Fylkesmannen i Hordaland
Interne rutinar for arbeid med planar og dispensasjonar etter plan- og
bygningslova
Foto: Gudrun E. Stefansdottir
Kommunal og samfunnsplanavdelinga
19.12.2016
1
1.INNLEIING
Leiarmøtet hos Fylkesmannen i Hordaland vedtok 13.05.2013 Interne rutinar for arbeid med plan og dispensasjon etter plan- og bygningslova. Rutinane vart reviderte 27.10.2014.
Det er utarbeidd overordna strategiar for arbeidet med planar etter plan- og bygningslova og sjekklister for ulike tema som er aktuelle i handsaming av plan- og dispensasjonssaker.
Fylkesmannen, fylkeskommunen og kommunane
Fylkesmannen har ei viktig oppgåve i å formidle nasjonal politikk og lovpålagte krav i plan- prosessar etter plan og bygningslova. Viktige fagområde som arealpolitikk, miljøvern, land- bruk, helse, oppvekst og samfunnstryggleik står sentralt. Fylkesmannen skal sjå til at nasjonale og viktige regionale omsyn vert ivaretatte i den fylkeskommunale og kommunale planlegginga etter plan- og bygningslova.
Fylkesmannen er like fullt opptatt av at kommunane sjølv tar ansvaret dei har som plan- styresmakt. Dei må syte for at omsyna i nasjonal politikk vert ivaretekne i kommunale planar og vedtak. Kommunane må òg ta omsyn til viktige regionale verdiar når saker skal vurderast lokalt. Kommunane kan gjennom god areal- og samfunnsplanlegging sjølv styre utviklinga i kommunen.
Evaluering
Strategiar, sjekklister og samarbeidsrutinar er oppdaterte. Sjekklister må oppdaterast fort- løpande når det kjem nye statlege planføresetnader. Forslag til endringar/oppdateringar kan rettast til Laila Pedersen Kaland, KSA, som har leia arbeidet med revisjonen i 2016.
Innhald
Overordna strategiar 2
Rutinar for vurdering av planar og dispensasjonar 4
Samordna bustad areal og transportplanlegging 6
Folkehelse 8
Likestilling/Universell utforming/barn og unge 9
Naturmangfald 12
Klima/klimatilpassing 15
Landbruk 17
Strandsone/planlegging i sjø 19
Samfunnstryggleik og beredskap (ROS) 21
Forureina grunn 23
Luftkvalitet 25
Støy 27
2
2.Overordna strategiar
Gode og oppdaterte kommuneplanar
Fylkesmannen i Hordaland har som langsiktig mål at kommunane skal ha oppdaterte og tenlege overordna arealplanar som er styrande for arealbruken. Fylkesmannen prioriterer arbeidet med overordna planar. Fylkesmannen kjem med tydelege og tidlege signal til planar, ved oppstart og eventuelt i regionalt planforum, for om mogleg å unngå motsegn.
For å sikra at kommunane får gode planar etter plan- og bygningslova, fokuserer Fylkes- mannen på ansvaret kommunane har for planlegging. Kommunar som har gamle kommuneplanar vert oppmoda om å oppdatere desse, slik at dei får eit tenleg verktøy i arbeidet med utviklinga av kommunen.
Fylkesmannen legg vekt på at samfunnsdelen til kommuneplanen tar stilling til langsiktige ut- fordringar, mål og strategiar for samfunnet og for kommunen som organisasjon. Det skal vere samanheng mellom arealdelen, samfunnsdelen og handlingsdelen.
I den kommunale planstrategien skal kommunen klargjere kva for planoppgåver kommunen vil starte opp eller vidareføre i kommunestyreperioden.
Arealplanar i tråd med vesentlege regionale og nasjonale omsyn
Ved offentleg ettersyn kjem Fylkesmannen med eventuelle merknader til planforslaget.
Kommuneplanen skal vere styrande for all arealbruk i kommunen. Dersom kommuneplanen tek omsyn til nasjonale og vesentlege regionale interesser, og reguleringsplanane følgjer opp det, vil talet på motsegner gå ned. Det vil igjen føre til at Fylkesmannen brukar mindre tid på handsaming av reguleringsplanar, fordi nasjonale og regionale omsyn er avklara i kommune- planprosessen. Resultatet for kommunar og utbyggjarar er kortare planprosessar der ein i større grad unngår at tid går med til motsegner, meklingar og handsaming i Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Motsegner
Dersom eit planforslag er i strid med plan- og bygningslova, forskrift, statlege planretnings- linjer, statleg eller regional planføresegn, eller overordna plan kan det gi grunnlag for mot- segn, jf plan- og bygningslova (pbl) § 5-4 fjerde ledd. Rundskriv H-2/14 har nærare retnings- linjer for bruk av motsegn: https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/rundskriv-h-214--- supplering-av-rundskri/id751306/
For motsegner på miljøområdet har Klima- og miljødepartementet utarbeidd rundskriv T- 2/16 for å klargjera kva som er spørsmål av nasjonal eller vesentleg regional verdi eller som av andre grunnar er av vesentleg betyding på klima- og miljøområdet:
http://fmhoarkivweb/ePhorteWeb/locator/?SHOW=SA&SA_ID=1408085&database=EPHORTE
Regjeringa har som mål å få til betre og raskare planprosessar. Fylkesmannen i Hordaland er eitt av tolv fylkesmannsembete som er med i eit forsøk med samordning av statlege mot- segner i arealplansaker.
3 Motsegner frå statlege styresmakter vil i forsøksperioden bli sendt Fylkesmannen. Fylkes- mannen samanfattar uttalane slik at kommunen får eitt brev med alle motsegner samla.
Fylkesmannen kan på visse vilkår òg avskjere statlege motsegner. Før Fylkesmannen kon- kluderer i spørsmålet om ein skal fremja motsegn, inviterer vi til eit dialogmøte der kommunen og statlege styresmakter møter. I møtet vert alle aktuelle motsegnspunkt dis- kuterte med kommunen. Dersom ein oppnår semje i dialogmøtet, får ein raskare plan- avklaring. Vert det ikkje semje, vil kommunen normalt få motsegn til planen. Deretter vert det mekling før saka vert sendt kommunal- og moderniseringsdepartementet for avgjerd, om ein då ikkje vert einige i meklingsmøtet.
Dispensasjonar
Fylkesmannen skal sjå til at kommunane ikkje set til sides nasjonale eller regionale omsyn innafor fagområde våre. Fylkesmannen skal derfor ha til høyring alle dispensasjonssaker der vi er statleg fagstyresmakt og «blir direkte berørt», jf. pbl § 19-1. Sakene skal òg sendast Fylkesmannen til klagevurdering dersom kommunane gir dispensasjon. Dispensasjonsvedtak som bryt med nasjonale eller vesentlege regionale interesser skal klagast på.
Med oppdaterte kommuneplanar og reguleringsplanar som er i samsvar med kommuneplan, forventar Fylkesmannen færre dispensasjonar. Kommunane bør vere tydelege på at utbygg- ing må skje i tråd med vedtekne planar.
Fylkesmannen opphevar klart ugyldige vedtak. Det vil t.d. kunne gjelde saker som ikkje er godt nok opplyste og der vedtaket er fatta utan tilstrekkeleg grunngjeving. Målet er at kommunane skal ta ansvar for kvaliteten på saksutgreiinga, inkludert at det er gjort grundige og gode nok vurderingar etter lovverk og når det gjeld planstatus.
Differensieringsprinsippet
Fylkesmannen legg opp til ein differensiert arealpolitikk overfor kommunane. Vi kan difor ha ulik vektlegging av omsyn i pressområde og utkantområde.
Stimulere til interkommunalt samarbeid
Fylkesmannen oppmodar kommunane til å samarbeide innanfor ulike tema som sam- funnstryggleik og beredskap, samhandlingsreforma, planar etter plan- og bygningslova og GIS-løysingar. Ved målretta bruk av skjønsmidlar kan det lukkast å få fram gode prosjekt i kommunane.
4
3. Rutinar for vurdering av planar og dispensasjonar
Fordeling av oppgåver på Kommunal- og samfunnsplanavdelinga (KSA)
KSA har hovudansvaret for alle plan- og dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova.
Kommunane i Hordaland er fordelte mellom sakshandsamarane på KSA. Lista over kven som er ansvarleg for den enkelte kommunen finn ein på I/fmho/ksa/plansamarbeid/kommune og temafordeling. Sakshandsamarane har eit særskilt ansvar for å vere oppdaterte innafor dei temaområda dei har fått ansvar for etter liste.
Ansvaret for å gi uttale til planar og fremje forslag til motsegn ligg på sakshandsamar. Saks- handsamar har vidare ansvar for å gi uttaler og fremje forslag til klage på dispensasjons- vedtak. Avdelingsdirektør eller seksjonsleiar tek avgjerd i spørsmål om ein skal fremja notat med forslag om motsegn, om ein skal klage, samt at desse skriv under på uttaler som går utover standarduttaler, sjå delegeringsreglementet for KSA som ein finn på i/ksa/deleger- ingsreglement.
Samhandling i plansaker hos Fylkesmannen i Hordaland
Det er planmøte ein gong i veka, p.t. er det tysdag kl 10 00. Saker/tema til dagsorden skal meldast til seksjonsleiar eller den han utpeiker innan kl. 12 fredag før møtet.
Alle fagavdelingane har minst ein plankontakt. Plankontaktane er inviterte til møta og vel sjølv om dei vil delta på møta. I møte der kommuneplanar og områdereguleringsplanar er tema, legg ein til grunn at plankontaktane møter. I tillegg møter plangruppa på KSA.
Desse møta er i hovudsak produksjonsmøte der løpande saker vert tatt opp. Sakshandsamar gjer på førehand greie for kva ein vil ha innspel til. Dei andre møtedeltakarane møter føre- budde og kjem med relevante innspel til sakene på dagsorden. Sakshandsamar gjer greie for saka på møtet. Leiargruppa vert orientert med kopi av møteinnkallinga og får også tilsendt referat frå møtet. Referata finn ein også på I/fmho/ksa/plansamarbeid/møtereferat.
Kvar tredje til fjerde månad (avhengig av behov) er det møte mellom avdelingsdirektørane og seksjonsleiar på plan og beredskap der planspørsmål av prinsipiell/overordna karakter vert diskutert.
Det er laga eit standardsøk i ePhorte der alle interesserte kan søka opp innkomne plansaker siste 14 dagar. Det vert forventa at den enkelte sakshandsamar på dei andre fagavdelingar uoppfordra kjem med innspel til sakshandsamaren for saka på KSA.
KSA tek også direkte kontakt med tilsette på dei andre fagavdelingane når det er trong for det. Miljø- og klimaavdelinga har utarbeidd ei eiga lise over ansvarlege for ulike tema innafor fagområda deira. Lista finn ein på I/fmho/ksa/plansamarbeid/temaansvarleg miljø.
I tillegg vert det halde eigne møte med merksemd på kompetanseheving og opplæring om lag ein gong i månaden (torsdagar). Desse møta er opne for alle som er interessert. Det er Fylkesmannen sine tilsette som bidreg med innlegg.
5 Malar
For å letta arbeidet med å gi uttaler/klageskriving er det utarbeidd fire malar i 2016:
uttale til samfunnsdel
uttale til planstrategi
uttale til oppstart av planarbeid
klage
Malane finn ein i ePhorte.
Sjekklister til hjelp i sakshandsaminga
Det er utarbeidd sjekklister til bruk i sakshandsaminga for saksområda som Fylkesmannen skal ivareta. I sjekklistene er det referert til styrande dokument som kan nyttast i
argumentasjonen ved uttaler og forslag til motsegn.
6
Samordna bustad, areal- og transportplanlegging
Plan- og bygningslova
Pbl. § 3-1 bokstav e) legge til rette for god forming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår.
Bokstav g) tar klimahensyn gjennom løsningar for energiforsyning og transport
Statlege planretningslinjer for samordna bustad, areal- og transportplanlegging av 26.09.2014: https://www.regjeringen.no/nb/dokumenter/Statlige-planretningslinjer-for- samordnet-bolig--areal--og-transportplanlegging/id2001539/
I punkt 4.3 er det lagt vekt på fortetting ved kollektivknutepunkt i by- og tettstadområde.
Samstundes som omsynet til gode uteområde skal ha vekt. Jordvernet skal stå fast, men skal balanserast mot behovet til storsamfunnet. I område med mindre utbyggingspress kan det planleggast for eit meir differensiert busettingsmønster.
I brev frå miljøvernministeren 31.08.2012 til fylkesmennene går det m.a. fram at Fylkes- mannen bør «…se til at kommunene i sin kommuneplanlegging lager arealregnskap som avklarer arealreserver og arealbehov til bl.a. boliger og setter opp mål for volum og mønster for utbygginga.» Det vil framleis vere eit godt verkemiddel i kommuneplan- legginga.
Nasjonale forventningar av 12.06.15 til regional og kommunal planlegging:
Samordning av transportsystem og bustad,- næring og arbeidsplassar. Tette og kompakte byar og tettstader for å unngå byspreiing, transportbehov og klima- gassutslepp.
Transportvekst i byområda skal tas med kollektivtransport, sykkel og gange og skal følgje opp byvekstavtalar (bymiljøavtalar og byutviklingsavtalar ). Sikra gode og samanhengande sykkelsamband.
Legge til rette for tilstrekkelege og variert bustadbygging, samt høg arealutnytting rundt kollektivknutepunkt. Bu- og oppvekstmiljø skal vere trygge og helse-
fremjande.
Fylkeskommunen og kommunane fastset regionalt utbyggingsmønster, senter- struktur og hovudtrekka i transportsystemet. I planlegginga trekk ein langsiktige grenser mellom by- og tettstadområda og store samanhengande LNF-område.
Regionale forventningar:
Regional plan for attraktive senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel:
http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale- planar/regional-plan-for-attraktive-senter-i-hordaland_web.pdf
7
Sjekkliste for BATP i arealplanlegging
Ved bruk av sjekklista bør ein ta utgangspunkt i ei geografisk differensiering av fylket, t.d. bør det stillast strengare krav i Bergensregionen enn i fråflyttingstrua kommunar i utkantstrok.
Kommuneplan/ kommunedelplan
– tema for innspel tidleg i planprosessen.
Ja Nei
1 Er BATP-temaet utgreidd i KU i samband med utlegging av nye byggeområde?
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 2 Har kommunane gjennom planlegging sikra tilstrekkeleg
bustadbygging ? Er det i samfunnsdelen laga arealrekneskap som avklarar arealreserver og arealbehov til bustadar?
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 3 Er det lagt vekt på auka konsentrasjon (fortetting) av utbygging i
byggjesonene i by og tettstadsområde?
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 4 Er det sett klare grenser mellom byggeområde og landbruk-,
natur- og friluftsområde? (langsiktig LNF-grense, jordvern- grense)
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 5 Er det laga føresegner om parkeringsdekning med maks
normer? (Gjeld byar og større tettstadar.)
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 6 Er kommuneplanen i samsvar med regional plan for attraktive
senter i Hordaland – senterstruktur, tenester og handel?
Ok Gje innspel tidleg i planprosessen /vurder motsegn 7 Er rett føremål plassert på rett stad (ABC-planlegging)? Ok Gje innspel tidleg i
planprosessen /vurder motsegn
Reguleringsplanar
1 Ved planar om auka vegkapasitet, er alternativ som tiltak for av- grensing i biltrafikken, betre kollektivtransporttilbod, restrik- sjonar på parkering og liknande vurdert på lik linje?
Ok Vurder motsegn
2 Er parkeringsdekning tatt inn i planføresegnene og er føre- segnene i samsvar med KPA?
Ok Vurder motsegn 3 Er det lagt inn høg utnyttingsgrad ved kollektivknutepunkt/
langs hovudårer for kollektivtransport?
Rettleiande: Høg = 100% og oppover, Bergen 2-300% BRA->
Ok Vurder motsegn
4 Opnar planen for bilbasert feltutbygging? Ok Vurder motsegn 5 Legg planen til grunn statlege normer og retningslinjer for miljø-
kvalitet?
Ok Vurder motsegn 6 Er planen i samsvar med regional plan for attraktive senter i
Hordaland – senterstruktur, tenester og handel?
Ok Vurder motsegn 7 Legg planen til rette for auka bruk av sykkel og gange? Ok Vurder motsegn 8 Bidrar planen til å styrke eller sikre eksisterande stiar/tråkk til
daglege servicetilbod (skular, butikkar m.m.)?
Ok Vurder motsegn
8
Folkehelse
Plan- og bygningslova
Pbl. § 3-1 e: legge til rette for god forming av bygde omgivnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår i alle delar av landet.
Pbl. § 3-1 f: Fremme befolkninga si helse og motverke sosiale helseforskjellar samt bidra til å førebygge kriminalitet.
Pbl. § 28-7: kKrav til storleik, utforming og kvalitet på uteareal.
Folkehelselova § 1
Folkehelsearbeidet skal fremme befolkninga si helse, trivsel, gode sosiale og miljømessige forhold og bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade eller liding.
Lova skal sikre at kommunar, fylkeskommunar og statlege helsestyresmakter set i verk til- tak og samordnar verksemda si i folkehelsearbeidet på ein forsvarleg måte. Lova skal legge til rette for eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
Kommunane skal sikre trygge og helsefremmande bu- og oppvekstmiljø, frie for skadeleg støy og luftforureining.
Kommunane skal ta vare på naturverdiane og legge til rette for fysisk aktivitet og trivsel for alle.
Tilgjenge og universell utforming skal leggjast til grunn i planlegging av bygg og omgjevnader.
Regionale forventningar Regional plan for folkehelse:
http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale- planar/folkehelseplan-2014-2025_endelig07.04mbokm.pdf
Aktuelle lenker
o Meld. St. 34 (2012-2013) Folkehelsemeldingen – God helse – felles ansvar:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/hod/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st- 34-20122013.html?id=723818
o Meld. St. 18 (205-16) friluftsliv – natur som kjelde til helse og livskvalitet:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-18- 20152016/id2479100/?ch=1&q=
o Folkehelse og kommuneplanlegging, moment og tipsliste:
http://www.helsedirektoratet.no/publikasjoner/folkehelse-og- kommuneplanlegging-moment-og-tipsliste/Sider/default.aspx o Folkehelsa i Hordaland – ei kunnskapsoversikt frå HFK 2016:
http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regional- planstrategi/folkehelsa-i-hordaland-ei-kunnskapsoversikt.pdf
Det er ikkje utarbeidd eiga sjekkliste for folkehelse. Omsynet til folkehelse er ein føresetnad i alle planar og tema. Typiske tema for folkehelse kan vere støy, luftkvalitet, friluftsliv, grøn- struktur og nærturterreng, universell utforming og interessene til barn og unge. Det er eigne sjekklister der desse tema er omtala.
9
Likestilling/universell utforming/omsynet til barn og unge
Diskriminerings- og tilgjengelova § 9:
«Med universell utforming menes utforming eller tilrettelegging av hovedløsningen i de fysiske forholdene slik at virksomhetens alminnelige funksjon kan benyttes av flest mulig».
Plan- og bygningslova
Pbl. §1-1 siste ledd: universell utforming og omsynet til barn og unge skal ivaretakast i planlegginga.
Pbl. § 3-1 pkt. e: legge til rette for god forming av bygde omgjevnader, gode bumiljø og gode oppvekst- og levekår.
Pbl. § 3-1 pkt. f: fremme helse i befolkninga og motverke sosiale helseforskjellar samt bidra til å førebygge kriminalitet.
Pbl. § 3-3 tredje ledd: barnerepresentant
Pbl. § 5-1 andre ledd: sikre aktiv medverknad frå grupper som krev spesiell tilrettelegging, herunder barn og unge
Pbl. § 11-9 nr 5: kan stille krav i KPA om universell utforming og leke-, ute- og opphalds- plassar.
Pbl. § 12-7 nr 4: kan stille krav i reguleringsplan til universell utforming og leike- og opp- haldsareal.
Pbl. § 28-7: krav til storleik, utforming og kvalitet på uteareal
Byggteknisk forskrift (TEK 10)
§ 5-6: minste uteoppholdsareal (MUA)
§ 8-2: UU-krav til uteareal for visse bygg
§ 8-4: krav til kvalitet på uteareal
§ 12-1: krav om universell utforming for publikums- og arbeidsbygningar. Kap. 12 har elles mange krav til tekniske løysingar for å sikra tilgjenge og universell utforming.
Diskriminerings- og tilgjengelova
Fremme likestilling uavhengig av funksjonsevne.
Likestillingslova
Fremme likestilling uavhengig av kjønn.
Diskrimineringslova om etnisitet
Fremme likestilling uavhengig av, etnisitet, religion og livssyn.
Diskrimineringslova om seksuell orientering
Fremme likestilling uavhengig av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsorientering.
Opplæringslova med forskrifter og barnehagelova med forskrifter
Barn og unge har lovfesta rett til barnehage og grunnskule i eigen kommune.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
Kommunane skal sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø.
Prinsippa om tilgjenge og universell utforming skal leggjast til grunn i planlegging for å sikre tilgjenge og hindre diskriminering.
10
Kommunane skal ta vare på naturverdiar og legga til rette for fysisk aktivitet og trivsel.
Regionale forventningar
Regional plan for folkehelse, særleg Tema 1: Heilskapleg folkehelsearbeid og universell utforming:
http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale- planar/folkehelseplan-2014-2025_endelig07.04mbokm.pdf
Aktuelle lenker
o Rikspolitiske retningslinjer for barn og planlegging:
http://www.lovdata.no/for/sf/md/md-19950920-4146.html o Rundskriv barn og unge i planlegging T-2/08:
https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/md/vedlegg/rundskriv/t-2- 08.pdf
o T-1513 Barn og unge og planlegging etter pbl:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/barn-unge-planlegging/id668545/
o Rundskriv UU frå Barne,- likestillings- og inkluderingsdepartementet:
https://www.regjeringen.no/link/5a771749af2b4a1284b4d017f0defa86.aspx?id=6 11202&epslanguage=no
o Samleside UU frå regjeringa: https://www.regjeringen.no/no/tema/plan-bygg-og- eiendom/plan--og-bygningsloven/plan/fagtema-i-planlegging1/universell-
utforming-i-planlegging/id621728/
o DIBK og Husbanken: http://www.tenkuniverselt.no/
o Regjeringa sin handlingsplan for UU:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/regjeringens-handlingsplan-for- universell-utforming-2/id2473299/?ch=1&q=
o BLDs forventningar til FMs likestillingsarbeid:
https://www.regjeringen.no/globalassets/upload/bld/201001217.pdf
11
Sjekkliste likestilling/universell utforming/barn og unges interesser
Ikkje aktuelt
Ja Nei
1 Har leikeareal tilstrekkeleg storleik og kvalitet? Rekkefølgjekrav etablering av leikeareal med sikker tilkomst?
(Sjå RPR for barn og planlegging)
Ok I uttale: Minne om
krav.
Ved off.ettersyn:
vurdere motsegn.
2 Konflikt med eksisterande grøn- struktur? Døme: 100-m skog, stiar, barnetråkk, grøne lunger, skuleveg, naturleikeområde som ikkje er opp- arbeidd
I uttale:
Kommentere.
I klagevurdering og off. ettersyn:
Tilleggsmoment i ei totalvurdering.
Ok
3 Er kravet om minste uteopphaldsareal MUA innfridd?
Ok Vurder krav.
4 Planlagt gang- og sykkelveg i samband med skuleveg? Rekkefølgjekrav? (RPR barn og planlegging)
Ok Vurder krav.
5 Tatt omsyn til krav om UU, jf. TEK 10 og regional plan for folkehelse?
Ok Vurder krav.
6 Er det lagt til rette for variert bustad- struktur?
Ok Vurder krav.
7 Er det tilstrekkeleg skule- og barne- hagetilbod i nærleiken?
Ok Gje innspel til
planarbeidet.
8 Er erstatningsareal vurdert der areal som vert nytta til leik vert nedbygd?
Ok Uttale/vurder
klage/motsegn 9 Luftkvalitet –sjå eiga sjekkliste
10 Støy –sjå eiga sjekkliste
12
Naturmangfald
Naturmangfaldlova, særleg §§ 7-12
Lova skal sikre biologisk, landskapsmessig og geologisk mangfald og har som målsetting å sikre berekraftig forvalting. Prinsippa i §§ 8-12 skal leggjast til grunn som retningslinjer ved utøving av offentleg myndigheit.
Nasjonale mål (Aichi-måla i biomangfaldkonvensjonen):
Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Ingen artar og naturtypar skal utryddast. Utviklinga til truga og nær truga arar og naturtypar skal betrast. Eit re- presentativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.
Vassressurslova § 11
Langs breidda av vassdrag med årssikker vassføring skal ein oppretthalde eit avgrensa naturleg vegetasjonsbelte som motverkar avrenning og gir levestad for plantar og dyr.
Vassforskrifta § 12
Stiller vilkår til ny aktivitet eller inngrep i ein vassførekomst:
a) alle praktisk tiltak skal gjerast for å avgrensa negativ utvikling i tilstand til vass- førekomst
b) samfunnsnytte større enn tap av miljøkvalitet
c) tiltak kan ikkje gjennomførast på anna måte grunna store mishøvelege kostnader eller at tiltaket ikkje teknisk kan gjennomførast
Lakse- og innlandsfiskelova § 7
Omsynet til fiskeinteressene og ivaretaking av fiskens og andre ferskvassorganismar sine økologiske funksjonsområde skal innpassast i planar etter plan- og bygningslova.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
Fylkeskommunen/kommunane skal identifisere viktige verdiar av naturmangfald og landskap og ivareta desse i sine planar.
Kommunane skal ta vare på naturverdiar, sikre samanhengande grønstruktur og opne vassvegar.
Stortingsmeldingar
- Regjeringa sin miljøpolitikk og rikets miljøtilstand
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/Stmeld-nr-26-2006-2007-/id465279 - St.meld. 14 (2015-16) Handlingsplan for naturmangfald:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-14-20152016/id2468099/
Rettleiing
KLD: Retteleiar «Naturmangfoldloven kapitel II» - mars 2016
Brev frå MD 11.07.2011 om naturmangfald og pbl:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/naturmangfoldloven-og-plan--og- bygningsl/id660338/
T-1554 rettleiar Naturmangfaldlova kap. II:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/naturmangfoldloven-kapittel- ii/id2481368/
13 Aktuelle lenker
- Viktigaste KART: Naturbase og Artskart.
- Artsdatabanken med raudliste, raudlisteartar, framande artar og risikovurderingar - Nasjonale miljømål fordelt på resultatområde.
- Internasjonale miljømål for biologisk mangfald 2011-2020 - Oversyn over internasjonale avtalar med lenkjer til dei enkelte - Faktaark NVE verneplanar vassdrag i Hordaland
- Rikspolitiske retningsliner (RPR) for verna vassdrag
- Råd om landskap og naturmangfald i planlegging i Hordaland - Informasjon om vatn:
http://vann-nett.no/portal/
14
Sjekkliste naturmangfald
Kjelder Ja Nei
1. Har kommunen vurdert tiltaket etter naturmang- faldlova §§ 8-12?
Rettleiar:
Naturmangfaldfoldloven kapitel II (2016)
Om naturmangfaldlova på Rettsdata.no
Minne om at det skal gjerast.
Vurder
klage/oppheving
2. Er tiltaket i verna område eller verna objekt?
Er tiltaket i randsona, slik at det er risiko for påverknad?
Naturbase Alle tiltak i verneområde er forbode. Må ha
dispensasjon etter verneforskrifta.
Randsona: Må leggast vekt på verneområdet jf nml § 49 ved avgjerd gjennom PBL
Vurdere om tiltaket kan ha effekt på verneverdiar
3. Vil tiltaket påverke viktige naturtypar, viktige artar eller raudlisteartar?
Naturbase
Artskart til Artsdatabanken
Vurder negativ uttale/klage/motsegn
4. Vil tiltaket påverke sårbare rovfuglar unntatt offentlegheit?
Berre interne kart.
NB! Opplysningane er ikkje offentlege
Vurder negativ uttale/klage/motsegn 5. Vil tiltaket verke negativt
inn på landskap?
Råd om landskap i kommunal planlegging i Hordaland, 2011
Vurder negativ uttale/klage/motsegn 6. Vil tiltaket føre til inngrep
(partiklar) i eller nær- leiken til verna vassdrag?
Nedbørsfelt til elve- musling?
Konsekvensar for ana- drome vassdrag?
(laks/sjøaure)
Vil tiltaket råka kant- vegetasjon til vassdrag?
Naturbase
Husk: Rikspolitiske retningsliner!
Elvemusling i Naturbase
Laks: Lakseregisteret Sjøaure: Bekkar som renn ut i sjø
Flyfoto i Naturbase
Vurder negativ uttale/klage/motsegn
Vurder påverknad og negativ
uttale/klage/motsegn
Vurderast etter Lakse- og innlandsfikselova
Fjerning av kantvegetasjon må dispenserast frå Vassressurslovajf § 11.
Fylkesmannen er myndigheit 7. Er tiltaket i eller i
nærområde til villreinområde?
Kan tiltaket føre til auka indirekte press på vill- rein?
Kart: Naturbase
Regional plan for Hardangervidda
Regional plan for Nordfjella
Vurder negativ uttale/klage/motsegn
8. Er det fare for spreiing av framande artar (jf.
svartelista) i samband med flytting av massar
Artskart til Artsdatabanken
Risiko: Faktaark framande artar
Vurder negativ uttale/klage/motsegn
15
Klima og klimatilpassing
Plan- og bygningslova
- § 1-1 lova skal fremma berekraftig utvikling til det beste for den enkelte, sam- funnet og framtidige generasjonar.
- § 11-9 nr 3 og § 12-7 nr 8 føresegner til plan om tilrettelegging for vassboren varme.
- § 27-5 føresegner om fjernvarmetilknyting.
Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012)) og energi- og miljøkomitéens innstilling om denne (Innst. 390 S 2011-2012) gir viktige føringar for norsk klimapolitikk.
Dei viktigaste nasjonale måla er:
- Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.
- Noreg skal fram til 2020 kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 prosent av Noregs utslepp i 1990.
- Noreg skal vere karbonnøytralt i 2050.
- Som ein del av ein global og ambisiøs klimaavtale (saman med andre industriland), har Noreg tatt på seg som mål å bli karbonnøytral seinast i 2030.
Paris-avtalen vedtatt 12.12.2015: Alle land skal ha utsleppsmål og rapportere om desse.
Avtalen vil bidra til auka innsats for utsleppsreduksjon og forsterking av arbeidet med klimatilpassing. Overordna mål er å avgrensa den globale oppvarminga til godt under to grader. Alle land er forplikta til å arbeida for å avgrensa temperaturstigning til 1,5 grader samanlikna med førindustriell tid. Avtalen har eit mål om netto-null utslepp i andre halv- del av århundret (dvs. balanse mellom menneskeskapte utslepp og opptak av klima- gassar). Trer i kraft tidlegast 2020.
SPR klima og energiplanlegging i kommunane av 04.09.2009 med vidare lenker
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/planretningslinje-klima-energi/id575764/
Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging av 12.06.2015:
Vektlegge reduksjon av klimagassutslepp, energiomlegging og energieffektivisering gjennom planlegging og lokalisering av næring, bustader, tenester og infrastruktur.
Ta omsyn til klimaendringar og risiko og sårbarheit i samfunns- og arealplanlegging, ROS-analyser skal utarbeidast.
Aktuelle lenker
DSB sin klimahjelper (klimatilpasning i planlegging etter plan- og bygningslova):
http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2015/Tema/Klimahjelperen.pdf
DSB si samleside for informasjon/rettleiing om klimatilpassing:
http://www.klimatilpasning.no/
Meld.St.33 (2012-2013) Klimatilpassing i Norge:
http://www.regjeringen.no/nb/dep/kld/dok/regpubl/stmeld/2012-2013/meld-st-33- 20122013.html?id=725930
Klima i Norge 2100 – kunnskapsgrunnlag for klimatilpasning NCCCS rapport http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M406/M406.pdf
16
NOU 2010:10 tilpassing til eit klima i endring:
http://www.regjeringen.no/nn/dep/kld/dokument/NOU-ar/2010/nou-2010- 10.html?id=624355
NOU 2015:16 overvann i byer og tettsteder:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2015-16/id2465332/
Regionale forventningar
Regional klimaplan 2014-2030: http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og- planarbeid/regionale-planar/a4_klimaplan14-30_web-bokmerke-og-navigasjon.pdf
Sjekkliste for klimavurderingar
Ja Nei
1 Er det sett rekkefølgjekrav?
Når det vert lagt ut nye byggeområde skal det stillast
rekkefølgjekrav for å ivareta klimaomsyn. Døme på slike krav kan vere at gang- og sykkelveg og at anna klimavenleg infrastruktur skal vere på plass.
2 Er det lagt opp til fortetting?
Ved nye utbygging skal ein unngå spreidd busetnad/spreidde byggeområde. Det gjeld både bustader, skule, barnehagar, off.
bygg og næringsbygg.
Har bustadområde god tilknyting til infrastruktur, avlaup, gang- og sykkelveg og kollektivdekning?
3 Er det tatt klimaomsyn?
Døme: lavenergi, passivhus, grøne tak, materialval/trebygg 4 Er det planlagt for klimatilpassing?
a) Er det tatt omsyn til ROS-analyse (rasfare, flaum og havstiging) ved plassering av infrastruktur og/eller bygg?
b) Er det planlagt tiltak (grøne areal, vegetasjon eller opne flomveg) som buffer mot auka nedbør?
5 Andre aktuelle klimatiltak:
- Ladepunkt for hybrid- og el-bil - God tilgang til kollektivtransport - Gang- og sykkelvegar
- Sykkelparkering
17
Landbruk
Plan- og bygningslova § 3-1 bokstav b
sikre jordressursane og ta vare på landskapskvalitetar og kulturmiljø
Nasjonal jordvernstrategi Prop. 127 S (2014-2015) og Innst. 56 S (2015-2016) – vedlegg 4)
Vern av jordressursane er ein føresetnad for å nå målsetjingar om mattryggleik og auka matproduksjon. Det er eit nasjonalt mål at det årleg skal omdisponerast mindre enn 4000 dekar dyrka jord i Norge innan 2020. Kommunane har eit klart ansvar for at det nasjonale jordvernmålet vert nådd
Fylkesmannen skal ivareta den nasjonale jordvernpolitikken, og bruke motsegn når nasjonale eller vesentlege regionale interesser er trua.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
sikra viktige jordbruksområde og legga til rette for nye grøne næringar i tilknyting til jordbruk og skogbruk
planlegging for verdiskaping, berekraftig næringsutvikling og innovasjon
trekka langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store saman- hengande LNF-område
Miljøvernministeren sitt brev av 31.08.2012 til fylkesmennene
Fylkesmannen si rolle i arbeidet med å sikre tilstrekkeleg bustadbygging.
Nyttige rettleiarar
Temarettleiar Statens landbruksforvaltning: Landbruk og planlegging etter plan og bygningslova:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/landbruk-pbl/id671207/
Rettleiar T-1443 Plan- og bygningsloven og Landbruk Pluss:
https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/t-1443-plan-og-bygningsloven-og- landbruk/id88203/
Massehandtering rettleiar frå Nordhordlandskommunane (2016) er tilgjengeleg på I/fmho/ksa/plansamarbeid.
Fylkesmannen i Hordaland sitt oppdrag for å følgja opp at kommunane tek vare på landbruksomsyn i planarbeid etter plan- og bygningslova
Arealressursar/jordvern, brev frå Landbruksdir. jan 2016 ephortesak 15/16333 pkt 11:
Fylkesmannen må følgje opp innhaldet i Jordvernstrategien.
Fylkesmannen må medverke til at kommunane og fylkeskommunane etablerer kompakt utbyggingsmønster som styrer vekst og utbygging vekk frå dei viktigaste jordbruksareala.
Fylkesmannen skal medverke til at kommunen etablerer langsiktige grenser mot dei viktigaste landbruksareala, og stille krav om effektiv utnytting av eksisterande og planlagde utbyggingsområde.
Fylkesmannen skal krevje at kommunen greier ut alternativ til bruk av dyrka mark i planprosessane, m.a. potensialet for fortetting og transformasjon.
18
Sjekkliste landbruksomsyn
Svarer ein nei på spørsmål 1 til 8, bør ein vurdere å ha negativ uttale til oppstart av planarbeid, eller motsegn til planen som er til offentleg ettersyn. Dersom saka gjeld dispensasjon, må ein vurdere å gje negativ uttale til saka, eller vurdere å klage på dispensasjonsvedtaket.
Dersom konklusjonen er ja for tema 9 skal negativ uttale/motsegn vurderast.
Om ein skal ha negativ uttale/motsegn vert avgjort etter ei heilskapleg vurdering av alle punkta i sjekklista.
Ja Nei
1 Dyrka eller dyrkbar mark er planlagt nedbygd utan at vesentlege samfunnsinteresser tilseier det.
2 Ny utbygging er planlagt å krysse viktige grenser mellom utbyggings- og landbruksområde.
3 Utbygging vil føre til store driftsulemper for landbruket.
4 Det er planlagt utbygging med låg utnyttingsgrad på jordbruksland.
5 Verdifulle kulturlandskap er planlagt utbygd.
6 Kommunen har vurdert alternative areal ved planlagt utbygging på dyrka mark.
7 Samanhengande gode skogsområde er planlagt utbygd.
8 Saka er godt utgreidd med omsyn til landbruksinteressene.
9 Det er lagt fram arealoppgåve over kor mykje dyrka (fulldyrka, overflatedyrka og innmarksbeite) eller dyrkbar mark som blir omdisponert som følgje av planen/tiltaket.
10 Vedtak av reguleringsplanar eller kommunedelplanar legg så sterke føringar for arealbruken og framtidig landbruksdrift at saka burde vore drøfta i samband med rullering av kommuneplanen.
11 Er eventuell kjerneområdekartlegging for landbruk lagt inn som omsynssone i planen?
19
Strandsona og sjøområda
Plan- og bygningslova § 1-8
Forbod mot tiltak i 100-metersbeltet langs sjøen. I 100-metersbeltet langs sjø og vassdrag skal det tas særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Statlege planretningslinjer for differensiert forvaltning av strandsona langs sjøen (T-1497):https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/differensiert-forvaltning- strandsonen/id636763/
Nasjonale forventningar 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging:
identifisere viktige verdiar av naturmangfald, landskap, friluftsliv og ivareta desse i plan.
Sskra tilstrekkeleg areal til fiskeri- og havbruksnæringa og avvege dette mot andre samfunnsbehov, sjå arealbehovet i eit regionalt perspektiv.
ta vare på naturverdiane og legge til rette for fysisk aktivitet og trivsel ved å sikre samanhengande grøne strukturarar og nær tilgang til område for leik, idrett, rekreasjon og friluftsliv.
Forslag til regionale forventningar
Forslag kystsoneplan Sunnhordland og Ytre Hardanger med akvakulturanalyse http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale-planar- under-arbeid/kystsoneplan-for-sunnhordland-og-ytre-hardanger_24.04.2015.pdf
http://www.hordaland.no/globalassets/for-hfk/plan-og-planarbeid/regionale-planar- under-arbeid/akvakulturanalyse.pdf
Aktuelle lenker
Analyse av utfordringar for planlegging i sjø Norconsult på vegne av KMD frå 2015
https://www.regjeringen.no/contentassets/d6687c31ecca4b998b81b3b07c4a0aac/51462 93_analyse_planlegging-i-sjo.pdf
Fylkesmannen i Hordaland sine forventningar til kommunane
Råd om planlegging og forvaltning av strandsona i Hordaland (strandsonerettleiaren) http://old.hfk.no/Global/Plan/pdf-dok/Strandsonerettleiar-endelig_tuRUGu88588ig.pdf
20
Sjekkliste strandsone
Ja Nei
1. Er området sett av til byggjeformål i kommune- planen eller reguleringsplan?
Sjekk byggegrense til sjø, ellers OK
Vurder motsegn/klage 2. Er det andre tiltak i umiddelbar nærleik? Fortetting kan vere
greitt.
Vurder motsegn/klage 3. Er området eigna til friluftsliv og rekreasjon, eller
er det brukt til friluftsføremål?
Vurder motsegn/klage
4 Vil tiltaket medføre privatisering av strandsona? Vurder motsegn/klage 5. Medføre tiltaket vesentlege landskapsinngrep? Vurder motsegn/klage 6. Er alternative lokaliseringar vurdert? Vurder
argumentasjonen til kommunen.
Vurder motsegn/klage 7. Vil tiltaket ha ei samfunnsmessig overvekt av for-
delar?
Vurder motsegn/klage
21
Samfunnstryggleik og beredskap (ROS-analysar)
Plan- og bygningslova § 3-1 punkt h og § 4-3
Kommunane skal fremja samfunnstryggleik i planlegginga si. Pbl § 4-3 set difor krav om utarbeiding av ROS-analyse i alle plansaker, samt krav til handtering av risiko i plan. ROS- analysen skal visa risiko og sårbarheit som har verknad for spørsmålet om arealet er eigna til utbygging, og eventuelle endringar i slike forhold som følgje av planlagt utbygging.
Byggteknisk forskrift, TEK 10
TEK10 definerer kva som er akseptabel risiko for flaum og skred i §§7-2 og 7-3. Aksept- kriteria for anna type risiko må definerast av kommunen. Fylkesmannen legg til grunn at akseptkriteria må vera minst like strenge som for flaum og skred. Alle risikohøve skal merkast på plankartet med omsynssone. Krav til risikoreduserande tiltak skal gå fram av planføresegnene.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til kommunal og regional planlegging
Sskre trygge og hesefremjande bu- og oppvekstmiljø.
ta omsyn til klimaendringar og risiko og sårbarheit i samfunns- og arealplanlegging og byggesakshandsaming. Sikre at det vert utarbeidd ROS-analyser for utbyggings- planar som gir eit godt kunnskapsgrunnlag for å førebygge og redusere risiko- og sårbarheitsforhold. Det skal tas særleg omsyn til naturfarar og eksisterande og framtidige klimaendringar.
NS 5814:2008 Krav til risikovurderingar
Av denne standarden går det fram at akseptkriteria skal definerast før sjølve ROS-analyse- arbeidet tek til. Akseptkriteria bør, sidan dei kan medføre økonomiske konsekvensar, vere forankra i kommunestyret, jf kommunelova §§ 44 og 45. Av praktiske omsyn kan det også vere naturleg å tenke lik prosess for ROS-analyser etter plan- og bygningslova som for ROS-analysar etter «sivilbeskyttelseslova», utdjupa i forskrift om kommunal beredskaps- plikt § 2.
Rettleiing
DSB samfunnssikkerhet i arealplanlegging – kartlegging av risiko og sårbarhet:
http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2008/Tema/temasamfunnssikkerhetareal.pdf DSB samfunnssikkerhet i pbl:
http://www.dsb.no/Global/Publikasjoner/2012/Tema/Samfunnssikkerhet_i%20plan_og%
20_bygningsloven.pdf
DSB havnivåstigning stormflo – samfunnstryggleik i kommunal planlegging 2016:
https://www.dsb.no/link/6951ff9089a44a8d8ab6de3f2ff17d23.aspx NVE flaum- og skredfare i arealplanar:
http://webby.nve.no/publikasjoner/retningslinjer/2011/retningslinjer2011_02.pdf DIBK utbygging i fareområde HO-1/2008 revidert:
http://dibk.no/no/BYGGEREGLER/Temaveiledninger/utbygging-i-fareomrader/
22
FLYTSKJEMA FOR VURDERING AV ROS-ANALYSAR I AREALPLANSAKER
Flytskjema for vurdering av arealplansaker
23
Forureina grunn
Mål: Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg.
Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Sjå status for å nå nasjonale mål: http://www.miljostatus.no/
Plan- og bygningslova
Om miljøforhold og byggegrunn (§ 28.1): Grunn kan bare bebygges, eller eien- dom opprettes eller endres, dersom det er tilstrekkelig sikkerhet mot fare eller vesentlig ulempe som følge av natur- eller miljøforhold….
Om omsynssoner (§ 11-8 a): …Det kan fastsettes følgende hensynssoner: a) Sikrings-, støy- og faresoner med angivelse av fareårsak eller miljørisiko….
Det kan elles gis føresegner til planen for å i vareta miljøet.
Om forureining i grunnen (Tek10: § 9-3). Ved planlegging av byggverk skal det undersøkes om det finnes grunnforurensning. Eventuell grunnforurensning skal behandles i samsvar med forskrift om begrensning av forurensning (forurens- ningsforskriften), kapittel 2.
Forureiningslova
Rolla til tiltakshavar i bygge- og gravesaker:
http://www.miljodirektoratet.no/old/klif/publikasjoner/2943/ta2943.pdf Etter forureiningsforskrifta kap 2 pliktar tiltakshavar å vurdere og eventuelt undersøke om det er forureina grunn i området. I så fall skal tiltakshavaren utarbeide tiltaksplan.
Rolla til kommunen i bygge- og gravesaker:
http://www.miljodirektoratet.no/old/klif/publikasjoner/2942/ta2942.pdf
Kommunen skal godkjenne tiltaksplanen før tiltaket kan gjennomførast og føre tilsyn med den alminnelege forureiningssituasjonen og med enkelte kjelder, jf.
forureiningslova § 48.
Fylkesmannen i Hordaland sine forventningar til kommunane
Kommunen bør i arealplanlegginga legge til rette for at miljøgifter i grunnen ikkje vert spreidde, og at arealbruken ikkje fører til helse- eller miljøskade på grunn av forureining i grunnen. Forureina grunn bør visast som omsynssone i planen.
Det må gå fram kva vurdering som er gjort av forureining i grunnen. Er det område der det er påvist eller er grunn til å tru at det er forureina grunn? I område med historisk aktivitet og i byprega område bør det gjennomførast kartlegging og ein bør laga aktsemdskart med utgangspunkt i NGU sin rettleiar. I aktsemdsområdet må ein ta omsyn til at grunnen kan vere forureina, både ved planlegging av arealbruk og ved graving. Aktsemdskartet bør brukast som grunnlag for å lage omsynssone etter plan- og bygningsloven § 11-8 a) Kommunen bør ikkje godkjenne graving eller bygging i aktsemdsområdet utan at det er gjennomført grunnundersøkingar.
24
Sjekkliste forureina grunn
Ja Nei
1. Er det vurdert om det er forureina grunn i planområdet?
Er det undersøkt om det finst registrerte lokalitetar med forureina grunn i plan- området, jf. Miljøstatuskartet og grunn- forurensningsbasen:
http://grunn.miljodirektoratet.no/ ?
Sjekk miljøstatuskartet og grunnforurensningsbasen.
Er det sjekka om det er registrert radonfare i planområdet?
http://www.nrpa.no/artikler/1/90384/radon- kommunerapporter
Sjekk om kommunen har kartlagt radon
Er det vurdert om historisk aktivitet kan ha ført til forureina grunn (industri, verkstader, bensinstasjon, tankanlegg, fyllplassar?
Kommunen bør vurdere nærmare konsekvensar.
2. Er området med (grunn til å tru at det er) forureina grunn vist som omsynssone? (aktsemdskart)
Be kommunen ta inn omsynssone/motsegn 3. Dersom det er forureina grunn, er det tatt omsyn til
dette i planarbeidet? Tema i ROS? Miljøteknisk undersøking gjennomført?
Be kommunen gjere vurderingar/motsegn
25
Luftkvalitet
Forureiningsforskrifta
Kap. 7 omhandlar lokal luftkvalitet.
Kap. 8, 9 og 27 og avfallsforskrifta kap. 10 omhandlar utslepp som følgje av forbrenning.
Retningslinje for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga av 25.04.12 (T-1520) Retningslinja har som mål å førebygga og redusere lokal luftforureining gjennom god arealplanlegging. Ho har tilrådde grenser for luftforureining som skal leggast til grunn ved planlegging av nye verksemder eller ny utbygging eller utviding av eksisterande verksemd eller utbyggingsområde.
http://www.regjeringen.no/nb/dep/md/dok/lover_regler/retningslinjer/2012/t-1520- luftkvalitet-arealplanlegging.html?id=679346
Statlege planretningslinjer av 26.09.2014 for samordna bustad, areal og transport- planlegging
Planlegging av arealbruk og transportsystem skal fremje samfunnsøkonomisk effektiv ressursutnytting, god trafikktryggleik og effektiv trafikkavvikling. Planlegginga skal bidra til å utvikle berekraftige byar og tettstader, legge til rette for verdiskaping og nærings-
utvikling, og fremje helse, miljø og livskvalitet.
Utbyggingsmønster og transportsystem må samordnast for å oppnå effektive løysingar, og slik at transportbehovet kan avgrensast og ein kan leggje til rette for klima- og miljø- venlege løysingar.
Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
Sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø fri for skadeleg støy og luftforureining
Geografisk differensiering i Hordaland:
I Hordaland er det særleg sentrale delar av Bergen som har store utfordringar knytt til dårleg luftkvalitet og då særleg frå forureiningskomponenten NO2.
26
Sjekkliste for behandling av luftkvalitet i arealplanar
Kommuneplan/kommunedelplan Ja Nei
Er det gjort ei vurdering av luftkvalitet i samband med revisjon av KPA?
Ved sannsyn for dårleg luftkvalitet, er det utarbeidd gule og raude soner t.d. som temakart til KPA?
Er det utarbeidd omsynssoner med føresegner eller retningsliner knytt til luftkvalitet i område for bustadutbygging eller anna følsame føremål i gul sone?
Er det utarbeidd føresegner eller retningslinjer knytt til luftkvalitet i område for bustadutbygging eller andre følsame føremål i gul sone?
Der det er dokumentert område med raud sone er det definert avviksområde (kollektivknutepunkt/sentrumsområde)?
Områderegulering/detaljregulering Ja Nei
Er planen i samsvar med KPA?
Er det gjennomført (meir) detaljerte luftkvalitetsberekningar?
Der det er dokumentert at området ligg i gul sone, opnar planen for bustadbygging eller anna følsamt føremål?
Er det gjort plangrep som sikrar tilfredsstillande luftkvalitet kring bustadane?
Der området ligg i raud sone bør det ikkje etablerast bustadar, helseinstitusjonar, barnehagar, skular, leikeplassar, utandørs idrettsanlegg samt parkar ol.
Ligg planområde i avviksområde (sentrumsområde eller kollektivknutepunkt) kor det kan opnast for føremåla nemnt over?
Er det ved regulering i avviksområda lagt vekt på at uteområda har så god luftkvalitet som mogleg i utforming av plankart og/eller føresegner?
27
Støy
Plan- og bygningslova
§ 11-9 og § 12-7 føresegner om støy i plan, samt § 11-8 omsynssoner.
§ 28- og § 28-7 krav til uteareal og byggegrunn.
TEK10
§ 13-6 krav til lyd og vibrasjonar
§ 13-9 krav til tilfredsstillande lydforhold i bygg og på uteareal
Miljødirektoratet
Støy er definert som forureining i forureiningslova, og er eit miljøproblem som rammar mange. Det er eit nasjonalt mål å redusere støyplaga med 10 % innan 2020, samanlikna med 1999. Det er òg eit mål å redusere talet på personer som blir utsett for eit innandørs støynivå på over 38 dB med 30 % innan 2020, samanlikna med 2005. Støyplager kan føre til mistrivnad, dårleg søvn og dårleg helse. Uforstyrra søvn er ein føresetnad for god fysiologisk og mental helse. Fråvær av støy er òg ein føresetnad for at kulturmiljø, frilufts- og rekreasjonsområde skal ha full verdi.
http://www.miljodirektoratet.no/no/Tema/Stoy/
Retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442/2012)
Retningslinja skal leggast til grunn av kommunane i deira planlegging. I retningslinja går det fram at alle nye reguleringsplanar bør vise tilgjengelege støysonekart innanfor planområdet på eigna måte. Dersom det er fastsett omsynssoner i kommuneplanen skal desse leggast til grunn for utarbeiding av reguleringsplanar.
Der er vidare krav til at ein så tidleg som mogleg i planprosessen skal gjera støyfaglege utgreiingar, der støynivå vert talfesta i tabell og/eller i berekningspunkt i kart for representative høgder (t.d. ved fasadar og uteopphaldsareal).
Lenke: Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging
Rettleiar til retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging 2014:
http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M128/M128.pdf Nasjonale forventningar av 12.06.2015 til regional og kommunal planlegging
Sikre trygge og helsefremjande bu- og oppvekstmiljø fri for skadeleg støy og luftforureining.
Rettleiing frå FMHO
Brev til Bergen kommune av 14.03.2016, sjå sak 2012/5557:
http://fmhoarkivweb/ePhorteWeb/shared/aspx/default/details.aspx?f=ViewJP&JP_ID=23 49819
28
Sjekkliste for støy i arealplanlegging
Alle tema er presentert slik at dersom svaret blir nei, bør ein vurdere å ha negativ uttale til oppstart av planarbeid, eller motsegn til planar som er til offentleg ettersyn.
Konklusjonen vert tatt etter ei heilskapleg vurdering av alle punkta i sjekklista.
Kommuneplan/ kommunedelplan Ja Nei
1 Er det gjort konsekvensutgreiing for støy?
2 Er det utarbeidd støysonekart med gul og raud sone?
3 Er det etablert omsynssoner?
4 Er støy tema i føresegnene til kommuneplanen?
5 Er stille område synleggjort?
6 Er planen utarbeidd med tanke på å unngå arealkonflikt, t.d.
industri og bustad/barnehage/skule?
Reguleringsplanar Ja Nei
1 Er reguleringsplanen i samsvar med arealbruken i kommuneplanen?
2 Er det utarbeidd støyfagleg utgreiing? Er støyande aktivitetar om natta vurdert?
3 Er arealbruken i samsvar med tabell 3 i støyretningslinja?
4 Er det utarbeidd støysonekart som viser støynivå for utvendig fasade?
5 Er det nye bustader i gul sone, og i tilfelle har bygget ei stille side?
6 Er det gjort støykartlegging av støyande innretningar i ny industri eller næringsverksemd t.d. viftestøy, lasting/lossing 7 Har reguleringsplanen føresegner om støy, t.d. type aktivitet
som ein kan ha på industriområdet?
8 Ligg retningslinjer for avgrensing av støy frå bygg- og
anleggsverksemd inne i reguleringsføresegnene? Varsling av naboar jf. punkt 4.4 i retningslinja?
9 Ligg planområde i avviksområde (sentrumsområde eller
kollektivknutepunkt) kor det kan opnast for føremåla nemnt over?
10 Er det ved regulering i avviksområda lagt vekt på at uteområda har så god støykvalitet som mogleg innanfor sona i utforming av plankart og/eller føresegner?
11 Sikrar planen tilstrekkeleg uteareal med tilfredsstillende støynivå samtidig som området tilfredsstiller andre kvalitetskrav i overordna plan (solinnfall m.m.)?