forskarane i notida si rolle i forskingshistorie. Denne oppgåva handlar om korleis teknologisk utvikling har blitt forklart på ulike punkt i forskingshistoria, og korleis ein kan forklare at forskingshistoria har endra seg over tid. Sidan både det eg skal undersøke (forskingshistorie), og det som har blitt undersøkt i forskingshistoria

(teknologihistorie), handlar om endring over tid, skal eg problematisere forholdet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt. Dette gjeld forholdet mellom meg og forskingshistoria eg skal undersøke so vel som forholdet mellom forskarane og teknologihistoria dei undersøkar.

Ein diskurs er ein måte å snakke om og forstå verda på (Jørgensen og Phillips 2002:1). Slik kan vi dele arkeologisk forskingshistorie inn i ulike diskursar, kjenneteikna av overordna likheiter i måten ein har forklart teknologisk utvikling. Materiell kultur let arkeologar få innsyn i bestemte periodar i fortida og undersøke spesifikke eksempel på teknologisk

innovasjon. Samtidig blir det hevda at studie av teknologihistorie ikkje har teke nok hensyn til materielle bevis (Boivin 2008:22, Corn 1996). Diskursane forenklar og teoretiserar generelle tendensar observert i det arkeologiske materialet, og difor skal eg fokusere på korleis ein har brukt og forklart teknologiske innovasjonar i arkeologisk faglitteratur. Arkeologisk teori og metode er retta mot å ordne og tolke empirisk kjeldemateriale, og verkar som ulike filter arkeologar ser fortida gjennom. På den måten kan ein få innsikt i teknologisk utvikling utan å ha kjennskap til teknologihistoria i seg sjølv.

Vitskap og teknologi har til felles at dei endrar seg over tid: både forskingshistorie og teknologihistorie er tradisjonar med kontinuitet og brot. På same måte som fortida har blitt strukturert etter kva teknologi ein har brukt, blir forskinga i notida strukturert etter kva teoretisk grunnlag ein har hatt. For teknologihistorie er det inndelingar i periodar – som steinalder, bronsealder, jernalder – og for forskingshistorie er det inndelingar i ulike forskingstradisjonar – som kulturhistorisk, prosessuell og postprosessuell arkeologi. Desse inndelingane spelar ei viktig rolle i å styre forskingsinteresser, for forskaren plasserar seg sjølv innanfor ulike teoretiske og/eller teknologiske forskingstradisjonar.

Teknologi og innovasjon er to sentrale omgrep eg skal undersøke i denne oppgåva. Ingold (2011:297) har stilt dette retoriske spørsmålet: «Is there anything (…) about human life and

(12)

2

activity that is not technological? If not, what need have we for the concept of technology at all?». Opp gjennom forskingshistoria har det vore ulike oppfatningar om kva

teknologiomgrepet inneber, og difor skal eg ikkje definere «teknologi» her. Generelt kan ein seie at teknologiomgrepet i arkeologi har hatt ein nær samanheng med produksjonen av materiell kultur. Innovasjon kan heilt enkelt definerast som introduksjonen av noko nytt, men også innovasjon har blitt forstått og forklart på ulike måtar.

Ontologisk skala

Arkeologisk gjenstandsmateriale let arkeologar undersøke forholdet mellom tradisjon og innovasjon i eit langtidsperspektiv. Studie av arkeologisk forskingshistorie gjev moglegheita til å undersøke brot og kontinuitet mellom ulike kunnskapstradisjonar. Slik vil denne oppgåva handle om innovasjon innan fortidig produksjon av, og notidig forklaring/forståing av

materiell kultur. Eit interessant problemområde er korleis ein kan forklare forholdet mellom enkeltmenneske og landtidsutvikling, slik Barth (1967) skriv om rolla til entreprenøren i endringsprosessar. Eg meiner dette er like relevant anten det gjeld handverkaren og

teknologihistorie eller forskaren og forskingshistorie. Ut frå korleis ein har forklart innovasjon skal eg undersøke det ontologiske menneskesynet på ulike punkt i arkeologisk

forskingshistorie.

Ontologi er læra om korleis noko er. Synet på kva som er riktig endrar seg over tid og difor er ontologiske spørsmål vanskeleg å svare på. Denne oppgåva handlar om debatten om

ontologiske spørsmål i arkeologi: kva grad er menneske frie eller lovbundne? Formuleringa av ontologiske spørsmål illustrerar berre ytterpunkta, og difor skal eg sjå føre meg at det er ein glidande skala mellom individuell fridom og strukturell determinisme. Når det gjeld teknologi kan ein på den eine sida tenke at vala enkeltmenneske gjer fører til teknologisk utvikling, og på den andre at sida at teknologisk utvikling er ein autonom og deterministisk prosess menneske ikkje kan kontrollere. Innanfor vitskap eller forsking kan enkelte forskarar kan bli framheva som innovative fordi dei kjem med nye idear eller teoriar, men ein kan også argumentere for at vitskapleg utvikling er ein progressiv og autonom prosess.

I denne oppgåva skal eg svare på tre problemstillingar:

1. Korleis har teknologisk innovasjon blitt forklart på ulike punkt i forskingshistoria?

2. Kva følgjer får forskingshistoriske brot for det ontologiske menneskesynet?

3. Kvar på den ontologiske skalaen kan handverkarar bli plassert, og kva samanheng har det med kvar forskarane kan plasserast?

(13)

3 Parallelle linjer

Eit eksempel som kan belyse forholdet mellom endring i forskingshistorie og endring i teknologihistorie – og kvifor desse to tradisjonane blir ordna på same måte – kjem frå Bruno Latour. Etter eit besøk på naturhistorisk museum i New York der den suksessive utviklinga av hestefossil vart satt opp parallelt med den suksessive utviklinga av tolkingane av deira

utvikling, foreslår Latour (2008a:83) at ein kan slå saman vitskapshistoria med historia til dei vitskaplege tinga forskarane studerar. Han hevdar at forskingsobjektet har to former for eksistens: først i fortida og so i møte med forskarsubjektet (Latour 2008a:101). Dette er same fenomen hermeneutikk og fenomenologi har forsøkt å forklare i forhold til tekstfortolking og forståingshorisont (Hastrup 1999, Krogh et.al. 1998). I motsetning til hermeneutikken der forholdet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt er refleksivt, foreslår Latour at

forskingsobjektet er noko anna i notida enn det er i fortida. Dersom eg overfører Latour sitt prinsipp til mitt studieområde, får eg:

Linje 1: teknologisk utvikling (forskingsobjektet i fortida)

Linje 2: utviklinga av forklaringane på teknologisk utvikling (forskarsubjektet i notida) Den første linja består i dag av delvis bevart arkeologisk materiale frå fortida, medan den andre linja hovudsakleg består av arkeologisk teori og metode i den akademiske disiplinen.

Slik eg har sett opp linjene kan det verke som det er eit klart skilje mellom den materielle kulturen arkeologar undersøker og dei diskursive forklaringane eller verdsforståingane til forskarane i notida, men slik treng det ikkje nødvendigvis vere. Denne oppgåva handlar om den andre linja; dei forskingshistoriske diskursane der teknologisk utvikling blir forklart.

Sidan eg skal undersøke utviklinga til forklaringar på teknologisk utvikling, blir eg nøydd til å setje meg inn i korleis ein skal undersøke og forklare endring i forskingshistorie. Difor har eg eit parallelt fokus på forklaringar på innovasjon i (a) teknologi og (b) vitskap.

I denne oppgåva er forskingsobjektet teknologi i fortida (det som blir studert) og

forskarsubjektet ein del av vitskapsdisiplinen i notida (dei som studerar). Linjene ovanfor er kunstige konstruksjonar, og i verkelegheita er det meir komplisert. Difor skal eg utdjupe om skiljet mellom fortid/notid og teknologi/vitskap. Arkeologisk materiale er ting frå fortida i notida, og teknologisk utvikling føregår enno. Studie av forskingshistorie er eit studie av arkeologifaget si fortid. Kva som blir lagt i omgrepa notid og fortid er relativt, og difor har eg valt å setje eit skilje ved opphavet til arkeologi som vitskapleg fag. Sjølv om det ikkje blir

(14)

4

definert som vitskap, hadde menneske i fortida også kunnskap om verda dei levde i. Både teknologi og vitskap kan vere diskursive måtar menneske forstår verda på, slik både arkeologisk materiale og forskingshistoriske tekstar er ei kjelde til kunnskap om fortida.

Skiljet mellom fortid og notid er eit sentralt problem i arkeologi, og det er truleg ikkje mogeleg å studere fortida som om den var heilt skild frå notida (Graves-Brown, Harrison og Piccini 2013:1). Arkeologisk forskingshistorie viser at måten ein har tenkt på ikkje alltid har vore den same. Arkeologar ‘rekonstruerar’ fortida ved hjelp av teori og metode, slik at kvar diskurs produserar ulike forklaringar på teknologisk utvikling. Dersom det teoretiske

perspektivet til forskaren endrar seg, blir forklaringane på endring i fortida også endra. Difor kan ulike fortider oppstå etter kvart som notida endrar seg. Eit sentralt problem er då kor universelle teoretiske perspektiv eller ontologiske menneskesyn kan vere.

Det har lenge vore diskutert kva slags vitskap arkeologi skal vere: naturvitskap eller

samfunnsfag? Vitskap og teknologi har historisk sett vore knytt til naturvitskap og søken etter objektive fakta, men det at dei får ei sosialvitskapleg tolking endrar ikkje synet på dei som integrerte felt. Sidan det positivistiske vitskapsidealets syn på vitskap og teknologi som asosiale og upersonlege aktivitetar gong på gong blir oppdaga og anvendt, blir alternativet å vise at vitskap og teknologi er menneskelege – og dermed sosiale – føretak (Edge 1995).

Pinch og Bijker (1984) argumenterar for å integrere studie av vitskap og studie av teknologi sidan vitskap er avhengig av tidlegare teknologiske utviklingar og kunnskapsproduksjon, og forsking kan føre til fleire teknologiske oppdagingar. Poenget er ikkje at teknologi og vitskap er det same, men at synet på mennesket kan vere eit bindeledd mellom desse to felta.

Notidas vitskaplege kontekst

Sett frå eit arkeologisk perspektiv kan det vere ein stor tidsavstand mellom teknologien som blir studert og tida den blir studert i, altså mellom handverkarane og forskarane. Sidan

forskingsobjektet har to former for eksistens, kan forklaringar på endring teknologihistorie og forskingshistorie plasserast i same vitskaplege kontekst. Det er difor ein potensiell samanheng mellom dei. Basert på at ein i løpet av forskingshistoria har forsøkt på å forklare endring innanfor høvesvis teknologi og vitskap, kan ein dele den andre linja til Latour i to delar:

Linje a: utviklinga av forklaringar på teknologisk utvikling (forskarsubjekta i notida) Linje b: utviklinga av forklaringar på vitskapleg utvikling (forskarsubjekta i notida)

(15)

5 Hovudskilnaden mellom linjene ovanfor er: linje a) korleis forskarar i ulike diskursar har forklart teknologisk utvikling, og linje b) korleis ein kan forklare at forklaringane av teknologisk utvikling har endra seg (metaperspektiv). I denne oppgåva skal eg undersøke forskingshistoria på teknologihistorie. Dei parallelle linjene er relevante fordi linje b

(forklaringar på endring i forskingshistorie) forklarar endring i linje a (forklaringar på endring i teknologihistorie). Skiljet mellom dei er difor analytisk.

Begge linjene er påverka av teoretiske hovudstrøymingar i notida og har potensielt same ontologiske menneskesyn, men fokuserar på utviklinga av ulike fenomen. Eg trur difor det er same bakanforliggande faktorar som påverkar korleis ein kan forklare innovasjon i

teknologihistorie og forskingshistorie. Målet med oppgåva er derimot ikkje å påvise direkte parallellar mellom linje a og b. Eg skal først og fremst undersøke utviklinga av forklaringar på teknologisk utvikling, og problematisere forholdet mellom det teoretisk perspektivet eg har valt (linje b) og diskursane eg skal undersøke (linje a) – forskingshistorie og teknologihistorie.

Strukturen i oppgåva

I kapittel 2 skal eg skrive om tre utvalde måtar ein kan forstå forskaren si rolle i diskursen og forskingshistorisk endring (linje b). Dei tre teoretiske perspektiva eg tek opp har innbyrdes både likskapar og ulikskapar, og dette vil framheve at det ikkje berre finst ein måte å forstå endring i forskingshistorie på. Dette er også sentralt for korleis ein undersøker

forskingshistorie og vil føre fram til at eg i kapittel 3 vel teori og metode. Her vil eg hovudsakleg ta opp kva utfordringar mitt teoretiske perspektiv medfører i forhold til diskursane eg skal undersøke, og kva framgangsmåte eg skal bruke.

I kapittel 4 skal eg legge fram korleis eg har valt tekstmateriale og kva analytiske spørsmål eg skal basere meg på for å trekke ut informasjon frå desse tekstane. I siste delen av dette

kapittelet vil eg også presentere dei analytiske verktøya eg skal bruke for å svare på problemstillingane. Kapittel 5 utgjer mesteparten av denne oppgåva. Her skal eg først presentere eller beskrive og deretter diskutere dei utvalde tekstane frå forskingshistoria på teknologisk utvikling (linje a). Dette verkar som grunnlaget eg har for å drøfte særskilde område som er relatert til problemstillingane i kapittel 6. I kapittel 7 vil eg kople saman og avklare forholdet mellom linje b (kapittel 2) og linje a (kapittel 5). Gjennom heile oppgåva skal eg difor trinnvis reiegjere for dei ulike elementa som avslutningsvis skal bli brukt til å problematisere forholdet mellom teknologihistorie og forskingshistorie.

(16)

6

2 FORSKAREN, DISKURS OG NETTVERK

Forklaringane på endring i forskingshistorie har endra seg over tid (sjå debatt i Trigger 2010).

Nokre av teoriane som kan forklare endring i vitskap er vitskaplege paradigme (Kuhn 1962), kumulativ vekst av kunnskap (Heizer 1962), gradvis endring (Daniel 1975) og sykliske svingingar (Kristiansen 1998). I dette kapittelet skal eg fokusere på nokre utvalde delar av linje b som er relevant for mitt teoretiske perspektiv. Ved å velje tre forskjellige – men likevel relaterte – teoretiske perspektiv får eg i betre grad framheva at måten ein har forklart endring i forskingshistorie ikkje alltid har vore den same. Eg får i tillegg fram fleire parallellar mellom dei to linjene eg skal undersøke.

I innleiinga tok eg i bruk både det sosialkonstruktivistiske diskursomgrepet og Latour sine parallelle linjer, sjølv om det eigentleg er konflikt mellom desse to retningane. Sidan eg skal gjere ei diskursanalyse, skal eg følgje korleis forståinga av forskaren si rolle i diskursen har endra seg. Eg skal byrje med Michel Foucault sine arkeologiske og genealogiske

tilnærmingar, deretter generelt om nyare sosialkonstruktivistiske diskursanalyser og til slutt kritikken frå Bruno Latour og nettverksteori. Dette skal eg i kapittel 3 bruke til å

problematisere forholdet mellom forskarsubjekt og forskingsobjekt, og korleis synet på forskaren i notida påverkar synet på handverkaren i fortida.

Foucault

Michel Foucaults forfattarskap kan delast inn i ei tidleg og ei sein fase. I The Order of Things (1966 [1994]) og The Archaeology of Knowledge (1969 [2002]) utarbeida Foucault sin

‘arkeologi’, som er ein metafor for epistemologiske utgravingar. Foucault deler vitskapshistoria inn i ulike episteme, som på ulike måtar ordnar verda og formar

kunnskapsproduksjonen. Menneske er ikkje fritt, men knutepunkt i strukturar eller diskursar, og menneskeleg tanke og handling blir styrt gjennom språk, kunnskap og makt (Jordheim et.al. 2008:99). Konstruksjonen av kunnskap blir forma ved at det finst ulike reglar for å kunne innskrive seg i ulike praksisar, og det Foucault er interessert i å undersøke

‘arkeologisk’ er reglane som avgjer kva utsegner som blir akseptert som sanne i ei bestemt historisk periode (Jørgensen og Phillips 2002:12-13, Schaanning 1997:203).

Med utgangspunkt i Foucaults kunnskapsarkeologi kan ein kritisere korleis enkelte forskarar har blitt sentrale i forskingshistoriske framstillingar (Baudou 2004:30, Svestad 1995).

Foucault ville med dette vise at enkeltmenneske ikkje har ei sentral rolle i å forklare

epistemiske brot. Sjølv om han beskriv ulike kunnskapsordnar, skriv han ikkje so mykje om

(17)

7 korleis ein skal forklare brot og lange utviklingslinjer. Det at Foucault framstilte diskursen som ein autonom storleik har blitt kritisert som eit metodologisk feilgrep (Svestad 2003:10).

Dette er også eit gjennomgåande tema i Foucaults seinare ‘genealogiske’ verk, men i forhold til ‘arkeologien’ ville han i større grad forklare korleis ulike førestillingar blei til.

Discipline and Punish (1977) er eit av dei kjende genealogiske verka til Foucault. Her brukar Foucault det panoptiske fengselet som metafor for å illustrere kva effekt makt har gjennom overvaking og eksperimentering på enkeltindivid. Hos Foucault kan ikkje disiplinen

identifiserast med institusjonar, det er ein type makt eller teknologi som omfattar eit sett med instrument, teknikkar, prosedyrar, applikasjonar og mål (Foucault 1977:215). Individ blir blant anna utsett for binær inndeling i ‘normal’ eller ‘unormal’ og deretter kontrollert gjennom disiplinære mekanismar og maktteknikkar (Foucault 1977:199). Av den grunn kan ein seie at makt hos Foucault både er selektiv, asymmetrisk og må oppretthaldast i hierarkiske nettverk. Det at maktteknikkar og disiplin skal sørgje for at ‘unormal’ åtferd blir korrigert eller normalisert er noko som kan overførast til utdanning og vitskaplege disiplinar. Det at diskursen avgjer kva ein kan seie avgrensar akademisk fridom. På same måte kan vi seie at normalisering, reglar og disiplin opprettheld stabilitet og fører til kontinuitet.

Hos Foucault er forholdet mellom makt og kunnskap sentralt. Det Foucault forsøker å vise med si genealogiske tilnærming er at makt spelar ei avgjerande rolle i opphavet til det som blir akseptert som ‘sanning’ (Svestad 2003:12). Det er viktig å framheve at disiplinen ikkje berre undertrykker, men også utgjer ein sosial orden som fabrikkerar enkeltmenneske (Foucault 1977:217). Når det gjeld forholdet mellom enkeltmenneske og samfunnet, meiner Foucault at makta både er ei normaliserande og skapande kraft som ligg hos samfunnet i si heilheit. Makt vil ikkje berre avgrense, men mogleggjere kva kunnskap ein kan produsere, og dermed kan det som blir sett på som sanning til ulike tider vere forskjellig.

Sosialkonstruktivisme

Sjølv om nokre delar av Foucaults teoriar blir kritisert, har ideane hans inspirert fleire sosialkonstruktivistiske tilnærmingar til diskursanalyse. Fire premiss alle

sosialkonstruktivistiske tilnærmingar har til felles er (1) ei kritisk tilnærming til kunnskap vi tek for gitt, (2) historisk og kulturell spesifisitet, (3) samband mellom kunnskap og sosiale prosessar, og (4) samband mellom kunnskap og sosial handling (Burr 1995:2-5, Jørgensen og Phillips 2002:5-6). Det som blir sett på som sanning blir skapt og gjenskapt på ulike måtar, påverka av sosiale, historiske og kulturelle faktorar som set ei ramme for

(18)

8

kunnskapsproduksjonen. Som Foucault vektlegg sosialkonstruktivistiske tilnærmingar at diskursive representasjonar av verda skaper grenser mellom kva som blir oppfatta som sanning eller ikkje, og reglar for kva ein kan eller ikkje kan gjere (Jørgensen og Phillips 2002:145).

Sosialkonstruktivistisk teori er basert på at all kunnskap heilt eller delvis er sosialt konstruert, og at det ikkje er mogeleg å oppnå objektiv eller universell kunnskap sidan det som til ulike tider blir sett på som sanning ikkje har oppstått under nøytrale forhold (Johnson 2010:46;

Jørgensen og Phillips 2002:175). Sosialkonstruktivisme handlar difor om å framheve at det kan finnast alternative forklaringar, at ein bør vere bevisst på eigne ideologiar, og vanskane med å låse seg fast til ei diskursiv verdsforståing. Diskursen er difor berre ein av fleire mogelege representasjonar av verda, eller ein måte å snakke om verda på.

Diskursanalyse er inspirert av lingvistikk og er eit verktøy brukt for å analysere tekstar.

Sosialkonstruktivisme hevdar ikkje at den reelle verda ikkje eksisterar, men at det materielle alltid er formidla gjennom diskursive omgrep (Jørgensen og Phillips 2002:35, Olsen

2006a:95, Thomas 2004:143). Materiell kultur er ein del av den fysiske og reelle verda, men når vi brukar språk som skal kommunisere noko om gjenstandane blir dei også transformert.

Orda som blir brukt for å beskrive gjenstandar er ikkje det same som gjenstandane sjølve, slik som i Platons dualistiske verdsbilete med skilje mellom det ideelle og det reelle.

Latour

Bruno Latour har vore kritisk til at den reelle verda skal vere sosialt konstruert, og at den berre kan nåast gjennom diskursen. I Science in Action (1987) viser Latour korleis ny

kunnskap prega av usikkerheit, avgjersler, konkurranse og kontroversar blir omdanna til sikre og uproblematiske ‘svarte boksar’. På den eine sida står kunnskap fram som skapt og usikker, og på den andre sida som sikker vitskap. Vitskaplege revolusjonar eller vitskapleg utvikling er difor ikkje drive av teoriar og idear som inneheld objektiv sanning, men evna forskarane har til å utnytte eller flytte på seg i nettverk (Schaanning 1997:219-220). Diskursen hos Foucault er ein parallell til Latours nettverk (Svestad 2003:27-28), men i forhold til Foucault gir Latour enkeltmenneske meir fridom. Forskarar må ta i bruk ulike verkemiddel for å overtyde

kollegaer, men denne sida av vitskapen er noko som går tapt undervegs.

I We have never been modern (1993) kritiserar Latour at forskinga alltid har vore på ein skala mellom natur og ting på den eine sida og samfunn og menneske på den andre. Han meiner dette er den ‘moderne’ måten vitskapen har forsøkt å ordne og kategorisere verda. Det

(19)

9 moderne episteme og ordning og kategorisering av verda er omgrep som er kjend frå Foucault sin kunnskapsarkeologi. I Pandora’s Hope (1999) foreslår Latour korleis ein kan rette opp i problema modernitet har ført til innan vitskaplege disiplinar. I den samanheng er det særskilt tre punkt han er opptatt av å endre: «the definition of action and mastery; the dividing line between a physical world ‘out there’ and a mental world ‘in there’; and the definitions of care and caution along with the public institutions that would exhibit them» (Latour 1999:280).

Det første punktet viser til at menneske har blitt sett på som meistrar av si eigna skjebne ifølgje modernismen. Dette er i stor grad bestemt av korleis subjekt-objekt dikotomien har fordelt aktive og passive roller basert på intensjon. Latour (1999:180) meiner feilen både materialistar og sosiologar gjer er å starte med subjekt og objekt som essensar, og vil i staden fordele handlingskraft mellom hybrid av menneske og ikkje-menneske. På denne måten vil ein oppnå symmetri mellom aktørar og aktantar.

Det andre punktet viser korleis ein ikkje kan skilje mellom språk og ting, diskurs og

materialitet, konstruksjon og realitet (Latour 1999:140). Dette koplar han saman med det han meiner har vore ein fundamental vitskapleg motsetnad: dei som meiner vitskapen berre er riktig om subjektivitet, politikk og følelsar blir ‘reinska vekk’, og dei som forsøker å skjerme menneske, moralitet og subjektivitet frå vitskap, teknologi og objektivitet (Latour 1999:18).

På eine sida er då kunnskapen immanent i den naturlege verda og vitskapen er autonom, og på den andre sida er kunnskap produsert eller fabrikkert av frie menneske, noko som stemmer overeins med ytterpunkta på den ontologiske skalaen. Latour vil unngå begge tilnærmingane, og verken studere menneske som naturlige fenomen eller avgrense det til menneskeleg intensjon (Latour 1999:10).

Det tredje punktet handlar om viktigheita av institusjonar, til dømes vitskaplege institusjonar, der organisering, ressursar, lover og reglar nødvendig for å halde grupper med kollegaer saman (Latour 1999:103). Tekniske metaforar som konstruksjon, produksjon og fabrikasjon har blitt brukt for å forklare korleis menneskeleg agency skapar fakta. Som ein såg ovanfor er det ikkje slik at forskaren må kople seg frå diskurs og samfunn for å få tilgang på ‘sanninga’, men evna forskaren har til å overtyde andre og utnytte nettverket. «Vitskaplige fakta er avhengige av en heil teknologi av innretninger og retoriske virkemidler for å bli fakta»

(Svestad 2003:9). Fokus på korleis forskaren er del av eit kollektiv og avhengig av ein teknologi for å produsere vitskaplege fakta er enda ein parallell til Foucault.

(20)

10

3 FORSKARSUBJEKT OG FORSKINGSOBJEKT

Som det kom fram i kapittel 2 har Foucault, sosialkonstruktivisme og Latour ulike ontologiske menneskesyn og ulike diskursive verdssyn. Samtidig diskuterar dei same

problem: kva rolle forskaren har i vitskapsdisiplinen og forskingshistorie, og kva samanheng det har med kva vi oppfattar som ‘sanning’. Måten ein kan forklare endring i forskingshistorie er nært knytt til korleis ein skal undersøke forskingshistorie. I dette kapittelet skal eg

diskutere kva delar av dei teoretiske perspektiva til Foucault, sosialkonstruktivisme og Latour eg vel å bruke for å undersøke den forskingshistoriske litteraturen. Ein viktig del av dette er å problematisere forholdet mellom mitt teoretiske perspektiv og dei teoretiske perspektiva til forskarane som har undersøkt teknologihistorie.

Oppsettet av dei parallelle linjene i innleiinga er viktig for å kunne plassere oppgåva i ein forskingshistorisk kontekst og problematisere forholdet mellom forskarsubjekt og

forskingsobjekt. For å rekapitulere: Linje a består av ulike forskingshistoriske måtar å forklare teknologisk utvikling. Linje b forsøker å forklare den forskingshistoriske utviklinga i linje a.

Ved å velje teoretisk perspektiv plasserar eg meg sjølv i linje b, og det avgjer kvar eg stiller meg i forhold til linje a. Mitt teoretiske perspektiv er retta mot å undersøke diskursar og endring i forskingshistorie, men samtidig består forskingshistoria eg skal undersøke av diskursar med ulike teoretiske rammeverk som skal forklare endring i teknologihistorie.

Metaperspektiv, epistemologi og ontologi

Dei parallelle linjene til Latour er eit forsøk på å problematisere metaperspektivet i denne oppgåva, der eg skal bruke eit teoretisk perspektiv for å undersøke andre teoretiske perspektiv. Til tross for at eg har som mål å vere nøytral eller upartisk, trur eg ikkje det er mogeleg å unngå at det teoretiske perspektivet eg vel for å undersøke forskingshistoria vil bedømme eller favorisere korleis teknologihistoria skal forklarast. For å undersøke

forskingshistoria skal eg gjere ei diskursanalyse, som i utgangspunktet er nært knytt til sosialkonstruktivisme og Foucaults diskursteori. Eg skal i tillegg anvende delar av Latours aktør-nettverk-teori. Sjølv om Latour si tilnærming i stor grad er inspirert av Foucault, er han svært kritisk til sosialkonstruktivistisk teori, noko eg vil bruke til å framheve potensielle problem eller svakheiter.

Ontologisk menneskesyn er eit område parallellen mellom teknologihistorie og

forskingshistorie blir svært tydeleg. Som det kom fram i førre kapittel forsøker både Foucault og Latour å forklare enkeltmenneske si rolle i vitskapleg praksis. Foucaults diskurs og Latours

(21)

11 nettverk kan difor seie noko om kvar menneske kan plasserast på den ontologiske skalaen.

Foucaults fengselsanalogi med fokus på makt, disiplin og underkasting gir ikkje enkeltmenneske særleg stor fridom. Diskursen blir ei autonom eining som avgjer kva forskarar kan seie. Til forskjell frå Foucault studerar Latour vitskapleg praksis på aktørnivå.

Han fordelar agency mellom menneske og ikkje-menneske som heterogene delar i eit

nettverk, uavhengig av intensjon. Dersom eg baserar meg på det ontologiske menneskesynet til Foucault eller Latour, samtidig som eg skal undersøke det ontologiske menneskesynet i andre diskursar, blir det vanskeleg å hevde at eg er nøytral. Det blir i so fall som at forskarane i notida og handverkarane i fortida har ulike evner til å handle sjølvstendig ontologisk sett.

Verken Foucault eller Latour tolkar diskursen som eit representasjonsmedium, men knyt diskursane til institusjonar, hjelpemiddel og praksisar (Schaanning 1997:223). Både i Foucault og Latour sine disiplinar har det materielle ei sentral rolle. Konflikta mellom sosialkonstruktivisme og Latour handlar om verdssyn; meir spesifikt skiljet mellom den materielle verkelegheita og diskursive attgjevingar av den. Sosialkonstruktivisme trur ikkje kunnskap nøytralt reflekterar den reelle verda, og difor undersøker diskursanalyse korleis ein viss representasjon av verda formar produksjonen av kunnskap. At verkelegheita skal vere sosialt konstruert er noko Latour har vore kritisk til. Eit sosialkonstruktivistisk svar på synspunkta til Latour i Pandora’s Hope (1999) lyd som følgjer:

If it is a general condition for knowledge production that certain representations of the world are promoted at the expense of others, then we would rather that researchers acknowledge that they are saying something about something and take responsibility for these claims, instead of pretending that they are not putting forward any message of their own about the world. (Jørgensen og Phillips 2002:204)

For meg er denne ueinigheita eit tosidig problem. Kritikken frå Latour viser at

sosialkonstruktivistar må basere seg på eit bestemt verdssyn for å kunne seie noko som helst, men samtidig forsøker Latour å kome fram til ‘riktig’ måte å forstå verda på. Når ein skal kartlegge dei ulike posisjonane forskarane har teke i forskingshistoria er det problematisk å på førehand argumentere for kva som er riktig måte å forstå verda på, slik at ei verdsforståing blir framheva på bekosting av andre. Men kan hende finst det ikkje nokon nøytral posisjon ein kan undersøke forskingshistoria frå? Dette er noko dei parallelle linjene til Latour framhevar.

Medan diskursanalyse eigentleg fokuserar på epistemologi og kunnskapsproduksjon, meiner Latour ein i staden bør fokusere på metafysikk og ontologi (Latour 2008a, Neumann

2010:178-179). For å svare på problemstillinga mi – som er retta mot det ontologiske

(22)

12

menneskesynet i diskursane og særskilt enkeltmenneskes rolle i teknologisk utvikling – skal eg difor følgje Latour. Kombinert med dei parallelle linjene er dette sentralt for å

problematisere forholdet mellom vitskapleg og teknologisk utvikling. I Reassembling the Social argumenterar Latour for relativisme. Han meiner ANT kan hjelpe ein med å reise frå eit perspektiv til eit anna ved å følgje aktørane og korleis dei produserar rammeverk, teoriar, metafysikkar og ontologiar (Latour 2008b:147,179).

I staden for å slå fast på førehand kva som er riktig, skal eg vere bevisst på at forskjellige teoretiske rammeverk, metafysiske verdssyn og ontologiar kan ha forma korleis både vitskapleg utvikling i notida og teknologisk utvikling fortida har blitt forklart. Ved å basere seg på at arkeologisk forskingshistorie består av ulike diskursar, kan ein utfordre oppfatninga om at løpet i forskingshistoria består av stadig forbetring. Det er ofte ikkje slik at ein har retta opp i feila/problema innan ein diskurs, men at diskursen har blitt erstatta av ein annan med ulikt epistemologisk og/eller ontologisk grunnlag. Eg skal difor ikkje argumentere for kven av diskursane som er mest riktig eller best eigna til å forklare teknologisk utvikling. Dette er meir i tråd med diskursanalytiske tilnærmingar frå sosialkonstruktivisme.

Sjølv om Latour er svært ueinig med ein del av det sosialkonstruktivistar seier, fokuserar han på ein del tema som eg skal bruke for å undersøke diskursane, og det er særskilt dei punkta han forsøker å ‘rette opp i’ som er nyttig i denne samanhengen. Latour (1993:3) argumenterar for at modernitet er karakterisert av ei konseptuell reinsking der kunnskap om fysiske ting blir skilt frå makt og politikk. Forskinga har alltid verka mellom to motpolar, der natur og ting blir plassert på den eine sida, og menneske og samfunn på den andre. Han meiner i staden at forholdet mellom kategoriane natur, ting, menneske og samfunn bør vere symmetrisk.

Grunnen til at han tek opp dette er at det ikkje har alltid vore slik, og at dette har fått visse konsekvensar. Dette er for meg meir interessant i eit forskingshistorisk perspektiv enn kva Latour meiner er ‘riktig’ måte å forstå verda på.

Verken Foucault eller Latour er interessert i om det som blir sagt faktisk er ‘sanninga’ eller ikkje, men kvifor det blir sett på som sanning, og kvifor det verkar overtydande (Schaanning 1997:211). Ifølgje Latour (1999:262) er Foucaults omgrep om makt og kunnskap eit og det same. Målet til Latour er å vise korleis makt og kunnskap, eller politikk og vitskap, verkar saman. Måten han gjer det på er å fokusere på retorikk og strategiar, som skjuler at det ikkje finst ei motsetning mellom språk og ting, eller kunnskap som er fabrikkert og sanning

(23)

13 (Svestad 2003:42-43). Det handlar ikkje berre om kva kunnskap som er riktig eller feil, men evna til å overtyde og få medhald for sine idear eller teoriar.

Diskursanalytisk tilnærming

Medan Foucault berre identifiserte eit kunnskapsregime i kvar historiske periode, skal eg i staden følgje nyare diskursanalytiske tilnærmingar og basere meg på at fleire diskursar

eksisterar samtidig og er i konflikt med kvarandre om retten til å definere sanninga (Jørgensen og Phillips 2002:17). Framgangsmåten min for å undersøke forskingshistoria er difor først og fremst ei konfliktanalyse. Dette vil seie at eg skal vere oppmerksam på at ein kan finne antagonisme og kritikk der ulike diskursar møtast og gjensidig forsøker å ekskludere

kvarandre i hegemoniske maktkampar (Jørgensen og Phillips 2002:48-51). Dette kan vere ei vidareføring av Foucault si kopling mellom makt og kunnskap. Det passar også med fokuset Latour har på korleis kontroversar, retorikk og strategi bidreg i prosessen med å fabrikkere vitskapleg kunnskap. Gjennomgangen av tekstane handlar verken om å påvise feil, sanningar, eller å finne den ‘beste’ forklaringa på teknologisk utvikling, men å undersøke korleis

diskursive verdssyn blir bygd opp.

ANT har aktørane i fokus og vil beskrive korleis forskarar har produsert teoriar, rammeverk, metafysikkar og ontologiar (Latour 2008b:147-150). Sidan eg undersøker forskingshistorie er det svært viktig å forsøke å unngå å feiltolke eller tildele forfattarane andre meiningar enn sine eigne. I presentasjonen av dei forskingshistoriske tekstane skal eg vere deskriptiv og minst mogeleg fortolkande. Grunnen til dette er at eg vil forsøke å beskrive tekstane så nært opp mot meiningane til forfattarane. Eg vil på ein kortfatta måte formidle det teoretiske og metodiske grunnlaget til forfattarane og korleis dette er relatert til innovasjon. Det eg trekk ut av kvar tekst er derimot det eg ser som relevant for mi problemstilling, slik at det ikkje er ei nøytral attgiving av tekstane (sjå Analytiske spørsmål og verktøy).

Dei diskursanalytiske verkemiddela eg skal bruke er nodalpunkt, genealogi, intertekstualitet og interdiskursivitet. I tillegg vil eg undersøke interdisiplinæritet, sidan arkeologi har lånt teoretiske perspektiv utvikla av andre disiplinar.

Nodalpunkt

Forskingshistoria eg skal undersøke består av tekstar og diskursar med ulike teoretiske grunnlag som blir formidla gjennom ulike omgrepsapparat. For Latour er det konseptuelle innhaldet i vitskapen ikkje forureina idear som må reinskast, men knutar i nettverk som held kollektiva saman (Latour 1999:108). Når ein studerar forskingshistorie er det svært viktig å

(24)

14

vere medviten på at språkbruken endrar seg over tid, slik at omgrep kan bety noko anna i dag enn dei gjorde i gamle tekstar. Nokre omgrep er særeigne for ein diskurs, andre blir brukt i fleire diskursar, men på ulike måtar og med ulik meining. Med eit fokus på korleis ein diskurs legg føringar for forskinga, blir det diskursen utelet gløymt. Fordelen med å undersøke mange diskursar er at eg får ei oversikt over kva som blir eller ikkje blir sagt, og kva omgrep som blir eller ikkje blir brukt.

Nodalpunkt er privilegerte omgrep som er med på å organisere ein diskurs ved at dei fikserar meining, men dersom ulike diskursar kjempar om å gi desse omgrepa meining på særeigne måtar, blir nodalpunkta flytande signifikantar (Jørgensen og Phillips 2000:28,37). For å identifisere nodalpunkt i arkeologisk forskingshistorie skal eg undersøke kva omgrep som blir brukt av fleire diskursar, men som blir definert på ulike måtar. Eg skal også undersøke kva

‘chains of equivalence’ nodalpunkt har, som viser til kva omgrep nodalpunkta blir kombinert med som fyller dei med meining (Jørgensen og Phillips 2002:50).Av alle omgrepa som har vore brukt for å forklare teknologisk utvikling skal eg finne det som er openlys konflikt rundt, og som eg meiner best representerar det ontologiske menneskesynet i diskursen.

Genealogi

Det finst tre måtar ein kan undersøke diskursive formasjonar i tråd med Foucaults genealogiske forskingsstrategi. Den første tilnærminga handlar om å undersøke utsegner basert på statusen eller den institusjonelle plasseringa til forskaren, den andre er retta mot å undersøke korleis ulike vitskapsfelt låner omgrep frå kvarandre og innarbeidar gamle omgrep i nye omgrepsapparat, og den tredje handlar om å identifisere brytingspunkta mellom

diskursane basert på korleis same fenomen blir forklart på ulike måtar (Schaanning

1997:192). I meir eller mindre grad skal eg bruke alle desse tilnærmingane. Statusen og den institusjonelle plasseringa til forskaren skal eg klargjere relevansen for i neste kapittel om utval av tekstmateriale (sjå Kanoniske tekstar). Låning av omgrep og teoriar kjem eg nærare inn på seinare i dette kapittelet i samband med interdisiplinæritet. Det er også relevant i forhold til nodalpunkt. Her skal eg berre ta føre meg det tredje punktet.

Medan nodalpunkta er eit forsøk på å identifisere eit omgrep som har blitt definert på ulike måtar gjennom forskingshistoria, kan Foucaults genealogi brukast til å undersøke korleis ulike omgrep har blitt brukt til å forklare same fenomen. Trass i at nodalpunkt og genealogi verkar å ha ulike mål, skal eg kombinere desse tilnærmingane fordi dei begge forklarar endring i omgrepsapparatet. Eit av hovudproblema i arkeologisk forskingshistorie er korleis ein skal

(25)

15 forklare langtidsendring i materiell kultur, og det er dette fenomenet eg har valt å undersøke.

For kvar teori finst det eit sett diskursive omgrep formulert på ulike måtar, noko som anten kan vere synleg uttrykt eller mangle i tekstane (Tilley 2006:10). Sjølv om ikkje alle

diskursane har brukt dei same omgrepa eller teoriane for å forklare endring i det arkeologiske materialet, er mitt utgangspunkt at det er dette dei forsøker å gjere. Difor har eg valt å kalle dette fenomenet teknologisk utvikling.

Foucaults genealogi kan ha ein del til felles med Latours parallelle linjer, som han sjølv kallar

‘lineage’. Både genealogi og lineage kan oversetjast til ætt eller slektslinje. Det handlar ikkje om å søke etter essensielle opphav, men å vise at fortida kan eksistere i ulike versjonar, forma av ulike historiske kontekstar. Genealogien til Foucault set fokus på brotpunkta i korleis ein har forklart eit fenomen, og han delte forskingshistoria inn i diskontinuerlige episteme (sjå Foucault). Dei parallelle linjene til Latour skal eg bruke til å undersøke parallellane mellom teknologihistorie og forskingshistorie basert på korleis ein har forklart brotpunkt, anten det er mellom arkeologiske periodar, eller forskingshistorie diskursar. Eg skal altså finne brotpunkta mellom diskursane basert på korleis ein har forklart brot i fortida.

Intertekstualitet, interdiskursivitet og interdisiplinæritet

Innanfor diskursane vil eg undersøke intertekstualitet, og forholdet mellom ulike diskursar skal eg undersøke ved hjelp av interdiskursivitet. Intertekstualitet betyr at teksten er basert på tidlegare tekstar og difor bidreg til historisk utvikling og endring, medan interdiskursivitet viser til ein evig kombinasjon og rekombinasjon av sjangrar og diskursar (Jørgensen og Phillips 2002:73-74). Ein del av grunnen til at omgrep kan bli definert på ulike måtar er at meininga til omgrep kan bli endra når dei blir teke ut av ein kontekst og sett inn i ein annan.

Intertekstualitet og interdiskursivitet er ein måte eg kan vise at tekstane og diskursane er kopla saman, og vil opne opp for samanlikning og diskusjon av ulike diskursive verdssyn.

Intertekstualitet er sentralt for korleis eg har valt ut tekstar (sjå Kanoniske tekstar).

Dette er også relevant for spørsmål om i kor stor grad forskarar si evne til å kome med nyskapande idear blir avgrensa eller mogleggjort av tradisjonane dei finn seg i. Ingen tekstar og ingen diskursar kan vere heilt isolerte frå andre, for kvar forskar må basere seg på det eksisterande kunnskapsgrunnlaget. Dette blir gjort gjennom referansar, som dermed verkar som knytingspunkt mellom tekstane. Særskilt interessant i denne samanheng er ikkje berre kven men kva forskarane har referert til, eller korleis ein har henta element frå andre tekstar

(26)

16

for å bygge opp eigne teknologiforståingar og forklaringsmodellar. Referansane kan også vere av negativ art, i form av kritikk eller avkrefting.

Eg skal i tillegg undersøke interdisiplinæritet. Teoretiske svingingar og parallellar i kunnskapsproduksjonen går på tvers av ulike fag, men disiplinære grenser og ulike

diskursrammer kan kome i vegen for kommunikasjonen mellom spesialistar (Fahlander og Oestigaard 2004:7, Martinón-Torres 2009:32, Prescott 2013:52-53). Sjølv om arkeologi er svært godt eigna til å studere langtidsendring på grunn av den store tidsdjupna av materielle leivningar frå fortida, har ein i stor grad vore avhengig av å låne teoriar og omgrep frå andre fag. Det kan vere eit problem at desse omgrepa og teoretiske perspektiva i utgangspunktet ikkje er retta mot verken materiell kultur eller fortida. Fokus på materiell kultur og teknologi er derimot ikkje reservert arkeologi. Kunnskapsproduksjonen har føregått i diskursar som er påverka av ulike fagtradisjonar, og tekstane eg skal analysere er skrivne av forskarar med ulike akademiske og nasjonale bakgrunnar.

(27)

17

4 ARKEOLOGISK FAGLITTERATUR

Den versjonen av forskingshistoria eg skal presentere i denne oppgåva er i stor grad bestemt av kva teori og metode eg har valt å bruke (linje b), slik kvar forfattar har produsert ulike versjonar av teknologihistoria (linje a). Utvalskriteria mine er på tre nivå: diskursar, tekstar og utsegner. I den første delen av dette kapittelet skal eg greie ut om utvalet mitt av diskursar og tekstar. Desse to utvalskriteria er dessutan strukturerande for kapittel 5. Til slutt skal eg greie ut om kva utsegner eg skal trekke ut av tekstane. Denne delen er bygd opp rundt dei tre problemstillingane mine. Her vil eg også presentere tre analytiske verktøy som er kopla opp mot den diskursanalytiske tilnærminga eg skal bruke. Desse analytiske spørsmåla og verktøya verkar strukturerande for kapittel 6.

Hegemoniske diskursar

Hegemonisk maktkamp handlar om retten til å fastleggje meininga i språket (Jørgensen og Phillips 2002:7). Dette er også nært knytt til Foucault og Latour sine syn på korleis forholdet mellom makt og kunnskap etablerar det vi ser på som ‘sanning’. Vi kan seie at ein diskurs har oppnått hegemoni når den har fått det som er omstridt til å verke naturleg, og det oppstår ein slags konsensus innanfor eit kollektiv om korleis ein skal forklare eller forstå verda. Kampen mellom diskursane er konstant, og hegemoniet til ein diskurs kan vare ei viss tidsperiode før ein annan diskurs blir etablert som hegemonisk i staden.

Ved å studere forskingshistorie kan ein få ei innsikt i korleis det diskursive hegemoniet har endra seg over tid, og kva den rådande forskingstradisjonen til ei kvar tid har vore. Eg starta difor med å skaffe meg ei oversikt over arkeologisk forskingshistorie, og korleis denne vanlegvis blir inndelt. Eg har fokusert på den vestlege vitskapstradisjonen, med hovudvekt på Europa og engelskspråklege diskursar. Tidsmessig strekk analysematerialet seg frå

etableringa av det moderne vitskapssystemet med den naturvitskaplege og humanvitskaplege revolusjonen (Nordenstam 2006:92), til forskingsstatus. Gjennomgangen av tekstmaterialet i oppgåva vil difor bevege seg frå sementert forskingshistorie til notidas teoretiske debatt.

Mitt utval av diskursar er til ei viss grad basert på den klassiske tredelinga av arkeologisk idéhistorie, med kulturhistorisk arkeologi, prosessuell arkeologi og postprosessuell arkeologi, samt vendinga mot materialitet i seinare tid. Sidan post-prosessuell arkeologi er ein

mangfaldig diskurs har eg valt å spisse fokuset mot den franske teknologitradisjonen. I tillegg har eg valt å undersøke to diskursar som ikkje enno kan seiast å vere hegemoniske, men som er toneangivande i notidas teoretiske debatt. Her har eg tatt utgangspunkt i enkelte kapittel i

(28)

18

Hodders (2014) Archaeological Theory Today om darwinistisk kulturevolusjon (Shennan 2014), materialitet (Knappett 2014) og symmetrisk arkeologi (Olsen 2014), og skilt ut to diskursar eg kallar darwinistisk kulturevolusjon og ting-teori. Dei fem diskursane eg har valt ut er dermed kulturhistorisk arkeologi, prosessuell arkeologi, fransk teknologitradisjon, ting- teori og darwinistisk kulturevolusjon.

Diskursane eg har valt utgjer det eg i innleiinga kalla linje a: forskingshistoria på

teknologihistorie. Det er berre mogeleg å setje opp linje a som beståande av etterfølgjande diskursar dersom ein baserer seg på kva tid diskursane er hegemoniske, det vil seie at ein tradisjon har vore den rådande kunnskapstradisjonen. Det er ikkje nødvendigvis so strenge skilje mellom fagtradisjonar som det blir framstilt i forskingshistoriske typologiar (Prescott 1994, 2013:50). Nokre av diskursane er samtidige, medan andre dukkar opp som ein kritikk av føregåande måtar å tenkje på, og grensene mellom dei kan vere flytande. Diskursane forsvinn ikkje sjølv om dei ikkje lengre er hegemoniske. Kvar forfattar kan bruke element frå andre diskursar, slik det er ei grad av interaksjon mellom dei.

Kanoniske tekstar

Innanfor kvar diskurs har eg forsøkt å velje ut nokre av dei tekstane som har vore sentrale i den teoretiske debatten, skrivne av forfattarar som blir rekna for å vere autoritetar i

forskingshistoria (sjå Genealogi). Dette er som sagt noko Foucault kritiserar, men eg har ikkje valt ut forfattarar fordi eg trur dei eigenhendig har kome med innovative idear som har drive den forskingshistoriske utviklinga. Forskarar er avhengig av å bli referert til og anten bli bekrefta eller avkrefta, særskilt av fagleg kvalifiserte frå institusjonar som universitetet (Schaanning 1997:212-213). Kanoniske tekstar har ei framståande rolle i diskursen på grunn av at dei har brei resepsjon og stor innverknad (Neumann 2010:52). Kanoniske tekstar representerar dermed kva som til ulike tider har blitt sett på som god forsking eller kunnskap.

Dette heng igjen saman med kvar tyngdepunktet i den teoretiske debatten ligg og kva diskurs som har vore hegemonisk. Ved å velje forskarar om kan reknast for å vere autoritetar i dei rådande kunnskapsregima, er synspunkta deira er meir representative for den utvida debatten enn om eg hadde valt tekstar som har vore oversett.

For å avgrense utvalet av tekstar har det også vore viktig at forfattarane har fokusert på det eg meiner er eit felles forskingshistorisk problem: den teoretiske debatten om korleis ein skal forklare teknologisk utvikling. Eg trur dette er noko av grunnen til at fleire av tekstane i utgangspunktet har blitt kanoniske. Det er lettare å identifisere kanoniske tekstar jo eldre dei

(29)

19 er, om andre diskursar ikkje forkastar kunnskapen dei har produsert, slik at dei har blitt ein naturlig del av forskingshistoria. Dei eldste tekstane har blitt so sentrale at dei nærmast kan reknast for allmennkunnskap som ein ikkje treng referere til. Når det gjeld dei seinaste

diskursane er det vanskeleg å vite kva tekstar som kjem til å bli kanoniske i framtida, og difor har eg der valt tekstar som er relevant for den overordna debatten i dei tidlegaste tekstane.

Eg trur dualistiske motsetningar kan gjere det lettare å forstå korleis teknologi er integrert i verdsforståingane som har blitt konstruert i kvar diskurs. Det har vore ein kamp om å gi prioritert stilling til den eine sida av dikotomipara subjekt/objekt, menneske/ting, natur/kultur slik at eit hierarki av motsetningar oppstår, og dette spelar ei fundamental rolle i å ordne diskursane (Brück 1999:318, Olsen 2006a:96, 2006b, Witmore og Webmoor 2008). Måten ein har brukt teknologi for å forklare forholdet mellom menneske og ting, natur og kultur har endra seg gjennom forskingshistoria, og dette vil hjelpe meg med å plassere tekstane innanfor ulike diskursar (sjå Metaperspektiv, epistemologi og ontologi).

I alt har eg 12 tekstar der temaet er å forklare teknologisk utvikling, og målgruppa er eit arkeologisk fagmiljø. Det er 9 monografiar og 6 artiklar fordelt på dei fem diskursane, og kvar diskurs er representert av både fagbøker og fagartiklar. Eg har valt å prioritere bøker og artiklar skrivne av ein enkelt forfattar.

Eg ser på kulturhistorisk arkeologi, prosessuell arkeologi og postprosessuell arkeologi som tre hegemoniske forskingstradisjonar. Frå kulturhistorisk arkeologi har eg valt Thomsen (1936), Montelius (1899) og Childe (1929). Tekstane er frå eit breitt tidsperspektiv og handlar om utarbeidinga av periodeinndelingar. Frå prosessuell arkeologi har eg valt Steward (1955), Binford (1962) og Clarke (1968), som alle baserar seg på kulturøkologi. Frå den franske teknologitradisjonen har eg valt Lemonnier (1992), Gosselain (2000) og Dobres (2000). Dette er den postprosessuelle vendinga mot teknologi og chaîne opératoire av engelskspråklege forfattarar. Dei to siste diskursane er overlappande og sentrale i ‘dagens’ debatt. Frå ting-teori har eg valt Gosden (2005), Boivin (2010) og Olsen (2010). Frå darwinistisk kulturevolusjon har eg valt Shennan (2002), Riede (2006) og Apel og Darmark (2009).

Tabell 1 Tekstane fordelt på dei ulike diskursane

Kulturhistorisk arkeologi

Prosessuell arkeologi

Fransk

teknologitradisjon

Ting-teori Darwinistisk kulturevolusjon

Thomsen 1836 Steward 1955 Lemonnier 1992 Gosden 2005 Shennan 2002 Montelius 1899 Binford 1962 Gosselain 2000 Boivin 2008 Riede 2006 Childe 1929 Clarke 1968 Dobres 2000 Olsen 2010 Apel og Darmark

2009

(30)

20

Analytiske spørsmål og verktøy

Teknologisk innovasjon har blitt forklart på ulike måtar på ulike punkt i forskingshistoria. Eg skal følgje den teoretiske debatten om korleis ein skal forklare teknologisk utvikling som eit felles forskingshistorisk på tvers av tekstane og diskursane, og dette er grunnlaget eg har for å samanlikne tekstane. Ei utsegn er aldri isolert, den har ein relasjon til resten av teksten den blir framstilt i. Av den grunn kan eg ikkje trekke ut lausrivne sitat eller definisjonar på

innovasjon eller utvikling. For å belyse korleis arkeologisk teori og metode har endra seg over tid i arkeologisk forskingshistorie, skal eg under gjennomgangen av faglitteraturen vere spesielt oppmerksam på både korleis forfattarane brukar teknologisk innovasjon i generelle forklaringsmodellar, og/eller korleis forfattarane forklarar teknologisk utvikling.

Eit sentralt problem i arkeologi er korleis ein skal forklare mønster eller endringar i det arkeologiske materialet. Forfattarane kan ha ulike syn på endring i tid og rom, eller kva tidsperspektiv og skala som er passande for arkeologiske studie. Eit anna viktig tema er forholdet mellom innovasjon og stagnasjon, og kva faktorar som påverkar brot og kontinuitet, endring og stabilitet. Som ein del av undersøkinga av korleis forfattarane i dei ulike

diskursane forklarar årsaka til teknologisk innovasjon, skal eg vurdere kvar diskursane kan plasserast på Christopher Hawkes slutningsstige. Hawkes rangerte følgjande kategoriar i eit hierarki frå kva som var enklast til det som var vanskelegast å gjere slutningar om: (1) teknikk, (2), livsopphald/økonomi (3) sosial/politikk, og (4) religion/ideologi (Hawkes 1954:161-162).

Hos fleire av forfattarane er teknologiomgrepet del av eit større omgrepsapparat: «the meaning of ‘technology’, as currently understood in the West, is firmly fixed within this polarity of society and nature» (Ingold 2011:312). For å klargjere korleis dei ulike

forfattarane har forstått teknologi og teknologisk utvikling, er det spesielt interessant korleis forfattarane ser for seg relasjonen mellom nøkkelomgrepa «teknologi», «samfunn»/«kultur»

og «natur»/«miljø». Her har det historisk sett vore skilt mellom «kultur», som er det menneskeskapte, «natur» som ei nemning for det som ikkje er påverka av menneske, og

«teknologi», som generelt har blitt forstått som eit verktøy menneske tek i bruk for å skape ting. Det er dermed ein nær relasjon mellom omgrepa «teknologi» og «kultur», og

teknologiforståinga til forfattarane kan vere bygd inn i kulturomgrepet.

Sidan eg baserar meg på at det har vore hegemoniske maktkampar og konfliktar mellom diskursane skal eg ikkje sjølv kritisere tekstane eller diskursane, men følgje debatten mellom

(31)

21 dei (sjå Diskursanalytisk tilnærming). Gjennom forskingshistoria har forskarane strategisk avkrefta eitt synspunkt for so å stadfeste eit anna. For å identifisere grunnen til brotpunkta mellom diskursane i forskingshistoria skal eg undersøke kva forskarane kritiserar ved

forklaringane i andre diskursar, og kva dei igjen blir kritisert for av andre forskarar. Ut frå kva område som har vore konfliktfullt skal eg identifisere omgrep som blir definert på ulike måtar i ulike diskursar (sjå Nodalpunkt), og ulike omgrep som blir brukt til å forklare same fenomen (sjå Genealogi). Slik kan eg undersøke korleis diskursive verdssyn eller ontologiske

menneskesyn endrar seg frå diskurs til diskurs.

Etter gjennomgangen av dei utvalde tekstane skal eg oppsummere og diskutere hovudtrekka i kvar diskurs. Først skal eg fokusere på kritikken som er direkte retta mot den føregåande diskursen, og korleis ein brukar denne kritikken for å etablere eit nytt diskursivt verdssyn.

Deretter vil eg framheve korleis definisjonen av «kultur» har endra seg, før eg til slutt

undersøker kva følgjer dette har hatt for korleis ein forstår «teknologi» og korleis ein forklarar endring i materiell kultur. I desse diskusjonsdelane og i seinare kapittel skal eg markere med omgrep med «sitatteikn» slik som ovanfor, for å framheve at omgrepa kan ha ulik meining frå forfattar til forfattar, og frå diskurs til diskurs.

Basert på kva ontologiske menneskesyn diskursane har, skal eg plassere diskursane på ein glidande ontologisk skala som rangerar frå individuell fridom til strukturell determinisme (sjå Ontologisk skala). Det ontologiske menneskesynet handlar om kva rolle forfattarane i dei ulike diskursane meiner enkeltmenneske har i endringsprosessar. På grunn av dette skal eg vere oppmerksam på kva som gir menneske handlingskraft og korleis den blir innskrenka. For å plassere diskursane på den ontologiske skalaen skal eg undersøke i kva grad forfattarane meiner enkeltmenneske driv teknologisk utvikling, eller teknologisk utvikling er ein autonom og deterministisk prosess enkeltmenneske ikkje har innverknad på. I det avsluttande kapittelet skal eg undersøke parallellen mellom dei forskingshistoriske diskursane eg har undersøkt og måten ein kan undersøke forskingshistorie. Ein del av dette er å undersøke kva samanheng det er mellom kvar handverkarane i fortida og forskarane i notida kan plasserast på den

ontologiske skalaen. Dette har eg allereie lagt grunnlaget for å samanlikne i kapittel 2.

(32)

22

5 FORSKINGSHISTORIA PÅ TEKNOLOGIHISTORIE

I dette kapittelet kjem eg til å presentere dei fem diskursane i følgjande rekkjefølgje:

kulturhistorisk arkeologi, prosessuell arkeologi, fransk teknologitradisjon, ting-teori og darwinistisk kulturevolusjon.

Kulturhistorisk arkeologi

Tekstane eg skal presentere frå kulturhistorisk arkeologi er Ledetraad til Nordisk

Oldkyndighed av Christian Jürgensen Thomsen (1836), Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det mensklinga arbetet av Oscar Montelius (1899) og The Danube in Prehistory av Gordon V. Childe (1929).

Thomsen 1836 Ledetraad til Nordisk Oldkyndighed

Thomsen blir rekna for å vere ein av dei første som ordna det arkeologiske materialet i eit kronologisk rammeverk. Inndelinga var basert på kva gjenstandar som ofte, sjeldan eller ikkje i det heile førekjem samtidig i graver eller slutta funnkontekstar (Thomsen 1836:32).

Thomsen bruke både kva materiale våpen og (skjerande) verktøy var laga av – stein, bronse, jern – og samanlikning av former og zirater som indikator på tidsalder (ibid.:58-63).

Klassifiseringa av det arkeologiske materialet i tre suksessive trinn har seinare blitt kjent som treperiodesystemet. Det finst avvik frå denne formelen, noko som gjer det vanskeleg for Thomsen å ordne urner og gravkar kronologisk: «Da imidlertid en Inddeling efter Tidsalderen endnu frembyder for megen Usikkerhed, ordnes de bekvemmest efter Materien» (ibid.:40).

I si beskriving av dei tre periodane blir organisk materiale som treverk og bein berre nemnt under steinalder (ibid:58-60). Grunnen til at bronse var kjent før jern var at kopar i naturleg tilstand som er lettare å kjenne att som metall enn jern, og at framgangsmåten med å smelte jern må ha vore ukjent i dei eldste tidene (ibid.:59). Jernmalm var derimot veldig vanleg i Norge og Sverige, slik at dette vart anvendt i staden for bronse når ein først kunne produsere det (ibid.:61). Oppdagingar og forbetringar blir spreidd ved folkevandringar og forbindelsar frå sørlege land til Norden (ibid.:59-60). Thomsen skriv at nokre nasjonar var ‘ville’ og andre

‘kultiverte’ (ibid.:61). På same måte rangerar han utforminga av gjenstandar: «fra de raaeste og simpleste til de fuldkommest udarbeidede» (ibid.:40). Ornamentikken på steinoldsaker er

«høist ubetydelige», i bronsealderen er ziratane «fuldkommen udviklede», og jernalderen var karakterisert ved den «kunstig flettede» dyreornamentikk (ibid.:62).

Oppsummering: Thomsen undersøkte funnkombinasjonar i slutta kontekstar, og konstruerte treperiodesystemet basert på endring i materiale, form og stilistisk utvikling.

(33)

23 Montelius 1899 Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det menskliga arbetet Montelius sin definisjon av typologi er måten ein kan «spåra det inre sammanhang, som finnes mellan typerna, och visa, huru den ena typen, liksom den ena arten, utvecklat sig ur den andra» (1899:237). Typologien består av utviklingsseriar basert på gradvis endring i materiale, form og ornament innanfor visse gjenstandstypar (ibid.:238-243). Den forma som er enkel og naturlig viser seg ofte å vere den eldste, eller prototypen, som andre former har utvika seg frå (ibid.:264). Samstundes meiner han at utviklinga i dyreornamentikk frå naturtru attgivingar til stilistisk oppløysing er retrograd utvikling (ibid.:256). Her ser ein skilnad i synet på endring i høvesvis form og ornamentikk, der endring i form frå det enkle og naturlige er utvikling, men ikkje endring i ornamentikk frå naturtru til stilistisk oppløysing.

Montelius skriv at det finst fleire eksempel på at oppfinningar kan skje på ulike tidspunkt uavhengig av kvarandre, som til dømes sikkerheitsnåler eller fibulaer (ibid.:247-252).

Typologiske seriar viser også at utviklinga forgreinar seg, slik ein type kan gi opphav til fleire ulike seriar: «En typserie kan därföre ej alltid liknas vid ett träd utan grenar, en palm, som stiger upp i en rak linie; ofta bör den, liksom ett genealogisk stamträd, liknas vid en grenrik ek» (ibid.:266). Det var derimot store skilnadar i kor rask eller treig utviklinga var etter ein serie vart flytta over frå sitt heimland til eitt anna land. Formrikdommen i Europa vart forklart med tendensar for rask utvikling, noko som inneber viktige praktiske forbetringar, i

motsetning til i Orienten, der ein ville behalde dei gamle formene uendra (ibid.:267). Dette forklarar Montelius er eit resultat av skilnadar i folkekarakteren i vest og aust (ibid.:267).

Montelius er inspirert av naturvitskap og tek i bruk Darwins utviklingsære som ein analogi for å forklare endring i gjenstandstypar (ibid.:267-268). Til slutt spør Montelius om menneskeleg fridom er so innskrenka at ein ikkje fritt kan skape dei formene ein vil, og om menneske er tvungne til å steg for steg gå frå ei form til ei anna, berre med små avvik (ibid.:268). På bakgrunn av sine typologiske undersøkingar konkluderar Montelius med at det menneskelege arbeidet med skapinga av nye former er underkasta ei lovbunden utvikling, som også gjeld for naturen (ibid.:268).

Oppsummering: Montelius brukte Darwins evolusjonsteori analogisk for å undersøke den typologiske utviklinga til gjenstandar, og meinte på bakgrunn av dei mønstra som kom fram at menneske handla lovbunde.

(34)

24

Childe 1929 The Danube in Prehistory

Childe definerar kulturomgrepet som: «a complex of regularly associated traits we shall term a ‘cultural group’ or just a ‘culture’. We assume that such a complex is the material

expression of what would to-day be called a ‘people’» (Childe 1929:v-vi). For å undersøke relasjonane eller innflytelsane mellom kulturar er flyttingar og blandingar av folk og eksterne relasjonar som handel, imitasjon og anna kontakt sentrale omgrep (ibid.:vi-vii). Boka handlar om rolla til elva Donau i diffusjonen av kultur og sivilisasjon frå senter i Midtausten til

Europa, hovudsakleg i neolitikum og bronsealder (ibid.:1,9,413). Dette skjedde etter naturlege ruter, klimatiske soner, eigna jordsmonn eller naturlege ressursar (ibid.:1-7,63).

Childe skriv at han har antatt at søraust er det primære området for spreiinga av kultur for å tolke materialet, og at evolusjon føregjekk raskare i enkelte område vart sett på som naturlig (ibid.:231,333,417). Søraust blir rekna for å vere opphavet til for eksempel jordbruk, og ingen av steinalderkulturane i Europa kunne ha skapt ein neolittisk sivilisasjon utan hjelp (ibid:20- 25,45). Ei anna viktig oppfinning frå søraust er metallurgi (ibid.:92,223-241). Generelt sett forsøkte Childe å spore diffusjonsrutene til folk, kulturar og typar, og korleis etableringa av nye kulturelle/industrielle senter medførte lokale innovasjonar (ibid.:240-241,328-331).

Kvifor innovasjon oppstår er han ikkje so tydeleg på, men han seier at «the great change in the manner of life would be due primarily to climatic events» (ibid:131). Childe nemner også innovasjonar eller oppfinningar i samband med økonomiske trinn, og skriv at kulturar kan vere på ulike evolusjonstrinn (ibid.:45,58). Forbetringar i verktøy og våpen var livsviktig for livet i samfunna og ville difor raskt bli teke i bruk, medan ornamentikk heller reflekterte lokal smak (ibid:248).

Childe er kritisk til Montelius typologiske seriar, der den logiske rekkjefølgja av endringar gjekk frå enkle til meir utarbeida former (ibid:91,246-247). Han meiner at den primitive forma ikkje nødvendigvis er den eldste. Gjenstandar og stilistisk dekorasjon kunne vere utført på ein ‘smakfull’ og ‘perfekt’ måte i tidlege gjenstandar og i sentrale område, men i fjerne område eller utkantar kunne gjenstandane vere ‘degenererte’ og ‘forvrengte’ etterfølgjarar (ibid:38,145,188-189,347). På same måte kunne kultur bli retardert og fattig når den vart spreidd frå eit geografisk innovasjonssenter til utkantane (ibid:24-27,63-67).

Oppsummering: Ved å kombinere Montelius typologiar og kulturomgrepet brukte Childe tid og rom som faktorar for å forklare både evolusjon og degenerasjon og dermed vise regionale variasjonar i utvikling.

(35)

25 Periodeinndelingar

Arkeologi som vitskapleg fag hadde sitt opphav på 1800-talet, og dette la grunnlaget for vidare forsking. Omgrepet «forhistorie» hadde også sitt opphav i Skandinavia (Rowley- Conwy 2006), og det er der dei to første forfattarane eg har valt kjem frå. Thomsen og Montelius er dei einaste av forfattarane i mitt materialutval som ikkje skriv på engelsk, men dei spelte ei viktig rolle i arbeidet med å konstruere periodeinndelingar. Forløparen til kulturhistorisk arkeologi var antikvarisk samlarverksemd og opplysningstidas ordning og klassifisering av naturhistoriske ting (Brandt 1992, Kristensen 1993). Dette førte til at arkeologiske gjenstandar gjekk frå å vere kunstobjekt til å bli kjelder til vitskapleg kunnskap om menneske i fortida.

Hovudfokuset i kulturhistorisk arkeologi var å ordne gjenstandsmaterialet kronologisk basert på at det fanst generelle eller universelle tendensar. Måten Thomsen og Montelius ordna gjenstandane liknar måten til dømes Linné og Darwin ordna planter og dyr. Både Thomsen og Montelius brukar omgrepet «utvikling», men meininga bak Thomsen si ‘udvikling’ og

Montelius si ‘utveckling’ er sannsynlegvis forskjellig. Montelius nemner Darwins utviklingslære, og Darwin gav ut sitt verk om artanes opphav i 1859, etter Thomsen konstruerte treperiodesystemet. Samtidig kan alle desse omgrepa vere påverka av dei same historiske ideane. Dei tre hovudfaktorane ordninga av gjenstandsmaterialet hos Thomsen og Montelius vart basert på, er endring i materiale, form og stil. Medan treperiodesystemet hovudsakleg er basert på endring i materiale, er Montelius typologiar mest fokusert på endringar i form og stil.

«Kultur»

Medan Thomsen og Montelius er inspirerte av naturvitskapleg kategorisering, er Childe inspirert av Gustav Kossina og den tyske ‘Kulturkreise’ (sjå debatt i Olsen 2009:34-38,126 og Trigger 2010:243-244). Både Thomsen, Montelius og Childe brukar omgrepet «kultur», men med litt ulik meining. Thomsen brukar «kultur» i samband med religion og indre liv

(1836.:27). Seinare siktar han til det arkeologiske materialet når han skriv om ‘kulturens frembringelser’, og brukar også forma ‘kultivert’ til motsetning frå ville nasjonar

(ibid.:59,61). Slik sett kan det verke som at han meiner kultur er noko som aukar med tida.

Det er sannsynleg at Montelius siktar til Thomsens treperiodesystem når han skriv «de tre stora förhistoriska kulturperioderna» (1899:266). Hos Thomsen og Montelius går kvar kultur gjennom suksessive utviklingstrinn. Childe kombinerte typologi og kulturomgrepet for å vise kronologiske avvik, og meinte kultur ikkje var eit kronologisk omgrep. Han definerte «kultur»

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Og det er knapt mulig å forestille seg hvordan den teknologiske utvikling innen ABC-vern og ikke-spredning skal kunne eliminere den fare som ligger i at råstoff til produksjon

Ikke uventet har ikke alle vært like fornøyd med denne måten å gjøre ting på fordi det rokker med maktposisjoner og idealer for hvordan ting skal og bør være.. 9 Når vi

30 Som vi har vist i denne rapporten, har sluttratene for de ulike personellkategoriene vært relativt stabile i perioden 2008–2012 og den årlige sluttraten for alt personell

Ved alle målingene er lydtrykknivåmålingene gjort på samme sted i kjøretøyet som lydopptakene, bortsett fra ved måling 4-8 hvor lydtrykknivåmålingene er gjort i

Måleskalaene som fungerte best og som vi anbefaler er: Flat struktur 1, Desentraliserte prosesser 1, Kongruens 1, Fleksibilitet 1, Tillit 1, Informasjonsdeling 1, Hinder

Forsvarsbudsjettet ligger på 7B€ og forventes å bli redusert noe. Det er Materielldirektøren i MOD som har ansvaret for utvikling av ny kunnskap, mens det er Forsvaret som skal

Viktig for utviklingen av metodevurderinger internasjonalt, så vel som i Norge, var Office of technology assessment (OTA).. OTA fremskaffet dokumentasjon på effekt og sikkerhet ved

Fra selskapenes side ser det også ut til å være slik at det er de arbeidsprosesser som ligger høyt på aksene som har størst potensial ift IO-fisering og at det skjer en evolusjon