• No results found

I tillegg til den fellesgodeproduksjonen som er knytt til produksjon av landskap som resultat av den ordinære landbruksdrifta, er det grunn til å sjå særskilt på miljøtiltaka og bygdeutviklingstiltaka. Eit fellestrekk ved desse ordningane, i tillegg til at dei stimulerer til fellesgodeproduk-sjon, er at dei har ein sterkare grad av regional forvalting.

Miljø

I tillegg til at miljø er trekt fram som ein særskilt fellesgodeproduksjon, ligg det eit generelt berekraftperspektiv til grunn for landbrukspolitik-ken, og Landbruks- og matdepartementet har laga ein eigen miljøhand-lingsplan.

Ved jordbruksoppgjeret 2003 vart partane samde om at det skulle etablerast eit nasjonalt miljøprogram for landbruket frå 2004 (St. prp.

nr. 70 (2002-2003)). Overordna føremål for programmet er å medver-ke til auka målretting av miljøarbeidet i landbrumedver-ket, og gjere landbru-ket sin samla miljøinnsats betre synleg. Nasjonalt miljøprogram

byg-gjer på Rebyg-gjeringa sitt miljøvernpolitiske resultatområde, og inneheld nasjonale verkemiddel med miljøeffekt, og rammer for dei regionale miljøprogramma.

Samstundes med vedtak om innføring av nasjonalt miljøprogram vart det også vedteke å innføre regionale miljøprogram i kvart fylke frå 2005. Hordaland og Hedmark vart allereie peika ut som pilotfylke, og prøva ordninga i 2004. Regionale miljøprogram skal i tillegg til målret-ting og synleggjering av miljøinnsatsen i jordbruket bidra til auka for-ankring av miljøarbeidet i landbruket, både på lokalt og regionalt nivå.

Dei regionale miljøprogramma skal omfatte ulike ordningar for å møte dei prioriterte miljøutfordringane i kvart fylke, og vere forankra i eitt av dei to hovudområda

• Tiltak for å ta vare på kulturlandskapet

• Tiltak for å redusere forureining

Dei regionale miljøprogramma skal vere forankra i kommunane sine strategiar, og samstundes gje retningslinjer for fordeling av dei spesielle miljøverkemidla mellom kommunane, og gje kommunane signal om retninga for bruken av desse.

I 2004 vart ordninga Spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) etablert, og forvaltinga av ei rekke miljøtiltak vart flytta frå fylka til kommuna-ne, som også har ansvar for å utarbeide tiltaksstrategiar for dei kom-munale miljøverkemidla. SMIL-midla kan også løyvast til bruk som ikkje mottar produksjonstilskot.

Evalueringar av regionale og kommunale miljøtiltak syner at regionali-sering av verkemiddel gjev auka engasjement lokalt og regionalt.

Dette engasjementet og den debatten det løyser ut, er viktige for utvik-linga av landbruket som produsent av fellesgode. Den vil skape merk-semd om kva som er fellesgode, korleis dei skal produserast, kven som skal produsere og korleis det skal betalast for denne produksjonen. Når fellesskapet skal betale for fellesgodeproduksjon må fellesskapet vere med og definere kva som er fellesgode, og det krev lokalt engasjement og kompetanse. Slik vil regionalisering av verkemidla auke målrettinga, og også kunne endre "miljø" frå å vere eit problem til å bli ein ressurs for lokal verdiskaping.

Men evalueringane viser også at den regionale forvaltinga kan vere lite effektiv. Dette må sjåast i samanheng med at dei midlane det her er snakk om er relativt små, og at forvaltingskostnadene dermed blir rela-tivt store per sak.

Bygdeutvikling

Med St. prp. nr. 8 (1992-93) Landbruk i utvikling vart norsk landbruk for første gong sett inn i ein bygdepolitisk samanheng.

Bygdepolitikken blei sett i samanheng med distriktspolitikken, og det blei lagt opp til at den samla næringspolitikken for bygdene skulle styrke og utvide næringsgrunnlaget, og gje plass for alle former for næ-ringsverksemd. Mangfaldet i næringslivet i distrikta skulle aukast for å utvikle eit breiare grunnlag for busetjingsmønsteret. Den offentlege innsatsen i landbrukspolitikken skulle i større grad enn tidlegare kana-liserast til distrikta.

Det blei lagt stor vekt på at verkemiddelsystemet samla sett måtte vere mest mogleg utviklingsretta. I St. prp. nr. 8 (1992-93) blir det

formu-lert slik: «vel så viktig som virkemidler rettet mot å finansiere etable-ringer og investeetable-ringer, vil det være å ha virkemidler som stimulerer miljøer og prosjekter som kan bidra til nyskaping og utvikling».

Bygdeutviklingsmidlane har sidan tidleg på 1990-talet vore det vikti-gaste økonomiske verkemiddelet for næringsutvikling innan og i tilkny-ting til landbruket. Dei vart landsdekkande frå og med 1993. Frå 1994 vart investeringsstøtte for tradisjonelt jord- og hagebruk og for til-leggsnæringar lagt inn under BU-midlane. Etter at dette skjedde har det vore ein stadig dragkamp i dei årlege jordbruksforhandlingane mellom tradisjonelle og nye næringar.

Frå og med 2005 har bruken av dei fylkesvise BU-midlane vore styrt av ein nasjonal strategi for næringsutvikling. Første utgåve ”Landbruk – mer enn landbruk” kom i 2005, med tillegg i 2006, som seinare er følgt av ”Ta landet i bruk”, datert januar 2007. Den nasjonale strategien gir, saman med dei årlege jordbruksforhandlingane, føringar for regionale strategiar.

Desse skal vere fleirårige med høve for årleg justering. Fylkesmannen har ansvar for utarbeidinga av strategiane, og dei skal utarbeidast etter samråd med fylkeskommunen, Innovasjon Norges distriktskontor, næ-ringsorganisasjonane i landbruket og kommunalt nivå.

Kommunane skal vere delaktige i utforminga av dei regionale nærings-strategiane.

Som ei forsøksordning, ut 2010, er det etablert 4-årige prosjekt i Nord-Gudbrandsdalen og Valdres der regionråda har fått myndigheit til å forvalte dei fylkesvise BU-midlane.

Det er altså lagt opp til ein betydeleg medverknad frå regionalt og kommunalt nivå når det gjeld retningslinjer og forvalting av bygdeut-viklingsmidlar. Likevel ser vi at ein stadig aukande del av midlane har gått til føremål innanfor det tradisjonelle landbruket (investeringsstøt-te).