• No results found

Kraftutbygging i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Kraftutbygging i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune"

Copied!
8
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

16 1

Kraftutbygging

i Henjaelvi og Grindselvi i Leikanger kommune

Informasjon om planlagt utbygging.

Melding og forslag til program for konsekvensutgreiing.

Denne brosjyren er eit samandrag av innhaldet i meldinga.

Sjølve meldinga kan du lesa på Sognekraft AS sine heimesider:

www.sognekraft.no eller i kommunehuset i Leikanger. Brosjyren vert sendt til husstandar i det aktuelle området, Leikanger kommune, Sogn og Fjordane fylkeskommune og fleire interesseorganisasjonar.

Sognekraft AS vart skipa i 1947 og er eigd av BKK AS, Luster Energiverk AS og kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. Selskapet har konsesjon for distribusjon av straum i kom­

munane Balestrand, Leikanger, Sogndal og Vik, samt Frønningen i Lærdal kommune. Sognekraft leverer kraft til om lag 8 000 slutt­

brukarar (2006). Gjennomsnittleg årsproduksjon utgjer 346 GWh i eigenproduksjon og 90 GWh gjennom ein medeigardel i Vikfalli.

Kven kan du kontakta?

Dersom du er interessert i meir utfyllande informasjon kan du ta kontakt med:

Sognekraft AS

Postboks 3, 6891 Vik i Sogn Kontaktperson:

Kåre Fosse, tlf. 57 69 86 32.

e­post: kare.fosse@sognekraft.no

Spørsmål om saksbehandling kan du retta til:

NVE – Konsesjon og tilsyn Postboks 5091 Majorstua 0301 Oslo

Sakshandsamar:

Jan Sørensen, tlf. 22 95 92 11 e­post: jaso@nve.no

(2)

Sognekraft AS skal eiga kraftverket og er konsesjonssøkjar.

Etter plan- og bygningslova sine reglar om konsekvensutgreiing, skal utbygginga av Leikanger kraftverk konsekvensutgreiast med omsyn til verknader for miljø, naturressursar og samfunn.

Målet med ei melding er mellom anna å orientera om utbygginga slik at du skal kunna koma med synspunkt på planane på eit tidleg

tidspunkt. Meldinga skal også vera eit grunnlag for fastsetjing av eit program for konsekvensutgreiing som er ein viktig del av konsesjons- søknaden. Meldinga skal også med- verka til å få kartleggja korleis eige- domar og rettar kan verta påverka av utbygginga.

Melding

Denne meldinga omfattar utbygging av Leikanger kraftverk i Leikanger kommune i Sogn og Fjordane. Utbygginga av kraft­

verket får fylgjer for Henjaelvi og Grindselvi. Leikanger kraftverk er eit vasskraftverk som vert liggjande på nordsida av Sognefjorden.

Nyastølen i Henjadalen

Leikanger kraftverk

Kraftverket skal utnytta eit 600 meter fall frå inntaka i Henjaelvi og Grindselvi ned til Sognefjorden.

43 km2 (66%) av nedbørsfeltet til Henjaelvi og 25,7 km2 (60%) av ned- børsfeltet til Grindselvi vert utnytta til kraftproduksjon.

Kraftverket er eit elvekraftverk, men det vil kunne nytte dagens regulering av Store Trastadalsvatnet etter nærare avtale med Leikanger kommune.

Kraftverket får 11 uregulerte inntak; 6 i Henjaelvi og 5 i Grindselvi.

Frå kraftstasjonen, som vert lig- gjande ute i dagen ved Suppam, vil det gå ein tunnel som tek inn

fylgjande bekkar og elvar på kote 600: Skitstøla, Gildøla, Stavseta og Nyastøla (to inntak) i Grindsdalen, og Skulåna (to inntak), Friksdøla, Slettabotn, Traståna og Reiseteåi i Henjadalen.

To av inntaka, Stavseta og Friks- døla, vert hovudinntak. Her vert dammane noko høgare med to min- dre og avgrensa inntaksmagasin.

Tunnelane vert drivne frå tre stader.

Den eine vert frå kraftstasjonsområdet ved Suppam, den andre via eit tverr- slag ved Gildalsbrekka i Grindsdalen og det tredje via eit tverrslag sør for Nyastølen i Henjadalen.

Planane

(3)

Nøkkeltal

Eining Leikanger kraftverk

NEDBørSFELt km2 68,7

MIDDELVASSFørING m3/s 4,86

rEStFELt km2 39

FALLHøGD m 600

SLuKEEVNE m3/s 12,2

LENGDE DrIFtSVASSVEG m 15 780

INStALLErt EFFEKt MW 64

MIDLArE årSPrODuKSJON GWh 189,1

utByGGINGSKOStNAD mill.kr 487

utByGGINGSPrIS kr/kWh 2,58

I Henjadalen og Grindsdalen vert det lagt ut større steintippar frå tunnel- drivinga. Tunnelmassane ved kraft- stasjonen skal brukast til planering av stasjonsområdet, og resten er planlagt tippa i sjøen. I kraftstasjonen er det planlagt eit aggregat med ein effekt på 64 MW og ei maksimal vassføring på 12,2 m3/s. Utan minstevassføring, tap og forbruk i stasjonen er produk- sjonen utrekna til 189,1 GWh til ein utbyggingspris på 2,58 kr/kWh.

Vassdraga

Henjaelvi og Grindselvi er nabovass- drag og ligg i Leikanger kommune, på nordsida av Sognefjorden, i mid- tre Sogn. Henjaelvi renn ut i fjorden ved tettstaden Hermannsverk medan Grindselvi renn ut ca. 6 km lenger

ut i fjorden. I midtre delar av Hen- jaelvi ligg det nokre stølar. I nedre del av Grindsdalen er det ei lita grend, og nokre bruk som er i drift. I mitre delar av dette vassdraget ligg det også nokre stølar.

Riksveg 55 går langs Sognefjor- den og kryssar elvane ved utløpa i fjorden. Det går vegar langs båe vassdraga opp til nokre av stølane.

Henjadalsvassdraget har to vatn av noko storleik. Eit av dei, Store Trastadalsvatnet, er regulert av kom- munen for å sikra drikkevassforsyn- inga og landbruksvatn til Systrond. I Grindsdalsvassdraget ligg det berre eit par mindre vatn/tjørner.

Dei øvre partia av vassdraga er relativt flate. Frå desse områda er det bratt ned til dei to hovuddalføra Gildøla i Grindsdalen

og dei mange sidedalane. Hovud- dalføra er flate øvst og vert brattare og trongare ned mot fjorden.

Tilhøyrande anlegg

Til tverrslaga i Henjadalen og Grindsdalen er det trong for å utbetra eksisterande vegar og dels bygging av nye vegar. I Henjadalen må 4 km av vegen utbetrast, og det må byggast ein 4 km ny veg opp til tunneltverr- slaget ved Nyastølen. I Grindsdalen må om lag 7 km av vegen utbetrast.

I tillegg må det byggast ein mindre vegstrekning bort til tunneltverrslaget ved Gildalsbrekka. Kraftstasjonen vert liggjande like ved riksvegen så her trengs det berre ein kort veg fram til stasjonen.

Ein del av tunnelmassane kan nyt- tast både til utbetring av eksisterande vegar og bygging av nye.

Det må byggast ei ny 132 kV kraftlinje på 3,6 km frå Leikanger kraftverk og opp til ein ny koplings- stasjon ved 132 kV linja til Statnett

ved Seljevollen i Grindsdalen.

Utbyggingstida for heile anlegget vert rekna til 2,5-3 år.

Alternativ

Sognekraft AS har vurdert eit alter- nativ med å leggja inntaka lenger nede i Henja- og Grindselvi, på kote 365. 82 km2 av vassdraga (76%) vert då nytta med to inntak i kvar av elvane. Kraftstasjonen vert plas- sert på same staden. Berre nokre mindre vegstrekningar må byggast og nokre kortare vegstrekningar må utbetrast.

Dette alternativet gjev mindre kraft til ein høgare utbyggingspris.

Det vert mindre restvassføring og anlegga kjem nærare busetnaden.

Etter Sognekraft si vurdering er det ellers liten skilnad mellom kon- sekvensane for alternativa.

Midlare årsproduksjon er 132,9 GWh, og utbyggingsprisen 2,69 kr/

kWh.

(4)

Løyve

Sognekraft må ha offentlege løyve etter følgjande lovverk før arbeidet kan ta til:

Konsesjon etter vassdrags- reguleringslova.

Konsesjon etter vassressurslova.

Konsesjon etter energilova.

Utsleppsløyve etter forureiningslova.

I tillegg vil ei utbygging krevja av- klaringar, m.a etter kulturminnelova.

Flyane i Henjadalen

Fleire alternativ for utbygging av dei to vassdraga vart handsama i Samla plan på 1980-talet. Samtlege vart til slutt plassert i kategori II, dvs. dei kunne ikkje førast vidare for konsesjonshandsaming.

Dette prosjektet er eit heilt nytt alternativ med mindre inngrep enn dei som vart handsama på 80-talet.

Sognekraft sende difor ein søknad om flytting/unntak frå Samla plan.

Søknaden vart innvilga 4.9.2006.

Dermed er det høve til å søkja om konsesjon for ei utbygging av Leikanger kraftverk.

Samla plan for vassdrag

Alle nye større vasskraftutbyggingsprosjekt må handsamast i Samla plan for vassdrag. Berre utbyggingsprosjekt som er hand­

sama i Samla plan og plasserte i kategori I kan konsesjonshand­

samast av styresmaktene.

Henjaelvi

(5)

"

)

! (

! (

! ( !(

!(

!(!(

! (

!(!(

! (

#

*

#

*

"

) Stavseta

Gildøla

Nyastøla

Grindselvi

Skitstøla

Henjaelvi

Skulåna

Reiseteåi

Friksdøla Traståna

Store Trastadalsvatnet

Nyastølen

Flyane Slettabotn

Hermansverk Leikanger

Seljevollen

Gildalsbrekka

Suppam

Leikanger kraftverk

S o g

n e f jo r d en

Vangsnes Hella

Rv 55

Huke

Njøs

"

)

Vik Balestrand

Luster

Sogndal

Lærdal Leikanger

0 0.5 1 2 3 4 5

Kilometer

Teiknforklaring

#

* Tverrslag

!

( Inntak

"

) Kraftverk

"

) Koplingsanlegg Tunnel Anleggsveg Ny kraftlinje Kraftlinje Veg Ferje Regulert vatn Grindselvi Henjaelvi

Kart over utbyggingsområdet

(6)

Nedanfor Nyastølen i Grindsdalen vert to bekkar tekne inn i to inntak

Reiseteåi i Henjadalen

Kva for fylgjer kan inngrepa få?

Utbygginga av kraftverket med til- høyrande anlegg vil få fylgjer for natur, miljø og samfunn. Det er gjort ei førebels vurdering av moge- lege konsekvensar av utbygginga, og denne er brukt som grunnlag for utarbeiding av forslag til program for konsekvensutgreiinga.

Hydrologi

Restvassføringa vil verta omlag 10%

av uregulert, naturleg vassføring like nedanfor inntaka i elvane og 30 % ved utløpa i Sognefjorden. Mengde

minstevassføring vert vurdert i konsekvensutgreiinga.

Istilhøve, vasstemperatur og ero- sjonstilhøve kan og verta påverka.

Landskap,

natur- og kulturmiljø

Redusert vassføring og terrenginngrep som plassering av steintippar, linje- og vegbygging vil påverka landskapet.

Arealet for inngrepsfrie område vil til ein viss grad verta redusert.

Vegetasjonen i anleggsområda kan verta påverka av inngrepa. Fukt-

tilhøva for vegetasjonen langs vass- draga med redusert vassføring vil verta endra. Den nye kraftlinja kan føra til skadar for fuglebestanden i dette området.

Redusert vassføring vil forringa den kulturhistoriske verdien for nokre av stølsområda. Det er usikkert om nokon av kulturminna vert direkte råka.

Både Henjaelvi og Grindselvi får redusert sin verdi som fiskeelv nedanfor inntaka. Det er usikkert i kor stor grad lakse- og sjøaurefisket i Henjaelvi vert råka.

Forureining

Anleggsarbeidet vil medføra noko støy og støv. Offentlege krav til naudsynte støydempande tiltak i kraftstasjonen vert gjennomført.

Det er ikkje venta at utbygginga fører til endringar i dei få resipient- interessene som finst i vassdraga.

Naturressursar

Utbygginga vil i liten grad påverka tilgjengeleg skog og jordbruksareal.

Ei utløysing av fallrettane til grunneigarane vil føra til at nærings- grunnlaget for jord- bruket vert styrka og kulturlandskapet oppretthalde.

I planane for utbygging er det lagt inn føresetnad

om at inntaket for drikkevatnet for det kommunale vassverket vert flytta ovanfor kraftverksinntaket i Traståna.

Det bandlagde arealet i Henjadalen vert dermed frigjeve til meir aktiv bruk for mellom anna friluftsliv og hyttebygging.

Vassforsyninga til Pan Fish sitt smoltanlegg skal sikrast gjennom slepping av minstevassføring.

Samfunn

Ei utbygging vil ha positiv inn- verknad på næringsliv og syssel- setjing. Stat, fylke og kommune vil få auka skatteinntekter som fylgje av utbygginga.

Dei fleste landskapsinngrep som t.d. redusert vassføring og linjebyg- ging vil vera negativt for frilufts- interessene.

Meir vegutbygging og frigjeving av det bandlagde arealet i Henja- dalen vil kunna verka positivt for friluftslivet.

(7)

Gjennomføra ein analyse over kva dei hydrologiske endringane vil få for fiskebestanden i nedre deler av Henja- og Grindselvi.

For dei andre delene av vass- draga skal det lagast ein kort omtale av tilhøva.

Gjennomføra ei oppfylgjande og supplerande registrering av tidligare registreringar over eldre kulturminner og klarleggja om dei planlagde inngrepa kjem i konflikt med kjende eldre og viktige nyare kulturminne.

Forureining

Tilhøve og konsekvensar som vedkjem støy både under anleggs- og driftsperioden vil verta omtala.

Det bør gjennomførast målingar og analysar av vasskvaliteten i vass- draga, slik at tilhøva før, under og etter utbygging vert dokumentert.

Konsekvensane for ferskvass- økosystemet og dei ulike bruks- interessene må omtalast.

Naturressursar

Utarbeida omtale av jord- og skogbruksinterssene.

Utarbeida omtale av sikring av framtidig vassforsyning frå Henjaelvi til vassverket og smolt- anlegget på Hermansverk.

I Grindselvi skal det gjennom- førast ei kartlegging av eksister- ande og planlagde uttak av vassforsyning til hushald, jord- bruk og fritidsbustader.

Det skal vurderast korleis tunnel- massar kan nyttast som byg- gjemassar i området, både på kort og lang sikt.Total mengde tunnelmassar som vert teke ut er omlag 660 000m3.

Utløpet av Henjaelvi på Hermansverk

Forslag til utgreiingsprogram er utarbeida på grunnlag av krav i §33 i Plan- og bygningslova og Forskrift om konsekvensutredninger. Opp- lysningar og inntrykk i samband med synfaring er også lagde til grunn.

Hydrologi

Analyse av vassføringa før og etter utbygging på viktige stader.

Omtale av tilhøva og venta endringar som fylgje av utbyg- ginga for; is, vasstemperatur, grunnvatn, erosjon, skredtilhøve og lokalklima

Landskap,

natur- og kulturmiljø

Gjennomføra konsekvensanalyse for landskapet som fylgje av utbygginga med spesiell vekt på endringar i landskapet knytta til redusert vassføring, steintippar, linje- og vegbygging.

Utgreia moglege konsekvensar for verdfulle naturtypar, og for truga eller sårbare artar av plantar og dyr.

Tilhøva for det biologiske mangfaldet skal vurderast.

Omtala korleis anleggsverksemda vil påverka vilt.

Gjennomføra nye fiskeri- biologiske granskingar.

Forslag til

konsekvensutgreiingsprogram

Grindselvi ved Gildalsbrekka

(8)

Inntaksområde i Friksdøla, Henjadalen

Samfunn

Omtale av kva effekt utbygginga kan få for næringsliv og syssel- setting.

Omtale av forventa inntekter til Leikanger kommune.

Utgreia konsekvensane for friluftsliv, jakt og fiske.

Avbøtande tiltak

Konsekvensutgreiinga vil også koma med framlegg til avbøtande tiltak som kan vera aktuelle å gjennomføra for å redusera skadar og ulemper.

Aktuelle tiltak

Minstevassføring er eit tiltak som kan redusera fylgjene av mindre vassføring. Dette vert nærare hand- sama i konsekvensutgreiinga.

Landskapsutforming og landskaps- pleie av inngrepa i terrenget er ak- tuelle og viktige kompenserande tiltak.

Slike tiltak vil føra til at dei negative fylgjene kan reduserast vesentleg.

Samløp Nystøla og Grindselvi NVE vil stå for handsaming av utbyg-

gingssaka sentralt. Handsaminga av saka skjer i tre fasar:

Fase 1 – melding med fram- legg til utgreiingsprogram

Det er fase 1 du kan lesa om i denne brosjyren. NVE sender meldinga ut på offentleg høyring. Meldinga vert også kunngjort i media. Alle som har interesser å ta vare på, kan melda dette skriftleg til NVE innan ein nærare fastsett frist.

I fylgje vassdragsreguleringslova kan grunneigarar, kommunen og andre interesserte krevja dekning av utgifter til juridisk og sakkunnig hjelp. Dersom det vert usemje om kva som er rimeleg å få dekka av Sognekraft, kan saka leggjast fram for NVE. Det vert tilrådd at privat- personar og organisasjonar med samanfallande interesse samordnar krava sine og at krava om dekking

vert avklara med Sognekraft på føre- hand.

I høyringsperioden vil NVE arran- gera eit ope møte der det vert orien- tert om saksgangen og utbyggings- planane. Tidspunkt og stad for møtet vert kunngjort i lokalaviser.

Fase – utgreiingsfasen

I denne fasen greier Sognekraft ut konsekvensane av utbygginga i samsvar med konsekvensutgreiings- programmet. Sognekraft utarbeidar dei endelege planane, teknisk og økonomisk, og legg fram eventuelle alternativ. Dei gjennomførte konse- kvensanalysane dannar saman med

planane grunnlaget for søknad om konsesjon.

Fase – søknadsfasen

Konsesjonssøknaden med konse- kvensutgreiinga vert sendt til Olje- og energidepartementet v/NVE og handsama etter særskilde reglar. En- deleg avgjerd vert i slike saker teken av Kongen i Statsråd. Store eller særleg konfliktfylte saker kan leggjast fram for Stortinget. I ein konsesjon kan det setjast vilkår for drift av kraftverk og pålegg om tiltak for å unngå eller redusera skader og ulemper.

Vidare fremdrift

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det må setjast krav om at utbyggar utarbeider plan for bygging av tersklar på den anadrome strekninga i Henjaelvi, jfr utbyggingsavtalen mellom Sognekraft og Leikanger

Den er all grunn til å spørje om ikkje nokre få småkraftutbyggingar i dei same elvane til saman kunne gitt ein brukbar produksjon med mykje mindre naturinngrep og andre negative

Døme: Østerbø og Randalen kraftverk, der utbyggaren ønskjer at det frå inntaket i den store Mjølsvikelva ikkje skal sleppast ein einaste dråpe minstevassføring, og der det elles

Indre Nordfjord Turlag Midtre Nordfjord Turlag Ytre Nordfjord Turlag Keipen Turlag Flora Turlag Indre Sunnfjord Turlag Luster Turlag Sogndal Turlag Lærdal Turlag

Uansett alternativ A eller B er det viktig at Stora Trastadalsvatnet ikkje vert regulert, og at det vert sloppe rikeleg miljøbasert minstevassføring minst tilsvarande

Kommunen bør i arealplanlegginga legge til rette for at miljøgifter i grunnen ikkje vert spreidde, og at arealbruken ikkje fører til helse- eller miljøskade på grunn av forureining i

Dersom dispensasjonen i vesentleg grad vil sette til side omsyna bak regelen det blir dis- pensert frå, plan- og bygningslova sin formål- sparagraf, eller nasjonale eller regionale

Mudring og dumping frå skip må alltid ha løyve frå Fylkesmannen før tiltak kan setjast i verk, medan tilsvarande aktivitet frå land må ha løyve når det gjeld store tiltak