• No results found

5. DEN OPERATIVE KRISEHANDTERINGA

5.6 Strategisk avslutning

Ei krise har som nemnt to avslutningar, ei operativ og ei strategisk. Den operative avslutninga gjeld krisehandteringa. Den politiske avslutninga derimot kan gå over lang tid, og inkludere både læring og endring (Boin m.fl 2005). Først når både den operative og den strategiske delen er over, kan ein seie at krisa er avslutta (Boin m.fl 2005). Den operative kriseavslutninga skjer når ting byrjar å bli normalisert, kriseleiing i kommunen og Fylkesmann vert avslutta, og ting byrjar å fungere som vanleg. Den strategiske krisa derimot, er ofte meir vanskeleg å tydeleg definere ei avslutning på. «Dagmar-krisa» ramma innanfor mange ulike samfunnsområde og fekk slik sett konsekvensar for mykje sentral infrastruktur.

På grunn av denne kompleksiteten i krisa kan ein slå fast at på tross av at den operative krisa berre strekte seg over ein kortare periode, vart den politiske krisa og etterspelet vesentleg lengre. Dette gjaldt både Fylkesmannen og kommunane;

«Heile 2012 så har «Dagmar» prega embetet her veldig, i alle fall den delen av embete som eg steller med, «…» me har jobba veldig mykje med å bli betre.» (Intervju, Fylkesberedskapssjef).

«No er me akkurat ferdige med «Dagmar» i økonomisk samanheng (februar 2013).

«..» Det er klart at dette påfører eit lokalsamfunn ganske store kostnader, og me må ta desse kostnadene frå vår ordinære drift, noko som fører til at me må gi eit dårlegare tenestetilbod ut til stryningane enn me elles ville gjort.» (Intervju, Rådmann Stryn kommune).

I tillegg til å forbetre sitt eige virke, erfarte og Fylkesmannen at det var stor etterspurnad etter foredrag om handteringa av andre nasjonale myndigheiter. Dei har hatt foredrag for fleire fylkesmenn, ved Forsvarets høgskule, i Direktorat for nødkommunikasjon, og ved fleire øvingskonferansar (Intervju, fylkesberedskapssjef). Det største fokuset i desse foredraga har vore viktigheita av gode varslingsrutinar og behovet for naudkommunikasjon i kommunane.

Det same er tilfellet på Eid der dei framleis jobbar med ei ROS-analyse. Då ei fullverdig ROS-analyse er lovpålagt, er det rimeleg grunn til å tru at krisa og hadde påverknad på arbeidet med denne.

Ei slik krise inneber ein omfattande evalueringsprosess, både i kvar kommune, og via Fylkesmann og opp til nasjonale myndigheiter. Då dette er ein viktig og omfattande prosess vert den behandla i eige kapittel (Kapittel 6).

74

5.7 Oppsummering av kapittelet

Dette kapittelet har teke føre seg kva som skjedde frå meldingane frå Metrologisk institutt og DSB kom til Fylkesmannen. Tidsperspektivet i denne delen omfattar kriseerkjenning, avgjersler og meiningsdanning i Boin (m.fl 2005) sine fasar i ei krise. Desse vil bli nytta i analysekapittelet. Fasane er på ingen måte absolutte, men er nyttige retningsliner for å kategorisere hendingane. Dette ser ein og innafor min case, der det er noko uklart når

«Dagmar» blir definert som ei krise i dei ulike kommunane.

Kapittelet viser at Fylkesmannen si beredskapsavdeling var tidleg ute med å erkjenne krisa.

Varslingssystemet fungerte godt. Når det gjeld kommunane erkjente også dei tidleg at det kunne oppstå ei ekstraordinær hending, men når det kom til avgjersle-fasen reagerte dei ulikt.

Stryn velde å sette kriseleiing raskt etter at meldingane om ekstremver kom, sjølv om denne på grunn av utfordringar med ferie og varslingssystem ikkje var fullstendig det første døgnet.

Eid kommune sette ikkje kriseleiing før etter det første døgnet, men orienterte tidleg dei ulike avdelingane i kommunen om kva som var i vente. Dette vart grunngjeve ved at dei tolka det til at det var lite dei kunne gjere i situasjonen, og at dei ulike etatane i tilstrekkeleg grad kunne handtera situasjonen.

Improvisasjon var viktig under handteringa av krisa. Uavhengig av kor godt det formelle planverket er vil det i ein kompleks krisesituasjon alltid vera krav om improvisasjon.

Improvisasjonen var særleg til stades på det kommunale nivået, men ein såg og innslag av det på fylkesmannsnivå. Aktørane var oppteken av viktigheita av improvisasjon og at ein improviserte ut i frå kunnskap ein sat inne med.

Kommunikasjonen var ei stor utfordring under «Dagmar», både når det kom til kontakt mellom medlemer i kriseleiinga, mellom fylkesmann og kommune, og ut til innbyggjarane.

Begge kommunane fekk i det andre døgnet tilgang til satellitt-telefon, Som nemn tidlegare blei kommunikasjon improvisert både i Stryn og i Eid. Ordføraren i Stryn skreiv eit handskrive brev som vart frakta ut til alle innbyggjarane i kommunen av Røde Kors.

Samordning er eit viktig element i studiar av handtering av ekstraordinære hendingar og kriser. Den horisontale samordninga, som er koordinering mellom aktørar på same administrative nivå, såg ut til å fungere bra under «Dagmar». Den vertikale samordninga, mellom aktørar på ulike administrative nivå, fungerte i mindre grad. Dette ser ein ved at på

75 Fylkesmannsnivå var samordninga mellom fleire offentlege og sentrale aktørar god ifølgje deira eigen rapport. Samordninga mellom kommunar og Fylkesmannen derimot, vart avgrensa på grunn av det store bortfallet av kommunikasjon. Samordninga internt på fylkesmannsnivå vart sikra mellom anna gjennom fylkesberedskapsrådet der det er tett dialog mellom aktørane i ein krisesituasjon. I kommunane er samordninga ikkje like omfattande, noko som og er naturleg då det er færre aktørar. Samordninga mellom Fylkesmannen og kommunane var i liten grad tilstade i den mest krevjande delen av krisehandteringa. Dette var rett og slett fordi all kommunikasjon var nede i både Stryn og Eid. Når det gjeld internt i Stryn vart det her sikra god samordning og koordinering mellom kommune, helse, politi og Røde Kors ved at desse sat rundt same bord. Dette var ikkje planlagt, men skjedde som ein konsekvens av at alle var utan kommunikasjon og straum. Ei slik felles lokalisering førte til god samordning internt i kommunen. I Eid var det i mindre grad samordning på tvers, men mellom anna Sanitetsforeininga vart nytta til å ta seg fram til ein del bustadar der det budde eldre. Eid hadde som nemnt ikkje ei kriseleiing den første natta, noko som førte til utfordringar knytte til den interne samordninga i kommunen. Mellom anna etterlyste eldesenteret tilsyn, då dei var heilt isolerte natt til 26. desember.

76