• No results found

darwinistisk kulturevolusjon.

Kulturhistorisk arkeologi

Tekstane eg skal presentere frå kulturhistorisk arkeologi er Ledetraad til Nordisk

Oldkyndighed av Christian Jürgensen Thomsen (1836), Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det mensklinga arbetet av Oscar Montelius (1899) og The Danube in Prehistory av Gordon V. Childe (1929).

Thomsen 1836 Ledetraad til Nordisk Oldkyndighed

Thomsen blir rekna for å vere ein av dei første som ordna det arkeologiske materialet i eit kronologisk rammeverk. Inndelinga var basert på kva gjenstandar som ofte, sjeldan eller ikkje i det heile førekjem samtidig i graver eller slutta funnkontekstar (Thomsen 1836:32).

Thomsen bruke både kva materiale våpen og (skjerande) verktøy var laga av – stein, bronse, jern – og samanlikning av former og zirater som indikator på tidsalder (ibid.:58-63).

Klassifiseringa av det arkeologiske materialet i tre suksessive trinn har seinare blitt kjent som treperiodesystemet. Det finst avvik frå denne formelen, noko som gjer det vanskeleg for Thomsen å ordne urner og gravkar kronologisk: «Da imidlertid en Inddeling efter Tidsalderen endnu frembyder for megen Usikkerhed, ordnes de bekvemmest efter Materien» (ibid.:40).

I si beskriving av dei tre periodane blir organisk materiale som treverk og bein berre nemnt under steinalder (ibid:58-60). Grunnen til at bronse var kjent før jern var at kopar i naturleg tilstand som er lettare å kjenne att som metall enn jern, og at framgangsmåten med å smelte jern må ha vore ukjent i dei eldste tidene (ibid.:59). Jernmalm var derimot veldig vanleg i Norge og Sverige, slik at dette vart anvendt i staden for bronse når ein først kunne produsere det (ibid.:61). Oppdagingar og forbetringar blir spreidd ved folkevandringar og forbindelsar frå sørlege land til Norden (ibid.:59-60). Thomsen skriv at nokre nasjonar var ‘ville’ og andre

‘kultiverte’ (ibid.:61). På same måte rangerar han utforminga av gjenstandar: «fra de raaeste og simpleste til de fuldkommest udarbeidede» (ibid.:40). Ornamentikken på steinoldsaker er

«høist ubetydelige», i bronsealderen er ziratane «fuldkommen udviklede», og jernalderen var karakterisert ved den «kunstig flettede» dyreornamentikk (ibid.:62).

Oppsummering: Thomsen undersøkte funnkombinasjonar i slutta kontekstar, og konstruerte treperiodesystemet basert på endring i materiale, form og stilistisk utvikling.

23 Montelius 1899 Typologien eller utvecklingsläran tillämpad på det menskliga arbetet Montelius sin definisjon av typologi er måten ein kan «spåra det inre sammanhang, som finnes mellan typerna, och visa, huru den ena typen, liksom den ena arten, utvecklat sig ur den andra» (1899:237). Typologien består av utviklingsseriar basert på gradvis endring i materiale, form og ornament innanfor visse gjenstandstypar (ibid.:238-243). Den forma som er enkel og naturlig viser seg ofte å vere den eldste, eller prototypen, som andre former har utvika seg frå (ibid.:264). Samstundes meiner han at utviklinga i dyreornamentikk frå naturtru attgivingar til stilistisk oppløysing er retrograd utvikling (ibid.:256). Her ser ein skilnad i synet på endring i høvesvis form og ornamentikk, der endring i form frå det enkle og naturlige er utvikling, men ikkje endring i ornamentikk frå naturtru til stilistisk oppløysing.

Montelius skriv at det finst fleire eksempel på at oppfinningar kan skje på ulike tidspunkt uavhengig av kvarandre, som til dømes sikkerheitsnåler eller fibulaer (ibid.:247-252).

Typologiske seriar viser også at utviklinga forgreinar seg, slik ein type kan gi opphav til fleire ulike seriar: «En typserie kan därföre ej alltid liknas vid ett träd utan grenar, en palm, som stiger upp i en rak linie; ofta bör den, liksom ett genealogisk stamträd, liknas vid en grenrik ek» (ibid.:266). Det var derimot store skilnadar i kor rask eller treig utviklinga var etter ein serie vart flytta over frå sitt heimland til eitt anna land. Formrikdommen i Europa vart forklart med tendensar for rask utvikling, noko som inneber viktige praktiske forbetringar, i

motsetning til i Orienten, der ein ville behalde dei gamle formene uendra (ibid.:267). Dette forklarar Montelius er eit resultat av skilnadar i folkekarakteren i vest og aust (ibid.:267).

Montelius er inspirert av naturvitskap og tek i bruk Darwins utviklingsære som ein analogi for å forklare endring i gjenstandstypar (ibid.:267-268). Til slutt spør Montelius om menneskeleg fridom er so innskrenka at ein ikkje fritt kan skape dei formene ein vil, og om menneske er tvungne til å steg for steg gå frå ei form til ei anna, berre med små avvik (ibid.:268). På bakgrunn av sine typologiske undersøkingar konkluderar Montelius med at det menneskelege arbeidet med skapinga av nye former er underkasta ei lovbunden utvikling, som også gjeld for naturen (ibid.:268).

Oppsummering: Montelius brukte Darwins evolusjonsteori analogisk for å undersøke den typologiske utviklinga til gjenstandar, og meinte på bakgrunn av dei mønstra som kom fram at menneske handla lovbunde.

24

Childe 1929 The Danube in Prehistory

Childe definerar kulturomgrepet som: «a complex of regularly associated traits we shall term a ‘cultural group’ or just a ‘culture’. We assume that such a complex is the material

expression of what would to-day be called a ‘people’» (Childe 1929:v-vi). For å undersøke relasjonane eller innflytelsane mellom kulturar er flyttingar og blandingar av folk og eksterne relasjonar som handel, imitasjon og anna kontakt sentrale omgrep (ibid.:vi-vii). Boka handlar om rolla til elva Donau i diffusjonen av kultur og sivilisasjon frå senter i Midtausten til

Europa, hovudsakleg i neolitikum og bronsealder (ibid.:1,9,413). Dette skjedde etter naturlege ruter, klimatiske soner, eigna jordsmonn eller naturlege ressursar (ibid.:1-7,63).

Childe skriv at han har antatt at søraust er det primære området for spreiinga av kultur for å tolke materialet, og at evolusjon føregjekk raskare i enkelte område vart sett på som naturlig (ibid.:231,333,417). Søraust blir rekna for å vere opphavet til for eksempel jordbruk, og ingen av steinalderkulturane i Europa kunne ha skapt ein neolittisk sivilisasjon utan hjelp (ibid:20-25,45). Ei anna viktig oppfinning frå søraust er metallurgi (ibid.:92,223-241). Generelt sett forsøkte Childe å spore diffusjonsrutene til folk, kulturar og typar, og korleis etableringa av nye kulturelle/industrielle senter medførte lokale innovasjonar (ibid.:240-241,328-331).

Kvifor innovasjon oppstår er han ikkje so tydeleg på, men han seier at «the great change in the manner of life would be due primarily to climatic events» (ibid:131). Childe nemner også innovasjonar eller oppfinningar i samband med økonomiske trinn, og skriv at kulturar kan vere på ulike evolusjonstrinn (ibid.:45,58). Forbetringar i verktøy og våpen var livsviktig for livet i samfunna og ville difor raskt bli teke i bruk, medan ornamentikk heller reflekterte lokal smak (ibid:248).

Childe er kritisk til Montelius typologiske seriar, der den logiske rekkjefølgja av endringar gjekk frå enkle til meir utarbeida former (ibid:91,246-247). Han meiner at den primitive forma ikkje nødvendigvis er den eldste. Gjenstandar og stilistisk dekorasjon kunne vere utført på ein ‘smakfull’ og ‘perfekt’ måte i tidlege gjenstandar og i sentrale område, men i fjerne område eller utkantar kunne gjenstandane vere ‘degenererte’ og ‘forvrengte’ etterfølgjarar (ibid:38,145,188-189,347). På same måte kunne kultur bli retardert og fattig når den vart spreidd frå eit geografisk innovasjonssenter til utkantane (ibid:24-27,63-67).

Oppsummering: Ved å kombinere Montelius typologiar og kulturomgrepet brukte Childe tid og rom som faktorar for å forklare både evolusjon og degenerasjon og dermed vise regionale variasjonar i utvikling.

25 Periodeinndelingar

Arkeologi som vitskapleg fag hadde sitt opphav på 1800-talet, og dette la grunnlaget for vidare forsking. Omgrepet «forhistorie» hadde også sitt opphav i Skandinavia (Rowley-Conwy 2006), og det er der dei to første forfattarane eg har valt kjem frå. Thomsen og Montelius er dei einaste av forfattarane i mitt materialutval som ikkje skriv på engelsk, men dei spelte ei viktig rolle i arbeidet med å konstruere periodeinndelingar. Forløparen til kulturhistorisk arkeologi var antikvarisk samlarverksemd og opplysningstidas ordning og klassifisering av naturhistoriske ting (Brandt 1992, Kristensen 1993). Dette førte til at arkeologiske gjenstandar gjekk frå å vere kunstobjekt til å bli kjelder til vitskapleg kunnskap om menneske i fortida.

Hovudfokuset i kulturhistorisk arkeologi var å ordne gjenstandsmaterialet kronologisk basert på at det fanst generelle eller universelle tendensar. Måten Thomsen og Montelius ordna gjenstandane liknar måten til dømes Linné og Darwin ordna planter og dyr. Både Thomsen og Montelius brukar omgrepet «utvikling», men meininga bak Thomsen si ‘udvikling’ og

Montelius si ‘utveckling’ er sannsynlegvis forskjellig. Montelius nemner Darwins utviklingslære, og Darwin gav ut sitt verk om artanes opphav i 1859, etter Thomsen konstruerte treperiodesystemet. Samtidig kan alle desse omgrepa vere påverka av dei same historiske ideane. Dei tre hovudfaktorane ordninga av gjenstandsmaterialet hos Thomsen og Montelius vart basert på, er endring i materiale, form og stil. Medan treperiodesystemet hovudsakleg er basert på endring i materiale, er Montelius typologiar mest fokusert på endringar i form og stil.

«Kultur»

Medan Thomsen og Montelius er inspirerte av naturvitskapleg kategorisering, er Childe inspirert av Gustav Kossina og den tyske ‘Kulturkreise’ (sjå debatt i Olsen 2009:34-38,126 og Trigger 2010:243-244). Både Thomsen, Montelius og Childe brukar omgrepet «kultur», men med litt ulik meining. Thomsen brukar «kultur» i samband med religion og indre liv

(1836.:27). Seinare siktar han til det arkeologiske materialet når han skriv om ‘kulturens frembringelser’, og brukar også forma ‘kultivert’ til motsetning frå ville nasjonar

(ibid.:59,61). Slik sett kan det verke som at han meiner kultur er noko som aukar med tida.

Det er sannsynleg at Montelius siktar til Thomsens treperiodesystem når han skriv «de tre stora förhistoriska kulturperioderna» (1899:266). Hos Thomsen og Montelius går kvar kultur gjennom suksessive utviklingstrinn. Childe kombinerte typologi og kulturomgrepet for å vise kronologiske avvik, og meinte kultur ikkje var eit kronologisk omgrep. Han definerte «kultur»

26

som eit kompleks av materielle leivningar. Hos Childe ser ein altså ein anna måte å forstå kulturomgrepet enn i dag, då kultur kan vere synonymt med samfunn, og «materiell kultur»

blir brukt om fysiske leivningar.

«Kultur» vart også brukt som nemning på ein nasjon eller ei folkegruppe. Dei tre forfattarane hadde ulike syn på kva kulturar som var mest innovative, eller som hadde gjort mest framsteg.

Thomsen og Childe krediterte sørlege eller austlege land for å ha stor kulturell innflytelse på Europa og vere opphavet til fleire kulturelle framsteg, medan Montelius meinte utviklinga i Orienten føregjekk treigare enn i Europa på grunn av ein forkjærleik for å behalde gamle former, i fortida slik som i notida. Det viktigaste i denne samanhengen er ikkje om det var kulturen i Norden, Europa, Orienten eller liknande som var opphavet til innovasjonar, men at dei konstruerte modellar som viste korleis gjenstandar endra seg og innovasjonar vart spreidd.

Kunnskap om korleis ein skulle produsere ulike gjenstandstypar spreidde seg gjennom

migrasjon og diffusjon frå aktive og innovative kulturar til passive kulturar som berre tok mot innovasjon. Enkeltmenneske blir ikkje brukt som forklaring på kvifor innovasjonar oppstår, og vart sett på som ein representant for folket eller nasjonen, knytt til ulike geografiske

område. Montelius avvis menneskeleg fridom og slår fast at menneske handlar lovbunde og er underlagt utviklingslovene som gjeld for naturen. Det ontologiske menneskesynet i diskursen er difor nært strukturell determinisme.

«Teknologi»

Verken Thomsen eller Montelius brukar omgrepet «teknologi», men Childe brukar omgrepet

«teknikk» for å beskrive produksjonen av gjenstandar. Periodeinndelingar er basert på brot og kontinuitet i det arkeologiske gjenstandsmaterialet, og difor kan vi seie at dei viser periodar av teknologisk kontinuitet avbrote av teknologiske innovasjonar eller oppfinningar. Medan Montelius fokuserte på individuelle gjenstandar, undersøkte Thomsen og Childe i større grad gjenstandssamlingar. Både Thomsen, Montelius og Childe undersøkte endring over lang tid og fortida blir framstilt som ein samanhengande og progressiv utviklingsprosess med etterfølgjande kulturelle eller teknologiske fasar.

I det 18. og 19. hundreår vaks det fram ei tru på ”the inevitability of progress from a state of savagery to a rational, moral and technologically-advanced way of life” (Brück 1999:318- 319). Det var på denne tida den industrielle revolusjonen skjedde, noko som kan ha påverka synet på framsteg i kultur og teknologi. Antake om at menneske stadig aukar og

perfeksjonerar sin kunnskap om verda og at rasjonalitet fører til teknologiske framsteg og

27 framveksten av sivilisasjonar er ein viktig del av grunnlaget til arkeologi som fag (Thomas 2004:12,22,53). Denne verksemda var målretta i den forstand at ein søker bakover i tid for å identifisere opphavet til fenomen ein kan observere i notida. Det blir fokusert på ei bane der målet er den vestlege verda.

Utviklinga gjekk frå primitive naturfolk til kultiverte eller siviliserte menneske (Olsen 2009:176). Gjenstandsutvikling frå enkle steinreiskap til komplekse kunstgjenstandar vart brukt analogisk for å kunne hevde at menneske anten var primitive eller kultiverte. Ei lav grad av teknologi, eller mangel på teknologi, var menneskets opphavlege eller naturlige tilstand, der dei ikkje skilde seg frå dyr. Både Thomsen og Montelius såg på utviklinga som noko som gjekk frå det enkle til det kompliserte, og det er stor skilnad på kva verdi steinalderen blir tillagt i forhold til bronsealderen. Thomsen kallar gjenstandane i steinalder ‘rå’ eller ‘simple’, og såg på overgangen frå stein til metall som ein overgang frå det primitive til det kultiverte.

Sjølv om Childe avviste at «kultur» var eit kronologisk omgrep bedømmer også han nokre gjenstandar som primitive, noko evolusjonstenking står bak.

Det at utvikling føregår som i eit genealogisk stamtre, er noko Montelius hevdar, men Childe i større grad hadde anledning til å demonstrere enn dei generaliserte typologiane Montelius kunne presentere i sin artikkel. Trua på framsteg medførte at teknologiske innovasjonar var forbetringar som eventuelt ville vinne fram i ei logisk rekkjefølgje, so slik sett var diskursen basert på teknologisk determinisme. Sidan ein hadde ei førestilling om retninga evolusjon føregjekk i, kunne Montelius og Childe forklare degenerasjon: hos Montelius i ornamentikk frå det naturtru til stiliserte, og hos Childe i ornamentikk frå senter til periferi.

I dag verkar det heilt naturlig at stein, bronse og jern er namngivande for periodane og viser rekkjefølgja mellom dei, men konstruksjonen av treperiodesystemet er basert på eit utval av faktorar, og resultatet avheng av eit samanfall mellom gjenstandstypane Thomsen valte å bruke (våpen og skjerande verktøy) og materialet dei var laga av (uorganisk materiale). Mykje av det organiske materialet er ikkje bevart (bein, tre, tekstil), ein del vart ikkje vektlagt (gull, sølv, glas), og fleire gjenstandstypar vart ikkje teke hensyn til (for eksempel urner).

Treperiodesystemet med namngivinga og beskrivinga av periodane stein-, bronse- og jernalder er difor ei generalisering og forenkling av fortida. Måten fortida vart framstilt gjennom periodeinndelingane la grunnlaget for seinare forståingar av teknologisk utvikling.

28