• No results found

KRAFTUTBYGGJING I LEIKANGER

N/A
N/A
Protected

Academic year: 2022

Share "KRAFTUTBYGGJING I LEIKANGER"

Copied!
12
0
0

Laster.... (Se fulltekst nå)

Fulltekst

(1)

KRAFTUTBYGGJING I LEIKANGER

Høyringsfråsegn frå

Bjørn S Sølsnæs

(2)

Side 2 av 12

Av omsyn til allmenne interesser, m.a. INON, landskap, natur-/kulturmiljø og fiske/friluftsliv bør NVE primært ikkje gje konsesjon. Alt. B er ei langt betre løysing enn alt. A. Dersom det likevel vert utbyggjing etter alt. A, er det viktig å flytta inntaka noko ned for å redusera dei negative

konsekvensane. Tippen i Henjadalen bør flyttast til austsida av elva.

Uansett alternativ A eller B er det viktig at Stora Trastadalsvatnet ikkje vert regulert, og at det vert sloppe rikeleg miljøbasert minstevassføring minst tilsvarande 5-percentilen, fordelt på alle inntaka.

Framsidebilete

Det store oppe: Friksdøla renn ned frå Friksdalen til Nyastølen. Denne vil bli «turrlagd» ved utbyggjing etter alt. A. Juni 2009.

Dei tre småe nede (frå venstre): 1 Den gamle inntaksdammen til kommunen i Henjafossen. Mai 2011. 2 Stølsområdet og elvi på Flya. Mai 2011. 3 Henjaelvi på Flya. Mai 2011.

(3)

Side 3 av 12

1 Tap av INON

1.1.1 Nasjonal målsetjing

Det er ei nasjonal målsetjing å hindra tap av villmarksprega område (>5km frå tyngre teknisk inngrep). I fjellheimen nord i kommunen har me eit relativt stort område av denne typen.

Denne INON-villmarka er den siste som strekkjer seg frå fjord via høgfjell til isbre, og området er i heilskap det tredje største INON-området utan vernestatus.

Tap av INON: Biletet viser korleis kraftutbyggjing etter alt. A vil redusera det villmarksprega området i Leikanger kommune.

1.1.2 Verknader av alt. A

Over halvparten av INON-villmarka vil forsvinna som fylgje av nye inngrep i Henjadalen (ca 5 km lenger fram enn i dag). Dei fåe hundremetrane med nye inngrep i Grindsdalen (inntaket i Stavseta) vil so godt som skjera av forbindelsen av INON-villmark mellom Fjærlandsfjorden og Myrdalsbreen.

(4)

Side 4 av 12

Ved å flytta inntaka ned i dalbotnen, vil bindelekken mellom Fjærlandsfjorden og

Myrdalsbreen vera upåverka. Dette enkle tiltaket vil soleis få stor positiv effekt, og gjera konsekvensane for INON mindre.

1.1.3 Verknader av alt. B

Dette alternativet vil ikkje redusera INON-arealet i det heile teke. I Henjadalen går det veg heilt fram til dei planlagde inntaka, og i Grindsdalen går vegen allereie eit godt stykke forbi.

1.1.4 Verknader av regulering i Trastadalen

Mykje INON-villmark går tapt dersom Stora Trastadalsvatnet og Traståna vert regulert. Dette gjeld både alt. A og alt. B. Av omsyn til bevaring av INON er det viktig at Sognekraft ikkje får løyve til å regulera Stora Trastadalsvatnet. På denne måten vil tapet av INON-villmark bli redusert med nesten ein tredel i alt. A og heilt eliminert i alt. B.

2 Hydrologi

2.1 Den naturlege dynamikken

Uansett avbøtande tiltak vil ei kraftutbyggjing temja elva, og ho misser det urørde preget.

Konstant minstevassføring – uansett storleik – reduserer innverknaden vêrforholda og årssyklusen har på vassføringa. Ved ei utbyggjing etter alt. B vil den øvre halvdelen av elva vera like vill som før, sjølv om den nedre halvdelen vert temd. Det omsøkte alt. A vil temja heile hovudvassdraget i dei to dalføra våre.

2.2 Restvassføring og minstevassføring

2.2.1 Rikeleg minstevassføring er viktig

Det må sleppast miljøbasert minstevassføring minst tilsvarande 5-percentilen. Dette vil halda oppe livet i elva, og er viktig for at ein framleis skal kunna utøva fiske i vassdraget. Slik minstevassføring gjev eit betre bilete på skilnaden mellom sumar- og vintervassføring, og landskapsverdien vert redusert i mindre grad enn ved alminneleg lågvassføring. På denne måten tek me vare på livet i elva, fisken og fossekallen. Serleg ved Flya i Henjadalen og på Hermansverk vil rikeleg minstevassføring gjeva god effekt.

2.2.2 Fordeling av minstevassføringa

Alle sideelvane er viktige landskapselement, og bør sjåast på som sjølvstendige «vassdrag».

Det er lite klokt å turrleggja alle sideelvane, og dermed drepa livet i desse.

(5)

Side 5 av 12 2.2.3 Alt. B er ikkje verre enn alt. A

Alt. B gjev ikkje nemneverdig lægre restvassføring enn alt. A. Hjedlandegrovi renn ned i Henjadalen eit godt stykke heimom det planlagde inntaksområdet i alt. B. Dalseta renn ned i Grindsdalen på kote 355, altso nedom inntaket. Dei største sideelvane som ikkje er med i alt.

A, vil altso få renna fritt heim ogso etter alt. B. Ved alt. B vert dessutan minstevassføringa auka i høve til alt. A, for å kompensera mot at ein større del av nedbørsfeltet vert lagt i røyr.

2.3 Slukeevna

Den omsøkte slukeevna på 14,6 m3/s er høg, slik at det må svært mykje vatn til før det vert overlaup. På denne måten vil berre dei største flaumane syna att nedom inntaka. Truleg vil sjølv den høge vassføringa om våren gå umerka føre seg fordi ho ikkje syner att nede i dalen og bygdi. So høg slukeevne vil fjerna den naturlege dynamikken, og dermed «ta livet» av elva. For å sikra ein viss naturleg dynamikk i den utbygde delen av elva, må anten slukeevna reduserast eller eit inntak sløyfast.

2.4 Livet i elva

2.4.1 Det må takast omsyn til laksen

Det er viktig å sikra laksen sine mulegheiter til å leva og reprodusera i elva ogso dersom det vert kraftutbyggjing. Dette stiller krav til både produksjonsområde og tilstrekkjeleg vassføring for oppvandring av fisk og gode fiskeforhold.

2.4.2 Fossekallen

I Henjaelvi er det mykje fossekall, ogso i nedre deler av vassdraget. Det må gjerast tiltak for at denne ikkje skal verta skadelidande etter utbyggjing.

2.4.3 Aurebestandane ved Fivelhola/Flya og i Stora Trastadalsvatnet

I dei stilleflytande partia på Flya og i Fivelhola har me ein solid fiskestamme. Her er det godt fiske, og dette er eit populært «fritidstilbod». Eg har sett ganske fin fisk like nedom brua på Flya. Ein laurdagskveld i 1940 fiska Trygve Rishovd og Andreas Gåserud med flugetroer, og fekk om lag 50 småfisk som dei bar opp Skuledalen og sette ut i Svartavatnet. Dette vitnar om at det er – og har vore – rikeleg med fisk på strekninga Flya/Fivelhola.

I Stora Trastadalsvatnet er det fåe gode gjoteplassar, men fisken gyt i utlaupet. Eventuell nedtapping av vatnet vil kunna øydeleggja gjoteområda til fisken.

3 Landskapet

(6)

Side 6 av 12

3.1 Grindsdalen

Grinde: Lauvkjervar til turk på gardsbruket Eineberg. August 2010.

3.1.1 Nasjonalt viktig kulturlandskap

Grinde og Grindsdalen (fram til Seljevollen) er valt ut som eit nasjonalt viktig kulturlandskap.

Sterkt redusert vassføring i Grindselvi vil forringja verdien av dette området. Dette er viktig å ha i tankane når de skal ta avgjerd i saka.

3.1.2 Inntaksområdet ved kote 530-600

Nyastøla kjem ned i dalen i to fossar som utgjer eit viktig landskapselement. I alt. A vert desse tekne inn oppe i dalsida på ein slik måte at landskapsbiletet vert sterkt redusert. Inntaket i Stavseta er planlagt der dalen tek ein sving, slik at inntaket og vegen fram vert synleg frå Stavsete.

Å flytta inntaka ned i dalbotnen vil redusera dei negative konsekvensane for landskapsverdien i området. Då vil fossane i Nyastøla få renna fritt ned i dalbotnen før vatnet vert lagt i røyr, medan inntaket i Stavseta ikkje vil vera synleg frå Stavsete.

3.2 Henjadalen

3.2.1 Hermansverk Sentrum

Storelvi er eit viktig landskapselement i sentrum. I motsetnad til Vetleelvi (Njøselvi) har Storelvi jamt høg vassføring gjennom sumaren. I samband med byggjing av park i sentrum er det snakk om å byggja ny gangbru over elva på ein slik måte at dei som ferdast langs vegen vil få langt betre kontakt med elva og vatnet enn slik situasjonen er i dag. På denne strekninga er elva prega av stryk.

Frå austre delen av sentrum, mellom anna frå Statens Hus, ser ein Skuleåna som eit viktig landskapselement framme i dalen/fjellet. Alt. B vil ikkje påverka den delen av Skuleåna som er synleg frå bygda, slik alt. A gjer.

(7)

Side 7 av 12 3.2.2 Riverdalen – Hagane

Dei nedre 800 metrane av Henjaelvi er lakseførande, og det vert utøvt laksefiske om sumrane.

Denne strekninga er ganske flat og prega av stryk. Litt oppom Lakshøl finn me eit stort tredelt fossefall, med ei ordentleg fossesprøytsone nedi gjelet. Det er ikkje godt å vita kva biologisk mangfald som kan skjula seg nedi der. Det er aktuelt å byggja «elvepromenade» frå den nye parken og opp langs elva til Hagane. Dei som ferdast langs denne vil få flott utsikt ned til desse fossane. Her ligg eit stort opplevingspotensial. Dersom elva vert utbygd er det viktig å sikra rikeleg restvassføring.

Den rykande fossen: Rukandefossen nedom Flya i Henjadalen. Mai 2011 og november 2009.

3.2.3 Rukandefossen

Namnet kjem av Rjukandefossen (altso Rykandefossen). Fossesprøytsona er stor, og om sumaren kan ein kjenna fosserøyken når ein ferdast langs vegen. Den sermerkte fossen er eit viktig landskapselement. Rukandefossen vert sterkt påverka ved utbyggjing etter både alt. A og alt. B.

Flatt parti: Henjaelvi oppstrøms Flya bru. Mai 2011 og november 2009.

3.2.4 Flya

Ved stølen Flya har me eit større flatt parti, der elva buktar seg roleg. Serleg på føresumaren når vatnet når heilt opp til kanten av elvelaupet utgjer elva eit viktig og idyllisk

(8)

Side 8 av 12

landskapselement som mange veit å setja pris på. Det er mange gode fiskeplassar på

strekninga. Ved utbyggjing etter alt. B vert ikkje denne strekninga påverka, sidan inntaket vert lagt nedom denne.

«Slipset» i Henjadalen: Reisetåi som fossar ned dalsida. Mai 2011.

Eit syn å sjå: Fessafossen i Henjaelvi. Mai 2011 og november 2009.

3.2.5 Reisetåi og Fessafossen

I Henjadalen mellom Flya og Nyastølen er Reisetåi eit svært framtredande element i

landskapsbiletet, der ho fossar ned dalsida. Denne vert turrlagd etter alt. A, medan alt. B ikkje

(9)

Side 9 av 12

vil påverka han i det heile. Dersom det vert utbyggjing etter alt. A er det viktig å sikra rikeleg minstevassføring (minst 5-percentil), eller aller helst sløyfa dette inntaket.

Fessafossen er ein vakker foss i Henjaelvi midt mellom Flya og Nyastølen. Alt. A vil redusera vassføringa i denne. Ogso her er det viktig å sikra rikeleg minstevassføring.

3.2.6 Tippområde på Åsebakken

Den planlagde tipplassen på vestsida av elva vil verta synleg frå fjella rundt heile dalen. Ved å flytta tippen til austsida, vil han kunna integrerast/skjulast i landskapet på ein betre måte, og vert samstundes mindre synleg frå fjella rundt. Han kjem dessutan i mindre grad i konflikt med stigen. Dersom inntaka vert flytte ned til kote 530, og serleg viss ein sløyfer inntaket i Reisetåi, vert det mindre masse som må deponerast.

Sermerkt landskap: Friksdøla, Slettabotna og Traståna møtest på Nyastølen. Alt vatnet på biletet vert turrlagt etter alt. A, men ikkje dersom inntaket vert flytt ned til kote 530 (like utanfor høgre biletkant). Mai 2011.

3.2.7 Nyastølen

I dette nedlagde stølsområdet kjem tre markerte elvar ned i dalen, og danar Henjaelvi på kote 535. Deler av elva frå Slettabotn er dessutan synleg lenger nede i dalen. Heile dette

landskapsromet med mange viktige landskapselement vil verta øydelagt av veg og sterkt redusert vassføring dersom alt. A vert utbygt som omsøkt.

(10)

Side 10 av 12

Ved å flytta inntaka ned til kote 530, vil dette flotte landskapet ikkje verta påverka av utbyggjinga. Inntaket vert då lagt i gjelet i utlaupet av landskapsromet. Slik tek ein vare på indrefileten i landskapet i dalen.

4 Drikkevassforsyninga

4.1.1 Eit viktig vilkår for ei trygg vassforsyning

Drikkevassforsyninga er godt ivareteken, med eitt unnatak: Dersom Sognekraft får hand om reguleringsmagasinet i Trastadalen, risikerer me at det ikkje er att nok vatn å tappa når elva er turr vinterstid. Den sikraste løysingi er å ikkje sleppa til kraftselskapet i den kommunale reguleringsdammen.

Dersom kraftverksinntaket, og dermed drikkevassinntaket, vert flytte ned til kote 530, vil eit større nedslagsfelt sikra vassforsyninga slik at behovet for tapping frå magasinet i Trastadalen vert mindre.

5 Andre forhold

5.1.1 Anleggstrafikken til Henjadalen

Kolabakken, som skal nyttast for å få fram anleggsmaskiner, er skuleveg for alle elevane i ytre deler av bygda. Det er viktig at anleggsmaskinene vert køyrde forbi Kolabakken på andre tidspunkt enn kring skulestart og skuleslutt, slik at elevane framleis kan ferdast langs ein trygg skuleveg.

6 Tilråding

6.1 Tilråding

Planane om kraftutbyggjing i Leikanger er konfliktfylde. Difor bør det helst ikkje gjevast konsesjon. Dette av omsyn til INON, fiske/friluftsliv og landskapet og elvemiljøet både i sentrum og framme i dalføra.

Dersom det likevel vert gjeve konsesjon til kraftutbyggjing er alternativ B verkeleg å føretrekkja før alternativ A. Dette fordi alt. B sameinar dei allmenne interessene med dei økonomiske interessene på ein langt betre måte enn alt. A. Sjå avsnitt 6.2.

(11)

Side 11 av 12

Dersom det likevel skulle verta utbyggjing etter alt. A er det ein del justeringar av planen som er viktige for å redusera konfliktane og konsekvensane. Sjå avsnitt 6.3.

Felles for alt. A og alt. B er at det uansett må sleppast rikeleg miljøbasert minstevassføring minst tilsvarande 5-percentilen – fordelt på alle inntaka. Det må ikkje gjevast konsesjon til regulering av Stora Trastadalsvatnet.

6.2 Alternativ B

6.2.1 Fordeler med alt. B i høve til alt. A

Alt. B vil føra til mindre negative konsekvensar for dei allmenne interessene enn alt. A.

Fordeler med alt. B i staden for alt. A:

 INON-området i Leikangerfjella vert ikkje redusert i det heile teke. (Dette føreset at det ikkje vert regulering i Stora Trastadalsvatnet).

 Den delen av Skuleåna som er synleg frå Hermansverk vil ikkje verta påverka av utbyggjinga.

 Det urørde og sermerkte landskapet i Henjadalen frå Flya til Nyastølen vil liggja urørt.

 Det er lettare for folk å koma seg forbi inngrepa og inn i urørd natur.

 Det vert færre inntak å halda ved like (4 i alt. B mot 11 i alt. A).

 Uttaket av steinmassar vert monaleg mindre enn i alt. A.

 Elles dei fordelene som er nemnde i avsnitt 6.3.1.

6.2.2 Tippområdet i Henjadalen

I alt. B er tippen planlagd på myri der AT-steinen står. Denne steinen er minnesmerke for arbeidstenesta som bygde vegen i 1943/44. For å skåna dette kulturminnet må tippen flyttast opp til neste sving. Her skulle det vera rikeleg med plass til å deponera steinmassane på ein relativt konfliktfri måte, og det vert dessutan noko kortare veg å transportera massane.

6.3 Framlegg til endringar av alt. A

6.3.1 Flytting av inntaka i Henjadalen og Grindsdalen

Inntaka må flyttast ned til kote 530*. Inntaka i Traståna, Slettabotn og Friksdøla vert då sameina i eitt inntak i Henjaelvi i gjelet ved Åsebakken, medan dei to inntaka i Skuleåna vert slegne saman til eitt. Inntaka i Nyastøla (2 stk) og Stavseta vert sameina i eitt inntak i

Grindselvi i dalbotnen der elvane møtest.

Fordeler med å flytta inntaka ned:

 Bindelekken av INON-villmark mellom fjorden og høgfjellet/breen vert ikkje påverka.

 Dei to fossane i Nyastøla (viktig landskapselement) i Grindsdalen vil få renna fritt ned i dalen før dei vert tekne inn.

(12)

Side 12 av 12

 Inngrepa vert ikkje synlege frå Stavsete.

 I Henjadalen vil landskapsromet ved Nyastølen vera upåverka av utbyggjinga, og dei tre markerte elvane får renna fritt ned i dalen og møtast før dei vert tekne inn.

 Det vert færre inntak å halda ved like.

 Drikkevassforsyninga får større nedbørsfelt, slik at behovet for tapping frå Trastadalsvatnet vert redusert i høve til dei omsøkte planane.

*) Kote 530 i Reisetåi ser ut til å vera midt i fossen. Dersom dette er tilfelle må NVE vurdera å leggja inntaket i denne eine sideelva til kote 600, medan dei andre inntaka ligg på kote 530.

Aller helst bør inntaket i Reisetåi sløyfast, av omsyn til landskapet og fordi dette vil oppretthalda ein naturleg (om enn redusert) dynamikk i vassdraget.

6.3.2 Ny plassering av tippen i Henjadalen Tippen bør flyttast frå vestsida til austsida av elva.

Fordeler med å leggja tippen på austsida:

 Tippen glir betre inn i landskapet, og vert ikkje like markert som han villa blitt på vestsida.

 Tippen vert i mindre grad synleg frå fjella rundt.

 Dei som fylgjer stigen på vestsida av elvi vil sleppa å kryssa tippen på veg fram til Nyastølen. (På austsida vil jo vegen øydeleggja stigen uansett, og stigen på vestsida er meir nytta enn denne).

6.3.3 Ikkje regulering av Trastadalsvatnet

Sognekraft må ikkje få lov til å regulera Stora Trastadalsvatnet. Magasinet må berre nyttast til same føremål som i dag.

Fordeler med å lata Trastadalen liggja urørd som i dag:

 Tapet av INON vert redusert (med nesten ein tredel i alt. A og eliminert i alt. B).

 Leikanger kommune får full kontroll over vassforsyninga, og har nok vatn å tappa av når elvi er turr vinterstid.

Referanser

RELATERTE DOKUMENTER

I denne oppgåva skal vi ta føre oss eit alternativ der den midlertidige dammen ikkje vert fjerna, men i staden vert integrert i den permanente dammen.. Det er på bakgrunn av at fleire

Vidare kan mange av kvinnene som i våre dagar velger å få barn i høg alder, vere kvinner med normal evne til å føde barn og utan kjende risikofaktorar for komplikasjonar (13)..

Fylkesmannen fremjar motsegn til Øvre Seljestad kraftverk og Nedre Seljestad kraftverk ut frå konflikt med vassdragsvern og rår frå utbygging av Tokheimselva kraftverk ut

– Kanskje, men mediene kan ikke la være å bringe nyheter, og slett ikke prøve å undertrykke det som ville blitt kjent i alle fall. Nå for tiden er det tullinger som ser

Skal den frie ordning som eksisterer i dag, bare fortsette å gJelde, eller regner man med å få tílfredsstillende for- skrifter før 1. Som det står Í denne

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.

Hertil kommer også det at foreldrene leser selv og at foreldrene har positive holdninger til lesing (og ikke forbinder lesing til noe de utelukkende driver med når de må)»?.

Om vi liker klangen eller ikke, er basert på fordommer og tidligere erfaringer med språket” (ibid.). Desse språkvitararane vil altså ikkje ta del i diskursen som media prøver å