• No results found

5. Drøfting av empiri og teori

5.3 Drøfting om kvalitet

Det er viktig å drøfte kvaliteten for forskinga som har vorte gjennomført. Tre kriterier som ofte vert gjeve for å kvalitetssikre den kvalitative forskinga er; pålitelegheit, gyldigheit og generalisering (Tjora, 2017).

”Målet for den kvalitative forskeren er å forsikre leseren om at bildet som blir gitt ikke er feilaktig eller er en forvrenging av de faktiske forhold, og å unngå misforståelser.” (Nilsen, 2012)

Pålitelegheit

Ein forskar sitt engasjement for tematikken kan opplevast som støy, men er i hovudsak ein nødvendig ressurs. I nokre prosjekt er det også heilt nødvendig at forskaren har eit spesielt engasjement eller kunnskap om området som skal studerast (Tjora, Kvalitative forskningsmetoder i praksis, 2017). Dersom ein ser dette ut frå denne oppgåva sitt perspektiv, så kan ein kanskje seie at tematikken ikkje hadde vorte til dersom eg ikkje hadde erfaring og kompetanse på området. Eg meiner ikkje at eg er den einaste som kunne komme på å skrive om samarbeidet mellom UKM og kulturskulen, men at arbeidserfaring var avgjerande i min eigen refleksjon og prosess. I tillegg har eg gjort forsøk på å redusere støyen i gjennomføringa av intervjua, blant anna ved å ikkje presentere meg med fagbakgrunn (kapittel 3).

Det har også vore ein fordel å ha ei så stor interesse for tematikken når eg skulle leite fram teori, artiklar og forsking. Det betyr at eg stort sett har komme fram til kva ord og formuleringar som fann rett informasjon på internett, bibliotek eller i databaser, utan større problem.

Perspektiva for val av analyse har også noko å seie for pålitelegheita til oppgåva. Mitt mål har vore å presentere datamateriale på ein breiast mogleg måte. Med dette har eg forhåpentleg fått vist fram kva respondentane har snakka om, og kva variasjonar som har vore der. Når eg valde å kode og kategorisere funna, var eg opptatt av å ikkje vere for statisk – samstundes som at nokre generelle trekk skulle komme fram. Eg har også prøvd å gjere ein analyse for analysen sin skuld, og ikkje for å teste teori eller forsking.

Tjora (2017) meiner at ein også kan nytte kvantitative metodar sine spørsmål om pålitelegheit i kvalitative studiar; ville resultata vorte dei same dersom ein annan forskar hadde gjort den same jobben? Her skriv han at ein ikkje treng eit klart ”ja”-svar, men at det likevel må greiast ut om. Det første som kjem i tankane er at eg gjerne skulle ha vore meir erfaren som forskar på førehand, dette er nok den største grunnen til at mi oppgåve og desse resultata ville kunne bli ulike frå andre forskarar. Ein anna faktor som kunne ha gjort undersøkinga ulik, er min fagbakgrunn. Den har på mange måtar vore ein fordel, men det kan også ha ført til at eg har gått glipp av moglege forskingsspørsmål eller perspektiv.

Gyldigheit

”Gyldighet handler om en logisk sammenheng mellom prosjektets utforming og funn, og de spørsmål man søker å finne svar på.” (Tjora, 2017)

Først vil eg sjå på den intern gyldigheita. Den handlar om å sjå på resultata, og om dei vert oppfatta som riktige (Jacobsen, 2015). Eit kriteria for intern gyldigheit er om respondentane gjev ei sann beskriving av verkelegheita. Gjennom denne undersøkinga har eg vald å svare på problemstillinga ved å intervjue kulturtilsette og kulturformidlarar frå ulike delar av Norge.

Det verka som ein rett innfallsvinkel for å få dei data eg ønska. Eit anna perspektiv som eg kunne ha tatt er ungdomane sitt, og dersom eg skulle ha utvida undersøkinga eller fortsatt med denne oppgåva ville eg nok også ha gjort dette. Det er likevel nyttig å ha kulturtilsette sin innfallsvinkel til samarbeidet, då deira meiningar og syn kan brukast til å belyse ei eventuelt

seinare undersøking med ungdom. Respondentane eg har valt har informasjon om sitt eige arbeid, deira situasjon og deira lokalsamfunn. Dermed har dei nærleik til UKM og kulturskulen, og har førstehandsinformasjon om lokale samarbeid.

”Som en gylden regel sier vi ofte at: Informasjon fra flere uavhengige kilder gir en gyldig beskrivelse av fenomenet. Dette trenger ikke bety at kildene er enige i beskrivelsen. Det kan være et akkurat like godt tegn på gyldighet at vi får ulike beskrivelser av et fenomen.” (Jacobsen, 2015)

Respondentane i denne undersøkinga har gjeve forskjellige beskrivingar av samarbeidet. I analysen av intervjua har eg prøvd å vise fram det som liknar, men også prøvd å få fram ulikheitar. For det har vore ulikheitar; blant anna i organisering, syn og verdiar. Formålet er å beskrive desse samarbeida, og eg ser på det som ei styrke at det er både konvergens (einigheit) og divergens (ueinigheit) i datamaterialet.

Informasjon som kjem direkte, og gjerne spontant, frå respondenten vil ofte tileignas større gyldigheit. Desse opplysningane er ikkje direkte styrt av forskar sine spørsmål og ein kan anta at det derfor ligg nærare det respondenten oppfattar om temaet (Jacobsen, 2015). Valet om å ha mest mogleg informasjon for å få respondentane til å prate opent, var nettopp på grunn av dette. Det var ikkje alle intervjua som vart like opne, men etter å ha ”varma opp” litt har alle respondentane komme med eigne utsegn, som til dømes å bryte inn mine byrjande spørsmål. Oppfølgingsspørsmål har også vore med på å få respondentane til å utdjupe vidare i eigne utsegn og refleksjonar om ulik tematikk.

Den eksterne gyldighita handlar i kva grad undersøkinga kan generaliserast. Her ser ein på i kva grad funna kan overførast til andre enn dei ein faktisk har undersøkt (Jacobsen, 2015).

Generalisering

”En eller annen form for generalisering er et eksplisitt eller implisitt mål innenfor det meste av samfunnsforskningen.” (Tjora, 2017)

Det kan vere ei utfordring å skulle generalisere kvalitative data. Dette har eg kjent på i denne undersøkinga då utvalet av respondentar er få. Korleis generalisere når ein har seks intervju å halde seg til, og er det mogleg i det heile? Her har eg nytta ein av styrkane til kvalitativ tilnærming; teoretisk generalisering. Dette betyr blant anna å avdekke fenomen, etablere kausalmekanismar og avdekkje spesielle føresetningar for at noko skal ha effekt (Jacobsen, 2015).

I utvalet av respondentar har eg gjort eit forsøk på å ha ei viss spreiing i arbeidsoppgåver og kva storleik det er på kommunen dei jobbar i. Det er i tillegg geografisk spreiing i kor respondentane jobbar. Denne informasjonen fann eg gjennom kommunane sine nettsider før eg oppretta kontakt med respondentane. I tillegg låg det informasjon på desse nettsidene om kva arbeidstittel potensielle respondentar hadde. Eg ønska ikkje å berre ha leirar i kulturskulen i utvalet mitt, og derfor var det vesentleg å gjere ein slik undersøking på førehand. Slik håpar eg å ha fått ei stor nok bredde for å kunne generalisere.

Mitt forsøk på å generalisere er inspirert av det Jacobsen (2015) skriv om det spesielle og det generelle. Tanken har vore å balansere analysen av datamateriale mellom det generelle;

kategoriar / prosessar og samanhengar, og det spesielle; spesifikke data frå intervju. I tillegg har eg latt meg inspirere av Tjora (2017) sin utvikling av konsept ved å lage ein illustrasjon basert på teori og datamateriale.

Kva har erfaring å sei for kvaliteten?

Kunnskap og læring har, ut frå eit sosiokulturelt perspektiv, tre ulike soner. Den første sona, oppnådd kompetanse, er det ein kan gjere sjølv utan hjelp. For å kunne gå vidare med kunnskapen lyt ein tre inn i den næraste utviklingssona, men her lyt ein ha støtte og rettleiing

for å klare å nytte kunnskapen. Den framtidige kompetansen, som er den tredje sona, er det ein enda ikkje har føresetning for å få til (Skaalvik & Skaalvik, 2009).

Så kva har dette å sei for denne samanhengen? Som masterstudent har eg hatt nokre tankar undervegs på kva som er mi næraste utviklingssone. Kva kan eg få til på eiga hand, og kva ligg i den tredje sona og er utilgjengeleg? Når eg starta på denne oppgåva hadde eg noko kompetanse om forsking, både frå undervisninga ved høgskulen og frå aksjonsforsking15 gjennomført på bachelornivå.

For å kunne oppnå høg kvalitet på ei undersøking vil ein kunne trenge å ha komme i den første sona, med kvalitativ metode som oppnådd kompetanse. Det betyr ikkje at ein har fullstendig kompetanse om kvalitativ metode, men at ein har nok erfaring til å klare seg på eiga hand.

Dette i tillegg til å vere ein refleksiv forskar som ser si eiga rolle og vurderer dei ulike analytiske verktøya ein har tilgjengeleg.

I denne prosessen har eg på mange måtar vore innom mi næraste utviklingssone, og nokre gonger grensa til min framtidige kompetanse. Det har med ord vore ein læringsprosess. Sjølv om eg har gjennomført eksamen i metode, og har lært om kvalitativ metode, så har eg ikkje erfart kvalitativ metode i same grad. Det er noko forskjell i å lese og skrive om det, og det å gjere det i praksis. Så i tillegg til å drøfte kvalitet gjennom gyldigheit, pålitelegheit og generalisering, er det også nødvendig å sjå kvaliteten på undersøkinga i lys av at mi veksling mellom dei ulike sosiokulturelle sonene.

15 Aksjonsforsking er eit undersøkingsopplegg der forskaren skal forbetre ein situasjon, og har ei normativ innretning. Skilje mellom forskaren og den som vert forska på blir oppheva, og forskaren er ein deltakande og aktiv part (Jacobsen, 2015).