• No results found

1. Innleiing

1.4 Omgrepsavklaring

Før teorien som ligg til grunn for masteroppgåva blir lagt fram, er det ønskjeleg å komme med nokre omgrepsavklaringar. Det er lett å skape mistyding, då nokon omgrep kan ha forskjellig betyding i ulike samanhengar og fagfelt. Sørensen et al. (2008) seier at avklaring og utvikling av omgrep er ein måte å orientere seg, og at det gjev grep om dei fenomena ein ser på.

Omgrepa som vert tatt i bruk i denne oppgåva er difor eit grunnlag for dei vala som er tatt teoretisk, metodisk og analytisk.

I kapittel 2, om teori, vil dei fleste omgrepa bli gjort greie for, men eg ønskjer å legge fram to sentrale omgrep før det; kultur og ungdom. Dette er to ”allmenne” omgrep som er lett å ta for gitt at ein har felles forståing av kva betyr.

1.4.1 Kultur

La oss starte med ordet kultur. Omgrepet er nytta i mange forskjellige samanhengar. Det er lett å bruke og blir brukt lett, og det skal ikkje mykje til for å bli usikker.

”Køkultur, homsekultur, kystkultur, bedriftskultur, vinnerkultur, barnekultur og yoghurtkultur er bare et lite utsnitt av et ubegrenset antall muligheter. Det er bare å hekte ”kultur” bak et substantiv, og vips – så har vi et begrep som vi tror vi er enige om hva betyr.” (Aagre, 2014)

Willy Aagre sitt sitat formidlar eit omgrep som er allsidig, og derfor ønskjer eg å avklare kva kulturomgrep denne oppgåva har som grunnlag. Kva slags versjon av ”kultur” skal denne oppgåva ta for seg?

Store Norske Leksikon formidlar at det er vanlegast å ”(...) snakke om kultur i forbindelse med tanke-, kommunikasjons- og atferdsmønstre hos mennesker, og da i både vid og snever forstand” (Schackt, 2016). I snever forstand vil sei det estetiske omgrepet, og i det vide snakkar ein om eit sosiologisk omgrep.

Sørensen et al. (2008) argumenterer derimot med at det fins fire dimensjonar i det som dei kallar det komplekse kulturomgrepet. Deira fire dimensjonar av kulturomgrepet er basert på to tidlegare definisjonar;

• 2 dimensjonar kulturomgrep: kultur er noko vi har og noko vi er (Johan Fjord Jensen 1988)

• 3 dimensjonar kulturomgrep: kultur er noko vi har, noko vi er og noko vi gjer (Christian Jantzen 2005)

Når Sørensen et al. legg til enda dimensjon i definisjonen, blir kulturomgrepet sjåande slik ut:

• 4 dimensjonar kulturomgrep: kultur er noko vi har, noko vi er, noko vi kan, og noko vi gjer (Sørensen et al.)

Else Marie Halvorsen (2017) har operasjonalisert Fjord Jensen sitt dobbelte kulturomgrep i ein figur:

Halvorsen brukar dette dobbelte kultursynet for å sjå på kulturarv i skulen, og opprettar ut frå dette eit kulturpedagogisk omgrep; ”den dobbelte didaktikk2”. Ho vil ikkje berre sjå på kva kunnskap om kulturarv skulen overfører, men også den kulturarven elevane er berarar av. På den måten ser Halvorsen på kulturen skulen har og fortel vidare, og kulturen som elevane er i. Det er to ”sider” som ein bevegar seg mellom.

Det komplekse kulturomgrepet ligg som grunnlag for mi forståing av kultur. Forenkla kan ein sei at det dobbelte kulturomgrepet ligg nærast overflata. Likevel er det viktig å sjå at ein ikkje berre forstår, fortolkar og forklara verda, men også grip inn i den. Dei undersøkingane som blir gjort, viser kulturen som UKM og kulturskulen formidlar og involverer barn og unge i – og i tillegg kulturen desse aktørane sjølv er i. Då er det viktig for meg som forskar også å ha blikket på den kulturen eg sjølv har og er i. Har eg, med min kultur, distanse eller nærleik til kulturen eg undersøker? Sørensen et al. kallar dette for det refleksive kulturomgrepet;

”Sammenfattende vil vi om det refleksive i det komplekse kulturbegrepet si at det vedrører en erkjennelse av at det i kulturbegrepet også allerede ligger et grep om kultur i form av et sted å iaktta den fra, og at utfordringen er å kunne iaktta egen iakttakelse og forstå dette som en intervensjon blant andre”

(Sørensen, Høystad, Bjurström, & Vike, 2008)

2 Didaktikk omhandlar kunnskap om samanhengen mellom gjennomføring, planlegging og evaluering av undervisning. Med andre ord; undervisningslære. (Tjeldvoll & Skagen, 2015)

Kultur er det som vi ”har” Kultur er det som vi ”er i”

Figur 1.1 Det dobbelte kulturomgrep

1.4.2 Ungdom

Kulturskulen tilbyr undervisning til barn og unge, og nokre stader også vaksne. Tilbodet er forskjellige ut frå kvar kommune sine ressursar og kulturpolitikk. UKM er ein arena for ungdom. Lokalt kan ein vera deltakar frå ein er 10 år3, men mange stader er det påmelding frå 13 år då det er dette som er aldersgrensa for når ein kan komme vidare frå lokalmønstring til fylkesmønstring. Derfor vil denne oppgåva i hovudsak omtale deltakara i UKM og kulturskulen som ungdom. Utgangspunktet er den biologiske aldersgrensa som UKM har satt, men er ikkje ungdom meir enn personar med alder 13 – 20 år? Når er eit menneske ungdom?

Å vere ungdom kan knytast til alder, anten biologisk eller psykisk modning i samband med pubertet. Det kan også sjåast på som eit kriterium på sosial status eller rolle. Ein definisjon ut frå alder fanga ikkje alt, og omgrepet ungdom er i stadig forandring og avhenger av samfunnsmessige forhold (Strandbu & Øia, 2007).

Omgrepet ungdom har også vorte satt saman med kulturomgrepet. Ungdomskultur som omgrep blir brukt i kvardagsspråket vårt, og blir nytta om særeigne ungdomsfenomen i samfunnet. Det er også nytta innan ungdomsforsking, og ordet har fått mange ulike tydingar.

Derfor kan det oppfattast som eit uklart omgrep og som lite presist (Aagre, 2014). I denne samanhengen blir omgrepet ungdomskultur nytta som kulturen dei utøver og presenterer i deltaking med kulturskule og UKM. Det er i hovudsak deira har-kultur.

Respondentane som deltok i undersøkinga, og som omtalar ungdom, er menneske som arbeidar med unge og for deira utøving av kunst og kultur. Så i denne samanhengen blir ungdom omtalt på bakgrunn av, hovudsakleg, biologisk alder. Det er likevel viktig å ha i bakhovudet at ungdom er mykje meir enn alder. Omtalen av ungdom vil bli frå utsida, og ikkje frå ungdommane sjølv. Så i dette tilfelle er det snakk om synet på ungdom og ungdomskultur, og korleis desse omgrepa blir brukt av kulturarbeidarar.

3 Alle under 20 år kan delta på UKM, i nokre kommunar frå ein er 10 år. I dei fleste kommunar må ein vere 13 år.

I grupper må halvparten av medlemmane vere mellom 13 og 20 år. (UKM, 2017)

”(...) Og det er jo veldig viktig å huske på at det er eit sett med ungdom uansett, dei er ikkje berre kulturskuleelevar eller UKM’ere, dei er ungdomar.”

(respondent 4, nr. 9 - vedlegg 4)