• No results found

4. Analyse

4.3 Det nære

4.3.5 Respondent 5

Eit fullstendig samandrag frå intervjuet med respondent 5 ligg i vedlegg 5. Respondent 5 er lærar i kulturskulen og UKM-kontakt.

Tema: Ungdom og utrykk Om utrykk på UKM-lokalmønstring

”Det er jo dei her søte jentene med kassegitar og piano som har vore litt dominerande eit lite augneblink. Det er jo absolutt sceneinnslag, musikk da, sang og gitar og det klassiske. Og helst da sangar som dei ikkje har skrive sjølv, men litt sånn cover sangar da.”

Om å ”guide”

”Ja absolutt, få litt samspel aspekt inn. Og det gjorde vi jo no til fylkesmønstringa, så var det ein elev som opprinneleg hadde ein slik standard karaokesang da. Så kopla vi hen saman med ein elev på flygel. Det vart jo kjempefint, då har ein jo ein heilt anna dimensjon på det med ei gong. Så der er vi jo inne og styre litt, eller, prøver å vere litt guidar da. For å hjelpe dei så godt vi kan.”

Om å utvikle nye utrykk til UKM

”Men det er noko som held på å komme no, som vi har jobba veldig hardt med er, er å melde på i forhold til matkultur. Og det er jo noko som vi, til neste år no da, skal jobbe ekstra hardt med. For det er masse potensiale i at vi har matfag på vidaregåande i same bygget som vi er i. Også har vi ein del folk i arrangementsgruppa da, KultArr gruppa, som går den linja og som har laga litt mat til UKM utstillinga og gjort litt sånn greier. Så vi vil gjerne sjå litt nærmare på det, korleis vi kan auke det. Vi er jo ein kyststad med masse, det er jo fisk som er tingen, (ler) potensiale for å gjere masse meir der.”

Om musikksjangrar

”(...) Eg synes ikkje at nødvendigvis det er ungdommen som presse på populærmusikk eller.

Vi har vore veldig heldige, og det er ein god blanding. Og eg merkar at både musikklærarane på grunnskulen og våre lærarar da, som til dømes har piano. Det er ein veldig fin balanse naturleg med at ungane har lyst og er veldig ivrig på forskjellige sjangrar sjølv.”

Om ansvar i forhold til utrykk

”Vi kjenner jo på ein måte at vi har, føler på eit lite ansvar i forhold til det med mangfoldet og det å få inn alle aspekt av alle faga vi har. Men eg ser ikkje noko problem i at både ungane står fritt på UKM, og at vi held på med vårt inne i kulturskulen. Eg trur at det balansere seg ganske fint, som sagt, ved at ungane er veldig... Dei skil nesten litt på det med at på UKM; ”okei UKM då kan eg øve på den sangen, det har vi valt”. Det er på ein måte ikkje noko poeng for oss å trumfe gjennom noko sjanger til musikkelevane for at dei skal opptre på UKM med klassisk viss de ikkje er interessert.”

Om ungdom og konkurranse

”(...) Og vi merkar jo det at kanskje dei som, til dømes dans no da, at dei prøver litt sånn, å tenkje litt meir mangfald eller litt forskjellige danseartar. For dei veit at dommarane vil sjå, at ein skil seg ut litt da. Men det er jo ikkje noko som vi lærarane eigentleg har lagt på dei, for dei er veldig klar over det sjølv, fordi at dei ser jo og husker kven som går vidare. Og registera kva som fungerer og ikkje.”

Tema: Motivasjon av arrangørar Om UA-gruppe

”Me har jo ei unge arrangøra gruppe, eller KultArr som det heiter. Ungdomsgruppe som har vore med, ja som er scenearbeidarar og som har ansvaret litt under oss. Dei står for media, dei tek bilde, dei er på nett, dei er backstage. Og alt det skal me koordinere da, og vere ansvarlig for.”

Om bruk av stimuleringsmidlar

”Me har også litt ansvar for å søkje om stimuleringsmidlar viss me skal ha og kurs og slikt. Det har me gjort, me hadde kurs i *by med lyd og lys, for dei ungdommane som er interessert i det. (...) Og vi har jo ein del skrivekurs, lyd og lys kurs. For å oppmuntre folk til å søkje både som arrangør, som konferansier og ja ...”

Om arbeidsoppgåver

”Dei er med på å lage informasjonsflyers, deler ut det, går inn i skulane og snakkar om UKM.

Også når det nærmar seg er dei veldig fysisk hands on da. Nokon av elevane der, dei er vel ein

10 stykk til saman trur eg, nokon av dei er jo scenearbeidarar og har vaksenansvar. Dei er ungdomsskuleelevar men er saman med ein vaksenperson. Dei går med intercom og har sine dreiebøker og ... Får veldig mykje ansvar på sine områder da, som å legg inn alle bilda på internett, skrive artiklar. Har ansvaret for å få ungane i frå rom A til rom B på vente, i kø systemet, dei har veldig store jobbar da. Men dei har takla det utruleg fint, så utan dei så hadde det jo måtte komme inn eksterne. Vi er veldig avhengige av dei og den jobben dei gjer.

Det er vi.”

Om rekruttering og deltaking

”(...) Så eg vil ikkje sei at det er enkelt å rekruttere, men dei vi får dei blir som regel i mange år. Og dei som først er med dei er engasjert. Det er vel heller ikkje om å gjere for oss å ha utruleg mange, for da blir det meir gjennomtrekk. Men det er viktigare for oss at dei som faktisk er med er interessert og er stabile, og det er dei jo absolutt.”

Aktivitetar og inspirasjon

”Då var vi på eit kultursenter i *by og fekk vere med på konsert, dei fekk styre lyd og lys sjølv.

Ehm.. Vi har hatt foredrag på *stad og *stad av lokale lydfolk. Ja. Vore med på forskjellige konsertar, og dei har vore med å arrangere kulturskulekonsertar med ungar og kika litt på korleis ein sett opp dreiebok. Og ja. Så dei er med på mykje da, så dei heile tida får, ja. Ikkje berre får fortalt, men også oppleve kva som kravs. (...) Dei er kjempedyktige, og eg ser jo at dei blir inspirert. For dei møter folk i *by, band og sånt, det er jo litt stort da for ein åttandeklassing å få hjelpe med gitarar til rockeband og. Ja. (ler) Veldig morosamt.”

Aktivitetar gjennom året

”Også... Er det jo liksom julekonsertar med dei minste ungane, er med å rigge til forskjellig og tek litt bilde for oss og slik. Så dei heile tida gjer eit eller anna, så dei ikkje blir sittande å vente på neste år. På UKM. (...) For dei er jo med på gratis kulturskulehendingar, slik som pizzakveldar og slike ting. Dei er jo inkludert for dei er jo elevar i kulturskulen gjennom det her ... Men det er då som sagt gratis, slik at ja. Det er greitt å ha litt oversikt og litt kontaktinformasjon frå dei. Så vi har gjort det slik.”