• No results found

Norske og nordiske bidrag til

In document (2010–2011) (sider 134-138)

Island og Latvia

10.8.1 Bakgrunn

To land i den nordisk-baltiske valkrinsen, Island og Latvia, vart særleg hardt råka av den interna-sjonale finanskrisa. Begge landa måtte hausten 2008 be om assistanse frå IMF for å stabilisera situasjonen og sikra tilgangen på finansiering i valuta. Noreg gjekk saman med Danmark, Fin-land og Sverige om å tilby langsiktige lån på til saman om lag 1,8 milliardar euro til kvart av dei to landa, knytt til IMF-programma deira. Begge pro-gramma er under SBA-ordninga. Den norske tilse-gna om lån til Island er på 480 millionar euro og er organisert som lån frå Noregs Bank til Sedlabanki Islands, med garanti frå den norske staten. Den norske tilsegna om lån til Latvia er på 378 millio-nar euro og er eit stat-til-stat-lån. Basert på valuta-kursen 1. april svarer desse tilsegnene til høvesvis 3,8 og 3,0 milliardar kroner. Samla sett reflekterer fordelinga mellom dei fire nordiske långjevarlan-da dei relative kvotane lanlångjevarlan-da har i IMF. Dei nor-diske långjevarane har samarbeidd om lånevilkå-ra, og dei har òg inngått avtalar som sikrar rett byrdefordeling ved eit eventuelt misleghald.

10.8.2 Island

Bakgrunnen for problema i Island var store øko-nomiske ubalansar som hadde bygd seg opp gjen-nom fleire år, med store underskot i utanriksrek-neskapen og sterk auke i utanlandsgjelda, over-oppheta bustadmarknad og kraftig, lånefinansiert vekst i banknæringa som hadde bringa den samla balansen til bankane opp i ti gonger Islands årlege BNP. Då finanskrisa kom, miste dei internasjonale marknadene tilliten til islandsk økonomi og island-ske bankar, og store delar av banksektoren gjekk konkurs. Resultatet var eit dramatisk konjunktur-tilbakeslag med ei firedobling av arbeidsløysa og sterkt svekte offentlege finansar. No, tre år sei-nare, ser ein at dei tiltaka Island gjennomførte på basis av IMF-programmet, begynner å bera

fruk-ter. Den islandske økonomien er i ferd med å betra seg, og IMF-staben ventar vekst i BNP i 2011 for første gong sidan 2008. Utanriksøkono-mien er styrkt og utanlandsgjelda halvert, bud-sjettunderskotet er vesentleg redusert, og opp-ryddinga etter bankkrisa har kome langt. Men arbeidsløysa er framleis på over 7 prosent av arbeidsstyrken (AKU) og representerer ei stor utfordring.

Det står også att å få ei endeleg avklaring på handteringa av den islandske staten sine forplik-tingar knytte til garantiar for innskot frå neder-landske og britiske innskytarar i den fallerte islandske banken Landsbanki (Icesave). Ein avtale med Nederland og Storbritannia om dette vart forkasta i ei folkeavrøysting 6. mars 2010.

EFTA sitt overvakingsorgan, ESA, sende eit opningsbrev til islandske styresmakter 26. mai som konkluderte med at Island hadde brote for-pliktingane som følgjer av direktivet om innsky-targarantiar og dei generelle likebehandlingsprin-sippa i EØS-avtalen. ESA meiner at den islandske staten har plikt til å sikra kompensasjon for tapte innskot opp til minstekravet i direktivet på 20 000 euro per kunde per bank, og at Island såleis har plikt til å kompensera Nederland og Storbritannia for utlegg dei har hatt med å forskottera utbetalin-gar frå den islandske utbetalin-garantiordninga. Ein islandsk forhandlingsdelegasjon, der også ein representant for opposisjonen deltok, forhandla fram ein ny Icesave-avtale med Storbritannia og Nederland i fjor haust. Eit breitt fleirtal i Alltinget slutta seg til avtalen 16. februar 2011. Den island-ske presidenten valde likevel å leggja denne Ices-ave-avtalen fram for folkeavrøysting, slik han også gjorde med den førre avtalen. Dato for avrøystin-ga er 9. april 2011. Fleire kredittvurderingsbyrå har varsla at dei vil nedgradera kredittverdigheita til Island ytterlegare om det vert nei endå ein gong. Dersom avtalen vert avvist, kan saka enda i EFTA-domstolen.

Dei nordiske låna til Island skal utbetalast i fire transjar knytte til IMF-styret si godkjenning av framdrifta for stabilseringsprogrammet for Island.

Det er også ein føresetnad for dei nordiske låna at Island honorerer dei internasjonale forpliktingane sine, mellom dei EØS-forpliktingane. Dei nordiske lånegjevarane har likevel ikkje gjort dei konkrete Icesave-avtalane til eit vilkår. Frå norsk side legg ein vekt på fråsegna frå islandske styresmakter om at Island vil stå ved EØS-forpliktingane sine.

Ein legg også vekt på at ein ikkje vil forskottera ein eventuell rettsleg prosess i EØS-organa.

IMF-styret godkjende den fjerde gjennomgan-gen av programmet for Island 10. januar i år. I

dis-kusjonen i styret vart det mellom anna lagt vekt på at det såg ut til å verta ei løysing på Icesave-saka.

Denne godkjenninga inneber at tre firedelar av dei nordiske låna er stilte til disposisjon for Island.

Men Island har så langt berre bede om å få utbe-talt dei to første firedelane. For Noreg sin del inne-ber dette at 240 millionar euro er utbetalt. Fram-drifta i det islandske programmet er no meir enn eitt år forseinka. Island har difor bede om at den perioden der landet har høve til å trekkje på lånet, vert forlengd ut 2011. Styresmaktene i dei nor-diske långjevarlanda har svart positivt på førespur-naden frå Island om forlenging, men dei formelle avtalerevisjonane er enno ikkje på plass.

Ein nærare omtale av lånet til Island og regje-ringa si handtering av dette er gjeven i St.prp. nr.

47 (2008-2009) og i finansminister Johnsen si skriftlege fråsegn til finanskomiteen i samband med Dokument 8:46 S (2009-2010) om bistand til Island uavhengig av Icesave-avtalane.

10.8.3 Latvia

Også i Latvia sitt tilfelle kom stabiliseringspro-grammet som var utvikla saman med IMF på plass for å handtera ei akutt finans- og betalingsbalan-sekrise. Krisa kom etter fleire år med kraftig øko-nomisk vekst, med lett tilgang på internasjonal finansiering og kredittdrive privat forbruk. Store ubalansar hadde bygd seg opp og gjorde den lat-viske økonomien sårbar då den internasjonale finanskrisa kom og tilgangen på kapital tørka ut.

Målsetjinga med IMF-programmet er å stabilisera den makroøkonomiske situasjonen i landet, mel-lom anna ved å støtta Latvia sin valutakurspolitikk gjennom auka valutareservar, ved å stabilisera banksektoren og ved å sikra statsfinansane. Latvia har no langt på veg lykkast i å stabilisera den makroøkonomiske situasjonen, styrkja finans-sektoren og vinna tilbake tillit til valutakurspolitik-ken. Landet har i stor grad greidd å skjerma seg frå uroa på dei europeiske statsgjeldmarknadene som oppstod i fjor, og konkurranseevna er betra.

Blant tiltaka Latvia har sett i verk, er kraftige kutt i

offentlege budsjett. Planen til regjeringa er å bringe budsjettunderskotet ned frå over 10 pro-sent av BNP i 2009 til EU sitt traktatfesta tak på 3 prosent av BNP innan 2014, og å verta medlem av eurosona. Arbeidsløysa har kome litt ned frå topp-nivået, men ifølgje siste tilgjengelege tall er ho fortsett er over 18 prosent av arbeidsstyrken.

På basis av det vedtekne budsjettet for 2010 godkjende IMF-styret den tredje gjennomgangen av framdrifta for stabiliseringsprogrammet i juni i fjor. Fjerde gjennomgang har trekt noko ut, mel-lom anna i påvente av at eit statsbudsjett for 2011 i tråd med den ambisiøse budsjettkonsoliderings-planen til Latvia skulle koma på plass. I samband med stabiliseringsprogrammet har Latvia fått vesentleg større lån frå EU enn frå IMF, og IMF og Europakommisjonen samarbeider om å følgja opp programmet og vurdera framdrifta.

På bakgrunn av at den økonomiske utviklinga har vorte noko betre enn ein opphavleg tok høgd for i stabiliseringsprogrammet, har den latviske regjeringa bestemt seg for å freista å la vera å trekkja på dei nordiske låna. Det er likevel viktig for Latvia å ha desse låna som ein kredittreserve som sikrar rask tilgang til lånemidlar dersom behovet skulle oppstå. Det er altså uklart om Lat-via vil koma til å trekkja på det norske og dei andre nordiske låna.

For nærare omtale av lånet til Latvia viser vi til Prop. 112 S (2009-2010). Stortinget gav 25. mai 2010 samtykke til å inngå ein avtale om lån frå den norske staten til den latviske staten i samsvar med dei vilkåra det var gjort greie for i proposisjonen.

Låneavtalen vart underskriven 21. september 2010.

Finansdepartementet t i l r å r :

Tilråding frå Finansdepartementet av 15. april 2011 om Finansmarknadsmeldinga 2010 vert send Stortinget.

Vedlegg 1

Saker som er handsama av Finansdepartementet i 2010 etter finansieringsverksemdslova, børslova og

verdipapirhandellova

Oversikta gjev opplysningar om søkjar/klagar, vedtak, heimdel, dato, saksnummer, og om det er stilt vilkår til saker som er handsama av Finansde-partementet etter reglane i finansieringsverk-semdslova, børslova og verdipapirhandellova i 2010. Oversikta er ikkje fullstendig. Det er mellom anna ikkje teke med vedtak om oppnemning til råd og verv, innsyn i dokument, fritak frå teieplikt o.a.

Forkortingar:

finansvl. – lov 10.juni 1988 nr. 40 om finansier-ingsvirksomhet og finansinstitusjoner (finansier-ingsvirksomhetsloven)

børsl. – lov 29.juni 2007 nr. 74 om regulerte markeder (børsloven)

vphl. – lov 29.juni 2007 nr 75 om verdipapir-handel (verdipapirverdipapir-handelloven)

To løyve til å driva forsikringsverksemd og endring av vilkår

29.6.2010 – 08/252

Gabler Wassum AS. Avslag søknad om fristfor-lenging til å ta i bruk løyve til livsforsikringsverk-semd.

16.12.2010 – 08/244

Netfonds Livsforsikring AS. Avslag på søknad om utvida løyve.

Eit løyve til å driva finansieringsverksemd og endring av vilkår

18.6.2010 – 10/2538

Gjensidige forsikring BA. Løyve til omdanning til allmennaksjeselskap. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-13 andre ledd.

To vedtak i samband med finanskonsernreglane 15.12.2010 – 07/3991

DnB NOR Bank ASA. Avslag på søknad om forlenging av dispensasjon for plassering av Salus-Ansvar AB i konsernstrukturen. Heimel: finansvl.

§ 2a-6 andre ledd femte punktum.

20.12.2010- 10/4318

DnB NOR Bank ASA. Løyve til å overta dei resterande 59. pst. av aksjane i Bank DnB NORD A/S. Vilkår. Heimel: finansvl. §§ 2a-3 og 2a-7 andre ledd.

Fem fusjonar mellom finansinsitusjonar 12.4.2010 – 09/5635

Nordito AS og PBS Holding A/S. Løyve til fusjon. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2a-14.

27.3.2010 – 10/1011

Ringerikes Sparebank, Gran Sparebank og Sparebanken Jevnaker Lunner. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

15.6.2010 – 10/1962

Fjaler Sparebank og Sparebanken Sogn og Fjordane. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Hei-mel: finansvl. § 2c-2 første ledd.

30.6.2010 – 10/2533

Høland Sparebank og Setskog Sparebank.

Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel: finansvl.

§ 2c-2 første ledd.

22.10.2010 – 10/3629

Sparebank 1 SR-Bank og Kvinnherad Spare-bank. Løyve til å slå seg saman. Vilkår. Heimel:

finansvl. § 2c-2 første ledd.

Ingen vedtak om oppretting av filial og dotterselskap i utlandet

To vedtak i samband med verdipapirhandel 21.4.2010 – 09/6023

Oslo Clearing ASA. Løyve til å driva oppgjers-verksemd. Vilkår. Heimel: vphl.§ 13-1første ledd.

12.5.2010 – 09/5622

OMX AB. Løyve til å eiga alle aksjane i Nord Pool ASA. Vilkår. Heimel: børsl. § 35 andre ledd.

In document (2010–2011) (sider 134-138)