• No results found

4. METODE

4.3 Vurdering av studiens datagrunnlag

Eit viktig element i samband med datagrunnlaget er å vurdere kvaliteten på dei data ein har.

Ei slik vurdering kan ikkje gjerast på ein generell måte, men må sjåast i forhold til kva datamaterialet skal nyttast til. Datamaterialet har høgare kvalitet dess meir egna materialet er til å belyse problemstillinga (Grønmo, 2004). Gode data er essensielt for å kunne dra

slutningar og forklaringar jamfør studiens problemstilling.

To mykje brukt kriterier for å vurdere datakvaliteten er reliabilitet (pålitelegheit) og validitet (gyldigheit). Saman med desse vil eg og vurdera evna til generalisering på bakgrunn av studien (Tjora, 2010).

4.3.1 Reliabilitet

Reliabilitet viser kor pålitelig datamaterialet er. Ein kan definere reliabilitet som graden av samsvar mellom ulike innsamlingar av data om samme fenomen basert på same

undersøkelsesopplegg (Grønmo, 2004:222). Enkelt kan ein seie at reliabilitet betyr at å gjennomføre den same studien på same måte alltid skal føre til det same resultatet (King, Keohane, Verba, 1994). Grønmo (2004) legg vekt på to hovudtypar av omgrepet; stabilitet og ekvivalens. Stabilitet refererer til graden av samsvar mellom data om same fenomen som er

50 samla inn ved hjelp av same undersøkingsopplegg på ulike tidspunkt. Her er ein føresetnad at fenomenet som vert undersøkt er stabil. Ein slik stabilitet er vanskeleg å tale om i forhold til

«Dagmar-krisa». Eit viktig element i krisehandtering er evna til læring og endringar i

etterkant av kriser. På grunn av det reaktive preget som i høvesvis stor grad eksisterer på feltet er det grunn til å tru at om det hadde skjedd nye hendingar i etterkant vil desse ha påverka krisehandteringa både i kommunane og på fylkesmannsnivå. På tross av dette samsvarar mange av funna i denne studien med andre studiar som studerer krisehandtering, så slik sett vil det til ein viss grad vera samsvar, sjølv om det vil vera store interne forskjellar frå case til case. Den andre hovudtypen Grønmo (2004) refererer til er ekvivalens som er graden av samsvar mellom innbyrdes uavhengige datainnsamlingar på same tidspunkt. Dette vil sei at om ulike forskarar ville ha gjennomført den same studien ved hjelp av same

undersøkingsopplegg ville det vore høg grad av ekvivalens. Innanfor alle typar

samfunnsforsking vil forskaren ha ein form for engasjement i studien. Idealet vil vera heilt nøytrale og objektive observatørar og forskarar vil slik kunne betraktast som støy i

forskingsprosjektet (Tjora, 2010). På same måte som det er viktig at forskaren har god kjennskap til saken, er det viktig å skape ein balanse mellom det å ha kunnskap om feltet, og det å vera forutinntatt. Det er fleire måtar å sikre reliabiliteten på og ein av desse er å vera tydeleg på kva informasjon som kjem frå datagenerering og kva som er forskaren sine eigne analysar (Seale, 1999, i Tjora, 2010). Eg har i studien forsøkt å vera tydeleg på kva som er data henta frå dokument og intervju, og kva som er mine eigne analysar. Ved at eg brukte bandopptakar og seinare transkriberte intervjua kan eg bruke direkte sitat, noko som gjer det tydeleg for lesaren kva som er data og kva som er analyse. I tillegg har det gjort

datamaterialet meir tilgjengeleg og oversikteleg. Eit anna punkt er å nytte relevante og pålitelige data. Eg har i stor grad nytta offentlege tilgjengelig dokument, som vil vera tilgjengeleg og ha høg grad av stabilitet. På denne måten vil datagrunnlaget i stor grad vera basert på objektive kjelder. Det er naturleg slik at konteksten for både studien og det som blir studert vil bli påverka av konteksten det skjer innafor, og derfor vil det vera umogleg å gjennomføra uavhengige datainnsamlingar basert på nøyaktig same undersøkingsopplegg.

Eg vil på bakgrunn av grunnane nemnt ovanfor slå fast at studien har høg grad av reliabilitet og at datamaterialet i stor grad er pålitelig så langt dette er mogleg.

51 4.3.2 Validitet

Validitet refererer til datamaterialets gyldigheit i forhold til problemstillinga. Ein studie kan ha høg reliabilitet, sjølv om validiteten er låg, då dette er avhengig av kva problemstillinga skal belyse (Grønmo, 2004). Validiteten er med andre ord spørsmål om dei svara ein får faktisk er dei svar på dei spørsmåla ein stiller (Tjora, 2010).

Det blir ofte skilt mellom intern og ekstern validitet. Intern validitet dreiar seg om i kor stor grad studien er gjennomført på ein tilfredstillande måte (Grønmo, 2004). Eit viktig element her er at forskaren dreg slutningar på feil grunnlag, og knyter forklaringar til eit fenomen som ikkje er korrekt. Eit anna element er at alle hendingar ikkje kan verta observert, og at tidlegare hendingar må baserast på til dømes intervju og dokumentanalyse (Yin, 2009). Eg har forsøkt å sikre den interne validiteten ved å nytte fleire datakjelder og ved at fleire fagpersonar ved universitetet har følgt prosessen tett og gitt råd og rettleiing kring alle fasar av studien.

Ekstern validitet er at resultata av studien er realistiske og kan generaliserast til vanlege situasjonar i samfunnet, slik at konklusjonen ikkje berre er gyldig under kunstige

undersøkingsvilkår (Grønmo, 2004). Utfordringa kring den eksterne validiteten har vore ein viktig barriere i arbeid med casestudiar (Yin, 2009). Eg har forsøkt å sikre den eksterne

validiteten ved å nytte teori og omgrep som tidlegare har vore nytta i liknande studiar og ved å sjå til tidlegare studiar med ein liknande hending og kontekst.

For å samanfatta har eg forsøkt å sikre validiteten i studien ved at eg og andre fagpersonar har gjort kritiske drøftingar av opplegget. Ved at eg har hatt eit kritisk blikk på heile studien og ved å nytte ei metodetriangulering, altså bruk av fleire metodar, vil eg slå fast at validiteten i stor grad er ivareteken.

4.3.3 Generalisering

Generalisering omhandlar i kva grad undersøkinga har gyldigheit utover det tilfellet som har vorte studert (Tjora, 2010).

Det er fleire typar generalisering. Eit skilje går mellom generalisering i kvalitative studiar i høve til kvantitative studiar. Ein type er analytisk generalisering. Denne typen generalisering står i kontrast til statistisk generalisering som ikkje er mogleg med eit lite utval. Ei slik generalisering stiller krav om ei kvantitativ forskingstilnærming (Yin, 2009). Når det kjem til

52 djupnestudiar med ein liten N er ein analytisk generalisering alternativet. Dette kan ein oppnå i case-studiar som inneheld eit eller fleire case; single-case eller multiple-cases (Yin, 2009).

Aksel Tjora (2010) peikar på tre former for generalisering i kvalitativ forsking. Naturalistisk generalisering handlar om at ein i rapporteringa av forskinga gjer godt greie for detaljane i det som er studert, slik at lesaren sjølv kan vurdere i kva grad funna vil ha gyldigheit for lesaren sin eigen forsking. Moderat generalisering kan sjåast i ein meir kvantitativ forstand der det er opp til forskaren å beskrive i kva situasjonar resultata vil kunne vera gyldige. Den tredje forma for generalisering er konseptuell generalisering som handlar om at ein kan utvikla konsept, typologiar eller teoriar som vil ha relevans for andre tilfelle enn det som vert studert (Tjora, 2010). Eg har forsøkt å sikre ein grad av analytisk generalisering og ei naturalistisk generalisering ved å vera tydeleg på presentasjonen av både teori, empiri og analyse. Slik kan lesaren sjølv vurdere generaliseringa. Analytisk generalisering spring primært ut frå «common sense» og teoretisk bevisstgjering (Kvale 1997:228). Eg har tidlegare plassert denne studien innafor det Andersen (1997) kallar ei teoretisk fortolkande studie. Ein slik studie nyttar generaliseringar for å kaste lys over spesielle saker, og denne typen studiar representera vanlegvis ikkje bidrag til å utvikla teoretisk innsikt vidare. Ein hensikt med denne studien har vore å auka forståinga for feltet samfunnstryggleik og krisehandtering i Norge med eit særleg utgangspunkt på det kommunale nivået. I samfunnsforsking har generaliseringar vanlegvis berre gyldigheit innafor bestemte klassar av fenomen under gitte føresetnader (Andersen, 1997).