• No results found

2. DAGMAR, SAMFUNNSTRYGGLEIK OG SENTRALE AKTØRAR

2.1 Stormen Dagmar

Stormen «Dagmar» ramma Norge, Sverige og Finland 25. og 26. desember 2011. Målt i vindstyrke var den ikkje like sterk som nyttårsorkanen i 19923, men den gjorde likevel store materielle skader. Vindretninga førte til at kraftig vind råka område, særleg inne i landet og i fjordar, område som svært sjeldan vert ramma av denne type ver (DSB a) 2012). Stormen vart etterfølgt av store nedbørsmengder som førte til skred og betydelege utfordringar knytt til opprydding etter stormhendingane.

Dei største konsekvensane av stormen var det kraftige bortfallet av kraftforsyning. På landsbasis anslår NVE at om lag 570 000 kundar, eller 1,3 millionar personar var råka av straumbrot (DSB a) 2012). På det meste var det i Sogn og Fjordane 56 000 husstandar utan straum, mange i lengre periodar. Etter 24 timar var framleis 16500 husstandar utan straum (Fylkesmannen, 2012 a). Bortfall i kraftforsyninga førte og til store bortfall i teletenester.

Desse er avhengige av straum for å fungere utover batteritid på 3 timar. Stormen råka og store delar av hovudvegnettet i tillegg til at mange andre vegstrekningar vart stengt 25. desember;

dei fleste på bakgrunn av tre i vegbana og ferjer som var ute av drift på grunn av grov sjø.

Finansnæringens fellesorganisasjon har kalkulert naturskadeerstatningane i Norge etter Dagmar til nesten 880 millionar kroner. Dette gjer «Dagmar» til den stormen med størst

3 Nyttårsorkanen var ein kraftig storm som råka Vestlandet nyttårshelga i 1992. Den førte til store skadar i Sogn og Fjordane og råka på same måte som «Dagmar» hardt innafor mykje sentral infrastruktur.

7 skadeomfang sidan nyttårsorkanen i 1992. Skadane var spreidd over store delar av landet, men over 70 prosent av skadane stammar frå fylka Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane (DSB a) 2012).

Hendingane i samband med «Dagmar» viste samfunnets sårbarhet. Dette på tross av at ein unngjekk menneskelege skadar. Ei naturskapt krise er vanskeleg å førebyggje. Det er vanskeleg å hindra storm, jordskjelv eller ras, men ei eventuell krise som oppstår som følgje av hendinga kan i noko grad førebyggast (Fimreite m.fl 2011:12). Kommunane har gjennom prinsippa for samfunnstryggleik i Norge eit stort ansvar innafor hendingar som oppstår i deira kommune. Lova om kommunal beredskapsplikt frå 2010 stiller krav til at kommunane både skal ha gjennomført ei fullverdig risiko- og sårbarheits-analyse (ROS-analyse) og utarbeide beredskapsplanar (Sivilbeskyttelseslova 2010, § 14, § 15 ). ROS-analysen skal liggje til grunn for utarbeiding av ein overordna beredskapsplan (Kommuneundersøkinga 2012).

Kommuneundersøkinga frå 2012 viser at 8 av 10 kommunar i landet har gjennomført ei ROS-analyse, noko som er ei auke om ein samanliknar med tala frå 2010.

Stormar rammar ofte store område og innafor fleire samfunnsfunksjonar og viktig infrastruktur. Bortfallet av fleire samfunnsfunksjonar auka i mange høve kompleksiteten i situasjonen, og det er denne kompleksiteten som gjer det til ei krise. Dei tre største utfordringane som oppsto i Sogn og Fjordane og i dei to kommunane i denne studien kan samanfattast i tre punkt:

1: Bortfall av elektrisk kraft: Det store bortfallet av elektrisitet førte til utfordringar innafor mange sektorar, men særleg innan helse- og sosialtenester, vatn- og avløp og kommuneleiinga. I utgangspunktet ville eit bortfall av elektrisitet og ramma handel og næring og skule og barnehagar, men på grunn av at hendinga oppsto i romjula var desse ikkje opne og dei blei dermed ikkje råka i særleg grad.

2: Bortfall av straum og kommunikasjon: Både fast-telefoni, mobilnett og til dels naudnett var ute av drift i store område. Dette gjorde store delar av samfunnet svært sårbart. På det øvste nivå gjorde det at kommunikasjonen mellom kommune og Fylkesmann ikkje var mogleg noko som førte til store vanskar med varsling til medlemer i kriseleiing og til andre aktørar.

Dette førte blant anna til at medlemer i kriseleiinga ikkje møtte opp. Innbyggjarar i kommunane kunne heller ikkje melda frå om eventuelle skadar eller sjukdom.

8 3: Vegstengingar: Fleire vegstengingar ga store utfordringar i fylket. Både hovudvegar og mindre kommunale vegar var råka. Om natta den 2. juledag var det ikkje mogleg for fleire delar av fylket å nå sjukehus, og på grunn av det dårlege veret var heller ikkje helikoptertransport mogleg. Det ga store implikasjonar for flytting av utstyr og ressursar.

Mellom anna blei det blant anna rekvirert satellitt-telefonar og aggregat frå Heimevernet, men dette var utstyr som var lagra på Starum utanfor Gjøvik, og ikkje kom fram i løpet av den operative krisehandteringa. Det var og fleire kommunale vegar som vart stengt som følgje av ras, falne tre eller andre element som følgje av stormen. Dette førte til at enkelte bygder blei fullstendig isolert.

«Dagmar» råka midt i jula, på eit tidspunkt då butikkar, skular og næring i stor grad er stengt.

Tidspunktet på hendinga og kva konsekvensar dette fekk kan sjåast på fleire måtar. På den eine sida var det ein stor fordel ved at folk i stor grad var heime. I tillegg er det eit tidspunkt med lite reising og utfart. På den andre sida såg ein at ein del sentrale personar i kommunal kriseleiing var bortreist for å feira høgtida utanfor eigen kommune, noko som førte til utfordringar knytt til kommunen si evne til å sette kriseleiing. Sentrale personar hadde problem med å kome seg på plass, grunna stengde vegar eller mangel på kommunikasjon.

Dei samla konsekvensane førte til at graden av kompleksitet i krisa mange stadar var høg.

Dette førte til store utfordringar i handteringsarbeidet.

2.1.1 Kostnad

Fokuset i denne studien er det organisatoriske og organisasjonsforhold i samband med krisa, men eg vel likevel å ta med ei oversikt over kostnadar knytt til krisa. Dette for å gi lesaren ein oversikt over kor store skadane var og kva konsekvensar det fekk for mange kommunar, aktørar og innbyggjarar. På det meste var 56 000 abonnentar utan straumforsyning og bortfallet av straum førte og til at store delar av telenettet var ute, noko som ramma dei aller fleste kommunane i Sogn og Fjordane. I den første delen av krisa var og store delar av hovudvegnettet stengt som følgje av trefall over vegbana og seinare som følgje av store nedbørsmengder. På grunn av den kraftige vinden var og dei fleste ferjene ute av drift den 25.

12 (Fylkesmannen, 2012 a). Kringkastingsnettet ramma og beredskapskanalen P1 som var ute av drift i over to døgn for 1/3 av innbyggjarane i fylket.

9 Ser ein på dei reint økonomiske kostnadane viser tal frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) at «Dagmar» kosta kraftbransjen i overkant av 700 millionar kroner (Energibransjen, 2012). I tillegg fekk forsikringsselskapa inn 9400 skademeldingar og eit anslag på 564 millionar kroner (Aftenbladet, 2012). I tillegg til dette kjem og økonomiske tap som kommunane sjølv har måtte teke. Dette gjeld og i Stryn kommune.

«Nå er me akkurat ferdige med «Dagmar» i økonomisk samanheng (Februar 2013), og me har jo sett opp eit nitidig oppsett over kostnadane me hadde, og me får dekka cirka 50% frå staten. Men det er klart at det påfører oss som lokalsamfunn ganske store kostnadar, kostnadar som me må ta frå vår ordinære drift, noko som igjen fører til at me må gi eit dårlegare tenestilbod til innbyggjarane enn det me elles ville ha gjort» (Rådmann, Stryn kommune).