• No results found

Nærare om bankane

In document (2010–2011) (sider 60-66)

4.5 Utviklinga på bank- og kreditt-

4.5.2 Nærare om bankane

Den norske bankmarknaden er prega av få store og relativt mange små og mellomstore bankar.

Marknadsdelen til dei tre største bankane i Noreg, målt i prosent av total forvaltningskapital, har auka gjennom dei siste 14 åra. Ved utgangen av 2010 hadde dei tre største bankane 57 pst. av den totale forvaltningskapitalen i norske bankar, ein auke på 14 prosenteiningar sidan 1995. Saman-slåinga av DnB og Sparebanken Nor i 2003 med-verka til at dei tre største bankane har fått auka marknadsdelar14. Marknadsdelane til dei tre

stør-ste bankane er likevel lågare i Noreg enn i Dan-mark, Finland og Sverige.

Norske bankar har om lag 70 prosent av dei totale bankutlåna i Noreg. I alt har norske bankar lånt ut 2 000 mrd. kroner om ein ser vekk frå utlån til stat, kommunar og lån mellom finansielle føre-tak. Tabell 4.4 viser korleis utlåna fordeler seg på dei fem regionane Austlandet, Sør-Noreg, Vest-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg. Om lag halv-parten av dei totale utlåna er lån til låntakarar på Austlandet, og utlåna til kundar på Austlandet og i Vest-Noreg utgjer til saman nesten fire femdelar av totale utlån. Utlåna til kvar av dei tre andre regi-onane (Sør-Noreg, Midt-Noreg og Nord-Noreg) er relativt sett mykje mindre, men totalt utgjer utlåna til desse tre regionane over 20 prosent av totale utlån. Tala over regionfordelte utlån speglar befolknings- og næringsstrukturen i Noreg.

Tabellen gjev ei oversikt over utlåna i nomi-nelle kroner tilbake til 1987. Som ein kan venta har det i alle regionar vore ein kraftig auke i utlå-na. Bryt ein ned tala finn ein at auken i utlån frå 1987 har vore størst i Vest-Noreg og minst i Nord-Noreg. I dei tre andre regionane har veksten vore om lag jamstor.

Målt ved delen av totale utlån frå dei tre største bankane er det store skilnader på marknadskon-sentrasjonen i dei fem regionane. Konsentrasjo-nen er størst på Austlandet (57 pst.) og minst i Sør-Noreg (28 pst.). Det er berre i Sør-Noreg dei

14 I omtalen vert utviklinga i forretningsbankar og spareban-kar vist kvar for seg fram til 2003, då fusjonen mellom Spa-rebanken Nor og DnB førte til at ein i statistikk og analysar slutta å skilja mellom forretningsbankar og sparebankar. I figurane tyder såleis «alle bankar» forretningsbankar og sparebankar samla.

Figur 4.10 Rammelån som del av totale utlån med pant i bustad (venstre akse) og utnyttingsgrad (høgre akse). Kvartalsvise observasjonar.

Kjelde: Finanstilsynet.

74 % 76 % 78 % 80 % 82 % 84 % 86 % 88 %

0 % 5 % 10 % 15 % 20 % 25 % 30 %

des. 05 mai. 06 okt. 06 mar. 07 aug. 07 jan. 08 jun. 08 nov. 08 apr. 09 sep. 09 feb. 10 jul. 10 des. 10

Del av totale bustadlån Utnyttingsgrad (høgre)

Figur 4.11 Hushalda si gjeld i prosent av disponi-bel inntekt i utvalde land. Kvartalsvise observa-sjonar.

Kjelde: BIS, nasjonale sentralbankar og Thomson Reuters.

0 50 100 150 200 250 300

0 50 100 150 200 250 300

1989 1991 1993 1994 1996 1998 1999 2001 2003 2004 2006 2008

Sverige Danmark Finland USA Noreg

tre største bankane sin del av totale utlån har vorte redusert etter 1987.

Hushald og føretak har ofte ulike behov for finansielle tenester, og det er mellom anna av den grunn vanleg å skilja mellom utlån til ikkje-finansi-elle føretak og hushald. Dei tre største bankane har ein større del marknaden for bankutlån til føretak enn for bankutlån til hushald.

Konsentrasjonen i bankmarknaden kan vera ein viktig indikator både for konkurransen og for finansiell stabilitet. Det kan til dømes vera slik at lånemarknaden i regionar kor dei tre største aktørane har høgst marknadsdel, er meir avhen-gig av soliditeten hjå einskilde bankar enn kva som er tilfelle i andre regionar. Vidare kan kon-kurransen i lånemarknaden li om nokre få bankar

dominerer. Det er likevel usikkert i kva utstrek-ning ein kan trekkja kvasse slututstrek-ningar på bak-grunn av regionfordelte mål på marknadskonsen-trasjon. Det er til dømes ikkje sikkert at det er vanskeleg for kunde og bank å møtast over regi-onsgrensene. Det kan òg vera slik at bankar med lokal tilknyting er lite aktuelle for einskilde lokale kundar. Til dømes kan regionale og lokale spare-bankar ha for liten kapitalbase til å kunna finansi-ere store lokale føretak, eller lokale føretak kan vera kopla opp mot ein marknad som den lokale sparebanken har relativt avgrensa kunnskap om.

For slike føretak kan auka konsentrasjon i bank-marknaden i visse fall føra til eit betre tilbod av relevante banktenester.

Tabell 4.4 Utlån frå norske bankar fordelt på regionar. Millionar kroner.

Region Sektorinndeling Bankar 1987 1990 1995 2000 2005 2009

Aust-landet

Publikum Alle bankar 177 518 220 405 249 580 456 026 750 714 934 214 3 største bankar 90 930 162 254 150 903 300 303 479 664 533 959 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 51,2 % 73,6 % 60,5 % 65,9 % 63,9 % 57,2 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 70 629 92 646 102 531 178 345 229 615 446 319 3 største bankar 45 732 74 439 63 535 124 742 160 333 318 894 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 64,75 % 80,35 % 61,97 % 69,94 % 69,83 % 71,45 % Hushald Alle bankar 90 398 108 299 128 231 253 663 489 376 450 654 3 største bankar 40 072 74 107 76 260 161 768 302 234 201 538 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 44,3 % 68,4 % 59,5 % 63,8 % 61,8 % 44,7 %

Sør-Noreg

Publikum Alle bankar 30 163 36 241 43 874 70 711 120 738 156 157 3 største bankar 9 405 16 159 14 325 26 367 45 178 44 350 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 31,2 % 44,6 % 32,7 % 37,3 % 37,4 % 28,4 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 9 068 11 491 12 317 20 921 32 576 53 742 3 største bankar 4 046 7 517 5 510 8 922 15 065 19 193 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 44,6 % 65,4 % 44,7 % 42,7 % 46,2 % 35,7 % Hushald Alle bankar 17 827 21 211 26 660 44 317 81 524 96 071 3 største bankar 4 614 7 655 7 258 15 742 28 663 24 244 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 25,9 % 36,1 % 27,2 % 35,5 % 35,2 % 25,2 %

Vest-Noreg

Publikum Alle bankar 95 547 113 714 142 278 260 828 430 235 605 690 3 største bankar 33 477 45 425 49 473 94 497 176 441 246 902 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 35,0 % 40,0 % 34,8 % 36,2 % 41,0 % 40,8 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 35 950 46 084 56 671 115 197 157 284 292 589 3 største bankar 17 691 26 532 27 371 53 085 82 485 155 031 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 49,2 % 57,6 % 48,3 % 46,1 % 52,4 % 53,0 % Hushald Alle bankar 48 313 56 795 73 998 131 748 255 563 291 615 3 største bankar 12 758 16 093 19 475 38 903 90 550 88 569 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 26,4 % 28,3 % 26,3 % 29,5 % 35,4 % 30,4 %

Midt-Noreg

Publikum Alle bankar 29 270 35 831 44 806 70 670 119 564 152 111 3 største bankar 4 784 8 370 8 738 19 298 56 167 65 893 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 16,3 % 23,4 % 19,5 % 27,3 % 47,0 % 43,3 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 9 290 12 418 14 987 24 618 33 293 57 866 3 største bankar 2 169 5 170 5 166 9 095 19 651 30 657 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 23,4 % 41,6 % 34,5 % 36,9 % 59,0 % 53,0 % Hushald Alle bankar 15 766 19 108 24 976 39 973 78 761 84 765 3 største bankar 2 427 2 881 3 316 9 468 34 475 32 838 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 15,4 % 15,1 % 13,3 % 23,7 % 43,8 % 38,7 %

Nord-Noreg

Publikum Alle bankar 36 962 36 758 52 023 85 828 127 279 155 003 3 største bankar 7 400 8 785 13 622 27 388 49 206 46 426 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 20,0 % 23,9 % 26,2 % 31,9 % 38,7 % 30,0 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 11 088 11 844 16 886 33 645 41 891 60 500 3 største bankar 3 253 3 382 5 627 11 623 17 164 19 825 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 29,3 % 28,6 % 33,3 % 34,6 % 41,0 % 32,8 % Hushald Alle bankar 19 646 19 869 28 275 44 602 79 283 87 959 3 største bankar 3 141 4 487 6 298 14 157 30 649 25 626 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 16,0 % 22,6 % 22,3 % 31,7 % 38,7 % 29,1 % Tabell 4.4 Utlån frå norske bankar fordelt på regionar. Millionar kroner.

Region Sektorinndeling Bankar 1987 1990 1995 2000 2005 2009

Austlandet: Østfold, Akershus, Oslo, Hedmark, Oppland, Buskerud og Vestfold Sør-Noreg: Telemark, Vest-Agder, Aust-Agder

Vest-Noreg: Rogaland, Hordaland, Sogn- og Fjordane, Møre og Romsdal Midt-Noreg: Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag

Noreg: Nordland, Troms og Finnmark (Eventuelle data frå Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen er ført på Nord-Noreg)

Kjelde: Finanstilsynet.

4.5.2.2 Utvikling i resultat etter skatt

Årsresultata i forretningsbankane låg i perioden frå 1975 til 1986 rundt 1,0 pst. av forvaltningskapi-talen, medan resultata i sparebankane låg noko høgare. Frå 1986 bikka resultatutviklinga nedover, og i 1991 nådde driftsresultatet etter tap eit botnni-vå som følgje av store tap og nedskrivingar på anleggsmidlar. Både forretnings- og sparebank-ane hadde negative resultat dette året, men resul-tata var mykje meir negative for forretningsbank-ane.

Fleire faktorar har medverka til at sparebank-ane i periodar har hatt betre resultat enn forret-ningsbankane. Under bankkrisa var lågare utlåns-tap ein viktig faktor. Frå byrjinga av 1980-talet har òg eigenkapitalen vore høgare i sparebankane enn i forretningsbankane. Det kan skuldast at for-retningsbankane i større mon har teke mål av seg til å gje eigarane ei høg prosentvis avkastning på eigenkapitalen. Det kan vera enklare å klara når eigenkapitalen er låg. Viktig har det nok òg vore at sparebankane har hatt høgare netto renteinn-tekter enn forretningsbankane. Nokre av dei fak-torane som kan ha påverka lønsemda vert det gjort nærare greie for i dei kommande avsnitta.

Uavhengig av årsak fekk dei dårlege resultata hjå

bankane på byrjinga av 1990-talet stor innverknad på strukturen på bankmarknaden.

I perioden etter bankkrisa har resultata igjen vore positive og aukande. I 2002 og 2003 var øko-I alt Publikum Alle bankar 369 460 442 949 532 561 944 064 1 548 530 2 003 175 3 største bankar 145 996 240 993 237 061 467 854 806 657 937 530 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 39,5 % 54,4 % 44,5 % 49,6 % 52,1 % 46,8 % Ikkje-finansielle

føretak

Alle bankar 136 026 174 484 203 393 372 726 494 659 911 017 3 største bankar 72 891 117 039 107 209 207 467 294 698 543 600 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 53,6 % 67,1 % 52,7 % 55,7 % 59,6 % 59,7 % Hushald Alle bankar 191 950 225 282 282 140 514 304 984 508 1 011 065 3 største bankar 63 012 105 223 112 608 240 038 486 571 372 815 Dei tre største bankane

sin del av marknaden 32,8 % 46,7 % 39,9 % 46,7 % 49,4 % 36,9 % Tabell 4.4 Utlån frå norske bankar fordelt på regionar. Millionar kroner.

Region Sektorinndeling Bankar 1987 1990 1995 2000 2005 2009

Figur 4.12 Resultat etter skatt i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

-5 % -4 % -3 % -2 % -1 % 0 % 1 % 2 % 3 %

-5 % -4 % -3 % -2 % -1 % 0 % 1 % 2 % 3 %

1975 1977 1979 1981 1983 1985 1987 1989 1991 1993 1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009

Forretningsbankar Sparebankar Alle bankar

nomien inne i ein nedgangskonjunktur som førte til auka tap på utlån. I perioden frå 2003 til 2007 var det igjen oppgang i norsk økonomi, og det samla resultatet etter skatt låg på sitt høgaste nivå i 2005. Den internasjonale finanskrisa medverka til at utlånstapa igjen auka, og resultatet etter skatt fall i 2008. Korkje finanskrisa eller tapa i 2002 og 2003 har hatt nemnande innverknad på strukturen i den norske finansmarknaden, med det atterhal-det at verknadene av den internasjonale finanskrisa enno ikkje er over.

4.5.2.3 Utvikling i tap på utlån

Endringar i resultata til bankane heng i stor grad saman med svingingar i tap på utlån. I perioden frå 1970 og fram til 1987 var tapa i forretningsbankane og sparebankane låge, og dei utgjorde godt under 0,5 pst. av forvaltningskapitalen. Frå 1987 auka tapa i forretningsbankane raskt. I 1991 utgjorde tapa 4,5 pst. av forvaltningskapitalen. For sparebankane utgjorde tapa i 1991 1,9 pst. av forvaltningskapita-len. Denne kraftige auken i tapa fram til 1991 spegla ein periode med stadig fleire misleghaldne engasjement. Frå 1988 til 1990 auka talet på null-stilte lån (lån som ikkje vert betente av låntakaren, og som bankane ikkje inntektsfører renter frå) med 50 pst. Etter bankkrisa har tapa variert med kon-junkturane, men dei har ikkje på noko tid nærma seg nivåa frå bankkrisa, jf. figur 4.13

4.5.2.4 Utvikling i netto renteinntekter

Netto renteinntekter vert rekna ut ved å trekkja renteutgifter frå renteinntekter. Bankane sine netto renteinntekter er eit nøkkeltal om ein skal måla den potensielle lønsemda ved utlånsverk-semda. Netto renteinntekter utgjorde 90 pst. av dei totale inntektene til sparebankane i 1975, medan det tilsvarande talet for forretningsbank-ane var 75 pst. I 2010 utgjorde netto renteinntek-ter berre 67 pst. av bankane sine inntekrenteinntek-ter, men var framleis hovudinntektskjelda. Netto renteinn-tekter i forhold til forvaltningskapitalen har jamt over vore fallande for bankane samla sett sidan 1975. Fallet i netto renteinntekter tok ikkje til før første halvdel av 1990-talet for sparebankane, jf.

figur 4.14.

Fallet i netto renteinntekter kan ha fleire årsa-ker. Billegare tenester og automatisering som føl-gje av teknologiske og administrative framsteg, er éin faktor. Auka direkte prising av kostnadskrev-jande tenester er ein annan faktor. Auka konkur-ranse som følgje av at det har vorte enklare å byta bank, og at lojaliteten hos kundane såleis har minka, kan vera ein tredje faktor. Alt i alt har utviklinga ført til lågare rentemarginar (differanse mellom utlåns- og innskotsrente i bankane).

Saman med auka grad av marknadsfinansiering har det gjeve reduserte netto renteinntekter målt som del av forvaltningskapitalen. Dei største ban-kane har lågare netto renteinntekter i forhold til Figur 4.13 Tap på utlån i prosent av

gjennomsnitt-leg forvaltningskapital (GFK).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

-1 % 0 % 1 % 2 % 3 % 4 % 5 %

-1 % 0 % 1 % 2 % 3 % 4 % 5 %

1975 1977 1979 1981 1983 1985 1987 1989 1991 1993 1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009

Forretningsbankar Sparebankar Alle bankar

Figur 4.14 Netto renteinntekter i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK) og rentemargin i prosenteiningar (høgre akse).

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

0 1 2 3 4 5 6

0 % 1 % 2 % 3 % 4 % 5 % 6 %

1975 1977 1979 1981 1983 1985 1987 1989 1991 1993 1995 1997 1999 2001 2003 2005 2007 2009

Forretningsbankar Sparebankar Alle bankar Rentemargin (høgre)

forvaltningskapitalen enn mindre bankar. Dette er også dei bankane som har høgast marknadsfinan-siering.

4.5.2.5 Utvikling i eigenkapital

Figur 4.15 syner utviklinga i eigenkapital i prosent av forvaltningskapitalen frå 1970 og fram til utgan-gen av 2010. Eiutgan-genkapitalen var låg i åra før bank-krisa, og vart tapt for dei største forretningsane under krisa. I åra etter bankkrisa vart bank-ane kapitaliserte opp, og eigenkapitalen som del av forvaltningskapitalen var høgare mot slutten av 90-åra enn ved utgangen av 2010.

4.5.2.6 Utvikling i bankane si finansiering

Figurane 4.16 og 4.17 syner utviklinga i finansier-inga til forretningsbankar og sparebankar fram til 1992. Innskot har i heile perioden vore den vikti-gaste finansieringskjelda i bankane. Frå 1987 fekk bankane høve til å utferda obligasjonar, men med løpetidskrav fram til 1990. Grunngjevinga for å gje bankane tilgang til obligasjonsmarknadene var at dei skulle få høve til å betra samsvaret mellom løpetid og rentevilkår på sine aktiva og passiva.

Fram til 1989 nytta bankane i liten grad høvet til å utferda obligasjonar, men frå 1990 har utfer-ding av obligasjonar utgjort ein større del av bank-ane si finansiering. Under bankkrisa tok bankbank-ane imot støttelån frå Noregs Bank, og desse låna

utgjorde ein del av anna gjeld i denne perioden.

Ved utgangen av 1992 utgjorde innskot 69 pst. av forvaltningskapitalen i forretningsbankane og 84 pst. av forvaltningskapitalen i sparebankane. Obli-gasjonsgjelda utgjorde høvesvis 15 og 3 pst.

For bankane isolert sett har innskotsdekninga auka monaleg dei siste åra, jf. figur 4.18. Auken har samanheng med overføring av lån til eigne Figur 4.15 Eigenkapital i prosent av

forvaltnings-kapitalen.

Kjelde: Finanstilsynet og Statistisk sentralbyrå.

0 % 1 % 2 % 3 % 4 % 5 % 6 % 7 % 8 % 9 %

0 % 1 % 2 % 3 % 4 % 5 % 6 % 7 % 8 % 9 %

1970 1973 1976 1979 1982 1985 1988 1991 1994 1997 2000 2003 2006 2009

Forretningsbankar Sparebankar Alle bankar

Figur 4.16 Fordeling av passivasida i balansen.

Forretningsbankar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 %

0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 %

1970 1972 1974 1976 1978 1980 1982 1984 1986 1988 1990 1992

Innskot Sertifikat Obligasjonar Anna gjeld Eigenkapital

Figur 4.17 Fordeling av passivasida i balansen.

Sparebankar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 %

0 % 10 % 20 % 30 % 40 % 50 % 60 % 70 % 80 % 90 % 100 %

1970 1972 1974 1976 1978 1980 1982 1984 1986 1988 1990 1992

Innskot Sertifikat Obligasjonar Anna gjeld Eigenkapital

bustadkredittføretak som følgje av byteordninga med OMF. Ser ein på bankane og bustadkreditt-føretaka samla har innskotsdekninga falle jamt over heile perioden sidan 1995. Innskotsdekninga var på 78 pst. ved utgangen av 2010. Små bankar har tidlegare hatt høgare innskotsdekning enn store bankar, men på morbanknivå er skilnaden redusert på grunn av overføringar av lån til bustadkredittføretaka i dei større bankane. Sett frå hushalda si side utgjer innskot i bank ein stor del av sparinga. Sparing gjennom innskot utgjorde 32 pst. av hushalda sine fordringar ved utgangen av 2010.

In document (2010–2011) (sider 60-66)