• No results found

Leikanger kraftverk - Konsekvensar for Leikanger vassverk

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "Leikanger kraftverk - Konsekvensar for Leikanger vassverk"

Copied!
4
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

Mattilsynet

503000 - Distriktskontoret for Indre Sogn

Saksbehandlar: Grete Mollan Breisnes Tlf: 57629500

Besøksadresse: Granden 23 E-post: [email protected] (Hugs namnet til mottakaren)

Postadresse: Postboks 383 Felles postmottak, Postboks 383 2381 Brumunddal

Telefaks: 23 21 68 01

Ugradert -

Leikanger kraftverk - Konsekvensar for Leikanger vassverk

Den 06.03.2009 mottok Mattilsynet brev frå Leikanger kommune, der kommunen ønskte fråsegn frå Mattilsynet vedrørande Norconsult sitt notat om konsekvensar og tiltak for vassforsyninga i Leikanger kommune i samband med utbygging av Leikanger kraftverk.

Mattilsynet fører tilsyn med vassforsyningssystem etter FOR 2001-12-04 nr 1372: Forskrift om vannforsyningssystem og drikkevann (Drikkevannsforskriften).

Formålet med forskrifta er å sikre forsyning av drikkevatn i tilfredsstillande mengder og av tilfredsstillande kvalitet, herunder å sikre at drikkevatn ikkje inneheld ureining av noko slag og er helsemessig trygt.

Det er vassverkseigar (i dette tilfellet Leikanger kommunen) sitt ansvar å sjå til at interessene til vassverket vert ivaretekne. Mattilsynet har tilsynsansvar overfor vassverkseigar. Mattilsynet si oppgåve er å føre tilsyn med at vassverkseigar utfører pliktene sine med å sikre at vassverket har nok vatn med god kvalitet og tilfredsstillande leveringssikkerheit.

Mattilsynet er ikkje høyringsinstans i saka, men er bedt av Leikanger kommune om å kome med fråsegn til notatet frå Norconsult.

Det er eit viktig prinsipp i norsk vassforsyning at ein så langt som mogleg baserer

drikkevassforsyninga på kjelder som frå naturen si side har god kvalitet og er lite utsette for ureining, og at ein gjennom vernetiltak reduserer moglegheita for ureining mest mogleg. Dette gir best sikkerheit for vassforsyningssystemet.

Leikanger vassverk har klausuleringsbestemmelsar for nedslagsfeltet og vasskjelda (Henjaelva), og målet er at råvatnet skal ha så god kvalitet som mogleg.

Leikanger vassverk er godkjent med nedslagsfelt og kjelde som 1. hygieniske barriere og

membran som 2. barriere. Analyseresultat dei siste åra har synt at den bakteriologiske kvaliteten på råvatnet ikkje er god nok til at nedslagsfelt/kjelde kan halde fram å vere definert som den første hygieniske barriera. Leikanger vassverk har derfor fått pålegg frå Mattilsynet om installering av ei teknisk hygienisk barriere i tillegg til membrananlegg, og prosessen med m.a installering av UV- anlegg er i gang.

Sjølv om det no vert 2 tekniske hygieniske barrierer i vasshandsaminga er det viktig å unngå reduksjon i kvalitet på råvatnet, jamfør hovudprinsippet om at ein skal unngå ureining av råvatnet.

Leikanger kommune Skrivarvegen 7 6863 Leikanger Att. Per Holen

Dykkar

ref: 06/144/PH/S10/

Vår ref: 2009/28022 Dato: 25.03.2009 Org.nr: 985 399 077

(2)

Side 2 av 2

Det går fram at rapporten frå Miljøfagleg Utredning AS at vegen i Henjadalen truleg vert mykje nytta også etter at anleggsperioden er over. Dersom vassinntaket i bygge- og driftsperioden vert på eksisterande plass er det viktig å vidareføre klausuleringsbestemmelsane for

nedslagsfelt/kjelde.

Redusert råvasskvalitet fører til større risiko dersom dei tekniske løysingane i vassbehandlingsanlegget sviktar, og kan og føre til større belastning på anlegget.

I rapporten frå Norconsult går det fram at det pågår prøveboring og testing av grunnvatn ved Henjaelva i Riverdalen. Resultata frå dette prosjektet er ikkje klare enda.

Ein eventuell grunnvassbrønn i Riverdalen vil vere positivt både som ny hovudvasskjelde og eventuelt som reservevasskjelde. Men det forutsett at kjelda tilfredsstiller krava i

drikkevassforskrifta til både kvalitet, mengde og leveringssikkerheit på drikkevatnet. Dersom det på eit seinare tidspunkt skal vere aktuelt å godkjenne ei grunnvasskjelde i Riverdalen, så må ein vere sikker på at vasskvalitet og vassmengde vert uendra når vassføringa i Henjaelva vert endra til berre minstevassføring.

Vurderingane under er gjort med tanke på at vassinntaket vert på eksisterande plass i Henjaelva.

Moglege negative konsekvensar for Leikanger vassverk:

Vasskvalitet:

Opplysningane i notatet frå Norconsult fortel at opptil 80% av vassmengda ved vassinntaket vil forsvinne, og det er i hovudsak vatn frå dei høgstliggjande områda (fjellvatn og smeltevatn frå bre).

Korleis vil dette påverke kvaliteten på vatnet ved vassinntaket?

Temperatur:

- Det går fram av notatet at temperaturen på vatnet i elva vil auke i snitt med 1-2°C, og at maksimumstemperaturen om sommaren truleg vil auke med om lag 5°C. (Vasstemperatur på over 20°C i august). Dette er på den tida av året at den bakteriologiske kvaliteten på råvatnet har vist seg å vere dårlegast. Vil denne auken i temperatur påverke den

bakteriologiske kvaliteten på råvatnet? Vil bakteriesamansetninga i råvatnet bli endra som ein konsekvens av endringane? Vil t.d bakteriar få betre overleving om sommeren pga auke i vasstemperatur?

Lukt, smak:

- Auka vasstemperatur kan gje endringar av smak og lukt, då temperaturauke forsterkar eventuelle avvik.

- Auke i vasstemperatur om sommaren er uheldig for oppfatninga av friskt og godt drikkevatn. Om sommaren kan ”kaldt” drikkevatn vere over 20°C.

Bakteriologisk kvalitet:

- Etter utbygging av kraftverket vil råvatnet hovudsakleg bestå av vatn frå lågareliggjande område. Vatnet frå dei høgstliggjande områda er antatt å ha den beste kvaliteten, og gir ein fortynnande effekt på vatnet frå lågareliggjande område. Vil bakteriologisk kvalitet, smak og lukt av drikkevatnet bli påvirka når vassmengda ved vassinntaket vert redusert med inntil 80%, og det er stort sett vatn frå dei lågastliggjande områda som er att?

Hygieniske barrierer, farge, turbiditet, UV-transmisjon:

- I notaten frå Norconsult går det ikkje fram om (og eventuelt korleis) farge, turbiditet og UV- transmisjon vert påvirka ved redusert vassføring og endring i vasskvalitet.

Dagens vassbehandling (og det planlagte UV-anlegget) er bygd opp og dimensjonert etter verdiar ein kjenner og har erfaring med. Korleis vil eventuelle endringar i vasskvalitet (t.d farge, turbiditet, UV-transmisjon) påverke behandlingsprosessane? Vil dei hygieniske barrierane fungere som forutsett? Vil eksisterande behandlingsanlegg (og planlagt UV) fungere tilfredsstillande i byggeperioden og i driftsperioden etter at vassføringa er redusert med 80% og vasskvaliteten eventuelt er endra?

- Vaskevatn frå tunnelarbeid og avrenningsvatn frå anleggsområdet og frå massedeponi må bli sedimentert før det går til vassdraget. Vanligvis vil dei største partiklane bli sedimentert nokså raskt, mens dei minste partiklane som sedimenterer langsomt, vil bli tilført

vassdraget og farge vatnet over betydelige strekningar nedstrøms. Desse medfører

(3)

Side 3 av 3

imidlertid ingen alvorleg fare for livet i vassdraget eller bruken av vatnet. (Utdrag fra rapport frå Multiconsult).

Kva for konsekvensar vil denne tilslamminga med finpartikulære partiklar få for drift og effekt av vassbehandlingsanlegget?

- Det går fram av rapporten at det skal bli slept ut vatn frå demninga i Trastadalsvatnet i periodar der minstevassføringa i elva gir for lite vatn til vassverket (både sommer og vinter).

Vil dette føre til ein situasjon i elva om sommaren som liknar ”flom”, og kva konsekvensar vil det få for vasskvalitet og vassbehandlingsanlegg?

- Når eit eventuelt kraftverk har kome i drift, må ein anta at det kan oppstå situasjonar (planlagte og ikkje planlagte) der turbinane må bli slått av. Vil slike situasjonar påverke vasskvaliteten ved vassinntaket i Henjaelva?

Ureining med olje og drivstoff

Det går fram av rapporten frå Norconsult at ureining av råvatnet med olje og drivstoff kan skje i anleggsperioden. I tillegg er konsekvensen at drikkevassforsyninga kan bli øydelagt i kortare eller lengre periodar.

Dette fører til ein uakseptabel risiko for Leikanger vassverk.

Vassinntaket er nedstraums der anleggsarbeidet vil pågå.

Leikanger vassverk har på noverande tidspunkt ikkje anna reserve- eller krisevassforsyning enn Henjaelva.

I drikkevassforskrifta § 11 er det krav til beredskapsførebuingar og beredskapsplanar, og ein del av dette arbeidet er å gjennomføre risikoreduserande tiltak.

Som risikoreduserande tiltak foreslår Norconsult i sin rapport ein del avbøtande tiltak i anleggsperioden.

Mattilsynet meiner at dersom kraftverket vert utbygd, og med plassering av vassinntak som i dag, så vil det auke risikoen ved vassforsyningssystemet ut over formål og krav i Drikkevassforskrifta.

I rapporten frå Norconsult går det fram at det ikkje vil vere mogleg å flytte vassinntaket oppstraums anleggsområdet. Grunnen til dette skal vere at risiko for ureining av vatnet ved legging av ny vassledning vert for stor.

Samstundes er det skissert ulike tiltak for å redusere risiko for olje- og drivstoffureining i byggeperioden.

Mattilsynet ser ikkje kvifor det er mogleg å gjennomføre avbøtande tiltak i byggeperioden for å hindre at drikkevatnet vert ureina, medan det ikkje er mogleg med avbøtande tiltak i forkant ved legging av ny vassledning oppstraums anleggsområdet.

Mattilsynet ville ønske ei betre utgreiing av dette.

Mattilsynet meiner at det må bli vurdert å utgreie betre å flytte vassinntaket oppstraums anleggsområdet.

Leveringssikkerhet:

Det går fram av rapporten frå Norconsult av vassføringa ved vassinntaket vil bli redusert med 80%

store delar av året.

Som avbøtande tiltak er nemnt at det skal bli slept ut vatn frå demninga i Trastadalsvatnet ved behov.

Dersom dette skal vere eit akseptabelt beredskapstiltak ved fare for vassmangel så må det bli garantert at vatnet ikkje frys på veg ned til vassinntaket. Vassverkseigar må vere sikre på at det alltid skal vere nok vatn av tilfredsstillande kvalitet ved vassinntaket.

Det er kjent at Leikanger vassverk har hatt tilfelle med ising i vassinntaket.

Vil redusert vassføring auke risikoen for ising i vassinntaket, og vil det dermed bli større risiko for at det kan oppstå situasjonar der det vert for lite vatn til å oppretthalde tilstrekkeleg produksjon?

(4)

Side 4 av 4

Andre moglege negative konsekvensar:

Eit anna punkt er vassforsyning frå private brønnar i Grindsdalen.

I anleggsfasen vil innlekkasje til tunnelen kunne føre til at grunnvassbrønnen på m.a Suppam og oppkoma på Fjellheim får mindre vatn eller vert turrlagde. Vasstanden i brønnen og oppkoma må difor haldast under oppsyn, slik at alternativ vassforsyning kan ordnast inntil

anleggsarbeidet er avslutta og grunnvassnivået i området tek seg opp att til normalt nivå. Av alternativ vassforsying er det vel først og fremst utplassering av tankar og etterfylling med vatn frå tankbil som er mest aktuelt i dette området. Utover dette er det ikkje naudsynt med avbøtende tiltak. (Sognekraft AS Naturressursar)

Dersom dette dreier seg om lengre periodar så er truleg utkøyring av vatn på tank, slik at bebuarane kan hente sjølv, ikkje er ei god nok løysing.

Dersom dette rammer vassforsyninga til Kaikroa på Hella (næringsmiddelverksemd med eiga vassforsyning) så må det bli lagt til retta for tilfredsstillande vassforsyning der.

I rapporten frå Norconsult, under kapittel 6 ”Konklusjonar” er det for Leikanger vassverk stort sett uheldige konsekvensar pga mogleg ureining med olje- og drivstoff som er omtalt.

Kva med dei endringane i vasskvalitet (farge, turbiditet, lukt, smak, UV-transmisjon) som eventuelt kjem som ein konsekvens av anleggsdrift og drift av kraftverket?

Mattilsynet ønsker ei betre utgreiing av dette.

Mattilsynet er positive til forslag til tiltak som ombygging av vassinntak slik at forsyning frå elva umiddelbart kan bli stoppa, samt utviding av volum på reintvassbasseng.

Stopp av forsyning frå elva forutsett at grunnvatn med tilfredsstillande kvalitet kan bli kopla til.

I tillegg til konklusjonane under er det mange spørsmål tidlegare i teksten som Mattilsynet meiner står ubesvart i rapporten frå Norconsult.

Konklusjonar:

- Mattilsynet ser at risiko for ureining av drikkevatn med olje/drivstoff/slam i anleggsperioden vert uakseptebelt stor, og meiner at alternativt vassinntak oppstraums anleggsområdet må bli betre utgreia.

- Dersom eksisterande vassinntak skal bli nytta må moglege endringar i vasskvalitet (t.d farge, turbiditet, UV-transmisjon) i anleggs- og driftsfasen bli betre utgreia. Vassverkseigar må sikre at dei hygieniske barrierane vil fungere tilfredsstillande.

- Det må bli sikra at drikkevatnet ikkje får redusert kvalitet for parametrane lukt og smak.

Med helsing

Trine Hellan Grete Mollan Breisnes distriktssjef førsteinspektør

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

Det har elles ikkje kome fram naturfaglege opplysningar i rapporten som gir indikasjonar på at ei endring av den naturlege vassføringa i elva vil få vesentlege negative

Ein kan likevel ikkje, ut frå denne undersøkinga, heilt sjå bort frå at også laks sporadisk går opp og gyt i denne delen av elva, Gytesubstrat var også til stades, også

 Utlaupsvatnet frå kraftstasjonen på vestsida av havnebassenget, kombinert med lite vatn i Opo, vil høgst sannsynleg føra til sterkt forseinka eller manglande oppgang av laks og

Kraftstasjonen er planlagt på kote 50 på sørsiden av elva, på motsatt side i forhold til eksisterende Storrøvatnet kraftverk som det går vei fram til i dag.. Inntaket er tenkt

For landskapet ved Vaksvikelva vert det samla omfanget av dette tiltaket vurdert til ”lite negativ” på grunn av redusert vassføring på ei lita strekning av elva som er

Tiltaket medfører at elva mellom inntaket og den planlagde kraftstasjonen i periodar får lita vassføring. Tiltaksplanane går ut på å byggja ein tunnel frå om lag kote 150 moh. og

Rørgata skal gravast ned langs nordsida til elva og utløpet frå kraftstasjonen (grunnflate 80 m2) vil gå tilbake til elva om lag 30 meter før elva sitt utløp i Røyrvikvatnet.. Frå

— elva Ebro, frå kjelda i den autonome provinsen Cantabria fram til demninga Sobrón,3. — elva Queiles, frå kjelda fram til demninga