• No results found

Reform av styresett, kvotar og

In document (2010–2011) (sider 124-129)

10.5.1 Bakgrunn

Sterk økonomisk vekst gjennom fleire år har ført til at ein del framveksande økonomiar har ein

17 Omgrepet Washington-konsensus viser vanlegvis til drei-inga mot eit neoliberalt tankesett som fann stad mellom ledande økonomar, politikarar, journalistar og ledande glo-bale institusjonar som IMF og Verdsbanken frå 1980-talet og til byrjinga av 2000-talet.

18 Sjå mellom anna IMF Staff Position Note 10/03: Rethinking Macroeconomic Policy.

kvote og ei røystevekt som er mindre enn posisjo-nen i verdsøkonomien skulle tilseia. Samstundes har mange land – inkludert Noreg – teke til orde for at utviklingsland generelt, og låginntektslanda spesielt, bør få større innverknad. Låginntektslan-da har i Låginntektslan-dag ein større del av kvotane enn det reint økonomiske storleikar gjev grunnlag for. Men demokratiske grunnar, og at desse landa er hyp-pige brukarar av finansiell og teknisk assistanse frå IMF, talar for større innverknad for denne landgruppa.

Det har i lengre tid vore arbeidd for å gjen-nomføra ei reform av korleis røystevekta i IMF vert fordelt mellom medlemslanda, og av meto-dane for styring av organisasjonen. Bakgrunnen for arbeidet har vore eit overordna ønske om å sikra at IMF har legitimitet i medlemskrinsen og handlekraft til å gjennomføra oppgåvene sine, og at organisasjonen samstundes tilpassar seg end-ringar i dei økonomiske og politiske styrkefor-holda mellom land. Sentrale tema i diskusjonen har vore auka deltaking frå politikarar på høgt nivå i styringa av verksemda, i tillegg til framlegg om å betra arbeidsmetodane til IMF-styret ved mellom anna å vurdera storleiken, samansetjinga og røystekrava for å få gjennomført vedtak. Det har òg vore eit ønske å auka mangfaldet i IMF-sta-ben og etablera rutinar som sikrar at val til leiande posisjonar og verv i IMF vert gjennomførte på ein open måte med utgangspunkt i kandidatane sine kvalifikasjonar.

Ein første milepåle i denne prosessen var at IMF-styret i april 2008 vedtok overordna prinsipp for korleis røystevekta skulle fordelast mellom land, slik at ein automatisk tok høgd for endringar i økonomiske storleikar mellom land. Samstundes vart medlemslanda samde om ei reform som inne-bar ei samla overføring av røystevekt frå industri-land til utviklingsindustri-land og framveksande økonomi-ar på 2,7 prosentpoeng, til 42,1 prosent, medan låginntektslanda til saman fekk auka si røystevekt med 1,1 prosentpoeng, til 9,4 prosent. Det tok tid å ratifisera framlegget i medlemslanda, og 2008-reforma fekk først kvalifisert fleirtal til å kunna tre i kraft mars 2011. Noreg ratifiserte kvotereforma frå 2008 den 12. september 2008, jf. St.prp. nr. 58 (2007-2008) og Innst. S. nr. 284 (2007-2008).

Finanskrisa forsterka ønska frå mange utvi-klingsland og framveksande økonomiar om at IMF i endå større grad måtte tilpassa seg ein glo-bal situasjon der desse landa har fått auka økono-misk og politisk tyngd. Blant anna ønskte dei ein større innverknad på avgjerdene i IMF, og at orga-nisasjonen måtte forsterka innsatsen for å over-vaka og gje råd til tradisjonelle industriland.

Fram-veksande økonomiar og utviklingsland var i min-dre grad råka av krisa enn tradisjonelle industri-land, noko som ytterlegare var med på å endra styrkeforholda i verdsøkonomien. I april 2009 vart ministerkomiteen IMFC samd om å gjennomføra ein ny revisjon av kvotar og røysterett innan januar 2011. Målet var å styrkja innverknaden til låginntektsland og dynamiske framveksande øko-nomiar ved å flytta over ei røystevekt på minst fem prosentpoeng frå overrepresenterte til underre-presenterte land.

Finansministrane og sentralbanksjefane frå G20-krinsen vart samde om ein samla pakke for reform av styresett, kvotar og røysterett i IMF på eit møte G20-krinsen som vart heldt i Sør-Korea i slutten av oktober 2010. IMF-staben nedfelte og konkretiserte denne semja i eit framlegg som vart vedteke av IMF-styret 5. november 2010 og stad-festa i guvernørrådet 15. desember 2010. Med-lemslanda må ratifisera reforma før ho kan tre i kraft. Finansdepartementet tek sikte på å leggja fram ein proposisjon for Stortinget om samtykke til norsk tilslutning til reforma i løpet av kort tid.

Dei komande avsnitta gjer greie for detaljane i reformframlegget og for norske synspunkt.

I tillegg til ei endra fordeling mellom land inne-ber reformpakken at den samla storleiken på kvo-tane vert dobla. Denne sida av reforma er viktig for å sikra at IMF har tilstrekkeleg med økono-miske ressursar til å finansiere utlånsverksemda si, og er nærare omtala i kapittel 10.6.

10.5.2 Framlegg til endringar i kvotar og røysterett

Kvoten avgjer kor stort innskot eit medlemsland må yta til IMF, og set ramma for kor mykje landet kan låna av IMF. Røystevekta i IMF er basert på ein kombinasjon av kvotane og basisrøystene, som kvart medlemsland får uavhengig av storleik.

Basisrøystene skal til kvar tid utgjera 5,5 prosent av den samla røystevekta.

Prinsippa frå 2008-vedtaket om korleis kvotane skal fordelast mellom land, er nedfelt i ein kvotefor-mel, som legg opp til at kvotane skal spegla den relative storleiken til landa i verdsøkonomien på ein måte som er tilpassa IMF sitt mandat. Formelen er basert på objektive økonomiske og finansielle krite-rium, der kvoten vert rekna ut som eit vege gjen-nomsnitt av produksjonen i landet (BNP), landet si deltaking i internasjonal handel, variasjonen i lan-det sin betalingsbalanse og lanlan-det sine internasjo-nale valutareservar. Omrekninga av BNP i dei ulike medlemslanda til ei felles måleining skal gjerast med 60 prosent vekt på kursane på

valutamarkna-den og 40 prosent vekt på såkalla kjøpekraftsparite-tar (PPP). Måling ved hjelp av kjøpekraftsparitekjøpekraftsparite-tar vil auke vekta til framveksande økonomiar og andre land som har eit lågt innanlandsk prisnivå.

Det skal samstundes nyttast ein kompresjonsfaktor i kvoteformelen som reduserer skilnadene i utrekna kvotestorleik mellom land, men utan at rekkefølgja vert endra. Det vil favorisera små øko-nomiar, det vil seia små og/eller fattige land.

Kvoteformelen gjev eit samanlikningsgrunn-lag og indikerer om land eller grupper er underre-presenterte eller overreunderre-presenterte i IMF, men kan ikkje nyttast mekanisk til å fastsetja nye kvo-tar. Både politisk skjønn og den teknikken ein nyt-tar for å tildela nye kvonyt-tar, vil ha innverknad på det endelege resultatet. Ønsket til mange land, inklu-dert den nordisk-baltiske valkrinsen, har heile tida vore at tildelinga i størst mogleg grad skal vera regelbasert, med få unntak mynta på ein-skildland, slik at heile medlemskrinsen vert like-behandla med utgangspunkt i den fastsette kvote-formelen. Ein slik framgangsmåte ville oppfylla målsetjinga om å overføra røystevekt til underre-presenterte land og framveksande økonomiar i noko større grad enn dei andre framlegga som var aktuelle då forhandlingane nærma seg slutten.

Kvotefordelinga har vore eit vanskeleg spørs-mål. Dei store framveksande økonomiane, men òg USA, ønskte at kvoten i større grad skulle base-rast på BNP enn det 2008-formelen legg opp til.

Det endelege resultatet frå 2010 er eit kompro-miss, der kvoteformelen vart følgd eit stykke på veg, men der det òg er innslag av ad-hoc-element som særleg har favorisert dei største landa. Kom-promisset inneber grovt sett at 60 prosent av auken skal tildelast land som har lågare kvote enn det kvoteformelen tilseier. Den resterande delen vert fordelt etter særskilde kriterium, der mellom anna BNP har stor vekt. Det siste elementet favo-riserer store land og råkar både små industriland og små framveksande økonomiar. Dette elemen-tet reflekterer òg at semja om 2010-reforma kom på eit G20-møte, der berre store land er represen-terte. Låginntektslanda, som normalt også ville ha kome dårleg ut med dette, fekk si stilling verna gjennom særskilde ordningar.

Reforma som no er vedteken i IMF, inneber ei overflytting av kvotedelar på 6 prosentpoeng frå overrepresenterte til underrepresenterte land, og såleis til at styrka representasjon for framvek-sande økonomiar og utviklingsland, jf. tabell 10.3.

Industrilanda si røystevekt går ned frå 57,9 pro-sent til 55,3 propro-sent, medan den samla røystevekta til framveksande økonomiar og utviklingsland går opp frå 42,1 prosent til 44,7 prosent. Dynamiske

framveksande økonomiar får auka si røystevekt med om lag seks prosentpoeng, mellom anna som følgje av at nokre framveksande økonomiar får redusert sin overrepresentasjon. Det er særleg dei største landa som får auka innverknad. Etter det nye forslaget vert dei ti landa med størst røystevekt USA, Japan, Kina, Tyskland, Frank-rike, Storbritannia, Italia, India, Russland og Bra-sil. Røystevekta til dei fattigaste landa er den same som etter 2008-reforma.

Røystevekta til den nordisk-baltiske valkrinsen går noko ned, frå om lag 3,4 prosent til 3,3 pro-sent. Noreg si røystevekt er om lag uendra og vil vera 0,78 prosent etter reforma. Dei baltiske landa får noko auka røystevekt, medan dei andre nor-diske landa får noko redusert røystevekt. Etter reforma vil dei tre største landa i valkrinsen vera Sverige, Noreg og Danmark, med høvesvis 0,91, 0,78 og 0,71 prosent av røystene i IMF.

Som eit ledd i kompromisset med 2010-reforma er ein samd om å gjennomføra ein brei gjennomgang av kvoteformelen, som etter planen skal vera ferdig innan januar 2013. Vidare skal neste gjennomgang av kvotane framskundast til januar 2014. Guvernørrådet i IMF uttrykte i sitt vedtak ei forventning om at gjennomgangen ville føra til ein ytterlegare auke i røystedelen til fram-veksande økonomiar og utviklingsland, i samsvar med den delen av verdsøkonomien desse landa står for. Samstundes skal representasjonen til dei fattigaste medlemslanda vernast.

10.5.3 Endringar i dei styrande organa i IMF Reforma gjev òg endringar i samansetjinga av IMF-styret. Europeiske industriland har forplikta seg til å redusera talet på styremedlemer med to.

Ein skal her rekna med kor stor del av tida eit europeisk industriland har styrerepresentanten, slik at også rotasjon i eksisterande valkrinsar kan vera ein del av løysinga, dersom det gjev andre land enn europeiske industriland tilgang. Europa har i dag om lag 8,3 av 24 representantar i IMF-styret etter ein slik reknemåte, men må no redu-sera dette talet til 6,3. Dei europeiske styremedle-mene vil truleg verta erstatta med to medlemer frå framveksande økonomiar.

Samansetjinga av IMF-styret skjer ved val i tråd med reglar fastsette i statuttane for IMF, der ein kandidat kvalifiserer seg til ein styreplass med eit nødvendig tal på røyster frå medlemslanda.

Reduksjonen i talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland må sjåast som ei politisk forplikting, ettersom det er lite truleg at ein kunne få på plass ein slik reduksjon berre med

utgangs-punkt i reglane for styresamansetjing. Gjennomfø-ringa skal skje etter at kvoterevisjonen som no er føreslått, er sett i verk, det vil seie tidlegast mot slutten av 2012. Det vil vera opp til dei europeiske landa å koma fram til korleis dette skal organise-rast. Samansetjinga av styret skal vurderast sær-skilt kvart åttande år.

I IMF sine statuttar heiter det at IMF skal ha eit styre med 20 medlemer. Styret kan med 85 prosent fleirtal vedta at det skal vera fleire eller færre medlemer enn dette. Styret har sidan byr-jinga av 1990-åra nytta dette høvet til å vedta at ein skal ha eit styre med 24 medlemer. Dei siste åra har storleiken på styret i IMF vore diskutert. USA har hevda at talet på medlemer bør reduserast for å gjera arbeidet meir effektivt. Dei fleste andre land har hevda at ein liten reduksjon – til dømes

frå dei noverande 24 medlemene til 20 medlemer – ikkje er stor nok til at det får noko særleg å seie for effektiviteten, men derimot vil gjere det van-skelegare å sikra at alle regionar i verda er godt representerte. I samband med reforma har styret og guvernørrådet i IMF teke på seg ei politisk for-plikting om å halda storleiken på styret i IMF på same nivå som i dag, det vil seie 24 medlemer, på permanent basis. Denne endringa vart ikkje ned-felt permanent i statuttane for IMF, så styret må framleis gjere vedtak om dette med 85 prosent fleirtal annakvart år.

Ei anna endring er at alle styrerepresentantar skal veljast. Det har til no vore slik at dei fem stør-ste medlemslanda i IMF har peika ut sine eigne styrerepresentantar, medan dei andre 19 repre-sentantane har vorte valde av eitt eller fleire

med-Kjelde: IMF.

Tabell 10.3 Kvote- og røystevekt fordelt på utvalde land og grupper av land. Prosent.

Kvotevekt Røystevekt

Før

2008-reforma

Etter 2008-reforma

Etter 2010-reforma

Før 2008-reforma

Etter 2008-reforma

Etter 2010-reforma

Industriland 60,5 60,5 57,7 59,5 57,9 55,3

Store industriland 45,2 45,3 43,4 44,3 43,0 41,2

USA 17,1 17,7 17,4 16,7 16,7 16,5

Andre 28,1 27,7 26,0 27,6 26,3 24,7

Andre industriland 15,3 15,1 14,3 15,2 14,9 14,1

Utviklingsland og

overgangsøkonomiar 39,5 39,5 42,3 40,5 42,1 44,7

Utviklingsland 32,1 32,4 35,1 32,9 34,5 37,0

Afrika 5,4 4,9 4,4 5,9 6,2 5,6

Asia 11,5 12,6 16,1 11,6 12,8 16,1

Midtausten, Malta og

Tyrkia 7,6 7,2 6,7 7,6 7,3 6,8

Vestlege halvkule 7,6 7,7 7,9 7,8 8,2 8,4

Overgangsøkonomiar 7,4 7,1 7,2 7,6 7,6 7,7

100,0 100,0 100,0 100,0 100,0 100,0

Totalt Memo

EU 27 32,4 31,9 30,2 32,0 30,9 29,4

Låginntektsland

(PRGT-kvalifiserte) 3,4 3,2 3,2 3,9 4,5 4,5

Noreg 0,8 0,8 0,8 0,8 0,8 0,8

Den

nordisk-baltiske valkrinsen 3,4 3,3 3,2 3,4 3,4 3,3

lemsland. Dei fem største landa har til no ikkje kunne gå saman med andre land i valkrinsar. Når alle styremedlemene no skal veljast, opnar ein for at også dei største landa skal kunna vera med i valkrinsar. For å unngå at ein valkrins får urimeleg stor røystevekt, skal det fastsetjast ei øvre grense for røystevekta til ein valkrins. Det er turvande å endra statuttane for IMF med ein særskild ratifi-kasjonsprosedyre i medlemslanda.

På to viktige punkt vart ein ikkje samd om end-ringar i samband med 2010-reforma. Den første er knytt til auka deltaking av politikarar på høgt nivå i styringa av verksemda, særleg når det gjeld mini-sterkomiteen IMFC. Ein har heller ikkje fått på plass klare rutinar som sikrar at val til leiande posisjonar og verv i IMF vert gjennomførte på ein open måte, med utgangspunkt i kandidatane sine kvalifikasjonar.

10.5.4 Norske synspunkt

Regjeringa si overordna vurdering er at IMF treng eit styresett som sikrar organisasjonen relevans, handlekraft og legitimitet gjennom demokratiske organ. Noreg er innstilt på å støtta endringar i sty-resettet i IMF som kan fremja desse måla. Regje-ringa har difor støtta opp om at utviklingsland og framveksande økonomiar skal få større kvote- og røystevekt og dermed ei sterkare rolle i IMF. Det er svært positivt at den reforma ein vart samd om på slutten av 2010, medverkar til dette. Saman med kvote- og røysterettsreforma frå 2008 skjer det ei vesentleg overføring av innverknad til utvi-klingsland og framveksande økonomiar. Samstun-des er Noreg skuffa over at kvoteformelen vart sett til side då store delar av kvoteauken skulle fordelast. Det er særleg ein tankekross at store land vart favoriserte på kostnad av små. Multilate-rale organisasjonar bør i stor grad etablera og føl-gja faste reglar, slik at heile medlemskrinsen vert behandla på ein konsistent måte.

I komande kvoterevisjonar er Noreg innstilt på framleis å støtta ei overføring av røystevekt frå overrepresenterte til underrepresenterte land, basert på objektive økonomiske og finansielle kri-terium som speglar endringar i økonomiske stor-leikar landa imellom. Difor vil Noreg støtta ei ytterlegare overføring av røystevekt til utviklings-land og framveksande økonomiar i takt med at deira vekt i verdsøkonomien aukar. Noreg vil i til-legg til-leggja vekt på å sikra røystene til låginntekts-landa i IMF, til dømes gjennom ein ytterlegare auke i basisrøystene som alle medlemsland får, uavhengig av kvote. Dei komande kvoterevisjo-nane bør likevel ikkje vera motiverte av eit ønske

om å favorisera einskilde land eller grupper av land, men ta utgangspunkt i IMF sitt mandat.

I det planlagde arbeidet med å revidera kvote-formelen fram mot januar 2013 vil ein frå norsk side leggja vekt på at det må vera ein klar saman-heng mellom finansielle bidrag til IMF og repre-sentasjon. Dei nordiske landa er samla sett store bidragsytarar, og tilstrekkeleg god representasjon er viktig for å halda oppe denne støtta.

Finansdepartementet er glad for den politiske forpliktinga frå medlemslanda si side om at det også i framtida skal vera 24 representantar i IMF-styret, slik at styret kan ha ei brei og demokratisk samansetjing. Ein reduksjon i talet på styremedle-mer ville gjort styret mindre representativt for mangfaldet blant medlemslanda. Samstundes er ein frå norsk side skuffa over at dette ikkje vert nedfelt i statuttane for IMF. Dette er ekstra nedslå-ande i lys av at ein i alle tilfelle endrar statuttane i samband med 2010-reforma, for å fjerna ordninga med utpeika styrerepresentantar.

Noreg har slutta opp om den politiske lovna-den om å redusera talet på styrerepresentantar frå europeiske industriland med to. Frå norsk side har ein særleg merka seg at ein delvis kan nå målet dersom deltakarlanda i dei ulike valkrinsane roterer om styreposisjonen. I den nordisk-baltiske valkrinsen er det lang tradisjon både for rotasjon om ulike verv og for eit nært samarbeid der ein avgjer kva synspunkt valkrinsen skal fremja i ulike saker, gjennom ein open, demokratisk og regelba-sert prosess. Slike samarbeidsformer ser til no ikkje ut til å vera like mykje nytta i andre valkrin-sar. Det er positivt at prosessen med å redusera talet på styrerepresentantar frå europeiske indus-triland på ulike måtar kan opna for at fleire land deltek aktivt i utforminga av dei posisjonane som vert fremja i IMF-styret. Prosessen kan samstun-des òg få konsekvensar for samansetjinga av den nordisk-baltiske valkrinsen. Dersom det vert aktu-elt med ei utviding, er ein i valkrinsen samde om å leggja vekt på å halda ved lag dei gode arbeidsme-todane som over tid er etablerte, som rotasjon av posisjonar og demokratisk koordinering av syns-punkta som skal fremjast i IMF-organ.

Noreg og den nordisk-baltiske valkrinsen har argumentert for at diskusjonar og avgjerder om det globale økonomiske og finansielle rammever-ket naturleg høyrer heime i ministerorganet i IMF, IMFC, der alle land er representerte.

Valkrinsen har vidare meint at IMFC bør gjerast om frå eit rådgjevande organ til eit organ som kan gjere vedtak. Regjeringa er skuffa over at IMFC si rolle ikkje er styrkt gjennom den reforma som no er vedteken, og vil halda fram med å arbeida for ei

styrking. Dette er viktig for å sikra at IMF har relevans, er handlekraftig og har legitimitet over tid. Frå norsk side vil ein òg halda fram med å arbeida for å sikra at val til leiande posisjonar og verv i IMF skjer på bakgrunn av kvalifikasjonar og ønskjelege eigenskapar, ikkje på bakgrunn av nasjonalitet. Ein slik prosess bør føra til at utvi-klingsland vert betre representerte.

10.5.5 Forholdet til G20 og FSB

Arbeidet fram mot den reforma som no er vedte-ken i dei styrande organa i IMF, har i stor grad vore styrt av dei såkalla G20. G20 har sjølv erklært seg som det viktigaste forumet for globalt økonomisk og finansielt samarbeid. Etableringa av G20 og den rolla G20 har teke på seg, er ikkje forankra utanfor denne krinsen. Berre ein liten del av landa i verda tek del, og G20 er ikkje basert på representasjon. Det er uheldig at semja om 2010-reforma skjedde i G20 og ikkje i IMF sine eigne organ. Det reiser grunnleggjande spørsmål om legitimitet og innsyn i avgjerdsprosessane til G20 dersom dei de facto legg føringar for arbeidet i globale, representative organisasjonar. Man-glande representasjon i G20 kan setja norsk og nordisk-baltisk innverknad i internasjonale økono-miske og finansielle spørsmål under press. Ein ser klare teikn til at framveksten av G20 har redusert rolla til IMFC, som representerer den multilate-rale tilnærminga til internasjonalt samarbeid.

Regjeringa har difor understreka kor viktig det er å forankre G20-initiativa i globale og representa-tive organisasjonar, og å sikra IMF si rolle som globalt samarbeidsorgan og oppgåveløysar.

Frå norsk side har ein lagt vekt på å halda aktiv kontakt med sentrale G20-land om økono-miske og finansielle spørsmål. Mellom anna vart det hausten 2010 arrangert eit dialogmøte mellom den nordisk-baltiske valkrinsen og den sørkorean-ske G20-formannskapen. Frankrike har overteke formannskapen i 2011, og finansminister Sigbjørn Johnsen og utanriksminister Jonas Gahr Støre har hatt møte med sine franske kollegaer om G20-spørsmål. Siktemålet med kontakten har dels vore å få informasjon og gjere greie for norske syns-punkt på aktuelle saker, men òg å medverka til ein dialog som kan føra til eit meir demokratisk glo-balt styresett i økonomiske og finansielle spørs-mål.

Financial Stability Board (FSB) vart etablert av G20 i 2009. Medlemslanda i FSB er landa som er med i G20, Hongkong, Nederland, Singapore, Spania og Sveits. I tillegg er fleire internasjonale institusjonar, til dømes BIS, Verdsbanken, IMF,

OECD og reguleringsinstitusjonar innanfor finansverda, medlemer. FSB er eit rådgjevande organ, og eventuelle bindande vedtak må gjerast i andre internasjonale forum eller nasjonalt. FSB har som mål å fremja internasjonalt samarbeid om finansiell stabilitet, analysar, informasjonsutveks-ling og utforming av retningsliner for finanstilsyn.

FSB overvaker mellom anna at medlemslanda rettar seg etter internasjonale standardar.

Frå norsk og nordisk-baltisk side har ein peika på kor viktig det er at samarbeid også på finans-marknadsområdet vert forankra i globale organ med brei representasjon. Basert på den univer-selle representasjonen og den særskilde kompe-tansen IMF har når det gjeld overvaking og råd-gjeving om samspelet mellom makroøkonomi og finansiell stabilitet, har valkrinsen difor arbeidd for at IMF skal ha ei aktiv og sentral rolle. Frå nor-disk-baltisk side har ein òg freista å engasjere seg meir direkte overfor FSB. Ingen nordiske eller baltiske land er medlemer i FSB.

In document (2010–2011) (sider 124-129)