• No results found

3. Metode

3.2 Rammer for datainnsamling

Rammene i planlegginga er, i tillegg til utføringa og etterarbeidet av sjølve undersøkinga, med på å påverke forskaren og studia, som til dømes det teoretiske rammeverket. Ut frå kva teoretisk rammeverk ein har med seg, vil forskarar stille forskjellige spørsmål og sjå på forskjellige deler av eit fenomen i ei studie (Nilsen, 2012).

”(...) Slik jeg ser det, snakker de om det samme; nemlig teorien som omgir studien, men ikke nødvendigvis teorien som brukes til å tolke eller forklare funnene. Alle studier har et slikt rammeverk som er utledet fra forståelsen og holdningen forskeren bringer med seg inn i forskningen.” (Nilsen, 2012)

Det teoretiske rammeverket for oppgåva er beskrive i kapittel 3, men i tillegg har eg også min kunstpedagogiske bakgrunn med. Det har vore eit poeng å vere bevisst over dette i planlegginga av intervjua, då eg ikkje har ønske om å bringe eigen fagkunnskap direkte inn i samtalen med respondentar.

3.2.1 Djupneintervju eller fri samtale?

Eg valde at intervjua skulle vere så opne som mogleg, men med nøkkelord/tema og spørsmål som kunne leie samtalen inn på tematikken dersom nødvendig. Mitt håp var at opne intervju ville kunne tilføre informasjon eller detaljar ved datamateriale som eg sjølv ikkje kunne føresjå. Ved å gjennomføre intervju med middels til lav grad av struktur, håpa eg også at

respondentane ville bruke mest mogleg eigne ord og omgrep. Målet var at dei sjølve skulle beskrive sin situasjon og sine meiningar. I figur 3.1 viser eit utdrag av intervjuguiden.

Den som blir intervjua vil ofte forvente å få spørsmål, og for intervjuar så kan det vere utfordrande å få respondentar til snakke laust om ulike tema over lenger tid. Det å skape ein flyt vil komme etterkvart som intervjuar får intervjuguiden under huda. Likevel er det vanleg å oppleve ein viss grad av asymmetri i forventa formalitet, som vil seie at respondentane forventar ein meir formell situasjon enn intervjuar håpar på (Tjora, 2017). Dette opplevde eg at varierte, då nokon prata veldig fritt medan andre forventa at eg skulle styre samtalen og tematikken. Derfor var det greitt å kunne ha intervjuguiden framfor meg, for å kunne innfri respondenten si forventing om spørsmål.

Utval av respondentar

For å finne respondentar å intervjue, sendte eg ut ein felles e-post til alle UKM-fylkeskontaktane i Norge. Kontaktinformasjonen deira fann eg på UKM sine nettsider.

Eg fekk svar frå fem fylkeskontaktar. Dei hadde til saman 17 forslag til respondentar. Eg ønska å ha respondentar som var frå forskjellige delar av Norge, og håpa på minst ein respondent frå kvar landsdel. For å få til dette måtte eg også bruke google.no og UKM.no for å finne aktuelle kommunar / respondentar. For alle tipsa eg fekk, søkte eg etter rolle/stilling på kommunenettsider for å få oversikt over kven som var lærarar, leiarar, konsulentar o.l. Figur 3.2 viser e-posten eg sendte til UKM-fylkeskontaktane.

Figur 3.1 Utklipp frå intervjuguide (heile intervjuguiden kan lesast i vedlegg 7)

Mitt håp var at val av UKM-kontaktar og tilsette som jobba i samarbeidet ville gje god informasjon om tema. Etter mi meining ville dei kunne ha kunnskap om samarbeidet, og dei ville også vere villige til å gje frå seg informasjon. I utvalsprosessen følgde eg tipsa til Jacobsen (2015), og enda derfor opp med å definere intervjuobjekta som respondentar. Dette fordi dei menneska eg ville snakke med representerer ei gruppe som jobbar i samarbeidet mellom UKM og kulturskulen. Samstundes opplever eg også at dei til ein viss grad er informantar, fordi dei gjev informasjon om andre grupper enn seg sjølv – som til dømes ungdom frå deira arbeid.

Har mange nok respondentar vorte intervjua til denne undersøkinga? Håpet var å få intervjua åtte respondentar, men ulike utfordringar kom i vegen, og slik enda eg opp med seks intervju.

Undervegs vart vurderinga mi at empiri frå dei seks respondentane mulig utgjorde ei mogleg metting6 av informasjon, og eg ønska å gjere ein analyse av data eg hadde fått inn. I ettertid skulle eg ønske at eg fekk fleire respondentar, men det er også tydeleg at eg trengte å gjere ein analyse av data for å kunne reflektere og drøfte vidare på problemstilling og tematikk.

6 ”Metting” er eit omgrep opphavleg innført av Glaser & Strass og deira ”grounded theory”. Dei kallar det teoretisk metting, noko som inneber at forskaren finn informasjon om eit tema heilt til det ikkje er meir ny informasjon å hente (Jacobsen, 2015).

Figur 3.2 E-post til UKM-fylkeskontaktar

Telefonintervju

Håpet var å få flest mogleg av respondentane til å gjennomføre intervjuet over videosamtale (t.d. skype eller facetime). Dette vart vanskeleg for nokon, anten fekk ein ikkje teknikken opp å gå, eller så var det greiast for respondenten å gjere det over telefon. Derfor vart berre respondent 4 og 5 intervjua over videosamtale. Respondent 6 gjorde eit forsøk, men det vart vanskeleg. Resten av respondentane gjennomførte telefonintervju. Tjora (2017) skriv at ein som regel bør unngå å bruke telefon for djupneintervju. Dette fordi ein mister muligheita til å bruke kroppsspråk, og fordi andre aspekt av samtalen forsvinn. Det er likevel ofte nødvendig på grunn av praktiske og økonomiske omsyn, som i dette tilfelle. For at eg skulle få intervjua personar med base på forskjellige stader i Norge, vart dette nødvendig. Eg tok også eit val om å ikkje intervjue noko i kommunar rundt Bergen, då eg fort kunne ende opp med nokon eg kjende eller som var i mitt nettverk.

Det vart gjort lydopptak av alle intervjua, noko respondentane vart informert om når eg først kontakta dei, i tillegg til før sjølve intervjuet starta. Opptaket vart gjort digitalt, ved å kopla eit opptak opp i samtalen som ein konferansesamtale.

3.2.2 Anonymitet og informasjon

Eg opplevde at den informasjonen eg var ute etter ikkje trong knytast til noko namn. Derfor ville eg ha ein viss grad av anonymitet knytt til respondentane. Dette handla ikkje om at tema var sensitivt, men eg meinte det ikkje var relevant for undersøkinga å namngje personar. I tillegg ville eg også at det skulle vere mogleg for respondentane å meine det dei ville, utan at dei skulle kunne kjennast igjen direkte av til dømes arbeidsgjevar. Meldeskjema vart sendt til NSD7, som godkjende prosjektet (sjå vedlegg 8).

7 Personvernombodet for forsking, som blant anna kvalitetssikrar og internsjekkar for ca. 140 forskings- og utdanningsinstitusjonar. Dette inneber også førehandsvurdering av prosjekt som behandlar personopplysningar (NSD, personvernombud, 2017).

I transkripsjonen av lydopptaka valde eg å normalisere dei. Dette vil sei at eg ikkje brukte dialekt i nedskrivinga av intervjua, men skreiv på nynorsk. Respondentane snakka ulike dialektar, og eg var observant på at dialektord eller formuleringar kunne vere med på å ikkje-anonymisere dei. Sidan mi dialekt var ulik frå respondentane sine, trur eg også at det kan ha vore med på at respondentane snakka meir ”normalisert”. Tjora (2017) skriv at det viktigaste som går tapt frå intervju til transkripsjon er visuelle leietrådar og informasjon om stemning.

Fordi intervjua i denne undersøkinga har vore gjort over telefon eller videosamtale har ikkje visuelle leietråar vore så relevant, men eg har gjort nokre forsøk på å få med noko av den stemninga som har vore ein del av intervjua. Eg har brukt ord for å beskrive latter, pausar og når respondentane bryt inn i setningane til intervjuar. Dette for å unngå at for mykje informasjon går tapt.

All data har vore behandla og oppbevart digitalt. I behandlinga av personopplysningar og datamateriale frå transkripsjon var eg opptatt av å halde lydfiler og dokument separat frå anna materiale. I tillegg var all informasjon passordbeskytta. Når transkripsjonar av intervjua var gjennomførde, og eg hadde laga samandrag ut frå dei, vart lydopptaka sletta. Dette var i samband med anbefalingar frå NSD.

Jacobsen beskriv det han kallar for informert samtykke. Dette vil seie at den som blir intervjua eller undersøkt veit kva det vil bety å delta, og at respondenten også gjer dette frivillig. Alle respondentane i undersøkinga har sjølv deltatt frivillig, og fekk informasjon om at dei når som helst kunne trekke seg. Dei fekk tilsendt eit skriv med informasjon om undersøkinga, i tillegg til at eg gav informasjon på nytt i starten av intervjua med kvar enkelt respondent. Dersom ein gjev for mykje informasjon om hensikta ved undersøkinga, og respondenten veit alt – kan ein risikere å få falske resultat. Mi vurdering er at den informasjonen gjeve i skriv og intervjuet var akkurat nok for å oppnå ein middelveg (sjå vedlegg 9 for å lese informasjonsskrivet til respondentane).

Det siste kriteriet for å ha oppnådd informert samtykke er forståing. Ein må sørge for at respondenten har forstått informasjonen hen har fått, noko som kan vere ei utfordring (Jacobsen, 2015). Det kan vere vanskeleg å vite om respondenten faktisk har forstått det som

forskar har formidla. Mi oppleving er å ha oppnådd informert samtykke, og at respondentane forstod informasjonen.