• No results found

5. Drøfting av empiri og teori

5.1 Kva fortel undersøkinga?

5.1.2 Rom

Når UKM-lokalmønstring skal gjennomførast er det med visse rammer rundt arrangementet.

Eit av desse er kva rom utstillinga og sceneframføringane skjer i. Fleire respondentar utrykker at dei ønskjer profesjonelle rammer og rom rundt UKM-lokalmønstringa. Scene, utstillingar og backstage; dette er nokre av dei fysiske romma der den unge kulturen møtes. I tillegg har ein kulturformidlarane sine handlingar for å skape rom for tryggleik og kreativitet. Det er desse romma som skal bidra til å skape læring og mestring. Dette er meir abstrakte rom, eller metaforar for å beskrive ei stemning eller ein aktivitet ein vil oppnå. Respondent 4 utrykker at UKM kan opplevast som ein ”friare” arena enn kulturskulen;

”(...) Eg veit ikkje altså, UKM er på ein måte ein friare arena, så du får sjå

dine eigne elevar berre slå seg enda meir laus.”

(Respondent 4, nr. 54 – vedlegg 4)

I det engelske språket kan ei skilje desse to romma med to ulike ord, ”place” og ”space”;

”Giddens (1990) characterizes space and place in terms of absence-presence, where place is marked by face-to-face encounters and space by the relations between absent others.” (Barker, 2012)

Barker (2012) gjev oss eit døme på dette ved å forklare heimen som ein ”place” der ein møter familien ansikt til ansikt, medan ”space” er til dømes e-post eller brev ein sender for å oppnå kontakt med andre menneske. Ut frå dette er dei abstrakte romma eg beskriv, meir eit utrykk for metaforar enn ”space” er, medan dei fysiske romma er lik beskrivinga av ”place”. For å gjere eit forsøk på å skilje mellom omgrepa, bruker eg vidare ordet rom for ”space” og plass for ”place”.

Nokre av dei plassane eg har funne i undersøkinga er kulturskulen, scena, bak scena, øvingsrommet og backstage-rommet. Dette er plassar som vaksne og ungdomar oppheld seg i, og der det skal skapast og presterast. Det er eit poeng at desse plassane er attraktive for ungdommane å bruke. Dersom dei opplever at plassane er utrygge eller ikkje er deira ”plass”, vil dei heller ikkje oppsøke dei. For å freiste ungdom til meiningsskaping på same måte som dei gjer heime i den frie fritida, må ein få dei til å ønskje å gjere det same i det fysiske rommet som dei skal utøve kunst og kultur i.

Derfor er dei abstrakte og metaforiske romma viktige å huske på. Desse romma kan påverke dei fysiske romma, uansett kor bra utstyrt eller flotte dei måtte vere. To abstrakte rom som har vorte nemnt i undersøkinga er den ”private klubben” og ”flinkiss-arenaen”. Førstnemnde omgrep kom i samanheng med ei ytring om at UKM ikkje må oppfattast som ei kulturskulegreie, ein ”privat klubb”. Her kan ein trekke linjer til Willis (kapittel 2.3) sin kritikk av kulturinstitusjonane sin eksklusivitet rundt det estetiske. I eit samarbeid må kulturskulen unngå at lokalsamfunnet ser på UKM som ein ”privat klubb”, og enda eit

kulturskulearrangement. Det andre omgrepet, ”flinkiss-arena” handlar litt om det same, men ikkje direkte om kulturskulen. Slik eg ser det er dette eit omgrep for å beskrive kva som skjer når ein oppfattar UKM som ein stad for berre talentfulle og flinke ungdomar. Kven bestemmer kva som er talent og kven som er flink? Det er ingen som set merkelappar, men dersom det blir ei utbredt meining i lokalsamfunnet at UKM ikkje har ein låg terskel, kan dette negativt påverke påmelding og deltaking.

Her ligg den største motsetninga i UKM sine mål og ambisjonar. Målet er at ungdom skal ha det kjekt, vise fram sin hobby og møte nye venner. Samstundes er det ein jury der som vurderer og sender vidare ei gruppe med ungdom til UKM-fylkesmønstring. Det er ikkje nødvendigvis utbredt kunnskap kva slags rammer som ligg for juryen sit utval. Dersom deltakarar ikkje får tilbakemelding kan ein også risikere å skape dårleg sjølvfølelse, som kan resultere at ungdom ikkje melde seg på igjen. At det kan oppstå forvirringar rundt kva type innslag UKM ønskjer seg, er ikkje så rart for meg. Den låge terskelen kan bli høg dersom det utviklar seg ein ”flinkiss”-merkelapp på ei UKM-lokalmønstring. Her må ein passe på korleis balansefeltet mellom prestasjon og samhandling uttartar seg.

UKM brukar omgrepet ”arena for ungdom”. Denne arenaen er også rom der det skal skapast og ein skal vere kreativ. Dette rommet er både fysisk og abstrakt. Respondentane har ungdom på scena, og lar dei bruke scena som eit formidlande rom. I tillegg har fem av respondentane ungdom med bak scena for å utføre ulike oppgåver, og på den måten lagar dei rom for andre ungdomar. Når ein brukar ungdomar i fleire roller vil ein skape fleire ulike rom der ungdom sjølv bidreg til meiningsskaping og er i-kultur (sjå det dobbelte kulturomgrepet, kapittel 1.4.1).

Utrykk

I kapittel 1.4.1 les ein om det komplekse kulturomgrepet. I utgangspunktet handlar utrykk om har-kulturen, men fleire perspektiv frå undersøkinga viser at det også kan handle om er i-kultur.

Sjanger og utrykk som kulturskulen tilbyr i dei ulike kommunane er stort sett tradisjonelle.

Dette er til dømes musikk, dans, teater, og likande. At UKM i større grad ønsker å nytte ungdom også bak scena, kan vere ein drivar for å få kulturskulen til å involvere ungdom på

andre område. I lokale samarbeid er det altså potensiale for ungdom å utrykke seg gjennom lys- og lydteknikk, også i kulturskulen. Når det gjeld utrykk som visast fram på scene / utstilling, er det framleis meir tradisjonelle sjangrar som dominerer. Dette gjeld både kulturskulen og UKM. Agderforskning sin rapport frå 2016 meiner at UKM har potensiale til å nå ut til enda fleire unge og deira utrykk;

”Forslag til videreutvikling av UKM for å fange flere unges interesse (...) Utarbeide og videreutvikle flere kategorier for deltakelse som er orientert mot andre fritidssysler og interesser, som for eksempel gaming, pc og spill.”

(Hauge & Lind, 2016)

Dette kan ein også sjå nytte av der kulturskulen og UKM samarbeider. Dersom ein, eller begge, aktørane har fleire kategoriar som er basert på lokal ungdom sine interesser og kultur – vil dei kunne knytte seg nærare ulike ungdomsmiljø. I tillegg kan det bety at læring går begge vegar;

elevar og ungdom lærer nye utrykk og korleis ein kan formidle desse, medan kulturskulen og UKM lærer kva som faktisk rører seg blant dei unge lokalt. Her kan dei vere i forkant for å bidra til eit aktivt utøvande miljø.

Dersom ein ser vekk frå at UKM og kulturskulen har nokre sjangeravgrensingar, verkar det til å vere variasjon i kva type uttrykk som vert påmeldt til UKM-lokalmønstring i lokale samarbeid.

Det er heller ikkje noko poeng for dei fleste respondentane å påverke utrykka som er med, men dei oppmodar ofte elevar i kulturskulen – og prøver å involvere dei som utøver innan mindre sjangrar. Dei lar unge styre sjølv kva dei ønskjer å vise fram.

I undersøkinga har ein funne at kulturskulen kan bidra til å skape samspel mellom unge i forbindelse med UKM-lokalmønstring. Ein kan kople saman elevar som i utgangspunktet utøver aleine, slik at dei kan utvikle nye utrykk og ferdighetar. Dette blir lagt fram som forslag for dei unge, og er ikkje meint som tvang. Det er meint for å kunne gje ungdommane meir å spele på, og då spesielt kunstnarisk. Her er det nyttig å bruke kulturskulen sin kompetanse og kjennskap til utøvande ungdom.