• No results found

4. METODE

4.2 Datagrunnlag

Dei to metodane som er vorte nytte for å samle inn data er kvalitative intervju og

innhaldsanalyse av sentrale dokument. Datagrunnlaget basera seg på offentlege dokument som stortingsmeldingar og NOUar7 som omhandlar samfunnstryggleik på det generelle planet. Evalueringsrapportar frå både nasjonale organ, fylkesmannen og kommunane er og viktige dokument som er nytta som datagrunnlag. Det er føreteke intervju av fem sentrale aktørar for å kunne gå enda djupare inn i datagrunnlaget knytt til mitt konkrete case. Mykje av hendingane både på kommunenivå og fylkesmann er godt dokumentert gjennom rapportar frå fleire aktørar. Hensikta med intervjua var å sette lys på hendingar, tankar og meiningar som ikkje kom fram i rapportar. Dokument og rapportar knytt til denne studien er i stor grad offentlege og lett tilgjengelege, noko som har ført til at utfordringar knytt til å innhente datakjelder i liten grad har vore ei utfordring. Derfor har eg i arbeidet i stor grad kunne nytta strategisk utveljing av dokument, og nytta dei som har vore mest relevante og nyttige for studien (Grønmo, 2004).

4.2.1 Intervju

Kvalitative intervju er blant dei mest brukte metodane i case-studiar (Yin, 2009). Studien har brukt det Grønmo (2004) kallar uformelle intervju. Tjora (2010) omtalar noko av den same typen intervju for semi-strukturerte intervju eller djupne-intervju. I eit slikt intervju har forskaren ein del bestemte tema som skal inngå i samtalane, men gjennomføringa skjer på ein fleksibel måte. Som hovudregel kan ein seie at ein nyttar denne typen intervju når ein vil studera meiningar, holdningar og erfaringar (Tjora, 2010). Intervjua har vore viktig for å få meir utfyllande informasjon kring ein del ting som er mindre belyst i rapportar og dokument.

Dette omfattar blant anna korleis kommune og fylkesmannen oppfatta samordninga og koordineringa mellom dei, og meiningar og haldningar elles.

6 Sjå vedlegg 2 for å få namn og stilling til dei ulike respondentane.

7 Norges Offentlige Utredninger

46 Ei utfordring knytt til å intervjue aktørar som sjølv var delaktige i handteringa vil vera

moglegheita for at dei til ein viss grad kvitmalar situasjonen. Ein slik situasjon vil ein i stor grad kunne unngå ved å nytte fleire metodar og datakjelder (Yin, 2009). På same måte vart intervjua gjennomført rundt eit år etter hendingane og faren er dermed til stades for at

respondentane har gløymt enkelte hendingar. Også denne utfordringa vil i stor grad kunne bli unngått ved å nytte fleire datakjelder.

Utval

Utvalet består av personar frå fylkesmannen og dei to kommunane. Studien omfattar fem intervju som har vore mellom 60 og 120 minutt. Det er føreteke fire intervju på kommunalt nivå og eit på fylkesmannsnivå. På fylkesmannsnivå er fylkesberedskapssjefen respondent.

Beredskapsavdelinga i Fylkesmannen består av tre personar, der beredskapssjefen har den mest sentrale rolla. Han var med under heile handteringsfasen i tillegg til at han har sentrale oppgåver knytt til varsling og arbeid med tilsyn i kommunane. På kommunenivå har det vore gjennomført fire intervju. Eid kommune har utforma fleire rapportar, mellom anna frå kvar kommunal etat. I tillegg sette dei ikkje kriseleiing under den mest operative krisehandteringa.

Dette har gjort at behovet for intervju var mindre. Det vart derfor tilstrekkeleg med eit intervju i Eid kommune for å sikre eit godt datagrunnlag. I Stryn er det gjennomført tre intervju. Dette har samanheng med at kommunen tidleg sette kriseleiing og brukte denne aktivt. Dei hadde og ei meir krevjande handteringsfase blant anna som følgje av omfattande vegstengingar. I tillegg var det i Stryn ikkje like omfattande rapportering på etatsnivå som det var i Eid.

Intervjusituasjonen

I forkant av intervjua var det utforma ein intervjuguide. Intervjuguiden beskreiv i grove trekk korleis intervjuet skulle gjennomførast, med hovudvekt på kva tema ein skulle ta opp.

Intervjuguiden fungerer som utgangspunkt og ei rettesnor for forskaren (Grønmo, 2004).

Intervjuguiden til intervjua i denne studien var i hovudsak den same, men det var enkelte naturlege forskjellar mellom det kommunale og fylkesmannsnivå. Dette er naturleg då dei har andre rollar i handteringa. Intervjuguiden var delt opp i ulike tema jamfør Boin (m.fl. 2005) sine fem fasar, og tok føre seg både situasjonen i forkant, undervegs og i etterkant av

hendinga. Ved å nytte ein slik temabasert intervjuguide kunne ein i større grad sikre seg for at

47 ein fekk med informasjon frå alle fasane av krisa. For å sikre at respondenten skulle føle seg vel og vera førebudd sende eg og ut e-post om intervjusituasjonen og at dei sto fritt til å trekke seg utan årsak når dei måtte ønske i prosessen.

Når det gjaldt sjølve intervjua vart desse gjennomført på respondentens kontor så langt dette var mogleg. Dette var gjort i alle intervju med unntak av eit, som på grunn av reiseverksemd til respondenten vart gjennomført ved ein anna stad. Det er viktig at intervjuet vert ein stad respondenten føler seg vel, og på eit tidspunkt der respondenten ikkje har dårleg tid (Grønmo, 2004). Dette kan ein seie at vart oppfylt ved alle intervju, då det var respondent som bestemte stad for intervjuet, og at respondenten var opplyst på førehand omlag kor lang tid det ville ta.

Eit anna viktig moment i samband med intervjuet er forskaren sin rolle i intervjuet. Det er viktig å unngå å stille leiande spørsmål og påverka respondenten sine svar. Det er ein balansegang mellom det å bli for passiv, og til det å «leve» i samtalen, og evne å stille oppfølgingsspørsmål (Grønmo, 2004).

Intervjua8 starta med spørsmål som er enkle å svare på, om respondentens sin bakgrunn og utdanning, før me deretter bevega oss inn mot hendingane som skjedde under «Dagmar». Når det gjeld spørsmål knytt til utfordringar og problem undervegs vart desse i stor grad stilt mot slutten av intervjuet. Det vart nytta bandopptakar under intervjua. Intervjua har i ettertid vorte transkribert. Dette har gjort det vidare arbeidet vesentleg enklare og meir oversikteleg, i tillegg til at det enklare kan bli sendt til respondentane om dette var ønskjeleg.

4.2.2 Dokumentanalyse

Den andre hovudmetoden ved anskaffing av data er dokumentanalyse. Ei kvalitativ

innhaldsanalyse byggjer på systematisk gjennomgang av dokument. Datainnsamlinga føregår til dels parallelt med analysen, og etter kvart som fleire og fleire tekstar vert studert, analysert og tolka blir problemstillinga betre belyst. Ein særskild ting med dokumentanalyse er at datainnsamlinga vert lite føreseieleg, fordi fleire dokument kan kome fram etter kvart som forskaren får ei betre forståing av hendingane. Denne metoden kan derfor i liten grad planleggast detaljert på førehand (Grønmo, 2004).

8 Intervjuguiden som vart nytta som mal i intervjua ligg som vedlegg 1.

48 Dokumenta er henta frå ulike instansar, men dei fleste er allment tilgjengelege og offentlege.

Ulike dokument er brukt til ulike fasar av studien. Fleire er nytta for å få eit overblikk over konteksten til studien; her under norsk samfunnstryggleik og beredskap. I dette arbeidet er fleire stortingsmeldingar og NOUàr brukt. Fordelen med å nytte slike dokument er tilgjenge;

dei fleste er tilgjengeleg for alle via internett. For det andre er kjeldene i stor grad tilgjengeleg i lang framtid, og er ikkje tidsavgrensa. Dette gjer det og enkelt å etterprøve og spore

dokumenta som er nytta.

Medieoppslag er i liten grad nytte som kjelder i dokumentanalysen. Årsaken til dette er at desse i større grad er andrehands-kjelder, og har tabloide tilnærmingar. Medieoppslag har også i mindre grad relevans for mi studie, og er berre brukt for å illustrere kommunikasjonen og fokuset i etterkant av hendingane.

Utval

Når det gjeld utval og det å finne dokument er dette ein fleksibel prosess (Grønmo, 2004) På tross av fleksibiliteten i metoden er det viktig å avklare fokuset for datainnsamlinga i forkant.

Problemstillinga har ein tydeleg avklaring og set premiss for datainnsamlinga. Grønmo (2004) legg vekt på to avklaringar når det kjem til datainnsamling av dokument. Den første er kva tema som skal prioriterast og kva type tekstar skal veljast. Når det gjeld tema har eg forsøkt å få ein bredde i dokument som er knytt til samfunnsstryggleikfeltet i Norge. For å forstå handteringa av «Dagmar» er det viktig å ha forståing av heile feltet. På grunn av dette har eg teke føre meg dokument som handlar om samfunnstryggleik og beredskap; både slik den er i dag og korleis den har vore historisk sett. Når det gjeld kva type dokument som er nytta har eg i hovudsak nytta meg av offentlege tilgjengeleg dokument. Desse dokumenta er utforma av fleire aktørar, men mange av dei er laga av offentlege institusjonar. I tillegg er tidlegare forsking og studiar nytta. Ved å nytte offentleg tilgjengeleg dokument vil ein unngå vurderingar med omsyn til openheit og evna til etterprøving.

Ei typisk utfordring ved innhaldsanalyse er at forskaren sitt perspektiv kan påverka utveljinga og tolkinga av teksten. For det andre kan ei avgrensa kjeldekritisk forståing og ei avgrensa kontekstuell tolking påverka tolkinga av teksten (Grønmo, 2004). Desse utfordringane har eg vore førebudd på og forsøkt å unngå ved å ha stor breidde i utvalet av dokument. Vidare har eg vore observant på kven som har utarbeida dokumentet og rapporten, då dette er viktig for å

49 sjå kva hensikta med dokumentet har vore. Innsamling av dokumenta skjedde tidleg i fasen og sjølv om det har dukka opp fleire dokument undervegs i prosessen, har eg hatt ei bred

kontekstuell forståing for tema, noko som har vore viktig i arbeidet både med utveljing av dokument og tolkinga av desse.

Blant dei mest sentrale offentlege dokumenta som er nytta i innhaldsanalysen er NOU 2000:24 et sårbart samfunn, NOU 2006:6 Når sikkerheten er viktigst og NOU 2012:14 Rapport frå 22. juli kommisjonen, - i tillegg til to Stortingsmeldingar om samfunnstryggleik (St.meld. nr 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet- Veien til et mindre sårbart samfunn og St.meld. nr 29 (2011-2012) Samfunnssikkerhet. Det er og eit utval evalueringsrapportar som har vore svært viktig datamateriale. Dette er særleg Fylkesmannen sin Rapport etter

ekstremveret «Dagmar», NVE sin rapport Første inntrykk etter ekstremværet «Dagmar» julen 2011 og DSB sin rapport Samfunnets sårbarhet overfor bortfall av elektronisk

kommunikasjon. I tillegg til desse har kommunale evalueringar vore viktige. Desse ligg og i stor grad offentleg tilgjengeleg på kommunane sine internettsider.