• No results found

5 – TRE PRAKSISFORMER

5.1 IKKJE TO, MEN TRE

Den største føringa problemstillinga mi legg på forståinga av datamaterialet er at det i hovudsak finst to praksisformer for bruk av feltet. Denne forventinga er inspirert både av slik feltet er framstilt i tidlegare forsking, og av oppfatningar eg sjølv hadde før eg starta datainnsamlinga. Dei to praksisformene er det tradisjonelle norske friluftslivet og den nye bruken av naturen. Det tradisjonelle norske friluftslivet skal vere basert på kjende verdiar som det enkle, lite tilrettelagde livet i naturen der fokuset ligg på det urørde. I motsetjing til dette skal den nye bruksmåten stå, med mykje nytt utstyr og fokus på leikande, fartsfylte aktivitetar, gjerne i spektakulær natur.

Etterkvart som analysen utvikla seg, viste det seg at denne todelinga ikkje er tilstrekkeleg som tolkingsmodell for materialet eg har samla inn. Måten den originale problemstillinga mi ser for seg feltet stemmer ikkje med det bilete data teiknar. I møtet med empiri fann eg ut at eg måtte endre det teoretiske rammeverket mitt. I staden for ei todeling har eg funne at det er nyttig å dele feltet i tre.

Eg kom fram til tredelinga ved at eg utvikla to dimensjonar som omtalar aktørane sin praksis i feltet; aktivitet og natursyn. Eg kom fram til dimensjonane ved ein grundig analyse av data, der eg prøvde å finne fram til fellestrekk i praksisformene til informantane. Dimensjonane er og delvis basert på omgrep frå tidlegare forsking.

Ut frå ulik plassering på dei to dimensjonane er det grunnlag for å dele aktørane i

feltet mitt i tre ulike former for praksis. Desse er det tradisjonelle, freeride og freestyle20.

Forskingslitteraturen innanfor feltet opererer stort sett med det todelte skiljet mellom ei tradisjonell og ei ny praksisform. Tredelinga som teiknar seg opp i mitt materiale kom noko overraskande på meg, mellom anna fordi ho tilføyer noko nytt til litteraturen. Eg merkar meg likevel at det finst god støtte for tredelinga i tidlegare empiri: Det tradisjonelle – Richardson (1994), freeride – Bischoff & Odden (2003), freestyle – Christensen (2001a). Sjølv om dette tredelte skiljet ikkje er uttala i nokon av dei nemnde forskingsrapportane, kan det hevdast at ei samanlikning av dei gjev grunnlag for denne inndelinga. Det kan t.d. verke som det er store skilnader mellom miljøa skildra av Christensen på den eine sida, og Bischoff & Odden på den andre, sjølv om begge vert sett på som eit uttrykk for det nye friluftslivet.

5.1.1 Utforminga av praksisformene – grounded theory

Praksisformene er konstruert basert på datamaterialet. Tilhøvet mellom teori og empiri er difor slik det vert føreslått i grounded theory. Som ein rådar til innanfor grounded-tradisjonen, har eg etter møte med data utvikla eit teoretisk rammeverk for å tolke og kategorisere desse data. Praksisformene er rammeverket som kategoriserar informantane, men konstruksjonen av det er og basert på det informantane sjølve har fortalt.

5.1.2 Om dimensjonane – aktivitet og natursyn

Eg har altså utvikla to dimensjonar for å tydeleggjere særtrekka til dei ulike praksistypane eg finn i feltet. Begge dimensjonane er delt inn i to idealtypiske

20 Innanfor snowboard, ski og andre av det eg kallar dei nye aktivitetane opererer ein med eit skilje mellom freeride- og freestylebaserte aktivitetar. Freeride og freestyle er nye internasjonale ord og har svært mange ulike tydingar. Innanfor snowboard skil ein til dømes gjerne mellom freeride og freestyle snowboarding – der freestyle fokuserer på triks og parkkøyring, medan freeride er meir allsidig, tek i bruk større deler av fjellet, og inkluderer off-piste. Dei to orda vert stort sett nytta for å skilje mellom ulike måtar å utnytte utstyret sitt på, men i denne oppgåva ynskjer eg å late uttrykka skilje mellom to ulike måtar å oppleve natur på. Ein vil nok kunne finne mange eksempel på at orda vert nytta på ein annan måte enn det eg gjer i denne oppgåva. I internasjonal samanheng vil ein nok til dømes finne at ein person som ser på seg sjølv som tilhøyrande freeride-rørsla er positiv til heliskiing. Likevel vel eg å nytte orda for å setje namn på to ulike praksisformer, fordi orda eksisterer i feltet eg skildrar og dermed vil kunne forståast av dei som kjenner miljøa. Ordet freeride har og blitt nytta i norsk forsking før, Bischoff & Odden (2003) nyttar ordet for å skildre ei praksisform som har store likskapar med den eg

ytterpunkt som eg har konstruert for å kunne peike på skilnader mellom praksisformene.

Dimensjonen aktivitet har eg delt inn i tradisjonell og moderne21. Den omhandlar dei faktiske aktivitetane som er grunnlag for praksistypen, handlingane som vert utført av aktørane. Den skil mellom tradisjonelle og moderne aktivitetar.

Tradisjonelle aktivitetar er noko ein har drive med i lang tid i Noreg, eksempel kan vere vandring i fjellet eller vanlege skiturar med enkelt utstyr. Moderne aktivitetar er dei nye trendane innanfor friluftslivet slik dei har blitt skildra tidlegare i denne oppgåva. Dei har ikkje blitt utøvd i med særleg utbreiing i meir enn 10-15 år i Noreg.

Eksempel kan vere frikøyring på snowboard og ski eller elvepadling.

Dimensjonen natursyn har ytterpunkta abstrakt og praktisk. Den fokuserer på kva oppfatning av naturen som er grunnlag for praksistypen, om det er

abstraksjonsorientert eller praktisk orientert. Dette skiljet er basert på dei to kulturane for naturoppleving som vert presentert i Skogen (1995) som eg omtalar i kap 2.3.2. I det abstrakte natursynet vert naturen løfta opp på eit intellektuelt, idémessig plan der den får verdi som abstraksjon. Naturen gjev meining i det den er, ikkje gjennom kva den kan bli brukt til. Det praktiske natursynet set nytteverdi og det funksjonelle ved naturen meir i fokus. Naturen får verdi gjennom kva aktøren kan bruke den til, og det urørte, det som ikkje vert utnytta, har ingen verdi. Dette vil ikkje seie at ein aktør med eit praktisk natursyn ikkje ser nokon verdi i det urørte, eller det å bevare natur og drive miljøvern. Om fisket i eit vassdrag vert øydelagt på grunn av utbygging, eller om eit flott turområde vert ubrukeleg på grunn av at det skal verte militært skytefelt, er dette noko begge natursyna vil oppfatte som negativt.

21 ”Moderne” er her nytta i den daglegdagse tydinga av ordet, som noko som høyrer til den nyaste tida.

Bruken av ordet moderne er problematisk, det har mange tydingar, det er knytt til mellom anna det moderne som samfunnstilstand, eller modernisme som kunstform. Innanfor sosiologi er det moderne ein historisk bestemt måte å organisere samfunnet på, til forskjell frå det før-moderne eller det

postmoderne. I samanhengen det står her, i tydinga ”nymotens”, er det særleg viktig å skilje mellom dei ulike formene for bruk av ordet. Praksistypen ”det tradisjonelle” har verdien tradisjonell (i motsetjing til moderne) på dimensjonen ”aktivitet”. Historisk har ”det tradisjonelle” gjennom sitt

abstraksjonsbaserte natursyn vore ein viktig del av det moderne, gjennom evna til å sjå naturen med abstrakte auge (sjå Tordsson 2003 for meir om friluftsliv og det moderne).

Ei skjematisk oversikt over korleis dei tre praksisformene vil plassere seg på dei to dimensjonane (referansar til studiar av dei aktuelle miljøa i parentes):

TYPE AKTIVITET

TRADISJONELL MODERNE

A B S

T

N R DET TRADISJONELLE FREERIDE

A A (Richardson 1994) (Bischoff & Odden 2003)

T K

U T R

S

Y P

N R

A

K FREESTYLE

T (Christensen 2001a)

I S K

Det er viktig å understreke at praksistypane eg har utvikla er idealtypiske. Det finst sjølvsagt variasjonar hos den enkelte aktør, praksisformene er meint som ei idealisering av eit mønster for åtferd og forståing i feltet. Sidan materialet mitt er lite er det heller ikkje mogeleg å gjere generaliseringar frå mine funn til den generelle populasjonen. Det at eg viser til andre forskingsresultat er likevel med på å styrke inndelinga, sidan det syner at den kan finnast att i andre forskarar sine funn.

Kombinasjonen tradisjonell – praktisk er absolutt ei mogeleg kryssing av dei to dimensjonane, men eg har den ikkje med her. Praksisformer med denne

kombinasjonen er ikkje aktuelle innafor mitt materiale. Eksempel på tradisjonell – praktiske former for praksis kan vere tradisjonell matauk i naturen, der fokuset ligg på det å samle inn mat for å bruke den, meir enn på opplevinga ein har når ein samlar maten.

5.2 DEI TRE PRAKSISFORMENE