• No results found

4. Analyse

4.2 Eit overblikk

4.2.2 Samarbeid

I problemstillinga er ordet samarbeid nemnt, og derfor har eg teke med omgrepet vidare i sorteringa av data frå respondentane. Kategoriane som er brukt under dette hovudtema er;

organisering, utrykk, UKM, kulturskulen og lærarar, konkurranse og samarbeid.

Det har vore ei utfordring å plassere ulike element under dette tema, då det heile vegen er ulike aspekt av samarbeidet i samtalane med respondentane. Først nokre generelle data om samarbeid.

Figur 4.9 viser kvar ansvaret ligg i forholdet mellom UKM og kulturskulen. Respondent 2 og 3

Figur 4.6 Samarbeid: ordsky

Tabell 4.9 Samarbeid 1

tek initiativ til at det eksisterer eit samarbeid mellom kulturskulen og UKM. Det er ikkje noko som er bestemt av kommunen dei jobbar i, men respondent 2 utrykker at det er slik det fort blir når ein har fleire oppgåver i si stilling;

”Det er jo eit samarbeid med kulturskule, altså meg og UKM då. Men det blir jo gjerne slik at når ein sitt med fleire hattar på at ein prøver å samkjøre litt.

(...) No er eg så heldig at eg sitt på, at eg er både kulturskuleleder og ansvarlig for UKM. Så det er klart det blir lettare då.” (respondent 2, nr. 8 - vedlegg2)

Tre av respondentane har samarbeidet som ei oppgåve i si stilling, altså har kulturskulen ansvaret for UKM. Respondent 6 forklarar at dei er inne i ei endring for å få kulturskulen enda meir involvert i UKM, sjølv om det allereie eksistera eit samarbeid;

”Så grunnen til at eg vil trekke meg vekk er kapasitet, og at eg er langt vekke frå ungdom. (...) Også må det skje på ungdomshuset, for der er det jo ungdom frå før. Slik at det blir ein del av både kulturskulen sitt tilbod og ungdomshuset sitt tilbod.” (respondent 6, nr. 11 - vedlegg 6)

I intervjua med respondentane kom det også opp utsegn om kulturskulen si rolle i samarbeidet med UKM. Her utrykker tre respondentar at det er positivt at kulturskulen arrangera UKM.

Tabell 4.10 Samarbeid 2

Respondent 1 seier beint ut at UKM er eit kulturskulearrangement, medan ein anna meiner det fungerer som det i praksis – sjølv om dei ikkje uttalar at det er dette. To respondentar er opptekne av at UKM ikkje må framstå som ein kulturskule-klubb der det ikkje er plass til anna ungdom.

”(...) Så dei få som ikkje er med på noko, men fortsatt vil melde seg på UKM, korleis får på ein måte sørga for at dei ikkje trur at vi er ein liten klubb? Der dei ikkje kan melde seg på. Så det er jo kanskje det eg tenkjer at vi må vera litt obs på da. At ein treng absolutt, for all del, ikkje ver elev på kulturskulen for å melde seg på UKM.” (respondent 5, nr. 23 - vedlegg 5)

Figur 4.11 viser to respondentar som nyttar arrangørgruppe i samarbeidet. Slik jobbar dei også med ungdomar som arrangørar utover UKM-lokalmønstringa. Respondent 5 seier at dei nyttar kulturskulen sitt system (SpeedAdmin10) for å registrere ungdommane, slik at dei har kontakt med føresette. Tilbodet er gratis, men dei nyttar kulturskulen sine verktøy for å kunne sende ut informasjon og liknande til gruppa gjennom året.

Fire respondentar formidlar at dei startar planlegginga av UKM tidleg i skuleåret;

10 Eit nettbasert administrasjonsverktøy for musikk- og kulturskulane (Speedware, 2017) Tabell 4.11 Samarbeid 3

Tabell 4.12 Samarbeid 4

UKM

Figur 4.13 viser kva type UKM aktivitetar respondentane har i sine kommunar. Det er to respondentar som berre har UKM-lokalmønstring i løpet av året, medan fire har forskjellige kurs eller workshops i tillegg. Respondent 3 og 6 utrykker at dei ønskjer å utvide eller gjere UKM større. Respondent 1 seier dette ikkje er så lett, og har foreløpig ingen planar om dette.

Det er ein respondent som uttalar at kurs og liknande er motivasjon for å få deltakara til UKM;

”(...) Ja ikkje sant, for då får dei jo møte andre ungdomar som er litt engasjert.

Får litt ekstra guts til å vere med på å arrangere. For eg synes at dei kursa som dei har hatt i *by har vore veldig bra. Og dei har komme heim der i frå fulle av idear.” (respondent 2, nr. 18 - vedlegg 2)

Kulturskulen og kulturskulelærarar

Figur 4.14 viser at tre av respondentane brukar kulturskulen til å få påmeldingar og deltakara til UKM. Respondent 4 utrykker at UKM er ein positiv arena for elevane ved kulturskulen.

Tabell 4.13 Samarbeid: UKM

Tabell 4.14 Samarbeid: kulturskulen og kulturskulelærarar 1

Som tabellen over viser, er kulturskulelærarar involvert i UKM på ein eller anna måte for fem av respondentane. Det er snakk om deira eigne kollegaer, så når ein respondent (som sjølv jobbar i kulturskulen) ikkje har fått kryss for dette, er det fordi kollegaene til vedkommande ikkje er involvert. Respondent 6 er i prosessen med å involvere kulturskulelærarane enda meir.

Tre av respondentane formidlar at lærarane legg til rette for øving før UKM.

”(...) Så vi prøver å finne ein slags balanse mellom der lærarane legg veldig til rette for og samlar saman grupper i samspel. Men så legg vi også til rette for at dei skal kunne få ekstra øvingstid på kveldstid viss dei ønskjer det og opnar lokala. Så noko er både lærarstyrt, men det er mest elevstyrt eigentleg.”

(respondent 4, nr. 2 - vedlegg #)

Som figur 4.15 viser, er det ein respondent som ikkje har involverte kollegaer frå kulturskulen.

Figur 4.16 viser nokre av utfordringane respondenten opplev i samarbeidet mellom UKM og kulturskulen. Denne utfordringa skal greiast meir ut om i kapittel 4.3.3

Tabell 4.15 Samarbeid: kulturskulen og kulturskulelærarar 2

Tabell 4.16 Samarbeid: kulturskulen og kulturskulelærarar 3

Utrykk

Denne delen av temaet samarbeid omhandlar kor vidt kulturskulen påverkar kva kunst- og kulturutrykk som kjem med i UKM-lokalmønstring.

Det er berre respondent 1 som utrykker at kulturskulen vil påverke utrykka i UKM. For respondenten er dette med grunnlag i å vise fram dei ulike sjangrane som fins;

”Det var jo unekteleg slik at det var stort sett to type innslag. Det var jenter som song til playback, også var det band. Og det har vi prøvd å snu litt rundt, og i år hadde vi opptil fire eller fem innslag som kan klassifiserast som klassisk musikk. Fiolin og piano blant anna. Vi hadde også drill og dans som

ikkje har vore mykje av før. Eller det har vore litt av og på.”

(respondent 1, nr. 23 - vedlegg 1)

Fire av respondentane meiner at variasjonen i utrykka er ulik frå år til år, noko respondent 1 nemner i sitatet over også. I punkt 1 og 2 i tabellen ser ein at to av respondentane opplev at det var fleire ulike utrykk på UKM-lokalmønstringa dette året (2017), medan tre formidlar at det har vore få ulike utrykk.

Tabell 4.17 Samarbeid: utrykk

To av respondentane ønskjer ikkje å påverke utrykk som blir påmeldt UKM-lokalmønstring, og respondent 4 reflektera over kvifor det er slik;

”(...) For på kulturskulen skal du kanskje vise at du skal prestere noko, på UKM er det litt ... Du skal prestere, men likevel er det litt meir laidback. (...) Det er eit veldig godt første møte, men det er også veldig bra for kulturskuleeleven som kanskje på kulturskulen må spele noko som læraren

har bestemt – men på UKM kan bestemme sjølv.”

(respondent 4, nr. 30 og 31 – vedlegg 4)