• No results found

Rekneskap og budsjett

In document (2010–2011) (sider 93-98)

6.6.1 Nye rekneskapsreglar for Noregs Bank og Statens pensjonsfond utland

Ved lovendring 19. juni 2009 vart sentralbanklova endra i tråd med forslaget frå departementet i Ot.prp. nr. 58 (2008-2009) om ny rekneskaps- og revisjonsordning o.a. for Noregs Bank. Lovend-ringa inneber mellom anna at departementet er gjeve kompetanse til å fastsetja forskrift om rekne-skapsreglar for Noregs Bank og SPU.

Departementet fastsette 1. januar 2011 ny for-skrift om årsrekneskap o.a. for Noregs Bank. For-skrifta omfattar desse hovudelementa:

– Noregs Bank får plikt til å utarbeida årsskap og årsmelding i tråd med reglane i rekne-skapslova som gjeld for store føretak, på grunnlag av internasjonale rekneskapsstan-dardar (IFRS), jf. rekneskapslova § 3-9.

– Årsrekneskapen for Noregs Bank skal omfatta rekneskapsrapportering for SPU. Det er fast-sett nokre særlege krav til opplysningar om SPU i årsrekneskapen.

– Det er stilt opp nokre særlege krav til rekne-skapsrapporteringa frå Noregs Bank når det gjeld plasseringar for SPU (i note til årsrekne-skapen og eventuelle kvartalsrapportar om SPU).

Etter rekneskapslova § 3-9 skal børsnoterte føre-tak utarbeida årsrekneskap etter internasjonale rekneskapsstandardar vedtekne av EU-kommisjo-nen og innlemma i EØS-avtalen (IFRS). Andre rekneskapspliktige kan velja mellom å følgja IFRS eller dei andre reglane i rekneskapslova. For ban-kar er det eigne rekneskapsreglar i forskrift til rekneskapslova. Desse reglane inneber i det vesentlege at bankar må utarbeida rekneskap etter innreknings- og målereglane i IFRS.

Det er fleire moment som etter departementet si vurdering tilseier at Noregs Bank bør påleg-gjast å utarbeida rekneskap etter IFRS, mellom anna at det vert stilt krav om bruk av IFRS eller IFRS-tilpassa forskrifter for norske bankar. Òg omsynet til at rekneskapsrapporteringa for SPU

bør skje etter ein standard som er kjend i motta-karlanda for fondsinvesteringane, talar for dette.

På bakgrunn av dette krev rekneskapsfor-skrifta at Noregs Bank skal følgja IFRS i samband med rapporteringa om plasseringar for SPU (i for-skrifta vert omgrepet «investeringsporteføljen»

brukt). IFRS skal også følgjast ved rekneskapsrap-portering for andre delar av verksemda til Noregs Bank, med to unnatak:

– Ved oppstilling av finansiell stilling (balanse) i årsrekneskapen skal SPU sin kronekonto og motverdien av denne kontoen førast på ei line (vidareføring av dagens praksis).

– Dersom Noregs Bank opprettar dotterselskap for å eiga aktiva som ledd i forvaltninga av SPU, skal slike dotterselskap konsoliderast inn i rekneskapsrapporteringa for SPU. Desse dot-terselskapa inngår difor på lina for SPU sin kro-nekonto og motverdien av denne kontoen ved oppstilling av finansiell stilling (balanse) i års-rekneskapen til Noregs Bank.

Mandatet gjeve av Finansdepartementet for Noregs Bank si forvaltning av SPU inneheld rap-porteringskrav som supplerer krava til rekne-skapsrapportering i rekneskapsforskrifta.

Statens pensjonsfond utland er eit innskot på konto i Noregs Bank. Midlane vert forvalta av Noregs Bank i samsvar med forvaltningsmandat gjeve av Finansdepartementet. Kapitalforvalt-ninga utgjer ein monaleg del av verksemda i Noregs Bank, og det er hovudstyret i banken som står ansvarleg overfor departementet når det gjeld å sikra at måla som er fastsette i mandatet, vert nådde. Dei underliggjande juridiske forholda talar difor for at det bør rapporterast om forvaltnings-verksemda i rekneskapen til Noregs Bank. Ut frå ei slik vurdering vil det ikkje vera tenleg å krevja at det også skal avleggjast ein eigen rekneskap for investeringsporteføljen. Departementet viser til at åtskilde rekneskapar for SPU vil kunna gje opphav til ulike løysingar innanfor dei prinsippbaserte reglane etter IFRS. Det vil vera uheldig om Noregs Bank i ulike offentlege dokument må gje motstridande opplysningar om dei same faktiske forholda. Departementet har på bakgrunn av dette kome fram til at det skal krevjast rapporte-ring om SPU i note til rekneskapen for Noregs Bank, men at relevante utdrag frå denne rekne-skapen skal takast med i ein eigen årsrapport for SPU.

I Meld. St. 15 (2010-2011) er det gjeve ein nær-are omtale av dei nye rekneskapsreglane, med-rekna ei oversikt over særlege krav til rekne-skapsrapporteringa for SPU.

6.6.2 Rekneskap og budsjett for 2010

Rekneskapsprinsippa for Noregs Bank er vedtekne av representantskapet, som rapporterer direkte til Stortinget, jf. sentralbanklova § 30. Dei prinsippa som er vedtekne av representantskapet, vert lagde til grunn ved utarbeidinga av årsrekneskapen.

Netto internasjonale reservar er den domine-rande eigedelen i Noregs Bank, når vi ser bort frå Statens pensjonsfond utland, som ikkje har inn-verknad på resultatet til Noregs Bank. Noregs Bank har ei rentefri gjeld i form av setlar og mynt i omløp. I tillegg har banken innanlandske innskot frå staten og frå bankar. Denne samansetjinga av balansen vil normalt gje ei positiv avkastning over tid. Årsaka er særleg at banken har ein eigenkapi-tal i tillegg til gjeld i form av setlar og mynt i omløp. Blant eigedelane har banken i hovudsak plasseringar som gjev avkastning.

Det forholdet at eigedelane i hovudsak er plas-serte i valuta, medan gjelda er i norske kroner, gjev ein valutakursrisiko som krev tilstrekkeleg eigenkapital.

Inntektene til Noregs Bank er i hovudsak ren-ter og eventuelle netto kursgevinstar frå plasserin-gar i valuta. Kursgevinstar skriv seg frå valuta-kursendringar, aksjekursendringar og renteend-ringar som påverkar obligasjonskursane. Resulta-tet for Noregs Bank er avhengig av utviklinga i desse parametrane, og dei kan gje store årlege svingingar i resultatet.

For 2010 viser resultatet for Noregs Bank eit overskot på 12,6 milliardar kroner, mot eit under-skot på 7,6 milliardar kroner i 2009. Styrkinga av den norske krona mot dei fleste hovudvalutaene i valutareservane har ført til at valutabehaldninga omrekna til norske kroner gjev eit tap på kursre-gulering på valuta på i alt 5,1 milliardar kroner i 2010, mot 53,1 milliardar kroner i 2009. Gevinstar og tap som skriv seg frå endra kronekurs, har ingen innverknad på den internasjonale kjøpekraf-ta til valukjøpekraf-tareservane. Kursendringa på dei inter-nasjonale verdipapirmarknadene i 2010 har gjeve ein gevinst på 9,4 milliardar kroner, mot 32,7 milli-ardar kroner i 2009. Renteinntekter og utbyte av plasseringar i utlandet utgjer 7,6 milliardar kro-ner, som er 0,3 milliardar kroner meir enn i 2009.

Renter betalte til statskassa var på 0,8 milliardar kroner i 2010. I 2009 utgjorde dei totale rentekost-nadene til statskassa 2,6 milliardar kroner.

Kursreguleringsfondet var på 51,3 milliardar kroner ved utgangen av 2009. Etter resultatdispo-nering for 2010 utgjer kursreguleringsfondet 64,0 milliardar kroner. Finansdepartementet har fast-sett kor mykje Noregs Bank kan setja av til

kursre-Kjelde: Noregs Bank.

Tabell 6.2 Noregs Bank sine eigedelar per 31. desember 2010. Millionar kroner.

2010 2009

Utanlandske finansielle eigedelar:

Aksjar 12 92 324 74 618

Utlånte aksjar 12,14 1 566 8 445

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir 12 117 412 107 392

Utlånte obligasjonar 12,14 24 830 18 135

Innskot i utanlandske bankar 897 4 345

Utlån 13 53 764 50 437

Finansielle derivat 15 26 364

Fordringar overfor Det internasjonale valutafondet 16 18 009 17 434

Sum internasjonale reservar 17 308 829 281 170

Andre fordringar i utanlandsk valuta 16,20 6 729 2 336

Sum andre utanlandske fordringar 6 729 2 336

Sum utanl. finansielle eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond

utland 315 557 283 506

Innanlandske finansielle og andre eigedelar:

Utlån til bankar o.a. 21 60 543 75 929

Andre fordringar i utanlandsk valuta 0 16

Andre fordringar i norske kroner 22 7 848 6 876

Sum innanlandske finansielle eigedelar 68 391 82 821

Varige driftsmidlar 23 1 516 1 604

Gullsamling 291 291

Sum andre innanlandske eigedelar 1 807 1 895

Sum innanlandske finansielle og andre eigedelar 70 197 84 716

Sum eigedelar ekskl. Statens pensjonsfond utland 385 754 368 222

Plasseringar for Statens pensjonsfond utland 30 3 074 461 2 636 815

Sum eigedelar 3 460 215 3 005 037

guleringsfond for å møta endringar i valutakursar og verdipapirprisar. Storleiken på dei internasjo-nale reservane og dei innanlandske fordringane ved årsskiftet gjev grunnlag for å setja av opptil 106,5 milliardar kroner i kursreguleringsfondet.

Den totale balansen for Noregs Bank er på 3460,2 milliardar kroner. Statens pensjonsfond utland er integrert i rekneskapen for Noregs Bank og utgjer om lag 89 prosent av balansen. Sta-tens pensjonsfond utland sitt kroneinnskot er ein

gjeldspost for Noregs Bank og utgjer ved utgan-gen av året 3074,5 milliardar kroner. Motverdien av kroneinnskotet vert investert av Noregs Bank i ein øyremerkt portefølje i utlandet. Oppnådd avkastning på den internasjonale porteføljen vert tilført kronekontoen i fondet. Kostnadene som Noregs Bank har i samband med forvaltninga av Statens pensjonsfond utland, vert dekte av Finans-departementet innanfor ei øvre grense.

Kjelde: Noregs Bank.

Tabell 6.3 Gjeld og eigenkapital for Noregs Bank per 31. desember 2010. Millionar kroner.

2010 2009

Utanlandsk gjeld:

Innskot i bankar 4 4

Innlån i utanlandsk valuta 14 433 8 905

Motteken kontanttrygd 17 893 16 733

Obligasjonar og andre renteberande verdipapir 1 492 340

Finansielle derivat 213 297

Anna gjeld i utanlandsk valuta 1 357 2 197

Motverdien av tildelte spesielle trekkrettar 14 176 14 156

Sum utanlandsk gjeld 49 567 42 632

Innanlandsk gjeld:

Setlar og mynt i omløp 53 929 54 303

Innskot frå statskassa 136 851 138 036

Innskot frå bankar o.a. 79 894 80 308

Anna gjeld i norske kroner 582 662

Sum innanlandsk gjeld 271 256 273 309

Sum gjeld ekskl. Statens pensjonsfond utland 320 823 315 941

Innskot på kronekonto Statens pensjonsfond utland 3 074 461 2 636 815

Sum gjeld 3 395 284 2 952 756

Eigenkapital:

Kursreguleringsfond 63 985 51 298

Annan eigenkapital 946 983

Sum eigenkapital 64 931 52 281

Sum gjeld og eigenkapital 3 460 215 3 005 037

Kjelde: Noregs Bank.

Tabell 6.4 Resultatrekneskapen for Noregs Bank for 2009 og 2010. Millionar kroner.

2010 2009

Renteinntekter og utbyte 7 580 7 328

Verdiendring av finansielle instrument 9 449 32 734

Kursreguleringar på valuta –5 106 –53 089

Resultat internasjonale reservar 11 923 –13 027

Utbyte av aksjar i BIS 56 22

Resultat av andre utanlandske finansielle instrument 146 8 854

Resultat av innanlandske finansielle instrument i valuta –256 –3 609 Resultat av innanlandske finansielle instrument i norske kroner 1 282 3 131 Resultat av renteinnt./kostnader knytte til staten, bankar m.m. 245 –2 054

Resultat av anna finansiell verksemd 1 473 6 344

Sum resultat av finansiell verksemd 13 396 –6 683

Resultat av plasseringar gjorde av Statens pensjonsfond utland 255 375 195 177 Tilført kronekonto frå Statens pensjonsfond utland –255 375 –195 177 Forvaltningsgodtgjersle til Statens pensjonsfond utland 2 959 3 228

Andre driftsinntekter 151 104

Sum driftsinntekter 3 110 3 332

Personalkostnader –799 –892

Avskrivingar –114 –167

Andre driftskostnader –2 944 –3 197

Sum driftskostnader –3 857 –4 256

Netto driftskostnader –747 –924

Årsresultat 12 649 –7 607

Overført frå kursreguleringsfond 0 7 567

Overført frå annan eigenkapital 37 40

Sett av til kursreguleringsfond –12 686 0

Sum disponert –12 649 7 607

7 Verksemda til Finanstilsynet i 2010

7.1 Innleiing

Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane inn-rettar seg slik at lover og forskrifter vert følgde.

Finanstilsynet skal, ifølgje finanstilsynslova § 8 andre ledd, kvart år gje Finansdepartementet ei melding om verksemda. I meldinga omtalar Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap og generelle spørsmål knytte til tilsynsarbeidet.

Vidare vert det gjeve ei nærare omtale av arbeidet innanfor dei ulike tilsynsområda. Årsmeldinga frå Finanstilsynet ligg ved denne meldinga som utrykt vedlegg.

Etter § 1 i finanstilsynslova fører Finanstilsy-net tilsyn med finansinstitusjonar, som omfattar forretnings- og sparebankar, kredittføretak, livs- og skadeforsikringsselskap, private, kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser og pensjons-fond, finansieringsselskap, forsikringsformidla-rar, børsar og andre regulerte marknadsplassar.

Etter finanstilsynslova § 1 nr. 14, jf. verdipapirhan-dellova § 15-1, har Finanstilsynet ansvar for å føra tilsyn med verksemda til verdipapirføretak og oppgjerssentralar, og med at reglane i verdipapir-handellova vert følgde. Finanstilsynet har også ansvar for å føra kontroll med eigedomsmeklarar etter eigedomsmeklarlova § 8-1, kontroll med inkassoverksemd etter inkassolova § 30, kontroll med forvaltning av verdipapirfond etter verdipa-pirfondlova § 8-2, tilsyn med revisorar og revi-sjonsføretak etter finanstilsynslova § 1 nr. 9, tilsyn med sjøtrygdelag, jf. finanstilsynslova § 1 nr. 12, og tilsyn med føretak som driv låneformidling, jf.

finanstilsynslova § 1 nr. 7. Finanstilsynet fører til-syn med rekneskapsførarar etter finanstiltil-syns- finanstilsyns-lova § 1 nr. 18. Finanstilsynet fører òg tilsyn med verksemder til filialar av kredittinstitusjonar og andre finansinstitusjonar frå andre statar i dei til-fella slikt tilsyn ikkje vert ført av styresmaktene i heimlandet. Det vert dessutan ført tilsyn med fili-alar av norske finansinstitusjonar i utlandet.

Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, verkar på eit føremålstenleg og trygt vis og i samsvar med lover og føresegner og det føremålet og dei

ved-tektene som ligg til grunn for kvar einskild institu-sjon. For å utføra tilsynsoppgåvene skal Finanstil-synet granska rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane, og elles gjera dei undersøkingane om stillinga og verksemda deira som Finanstilsy-net finn naudsynt, jf. finanstilsynslova § 3.

In document (2010–2011) (sider 93-98)