• No results found

Kort om oppgåvene og styresettet

In document (2010–2011) (sider 112-115)

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovu-daktivitetar: å overvaka og gje råd om økonomien i medlemslanda med tanke på å førebyggja økono-miske ubalansar og kriser, å gje lån til land som har betalingsbalanseproblem eller er i krisesitua-sjonar, og å gje teknisk assistanse til medlems-landa.

IMF si overvaking byggjar på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssek-toren og dei strukturelle forholda i medlems-landa. Den bilaterale overvakinga er ei

kjerne-verksemd i IMF og vert utført gjennom regelmes-sige konsultasjonar med kvart medlemsland.

Medlemslanda har plikt til å gje IMF informasjon, men ikkje til å følgja tilrådingane frå IMF. IMF analyserer òg den globale økonomien og interna-sjonale ubalansar gjennom den multilaterale over-vakinga. Dei halvårlege publikasjonane «Global Financial Stability Report» og «World Economic Outlook» er sentrale og velrenommerte verkty.

IMF er òg ein sentral premissleverandør for andre internasjonale organ, som G20 og Financial Stabi-lity Board.

Siktemålet med utlånsverksemda til IMF er å sikra medlemslanda tilgang til finansieringsord-ningar slik at dei kan korrigera mellombels vans-kar med betalingsbalansen utan å måtta gripa til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konse-kvensar for landet sjølv eller for andre land. IMF fungerer som ein kredittunion. Utlånsverksemda vert først og fremst finansiert gjennom innskot – eller kvotar – frå medlemslanda. Kor mykje kvart land er forventa å yta, altså storleiken på kvotane, er basert på kor stort landet er i verdsøkonomien.

I tillegg har ei rad land inngått avtalar om å yta til-leggslån til IMF når det er trong for det.

For å få lån må landa på førehand anten opp-fylla kriteria i låneordninga, eller dei må akseptera eit økonomisk tilpassings- og stabiliseringspro-gram. Krava skal sikra at tilhøva vert lagde til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling etter at låna er gjevne, og for at kreditorane skal få for-nya tillit til landet. Kor mykje landa kan låna, er avhengig av kor stor kvote landet har. Det er også etablert særskilde låneordningar, med subsidiert rente, for låginntektsland. Boks 10.1 gjev eit over-syn over IMF sine låneordningar.

Teknisk assistanse frå IMF skal hjelpa med-lemslanda til å få eit betre institusjonelt grunnlag for å gjennomføra den økonomiske politikken. Det vert i hovudsak gjeve teknisk assistanse i sam-band med utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikk og ved utvikling av gode institu-sjonar og lovgjeving for økonomisk verksemd og for finanssektoren.

Det øvste organet i IMF er guvernørrådet. Det er sett saman av ein guvernør og ein

vararepre-Boks 10.1 Oversikt over utlånsordningane til IMF per 1. april 2011

IMF sine utlånsordningar kan grovt delast inn i generelle låneordningar for alle medlemsland og sær-skilde låneordningar for låginntektsland. Dei generelle låneordningane vert finansierte av dei ordi-nære midlane til IMF. Dei særskilde låneordningane for låginntektsland vert finansierte gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

1 Prosent av kvoten til landet

2 IMF si grunnrente er SDR-renta, som vert rekna ut som eit vekta gjennomsnitt av tremånadersrenta for dei valutaene som er med i SDR (amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag som for tida er 100 punkt (eitt prosentpoeng). Påslaget skal mellom anna dekkja administrative utgifter og oppbygging av reservar. SDR-renta var 0,47 prosent per 1. april 2011.

3 Rentepåslag på 200 punkt (to prosentpoeng) for den delen av lånet som går over 300 prosent av kvoten, og ytterlegare 100 punkt på den delen som går over 300 prosent av kvoten i meir enn tre år.

Kjelde: IMF.

Tabell 10.1 Dei generelle ordningane.

Låneordning Siktemål Lånegrense1 Rente Tilbakebetaling Stand-By

Arran-gement (SBA) (1952)

Kortsiktige problem med beta-lingsbalansen.

Årleg grense er normalt 200 prosent. Kumu-lativ grense over løpetida er normalt 600 prosent, men kan vera høga-re.

Grunnrente2 + 200–300 rentepunkt3

3¼–5 år

Extended Fund-Facility (EFF) (1974)

Mellomlangsiktige betalings-balansebehov som i hovudsak kjem av strukturelle forhold

Som for SBA Som for SBA 4½–10 år

Emergency Assis-tance for Natural Disasters

(ENDA) (1962) / post-conflict (EPCA) (1995)

Betalingsbalanseproblem i samband med naturkatastro-far / etterverknad av politisk uro og væpna konfliktar

Normalt 25 prosent, men kan aukast til 50 prosent i spesielle høve

Grunnrente Som for SBA

Flexible Credit Line (FCL) (2009)

Fleksibel trekktilgang til land med sterk økonomisk stilling

Inga fast låne-grense

Som for SBA Som for SBA

Precautionary Credit Line (PCL) (2010)

Fleksibel trekktilgang til land med relativt sterk økonomisk stilling, men som ikkje fyller vilkåra for FCL

Opp til 500 pro-sent ved opp-start og 1000 prosent etter 12 månader

Som for SBA 3½ –5 år

sentant frå kvart medlemsland. Sentralbanksjefen er Noreg sin medlem i guvernørrådet, medan departementsråden i Finansdepartementet (finansråden) er vararepresentant. Det daglege arbeidet vert leidd av styret, som består av admi-nistrerande direktør i IMF og 24 representantar for medlemslanda. Noreg har felles representant i styret med dei andre nordiske og dei tre baltiske landa. Kvar styremedlem har eit tilknytt sekreta-riat og fast tilhald ved hovudkontoret til IMF i Washington DC, USA.

Den internasjonale monetære og finansielle komitéen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) er eit viktig rådgjevande organ som har møte to gonger i året, til vanleg i april og september/oktober. Komitéen gjev råd om den generelle strategien til IMF, om kva for økono-misk-politiske tema institusjonen skal konsentrera seg om, og legg dei politiske føringane for

verk-semda. IMFC har 24 medlemer på minister- eller sentralbanksjefnivå, etter same mønster som sty-ret.

Frå hausten 2008 var den egyptiske finansmi-nisteren Youssef Boutros-Ghali leiar i IMFC.

Boutros-Ghali trekte seg som finansminister i januar, og då også frå vervet i IMFC. Det er semje i IMFC om at leiarvervet skal rotera mellom regi-onar. Boutros-Ghali representerte Afrika og Midt-austen. Tidlegare leiarar har vore Gordon Brown frå Storbritannia og Tommaso Padoa-Schioppa frå Italia. Det var såleis naturleg å sjå til Asia eller Amerika for å finna den neste IMFC-leiaren. I mars vart det klart at finansministeren i Singa-pore, Tharman Shanmugaratnam, vert ny leiar i IMFC. Dette er første gongen IMFC har ein leiar frå Asia.

I den nordisk-baltiske valkrinsen går represen-tasjonen på omgang mellom medlemslanda. For Boks 10.1 (forts.)

1 Prosent av kvoten til landet. Det er satt ei samla lånegrense for dei tre ordningane under PRGT (ECF, SCF og RCF) på 100 prosent per år, og maksimalt 300 prosent. Desse grensene kan fråvikast i særlege tilfelle.

2 Renta på alle låneordningar for låginntektsland er sett til null fram til utgangen av 2011. For SCF vert rentekostnadar ettergjeve ut 2011.

Kjelde: IMF.

Tabell 10.2 Dei spesielle ordningane – Poverty Reduction and Growth Trust (PRGT).

Låneordning Siktemål Lånegrense1 Rente2 Tilbakebetaling Extended Credit

Facility (ECF) (2009)

Mellomlangsiktig finansier-ing ved vedvarande pro-blem med betalingsbalan-sen (etterfølgjer det tidle-gare PRGF)

Inga fast lånegrense

0 prosent 10 år

Standby Credit Facility (SCF) (2009)

Kortsiktig finansiering Inga fast lånegrense

¼ prosent 8 år

Rapid Credit Faci-lity (RCF) (2009)

Kortsiktig, rask finansiering Normalt årleg lånegrense på 25 prosent.

Kumulativ grense på 75 prosent.

0 prosent 10 år

Land som vert utsette for ekstraordinære sjokk

Årleg lånegren-se på 50 pro-sent. Kumula-tiv grense på 100 prosent.

Som over Som over

tida representerer Benny Andersen frå Danmark den nordisk-baltiske krinsen. Første halvår 2010 representerte den finske finansministeren Jyrki Katainen valkrinsen i IMFC. Andre halvår 2010 og første halvår 2011 er finansminister Sigbjørn John-sen repreJohn-sentant for valkrinJohn-sen. Det er ei tett og regelbasert koordinering mellom dei nordisk-bal-tiske landa for at ein skal verta samde om kva synspunkt valkrinsen skal fremja.

In document (2010–2011) (sider 112-115)