• No results found

5. Drøfting av empiri og teori

5.1 Kva fortel undersøkinga?

5.1.3 Læring

Læring er eit viktig punkt både for UKM og kulturskulen. I samarbeidet kan det oppstå ulike formar for læring, og ikkje berre for ungdommane som deltek.

Respondent 6 beskriv ein situasjon der dei skal endre organiseringa rundt UKM-lokalmønstring. Dette tydar eg som at dei har gjennom å lære har funne at noko må endrast for å skape meir engasjement og deltaking. Dei har lært kor viktig det er med nærleik til ungdom, og kunnskap om dei, for å kunne skape ein kulturell arena. Derfor gjer dei om på situasjonen sin, og involverer kulturskulen og den lokale fritidsklubben i større grad enn før.

Vygotskij hadde tankar om å bygge bru mellom ungdom og vaksne (kapittel 2) ved å lære om ungdommane sitt kvardagsspråk. I eit samarbeid har kulturskulen moglegheit til å lære om, og kjenne lokal ungdom betre. Det betyr ikkje at dei ikkje kan noko om sin ungdom frå før, men at dei kan sjå med eit breiare blikk på kva som bevegar seg i det lokale ungdomsmiljøet.

Dersom ein unngår at samarbeidet endar opp som ei ”kulturskule-greie”, vil ein som kulturskule få ein unik oversikt over korleis ein kan engasjere ungdom og nytte deira kompetanse på eigen kultur. Dei fleste respondentane uttrykker at mesteparten av dei ungdomane dei kjenner til er med på organiserte aktivitetar, men det betyr ikkje nødvendigvis at dei får med seg kva kulturell kapital som ligg i ungdommane. Ein må huske den ”frie fritida”

og kva meiningsskaping som skjer her. Til dømes korleis ungdom brukar musikk, lagar videoar til Youtube eller dansar.

I undersøkinga om samarbeidet fann eg også ønskjer om å involvere lokale grunnskular i UKM-lokalmønstringa. Nokre av uttrykka som vart nemnt var skriving, og det kan ligge eit stort potensiale i å få med seg ungdomar som likar å uttrykke seg gjennom til dømes forteljingar eller poesi. Nokre respondentar formidla at dei allereie har samarbeid med ungdomsskule om til dømes matservering og kiosk under arrangementet eller styring av lyd og lys. Her tek ein kontakt med andre institusjonelle organisasjonar i lokalsamfunnet. Det treng ikkje vere negativt, frå eit skuleperspektiv kan ungdom kan lære mykje av å utføre faglege oppgåver utanfor dei faste rammene i undervisninga. Det kan likevel vere lurt å ha i bakhovudet at UKM

skal vere ein frivillig arena for ungdom, og at det kan kjennes som å bli tvinga til å delta i samanheng med skulen.

Medverknad og deltaking for ungdom er ein stor del av UKM sitt utgangspunkt. Dette har også undersøkinga vist. Ikkje berre står ungdom på scena og utøver i dei lokale samarbeida, men dei jobbar bak scena, før arrangementet og etter. Fleire av respondentane viser til å ha eigne grupper med Unge Arrangører (UA), som tilfører ein enda større grad av medverknad.

Respondent 4 fortel at UA har teke over fleire ledd i styringa før og under lokalmønstring i UKM;

”Vi har gjeve meir og meir slepp, så UA har til dømes ansvar for å lage eit budsjett. Dei har ansvar for å kontakte sponsorar, prate med dei. Dei har ansvar for alt av marknadsføring, det med å, både på snapchat og insta og facebook. Og denne UKM heimesida. Også har dei då ansvaret, spesielt under den helga, i greenroom. Det å lage eit koseleg greenroom. Men også å vere med

som produksjonsassistent, dei er med som artistansvarlege.”

Respondent 4, nr. 17 (vedlegg 4)

Ved å opprette ei UA-gruppe kan ein vere med på å la ungdomar tileigne seg ferdigheitskunnskap (kapittel 2.1), noko som er UKM og kulturskulen sin styrke. Ein kan lære å kunne noko som sitt att som kroppsleg læring. I UKM samanheng er det ikkje nødvendigvis slik at ein treng å hekte teori til denne kunnskapen, ein kan la dei unge komme for teori dersom dei sjølv ønsker det. Kurs og worshops i regi at UKM kan vere ein måte å oppnå dette på.

I nokre tilfelle kan UKM sin konkurransefaktor vere ein drivar for påmelding, og ein drivar for å utvikle seg. Slik ytre motivasjon kan bidra til auka deltaking, eller nye og kreative formar for utrykk. På den andre sida kan konkurransefaktoren også vere ein stoppar for deltaking, og kanskje også for utvikling og læring i utrykka. Mitt inntrykk er at dette hovudsakleg gjeld dei ungdommane som står på scena eller viser fram eit kunstutrykk. Dei som er bak scena kan i større grad bli motivert av eit meir heilårleg fokus rundt UKM. Kurs og workshops der ein kan

lære og bli inspirert er, i følge nokre respondentar, viktig for å halde motivasjonen oppe før og etter UKM-lokalmønstring.

Bruk av lokalt kulturliv

Den kommunale kulturskulen tek sikte på å vere eit ressurssenter, og det å nytte lokalt kulturliv er ein del av dette. Alle respondentane formidlar at dei nyttar lokale kulturhus, samfunnshus eller ungdomshus som scene for UKM-lokalmønstring. I tillegg er det fleire av dei som nyttar eksterne lys- og lydteknikarar til sjølve produksjonen.

Dette verkar til å vere viktig for dei fleste respondentane, å ha profesjonelle rammer rundt førestillinga. Dette er ein del av arbeidet med å skape tryggleik for ungdomane som framfører og utøver sitt utrykk. Vissheita om at alt er på plass, og at dei som styrer spakane kan jobben sin, kan vere med å på la ungdommane utrykke seg friare i større grad. Dei kan spørje om lys og lyd, og få det tilpassa til seg og si formidling. Dei ungdommane som er med bak scena får også erfare kva som skal til i ein slik produksjon – og kva krav som kjem frå scena.

Andre kultur- og fritidsarrangement kan påverke kor stort engasjement det er for UKM-lokalmønstring. At kulturskulen er med i samarbeidet, kan bety at dei unngår å legge eigne arrangement til same tid. Kontakt ut mot det lokale kulturlivet vil derfor vere nyttig, for å unngå at dei største arrangementa skjer samstundes. Ein kan også nytte kulturskulen sine kontaktar mot korps, teater og liknande i samarbeidet.

Respondent 2 og 6 har med seg lokale ungdomsklubbar eller fritidsklubbar i samarbeidet om å arrangere UKM. Dette kan vise seg å vere svært nyttig for å kjenne til ungdom og deira kulturreferansar. Dei klubbane som fungerer godt kan oppnå kontakt med ungdom med fokus på deira eigne utrykk. Openheit for ungdomskulturelle utrykk kan gje dei som involverer seg i fritidsklubbane moglegheit for å utvikle seg på eigne premissar. Denne openheita er ein styrke fordi ungdom kan utøve utrykk som kan oppfattast som provoserande på andre arenaer. I dei beste klubbane går ungdomsarbeid, demokratisk medverknad og kulturutvikling hand i hand, og fungerer som gode måtar å integrere på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer (Aagre, 2014).